PÅ EIN BAKKE UNDER NIPEN OG HUSAFJELL PÅ BONDHUS I MAURANGER LIGG EIN GJESTFRI IDYLL; OLALØO
PÅ ALLERTEN: Olaløo har gjennomgått eit generasjonsskifte. Frå denne sesongen styrer Inger Lise Bondhus ståket.
Bind saman menneske – Skal det vera noko å bita i til kaffien? Slik møter den nye verten i Olaløo oss, i det ho byr fram heimelaga mjølkekaker, nordlandslefser og nytrekt kaffi. Inger Lise Bondhus (40) har frå denne sesongen overteke drifta etter foreldra sine, Kjersti og Bård. Men kakene og den gjestfrie og avslappa atmosfæren er som før. – Brukar du mor si oppskrift? – Det er nok mamma som har bakt denne gongen også, røper Inger Lise. Det gamle vertskapet er nemleg framleis med i kulissane. Som gode hjelparar. – Dei legg seg ikkje oppi det eg gjer og vil heller ikkje gå i vegen for meg, men dei hjelper til med det eine og andre og kjem med gode råd.
Fasjonabel praksis Inger Lise er utdanna servitør med allsidig praksis. Læretida gjekk ho på gourmetrestauranten To kokker i Bergen. Etterpå bar det strake vegen til det fasjonable golfhotellet i St. Andrews i Skottland. – Tida i St. Andrews var fantastisk og lærerik, med mange prominente gjester i eit internasjonalt miljø, seier Inger Lise om opphaldet blant velståande i «golfens mekka». Seinare har ho hatt fleire spennande jobbar før ho flytta heim til Kvinnherad i 2006, då frå jobben som servitør på Bryggeloftet i Bergen. – Kva fekk deg til å flytta
tilbake til Bondhus og Olaløo? – Dette er heime, eg er både glad i og knytt til plassen, seier Inger Lise som er eldst i ein søskenflokk på tre. Broren har overteke garden og eig også Olaløo, medan Inger Lise leiger og har det fulle ansvaret for drifta av serveringsstaden. – Foreldra mine har ikkje på nokon måte pressa meg til å gjera det, viss det var det du tenkte på. Dette har eg gjort fordi eg har lyst å vidareføra drifta som foreldra mine har bygd opp, dessutan har eg høveleg utdanning og bakgrunn for å gjera det, seier Inger Lise. Ho verkar positiv, roleg og sikker på valet.
– Har du tru på Ølaløo som leveveg? – Det er absolutt marknad for eit slikt tilbod. Korleis det går, gjenstår å sjå, smiler Inger Lise som er fullstendig parat til å ta fatt på den første sommarsesongen sin. – Spennande og moro vil det bli. Eg både gledar og gruar meg. Trude Aarsand trude@kvinnheringen.no
Sommarkafé Staden er som laga for private selskap av alle slag. Olaløo gir ei verdig ramme rundt merkedagar. Og maten er god, ifølgje verten. – Berre sausane til tante Gislaug er verd turen, meiner Inger Lise. I tillegg til tante, som er sjefskokken på staden, kokkelerer også verten sjølv og mor Kjersti. Frå tidleg i juni lokkar ho med søndagsmiddag, og i skuleferien trør ho til med open sommarkafé, alle dagar unnateke måndagar. – Planlegginga er litt krevjande, då vi aldri veit kor mange som kjem. Men eg satsar på å få det til, seier den smilande verten. Ho lovar også fleire temakveldar, pubkveldar og anna gjennom året.
DETTE ER OLALØO • Serveringsstad med heilårsdrift i særmerkt tun i Mauranger • Open kafé frå 27. juni til 8. august • Selskapslokale for inntil 130 personar i to rom i låven frå 1821 • Eige grillhus med fyringsved som vegger • Arrangerer kurs/møte for 60–70 personar • Alle skjenkerettar • Tek vare på lokale mattradisjonar • Ideelt utgangspunkt for turar i den idylliske Bondhusdalen