Det gode livet i Kvinnherad 2014

Page 29

– det gode livet 29

Ein polsk familie på fire har fått eit meir familievennleg liv i Kvinnherad.

Frå Polen til Sandvoll Dei flytta til Norge for snart to og eit halvt år sidan. Grunnen var at dei ønskte tid til å leva som ein familie.

Satsa – Norge er eit fantastisk land, menneska her er så positive og naturen er majestetisk! Tomasz Pikora entrar kantina til Zenit på Husnes, der han jobbar, med eit stort smil og ein overveldande entusiasme for det nye landet. Han og kona Katarzyna var ikkje interesserte i å jobba tolv timar kvar dag midt i storbyen Warszawa. Fleire dei kjende snakka veldig varmt om Norge, derfor satsa ekteparet alt og flytta mot nye jobbar og ein ny kultur. Etter om lag to år i Møre og Romsdal og Bergen, kom opninga om å flytta til Kvinnherad. Det var ledig stilling på tannklinikken til Katarzyna. Anne Sigrid Totland, leiar på tannklinikken, var ikkje sein med å sjekka om det var ein ledig stilling til Tomasz også. I dag er han energiingeniør hos Zenit. Ekteparet nærast kranglar om å ha den beste sjefen, og er veldig nøgde med å ha hamna her.

Betre arbeidsvilkår – Det er heilt andre arbeidstilhøve her enn i Polen, der jobba me lengre dagar, og spesielt fredagane kunne pendletida vera veldig lang. Her har me fått ein betre balanse mellom arbeids- og familielivet, og i tillegg er moglegheitene me har til å nytta naturen heilt ekstreme i forhold til i Polen, fortel Katarzyna. Ho er tydeleg takksam for den nye kvardagen dei har fått her i Kvinnherad. – Me går på jobb frå sju til tre, og etter tre har me fri resten av dagen, smiler ho nøgd. Dei bur i eit hus på Sandvoll, berre tretti meter frå sjøen. Dei har kjøpt seg båt og er ofte ute og fiskar. Elles nyttar dei fjella og er mykje ute i naturen. At det er ein halvtime mellom fjord og fonn klarar dei nesten ikkje å tru. – Sjølvsagt saknar me litt storbyliv, med

teater og mange restaurantar, men me har framleis husværet i Warszawa, og kan oppsøkja det livet når me har fri. Ungane lærer seg både polsk og norsk, slik at dei skal kunna kommunisera med familien heime, informerer Tomasz, stadig med eit breitt smil og energisk gestikulering.

Lotto-gevinst for Kvinnherad Dei nye arbeidsgjevarane deira er mektig imponerte over måten ekteparet har omfamna den norske kulturen på, og korleis dei integrerer seg sjølve i lokalsamfunnet. – Bylivet er jo viktig for dei, men dei får jo med seg ein del av kulturlivet her og, fortel Anne Sigrid Totland, og refererer mellom anna til årets kulturfestival som nyleg vart skipa til på Husnes. Bente Marie Sjo hos Zenit er like begeistra for ekteparet, som forlét det dei kjende til fordel for noko heilt nytt. Ikkje minst er ho glad for at tannklinikken og Zenit kunne samarbeida om å gjera rom for kompetansen Tomasz og Katarzyna sit på. – Eg trur heile kommunen vinn på at dei ulike verksemdene unner kvarandre suksess, meiner Sjo, og tykkjer det står stor respekt av å flytta til eit heilt ukjend land med to små born. Begge arbeidsgjevarane synest det er flott å kunna rekruttera slike ressurssterke menneske til kommunen, og oppfordrar andre verksemder til å gjera likeins dersom det dukkar opp kompetanse som andre verksemder kan ha nytte av. – Når Katarzyna søkte på stillinga hos oss, var eg ikkje i tvil om at ho var den rette til jobben. Men det er ikkje sikkert ho ville teke imot dersom Tomasz ikkje hadde fått jobb her òg. Eg tok nokre telefonar, og det ordna seg heldigvis denne gongen. Kvinnherad har vunne i lotto når me har fått slik kompetanse til bygda! avsluttar Anne Sigrid Totland. Tekst og foto: Jorun Larsen


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.