Issuu on Google+

Kvinnheradferie

GRATIS FERIEAVIS

2011


Det skjer i Kvinnherad

ARILD LANDA (53) HAR PADLA KAJAKK SIDAN HAN VAR 14 ÅR, OG DET ER EIN YPPARLEG AKTIVITET FOR KROPP OG SINN

i sommar!

Juni 18. Konsert med Jan Henrik Kayser, klaver, Baroniet Rosendal 24. Konsert med Solveig Kringlebotn, sopran, Sidsel Walstad, harpe og Tove Kragset, klaver. Baroniet Rosendal. 24. TNT, konsert Torgplassen Husnes. 25. Jon Eikemo og Aage Vaksdal, Skjemt og alvor. Vangssago Rosendal. 25. juni – 13. august: Galleri G Guddal. Utstilling Nico Widerberg, skulptur og bilete. 25. juni Diesel Dahl`s Pøbb T Pøbb band, To søtre Husnes 28. Ausekarane, Haraball på NYA ferjo med Tor Endresen og Bjørn Jensen, Skålakaien Rosendal. Juli 1. Konsert med Julian Berntzen, song/klaver. Baroniet Rosendal. 7. Foredrag: Sigrid Lien, Kolonial skam og borgerlig stolthet: Historien om et ukjent maleri. Baroniet Rosendal 8. Mari Maurstad, skodespelar og Aage Kvalbein, cello. Kva er lykke? Baroniet Rosendal. 9. Black Ingvars, Torgplassen Husnes. 12. Kari Bremnes med band, konsert Baroniet Rosendal. 14. Sæbøvikfestivalen, kaijazz. 15. Sæbøvikfestivalen. Den store reke- og krabbefesten. Tubsnakes spelar på Pub nr. 13. 15. Hanne Bramness les frå si siste diktsamling Utan film i kamera og Lars Amund Vaage les frå si komande diktsamling. Einar Røttingen, klaver. Baroniet Rosendal 16. Sæbøvikfestivalen. Frukost i sentrum, fiskekonkurranse og mykje anna moro. Dans om kvelden. 21. Bjørn Eidsvåg med band. Baroniet Rosendal. 21. Sagedag ved Vangssago, Rosendal. 22–23. Theatre Set-Up, Much Ado About Nothing. Baroniet Rosendal. 23. Ingeborg Dalheim, sopran, Andrè Lislevand, viola gamba og Rolf Lislevand, lutt og barokkgitar. Baroniet Rosendal. 24. Helge Jordal, skodespelar og Harald Dahlstrøm, klaver. Baroniet Rosendal. 26. Agnes Ravatn, Pisk eller pusterom? Baroniet Rosendal. 27. Susanne Sundfør, song/klaver. Baroniet Rosendal. 29. Ole Paus, song / gitar og Ketil Bjørnstad, klaver. Baroniet Rosendal. 31. Dukketeateret KASPAR ved Mette Wernøe presenterer. Baroniet Rosendal. August: 3. Gunnar Skirbekk, Kva vil det seie å vere norsk og moderne? Baroniet Rosendal. 4. Elisabeth Aasen, forfattar, Opplysningstidens kvinner. Baroniet Rosendal. 5. Anne Grete Preus, song / gitar / klaver. Baroniet Rosendal. 5. Sagedag ved Vangssago, Rosendal. 5-7. Fjellstreif, med motbakkeløpet Nuten opp, Rosendal. 6. Sagedag ved Vangssago, Rosendal. 10. Johan Galtung, professor i fredsforskning. Litt om fred, om Norge og om å være profet i eget land. 12 Lydlandskap, BIT20 Ensemble. Komponist: Knut Vaage. Eit samarbeidsprosjekt mellom Kvinnherad Kommune og Baroniet Rosendal. Baroniet Rosendal. 13. Gunnar Danbolt, Nikolai Astrup (1880-1928) Baroniet Rosendal. 18. Åshild Ulstrup, forfattar. Far min, hesten og eg. 19. Karoline Krüger, song/klaver og Sigvart Dagsland, song/klaver. Baroniet Rosendal. 20. Omer Bhatti, Torgplassen Husnes. 21. Museumsdag/Utstilling, Bygdetunet Rød 25. Kjell Arild Pollestad, Hva er det med Roma? Baroniet Rosendal. 26. Leif Ove Andsnes, klaver, Musikk av bl.a. Frederic Chopin. Baroniet Rosendal. September 2. Herborg Kråkevik med musikarar, Baroniet Rosendal. 3. Historisk seminar inkl. lunsj og kaffepause. Baroniet Rosendal. 9. Jon Fosse les sine eigne tekstar og Benedicte Maurseth spelar hardingfele. Baroniet Rosendal. (Lista gjev ikkje eit komplett oversyn over der som skjer i Kvinnherad)

HEIMELAGA: Arild Landa har ein lidenskap for kajakkpadling. Her viser han fram nokre av kajakkane han har laga sjølv, den grå grønlandsvarianten er favoritten.


LIDENSKAP: Arild Landa har ein lidenskap for kajakkpadling. – Du er i eitt med elementa, seier han.

I eitt med elementa – Det er ein av dei finaste måtane å bevega seg i naturen på, og byr på mange former for aktivitetar – både sosiale og individuelle. Du får flotte naturopplevingar og god kontakt med dyrelivet fordi du rører deg så stille. I tillegg forureinar du ikkje, fortel Arild. Vi møter han nede ved naustet han leiger i Sæbøvik sentrum for å ta ein prat om lidenskapen hans. At han har mykje kunnskap om kajakkar og padling blir fort tydeleg. Han forklarar at det finst mange typar kajakkar for ulike høve, til dømes elvekajakkar, havkajakkar og racerkajakkar. Dei fleste er laga for éin person, men det finst også kajakkar for to personar. Sjølv har Arild ulike typar som han har laga frå botnen av, og favoritten er ein grå grønlandskajak.

God investering Ein ting Arild etter kvart er blitt god på er såkalla «eskimorulle». Eskimorulle er ein tryggleiksteknikk

for å koma seg opp og over vatn igjen ved å rulla seg sjølv og kajakken sidelengs dersom kajakken har kantra. – Då eg dreiv med kajakkpadling i Trondheim kantra eg i dårleg vêr og fekk til slutt kava meg til land. Etter den hendinga tenkte eg med meg sjølv at det ville vera lurt å læra seg eskimorulle. Seinare budde Arild nokre år på Grønland, som han fortel at er kajakken si «vogge». Han fekk god kontakt med kajakkmiljøet der, og lærte mange ulike teknikkar for eskimorulle. – I Grønlandsmeisterskapen er eskimorulle ein eigen disiplin som alle må kunna. Det er viktig for å kjenna seg trygg i kajakken, forklarar Arild. No ønskjer han eit større miljø for kajakkpadling, særleg på Halsnøy. – Eg trur det er mange som har kajakk men som føler seg utrygge. Det i tillegg til fleire andre faktorar kan nok bremsa aktiviteten. Men alle

ESKIMORULLE: Arild demonstrerer utan problem ein teknikk for eskimo-rulle med ein murstein i eine handa og åra i den andre.

kan driva med kajakkpadling, det er god mosjon for heile kroppen. Kjøper du ein kajakk er det ei eingongsinvestering og ein billig hobby. Slik som vi bur her er det eigentleg tilhøve til å padla heile året, men dei fleste

nyttar nok sommarhalvåret til å nyta godvêret i kajakken, smiler Arild. Mona Grønningen mona@kvinnheringen.no


4 KVINNHERAD-FERIE

7

Det ******** vêret Kvar einaste mai så lenge vi kan hugsa har vi i Kvinnheringen laga sommaravis. Gjennom desse åra har vi truleg skrive om kvar minste krik og krok i Kvinnherad, og om mange av aktivitetane som er her i kommunen. Vi gler oss alltid til å laga sommaravis. Målet er mange flotte bilde i sol og vår frå den vakre og storslåtte kommunen vår. Dessverre er det ikkje slik at kart og terreng alltid stemmer overeins. Vi ser gjerne føre oss at mai blir strålande med sol, og kanskje til og med litt badevêr, slik at vi kan pynta avisa med sol- og sommarbilde. Men nok ein gong, mai var ein katastrofe om vi tenkjer på det største samtaleemnet vi har i Norge, vêret. Det har bøtta ned sidan først i mai. Fram til denne avisa gjekk i trykken, har det knapt vore ein dag med opphaldsvêr. Ein verre forsommar kan vi ikkje minnast. Dermed får vi litt trøbbel med sommaravisa, det som skal vera spegelbilde av kor fint og flott det er her – når sola skin. Samtidig må vi berre ta inn over oss at vi bur på Vestlandet. Akkurat når du les dette er du truleg i Kvinnherad, og mest sannsynleg regnar det også. Og sommaravisa skal jo spegla det verkelege livet, difor blir det mange sider med bilde og tekst der ein ser at det regnar. Men vi må ikkje la humøret vårt visna eller regna vekk. Det er utruleg mykje å finna på også i sommarregn, og nokre råd får du i denne avisa. Og kven har sagt at grilling berre er ein finvêrssport? Det går fint å grilla i regn òg, gode oppskrifter på grillmat i sommarregnet finn du her. Samtidig presenterer vi nokre sider som viser korleis Kvinnherad kan vera i solskin. Drøym deg vekk og nyt Kvinnherad.

6

4

5

3

1 Kvinnheradferie BILAG TIL KVINNHERINGEN 15. JUNI 2011 Distribuert til alle hustandar i Kvinnherad, Stord, Odda, Tysnes og Skånevik

3 2

Opplag: 25.000 Kart: Statens Kartverk/ Ugland Group

Redaktør: Tomas Bruvik Epost: redaksjon@kvinnheringen.no Rotasjonstrykk: NR1 Trykk Framsidefoto: Marte Bøyum (t.v.) og Adele Bauge fotografert i ein «hekktunnel» som er med på å gjera baroniparken spennande også for born. (Foto: Jonn Karl Sætre).

ATTRAKSJONAR I KVINNHERAD

Utgjevar og grafisk produksjon

1 Halsnøy Kloster 2 Fjelberg Prestegard, Fjelbergøy 3 Den Stavangerske Posttour, Ølfernes - Herøysund 4 Bygdetunet Rød, Uskedalen Dønhaug-samlinga, Uskedalen 5 Nistovetunet, Omvikdalen 5 Jens Tvedt-stova, Omvikdalen 5 Bakkastova, Omvikdalen 6 Baroniet Rosendal 6 Vangssago, Rosendal

6 Skaalurensamlinga, Rosendal 6 Ænes kyrkje 6 Folgefonna Informasjonssenter, Rosendal 6 Kvinnherad kyrkje 6 Steinparken, Rosendal 7 Helleristning, Ølve 8 Furebergfossen 9 Gjerdetunet,Austrepollen 10 Bergmåling, Årsand


KVINNHERAD-FERIE 5

10

9

Norge i miniatyr

8

Med gamle fjell som kulisse stig ein stuplivbåt opp or fjorden og ristar vatnet av seg utanfor Umoe Schat-Harding sin fabrikk på Seimsfoss. Denne livbåten representerer det fremste av maritim teknologi i verda. Livbåten er sleppt ned frå om lag 30 meters høgd. (Foto: Umoe Schat-Harding)

Kvinnherad er eit Norge i miniatyr. Her er utsnitt av det meste av natur, med fjell- og fjordlandskap. I sør duvar holmar og øyar på fjorden, med vikar og vågar med grøne bøar og husklyngjer under furutoppane. Lenger inne i fjorden reiser landskapet seg meir på ende, fjelltoppane strekkjer seg over 1200 meter til vers. I nordaust breier Folgefonna seg utover landskapet, ligg der som ei kvit dyne og skjuler eit landskap ingen kjenner under ei 300-400 meter tjukk iskappe. Her er gammal busetnad, like frå steinalderen. Jordbruket er om lag 5000 år gammalt på våre kantar. Før den tid levde folk av det dei fann i naturen; på land og i sjøen. Dei som lærde å dyrka jorda, så og hausta, kunne nyta godt av å få tak i langt meir av maten innanfor eit lite område. Denne kunnskapen var heilt avgjerande for å skapa grunnlag for aukande folketal. Jordbrukarane vart bufaste, búandi, eller bønder, som det heiter i vår tid. Bøndene heldt husdyr som skaffa huder, kjøt og mjølk og etter kvart vart hesten ei viktig arbeidskraft.

I Matre, på Seimsfoss og andre stader er det funne restar etter store gardshus frå folkevandringstida (400800). Der budde storfamiliar så vel som husdyr. Dei var bufaste og dreiv jordbruk. Fast bre-is set sjølv dei største gravemaskinar i skuggen. Isen har i nokre tusen år forma landskapet. På det djupaste går Hardangerfjorden ned til 900 meter. Isen grov ut dalar og fjordar. Fjordane er ikkje anna enn dalar som er fylte med vatn. Svartavatnet i fjella ovanfor Rosendal er 167 meter djupt, det djupaste i Hordaland. Bre-isen er altså i stand til å bora seg djupe holer i landskapet, sjølv i det hardaste fjellet. Me har hatt fleire istider. Somme stader ser me dalar som går på tvers av ein djupare dal. Det er dalar som er laga i ulike periodar i jordhistoria. Isen grev u-dalar, vatnet lagar vdalar. Somme stader er det råd å sjå at vatnet har grave vidare i ein u-dal og laga ein v-dal i botnen. Skuringsstriper i berget fortel kva retning isen har glide i. Kvalskrottskjer er slake på eine sida og brattare på den

andre. Dei òg fortel om kva veg isen kom sigande. Vatnet arbeider stadig vekk med landskapet. Det er ikkje ferdig før alt er flatt. I Ølve finst dei eldste kjende gruvene i Hordaland. I 1642 vart det gitt kongeleg privilegium for eit jernverk på garden Lilledal, eller Vetle Dale. Fem år seinare vart eit liknande privilegium gitt til eit koparverk på same garden. Men det vart ikkje noka langvarig drift, det var slutt alt i 1673. Så gjekk det 80 år med stillstand. Mangel på ved var ei viktig årsak. Dei tende bål i berget, og når det var skikkeleg varmt, skvetta dei på vatn så berget sprakk. Dei fyrde og med ved i smeltehyttene. I 1750-åra kom gruvedrifta i gang att. Kongen påla bøndene å levera ved og å køyra malm frå gruvene. Bøndene let ille over det, sidan dei måtte arbeida for lita betaling. Ved enden av Husa-vågen vart det bygt smeltehytte. Staden ber seinare namnet Slagget. Gruvene var første spede starten på industri på våre kantar.

Sunnhordland og Kvinnherad har solide industritradisjonar. Her har folk bygt båtar i tusen år. Dagens skipsbyggjarar byggjer dei mest avanserte farkostar i verda, for transport, oljeutvinning og livberging. Vått og bratt lende gir grunnlag for omfattande vasskraftproduksjon. I Mauranger og Matre finst to middels store kraftverk i norsk målestokk. Aluminiumsverket på Husnes er storforbrukar av elkraft, og kan produsera om lag 160.000 tonn per år. I det moderne samfunnet tek folk seg tid til meir enn mat og arbeid. Oppleving og det gode livet er ein viktig del av tilvera. Her er gode restaurantar, natur, flotte hamner, pittoreske bygdebyar, einaste baroniet i landet, klosterruinar, mellomalderkyrkjer, badestrender og bratte isbrear for dei som er ute etter grensesprengjande opplevingar. Her finn du det meste av det som det moderne bygde-Norge har å by på. Ikkje Broadway og skyskraparar, men vide dalar og høge nutar, og fossefall som inga fontene kan måla seg med.


Alle kjenner til Baroniet Rosendal, men i nærliggjande område – på oppsida av riksvegen – finn du òg Kvinnherad kyrkje, Rosendal Putballpark, Vangssaga og Steinparken.

Kulturell lysløype med sportsleg innslag

Vangssaga Flott restaurert (ferdig hausten 2005) oppgangssag frå rundt 1875. Opprinneleg bygd på Vang av Marcus G. Rosenkrone – no finn du Vangssaga like ovanfor den tidlegare HSD-garasjen i Rosendal. Ein gjeng av eldsjeler har stadig større eller mindre prosjekt gåande. No blir staden òg nytta til kulturarrangement. I sommar kjem Jon Eikemo.

Steinparken Berre eit lite steinkast frå Vangssago finn du Steinparken. Ein idyllisk park der du kan sjå og ikkje minst kjenna på vakre steinar. Om du vil kan du òg lesa deg opp på informasjons-

skilt som fortel om konglomerat, krystallar, koronitt og mykje anna. Steinparken er òg ein idyllisk stad for piknik i det frie, berre lyttande til elvebruset frå Melselva.

Rosendal Putballpark Kryssinga av golf og fotball er overraskande moro, anten det er tale om beinhard konkurranse fotballvener imellom, eller uskuldig moro for eit lystig

lag. Ballen skal stort sett i eit hol i bakken ved hjelp av færrast mogleg spark. Innimellom dukkar det opp hinder av ulike slag. Passar både for glade amatørar og fotballproffar.

Kvinnherad kyrkje Vakker middelalderkykje bygd i 1250, også kalla Kvinnheradkatedralen. Svært god akustikk gjer kyrkja til ein flott

konsertsal med sitjeplassar til om lag 320. Den frøste baron, Ludvig Rosenkranz, familien hans og seinare baronar ligg balsamerte i gravkapellet.

Slottet frå 1665: I 1658 sto det bryllup mellom Noregs rikaste arving og ein stolt dansk adelsmann. Karen Mowat og Ludvig Rosenkrantz fekk garden Hatteberg i Kvinnherad i bryllupsgåve, og her bygde dei seg sitt vesle slott som dei kalla Rosendal. Slottet stod ferdig i 1665. Den Weis Rosenkroneske Stiftelse DWRS, tilknytta Universitetet i Oslo, har i dag eigaransvar for slottet, park, hage, husmannsplassen Treo, Fruehuset og Avlsgården med det omkringliggjande kulturlandskapet. Her ser vi (f.v) Adele Bauge (10) og Marte Bøyum (8) i den flotte hagen. (Foto: Jonn Karl Sætre)


KVINNHERAD-FERIE 7

Baroniet Baroniet Rosendal kan by på mykje. I restauranten kan du få norske råvarer – stelt i stand med fransk kjærleik og omtanke. I Baroniet Rosendal står mykje spennande på menyen i år. Det skal den nye, franske baronikokken syta for. Namnet er Jean-Francois Morille, han er 37 år, kjem frå Angers i Loiredalen og har bagasjen full av lidenskap for mat og vin og dragning mot det perfekte måltidet. – Er mat viktigare i Frankrike enn i Norge? – Slik har det i alle fall vore, men eg ser konturane av at Norge kjem etter. Matvarebutikkane får stadig betre utval, og det at norske kokkar hevdar seg i kokkekonkurransen Bocuse d’Or i Lyon, trur eg har hatt sitt å seia for den aukande interessa for god mat.

Ferske råvarer Jean-Francois er imponert over tilfanget av lokale råvarer av god kvalitet. Han satsar på å gjera seg bruk av

det lokale leverandørar kan levera, for eksempel sjøkreps, laks frå Hjønnevåg, Sundepølsa, fersk fisk frå ulike lokale fiskarar, lam og meir til. Ikkje all maten blir like lokal. Å få tak i norsk hjort er eit kjend problem. – Det hender eg får tak i norsk hjort, men som regel kjem kjøtet frå New Zealand, seier kokken som nettopp er begynt i baroniet, men som har årelang erfaring i å laga gourmetmat frå andre, norske restaurantar. Kjøkkensjef på ærverdige Grand Hotel i Oslo er mellom det han har på den imponerande CV-en sin. – Og sjølvsagt urter frå baroniet sin eigen urtehage, fortset han. – Der er det masse godt å ta av. Rabarbra for eksempel. Det finst i rikelege mengder, er godt og kan brukast til mykje, seier han. Jean-Francois ramsar opp søtmat som kaker, supper og kompott. – Har du smakt rabarbrashot? spør han med stjerner i blikket. Det har vi ikkje og kokken må forklara. – Rabarbrashot er rabarbrasuppe med ein dash Cointreau. Nydeleg, hevdar han og fortel at Cointreau vert laga i heimbyen hans og er like god både som likør og som ingrediens i maten.

Meistermat

FRANSK SNERT: Jean-Francois Morille svingar opp med lekre rettar mellom fargerike geraniums i Havecafeen i sommar.

Mat og vin er ein lidenskap for JeanFrancois, men han deltek aldri i konkurransar. – Konkurransar er ikkje for meg. Å ståka på i det verkelege livet er mykje meir givande, meiner han. Men han veit godt kva det gjeld i Bocuse d’Or og er imponert over kva dei får til der. For eksempel var han tilstades då Geir Skeie frå Fitjar vann konkurransen for to år sidan. – Det var stas, hugsar JeanFrancois, som på det tidspunktet var flytta til Bergen saman med kona si frå Rosendal, Elisabeth Lothe. Paul

Bocuse er opphavsmannen til den prestisjefylte kokkekonkurransen i Lyon, men står også bak restauranten «Chefs de France» i Disneyworld i Florida, der Jean-Francois jobba som kjøkkensjef for nokre år sidan. Mat på Bocuse-måten er derfor ein viktig del av ballasta hans, og på toppen av det heile trefte han den norske kona si i Disneyworld. Ikkje rart han ser tilbake på opphaldet som ei fin tid. No har paret budd i Norge i 10 år. Adressa er Bergen, og Jean-Francois er blitt vekependlar. Utdanninga er solid. Ikkje berre er han kokk, men også servitør, bakar og konditor. Han begynte på det fem år lange utdanningsløpet heime i Frankrike då han var 14, som yngst, og kanskje også ivrigast, i klassen.

Nye takter – Kvifor valde du deg jobb i Rosendal? – Eg vart spurt direkte om eg kunne tenkja meg å ta utfordringa. Det sa eg ja til. Gjennom kona er eg knytt til Rosendal, det er ein fin plass og jobben i baroniet er spennande, seier franskmannen som skryter over miljøet og det trivelege personalet som er innstilt på å gjera nødvendige endringar. – Eg er nok ein strengare kjøkkensjef enn nordmenn er vane med, men ser likevel på meg sjølv som ei mild utgåve av franske likemenn. Etter 10 år i landet er eg blitt ein diplomatisk franskmann. – Set du strenge krav til dei tilsette? – Alle skal gjera alt på same måten, det skal vera orden og system og alle må gjera det dei er sette til. – Vil gjestene merka noko til det nye regimet? – Eg lovar at vi skal halda eit så høgt nivå som mogeleg og håpar at gjestene set pris på det. Trude Aarsand trude@kvinnheringen.no


8 KVINNHERAD-FERIE Foto: Aerophoto/Viestad

Vakrast i verda

Vi tør påstå at Kvinnherad er verdas vakraste kommune. Det er ikkje rart når ein ser den fantastiske naturen vi har rett utanfor stovevindauget vårt. Kvinnherad Kommune er ein kommune vi er stolte av. Besøk Kvinnherad i sommar og la deg imponera, du òg!

Kvinnherad er staden å bu om du: • Vil ha utfordrande arbeid i verksemder med høg internasjonal kompetanse • Vil bu med vill og vakker natur utanfor stovedøra • Vil ha eit rikt og variert idretts- og kulturtilbod • Vil ha borna dine i flotte barnehager og gode skular • Vil ha eit godt pleie-, omsorgs- og helsetilbod • Vil ha ein heimkommune å vera stolt av og kunna visa fram til alle du kjenner!

Kvinnherad kommune Sentralbord 53 48 31 00 5470 Rosendal


SOMMARMAT: Morten Nilsen hos Systrene Nilsen i Uskedalen byr på skalldyrtallerken med leskeleg drikke til. (Foto: Jonn Karl Sætre).

Sommarmat ved fjorden SOMMAREN BETYR LIV, RØRE OG FREISTANDE SOMMARMAT FRÅ NYTT VERTSKAP I DET GAMLE VERTSHUSET I USKEDALEN

Skal det vera ein tallerken krema fiskesuppe med laks, torsk og reker, piffa opp med purre og gulrotstrimler? Og med heimebakt brød og utsikt over fjorden til? Det er eit eksempel på sommarmaten Systrene Nilsen lokkar med denne sommaren. Jentene har skapt nytt liv i restauranten like ved båthamnene i Uskedalen og satsar alt på å få det til å bli ein attraktiv serveringsstad både for båtturistar, andre turistar og alt folket i kommunen.

– Prosjektet er spennande, bygda er flott og eg har halve slekta mi her. Derfor var det ikkje vanskeleg å seia ja til tilbodet, seier kjøkkensjefen, som også var kjøkkensjef same staden under dei førre eigarane i fjor sommar. At restauranten berre er open i sommarhalvåret, passar han bra. – Det betyr at eg kan fortsetja med fjellklatring i Himalaya, Andesfjella og andre stader om vinteren, seier den humørfylte 26-åringen med eit stort smil.

Entusiasme

Gir alt

Systrene Nilsen, det vil seia tvillingssøstrene Frøydis Nilsen Mathisen og Gunnhild Nilsen Hillestad frå Herøysundet, har kjøpt huset, men vil ikkje sjølve vera så ofte å treffa der. Det vil derimot søskenbarnet og friskusen Morten Nilsen frå Stavanger vera. Han har teke på seg jobben både som dagleg leiar og kjøkkensjef og flytta til Uskedalen. Genuin interesse for mat og musikk er han fødd med, men av ein eller annan grunn har han utdanna seg til økonom. Kombinasjonen er forresten god for mannen som òg har driftsansvaret for restauranten.

Men skal han klatra i fjell denne sommaren, må det bli i Ulvanåso, for no er det full pinne på restauranten fem dagar i veka til langt uti august. Med seg på kjøkkenlaget har han den utdanna kokken Anders Stokkebø frå Stavanger og unge Endre Børve frå Uskedalen. Stokkebø er til vanleg soussjef med gode friperiodar på spahotellet på Hjelmeland i Ryfylke. I Uskedalen er det ikkje tale om store biffar og den slags, men velsmakande sommarmat, som for eksempel blåskjel, wraps, fiskeburgar, salatar og pizza i fleire variantar, bakt i eigen

steinomn. Alt saman lekkert dandert og laga frå grunnen av etter matkunstens reglar. – I løpet av sommaren skal vi også ha faste quiz-kveldar med eigen quizmeny, skaldyrskveldar, minst éin sushi-kveld og tre gourmet-kveldar med bordbestilling, lokkar Morten. – Elles blir lett sommarmat, blodferske råvarer, velsmakande rettar og rimelege prisar varemerka våre, reklamerer den unge kjøkkensjefen. – Borna har vi òg tenkt på, dei vil få sin eigen meny, legg den eine eigaren som snart er trebarnsmor, Gunnhild Nilsen Hillestad, til. Restauranten vil også ha musikk på menyen. – Norske trubadurar og band, lokale artistar og endåtil det irske bandet «Maurice Engan», som spelar irsk folkemusikk og pubmusikk, har sagt seg hit i sommar. Det borgar for liv og røre, lovar den daglege leiaren. Og Gunnhild smiler samtykkjande: – Dette har vi tru på. Trude Aarsand trude@kvinnheringen.no


10 KVINNHERAD-FERIE

g n i p p o

h s r a m

r e t n e s e t m s r ø o t sistriktets s r liten og stor o d f r a g n i v opple KLE, SKO OG REISEEFFEKTER Catch Cubus Citybag Jack & Jones Vero Moda Senter Woman You Who

Eurosko Skoringen MAT, DRIKKE OG SERVERING Capri restaurant og catering China Plass Peppes Pizza

To Søstre Smak og Behag Yngves konditori Narvesen Mix kiosken Rema 1000 Eurospar Vinmonopolet

ANDRE BUTIKKAR Baronessa DnB NOR Elkjøp Expert Europris Fargerike/ Frodes fargehandel Fjord`n Blomster

Tilbords Gullsmed`n Husnes møbler/ Møbelringen Husnes sport/ Sport1 Jernia/ Yes vi leker Kvinnherad Libris/ Ringo Leker MX Sport Husnes

Nille Parfymelle Posten Sparebank1 SR-bank Sparebanken Vest Specsavers Sunn & Smart Tango frisør Travelnet Husnes

Trim X - Trimstudio Solsenteret Sunn&Smart Tropehagen Zoo Vitus apotek KID interiør MEKK Playback ... og snart kjem KappAhl og Kiwi


FAGBYGGET ELKJØP HUSNES RØYR FARGERIKE/ FRODES FARGEHANDEL

AKSEN HUSNES DnB NOR STORHANDEL MIX-KIOSKEN HUSNES MØBLER, Møbelringen EXPERT TRIM-X - Trimstudio VITUS APOTEK SPAREBANK 1 SR-BANK CAPRI RESTAURANT

HUSNES STORSENTER

KVADRATEN REMA 1000 EUROPRIS VINMONOPOLET

BYGGERN TEIGEN

HUSNES BÅTHAMN

KVINNHERAD GOLFKLUBB

Flyfoto: Aerophoto,Viestad

Foto: Bodil Haga

...berre nyt det! Butikkane bugnar av gode tilbod, og mengder av varer. Restaurantane freistar med gode smaksopplevingar inne i trivelege omgjevnader eller ute på den flotte Torgplassen. Velkommen til strålande sommardagar på Husnes storsenter.

10–19 (16) Huser meir enn du trur


GROVT: Ian skal promotera Kvinnherad med kunsten sin, men ikkje med klisjear. Han er inspirert av det han kallar «the blood and guts of Norway»; stein, tre, jord og asfalt i grove teksturar.

Frå mote til naturkunst

«Sommarklar» bil til ferien, med rask levering!

Solheimsvegen 4, 5462 Herøysundet. Tlf. 53 48 64 11. Solheimsvegen 4 - 5462 Herøysundet www.srbil.no tlf. 53 48 64 11 - fax 53 48 64 40


KVINNHERAD-FERIE 13

Ian er fødd og oppvaksen i London, med engelsk far og norsk mor. Han tok utdanning innanfor kunst og design, og fekk jobb i det prestisjetunge internasjonale motehuset Hardy Amies, der han vart designsjef. Kundekrinsen bestod av blant andre Bolsjojballetten, Ozzy Osbourne og dronning Elizabeth. I over 25 år jobba Ian i denne glamorøse og ekstravagante verda, medan han på fritida sysla med eigen kunst. – I den verda var alt som var ekstraordinært normalen. Det var berre det flottaste og dyraste som galdt. Eg kunne til dømes låna smykke frå Cartier og vandra ut av butikken med tusenvis av kroner på armen, eller få levert luksusbilar av sjefen på McClaren på døra. På fritida måtte eg sjå opera og ballett for å gjera research om kundekrinsen vår. Det var heilt spesielt, og i stor kontrast til det eg driv med no. Likevel har eg lært å ta sjansar, risiko er lettare for meg enn det trygge og normale. Eg får ikkje glede av det gjentakande kvardagslivet, og er nok på den måten farga av livsstilen i moteverda, fortel Ian. Samstundes som Ian levde eit luksusliv i London var det ein stad han aldri kunne gløyma. Sidan han var liten har han kvar sommar vore i sitt barndoms paradis – «Klubben», eit nes utanfor Hatlestrand der han har røtene sine. I 2009 forlét han moteverda og flytta heim for godt.

Ikkje klisjear Vi besøkjer Ian i verkstaden hans hos O. Jacobsen Trelast på Gjermundshamn, der han er i full gang med eit spennande prosjekt –

gjennom «Midtsommar 2011» vil Ian bringa Kvinnherad ut i verda. Over alt i verkstaden står skulpturelle bilde og kunstverk i ulike delar, som til slutt skal utgjera ein utandørs kunstinstallasjon og ei innandørs kunstutstilling. Ian brukar materiale som tre, sand og asfalt i verka sine, og i det siste har han også nytta same type isolasjonsmateriale som Schat-Harding brukar. – Kunsten min handlar stort sett om det norske landskapet, som eg presenterer i ulike former. Eg tek det du ser rundt deg og tek for gitt kvar dag og presenterer det på nytt – eg ser di verd på ein annan måte. Eg er ikkje ute etter å kopiera det vi ser ute, det er så vakkert at det ikkje kan gjenskapast. Eg blir inspirert av jorda og grunnen, som eg meiner er «the blood and guts of Norway». Eg meiner Norge ikkje er flinke nok til å selja det som faktisk er interessant med landet, det blir for mange klisjear. Eg vil presentera noko nytt, fortel kunstnaren.

ETTER 25 ÅR I MOTEBRANSJEN I LONDON FLYTTA IAN WARD GARLANT (49) TILBAKE TIL RØTENE SINE PÅ HATLESTRAND. NO VIL HAN GI NOKO TILBAKE TIL PLASSEN, BYGDEFOLKET OG NATUREN, OG SKAL PROMOTERA KVINNHERAD GJENNOM KUNSTEN SIN.

NY FORHANDLER I KVINNHERAD: KIA

I verka har Ian integrert ei spesiell runeskrift. Runeskrifta på latin vart funne på eit treflak av arkeologar etter brannen på Bergen bryggje i 1955. Teksten; «Kjærleiken sigrar over alt; lat oss gje etter for kjærleiken» stammar truleg frå eit dikt av den romerske skalden Vergil, som døydde i år 19 f.Kr. – Vergil skapte interesse for naturen og livet på landet gjennom dikta sine, og derfor fekk eg ideen om å integrera denne runeskrifta, som har lege i dvale i nesten tusen år, i kunsten min som ein hyllest til naturen.

Involverer bygda Ian involverer mange lokale krefter i kunstprosjektet sitt. I september i fjor starta han firmaet sitt Norzen Norway AS saman med Eva Attramadal og brørne Ole og Arve Femsteinevik som hjelper han å gjennomføra prosjektet «Midtsommar 2011». Ian får også hjelp av elevane ved Hatlestrand og Ølve skule, som lagar fantasi-

figurar som skal vera ein del av kunstutstillinga utandørs. 18. juni skal det heile avdukast under ein midtsommarfest for bygdefolket, der kunsten til Ian skal hengjast opp på ein kunstpaviljong i grindverksteknikk på Klubben. Grindverkskonstruksjonen har Nils Kjetil Hjortland laga hos O. Jacobsen Trelast. Ian har fått lov av grunneigar Nils Teigland til å bruka Klubben som kunstpaviljong. Ian har også laga mindre kunstverk som skal henga på ei utstilling i gamleskulen på Hatlestrand. Etter dette blir utstillinga hengande for allmenta eit stykke ut i juli, før den skal fraktast vidare til Galleri S.E. i Bergen. I november skal kunstverka til London og Gallery Andipa, og gjennom firmaet jobbar Ian også med å få til utstillingar i andre delar av verda. Mona Grønningen mona@kvinnheringen.no

FRÅ MOTE TIL KUNST: Ian Ward Garlant var motedesignar i London i over 25 år. No har han bytt ut luksuslivet med eit enkelt tilvære som kunstnar i heimbygda Hatlestrand.

MED 7 ÅRS GARANTI!

KIA cee’d_SW Style fra kun

KIA Venga fra kun

214.900,-

194.900,-

KJØP NY VENGA ELLER CE E’D NÅ! Få vinte

rhjul og m etallic lakk med på kjøpet! Spar innti l 20.000,-

Solheimsvegen 4, 5462 Herøysundet. Tlf. 53 48 64 11. www.srbil.no

www.kia.no

Priser levert Herøysundet. Årsavgift tilkommer. Kampanjetilbudet gjelder t.o.m. 30. juni. Forbehold om avvik i annonsen. CO2-utslipp fra 103 g/km, og forbruk fra 0,39 l/mil ved blandet kjøring.


14 KVINNHERAD-FERIE

SER FRAMOVER: Trass i oppnådd pensjonsalder, kjem ekteparet Lyse framleis til å halda fram med pensjonatet i Uskedalen.

Stoppestad med sjel Solheim Turiststasjon i Uskedalen har eit vertsskap som kan kunsten å gjera det heimekosleg. Derfor kjem gjestene stadig tilbake. Treng du eit lyst og lett rom til å sova i og ein skikkeleg frukost neste morgon? Då kan Solheim Turiststasjon vera noko for deg. På kjøpet får du treffa eit hjarteleg vertsskap og rom med utsyn mot fjorden eller dei vakre uskedalsfjella. Luksus får du ikkje, ei heller vin til maten, men til gjengjeld ein venleg atmosfære frå kvar ei krå.

akkurat som kona. Trass i vaksen alder står dei begge på, både seint og tidleg. – Ingen av oss er typane som tvinnar tommeltottar, samstemmer vertskapet og byr som vanleg på ettermiddagskaffi og kaker i den innbydande matsalen med bjørkemøblar, friske blomar i vasane, kvitmåla tak og vegger, parkett og store lysflater mot sør og aust. I rommet ved sida av kan gjestene slappa av i gode skinnmøblar framfor tv-en. Like utanfor glasa renn bilane forbi i nord- og sørgåande retning, men knapt ein lyd er å høyra. – Det er fordi vi har sett inn lydisolerande glas.

Tradisjonsrikt

For alle høve

I 55 år har Solheim Turiststasjon teke imot vegfarande. Dei siste 31 er det Aslaug Lyse (66) som har stått i døra – med ektemannen Henrik Lyse (70) i kulissane. Som dotter til etablerarane frå 1956, Fridtjof og Aslaug Sunde, er Aslaug (d.y.) fødd til oppgåva. Henrik Lyse kom meir uforvarande inn i bildet. På sekstitalet flytta han frå Leirfjord i Nordland for å jobba på Søral. Etter søt musikk på ei dansetilstelling i Helgheim var lagnaden forsegla; livet måtte levast saman med Aslaug. At Solheim Turiststasjon vart del av medgifta, tenkte han ikkje på då. Først seinare fekk han tenkt og gjort noko med det. Henrik viste seg å bli ei lukke både for kona og stasjonen, skal vi tru Aslaug. – Henrik er veldig flink. Han har pussa opp rom for rom og gjort mykje anna, skryter ho.

Ja, gjestene blir godt tekne vare på av vertskapet i Uskedalen. Og gjestene er alt frå private gjester, arbeidsfolk, fotballfolk og turistar til musikarar sende frå Dønhaug eller Husnes Jazzklubb. Til overnattingsgjestene har Solheim åtte rom à to til tre senger å by fram. Gjestene deler på bad og toalett. Men pensjonatet i Uskedalen huser også mange grupper på dageller kveldstid, anten det er møte, gravferd, konfirmasjon, fødselsdag eller barnedåp. – Kva serverer de? – Vi diskar opp med både smørbrød og middagar, alt etter kva gjestene ønskjer, seier Aslaug. Husets gjester blir vanlegvis bydd frukost og ettermiddagskaffi, med mindre det er noko spesielt. Etter at vertshuset på kaien gjenopna, er serveringstilbodet i Uskedalen likevel komplett. – Med ein kort spasertur får gjestene kjøpt seg middag når dei måtte ønskja det, reklamerer Aslaug og Henrik Lyse, som no har ein travel sommar framfor seg.

Nypussa At det har vore nevenyttige folk på ferde er tydeleg for alle. Både huset og romma er utruleg velhaldne, med lyse, fine og venlege rom. Etter at Henrik pensjonerte seg frå jobben i Kvinnherad Energi, kunne han ofra seg for pensjonatet på fulltid,

Trude Aarsand trude@kvinnheringen.no

5 tomter for sal Mulighet for båtplass Sjå finnkode 20462664, 20449931, 20197372 eller kontakt oss for meir informasjon

Vi har murarar!

Skal du byggja noko som du treng faglært murar til? Vi har to kvalifiserte murar klare for oppdrag!

Faglært murar Anders Nilsen

Faglært murarar Terje Bu

5463 Uskedalen, tlf. 53 47 26 34


KVINNHERAD-FERIE 15

Sommarbygda

Uskedalen -bygda med liv i! Bygdetunet Rød/ Haugland skulemuseum - Uskedalen • 25. jun.: Bøkkerkveld • 21. aug.: Museumsdag • 27. aug.: Picnik med Rød´n • Utleige av Bøkkerverkstaden m/kai, høver godt for blåtur og personalgrupper, lag og org. Ope etter avtale: Ring tlf. 53 48 32 31 • 915 31 487

r til alle anledningar! Vi levere

USKEDALEN, Tlf. 53 48 63 22

• Viking/NAF redningstjeneste • Bilutleige Vakttlf. 926 40 546 • Understellsbehandling • Salg av Tyssetilhengere

Nyt sommaren på nyoppussa terrasse...

– Uskedalen

Beskytt håret mot sol og sjø! Vi har gode hårpleieprodukt! Uskedalen Tlf. 53 48 65 66

TERRASSEBEIS 5 l, oljebasert alle fargar

Eik Røyrleggjarforretning AS • VATN Uskedalen Tlf. 53 48 61 81 Mob.tlf. 995 51 948 • VARME Fax: 53 48 66 93 995 51 950 e-post: eikroyr@online.no • SANITÆR

LISES KRAMBU I USKEDALEN - den mest spesielle butikken i heile Kvinnherad – i god gammal stil. Her finn du mykje fine og spesielle gåver. Kjempeutval i DUKAR til ca HALV PRIS, her finn du det meste. Maritime ting, sydvestar, hattar, bømlahuer m.m. Den fantastiske Evanger korv og fårepølse utan mjølk og tilsetn. stoff. Heimelaga lefser. Mykje fint i hagefigurar m.m. Ope: mån.-ons.-tors.: 10.30-17.00 Fre.: 10.30-17.30 Laur.: 10.30-15.00 NB! Tysdagar stengt, men i heile juli ope tysdagar 19.00-22.00 TLF. 53 48 63 46 - MOB. 480 21 629

Prøv den fantastiske TINOVA VX held i opptil 12 år! Hindrar groing, 10 liter, alle fargar

1398,Byggeriet Uskedal Trelastlager tlf. 53 48 61 01 • Fax: 53 48 61 04 • Mail: uasuske@online.no

598,-


16 KVINNHERAD-FERIE

FULL RULLE I STRAN HEKTA: Kameratane Anders Bennæs (t.v.) og Henrik Bauge i farta forbi badestranda i Røynholm, Neslia. (Foto: Jonn Karl Sætre).

– DETTE ER BÅDE GOD TRENING OG VELDIG ARTIG PÅ EIN GONG!

Åsmund Hellesøy frå Rosendal snakkar om «skikes», eit nytt produkt i Norge takka vere Åsmund sjølv. Dei minner om rulleskøyter, men har breiare og større hjul og betre bremser som gjer dei tryggare og meir stabile. – Dei blir kalla både «offroad-rulleskøyter» og «offroad-ski», og namnet skike er ei forkorting for skatebike. Oppfinnaren frå Austerrike hadde to problem; for bratte bakkar og for humpete vegar. Det vart motivasjonen for å utvikla skikes, fortel Åsmund entusiastisk. Sjølv oppdaga han skikes etter å ha

vore til legen sin, Birgit Zimmermann. Han hadde vondt i knea etter for mykje jogging, men ønskte å halda fram med å vera aktiv utandørs. – Då Birgit fortalde om skikes fanst dei ikkje i Norge. Eg ringde til produsenten og fekk lov til å importera dei. No er Åsmund einaste importør i Norge, og det er selt rundt 1.500 par i landet. Sjølv om Åsmund importerer skikes forklarar han at det berre er ein hobby. Til vanleg jobbar han på Hellesøy verft. – Skikes kan brukast av alle

nærmast året rundt, og det er ei veldig artig treningsform. Ifølgje Åsmund er dette noko heile familien kan vera med på, og skikes kan brukast nærmast heile året rundt. Nabogutane Anders Bennæs (14) og Henrik Bauge (14) har skaffa seg skikes: – Det er veldig artig. Dei er stabile og gir deg kontroll, derfor er det ekstra gøy å køyra fort, smiler dei to gutane før dei kappkøyrer ned bakken i Neslia byggjefelt. Mona Grønningen mona@kvinnheringen.no


KVINNHERAD-FERIE 17

Halsnøy Halsnøy er ei langstrekt øy sør i Kvinnherad. Øya er 38 kvadratkilometer. Midt på er øya mest av, og den smale halsen der kan vera opphavet til namnet. På Halsnøy er det svært godt jordbruksland. Det ligg på raet etter istida. Isen skauv føre seg sand og grus. Då isen drog seg tilbake, vart denne store sandryggen liggjande att. Gjennom tusenåra har naturen lagt jord på grusen, og med hjelp av menneske som rydda stein og tre, vart kulturlandskapet skapt.

Husnes Husnes er nyaste bygdesenteret i Kvinnherad. Der har vore meir og mindre samanhengande bygging i over 40 år. Husnes har det meste av butikkar, der er kulturhus, eit godt bibliotek, hotell, campingplass og park ved Opsangervatnet. Like ved sentrum er båthamna, som er kåra til den beste i landet. I nabolaget er golfbane med ni hol, og Søralparken, med bane for volleyball, tennis og anna moro.

Tolv kyrkjer

DKANTEN

IMPORTØR: Åsmund Hellesøy meiner fleire burde prøva denne artige treningsforma, og viser fram ein såkalla «skike» – offroadrulleskøyte. (Foto: Mona Grønningen).

ELDST: Ænes kyrkj frå om lag 1190 og er den eldste kyrkja i Kvinnherad.

I Kvinnherad finst det 12 kyrkjer i bruk. Ænes kyrkje frå om lag 1190 er eldst. Valen kyrkje frå 1978 er den yngste. Kyrkjene på Ænes og i Rosendal (ca. 1250) er steinkyrkjer frå middelalderen. Baroniet i Rosendal, som vart oppretta i 1678, var eigar av kyrkja i Rosendal heilt fram til 1910. Den første baronen, Ludvig Rosenkranz, hans familie og seinare baronar og stamhuseigarar, ligg balsamerte i gravkapellet. Dei andre kyrkjene i Kvinnherad er langskipskyrkjer bygde av tømmer. Kyrkja på Varaldsøy er den største, ho har plass til 330 tilhøyrarar. Ho er bygd i 1885. Folk i Kvinnherad er glade i kyrkjene sine. Dei er viktige møteplassar ved dei store hendingane i livet.


18 KVINNHERAD-FERIE

Kulturbygda

Rosendal -ei bygd med nasjo Vi har klede til alle anledningar, aldrar og fasongar, str. 34-50! Vi har også strikkegarn!

Rosendal

•Sport •Fiskeutstyr •Fritidssko/klede

53 48 19 88

ROSENDAL Tlf. 53 48 11 05

’’Du har ikkje sett Rosendal før du har sett alt’’ Det gamle Snikkeriet har fått møblane og sjela si tilbake. Kom innom til eit godt måltid i heimekoseleg atmosfære. Kjøkkenet vårt serverer tradisjonsmat, smårettar, lunsj og kaker. Alle rettighetar i bar. Gruppetilbud. PS. Musikk kvar fredag i sommar. Kontakt Eli på tlf.53 48 14 00/ 414 06 991. eller gå inn på www.snikkeriet.no

– Einaste lågprisbutikken mellom Husnes og Odda –

OPE: 7–23 (8–21)

Rosendal

Tlf. 53 48 42 20


KVINNHERAD-FERIE 19

G

I

G

G

Galleri G Guddal – ved büthamna i Rosendal Ope: G A L L E R mün.–fre. 10–16.30 (17 i juli) torsdag 10–18 laurdag 10–15 U D D A søndag 12–16 (juli) G

L

Rosendal tlf. 53 48 19 55 - www.galleriguddal.no

Skaaluren skipsbyggjarsamling 20/6–14/8: Ope kvar dag kl 12–16 Frü 22/8–11/9: Ope i helgane Elles ope etter avtale, tlf. 53 48 32 31.

nalskattar $UXSabS^ZOaaO`“RWSaSZ“PS\aW\“P`SWPO\R“eee`]aS\ROZVO[\\]

Kvalitet til lüge prisar Norges fyrste fotballgolfbane. Kom og prøv! Rosendal– Tlf. 53 48 12 80

Mob. 905 48 000 / 959 67 797

Sommar i HAGESENTERET! Stort utval i sommarplanter, buskar, tre, jord, bark, hageredskap m.m MĂĽn.-ons. 10-16.30 Tors.-fre. 10-18

Laurd. 10-15 Sund. Stengt

Rosendal, tlf. 53 48 21 20

Velkomen til opning av Folgefonna nasjonalparksent Opplev Folgefonna nasjonalpark

Tid for bĂĽtpuss, sol & sommar,

DET ER UTETID! Vi har det meste av utstyr til:

•Büt & fiske •Hus, heim & fritid •Müling

Opplev Folgefonna Nasjonalpark med den sørlegaste isbreen i Noreg. I Nasjonalparksenteret i Rosendal ser du utstilling, film og nytt biletspel som viser deg det unike landskapet frü fjord til fonn, gir deg innblikk i den geologiske historia og i plante- og dyrelivet pü Folgefonnhalvøya og inspirerer deg til turar og friluftsliv. efonnhalv uftsliv.

Turistinformasjon, tlf. 53 48 42 80 pĂĽ SkĂĽlakaien i Rosendal

d j f d Frü fjor til fonn Ope alle dagar kl. 10 – 18 (13. mai – 18. sept.). Turistinformasjon tlf. 53 48 42 80 kl. 8 – 22 alle dagar.

5470 ROSENDAL – TLF. 53 48 10 94

Kvinnherad Turistkontor Ope: 28. mai–31. aug 10–19 1.–13. sept. 10–15

FrĂĽ fjord til fonn

Ope alle dagar kl. 10 - 18 (13. mai - 18. sept). Turistinformasjon tlf. 53 48 42 80 kl. 8 - 22 alle dagar pĂĽ SkĂĽlakaien i Rosendal.


PÅ EIN BAKKE UNDER NIPEN OG HUSAFJELL PÅ BONDHUS I MAURANGER LIGG EIN GJESTFRI IDYLL; OLALØO

PÅ ALLERTEN: Olaløo har gjennomgått eit generasjonsskifte. Frå denne sesongen styrer Inger Lise Bondhus ståket.

Bind saman menneske – Skal det vera noko å bita i til kaffien? Slik møter den nye verten i Olaløo oss, i det ho byr fram heimelaga mjølkekaker, nordlandslefser og nytrekt kaffi. Inger Lise Bondhus (40) har frå denne sesongen overteke drifta etter foreldra sine, Kjersti og Bård. Men kakene og den gjestfrie og avslappa atmosfæren er som før. – Brukar du mor si oppskrift? – Det er nok mamma som har bakt denne gongen også, røper Inger Lise. Det gamle vertskapet er nemleg framleis med i kulissane. Som gode hjelparar. – Dei legg seg ikkje oppi det eg gjer og vil heller ikkje gå i vegen for meg, men dei hjelper til med det eine og andre og kjem med gode råd.

Fasjonabel praksis Inger Lise er utdanna servitør med allsidig praksis. Læretida gjekk ho på gourmetrestauranten To kokker i Bergen. Etterpå bar det strake vegen til det fasjonable golfhotellet i St. Andrews i Skottland. – Tida i St. Andrews var fantastisk og lærerik, med mange prominente gjester i eit internasjonalt miljø, seier Inger Lise om opphaldet blant velståande i «golfens mekka». Seinare har ho hatt fleire spennande jobbar før ho flytta heim til Kvinnherad i 2006, då frå jobben som servitør på Bryggeloftet i Bergen. – Kva fekk deg til å flytta

tilbake til Bondhus og Olaløo? – Dette er heime, eg er både glad i og knytt til plassen, seier Inger Lise som er eldst i ein søskenflokk på tre. Broren har overteke garden og eig også Olaløo, medan Inger Lise leiger og har det fulle ansvaret for drifta av serveringsstaden. – Foreldra mine har ikkje på nokon måte pressa meg til å gjera det, viss det var det du tenkte på. Dette har eg gjort fordi eg har lyst å vidareføra drifta som foreldra mine har bygd opp, dessutan har eg høveleg utdanning og bakgrunn for å gjera det, seier Inger Lise. Ho verkar positiv, roleg og sikker på valet.

– Har du tru på Ølaløo som leveveg? – Det er absolutt marknad for eit slikt tilbod. Korleis det går, gjenstår å sjå, smiler Inger Lise som er fullstendig parat til å ta fatt på den første sommarsesongen sin. – Spennande og moro vil det bli. Eg både gledar og gruar meg. Trude Aarsand trude@kvinnheringen.no

Sommarkafé Staden er som laga for private selskap av alle slag. Olaløo gir ei verdig ramme rundt merkedagar. Og maten er god, ifølgje verten. – Berre sausane til tante Gislaug er verd turen, meiner Inger Lise. I tillegg til tante, som er sjefskokken på staden, kokkelerer også verten sjølv og mor Kjersti. Frå tidleg i juni lokkar ho med søndagsmiddag, og i skuleferien trør ho til med open sommarkafé, alle dagar unnateke måndagar. – Planlegginga er litt krevjande, då vi aldri veit kor mange som kjem. Men eg satsar på å få det til, seier den smilande verten. Ho lovar også fleire temakveldar, pubkveldar og anna gjennom året.

DETTE ER OLALØO • Serveringsstad med heilårsdrift i særmerkt tun i Mauranger • Open kafé frå 27. juni til 8. august • Selskapslokale for inntil 130 personar i to rom i låven frå 1821 • Eige grillhus med fyringsved som vegger • Arrangerer kurs/møte for 60–70 personar • Alle skjenkerettar • Tek vare på lokale mattradisjonar • Ideelt utgangspunkt for turar i den idylliske Bondhusdalen


KVINNHERAD-FERIE 21

Hellebergshillaren – Ei bortgøymt perle IDYLL: Sommarminne frå Bondhusvatnet. (Foto: Hallvard Hovland)

Hellebergshillaren i Ølve er ein sjeldan skatt for bygdefolk og tilreisande. Langt inne i skogen mellom Hatlestrand og Ølve finn du Hellebergshillaren, ei hundre meter lang og 15 meter djup hole i fjellet. I gamle dagar vart hillaren brukt til utvinning av kleberstein til byggjevyrke og verktøy i periodar frå Kristi fødsel og fram til 1700-talet. I 1995 fann ein gjeng ut at hillaren burde nyttast til noko som kom bygdefolk og tilreisande til gode, og oppdaga at den var perfekt til konsertar. Ei konsertnemnd vart oppretta under bygdelaga, og sidan har det vorte arrangert midnattskonsert rundt Olsok. Dagens konsertnemnd overtok i 2007, og i dag er nemnda registrert under Brønnøysund som ein eigen ideell organisasjon. I år er det artist Odd Nordstoga som vitjar Hellebergshillaren 22. juli, og konserten vart utseld på rekordtid. No er det sett opp ekstrakonsert, med berre få billettar att. Tidlegare har artistar som Olav Stedje, Jan Eggum, Halvdan Sivertsen og Kurt Nilsen vitja plassen, for å nemna nokon. Konsertane er hundre prosent akustiske, og hillaren har naturleg amfi med plass til 260 publikummarar. Konsertnemnda, beståande av Steinar Bjørkelund, Hildegunn Nævdal Bjørkelund, Jan Magnus Aasen, Ingvild Tholo Aasen og Solveig Lysen jobbar saman med mange frivillige på dugnad med vedlikehald, rydding av stiar, tilrettelegging av hillaren, arrangering av konsertar og mykje meir. Hellebergshillaren byr på ei unik konsertoppleving, med hundrevis av tente lys, god akustikk og ei trolsk stemning. – Dette er den syttande konserten og det sekstande året det har blitt arrangert her. Vi gler oss til å få Odd Nordstoga til Hellebergshillaren, og trur det blir ei flott konsertoppleving. Vi prøver å halda oss til norske artistar med eit norsk preg, fortel leiar i konsertnemnda Steinar Bjørkelund. Mona Grønningen mona@kvinnheringen.no

TROLSK: Hellebergshillaren går djupt inn i berget, og har ei trolsk stemning over seg som gir ei unik konsertoppleving. Til høgre ser du Halvdan Sivertsen som heldt konsert der i 2006. (Foto: Rita M. Meyer.)


KONSENTRASJON: Målbevisste jenter vil læra seg kunsten å golfa. F.v. Frøya Aksnes Haugland (8), Anniken Hatlestad Røssland (8) og Irmelinn Pettersen. (Foto: Jonn Karl Sætre)


VISSTE DU AT 65% AV JENTENE VEGRAR SEG MOT Å DRIVA MED KONTAKTIDRETT, SOM HANDBALL OG FOTBALL?

Golf

– perfekt for jenter

Det er dagleg leiar i Kvinnherad Golfklubb Håkan Bjørk som spør. Og han svarer sjølv: – For desse jentene er golf heilt perfekt. Golf er ein individuell sport der ein held avstand til andre spelarar, samtidig som fellesskapet vert ivareteke. Det går endåtil fint an å driva sporten med neglelakk og fikse klede. – Har de mange kvinnelege medlemer? – Altfor få, vedgår han. – Men det håpar vi rettar seg opp etter kvart.

Born på banen Klubben har om lag 240 medlemer og stadig kjem nye til. – Det er eit mål å få med fleire unge, fortel Bjørk. For å greia det tilbyr klubben trening med instruktørar kvar tysdag for jenter og gutar frå åtte år og oppover. – Vi startar på øvingsområdet (driving range), men så snart dei er flinke nok, får borna prøva seg på banen. Utstyr har vi til utlåns og kursa er gratis, lokkar han. – Golf er ein fantastisk sport som held deg i form. Og i motsetnad til lagidrett, som fotball og handball, kan du halda på med det livet ut, seier den

ivrige golfleiaren. Så lenge som helst kan han snakka om denne sporten som ligg hjarta hans så nær.

– Verdas vakraste hol Frå utslagsplassen til hol nummer ni opnar det seg eit fagert utsyn over Hardangerfjorden og Sunnhordland. Håkan Bjørk slår ikkje av ein tomme på at dette må vera det vakraste holet i verda. At ballane herfrå har lett for å hamna i «ruffen» på veg mot næraste «green», gjer berre spelet på den kuperte og varierte 9-holsbanen meir interessant. Alle dagar vêret og føret tillet det, boltrar medlemene og gjester frå andre klubbar seg i den irrgrøne oasen i Søralparken på Husnes. Håkan Bjørk forsikrar om at golfsporten verken er vanskeleg eller dyr. – Det skal ikkje mange kurstimar til før dei fleste er gode nok til å prøva seg på banen. Ikkje er det dyrt heller. Hos oss tilbyr vi gratis prøvetid og låge medlemsprisar. – At golf er for snobbar er ein myte som har overlevd seg sjølv for lenge sidan. Golf er ein folkesport! Trude Aarsand trude@kvinnheringen.no

SENTRALT: Golfbanen på Husnes ligg sentralt mellom sentrum og Husnes Båthamn. (Foto: Jonn Karl Sætre)

Kvinnherad Golfklubb • Klubblokale i den ombygde Risnesløa på Husnes • Disponerer 9-holsbanen Undarheim golfbane i Søralparken • For variasjonen sin del er banen om kort tid utstyrt med to sett utslagsplassar til kvart hol • Strake vegen gjennom to rundar tel 4.808 meter • Banen er utfordrande med mange hindringar, både naturlege og konstruerte


24 KVINNHERAD-FERIE

Hest er best!

HOPP: Silje Lagård Eide (9) hoppar med hesten Demi på ridebanen på Tofte.

MEDLEMENE I HESTEHOVEN RIDEOG KØYREKLUBB ER IKKJE I TVIL; HEST ER BEST!

Hestemiljøet blomstrar på Halsnøy, og fleire og fleire synest det å driva med hest er ein kjekk hobby. På øya finst det no om lag førti hestar, og Hestehoven ride- og køyreklubb har godt over femti medlemer. Etter nokre år med stillstand vart klubben starta opp att i 2007. – Vi var nokre damer som kjøpte oss hestar og byrja å ri, og fann ut at klubben måtte startast opp att. Det er litt arbeid med hestar, men eg ser på det som ein kjekk hobby. Eg er heldig som kan dyrka denne hobbyen saman med ungane mine, som også er interesserte i hestar, seier Gro Hvidevoll i styret i klubben. Klubben leiger ridebanen på Tofte hos Halsnøy Trelast, og arrangerer mange aktivitetar i løpet av året. No har klubben også kjøpt ny vogn til hestekøyring. – Vi har både ridetimar, køyrekurs, hestehandteringskurs, juleball med hestar og eigarar, kosekveldar og sommaravslutningar. Vi ønskjer oss gjerne fleire medlemer, og stalljenter har vi alltid behov for. Gjennom klubben kan medlemene også få hospitera i ulike stallar. Gro har to jenter hos seg ein og ein halv time annakvar veke, som lærer alt frå stell og arbeid i stallen, til riding og kjennskap med hestane. – Kva er det som er så kjekt med hestar? – Dei er flotte og intelligente dyr, og

du knyter eit heilt spesielt band med dei. Eg synest det er fascinerande å kommunisera med eit dyr på 500 kilo og få det til å lystra dei minste vink! Å ri i skog og mark er terapi for både kropp og sjel, og du er ute i all slags vêr. Eg ser på det som viktig å samfunnet vårt i dag, at born og unge får ta del i det flotte med å driva med hest! Mona Grønningen mona@kvinnheringen.no

KOS: Amanda Hvidevoll (13) kosar med hesten Erna.


PÅ TUR: Frå venstre: Silje I. Eide (14) og Silje L. Eide (9) på ridetur med Kosmos og Demi.


Melderskin i Rosendal er høgste fjellet i Kvinnherad, og eit flott turmål. (Foto: Hanne Næss Olsen).

På tur i Kvinnherad Å finna fram i fjellet i Kvinnherad er ikkje særleg vanskeleg. Eit nytt turstiprosjekt, som Kvinnherad Turistinformasjon og Kvinnherad Turlag står bak, har gjort det lettare å ta seg fram til dei mange turmåla i kommunen. Nye informasjonsskilt vart sette ut i fjor og ein kan velja mellom 72 turløyper. Løypene er merkte etter den nasjonale standarden, og her er det noko for ein kvar å velja i. I tillegg til informasjonsskilta i terrenget er turane detaljert omtalte på turistkontoret sine nettsider (www.visitsunnhordland.no). Her får du ein smakebit på perlene som skjuler seg i skog og fjell. Meininga er at den skal gi meirsmak.

Blånuten, Hatlestrand Denne løypa, som ligg om lag fire km frå Gjermundshamn mot Ølve, er middels vanskeleg. Det betyr at det er ei moderat krevjande løype som nok passar for dei fleste. Turen tek om lag to timar utan pause og har ei stigning frå 50 til 321 meter over havet. Likevel kjem ein høgt nok opp til at ein kan nyta utsikten til kvinnheradsfjella, Bjørnefjorden, Os, Stord og Folgefonna.

Bondhusdalen, Mauranger Det er fleire løyper å velja mellom når ein kjem til Bondhusdalen. Løypa inn

til Bondhusvatnet, er gradert som enkel og tek vel to timar tur-retur. I Bondhusdalen kan ein gå, sykla eller ta rullestolen med seg på grusveg frå parkeringsplassen og opp til Bondhusvatnet. Vel ein å gå vidare rundt vatnet og inn mot Bondhusbreen er den turen rekna som middels vanskeleg og tek om lag fire timar.

Borgundnuten, Borgundøy Dette er ei krevjande løype som passar best for erfarne turgåarar i relativt god fysisk form. Turen tek om lag fire timar dersom ein ønskjer å gå heilt til Krekjehaugen, der ein kan finna gravhaugar frå folkevandringstida i Sunnhordland. Start og sluttpunkt på løypa er ved ferjekaien på Borgundøy.

Englafjell, Uskedalen Ønskjer ein ei tøff løype å bryna seg på, kan ein ta turen til Englafjell med startpunkt Eik eller Fet i Uskedalen. Løypene tar om lag sju timar tur-retur pluss pausar. Løypene mot Englafjell er graderte som ekspertløyper med fargekode svart. Toppen ligg 1200 meter over havet.

Tursti til Aterstad og Tverrfjell, Omvikdalen To gode alternative utmarksvegar frå P-plassen fram til Aterstad. Den Tmerkte stien vidare til Tverrfjell startar ved skilt for steingang over utløpsosen i nordre enden av Aterstadvatnet. Ater-

stad er ein vakker plass, ta gjerne ein tur innover langs austsida av Aterstadvatna mot botnen av dalen. Flott utsikt over Omvikdalen frå toppen av Tverrfjell.

Melderskin, Rosendal Denne turen er av dei mest populære fotturane i kommunen, men passar ikkje for alle. Løypa er rangert som «ekspert» og tek om lag sju timar turretur utan pausar. Melderskin er den høgaste toppen i kommunen. Med sine 1426 meter over havet vert den kalla «Dronninga blant hordalandsfjella».

Handelandsdalen Start- og sluttpunkt er ved Handeland gard, som ligg ved hovudvegen mellom Valen og Sandvoll. Denne turen kan ein gjera både med barnevogn og rullestol og tek om lag ein time turretur. Ein følgjer elva og ved Feto kan ein slå seg ned i grillhuset.

Svelgabreen, Blådalen Denne løypa er merkt som krevjande og er såleis best eigna for erfarne turgåarar i relativt god fysisk form. Ein køyrer opp frå Omvikdalen eller frå Matre til Blådalen. Her følgjer ein vegen nærast til ende, men det er fast dekke heile vegen. Stien går opp frå Pplassen og innover langs Blåelva. Ein kan velja om ein vil ta fatt på sjølve breen eller om ein vil halda seg til vandring i berga langs breen og elva.

Dersom ein skal inn på breen, er det naudsynt med god erfaring og godt utstyr.

Trollåsen, Halsnøy Startpunkt på denne løypa er ved ferjekaien på Sydnes. Dette er ein middels fottur som tek om lag fire timar tur-retur, utan pausar. Området byr på mange vakre kulturminne, særleg dersom ein tek rundturen rundt Skarvaberget, Narravik, Hatlevik og Bekkjavik.

Varden, Varaldsøy Ei middels krevjande løype som tek om lag tre timar tur-retur. Start- og sluttpunkt er Øvsthus Fjellgardane, om lag 4,5 km frå ferjekaien på Varaldsøy. I byrjinga av turen går ein oppover langs ein skogsveg, deretter går stien vidare i furuskog før ein igjen kjem ut i opnare terreng.

Svartavatnet, Herøysund-Husnes Startpunktet før denne fotturen er ved grendahuset i Bringedalsbygda. Derifrå går ein oppover mot Svartavatnet. Frå Svartavatnet byrjar ein turen nedover mot Bremstølen, gjennom skogen i Onarheimslia og ned mot riksvegen på Husnes, som er sluttpunkt for ruta. Turen er merkt som krevjande og tek om lag seks timar.


KVINNHERAD-FERIE 27

Ut på tur?

Norges beste gjestehamn!

Vi hjelper deg gjerne med ferieplanlegging, billettbestilling, råd og vink.

Her likar alle seg, dei fleste vil bli. Små og store kosar seg ilag, aktivitetar i mangfald kvar einaste dag!

Ta kontakt med oss i dag! Avd. Husnes, Aksen: 53 65 04 70 husreis@travelnet.no Hovudkontor Odda: 53 65 04 50 odda@travelnet.no Avd. Norheimsund: 53 65 04 60 norheimsund@travelnet.no

•Straum •Vatn •Dusj/wc •Vaskemaskin/tørketrommel •Diesel •Gratis internett •Gratis sykkelutlån •Tennis/Fotball/volleyball •Strand •Golfbane •Grillhus •Heis for bevegelseshemma på kai •Slipp •Mange fine turløyper m.m Gratis buss til sentrum 21. juni –14.aug. i skuleferien. Gratis aviser og rundstykke kvar morgon veke 26–33.

Velkommen til oss!

Velkomne til Helgatun! Helgatuntreff med busstur til Bulandet og Verlandet 5.-10. aug. Astrid og Lars Reinlund vert med.

• Halsnøy: • Husnes: • Rosendal:

917 83 000 917 82 000 917 81 000

Sumarturar 2011

M/S ‹Granvin›

Sunnhordlandstreff med buss t/r. Frå Indre strok, 15.-19. august. Buss gjennom Kvinnherad, Etne, Odda, Utne. Jens Tveit vert med som talar. Frå ytre strok 29. aug.-2. sept. Buss frå Bømlo, via Stord med Svein Bjarne Aase som sjåfør og talar.

• «Kystcruise - ut mot havet» onsdagar 22. & 29. juni, 13. juli, 3. & 17. aug.: Frå Strandkaien, Bergen, kl 09.00, om Bekkjarvik kl 12.00, Brandasund kl 14.45, Kuleseidkanalen kl 17.30 til Leirvik kl 19.00. Flaggruta tilBergen 19.20.

ta kontakt på tlf. 56

51 98 98.

Uforglemmelige opplevelser på Baroniet Rosendal, i Folgefonna nasjonalpark og videre innover i Hardangerfjorden.

• «Espeværturane» torsdagar: 30. juni. 14. juli, 4. august: Frå Leirivk kl 10.00, Moster 10.45, Espevær 13.15. Frå Espevær kl 15.30, Moster 17.20, til Leirvik 18.15. Billettar v/ombordstigning eller førehandssal hjå Snøggbåtterminalen på Leirivik. Brosjyre hos Snøggbåtterminalen eller på www.fjordbaaten.no

Sommerrute fra 1/5-30/9. Billetter kan kjøpes om bord og hos Turistinformasjonen i Bergen.

D/S Stord I til Rosendal fredag 8. juli VELKOMEN OM BORD: 17.00–20.00 21.00 Ope kveldsarr.

Arrangør: Stiftelsen D/S Stord I. www.fjordabaaten.no

Helgatun kan gi fleire opplysningar,

Daglige avganger Bergen-Rosendal hele året, se www.rodne.no

Frå Leirvik 07.45, Rubbestadneset 09.10, Fitjar 10.15, Bekkjarvik 11.30 om stoppestadar i Austevoll til Bergen 15.45.

v. 25,-/ b. 10,-/ fam. kr. 50.-

Kvinneweekend 07.-09. oktober. Bibeltimar, kveldssamvær, dagsturar med meir. Godt fellesskap og gode måltid.

HARDANGERFJORDEKSPRESSEN BERGEN - ROSENDAL

• «Bremnesruta» måndagar 27. juni, 4. & 18. juli, 8. & 22. aug.:

Ope skip for omvising,

Weekend for deg mellom 45 og 66 år. 2.-4. september. Her vert Brit Margon og Arnfinn Norheim og Kormiks frå Åsane med.

Den lokale kvartetten «Maco» spelar opp til underhaldning. Servering av fjordabåtsupa (betasupa), flatbrød, øl og vin på 3 dekk alt etter vêrtilhøve. Billett kr 50,-, aldersgrense 18 år.

Nyhet i 2011 Kveldsavgang fra Bergen kl. 20:30 hver fredag. Les mer på www.rodne.no

mail@rodne.no www.rodne.no


28 KVINNHERAD-FERIE

Rekebord og familiefest fredag 15. juli frå kl 18.00 v/Halsnøy Senter.

Gåvebutikken -

midt i sentrum

• GÅVER - mykje spennande og stort utval • LEIKER - inne- og uteleiker, BADEleiker

DANS I TELTET

fredag 15. og laurdag 16. juli. Billettar på Spar og Halsnøy Trelast.

Sæbøvik Gåver & Leiker Tlf. 53 47 62 07

Den heilt unike landsbybaksten får du kun hos Peder Bakar A/S

SÆBØVIK BÅTLAG

-Landsbybakaren. Velkomen innom! Sentrum – 5454 Sæbøvik Tlf. 53 47 61 26 •Fax: 53 47 12 80

NÅR DU ER PÅ SÆBØVIK, LIGG BÅTEN DIN TRYGT I BÅTHAMNA PÅ SÆBØVIK!

Du finn oss i sentrum!

Velkommen til Høylandsbygd

Mån.–laur. 9–22 Søn. 12–22

• Butikk m/medisinutsalg • Tipping • Kaffikrok + Internettkafe • Turistbutikk • Drivstoff m/kortaut. for bil/ båt • Vaskehall

s Kvinnehhearmabdurger! t bes

K

OLØ S BENSIN GATEKJØKKEN - JERNVARER - FISKEUTSTYR

tlf. 53 47 64 82

Tlf. 53 47 99 10

Båthamn: Dusj - Toalett - Vaskerom - Straum - Ferskvatn - Sjøsettingsrampe - Bunkring - 10 gjesteplassar. Kontaktp.: Jan Olav Tjelle 900 50 011 Turmål: RADIOHOLA. Merka løype til Svartaberg og Jamburfjell.

VELKOMMEN TIL BUTIKKEN VÅR I LANDAMARKA! • Alt i byggjevarer • Jernvarer • Maling • Hagemøblar • Hageredskap m.m.

ØYBYGG

A S

NYBYGG •TILBYGG •REPARASJONAR

SÆBØVIK, TLF. 53 48 00 00

Få huset ditt 3D teikna! Tlf. 53 47 30 10 www.halsnoy-trelast.no


KVINNHERAD-FERIE 29

DAME-, BARN- & UNGDOMSKLE NY! Cheap Monday Dame/Herre/Ungdom NY! Fransa Dame/Barn

Sommarøyo

Velkommen!

Tina Woodstrup Mexx Dame/Barn Culture Nova Star MeMini Claire klede Noa Noa MASSE FINT TIL BARN OG VAKSNE Janus Ull NY! Molo Kom oppom for ein Outfitters koselig handel! Interiør/ Leiker for barn: Heico Sebra

Halsnøy

SOMMAR

-ei perla i Kvinnherad

!

LITLE BLÅ, HALSNØY SENTER, SÆBØVIK, TLF: 97 06 03 57 Ope: Mån. - Tors. kl. 10-16.30. Fred. kl. 10-18. Laur. kl. 10-15.

SUPERMARKED! • POST I BUTIKK • TIPPING • RIKSTOTO • APOTEK

Sæbøvik Mat OPE: 8-20(18) Tlf. 53 47 61 02

Ein liten snål butikk!

GARN SOMMARSAL PÅ SKO

DUKAR OG PUTER

50-70% 1/2 PRIS

–Me treng vel ikkje sei så mykje meir:

Sæbøvik – Tlf. 53 47 81 60

Ope i heile sommar! Måndag–fredag 10–15 Kafè • Catering • Selskapslokale • Frivilligsentral

Landsbyen – Sæbøvik

Beskytt håret mot sommarsola!

Adr: Halsnøytunet Tlf: 53 46 15 24 og 53 46 15 58

Tlf. 53 47 63 07

Sommar på Klostert Ope 22. juni – 7. august onsdag til søndag 11–16.30 Sommarguidar og café

Merethe & Camilla

Tlf. 53 47 30 00 •Maria Nila •SP professional •id Hair •J Beverly Hills. Du finn oss i Halsnøy Senter 2. etg.

«Sommarutstilling»

Frisørsalongen midt i sentrum

Rigmor Nygaard Biletkunst

i landsbyen Sæbøvik E NY SERI

Tlf. 53 47 65 80

HALSNØY KLOSTER


Grillmiks de luxe

GRILLING HØYRER SOMMAREN TIL – UANSETT VÊR OG VIND Så sant ein kan plassera grillen under eit tak, kan ein grilla i all slags vêr. Kvinnheringen oppmoda kokkeelevane Andreas Toresen og Belinda Bjørge Jegteberg ved KVV til å laga ein trerettars grillmeny til inspirasjon for lesarane. Utfordringa vart den første ved grillen for elevane, men ungdomane tok det på strak arm. – Lærerikt og moro, seier Andreas, som for eksempel lærte at grønsaker

ikkje skal liggja for lenge i folie på grillen. – Ei god øving med godt resultat. Måltidet er bra komponert, smiler Belinda. For eiga rekning legg vi til følgjande; prøv det, det smakar nydeleg! Mona Grønningen og Trude Årsand mona@kvinnheringen.no • trude@kvinnheringen.no


Enkel sommarmat Her er nokre tips til enkle sommarsalatar på det vi håpar skal bli vakre sommardagar. Oppskrifter: Beate Hannisdal.

Meny

Forrett Minigril ls gulrot, a pyd med kylling nanas, p filet, sop tomat m ed ost og aprika og eple. F p, ylt krydders mør. Hovudre Mariner tt t grønsaks flatbiff av lam, s kolbe. pose, salat, fetao ervert med st og ma isDessert Grilla ba nan med sjokolad e og jord Slik laga bær. r 100 g sm du kryddersm ø ø r r, : 1 fedd kvit chili, 1 s lau s Rør smø persille, salt og k, 1/2 raud ret mjuk pepar. t. andre. B land ing Reins og finnha Krydder rediensa kk det s n tomaten, møret vart bruk e. t kolbane i grønsaksposen både i den fylte mot slutt en av gr og på maisillinga. Kjøttma r 3 dl olje inaden: , brunt su 1 dl ketchup, 1 ss sitron kker, salt s Bland in , grediens pepar, grillkryd aft, 1 ss kjøtet i o ane og r der. lomrom. g vend om med jaør godt. Legg mne melInnhald Gulrøter, i grønsaksposen babymais paprika, sukker : e krydders , skiver av rå po rter, purrelauk, m tet, 1 ts ø r. T ips grønsake ne for le frå Andreas: Ikk nge! je grill Grilla ba n a n a r: Del bana delane p nane i to på tver å Legg i to langs. Skalet s s og snitt halvk annan g ruter mjølkesjok al vera på. od sjoko lade, pak olade eller til sjokola k i folie d e n er friske jo rdbær fø smelta. Dander og grill med r serverin God app etitt! g.

Nypotetsalat: 1 kg nypotet 2 ss dijon-sennep 3 ss majones Litt fersk sitronsaft Salt og pepar Ramslauk (Har du ikkje det, bruk nokre fedd kvitlauk) Kok potetene møre i godt salta vatn. Bland saman ingerediensane og smak til med dijonmajonesen. Fennikelsalat: 3 fenniel 1 lauk Salt og pepar Sitron Olivenolje Graslauk Kutt lauk og fennikel veldig tynt. Ha på salt, pepar og sitronsaft. La det trekkja ei stund. Bland i graslauk og sitronsaft. Aspargessalat: 1 bunt grøn asparges Hardkokte egg Finhakka sjalottlauk Kok aspargesen i tre minuttar, og skyll i kaldt vatn. Dryss over egg og sjalottlauk. Server kald eller varm.


32 KVINNHERAD-FERIE

ELEKTRISK SOMMAR 15.6’’ 2.7’’

4X OPTISK ZOOM

12.1 MEGA PIKSEL

NIKON KOM-

2

GB

HDD

320 GB

PAKTKAMERA S2500 Med dette pålitlege

899,Nyhet

2.499,-

2.499,-

Nyhet

NINTENDO SPELKONSOLL 3DSI Nyt spel i 3D, Nintendo 3DS lar deg nyte spel i ekte 3D utan bruk av spesialbriller. På 3D-skjermen virkar det som om karakterane i spelet vil sprette ut av skjermen framfor augene dine, og du kan klart sjå djupna i biletet. 3D-skjermen introduserer deg for ei heilt ny spel-verd som du aldri har opplevd tidlegare.

COMPAQ BÆRBAR PC HPCQ56202 AMD Sempron v160 prosessor med ATI Radeon HD4250 grafikk. TV2 SUMO GULL INKLUDERT I 2 MND!

100 LITER

A

R RA R A N NA EN REN R B 3 IDEB S +

100 LITER

999,-

1.999,-

POINT TERRASSEVARMAR IHD1300W

POINT FRYSEBOKS FB101A Plasseringsvennleg fryseboks med 100 liter volum. 84 cm høg.

Infraraud terrasevarmar på 1300 watt som gir god varme sjølv med mykje trekk og vind. Enkel å montere rett på vegg. IP54.

2.499,FUTUR GASSGRIL TRIO ALPES 3 brennarar i stål og praktisk sidebrennar. Stort skap under grillen for oppbevaring av tilbehør. Grillrist og grillplate i støypejern. 4 hjul. 13,7kW effekt.

BILL EG GA SSG RILL

999,FUTUR GASSGRILL DUO BASIC Praktisk grill med 2 brennarar i stål. Samla effekt 7,6 KW.

2X7’’ SK JERMAR

5’’ TOUCH SKJERM

TMC

BLUETOOTH

EUR OPA KA RT

FJERN-

KONTROLL

USB

7’’

Inkl. livstids kartoppdatering Verdi kr 999,-

2.199,-

1.199,-

499,-

GARMIN NÜVI BILNAVIGASJON 1490TLMU

DMTECH BÆRBAR DVD-SPELAR PDV8912

DMTECH iPOD DOCKING IP212

Liten og praktisk GPS med stort innhald!

Perfekt heime, i bilen, båten eller på hytta.

iPod-dock med god lyd og pent design.

HUSNES STORHANDEL

399,EVERCOOL KJØLEBOKS EC98612VDC Praktisk 12 volts kjøleboks med 24 liter kapasitet.

OPE: 10–18(16)


KVINNHERAD-FERIE 33

Treng du:

På Husnes Tannlegesenter får du hjelp til dette og meir.

• Implantatbehandling Husnes • Snorkeskinne Tannlegesenter • Profesjonell tannbleiking Tlf. 53 47 70 00 • Akuttbehandling Stabburshaugen 5, Husnes

BRUK DIN LOKALE

KRAFTLEVERANDØR! Vi er konkurransedyktige på pris!

- meir til overs OPE: Husnes, tlf. 53 47 41 01

9-20(18)

Ingen gebyr – og alt på ein faktura

Godt utval i: • Fiskeutstyr • Syklar • Fritidskle og sko • Campingutstyr m.m

Kom innom Kvinnherad sin største sportsbutikk, og sjå utvalet vårt! Bestill på: kraft.kvinnherad-energi.no eller kundeservice på telefon 53 47 56 50.

Sport 1 Husnes Tlf. 53 47 14 04 • www.sport1.no Husnes Storsenter

Summer 2011 Stort utval frå kjente merke-leverandørar

SOMMARKLE til dame og barn!

HUSNES STORSENTER TLF. 53 47 24 37

G-Star Levis Giovani Wrangler Ricco-Vero Melka Billabong Moods of Norway Peak Performance Lapidus Bjørn Borg Dovre

2. etasje Husnes Storsenter T 53 47 29 10


34 KVINNHERAD-FERIE

HUSNES CAMPING Hytteutleige & campingplass ved Opsangervatnet! Restaurant ope: 12-23 A lá Carte og alle rettar!

am

ovi

e star

Tlf. 53 47 32 52

e

lik R Husnes Storsenter, tlf. 53 48 77 50 eat Ope: Mån. 10-19, tir-tor. 10-22.30, fre. 10-01, laur. 10-02, sønd. stengt.

Senterkiosken Aksen – Tlf. 53 48 60 35 «Hamburger- • Godt utval i kioskvarer spesialisten» • Softis/Braincooler • Telekort -over 20 ulike menyar

• Ukeblad og Aviser

Ope kvar dag til 22.30

THAI-GATEKJØKKEN THAI-GATEKJØK

•V/Solplassen på Husnes •OOpe fre.-søn. kl 12-22 •Tlf. 966 60 693 / 402 42 682 •www.thaimat-n.com

NYBAKT

kvar dag – til og med laurdag! Ver velkommen til ein velsmakande rast. Vi leverer også påsmurte snittar, rundstykke m.m.

Yngves Konditori Husnes Storsenter, tlf. 53 47 22 13 - Fax: 53 47 16 40

BRØD - BOLLAR - KAKER rykande ferskt kvar dag

Vi har ny meny og introduserer:

California Style 10 nye spennade smakar på tynn pizzabotn med tjukk og sprø skorpe!

Peppes Pizza Husnes Storsenter

22 22 55 55

SUNDE BAKERI OG KONDITORI Tlf. 53 47 17 20

BAKERIET MED KVALITET OG TRADISJON

Få sommarens finaste

STRANDVESKE med på kjøpet av utvalgte Joico produkt!


KVINNHERAD-FERIE 35

Vi har stort utval i •maritimt

utstyr •bilrekvisita •utstyr til hus & heim!

• Helsekost • Vitaminer og mineraler • Hudpleie/solkrem • Stort utvalg i te, røkelse, krystaller m.m. HUSNES STORSENTER – TLF. 53 47 11 32

Husnes Storsenter tlf. 53 48 01 00

• LESESTOFF • KART • LEIKER

Alt innan hudpl eie • Shiseido • Lancome • Dior • Biotherm

Husnes Storsenter Tlf. 53 47 16 26 kvinnherad@libris.no

Husnes Storsenter – Tlf. 53 48 88 00

Blomar – den perfekte gåva

Husnes

Endra opningstider Sommarope 14. juni - 20. august

Hatlestrand Tlf. 53 48 87 83 Eikelandsosen Tlf. 56 58 15 30 Husnes Storsenter Tlf. 53 47 17 30

TRENE I SOMMER ?

Måndag - fredag Laurdag

Tlf. 53 48 43 80

ad r he ste ! n in tør tikk v K n s bu si tro ek l e

SOMMERMEDLEMSKAP Vi selger månedsmedlemskap og dagskort og i juni, juli og august. 1 måned: 2 måneder:

kr. 798,kr. 1300,-

GJESTETRENING Ditt medlemskap på TrimX gir deg mulighet til å gjestetrene på andre treningsssenter tilsluttet IHRSA.

Alt innan: •Kvitevarer

SOMMERKAMPANJE * Bli medlem nå og tren for 1 kr. dagen frem til 31. august 2011.

•Lyd/bilde

* Ved tegning av ordinært 12 måneder medlemskap, gjeldende fra 1/9 2011.

•El-artiklar

www.trimx.net

Telefon: 53 48 46 42 E-post: post@trimx.net Internett: www.trimx.net

09.30 - 16.00 09.30 - 14.00

•Data/Foto Opningstider: 10.00–19.00 (16) Fagbygget – Tlf.: 53 47 17 77 husnes@akraelektriske.no


Stolt gjestehamn Rosendal Hamn er inne i sin fjerde sesong. Stadig med utvida tilbod til den som søkjer hamn i turistbygd nummer ein. Blant dei store gjestehamnene i Kvinnherad ligg den nyaste plassert midt i Rosendal sentrum. Den har gjort det lageleg også for båtturistar å stoppa i den frå før godt besøkte bygda under fjelltoppen Melderskin. Nokre stridsspørsmål med grunneigarar gav hamna ein trong fødsel. Ikkje desto mindre er det blitt ei flott og påkosta båthamn, med stødige gangvegar og gode uteliggjarar. – Kvalitet, tryggleik og estetikk har hatt stor plass under planlegginga. Resultatet er vi stolte over, seier Øyvind Lernes på vegner av eigarane. Og eigarane er 70 privatpersonar med fast båtplass og investorar som Knut Galtung Døsvig, Herman Friele og L. Rødne & Sønner AS.

Utvidar kapasiteten I dag har hamna 60 gjesteplassar og 70 faste plassar, men i løpet av sommaren vil det bli plass til endå fleire. – Planen er å fortetta hamna ved å byggja fleire uteliggjarar. Det vil gi oss monaleg større kapasitet, og arbeidet begynner no i sommar, fortel Lernes. Rosendal Hamn kan visa til 2.500 gjestedøger i fjor. (Eitt gjestedøgn vil seia éin båt eitt døger). I år er det håp om eit endå høgare tal.

Populær – Kven kjem? – Det varierer. Fjellfolk, barnefamiliar, seglbåtturistar og andre turistar, for eksempel slike som har tenkt seg på konsert eller andre kulturarrangement, høyrer til dei faste innslaga, seier Lernes. – Og dei kjem frå heile Vestlandet og vel så det, legg han til med eit smil. – Kva trekkjer? – Rosendal har mykje å by på, ikkje minst eit rikt kulturprogram. Baroniet i seg sjølv er ein magnet, men også andre attraksjonar og sjølvsagt den flotte naturen. At vegen frå Rosendal er kort og grei både til resten av Sunnhordland og Hardanger, er òg ein fordel når turistar legg opp ruta si, trur Lernes. Hamna har elles dei servicefunksjonane ei moderne båthamn skal ha; straum, vatn, internett og servicebygg med vaskemaskinar, toalett og dusjar. Bensin- eller dieseltanken kan ein også fylla i den idylliske hamna. Trude Aarsand trude@kvinnheringen.no

Vakre Rosendal. (Foto: Bjarne Øymyr)

Motiv frå Rosendal Hamn. (Foto: Bjarne Øymyr)


Båthamner i Kvinnherad Hatlestrand: Straum, vatn, diesel og

dusj, slipp. Husnes: Straum vatn, vask,

bensin 200 meter unna. Varaldsøy:

dusj, slipp, opphaldsrom med internett,

Straum, vatn og diesel ved kai, bensin

biljard og tv. Sykkelutleige, tennis-, golf-

30 meter unna. Sundal i Mauranger:

fotball- og volleyballbanar. 15 min.

Straum, vatn, vask, dusj og slipp.

gange til Husnes sentrum. Sunde:

Snilstveitøy: Straum og vatn.

Straum, vatn, vask, dusj, slipp. Sæbøvik:

Røynholm Båthamn, innanfor

Straum, vatn, bensin, vask, dusj, slipp.

Rosendal Straum, vatn, diesel.

Larsstø: Straum, vatn, diesel, slipp,

Rosendal Hamn: Bensin, diesel, vatn,

verkstad. Eidsvik: Straum, vatn, diesel,

trådlaust internett, dusj, toalett, tøme-

bensin. Arnavik: Straum, vatn Høy-

anlegg for kloakk. 60 gjesteplassar.

landsbygd: Straum, vatn, diesel,

Rosendal Fjordhotell: Straum, vatn,

bensin, vask, dusj, slipp. Valen: Straum,

vask, dusj, hotell. Dimmelsvik:

vatn, slipp. Fjelbergsund: Straum,

Straum, vatn, 200 meter til diesel.

vatn, diesel, bensin, vask, dusj, slipp.

Uskedalen: Straum, vatn, diesel ved

Utåker: Straum, vatn. Åkra: Straum,

kai, bensin 300 meter unna, vask, dusj,

vatn, diesel, vask, dusj, kafé.

slipp. Herøysund: Straum, vatn, vask,

Utanom dei faste hamnene er det mange gode uthamner i Kvinnherad. Løkjelsøy, Kolsøy, Ånuglo, Sild, Kalvsundet, Nordhusvågen, Breivika, Fjelbergøy, Toftekalven og Hidle er nokre av plassane der ein kan ankra eller finna feste i land.


38 KVINNHERAD-FERIE

Sommarabonnement på avisa

✁ Ja, takk! Eg ønskjer eit

SOMMARABONNEMENT på avisa Kvinnheringen for berre:

8

50 Pr avis

Namn:.....................................................................................................................

BREV

Adresse: ................................................................................................................. . .............................................................................................................................. Tlf. ...................................E-post ........................................................................... Start abonnementet denne dato:............................................................................ Stopp abonnementet denne dato: ..........................................................................

Eg ønskjer at abonnementet skal halda fram etter perioden

Kvinnheringen AS Svarsending 8136 0097 OSLO

Tilbodet gjeld privatabonnement for nye abonnentar

Du kan òg tinga via telefon: 53 48 21 30, eller: • Send SMS kodeord «KVABO» og informasjon til 2097 • Send e-post til abonnement@kvinnheringen.no

5460 HUSNES


«Geocaching • Namnet geocaching kjem frå «geo», som betyr at det har noko med jorda å gjera, og «caching» som betyr å liggja på lur, eller å gøyma noko unna på ein hemmeleg stad. • Det internasjonale fenomenet geocaching går ut på at nokon gøymer ein «cache» i naturen, som til dømes ein boks med leiker i, for så å leggja cachen sine koordinatar i terrenget ut på Internett. Så er det opp til andre leitelystne å finna skattane ved hjelp av satellittnavigator (GPSmottakar). «Skatten» kan du ta med deg, men då må du leggja att ein ny skatt til nestemann. Etter å ha funne ein cache registrerar ein den under cachen si eiga oppføring på nettstaden www.geocaching.com. På denne måten er det mogleg for den som har gøymt cachen og andre å følgja med på kven som finn den. • Det finst cacher i over 100 land verda over.

PÅ SKATTEJAKT: (F.V) Maja Sætre Sollien, Amalie Olderkjær Larsen og Malene Skjellevik Bjørsvik.

Teknologisk skattejakt ER DU EIN AV DEI SOM LIKAR SPENNING OG NATUROPPLEVINGAR? DÅ BØR DU SJEKKA UT FENOMENET «GEOCACHING»

Kvinnheringen fekk vera med familien Osmundsen ut i skogen ein grå sommardag. At det regnar gjer visst ingenting, for familien har nemleg eit spennande mål i sikte – å finna ein såkalla «cache». – Geocaching er på ein måte skattejakt ved hjelp av GPS, der du først loggar deg inn på nettet for å finna ut kva område cachen ligg i, og så går ut for å finna staden der cachen er gøymt ved hjelp av koordinatar. Vi brukar iPhone, der du kan lasta ned ein applikasjon for geocaching, fordi det er enklare enn GPS, forklarar mamma Anita Osmundsen. Med seg har ho dottera Aina Karin (6) og sonen Alf Inge (13).

Etter eit par minuttar har vi funne staden, og no er det berre å leita under mose og lyng, i små holer eller under ein stein. – Her er den! roper Aina Karin begeistra. Ut av ei hole stikk ein liten plastboks som ho raskt fiskar fram. Inni boksen ligg «skatten»; ein liten leikefigur. Aina Karin har med seg ein bytteting som ho legg oppi boksen, og skatten som låg der frå før kan ho ta med seg. Det ligg også ein papirlapp i boksen. Der må familien skriva ned informasjon om når og korleis dei fann cachen. – Det er viktig at dei som kjem over ein slik boks tilfeldig lar den liggja i fred og ikkje tek den med seg, fortel Anita.

Skatten

Hekta

Aina Karin er svært ivrig og leier an i skattejakta. Ho småspring nærmast innover i terrenget med skarpt blikk. – Aina Karin er nok den som er mest gira, og vil vera den som finn den først, smiler Anita, før ho ser ned på telefonen og ropar:

– Du blir fort hekta på dette, og det er ein flott aktivitet å ta med ungane på. I Kvinnherad er det ikkje lagt ut så mange cacher enno, men i byane ligg dei kanskje med berre nokre meters mellomrom. Viss vi er til Bergen og ser det er ein cache på Os vi ikkje har teke, ja då hoppar vi glatt over ei ferje for å finna den.

– Det er sjølvsagt stas å vera den første som finn ein ny cache. – Kva er det som er det kjekkaste med geocaching? – Det er spennande! Det kjekkaste er eigentleg leitinga. Finn vi han eller ikkje, liksom, er Aina Karin kjapp med å svara. Mona Grønningen mona@kvinnheringen.no

HEKTA: Familien Osmundsen er hekta på geocaching. Her har Aina Karin og mamma Anita funne den gøymte «cachen» ved hjelp av mobiltelefonen.


40 KVINNHERAD-FERIE

Eidsvik, Halsnøy 4-m a bust nnsad Hals på nøy!

Sundsvegen 72, 5450 Sunde

EIN TRYGG OG PÅLITELEG KONTAKT

Telefon 909 55 511

STÅ TRYGT! Forskjellige lifter og stillas til leige For spørsmål, kontakt: Husnes Lift og Stillasutleige, Arvid Røssland, Raudsteinsvegen 13 tlf. 476 10 472 – 53 47 19 26

Effektive og trygge totalløysningar innan avfallshandtering for private og næringsliv. Næring AS

Alt innan transport, avfall, farleg avfall og attvinning! SIM Næring AS

KLAR FOR DET GODE LIV PÅ HALSNØY? INNFLYTTINGSKLARE

Pris: 1.750.000,-

leiligheter på Eidsvik (v/H.M. Eide matbutikk) for sal.

To flotte bueiningar i underetasjen er no for sal!

telefon 53 45 66 00 telefaks 53 45 66 01 e-post sim.naering@sim.as

• SANITÆR

- nybygg og rehab.

• VANNBOREN VARME

Teigen Bygg & Trelast AS, Husnes Telefon 53 47 59 10 info@teigen.byggern.no

TEIGEN

www.sim.as

• VARMEPUMPE • VEDFYRING • PELLETSFYRING

Tlf. 975 99 280

www.a-r-v.no

Fotograf: Rune Kongsro

Frå idé til nøkkelferdige løysingar!

Eldøyane Næringspark N-5411 Stord

RPÅEDN GS I VJ O N IN NG

Plukka vindruer i Toscana. Eller plommer i Hardanger. Det er ikkje på bryllaupsdagen du byrjar å tenkje på pensjonssparing. Men dess tidlegare du byrjar, dess mindre vil det kosta deg. Hjå oss er pensjonisttilværet ditt i trygge hender, anten du vil fortsetja det livet du lever i dag, eller oppleva nye spennande ting. Ta kontakt med oss på telefon 02002 eller besøk oss på www.sr-bank.no.

Bank. Sparing. Og din pensjon.


KVINNHERAD-FERIE 41

8-22 (9-20)

Drivstoff, storkiosk, verkstad! Verkstad: Mån.-fre. 7.30-15.30. Stasjon: Mån.-fre.: 7.30-22 lør.-søn.: 9-22 Reset, Sunde Tlf. 53 48 20 70

Husnes – tlf 53 47 16 20

J. Lyngnes Bensinstasjon AS MATRE – TLF. 53 47 91 15

• Daglegvarer • Drivstoff • Alt innan dekkservice

Ope 8-22 (8-20) Post & bank i butikk

Opningstider: måndag – fredag: 8–19 laurdag: 9–18, søndag: 14–17

Husnes Storsenter, tlf. 53 47 16 44

Spar Valen Daglegvarer • Bakevarer • Tipping

Ope: 8–21(9-20)

Spar Seimsfoss

Kort avstand frå Husnes Båthavn! – Maskinvask – Sjølvvask – Støvsuger

• Nysteikte brød/bollar • Pølser/Hamburger • Kiosk/Daglegvare • DVD-utleige/Musikk • Inne-/Uteleiker • Gass • Drivstoff

Ope: Mån.–fre. 7.30–23.00 Laur.–søn. 9.00–23.00

t Service på dei fleste bilmodellar t Karosseri- og mekanisk verkstad t Serviceverkstad for Volvo og Renault t Billakkering

Vi held Vi held feriestengt: feriestengt: 21.07. – 10.08.

18.07.–07.08.

Daglegvarer • Bakevarer • Tipping Besøksadresse

Ope: 8–20(18)

Tlf. 53 48 65 00

Telefon

Tlf. 53 472041553 47 1115 11 Onarheimslio KAROSSERI OG MEKANISK VERKSTAD

5460 Husnes204, 5460 Husnes Onarheimslio

Telefon: (054) 71 511 5460 Husnes

www.mecacarservice.no www.mecacarservice.no

i Kvinnherad

STØRST PÅ BIL Vi er stolte av at vi no er forhandlar av ALFA ROMEO

Bli forelska på nytt!

MAGISKE

Fiat 500

frå

TØFFAST I KLASSEN!

ISUZU Kåra til sikraste familiebil med 5 stjerner i NCAP i sin klasse i 2010.

Alfa Romeo Giulietta

frå

frå

189.900,-

309.900,-

3.0 liter pickup med råsterk 163 hk dieselmotor.

289.900,-

Autorisert bilverkstad: Reparasjonar – Service – EU-kontroll – Bilutleige

Suzuki

5460 HUSNES • Tlf. 53 48 48 48 • Fax: 53 48 46 51 • www.bilogteknikk.no Mobil: Dagleg leiar Leif Jarle Stensletten, 922 04 835. Bilseljar Olav Per Kaldestad, 909 16 119.

Swift 4x4

frå Ein utruleg populær bil.

229.900,-


42 KVINNHERAD-FERIE

Me har det du treng for å nyta sommaren...

adsign.no

SOMMAR I FK BUTIKKEN!

HAGELYS

SETTPRIS!

Monter selv! KUN 12 VOLT

HAGELYS SETT

4 LAMPER, SYLINDER 45 CM LED 12 V TRANSFORMATOR OG KABEL

2 390,GASSGRILL

NYHET!

KVILESTOL UTANDØRS!

TRIO DE LUXE

TO-SETER MED REGULERBAR RYGG

2 990,-

MED 3 BRENNERE + SIDEBRENNER!

SALIN

3 990,-

HAGESETT

BORD M/4 STOLER Pris uten puter

HAGEMØBELGRUPPE NEVADA ROTT M/PUTER

2 190,12990,AUTOMATISK GRASKLIPPAR SOM KLIPPAR PLENEN FOR DEG! ROBOMOW® RM 400

9990,Pris i 2010: 11 990,-

HAGEPAVILJONG

3990,-

3X3 M ALUMINIUM MED MYGGNETT

NY, ENDÅ

LÅGARE PRIS!

FK butikken Dimmelsvik, KVINNHERAD, Tlf. 99 38 48 70

www.meir enn du trur.no


1. Kor mange strenger er det på ein ukulele? 2. Kva heiter gruppa som hadde ein hit med «Summer in the City» i 1966? 3. I songen «Idas sommarvisa» frå Emil i Lønneberget vert borna fulle med sommar, kva vert beina fulle med då? 4. Kva for ein komponist skreiv Skjebnesymfonien? 5. Kvar er det ein ferjekø i songen «Bysommer» av Lillebjørn Nilsen? 6. Kva for eitt av desse instrumenta er ikkje rekna som eit treblåseinstrument? Saksofon, klarinett eller eufonium? 7. Kva er namnet på songen som byrjar med tekstlina «Grisen står og hyler»? 8. Kva heiter den einstemde liturgiske songforma som er oppkalla etter ein pave? 9. Kva heiter rapartisten som samplar songen «Det eneste jeg vil er å ha det fett» med Dr. Erik frå 1997? 10. Kva står forkortinga LP for?

Geografi 1. Kva for eit land femner om landområda som tidlegare var kongedøma Württemberg og Hannover? 2. Kva for eitt av desse landsnamna har vore brukte på landet som i dag heiter Den demokratiske republikken Kongo? Rhodesia, Zaïre eller Tanganyika? 3. Kva heiter det piratherja sjøstykket mellom Jemen og Somalia? 4. Kva land høyrer øygruppa Madeira til? 5. Kva kjøpte det amerikanske senatet frå Russland for 7,2 millionar dollar i 1867? 6. Kva for eit fjell er høgst av Kebnekaise i Sverige og Galdhøpiggen i Noreg? 7. Kva for nokre to land har kriga om landområdet Kashmir? 8. Kva by ligg lengst mot nord av Tokyo og Paris? 9. Kva for ei elv er den lengste i verda? 10. Kva land høyrer Peter I Øy til?

6. 7. 8. 9. 10.

Språk 1. Kva for ei ordklasse er inndelt i særnamn og samnamn? 2. Er luxembourgsk eit offisielt språk i Luxembourg? 3. Kva for eit framkomstmiddel fekk sitt noverande namn etter ei namnetevling i den danske avisa Politiken i 1902? 4. Kva er det irske namnet på øya og republikken Irland? 5. Kva heiter dei tre formene som adjektiv og adverb vert gradbøygde i? 6. Kva norsk ord er det russiske bynamnet Murmansk ei forvansking av? 7. Kva kallar me i dag den verbforma som tidlegare var kjend som imperfektum? 8. Kva er ein krøsus? 9. Kva kjem ordet «krøsus» av? 10. I kva for ei ordklasse skil me mellom objekts- og subjektsform på norsk?

NO KAN DU UTFORDRA DEG SJØLV ELLER VENER OG FAMILIE I VÅR STORE SOMMARQUIZ!

Kvinnherad 1. 1426 moh 2. 2. september. 3. Reke og krabbe. 4. Sæbøvik, Halsnøy. 5. Uskedalen. 6. 53483100. 7. Rosendal. 8. Synnøve Solbakken. 9. Sandvoll.

Musikk

5.

Kva for eit grunnstoff har formelen Fe? Kven var den fyrste til å vinna to nobelprisar? Kor mange magar har ei ku? Kva heitte den siste svenske kongen som òg var konge av Noreg? Kva for eit anna geitenamn enn Blåmann er nemnt i songen «Leitande etter Blåmann»? Kven spelar rolla som trolljegeren i filmen «Trolljegeren»? Kva for eit dyrenamn står forkortinga NRF for? Kva heiter kona til den franske presidenten Nicolas Sarkozy? Kva slag dyr er Timmy i animasjonsserien Timmy-tid? Kven skreiv bondeforteljinga «Synnøve Solbakken»?

Musikk 1. Fire. 2. The Lovin’ Spoonful. 3. Spring. 4. Ludwig van Beethoven. Ved Lavik. Eufonium. Kveldssong for meg og deg. Gregoriansk song. Lars Vaular. Longplaying (langspelplate).

1. 2. 3. 4.

Kor høg er Melderskin? Kva dato spelar Herborg Kråkevik på Baroniet? Kva mat får du i teltet fredagen under Sæbøvikfestivalen Kvar finn du Pub nr. 13? I kva bygd ligg Rødtunet? Kva er telefonnummeret til Kvinnherad kommune? Kvar ligg putballbanen i Kvinnherad? Kven er ordførar i Kvinnherad? Kvar ligg Saltkjelen?

5. 6. 7. 8. 9. 10.

Folk og fe

1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9.

Geografi 1. Tyskland. 2. Zaïre. 3. Adenbukta. 4. Portugal. 5. Alaska. 6. Galdhøpiggen. 7. India og Pakistan. 8. Paris. 9. Nilen. 10. Noreg.

Kvinnherad

Folk og fe 1. Jarn. 2. Marie Curie. 3. Fire. 4. Oscar II. 5. Lykle. 6. Otto Jespersen. 7. Norsk raudt fe. 8. Carla Bruni. 9. Sau. 10. Bjørnstjerne Bjørnson.

SOMMAR quiz

Språk 1. Substantiv. 2. Ja. 3. Bil. 4. Éire. 5. Positiv, komparativ og superlativ. 6. Nordmann. 7. Preteritum. 8. Ein svært rik person. 9. Kong Krøsus (eller Kroisos) som regjerte i Lydia i Vesleasia frå 560 til 546 f.Kr. 10. Personlege pronomen.

Husnes båthamn


44 KVINNHERAD-FERIE

Sommar og sol p å Se im! Plenklyppar LC 48V

st» t i te s e B « ! 2011

Plenklypparar

Plentraktor

Frå

Frå

13.995,-

2.990,-

Husquarna 122C

t Nyhe

Husquarna 323R-11

3.990,3.750,-

Victoria Vi har no tilsett

3.250,-

SNIKKARAR

og tek på oss store og små oppdrag! Vi hjelper óg med

23.750,Lett trimmer

Ryddesag/ trimmer

Riviera

Rider 111B

Ved kjøp av Husquarna 323R-11 får du med øyreklokker og vernebriller på kjøpet!

1.495,Veil. 1.750,-

Tilhenger PROFi Frå

2.500,-

Veil. 1.750,-

Mål 123x90x30 cm

Dusjkabinett Våpenskap

4 variantar

BYGGEMELDINGAR!

TOTALLEVERANDØR: Trelast – Byggevarer – Maling og Interiør

IMPREGNERT! I år har vi vanvittig gode prisar

på impregnert terrassematerial. Prøv oss på pris, du blir

GARANTERT FORNØGD!

Frå

4.998,-

2.650,-

www.kvinnheradbygg.no – 5472 Seimsfoss – Tlf. 53 48 28 90

NB! Vi leverer varer gratis heim til deg. (På køyrbar veg i Kvinnherad)


TØFFE GUTAR: Tre tøffe gutar kastar seg i Saltkjelen på Sandvoll. F.v. Martin Eikemo Røstbø (13), Daniel Røstbø (13) og Simen Røssland (12).

Eit hav av badeplassar SOMMARFERIEN ER TIDA FOR LEIK OG MORO UTANDØRS, SAME KVA VÊRGUDANE BYR PÅ!

Fine badeplasser I Kvinnherad finst det mange flotte og litt bortgøymte badeplassar. Har du for eksempel vore i Saltkjelen på Sandvoll nokon gong? Det er ein idyllisk og vakker stad der Handelandselva kjem ned over bergknausane og har laga ein naturleg kulp med flotte hoppeplassar og sklier i berget. Her er også sandbotn der elva flatar ut nedanfor «kjelen», som passar fint for mindre born. For å koma dit går du inn ein grusveg ved byggjefeltet Rudlen til idrettsbanen, vidare innover ved sandtaket der og så på sti inn i skogen til du ser elva. I Åkra har bygdefolket ein annan spennande badeplass – Vikaelva, som renn ned midt i bygda. Ved Smiedal kan du gå ned til fine kulpar, og elva byr på små fossefall og platå kor du kan boltra deg i det livlege vatnet som kjem ned frå fjellet. Etter mykje regn kan elva vera strid med sterke straumar, men for dei symjedyktige og eventyrlystne byr dette berre på meir moro. På dei mosekledde steinane ved sida av elva skjuler det seg også spennande plassar, som til dømes ein

ELV: I Åkra har dei ei flott badeelv, Vikaelva. Desse to tøffingane bryr seg ikkje om det kalde vatnet når dei har våtdrakter på seg. F.v. Geir Clement Wågen (15) og Mikal Hjøllo Øvstebø (12).

liten tunnel frå den tørre bakken og rett ut i den brusande elva!

Skattejakt i strandkanten Ved det gamle bosbrenneriet i Herøysund skjuler det seg mange småskattar i strandkanten. Bosbrenneriet var i drift frå tidleg i 70-åra til slutten av 80-åra då kommunen gjekk inn i SIM. Det tyngste avfallet som vart brent her sokk ned til botnen av

tankane, og vart seinare dumpa i sjøen. Stranda nedanfor består derfor av små glasbitar og porselen som over tid er vaska mjuke av sjøen. Her kan du finna mange små skattar i alle regnbogens fargar. Postvegen går også forbi her, og vil du gå deg ein tur vidare mot Herøysund er dette ei fin løype å ta. BRUK NATUREN (bla om)


46 KVINNHERAD-FERIE

BLOMEKRANS: Tre fine jenter og ein nysgjerrig pus flettar blomekransar. F.v. Solveig Karitas Alme (9), Oda Vågen (11) og Tordis Karitas Alme (11).

Bruk ugraset til hårpynt Blomar finn du overalt i naturen sommarstid, og i tillegg til at dei ser fine ut og luktar godt er dei også brukande til mykje anna. Flett deg ein blomekrans Då mor di var lita fletta ho heilt sikkert blomekransar. Det er ein artig og kanskje litt gløymt kunst, men det er ikkje vanskeleg med litt øving. Plukk blomar med så lang stilk som mogleg, som til dømes løvetann eller engkarse. Slik gjer du: Fortset å fletta til kransen er lang nok til å nå rundt hovudet ditt. Få ein vaksen til å hjelpa deg å festa den med å stikka stilkane inn i kransen igjen.

Pressa blomar Mange blomar kan du tørka og pressa mellom sidene i ei litt tung bok. Pass på

å leggja papir over og under blomane så dei ikkje smittar av i boka. Etter nokre dagar i press kan du lima dei på papir og laga bilde eller postkort av dei.

Lag ein barkebåt Ved vatnet eller sjøen er det mykje å finna på. Å leika med båtar i ein bekk eller ved sjøen er moro, og får du med deg ein ven kan de konkurrera med båtane de lagar. Det enklaste er å laga dei av bark eller rekved som du finn ute. Skjer eller skrap eit hol i midten av barkeplata, og stikk ein pinne nedi holet. På pinnen kan du laga eit segl av papir, av eit lauv eller ei fuglefjør.

Samla skjel I fjøra kan du finna mange fine skjel og steinar. La dei tørka og lim dei på ei papplate så blir dei fine og dekorative bilde. Vil du laga deg ein ekstra fin

pynteting kan du spraymala eit skjel med gull- eller sølvspray og lima ei perle i midten.

Lag flaskepost Finn ei tom flaske med tett kort. Skriv eit lite brev der du legg att adressa di, rull det saman, og putt det i flaska. Kast flaska på sjøen, helst eit stykke frå land, og om ei stund kan det henda du får deg ein ny brevven eller høyrer frå nokon som er stranda på ei aude øy!

Tarzanløypa på Valen Nedanfor Valen sjukehus og forbi den gamle kraftstasjonen er det laga til ei fin turløype gjennom skogen og ned mot sjøen. Her finn du ein stor og flott lavvo til å brenna bål i, og nedanfor er det laga ei «tarzanløype» med hengebru, tau og plankar å balansera på. Det er gruppa som kallar seg «Brubyggjarane», tilsette og pasientar ved Valen sjukehus, som har laga tarzanløypa. Dei

har lagt ned mykje arbeid i det, blant anna rydda stein og skog, og lagt eit underlag av bark for at løypa skal bli så fin og tilgjengeleg som mogleg. Løypa var ferdig i 2006 i samband med eit kurs i fysisk aktivitet for tilsette ved Valen sjukehus og andre kringliggjande sjukehus. No kan løypa brukast av alle som ønskjer det. Mona Grønningen mona@kvinnheringen.no

Les ei bok! Er du glad i å lesa bøker bør du sjekka ut Kvinnherad bibliotek sin leseaksjon Sommarbok 2011. Den er for barn mellom 6 og 14 år, og går ut på at du skal lesa fem bøker eller meir i løpet av sommarferien. Etter at du har lese fem bøker (to av dei kan vera teikneseriar) skal du fylla ut eit skjema om bøkene, og i september inviterer biblioteket til sommarbokfest der du kan få møta ein ekte forfattar!


(HØGRE)SVINGAR SEG: Kine Vermedal Tungesvik (3) svingar seg i Tarzanløypa på Valen. (NEDE)KONKURRANSE: Kva båt kjem først fram? Søskena Sondre (12), Kine (3) og Iselin Vermedal Tungesvik (11) leikar med barkebåtar i elva.


SOMMAR Send oss sommarbilde Har du eit glitrande bilde frå sommaren din i Kvinnherad. Anten du er turist eller fastbuande i Kvinnherad kan du senda oss ditt sommarbilde. Nokre av bileta vil koma på trykk i papiravisa og nokre på nett. Vi trekkjer ut eit vinnarbilde av bileta, der vinnaren får 10 flaxlodd. Send det til oss på epost: redaksjon@kvinnheringen.no

i Kvinnherad


Kvinnheringen_Sommaravis11