Page 1

Turprogram 2019 for Kvinnherad Turlag Klyppekort til Kvinnherad Fjelltrim innlagt

TA TUREN 2019


Kvinnherad Turlag er eit lokallag av Bergen og Hordaland Turlag og Den Norske Turistforening. Alle som melder seg inn i Den Norske Turistforening, og har postadresse Kvinnherad, er automatisk medlem av Kvinnherad Turlag og Bergen og Hordaland Turlag. Barnas Turlag, Fjellsportgruppa, Seniorgruppa, ungdomsgruppa og hytteutvalet er undergrupper i Kvinnherad Turlag. Kvinnherad Turlag samarbeider med idrettslag og andre frilufts­ retta organisasjonar som legg til rette for turgåing i skog og fjell. Vil du bli medlem? Du kan melda deg inn i Kvinnherad Turlag via www.turistforeningen.no/medlem For meir informasjon, sjå: kvinnherad.dnt.no www.facebook.no/kvinnheradturlag Ut på tur i Kvinnherad? Vi har mange flotte turmål, og mange av turstiane er godt merka og skilta. Du kan finna turomtale og kart for ulike turmål i heile kommunen på tursti.kvinnherad.no STYRET FOR 2019: Styreleiar: Kjell Yri, Geilo 28, 5463 Uskedalen tlf. 488 93 150, kjell.yri@knett.no Kasserer: Klara Bakke, tlf. 928 11 485, klara_bakke@hotmail.com Styremedlemmer: Anne Kari Enes, tlf. 951 96 467, anne.kari.enes@knett.no Jarle Røstbø, tlf. 992 97 383, jarle@reins.no Gunnlaug Vågen Tjelmeland, tlf. 959 74 438, gunnlaug.vagen.tjelmeland@kvinnherad.kommune.no KONTAKTPERSON FOR GRUPPENE Barnas Turlag: Trude Finnebotten, tlf. 942 87 065 epost: trudefinnebotten@gmail.com Ungdom: Magnus Eide, tlf. 948 21 773 epost: magnus.united@hotmail.com Fjellsport: Benjamin Hus Ripel, tlf. 478 79 083 epost: benni_hus_ripel@hotmail.com Senior: Jan Martin Skaaluren, tlf. 917 26 614 epost: janmartin.skaaluren@knett.no Hytteutval: Anne Kari Enes, tlf. 951 96 467, epost: anne.kari.enes@knett.no BREIDABLIKK OG FONNABU Kvinnherad Turlag har ansvar for drift og vedlikehald av Breidablikk og Fonnabu-hyttene. Hyttene er opne heile året og kan nyttast av alle. Turen frå Bondhus inn Bondhusdalen om Gardshammar til Breidablikk tar om lag fire timar. Frå Breidablikk til Fonnabu er det ein liten times gange. Stien er varda og T-merkt. Breidablikk (1.322 moh.) er Bergen og Hordaland Turlag si eldste hytte frå 1893 og ligg ved heimste enden av Breidablikkbrea. Hytta har fire senger og er ubetent. D.v.s. hytta har ikkje proviant, men er utstyrt med ved, gass o.l. Fonnabu-hyttene (1.449 moh.) ligg ved brekanten om lag to km sør for Breidablikk. Hyttene er sjølvbetente og er utstyrte med proviant, ved, gass o.l. og har 27 sengeplassar.

TA TUREN 2019 Stor takk for lån av bilete: Anne Kari Enes, Jarle Røstbø, Magnus Eide, Veslemøy Haugland, Sjur Langesæter, Vigdis Gammelsæter, Erlend Hellingsrud, Kåre Eik og Solveig Haugland. Grafisk produksjon: Vidar Håland, Kvinnheringen.

ER DU INTERESSERT I Å BLI MED PÅ FELLESTUR? Dersom du er usikker på om turen passar for deg, kan det vera lurt å ta kontakt med turleiaren som er oppført, slik at du får meir informasjon.

PÅMELDING Påmelding til turar gjer du enklast via nettsida kvinnherad.dnt.no Under aktivitet finn du alle turane kronologisk.

GRADERING AV TURAR skitur kajakk/kano fottur sykkel Er du usikker på kor krevjande turane er? Dei fleste turane er merkte med gradering og kven turen passar for. Les nøye om turen og nivået på førehand. Då er det lettare å velja riktig tur for deg. På nettsida kvinnherad.dnt.no ligg det meir utfyllande informasjon om kvar tur. Merk at dei ulike nivåa nedanfor berre er generelle graderingar som ikke nødvendigvis passar for alle turar og aktivitetar, sidan terrenget kan vera svært varierande. Ein topptur kan til dømes berre vera ein kort dagstur, men gradert som krevjande. Ta derfor kontakt med ansvarleg turleiar viss du treng meir informasjon. 1 symbol – Enkel Lette dagsturar på merkte ruter eller arrangement for alle. 2 symbol – Middels Dagsturar/dagsetappar på inntil 15 km, for det meste på merkte ruter. Passar for deg som er van med å gå med sekk og er i normalt god form. 3 symbol – Krevjande Dagsetappar på inntil ca. 25 km, delvis utanom merkte løyper. Passar for deg som er i god form og har noko fjellerfaring. 4 symbol – Ekstra krevjande Dagsetappar på meir enn ca. 25 km, ofte utanom merkte ruter. Passar for deg som er i svært god form og har god fjellerfaring.


TURAR I ÅR

.n o

Følg m ed for o på kvin p n og m pdatert herad eir i p nfo rogr .dnt rm a m asjo n

Les meir detaljert omtale av alle turane i resten av bladet Februar Turnamn

Gruppe

3. 19.

Kom deg ut-dagen Måneskinstur på ski

Barnas Turlag Hovudturar

Halsnøy: Sydnes kai–Trollåsen Varden, Sandvoll Skitur til Gullhorgabu, Bergsdalen Rumpeakebrettur til Geitadalstind

Seniorgruppa Seniorgruppa Hovudturar DNT ung

Blånuten, Hatlestrand Skitur Ulvanosa Tur til Bjellandstjørn Vårskitur Folgefonnhalvøya på langs frå Utne til Åkrafjorden

Seniorgruppa Hovudturar Barnas Turlag Hovudturar/Fjellsport

Kjeldestøl–Sjethaug i Rosendal Ski base camp i Rosendal. Randonnée og Telemark Skitur på Folgefonna Klatring utandørs på Seimsfoss Opptur for 8.-klassingane Eikemo, Etne kommune Skitur på Folgefonna Tur og kultur ved Fjellhaugvatn, Jettegrytene og Bjørnabøle Tatrafjella, Polen

Seniorgruppa Fjellsportgruppa Hovudturar Barnas Turlag Hovudturar Seniorgruppa Hovudturar Hovudturar Seniorgruppa

Introduksjonskurs kajakk Familiedag ved Opsangervatnet, Husnes. Fatlandsdalen, Åkra Natt på Nuten Gråfjell, Tverrfjell, Nonshaug Kajakktur Bømlo Nonshaug, Omvikdalen

Kajakk Barnas Turlag Seniorgruppa DNT ung Hovudturar Kajakk Seniorgruppa

Tur til Melderskin

DNT ung

Gradering

Mars 6. 20. 23.–24. 30. April 3. 7. 10. 13.–16. Mai 1. 3.–5. 4.–5. 7. 8. 15. 19. 26. 21.–28. Juni 4. 5. 5. 9.–10. 16. 16. 19. Juli 21. August 1.–4. Gullruta i Etnefjella 7. Botnabreen 10. Buførevegen 11. Vetrhus til Eikemostølen via Skreddalen 24.–25. Fagerheim – Krækkja – Halne, Hardangervidda – Ferskingtur 17. Oksen 18. Fynderdalen 21. Oddavarden 23.–25. Sandfloeggi 1721 moh. 30.8–1.9 Kajakkpadling på Nærøyfjorden 31.8–1.9 Hengekøye-/telttur til Indre Myrdal

Hovudturar Seniorgruppa Hovudturar Hovudturar Hovudturar Hovudturar Hovudturar Seniorgruppa Hovudturar Kajakk DNT ung

September 1. Kom deg ut-dagen: Holmen friområde, Dimmelsvik 2.- 6. Geilo-området 6.–8. Breopplevingshelg 7.–8. Bjørndal–Juklavasskruna 15. Nordlifjell 18. Fartøyvernsenteret og Bjørkeveten, Kvam

Barnas Turlag Seniorgruppa Fjellsportgruppa Hovudturar Hovudturar Seniorgruppa

Oktober 2. Sandvinstølen, Odda 16. Kviteggjo, Omvikdalen 30. Kaldestadåsen

Seniorgruppa Seniorgruppa Seniorgruppa

November 19.

Lommelykttur til Trollskogen, Sunde.

Barnas Turlag

Varierande


HOVUDTURAR 3. februar Kom deg ut-dagen

7. april Skitur Ulvanosa

19. februar Måneskinstur på ski

Klassisk vårskitur til Ulvanosa. Turen startar i Tveitedalen og går via Dyrrindo til Høgetinden 1246 moh. Fantastisk utsyn over Sunnhordland, fjordar, fjell og fonn. Frammøte ved Ternebu kl. 09.30. Pris: gratis for medlemmer, kr. 150,- for andre. Turleiarar: Øyvind Hatteberg tlf. 957 68 144 og Kjell Yri tlf. 488 93 150

Fullmåneskituren vert lagd til Fjellhaugen. Vi går frå Bjørkestølen om Fagnabotn, Nesjastølsvatnet, over Fuglatjørn til Nautavatn. Frammøte kl. 18.00. Ta med hovudlykt, varm drikke og mat. Pris: gratis for medlemmer, kr. 150,- for andre. Turleiarar: Sverre Bjørnevik tlf. 970 24 324 og Mona Eikemo Røstbø tlf. 977 22 163. 23.–24. mars Skitur til Gullhorgabu, Bergsdalen Vi reiser med 9.30-ferja frå Årsnes laurdag. Ca 2 timar køyring til Småbrekke i Bergsdalen, der skituren startar. Det er ein fin skitur i lettgått terreng på ca 3–3,5 timar. Gullhorgabu er ei stor, flott hytte med 34 sengeplassar. Vi lagar felles middag laurdag kveld og frukost på søndagen. Om veret tillet det, går me ei anna rute på returen søndag, slik at me kjem ned att til Hamlagrøosen. Pris: 800,- for medl. 1.000,- for andre. Turleiarar: Geir Ove Eikemo tlf. 472 83 223 og Mona Eikemo Røstbø tlf. 977 22 163.

13.–16. april Vårskitur Folgefonn­halvøya på langs frå Utne til Åkrafjorden Lang og krevjande skitur, 4 dagar med 3 netter i telt. Undervegs på denne turen vil deltakarane oppleva fantastisk utsyn over grøne liar, fjordar, fjell og heilt ut mot havet. Vi ser dei kjende landemerka Hardangerjøkulen og Hårteigen. Etter tidleg oppmøte og fellestransport til Utne går me opp ved Grimsnuten og mot Solnuten for telting. Dag to går me over Torsnuten, mot Revavatna og inn på Nordre Folgefonn. Me kryssar denne og går vidare mot Svartedalshorgja og ned mot Kvitnadalen for ny natt i telt.

Dag tre går me i retning Hundsøyra og Holmaskjera og set kursen rett sør over Søndre Folgefonn. Siste overnatting vert i området mellom Inste Botnane og Blomstølsskardsvatnet. Siste dagsetappe går vi til Borga og ned Sæterdalen til Eikemo og Åkrafjorden. Pris: kr. 1.000,- for medl. 1.200,- for andre. Dette inkluderer transport. Turleiarar: Jarle Røstbø, 992 97 383 og Harald Håland, 932 48 974. 4.–5. mai Skitur på Folgefonna Skitur frå Goddalen til Rosendal med overnatting i Fonnabu. Våren er den beste tida for skiturar på Folgefonna. Denne helga går vi frå Goddalen om Hundsøyra og vidare over fonna til Fonnabu for overnatting. Søndag sørover Folgefonna og ned via Volarusta til Ringerike og Muradalen, Rosendal. Frammøte i Rosendal kl. 09.00. Pris: kr. 750,- for medlemmer, kr. 950,- for andre. Turleiarar: Jarle Røstbø tlf. 992 97 383 og Anne Kari Enes tlf. 951 96 467


Bjørnabøle. Oppmøte og parkering ved Midthølen skytebane kl. 11.00. Turen inn til jettegrytene tar ca. 1 time. Noko blautt terreng, ha på gode sko. Matpause undervegs. Pris: gratis for medlemmer, kr. 150,- for andre. Turleiarar: May Britt Albrethson tlf. 971 54 042 og Øyvind Hatteberg tlf. 957 68 144

gode fjellsko, ha med varme og vindtette klede, lue og vottar i sekken (og regnklede i verste tilfelle). Nokre vandrarar set også pris på gode stavar i brattlende og på snø. Pris: gratis for medlemmer, kr. 150,- for andre. Kostnad til skyss kjem i tillegg. Turleiar: Jarle Røstbø tlf. 992 97 383 og Anne Kari Enes tlf. 951 96 467

16. juni Gråfjell, Tverrfjell, Nonshaug

11. august Vetrhus til Eikemostølen via Skreddalen

Ein flott rundtur med start og avslutning i Omvikdalen. Flott utsyn over Uskedalen, Ulvanosa, fjorden, til Omvikdalen og Fjellhaugen. Frammøte: Omvikdalen skule kl 10.00. Pris: gratis for medlemmer, kr. 150,- for andre. Turleiar: Veslemøy Haugland tlf. 412 96 390 1.–4. august Gullruta i Etnefjella Opplev det flotte og varierte området som vekslar mellom vakkert og spennande høgfjellsterreng og stiar som svingar seg ned og opp gjennom bjørkelier. Frå Seljestad til Simlebu, Sandvasshytta, Blomstølen, Løkjelsvatnhytta og til Olalia. Pris: kr. 2.300,- for medlemmer, kr. 2.500,- for andre. Turleiar: Tove Omdal tlf. 481 10 087 10. august Buførevegen

8. mai Opptur for 8.-klassingane Turmål: Nordfjell og Vardhaugselet. Turen startar frå Velferdsbygget til Valen Sjukehus, Valen kl. 10.00. Vi går over Nordfjell til Vardhaugselet og ned att om Olderbotn. Alle ungdomsskular i Kvinnherad deltek. 19. mai Skitur på Folgefonna Ein vårskitur på Folgefonna må opplevast. Turen byr på kontrastar frå vårgrøne bakkar til snø og godt skiføre. Turen vert lagd der snøtilhøva er på sitt beste. Pris: gratis for medlemmer, kr. 150,- for andre. Turleiarar: Geir Ove Eikemo tlf. 472 83 223 og Sturla Helland tlf. 970 24 320 26. mai Tur og kultur ved Fjellhaug­ vatn, Jettegrytene og Bjørnebøle Nærtur ved Fjellhaugvatn. Dette er eit lite brukt turområde med spennande opplevingar og historiar. Undervegs vil vi oppsøka blant anna jettegryter, og kanskje får vi med ein kjentmann som kan fortelja historiar fra gamal tid ved Fjellhaugen og

Turen startar på stølen Botsvatn i Krossdalen ved Jondal og endar på Reisete i Vikebygd. Vi går såleis frå vest mot aust. Dette var haust-retningen for dei som i tidlegare tider førte buskapen mellom stølsbeitet ved Jondal og heimegardane Kambastad og Måkastad ved Sørfjorden. Frå 2012 har det vore arbeidd med istandsetjing av det gamle kulturminnet som Buførevegen representerer. Etter initiativ frå Buførevegens vener i Vikebygdkrinsen og folk frå Jondal har vegen vorte merkt og skilta, og ikkje minst har sherpaer frå Nepal steinsett lange parti av vegen. På høgfjellet har dei bygd ei rekkje høge retningsvardar. Det vert rikeleg med tid til å studera det flotte arbeidet desse fjellfolka utfører. Turen tek 9 timar, og stien går opp i 1.400 meters høgd. I høve til å starta på austsida «sparer» vi om lag 300 meter oppstiging ved å gå frå Botsvatn som ligg på ca. 660 moh. Likevel må nok turen graderast som ekstra krevjande etter dei vanlegaste graderingskriteria. Vi minner om dette, men vil ikkje skremma folk bort frå å vera med på turen, for vi går over eit område med natur og utsyner som kan ta pusten frå ein. Er vi heldige med veret, kan det verta ein makstur, men forholda i fjellet kan skifta fort. Ein må i alle tilfelle gå med

Turen går i vilt og vakkert landskap frå Vetrhus ned Skreddalen mot Eikemostølen. Dette er stølen til den veglause garden Eikemo. Har vi tid, og folk ønskjer det, tar vi turen nedom Eikemo, ein stad der ingen kunne tru at nokon kunne bu! Oppmøte Landa i Omvikdalen kl. 08.30 (krysset inst i dalen, ved grusplass på venstre side av vegen). Vi satsar på å vera attende til kl. 19.00 på Vetrhus. Krevjande tur. Pris: gratis for medlemmer, kr. 150,- for andre. Turleiarar: Geir Ove Eikemo tlf. 472 83 223 og Gro Rusten Saghaug tlf. 908 75 737 24.–25. august Fagerheim–Krækkja– Halne, Hardangervidda – Ferskingtur Har du ein draum om å gå tur i høgfjellet, men ikkje føler deg trygg nok? Eller har du ingen å gå saman med? Då er dette turen for deg. Dette er ein lett fjelltur i flott natur som passar for deg som ønskjer å prøva friluftsliv og overnatting på turisthytter for fyrste gong. Avreise frå rådhuset i Rosendal laurdag kl. 09.00. (Organiserer felles samkøyring). Framme ved Fagerheim fjellstue kl. 12.00. Turen inn til Krækkja, der vi skal overnatta, er 5 km i lett terreng. Dette er den eldste turisthytta på Hardangervidda, med ei spennande historie. Her blir det servert middag laurdag kveld. Søndag har vi felles frukost før vi går vidare til Halne. Turen tar 3-4 timar, og vi kjem til å ta ein matpause undervegs. Tilbake til Rosendal søndag ettermiddag. Pris: kr. 1.600,- for medlemmer, kr. 1.800,- for andre. Turleiarar: Tove Omdal tlf. 481 10 087 og May Britt Albrethson tlf. 971 54 042 17. august Oksen Middels tung dagstur. Fottur frå Tjoflòt på ca 5 timar, 8,6 km. Tur/retur Den markerte toppen Oksen, der Hardangerfjorden deler seg i fleire løp, er kjend for å ha noko av den beste utsikta som finst i området. Vi møtest i Rosendal kl. 08.00 og køyrer i lag langs austsida av Sørfjorden og Eidfjorden inn


til Hardangerbrua. Sjølve fotturen startar ved Tjoflòt (ca. 250 moh.), kort køyring vest for brua. Turen fortset på traktorveg, deretter over på sti gjennom skogen opp til Vindhovden. (ca. 600 moh.) Bratt parti mellom 400–600 moh. Så jamn stigning til ca. 900 moh. der eit nytt bratt parti går opp til 1.100 moh. Siste etappe opp til 1.241 moh. har ein forsiktig stigning. På toppen tek vi ein velfortent matpause og nyt utsikta. Her ser vi over Hardangerfjorden, Sørfjorden, Granvinfjorden og Eidfjorden. Er det klårver, kan vi også sjå Folgefonna og innover Hardangervidda til Hardangerjøkulen. Pris: gratis for medlemmer, kr. 150,- for andre. Turleiar: Mona Eikemo Røstbø, tlf. 977 22 163 og Ann Kathrin Røssland, tlf. 911 47 758. Epost: a.k.rossland@me.com. 18. august Fynderdalen Turen går i eit flott område heilt inn under fonnakanten. Kjentmann Lars Næs vert med oss på turen. Frammøte på Bondhus p-plass kl. 09.00. Pris: gratis for medlemmer, kr. 150,- for andre. Turleiar: Mona Enes tlf. 489 94 337. 23.–25. august Sandfloeggi 1.721 moh. Vi køyrer til Middalsbu fredag ettermiddag. Overnatting der. Laurdag går turen opp Trossovdalen og til Sandfloeggi. Vidare til Hellevassbu for overnatting. Søndag attende via Middalen. Ein flott rundtur. Pris: kr. 1.500,- for medlemmer, kr. 1.700,for andre. Turleiar: Jarle Røstbø tlf. 992 97 383 og Geir Eidsvik tlf. 922 49 304. 7.–8. september Bjørndal–Juklavasskruna Overnatting på Bjørndalsseter. Første dagen går turen frå Hatteberg til Bjørndalsseter via Ringerike. Herifrå vidare til Juklavasskruna. Middag og overnatting på Bjørndalsseter og retur over Skard til Hattebergsdalen. Pris: kr. 350,- for medlemmer, kr. 500,- for andre. Turleiar: Sjur Langesæter tlf. 400 44 822. 15. september Nordlifjell Turen startar i Myrdal, langs Myrdalsvatnet og går via Krokavatn, ut over ryggen av Nordlifjell og attende til Kletta. Ein fin rundtur i rosendalsfjell der vi har utsyn over Hardangerfjorden i vest, Ænesdalen i nord og dei ville, vakre rosendalsfjella i aust. Pris: gratis for medlemmer, kr. 150,- for andre. Turleiar: Laila H. Langesæter tlf. 907 62 837.


BARNAS TURLAG

PRISAR – BARNAS TURLAG Barnas turlag sine a ­ rrangement er gratis for medlemmer. Andre kr. 50,Maks. kr. 150,- per familie.

3. februar Kom deg ut-dagen Skileik og moro i Fjellhaugen frå kl. 12–15. Tradisjonen tru vil vi ha eit område ved langrennstadion der vi kan boltra oss med aking, skigang, hopp og anna moro. Det vil bli bålpanner til å varma seg på, pølsesteiking og kaffikoking. Oppmøte ved parkeringsplassen i Fjellhaugen ved langrennsstadion. Arrangementet er gratis, og alle er hjarteleg velkomne. Turleiarar: Roger Grimelid tlf. 483 23 130. og Trude Finnebotten tlf. 942 87 065. 10. april Tur til Bjellandstjørn Paddene i området er i paring og legg egga sine i tjørna i desse tider. Vi tar turen for å sjå dei når dei er i aktivitet og høyra dei «kvekka» fra tjørna. Vi går skogsvegen fra Øvre Bjelland ved Sunde til tjørna, turen er litt over ein kilometer å gå og eigna for alle. Parkering er avgrensa, og vi vil annonsera alternativ parkering når tidspunktet for arrangementet nærmar seg. Tidsrom: kl. 17–19. Turleiarar: Roger Grimelid tlf. 483 23 130 og Trude Finnebotnen tlf. 942 87 065.

7. mai Klatring utandørs på Seimsfoss Klatring på Seimsfoss. Vi held til på «Skoltane» som ligg på venstre sida av vegen når du kjører oppover i Seimshagen. Følg grusvegen til klatrefeltet og unngå å gå i graset. Det er nødvendig at barna har med seg vaksne som kan sjå etter dei. Det kan bli litt venting dersom det kjem mykje folk. Tidsrom: 17–19. Alder: førsteklasse og eldre. Erfaring: Alle kan prøva. Arrangementet er veravhengig. Turleiarar: Sverre S. Myklebust (klatreansvarlig) tlf. 901 87 436, Ragnhild Thorkildsen tlf. 958 37 204, Roger Grimelid tlf. 483 23 130, 5. juni Familiedag ved Opsangervatnet, Husnes Vi legg ettermiddagsturen til Opsangervatnet. Barnas turlag stiller med kajakkar og kanoar. Ta med fiskestang og redningsvest og bli med! Oppmøte og tidsrom: Kvinnherad roklubb kl. 17–19. Turleiarar: Madeleine Kaldestad tlf. 991 56 882 og Trude Finnebotten tlf. 942 870 65.

1. september Kom deg ut-dagen: Holmen friområde, Dimmelsvik. Vi legg til rette for blant anna grilling, fisking, natursti, slakk line og padling i kajakkar og kanoar. Holmen er eit flott kommunalt friområde og har gode fiske- og bademoglegheiter. Det er også tilrettelagt med WC. Tidsrom: kl. 12–15. Følg med på nettsidene til Kvinnherad turlag for oppdatert informasjon. Turleiarar: Roger Grimelid tlf. 483 23 130. og Trude Finnebotten tlf. 942 87 065. 19. november Lommelykttur til Trollskogen, Sunde Vi går frå Podlen og følgjer sti og traktorveg til Trollskogen der vi serverer kakao/ gløgg og peparkaker. Trollskogen er eit av uteområda til Sunde barnehage og er flott tilrettelagt med mellom anna bålpanne og ei hytte. Oppmøte ved parkeringsplass ved rundkøyringa i Podlen kl. 17.00. Barna må ha med seg ein vaksen. Ta med lommelykt/hovudlykt. Turleiarar Trude Finnebotten tlf. 942 87 065 og Roger Grimelid tlf. 483 23 130.


3.–5. mai Ski base camp i Rosendal. Randonnée og Telemark DNT ung og Fjellsportgruppa inviterer igjen til base camp i Myrdal i Rosendal som eit fantastisk utgangspunkt for ei rekke toppturar og fine linjer. Her er du midt i hjarta av Rosendalsalpane med umiddelbar nærleik til Omnatind, Bjørndalstind, Melderskin, Hestabotnpynten og Bestefarslåma. Turane vert tilpassa ver, føre og ønskje frå deltakarane. Turen startar på Kletta i Rosendal fredag kl. 16.30. Vi organiserer køyring frå Kletta og inn til Myrdalsvatnet. Ved vatnet pakkar vi alt utstyr over i robåtar og ror over Myrdalsvatnet inn til Sanden. Eventuelt søv vi ved Midsetrene om det er is på vatnet.

Når vi kjem fram, set vi opp telt og lagar kveldsmat. Laurdag og søndag: Tidlig opp, sjølv om ein er seint i seng! Laurdag og søndag vert det toppturar ut frå ver, føre, ferdigheiter og ønskje. Vi håpar det vert fantastiske dagar med solskin, varme, bra med snø og godt selskap! Gruppa vert samla til bålkos og felles middag laurdag kveld. Søndag ettermiddag etter ein god tur pakkar vi saman campen og vender heim att. Mat: ta med eigen mat for kvelds og niste for alle dagar. Vi stiller med havregraut til frukost og middag på bål for laurdagen. Heimreise: Vi satsar på å vera på Kletta kl. 19.00 søndag kveld. Alle deltakarar må ha med eigen sendar/ mottakar, søkestang, hjelm og spade. Telt, sovepose, liggeunderlag og varme

klede er og eit must. Deltakarane får meir informasjon på e-post når det nærmar seg. Pris: kr 800,- for medlemmer, kr 1.200,- for ikkje-medlemmer. Leige av robåtar, transport og bomkostnad inn til Myrdalsvatnet samt middag og frukost laurdagen er inkludert i prisen. Kart: Folgefonna Nasjonalpark 1.50 000 Gradering: ein bør væra øvd skikøyrar, men snillare turar er òg å oppdriva i dette terrenget. Turleiarar: Solveig og Veslemøy Haugland (DNT ung), Vigdis Gammelsæther og Tina Eik (DNT Fjellsport). Har du spørsmål, kontakt oss på: vigdisgammel@gmail.com, solveig.haugland@outlook.com, eller tina.rosvold@gmail.com


13.–16. april Vårskitur Folgefonnhalvøya på langs frå Utne til Åkrafjorden Lang og krevjande skitur, 4 dagar med 3 netter i telt. Undervegs på denne turen vil deltakarane oppleva fantastisk utsyn over grøne liar, fjordar, fjell og heilt ut mot havet. Vi ser dei kjende landemerka Hardangerjøkulen og Hårteigen. Etter tidleg oppmøte og fellestransport til Utne, går me opp ved Grimsnuten og mot Solnuten for telting. Dag to går me over Torsnuten, mot Revavatna og inn på Nordre Folgefonn. Me kryssar denne og går vidare mot Svartedalshorgja og ned mot Kvitnadalen for ny natt i telt. Dag tre går me i retning Hundsøyra og Holmaskjera og set kursen rett sør over Søndre Folgefonn. Siste overnatting vert i området mellom Inste Botnane og Blomstølsskardsvatnet. Siste dagsetappe går vi til Borga og ned Sæterdalen til Eikemo og Åkrafjorden. Pris: kr. 1.000,- for medl. 1.200,- for andre. Dette inkluderer transport. Turleiarar: Jarle Røstbø, 992 97 383 og Harald Håland, 932 48 974 6.–8. september Breopplevingshelg Breopplevingshelg på Fonnabu. Opplev Folgefonna på ei flott tid av året, og på ei uvanleg rute ut av breen. Oppmøtestad: Sundal kl. 16.30. Me går «sumarvegen» til Fonnabu frå Rennedalen fredag ettermiddag. Matøkt og så enkel innføring i knutar og teknikk om kvelden. Laurdag lagar me oss niste og legg ut på bretur. Holmaskjera eller Høgste Breakulen kan vera turmål, etter trening i i gå med breutstyr. Søndag etter frokost, utvask og rydding legg me ut på langtur. Me kryssar Brufossbrea, ut i Bondhusbrea, og ned mot Holmavatnet. Pause her, og så ny tur i breen. Me går ut av breen og vidare mot Brufossvatnet og til Gardshammar. Så ned til Bondhus og heimreise. Pris: kr. 1.250,- for medlemmer. Kr. 1.400,- for andre. For nærare info kontakt Harald Håland, 932 48 974. Turleiarar: Solveig Haugland og Harald Håland


SENIORGRUPPA 6. mars Halsnøy: Sydnes kai–Trollåsen Frammøte ved rundkøyringa i Podlen kl. 09.45 for samordning av transport vidare. Seniorgruppa startar turåret sitt med ein tur på Halsnøy med utgangspunkt Sydnes ferjekai. Derifrå går vi opp til Langrøysa på Sydnes, ei gravrøys frå bronsealder. Kort infostopp der, før turen går vidare opp til Svehaugen, der det ligg mur etter eit langhus, truleg frå bronsealder/jern­a lder. Så går turen til idylliske (K)narravik og Skarvaberget med info om steinalder­buplassar og gravrøyser. Deretter går vi til Hatlevik og Bekkjarvik, med fleire gravrøyser og fornminne undervegs. Frå Bekkjarvik går turen opp til den spektakulære Lyhaughidleren, truleg buplass frå steinalder, deretter til Trollåsen, med registrering i boka og fokus på segna om åsen. Turen tilbake til Sydnes går om gapahuken ved Dottatjørna, kverna og saga på Sydnes. Tidsbruk: 3–4 timar

inkludert pausar og info. Turen går i fint skogsterreng, Sigvald Robberstad vert med som kjentmann for å orientera om området. Turleiarar: Kjell Ivar Bjørgen – 959 74 654 og Jan Martin Skaaluren – 917 26 614 20. mars Varden, Sandvoll Frammøte på idrettsbanen Rudlen, Sandvoll kl. 10.00. Vi startar på sti i litt bratt lende i blanda furuskog/lauvskog på veg opp. Enkelte parti kan vera blaute, bruk gode sko. På toppen får vi eit fint utsyn. Etter ein matpause der, går vi første del same veg som opp, for så å ta av på skogsveg ned til Erslandsvatnet. Derifrå går vi på grusa veg/sti inn Vassdalen attende til Rudlen. Tidsbruk: 3 timar inkl. pause, høgdeskilnad: 80–500 moh. Turleiarar: Steinar Kroka – 957 68 180 og Toril Tjelmeland 976 91 370

Turprogrammet for Senior­gruppa i 2019 er nokså variert Vi held fram med same opplegget som vi har hatt dei siste åra med tur annankvar onsdag + ein utanlandstur om våren og ein hyttetur i hausthalvåret. I tillegg blir det vidareføring av tre andre grupper som er ein del av Aktiv i 100. Desse gruppene set opp eigne turprogram. For alle seniorturane vil du finna info på turlaget si nettside, og der skal ein også melda seg på for dei turane der det er krav om påmelding. Turavgift: Deltaking på turane er gratis dersom det ikkje er nemnt noko anna i turomtalen. Transport: Vi har oppmøteplassar for samordning av transport vidare til startpunkta for turane. Deltakarane ordnar sjølve med litt godtgjersle til den som held bil frå oppmøteplassen. Vel møtt til eit fint turår!


3. april Blånuten, Hatlestrand Frammøte på parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 08.30, ferje frå Årsnes kl. 09.00 Frå Gjermundshamn køyrer vi mot Ølve og tek inn på skogsbilveg ved Tveitane. Her i frå går vi på godt tilrettelagt sti, men med ein del myrete og våte parti. Bonus på turen er utsikt til alle kantar når vi kjem til toppen. Høgdeskilnad 50–321 moh. Fotturen vil ta ca 3,5 time. Turleiarar: Jan Helge Opsanger – 995 74 139 og Marita Handegard – 952 75 478 1. mai Kjeldestøl–Sjethaug i Rosendal Frammøte på parkeringsplassen ved Kvinnherad kyrkje kl. 10.00 Turen går på skogsbilveg i ca ein time før vi tar av på sti opp til Kjeldestøl. Etter ein god pause, der vi får sjå oss om i dei små stølshusa, går vi vidare oppover til Skålafjell der vi følgjer ryggen heimover forbi Navarhaug og til Sjethaug. Frå Sjethaug er det traktorveg ned til kyrkja. Høgdeskilnad på turen er 100–501 moh. Turen tek ca 4 timar. Turleiarar: Solveig Sandvik – 416 91 324 og Marita Handegard – 952 75 478

traktorskyss (kostar kr. 50,-). På grunn av båtskyssen må vi ha påmelding til denne turen. Påmelding via turlaget si nettside, maks. deltakartal: 40 personar. Turavgift: kr. 220,- som dekkar båttransporten. Kostnader til ferje og transport til Viskjer må dekkast av deltakarane. Turleiarar: Kjell Ivar Bjørgen – 959 74 654 og Jan Martin Skaaluren – 917 26 614 21.–28. mai Tatrafjella, Polen Frammøte på Flesland kl. 08.30 Fast opphald på hotell i Zakopane og dagsturar derfrå. Turen vart utlyst i oktober 2018. Den er fullteikna, men det er framleis høve til å melda seg på for å stå på venteliste. Kontaktperson: Jan Martin Skaaluren – 917 26 614 5. juni Fatlandsdalen, Åkra Frammøte på Landa, Omvikdalen kl. 09.30. Turen startar på garden Fatland. Den går på begge sider av Fatlandsdalen og heimatt til tunet og bilane. Stigning vert ca. 200 m, turlengde: 8 km. Turleiarar: Kåre Haugse – 482 27 242 og Jan Helge Opsanger – 995 74 139

15. mai Eikemo, Etne kommune

19. juni Nonshaug, Omvikdalen

Frammøte på Utåker ferjekai kl. 09.00 for å ta ferja kl. 09.20. Vi møtest på Utåker for å samordna transporten vidare. Frå Skånevik køyrer vi til Viskjer for å ta skyssbåt over fjorden. Opp til Eikemo er det 2,5 km å gå, det er også høve til

Frammøte på Ungdomshuset Dalheim kl. 10.00. Turen går på traktorveg frå Ripel opp til enden av Bergalivegen, ca. 330 moh. Der tek vi ein pause, og skriv oss inn i boka til Omvikdalen idrettslag. Vidare går vi på bratt sti til Krukestøl 650 moh. Etter ein god pause ved elva som renn frå Krukestølsvatnet, går vi siste etappen opp til varden på Nonshaug 810 moh. Her får vi god utsikt over Omvikdalen, mot Rosendal, Varaldsøy, Hatlestrand osv. På tilbakevegen kan vi ta ein tur bortom inntaksdammen til Okserelva Kraftverk, som ligg øvst i Bergali. Tidsbruk: 5 timar + pausar, høgdeskilnad: 760 meter, turlengde: 6 km. Turleiarar: Solveig Sandvik – 416 91 324 og Helen Sandvik Røssland – 993 59 929 7. august Botnabrea Frammøte på Parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 09.00 for samordning av transport til Nordrepollen og Markjelke. Fotturen startar ved Jukla kraftstasjon der vi følgjer vegen opp til Botnatjørna. Vi går vidare på høgre sida av denne og opp i eit fantastisk og dramatisk landskap ved brekanten. Vi reknar med at turen vil ta ca 4 timar og har samla stigning på 360 meter. Turen går delvis i eit fuktig område, hugs gode sko! Turleiarar: Marita Handegard – 952 75 478 og Steinar Kroka – 957 68 180


Vi går på stø og god, men nokså bratt sti (buføreveg), opp lia på veststsida av Sandvinsgardane. Dei har truleg den best bevarte stølsvegen i Odda kommune, med mektig utsyn mot Sandvinsvatnet, Sørfjorden og fjellsida med Rossnos (1.401 moh.) og den flotte Tjørnedalsfossen på andre sida av dalen. Omlag 2 timar gange opp 500 høgdemeter til heimste stølen, Lauvås. Idyllisk støl med grøne vollar og fleire sel og hytter heilt på grensa til nasjonalparken. Turleiarar: Hermund Fenne – 917 03 488 og Helen Sandvik Røssland – 993 59 929 16. oktober Kviteggjo, Omvikdalen Frammøte på Skyttarhuset (gamleskulen) på Seimsfoss kl. 10.00. Vi startar på Seimsfoss og går turstien frå byggefeltet opp til Kviteggjo. Bratt sti opp til toppen på 549 moh. med fantastisk utsikt mot Storsundet. Returen går ned Skar, den gamle stølsvegen frå Naterstad. Vidare heimover mot byggefeltet på skogsbilveg. Turen vil ta ca 4 timar, høgdeskilnad 545 meter. Turleiarar: Steinar Kroka – 957 68 180 og Marita Haugse Handegard – 952 75 478 30. oktober Kaldestadåsen 21. august Oddavarden Frammøte på Parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 09.00 for samordning av transport til Korlevoll på Seljestad som er utgangspunktet for turen. Fottur i oddingane sitt skiområde. Kjekk vandring på godt tilrettelagd sti frå Korlevoll til Oddavarden. Retur via hyttefeltet i Langedalen til P-plass ved tidlegare Solfonn hotell. Hytteentusiast og trekunstnar Kjell Musland orienterer om den store hytte­­utbyggjinga i Langedalen, og viser oss døme på det rike fugle- og dyrelivet kring hyttene der. Dette er ein opplevingstur i lettgått terreng hjå naboane våre i aust. Samla stigning 300 meter, lengde 12 km, tidsbruk 4 timar utan pausar. Turleiarar: Kåre Eik – 957 84 842 og Hermund Fenne – 917 03 488 2.–6. september Geilo-området Frammøte blir avtalt seinare av turleiarane. Vi køyrer over Hardangervidda til Geilo for å ta inn på Øen Camping. Der skal vi bu frå måndag til fredag for å gå turar i området. Mellom anna håpar vi det kan bli ein tur til Hallingskarvet. På grunn av overnatting er det behov for påmelding, dette skjer via turlaget si nettside. Turavgift: Medl.: kr. 2.450,- / Ikkje medl.: kr. 2.750,-.

Turavgifta dekkar 4 overnattingar, frukost m/nistepakkar, middagar. Transport til/frå Geilo må dekkast av deltakarane. Turleiarar: Kjell Ivar Bjørgen – 959 74 654 og Jan Martin Skaaluren – 917 26 614 18. september Fartøyvernsenteret og Bjørkeveten, Kvam Frammøte på Parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 08.30, ferje frå Årsnes kl. 09.00. På innturen stansar vi ved Fartøyvern­ senteret i Norheimsund. Her vert det synfaring av utstillingane dei har der. Etterpå køyrer vi til garden Bjørke ved Fykse der vi parkerer. Turen vidare går langs enkel veg og sti fram til Bjørkeveten, ein topp over Samlafjorden med fin utsikt over Hardangerfjorden. Varden knyter seg til vardesystemet som Håkon den gode skipa på 900-talet. Stigning ca. 125 m og lengd 8 km. Dagen vert lang, ta med rikeleg med niste. Turleiarar: Jan Helge Opsanger – 995 74 139 og Kåre Haugse – 482 27 242 2. oktober Sandvinstølen, Odda Frammøte på Parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 09.15. Vi køyrer til Sandvin, i sørenden av Sandvinsvatnet, ca. 5 km sør for Odda.

Frammøte ved rundkøyringa i Podlen kl. 10.00. Turen går frå Podlen om Trollskogen til Fenafjell, vidare mot toppen av åsen, 271 moh. Vi går ned på Kaldestad der vi legg vegen mot Skogly over grusbanen til Kaldaneset. Høgdeskilnad: ca 250 m, tidsbruk: 2,5 time. Turleiarar: Jan Helge Opsanger – 995 74 139 og Helen Sandvik Røssland – 993 59 929.


Besøk den nye butikken vår på Husnes Storsenter!

Vi støttar ein sunn og aktiv livsstil! Husnes

Retningslinjer for bruk av logo med firmanavn

Logoen Varme & Bad kan også brukes med firmanavn i tillegg. Det er satt noen mål i forhold til dette. Logobredde

Avstanden fra skiltet og til teksten skal alltid være 1/4 av logobredden.

Ragnar Svensen

Avstanden etter Firmanavnet skal være en 1/2 logo bredde

Farger: Pantone 300 - C:100-M:50-Y:0-K:0 (R:0-G:92-B:161) og Pantone 123 - C:0-M:25-Y:100-K:0 (R:246-G:184-B:0)

Høyden på Firmanavnet skal være fra Varme & Bad teksten i logoen og opp til begynnelsen på VB symbolet. Firmanavn skal alltid stå på linje med Varme & Bad tekst i logoen

Avstanden mellom de to skiltene skal til enhver tid være 1/8 av logo bredden.

Logoene nedenfor er vektoriserte, med korrekte størrelsesforhold

SÆBØVIK

Husnes Røyr AS

Logo med firmanavn. Til bruk i dokumenter, lokale annonser etc.

Husnes Røyr AS


30. mars Rumpeakebrettur til Geitadalstind Bli med på vårens mest morosame eventyr, ein heftig aketur ned frå toppen av Geitadalstind i Uskedalen! Sjølv om ake-sesongen er over i låglandet, er det framleis snø igjen i fjella, så kva med å byta ut akebakken utanfor huset med ei fjellside på over 1 km, med fantastisk utsikt? Vi går frå Uskedalen mot toppen av Geitadalstind med rumpeakebrett festa på sekken. På toppen tek vi fram brettet og gjer oss klare for «tidenes» aketur. Turleiarar: Magnus Eide tlf. 948 21 773 og Veslemøy Haugland tlf. 412 96 390 9.–10. juni Natt på Nuten

DNT

ung

DNT ung er i full gang med å spreia turglede. Denne gong går turen til Nuten i Rosendal, under open himmel. Turen er for deg som vil utfordra deg sjølv litt i pinsen, til å oppleva flott, norsk fjellnatur i lag med andre kjekke ungdommar mellom 16 og 26 år. Ta med deg kvikklunsj, godt humør og meld deg på! Turleiarar: Magnus Eide tlf. 948 21 773 21. juli Tur til Melderskin DNT ung tek turen til det som vert kalla «toppen av Kvinnherad». Melderskin er blant dei høgste toppane i Kvinnherad med sine 1426 høgdemeter. Med utsyn mot både isbre og fjord frå toppen er dette ein tur du ikkje vil gå glipp av. Turleiar: Magnus Eide tlf. 948 21 773 og Veslemøy Haugland tlf. 412 96 390 31. august–1. september Hengekøye-/telttur til Indre Myrdal Vi set turen til Indre Myrdal i Rosendal, der vi skal overnatta i hengekøye og telt. Vi padlar kano over det flotte Myrdalsvatnet til Indre Myrdal der vi set opp telt/ hengekøyer. Om veret tillet det, vert det grilling om kvelden! Dette er ein utruleg innhaldsrik tur, med både kanopadling og overnatting i hengekøye. Denne må du ikkje gå glipp av. Turleiar: Magnus Eide tlf. 948 21 773

DNT ung Kvinnherad er ei undergruppe under Kvinnherad Turlag der alle ungdommar skal kjenna seg velkomne, uansett tidlegare erfaringar med friluftsliv. Me ønskjer saman å skapa gode naturopplevingar, utfordra kvarandre og skapa godt fellesskap og gode haldningar blant ungdom. Fjellturar, skiturar, kajakkpadling, klatring og overnattingsturar er noko av det du kan vera med på saman med oss.

Påmelding til turane: kvinnherad.dnt.no


FJELLTRIMKORT Eit turopplegg av Kvinnherad Turlag Pris: kr. 50,- som du betaler ved innlevereing av kortet innan 1. november til Sport 1 Husnes eller Sport 1 Rosendal.

Namn:������������������������������������������������������������������������ Adresse:��������������������������������������������������������������������� Fødselsår:......... Tlf.:................................... År: 2019

16. juni Bømlo Padletur i Sunnhordland. Turen vert lagd opp etter verforhold og deltakarføresetnader. Smule farvatn, trange sund, ope hav. No har du sjansen til å bli med Kvinnherad turlag på padletur i øyriket nord på Bømlo. Vi startar ved Goddo (nord for Bremnes) og padlar mellom holmar og nes i området. Dersom veret blir bra, kan vi padla mot Brandasund og

Kart: Folgefonna-Hardangerfjorden 1.100.000 eller M-711-serien: Husnes, Kvinnherad, Varaldsøyna, Odda, Fjæra og kartet Folgefonna nasjonalpark 1:50.000.

1 Utåker–Valen

Ulvanosa (Høgetinden)

Feto (Dagsturhytta Handelandsdalen)

Dato

2 Husnes–Herøysund

Gråskallen Dato

3 Uskedalen–Omvikdalen

Geitadalstinden Kviteggjo

30.8–1.9 Kajakkpadling på Nærøyfjorden Opplev verdsarvområdet i Nærøyfjorden frå kajakken. Me startar i Gudvangen fredag ettermiddag. Utetter fjorden besøker me blant anna den fråflytta strandgarden Styvi og deretter Dyrdal. På Stigen i Aurlandsfjorden får du eit opphald du seint vil gløyma. Dette er ein spesiell tur som er verd å få med seg. Me padlar i eigne kajakkar. Pris: kr. 3.000,- for medlemmer. Kr. 3.200,- for andre. Turleiarar: Sturla Helland tlf. 970 24 320 og Gunnlaug V. Tjelmeland tlf. 959 74 438

Dato

Mjelkhaug

Dato

4 Rosendal–Løfallstrand

Melderskin Skålafjell Dato

5 Ænes–Mauranger

Ænessetra Breidablikk

!

Ønskjer du å læra å padla kajakk, læra meir om kajakkteknikk eller kanskje ta «våttkort»? Bli med oss på introduksjonskurs! Kurset høver godt for nybegynnarar, ev. for dei som har padla ein del, men vil læra meir om tryggleik. Introduksjon av kajakk, utstyr, enkel padleteknikk og kameratredning. Det vil vera mogleg å ta Norges Padleforbund sitt «Våttkort”. Frammøte på Sunde ved skulebrygga, oppkøyrsla til skulen, kl. 17.30. Maks. 15 deltakarar. Pris: gratis for medlemmer, kr. 150,- for andre. Våttkort kr. 200,-. Pris for leige av kajakk/utstyr kr. 250,- Leige av våtdrakt kr. 50,Instruktørar: Sverre Myklebust tlf. 901 87 436, Sturla Helland tlf. 970 24 320, Øyvind Hatteberg med fleire.

den ytre skjergarden, men vi kan også padla innover i meir skjerma farvatn dersom vi finn ut at det høver best. Vi legg opp lengda på padleøktene i samråd med deltakarane, og legg ikkje opp til lange padleøkter. Vi satsar på å bruka heile dagen, og turen høver derfor best for dei som har padla litt frå før. Du må ha med eigen kajakk, spruttrekk, padlevest og åre. I tillegg treng du mat for dagen. Vi avtaler avreise og frammøte med deltakarane og prøver å arrangera felles køyring frå fastlandsida når vi har fått påmeldingane. Pris: gratis for medlemmer, kr. 150,- for andre. Reiseutgifter kjem i tillegg. Turleiar: Sturla Helland tlf. 970 24 320 og Leif Gunnar Hovden tlf. 957 68 135

Klypp ut slippen

4. juni Introduksjonskurs kajakk

Kvinnherad Turlag, idrettslaga i Kvinnherad, Bedrifts­ idrettslaget til Hydro Husnes og lokale bygdelag har lagt ut registreringsbøker og klyppetenger på 16 ulike turmål. Kommunen er inndelt i åtte ulike område med to turar i kvart av dei. Registrer deg på minst fem turmål – i tre ulike område. Då har du greidd kravet til fullført fjelltrim. Lever kortet til Sport 1 Husnes eller Sport 1 Rosendal. Du kan òg senda det til Jan Martin Skaaluren, Muffabakken 11, 5451 Valen innan 1. november. Det vert premiering av dei yngste trimmarane og utmerkingar til dei som har fullført Kvinnherad Fjelltrim 5, 10 eller 15 sesongar. GOD TUR!

Dato

6 Varaldsøy–Hatlestrand/Ølve

Varden (Varaldsøy)

Blånuten (Hatlestrand/Ølve)

Dato

7 Fjelberg–Halsnøy

Borgundnuten Tjodbergshaugen Dato

8 Matre–Åkra

Ingahogg Svelgabreen/Botnabreen

Klypp


KORLEIS FINNA FRAM TIL TURMÅLA

2 Husnes–Herøysund Mjelkhaug 4/5 t. 4 t. frå P-plass der informasjonstavle for Husnes er oppsett ved Hellandsbrua. 5 t. frå P-plass ved ­Søsterheimen,Valen. Gråskallen 3 t. P-plass ved Grendahuset i Bringedalsbygda. Følg skilting frå bygdevegen opp vegen til Vassverket der den T-merkte stien startar. Det er bilveg til vassverket, men vanskeleg å parkera langs vegen. 3 Uskedalen–Omvikdalen Ulvanosa/Geitadalstinden 8 t. (Nordre topp av Ulvanosa). Start frå P-plass ved brua på øvre Haugland. Følg skogsbilveg til kalkestasjonen og T-merkt sti vidare. Kviteggjo 3 t. Start ved Nistovetunet på Hjelmeland i Omvikdalen. Skilt ved fylkesvegen viser opp til parkering ved ny stor fellesfjøs, Revuro. Følg skogsvegen til endes til skilting og T-merking over lita bru.

5 Ænes–Mauranger Breidablikk 8 t. Start frå P-plass ved inngangen til Bondhusdalen. Følg merking mot Fonnabu/Breidablikk. Ænessetra 2 t. Parkering ved kyrkja på Ænes. Følg skogsvegen langs kyrkjegarden inn dalen. 6 Varaldsøy–Hatlestrand/Ølve Varden (Varaldsøy) 3 t. Start frå P-plass ved Øvsthus-garden. Avtal gjerne parkering med folk på staden. Blånuten (Hatlestrand/Ølve) 2,5 t. Start frå P-plass ved opplagsplass for tømmer ved Tveitane. Først på skogsveg, deretter spesielt fint opparbeidd sti. 7 Fjelberg/Halsnøy Borgundnuten (Fjelberg) 3 t. Start frå ferjekaien på Borgundøy. Set gjerne bilen att på Sydnes, ta ferja over og følg bilvegen oppover til høgste punkt. Derfrå til høgre inn på skogsveg til P-plass og sti til toppen. Tjodbergshaugen (Halsnøy) 3 t. Ta av frå vegen til Sydnes ved skilt til Tjodbergshaugen og skytebanen. 30 meter inn til P-plass med informasjonstavle og merkt sti.

KOM DEG UT – MELD DEG INN! kvinnherad.dnt.no Der finn du òg meir informasjon om turar, aktivitetar og påmelding.

8 Matre–Åkra Ingahogg 3 t. Start frå Fjellhaugen Skisenter. Merkt frå toppen av s­ kitrekket. Svelgabreen/Botnabreen 6 t. Start frå P-plass 150 m før vegenden ved kraftstasjonen Blåfalli IV i Blådalen. Ved overløp frå Møse­ vatnet kan det vera vanskeleg å kryssa elva ned til Midtbotnvatnet. Gå då over brua ved overlaupet frå Møsevassdammen. Hjelp oss med å halda skilting og merking ved like! Ver gild å melda frå til styremedlemmer i turlaget dersom du oppdagar noko gale med merkinga, klyppetengene eller registreringsbøkene.

4 Rosendal–Løfallstrand Melderskin 7 t. TURVIT! Vern om naturen! Start frå P-plass på Kletta i Rosendal. Mange av turane passerer innmark og beite. Vis omsyn Skålafjell 2/3 t. til beitande dyr. Lat att grindar 2 t. frå Bjørke. og hald hunden i band! P-plass ved Kvinnherad kyrkje. GOD TUR!

!

1 Utåker–Valen Ulvanosa/Høgetinden 6 t. Start ved Ternebu i Tveitedalen. Frå P-plassen følgjer ein lysløypa (skogsveg) 1,2 km innover på høgre sida av Bakkastølsvatnet og deretter langs elva til inste brua. Ta til høgre i krysset Englafjell/Ulvanosa eit par hundre meter etter siste bru/lysmast i lysløypa. Feto i Handelandsdalen 1 t. Start ved Handeland gard. For parkering kjør gjennnom gardstunet til P-plass i skogkanten bak garden. Følg skogsvegen langs den stilleflytande elva til Feto med ope grillhus.

3 t. frå P-plass ved starten på skogsvegen i Neslia.

Klypp ut slippen

Dei oppgjevne tidene gjeld gangtid tur/retur i vanleg turtempo, pausar kjem i tillegg. Informasjonstavle med ruteomtale og kart er oppsett ved startpunkta/P-plassene. Informasjon om turmåla er også å finna i faldaren med dei 69 merkte turane i Turstiprosjektet i Kvinnherad. Meir detaljert informasjon og planleggingskart for kvar einskild tur på nettsida: tursti.kvinnherad.no

Profile for Vidar Håland

Ta Turen 2019  

Turprogram for Kvinnherad turlag 2019

Ta Turen 2019  

Turprogram for Kvinnherad turlag 2019

Advertisement