Issuu on Google+

Bilag til Kvinnheringen onsdag 19. mars 2014

Det gode livet i Kvinnherad Magasinet om folk som bur mellom fjord og fjell i Kvinnherad

19. mars 2014

Mest lesne avis i Kvinnherad


2

– det gode livet

KAMPANJETILBOD! VINDUER

-40% -40% % på vinduer

* Kampanjerabatten gjelder for alle lagerførte vinduer og balkongdører og ikke hoveddører og skyvedører.

HUNTONIT FROST SKYGGE SKRÅ KOSTEMALT 11x620x2390mm

115,115 , ,Pr.m2 Pr. .m2

HUNTONIT VEGGPLATER SKYGGE KOSTEMALT HVIT 11x620x2390mm

2520-F23 G IVORY TILE Flisstørrelse 20x30 cm

3 329 329,Pr.m2 Pr. .m2

TORSDAGSTILBUD TORSDAGSTILBUD STI 21/3 BADEROMS BADEROMSPANEL WHITE TILE HG 3091-F24 H Flisstørrelse 60X15CM

115 15,,-Pr.m2 Pr r..m2

329 329,Pr.m2 Pr. .m m2

EIK HOME CONSERTO 14 MM 3-STAV HVIT M/MATT LAKK

298,29 98, 98 98,-

Pr.m2 Pr .m22

Ordinær kampanjepris: kr 329,-

www.byggeriet.no www.byggeriet.no Byggeriet Uskedal Trelastlager 5463 USKEDALEN - Tlf: 53 48 61 01

Forbehold Forbehold om utsolgte varer og trykkfeil. trykkfeil.


EIT GODT LIV

Viltre viltjegerar Norsk svart elghund er utryddingstrua. Det gjer valebuane Anita Lie og Atle Helland noko med.

DET GODE LIV er for kvar enkelt av oss langt frå det same. Det som er det gode liv for ein, kan vera noko heilt anna for ein annan. Nokre finn det gode livet sveitt og sliten på toppen av ein av våre flotte fjelltoppar. For andre kan det gode liv vera mange timar framføre grytene på kjøkenet. Andre finn det god liv i å gjera noko for andre, men for dei fleste av oss så er det gode liv ein kombinasjon av fleire ting. Denne gongen har vi møtt mange som finn ein del av det gode livet sitt i møte med dyr. Det kan vera alt frå lama til ein liten hund. Heilt sikkert er det at dyr er med og bidreg til eit godt liv for mange. Vi har òg møtt personar som har valt å flytta til Kvinnherad av forskjellige grunnar, felles for dei alle er at det er her dei finn det gode livet.

Er det ein betre plass å bu? Neppe.

Magasinet – Det gode liv Opplag: 21.500 Utgjevar/grafisk produksjon: Kvinnheringen Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik Trykk: Schibsted Trykk

Framsida: Bente Sjo frå Halsnøy er ei av dei som etter mange år i storbyen vel å flytta heim til Kvinnherad. For å finna det gode livet. (Foto: Bodil Haga)

Sidan 2000 har Anita Lie drive aktivt med avl av norsk svart elghund og labrador, og sidan 2003 har ho avla fram eitt kull årleg. I fjor vart det to kull elghund, og 2014 vert dermed kanskje eit pauseår frå dei søte små. – Dei får i snitt fem til seks kvalpar på eitt kull, så det er ein del jobb ja, smiler Anita. Ho fortel om ein episode frå sist kull, der ho – som alltid, vaka over fødselen heile natta. Ho strekar under at det ligg mykje arbeid og engasjement i ei slik verksemd. Heile familien må vera klare og samde om det.

Mellom puppane – Eg ligg på ei madrass saman med hundane nede når det går føre seg. Passar på at mora ikkje ligg dei i hel, og at alle får i seg mjølk. Denne gongen vakna eg og såg at ein av kvalpane låg kald og livlaus i ein krok. For å få liv i den måtte eg rista og klappa litt til den, slik dei gjer med nyfødde barn, og den vakna til liv med litt piping, fortel ho. Vidare måtte ho legga kvalpen mellom brysta for å få varmen i den att. Den overlevde heldigvis og har i dag ein spesiell plass i hjarta hennar. Eigaren er, som Anita og Atle, med i ettersøkslaget i kommunen, og dei møtest jamleg. Norsk svart elghund er gode jakthundar, og det er venteliste på å kjøpa desse kvalpane. På årleg basis vert det fødd fram rundt 150 nye

LUKKE: Anita med M-kullet; Mio, Mikko, Mira, Mina, Molly, Milly og Mi-Lykke.

NATUR: Hunden får sjølvsagt vera med på tur. Her er Anita og hunden på veg til byttet.

elghundar i Noreg, og Kvinnherad er av stadene med tettast bestand. Kvart år vert Noregs største elghundutstilling skipa til i Uskedalen, og med den tette bestanden elghund, og eigarar med like interesser, kan ein seia at det er eit godt jakthundmiljø i Kvinnherad.

Dagleg til fjells – Me likar ikkje akkurat å sitja med beina på bordet, seier Atle. Det er nok første gong han sit i sofaen denne dagen, men beina er ikkje langt frå bordkanten registrerer eg. Anita supplerer med at dei likar det aktive livet, med hundane og kvarandre som selskap og spenningspartnarar når det gjeld både turar, jakt og ettersøk. – Når me går i fjellet, tenkjer me ikkje på noko anna. Det gode livet er å nyta naturen og samstundes halda seg i form og ha gode dagar, fortel Anita.

I tillegg til eit svært aktivt liv i naturen, vert det også sett av ein del tid til utstillingar og konkurransar. Med gode resultat i konkurransar, vert ryktet som avlshund styrkt. Samstundes er det ein jobb å finna paringspartnar til tispene, noko som ikkje akkurat inneber raudvin og romantikk. – Det vert fort eit heftig møte på ein parkeringsplass eller i ein mørk kjellargang, informerer Atle lattermildt. Timing er alt, og hundane er trass alt klare for hyrdestunda når eigarane legg opp til «date». Hundane har løpetid to gongar i året, rundt to veker i slengen. Det er då dei vert køyrt til sin utkåra. Eit svangerskap er 63 dagar langt, og etter åtte veker er kvalpane leveringsklare. Tekst: Jorun Larsen Foto: Atle Helland


4

– det gode livet

Blomstrande Mette Mette Friheim brukar om lag 135 prosent av tida si på blomar. Når ho ikkje held på med det, held ho på med blomar. Dette vert fortalt av den entusiastiske dama som nyleg tok over Fredheim Blomster i Rosendal. Sidan ho overtok frå fetteren sin Terje ved nyår, har det berre kome gode tilbakemeldingar frå sambygdingane, og eigaren sjølv kunne ikkje hatt det betre.

Arva grøne fingrar – Eg er jo ei blomedama, fødd og oppvaksen i gartneriet i Rosendal, innleiar ho blidt. – Visste du at det var dette du ville jobba med då du var liten? – Nei! Eg skulle absolutt ikkje jobba med blomar, eg ville bli noko stort, som lege eller advokat, eg! Likevel hamna Mette i den bransjen ho var så kjend med. Arv og miljø. Ho hadde det i blodet. Den glødande blomedekoratøren tykkjer det har vore veldig stas å koma heim og overta butikken. Ho tykkjer òg at sambygdingane er lojale, positive og handlevillige. – Blomar er jo noko som er kjekt både å gi og få, og me har så mange høve der det passar med blomar! Det er rein nyting å få gleda seg over fargane og duftene, sprudlar Friheim. – Får du ofte blomar sjølv? – Nei, eg får nesten aldri blomar! «Du som jobbar med blomar må no bli lei», hermar ho, og legg til at dei gongene ho faktisk har fått blomar har ho blitt veldig, veldig glad. Ho vert iallfall ikkje lei. Ein av dei absolutte favorittblomane hennar om våren er tulipanar.

Endeleg vår! Tida me er inne i no passar Mette godt, med nytt liv og friske fargar. Det er uvisst kor mange prosent ho har att etter dei 135 med blome- og pynteaktivitetar, men innimellom finn ho tid til diverse handarbeid, og til å gå turar. No på våren lèt ho seg forføra av alt nytt liv ute i naturen, og trekkjer fram kor fantastisk det er å ha den utanfor døra. – Ein treng ikkje setja seg i bilen for å gå seg ein tur, her er alt så tilgjengeleg – det likar eg. Mette, som bur og jobbar i Bergen samstundes som ho driv butikk i rosebygda, kjenner seg mest heime når ho er i Kvinnherad. – Men når eg er i Bergen, seier eg jo at eg er heime då òg, funderer ho. Konklusjonen vert at Rosendal alltid vil vera nærast. Her lever blomstrande Mette det gode liv, tykkjer ho. Ho omgir seg med familie, vener

og gode kundar, i tillegg til dei flotte omgivnadene. Friheim framstår som ei sosial og glad dame, og etter butikken å døma likar ho også å ha det fint rundt seg. På alle måtar. Det kan Friheim stadfesta. – Eg er nok eit ja-menneske, fortel ho og held fram, – om nokon treng hjelp, likar eg å stilla opp. Eg har ein del jern i elden mykje av tida mi, men eg trivst med å ha det slik. Eg seier sjølvsagt ja fordi eg har lyst!

Står på Eitt av jerna ho har i elden er å vera aktivitetsleiar for Handlegato i Rosendal, der ho styrer på med å få gode ting til å skje. Ho kosar seg med oppgåvene. – Eg har tid til det meste, og rekk over det eg vil, stadfestar ho lett. Det kan virka som om Mette Friheim har 12 timar meir i døgnet enn dei fleste av oss. Så kva med fri – er det eit ukjent fenomen? Nei då, ho kjenner sorten, meiner ho. – Det er jo fint med fri, men eg tykkjer på ein måte at eg har ferie når eg reiser på frilansjobbar. Då får eg sjå nye stader og treffa nye menneske – det er ferie for meg! At ho er så engasjert i arbeidet sitt, viskar nok ut nokre grenser mellom arbeid og fritid. Ho pyntar like gjerne heime som i butikken, ute som inne, eller til eit selskap ved ein merkedag. Dåp eller bryllaup, høgtid eller berre ei lita samkome – eit kvart høve der dekorasjonane kan vera med på å løfta stemninga.

Blomeglede – Ein blom er jo ikkje berre ein blom – den kan ha så mykje å seia for heilskapen. Fargane og duftene gjer noko med oss. Noko av det kjekkaste eg veit er å sprudla saman med kundane. I planleggingsfasen kan eg koma under huda på kundane mine, og verkeleg finna fram til det som er perfekt for deira behov! Friheim likar å levera, og legg både sjel og kompetanse i prosessen for at resultatet skal bli perfekt. For kvar kunde er det nye utfordringar som skal løysast. I kvardagen til den kreative blomedama er dermed ingen dag lik, noko ho tykkjer er kjekt. Papirarbeidet og ryddinga vert ikkje trekt fram som ei bakside av medaljen, men vert likevel nemnd nett i forbifarten då eg spør om alt er like kjekt. For framtida sin del er ikkje noko spikra i stein. Mette trivst veldig godt med livet slik det er, og ser fram til tida som kjem – med tulipanar og nye utfordringar hand i hand. Alt som vert sagt strekar under at Friheim er på rett hylle her i livet. Ei hylle fylt med blomar og vakre gjenstandar, fint dekorert med eit strålande smil. Tekst: Jorun Larsen Foto: Bodil Haga

– Ein blom er jo ikkje berre ein blom. Den kan ha så mykje å seia for heilskapen. Fargane og duftene gjer noko med oss.


BLOMSTRANDE OG BLID: Mette Fredheim – strålandes blid frå ho slår augo opp om morgonen. (Fotomontasje: Bodil Haga).


Kaisa og Olina har mosjonert nokre rundar på banen. Kaisa er ein energimaskin som har godt av å springa litt frå seg før ho vert ridd.


– det gode livet 7

Ulrikke Olsen Søllesvik (8) er klar med hjelm og vest, og ventar spent på dagens ridetur.

Det er fleire som har hest på fôr eller halvfôr i ridehallen i Rosendal. Med ansvar fleire gongar i veka, samt annakvar helg kunne ein tru at det vart mykje på dei yngste, men den gong ei! Då vi var innom ein laurdag føremiddag fann vi fleire smilande jenter mellom 8 og 21 år i ridehallen i Rosendal. Nokre blide mødrer nyttar også føremiddagen her. Hestane får stell, mat, kos og mosjon av ivrige og ansvarsfulle jenter. Dei eldste har halde på med hest i mange år, og har mykje å læra vidare til dei som er yngre. Hjelpa er ikkje langt vekke når ein treng hjelp med ein hov eller med kva dekken som skal på. Ingeborg Hestad (11) og Olina Olsen Søllesvik (11) steller saman i båsen til hesten Kaisa. Dei har begge drive på med hest sidan dei var seks-sju år, og synest det er heilt topp, fortel dei medan dei jobbar. Kaisa er på bana og vert ført rundt av Ada Margrethe Seim (14), som har «hest i blodet». – Eg har vore med hestar og halde på med dette sidan eg vart fødd, fortel ho. Ein kan sjå at ho er i sitt rette element med måten ho omgås dei store dyra. – Kaisa er ei maskin, full i energi, fortel Ulrikke Olsen Søllesvik (8), ei anna energisk hestejente. Ho og storesøster Olina er saman om å ha Kaisa på halvfôr. Ho byrja å ri i haust, og tykkjer det er stor stas å vera i

Lukka er å ri. Bak f.v. Malene Seberg Åkra (21), Ada Margrethe Seim (14). Framme f.v. Emma Øen (8), Emma Tangstad (9), Olina Olsen Søllesvik (11), Ulrikke Olsen Søllesvik (8) og Hilde Marie Sandvik (10).

Brukar fritida i ridehallen

hallen. Med hjelm og vest er ho klar for å ri nokre rundar. Kanskje vert det litt trav og, det har ho nyleg hatt sine første rundar med. Emma Øen (8) har også nyleg hatt sitt første trav. Ho har Bolivia på halvfôr, og har halde på med hest i omlag halvtanna år. Sjølv om Bolivia er eit godt hestehovud høgare enn Emma er ho ikkje redd. – Bolivia er veldig snill, fortel ho medan ho børstar pelsen med røynde rørsler. Emma skal gjera Bolivia klar for ei økt på banen, og finn fram alt utstyret som trengst. Jentene vrimlar rundt i stallen. Dei har ansvaret for hestane åleine, sjølv om mødrene er med dei yngste. – Mamma, kan du hjelpa meg med salen, spør Emma etter å ha prøvd å få den skikkeleg på sjølv. Litt tungt og litt høgt, og

mamma Linda må berre gje ei hjelpande hand, så er den på plass. Det er mykje arbeid å ha hest på fôr, men sjølv om det er ein tidkrevjande hobby gjev den mykje glede og lærdom. – Dei lærer å jobba og å ha ansvar, fortel Linda Øen. Ho er berre med for å gje ei hjelpande hand, elles gjer Emma det meste arbeidet sjølv. Om litt er både Bolivia og Kaisa rideklare, og dei unge ryttarane kjem seg oppå dei høge hesteryggane, klare til å ri. Det er nok ein stor del av motivasjonen med å ha hest på fôr. Alle jentene er nemleg samstemte då vi spør kva som er kjekkast. – Å ri! smiler dei opprømte. Tekst og foto: Jorun Larsen


8

– det gode livet

Ariel kom til verda på ein solskinsdag – slik alle lamababyar gjer. På dagtid mellom ti og tolv, når det er sol. Det er fordi pelsen skal kunne tørka til mørket og kulda kjem.

Ryddar beite med lama Eg trur eg vil byrja med lama, sa Hjalmar Heimvik til kona Kristine. – Er du galen?! fekk han til svar. No har dei tre vaksne lama og eit føl på tunet.

For berre nokre veker sidan kom det eit etterlengta lamaføl til bruket på Utåker. Dei venta to små, men den eine stod dessverre ikkje til å redda. Noko som førte til nokre tårevåte augnekrokar i heimen. – Når dei går gravide i over elleve månader, er det ekstra keisamt når det går gale, fortel Hjalmar. Men når alt håp var ute, var det likevel litt trøyst i at lamaen som døydde var ein hann. Dei går ikkje like godt saman med andre hannar, og den virile hannen dei alt har, Tåkedalens Bajar, er også litt brutal.

kvart har distansert seg meir og meir frå. No er det ikkje så mange sauer att, og Hjalmar tenkjer at dei kanskje blir bytte ut med lamaer på sikt. – Det er jo eit godt alternativ til å rydda beite, det var ein av grunnane til at me starta med dette. 600 mål tomt ryddar seg ikkje sjølv, seier lamabonden. Malene (10) hoppar vågalt inn til dei store dyra for å kosa litt med Ariel, det nyfødde følet. – Dei er ikkje farlege, smiler ho, og avkreftar at dei spyttar mykje.

Beiteryddarar

Kristine kan bekrefta det dottera fortel, ho har heller aldri blitt spytta på. – Dei kan spytta på kvarandre dersom dei føler seg trua, og då kan ein jo vera uheldig å

Det heile byrja med at familien overtok garden for fem år sidan. Då var det sauehald som styrte dagane på tunet, noko dei etter

Til glede og nytte


– det gode livet 9

KOS: Malene (10) er nede til Ariel kvar dag. Brørne hennar Joakim (12) og Aleksander (3,5) spring også rundt på bakkane, fri for skepsis til dei store dyra.

bli treft, men det har aldri skjedd med meg, seier ho. Ein vil kanskje ikkje tru at lama er eit typisk kjæledyr, men dei kan både kjæla og dei er jo dyr, så her må ein knaskje trekkja nye slutningar. Dei er i tillegg veldig sosiale, og er aldri langt vekke frå resten av flokken. – Austpå er det meir vanleg å ha lama, det er nokon som faktisk tilbyr utleige av lama i Telemark, informerer Hjalmar. Der kan turistar få gå tur med lama i band for ein billig penge i timen. Dei har grime til lamaen på Utåker òg, og dersom det er marknad for slik turisme, er dei ikkje fjerne frå ideen om å gjera noko liknande også der. Først skal dei læra dyra opp til å gå kløv, slik at dei får rydda litt mark. Malene gjer fleire tapre forsøk på å få grime på hingsten

Bajar. Han legg øyra bakover, og viser med det at ho er på tynn is. Men spyttklysa held han for seg sjølv.

tak, og dei går fint ute heile året. Med dei mjuke hovane sine øydelegg dei ikkje marka, sjølv om det er blautt.

Sjølvstendige

Satsing

Sothild og Sløyfa er hoppene, og det er slike hodyr dei ynskjer fleire av. Dei går godt saman i flokk, i motsetning til hanndyra. Dei vil gjerne ha ti av det slaget, og håpet er å få nokre alpakka også, som har fleire bruksområde enn lamaen. – Det er veldig kjekke dyr, dei klarar seg godt sjølve, noko som passar oss godt, fortel Kristine. Gjengen er ein travel familie på fem, og då er det fint å ha dyr som krev lite og likevel gjer god nytte for seg. Mattilsynet har eit krav om at lamaen skal ha tre leveggar og

Lamaen kjem opphavleg frå Sør-Amerika, der den er eit heilag dyr. Sidan 1998 har det vore lovleg å importera lama til Noreg, og det er per i dag i Telemark det er mest satsing på sorten. Der finst lamaklubb og dyrlege med spesialfelt innanfor lama. Familien Heimvik har lese seg opp på dyret på internett, og fått hjelp av klubben i Telemark. Ideen er å få i gong ei verksemd på garden, der dei kan driva med lama eller alpakka i ei eller anna form. Tekst og foto: Jorun Larsen


10 – det gode livet

Klima og energi - hand i hand Ei av dei aller største utfordringane me har dei nÌraste üra er ü handtere klimautsleppa. Elektrisitet basert pü vasskraft er ein av dei reinaste energikjeldene me kjenner. SKL har store vasskraftanlegg i Kvinnherad. Energien frü desse er med ü leggja forholda til rette for god verdiskaping i heile regionen - og utanfor med. Me ynskjer stadig ü utvikle oss som energiprodusent, og syte for at krafta kjem fram der den trengs

Vasskraft Ein moderne kraftstasjon tek vare pĂĽ heile 90 % av energien i regnvatnet. Til samanlikning nyttar dagens bilar berre om lag 25 % av energien i bensinen. Framtidsretta energiforsyning tyder ĂĽ ta i bruk den beste teknologien. SKL har sidan 1946 skaffa energi til regionen si utvikling. Dette vil me halda fram med ogsĂĽ i framtida.

Overføring Like viktig som ü produsere miljøvennleg energi frü vasskraft, er det ü fü denne energien fram til forbrukarane - anten det er private heimar, offentlege institusjonar eller industri. SKL har ansvaret for det overordna nettet i heile regionen - frü Bjørnefjorden i nord til Boknafjorden i sør - i tillegg til distribusjonsnettet i Stord kommune.

Klima Utslepp av skadelege klimagassar er ei av dei største globale miljøutfordringane me har. Ved ü utnytta vatnet som ein evigvarande fornybar ressurs, bidreg vasskraftproduksjonen til ü motverke global oppvarming.

www.skl.as

SStopp topp brannen brannen ffør ør de dett ta tarr ffyr yr Kontakt oss for et godt tilbud: 5MG tFQPTUQPTU!LFMOP w w w.k vinnheradelektro.no

Tør ø rkoking og glemte kokeplater er ürsaken til 10-15 prosent av alle boligbranner i Norge. Med komfyrvakt fra ø br b annen bryter ut. Eaton skrus komfyren av automatisk før Komfyrvakten er grundig testet av SINTEF og tilgjengelig fo or veggmontasje eller fo or kjøkkenøyløsninger


– det gode livet 11

BENSINSTASJON • BUTIKK • VERKSTAD • DEKK

• Daglegvarer • Drivstoff • Alt innan dekkservice

Skal du rehabilitere eller byggja nytt?

Opningstider: måndag – fredag: 8–19 laurdag: 9–18, søndag: 14–17

J. Lyngnes Bensinstasjon AS

Vi er totalleverandør av byggjevaretenester.

MATRE – TLF. 53 47 91 15

ett frå ovnen R

• TØMRAR • MALAR • FLISLEGGJAR • GOLVBELEGG TEIKNING - PROSJEKTERING - BYGGESØKNAD

Brød, bollar, tebrød, horn, lista er lang, me har nybakte deilege bakevarer kvar dag! Kaffi får du og...

Tlf. 907 68 177 – stig@sandvoll.as

FÔR E D N U H L A BB N! E R E N N I TESTV

R E G N E ! R T T E R U Y D E L ALT D Æ J K L I T STORT UTVALG I LABB OG APPETITT TØRRFÔR

MATMONS, NORSKPRODUSERT KATTEFÔR MED NYE VARIANTER

VI HAR OGSÅ: • FUGLEMAT • KANINFÔR • KATTELEKER

• HUNDELEKER • HESTEUTSTYR OG MYE MER...

FK butikken Dimmelsvik KVINNHERAD Tlf. 99 38 48 70 ÅPENT: Mandag-fredag: 9-17 Lørdag: 9-14

adsign.no

EKORT D N U K R E SPØR ETTE- OG KATTEFÔR PÅ HUND

Butikk og kafé , Skålagato 35 – 5470 Rosendal, tlf. 53 47 61 26 • Fax: 53 47 12 80

is sekk grat Hver 11. Labb 6 kg

ort dek Kun

2.

1.

4.

3.

6.

5. 8. 7. 10. 9.

11.

Gratis


– det gode livet 13

Steikje fine kaniner Dyr er ein stor del av kvardagen til borna i Dønhaug Gardsbarnehage i Uskedalen. Her har to- og firbeinte godt lag med kvarandre.

Maren Haugland Gundersen (5)

Ein del av dagen til born og tilsette består av tur til dyra som høyrer til barnehagen, to hanar og to kaninar. – Dei er vener, fortel Maren (5). Ho har sjølv ein katt som heiter Tom, og kjenner i tillegg mange andre dyr. – Eg kjenner ei kvit høne som heiter det same som meg, smiler ho, og ramsar opp dei andre dyra ho kjenner. Egg hentar ho hos naboen, og så lagar ho mat med egg. Elvira (5) og Linnea (5) tykkjer det er kjekt å halde kaninane. Sjølv om dei er litt store går det heilt fint å halde dei mjuke kjæledyra. – Før hadde me høner her og, fortel dei tre jentene blidt, og klemmer vidare på kaninane. Det er stas med dyr i barnehagen.

Årleg saueprosjekt

Linnea Enes (5) Elvira Haugland Bondhus (5)

Barnehagen har eit årleg prosjekt om sauen, der dei følgjer sauen gjennom fasane i livet – frå lemming til slakt. Dei har til og med ein eigen sauevegg, med bilde av alt frå turar på beite og produksjon av lammerull. Vi spør dei tre jentene korleis dei synest det er å ha saueprosjekt i barnehagen. – Det kjekkaste er når det kjem lam, meiner Elvira bestemt. Linnea er samd, og Maren legg til at det også er veldig kjekt å kosa med dyra. Barnehagen har nyleg starta på nytt prosjektår, der fjoråret vart avslutta med fint nyttårsbord med sjølvlaga pinnekjøt og finklede. Før dét var ungane med for å sjå når vêren var på sauen, og no gler dei seg til lemminga kjem i gang. – Det er noko av det kjekkaste, både for små og store, fortel dagleg leiar, Helene Bjørnebøle, og legg til at noko av det som gjer sterkast inntrykk er når lamma døyr. – Sjølv om dei vert triste når det skjer, er dei realistiske. Dei veit at det er ein del av naturens gong, fortel ho vidare. Andre bolkar i prosjektet er flaskelam, når sauene kjem på beite, når dei vert sendt til fjells og når dei kjem tilbake. Dei får eitt slakt før jul som dei lagar mat av.

Veks med ansvaret Seinare i vår skal dei prøva å ruga fram nokre kyllingar, og forhåpentlegvis får dei verpevillige høner i løpet av sommaren. Noko av det kjekkaste med høner er sjølvsagt å henta egg. Med dette fokuset på dyr og samhandling med dei, ser dei tilsette i barnehagen at det er til stor lærdom for

borna. Dei tek ansvar for mating og stell, og tileignar seg mykje praktisk kunnskap. – Dei som har dyr heime kan ein del som dei lærer vidare til dei andre. Og dei lærer å forstå dyra, som til dømes kva tid kaninane er redde og kvifor dei kan bli redde, fortel Bjørnebøle. Ho og resten av gjengen i Dønhaug Gardsbarnehage er veldig takksame for det gode samarbeidet med naboane, dei er ofte innom hos Olav Hjetland Bringedal og ser til sauene hans, både i kvardagen og til dei større hendingane i sauen sitt liv. – Borna tykkjer det er veldig spanande å ha litt ansvar. Når me går til dyra er det lystprega frå ungane si side. Me prøver også å dyrka litt grønsaker sjølv, og har mellom anna hatt fokus på jakt på hausten. Eg trur det er viktig å læra dei at kjøtdeigen ikkje kjem frå butikken, avsluttar Bjørnebøle. Før vi går får vi sjå at kaninane blir lagt trygt tilbake i buret sitt, godt forsynt med både mat og kjærleik. Tekst og foto: Jorun Larsen


...shopping, drøs, mat, –Det gode liv Husnes Storsenter er det største kjøpesenteret i distriktet. I tillegg til shopping tilbyr vi kulturopplevingar som konsertar,

10–19 (16)

Elvira Haugland Bondhus (5)

utstillingar og god mat og drikke. Nyt livet og kos deg. Velkommen til triveleg handel på Husnes Storsenter.


største butikksenter i distriktet! KLE, SKO OG REISEEFFEKTER Cubus Eurosko Senter Woman Skoringen You Who KappAhl MAT, DRIKKE OG SERVERING Peppes Pizza China Plass Yngves konditori Mix kiosken Eurospar Rema 1000 Kiwi Vinmonopolet Pizza Bakeren ANDRE BUTIKKAR Baronessa Elkjøp Europris Expert Fargerike Husnes Gullfunn Husnes Husnes møbler-Møbelringen Husnes sport/ Sport1 KID interiør Kvinnherad Libris/Ringo Leker MEKK MX Sport Husnes Nille Posten Solsenteret Sunn&Smart Sparebank1 SR-bank Sparebanken Vest Specsavers Husnes Frisør Tilbords Berg Hansen Husnes Trim X - Trimstudio Vitus apotek Vita

... og snart kjem Lykke interiør Jysk

på Husnes Storsenter

Huser meir enn du trur


– det gode livet 17

Alle duene Midt i nabolaget ligg eit hus, med hage, leiker og eit lite skur. Skuret husar 32 duer i ulike aldrar, og med ulike oppgåver. – Her er ungdueavdelinga. Og her er slepp-duene. Her bak har eg avlsavdelinga. Skal me ta ein tur inn? spør Engelsen. Me går inn.

Avl

Tida då duene fauk rundt med bodskap og nyhende er kan hende over, men hjå Edvard Engelsen i Høylandsbygd er brevduene framleis til stor glede.

Duene sit parvis i kvar si kasse. Dei er nyleg blitt sett inn til avl, og éin gong i timen opnar duehaldaren døra til eit nytt par, slik at dei får rom til litt romantikk. På golvet i inngjerdinga står skåler med fôr; vitamin og mineral må til for at befruktninga skal skje på best mogleg måte. I år har Edvard Engelsen stor tru på duene sine. – Men det har eg i grunnen kvart år, smiler han. Med kunnige hender tek han ned ei due og viser teknikk til å halda fuglen, og forklarer ringen rundt foten. – Når dueungane er mellom fem og sju dagar gamle må me ta ringen på. Der står den informasjonen som trengst for å vita kor dua kjem frå, til dømes i tilfelle den kjem bort, fortel entusiasten. Med jobb i Nordsjøen, set han stor pris på å ha hjelp av kona til slike saker dersom han sjølv er bortreist dei dagane det må skje. Det er strenge krav til å føra kontroll på duene sine dersom ein skal delta i konkurransar, og eventuelt gjera maks ut av duehaldet sitt med avl og sal. – Den dyraste dua som er selt til no gjekk for 250.400 euro på auksjon, noko som svarar til i overkant av 1,9 millionar norske kroner, informerer han. Det var kinesaren Hu Zhen Yu som sikra seg dua «Dolce Vita» for denne feite summen. Eg plukkar haka opp frå golvet, og lurer på kva det er med ei due som kan vera verd like mykje som eit hus på bygda. Svaret er stamtavle og forfedrar som har gjort det godt i konkurransar. I konkurransesamanheng er det pengepremiar, og dersom dua ein har gjer det godt, er det også mogleg å driva avl av slaget.

Friskt mot Edvard Engelsen har hatt duer i barndommen, og starta opp att med sorten i 1997. I dag har han 32 duer i skuret i hagen, og ventar 28 nye dueungar i løpet av våren. Kvar due har sitt unike nummer på fotringen. Nummeret fortel kvar dua høyrer heime og fungerer som legitimasjon. Vengespennet fortel kva distanse dua er best skikka til. Denne dua er best på kortdistanse, noko ein kan sjå på lengda på dei ytste fjøra i forhold til vengja. Jo lenger fjørene er i forhold til resten av vengja, jo lenger distanse kan dua fyka med høg fart.

2013 var eit godt år for Engelsen, som fekk ein andreplass i gruppemeisterskap for ungduer. I tillegg mista han

berre éi due, noko som ikkje har skjedd sidan 1997, då han byrja med duer på Halsnøy. Med fjorten avlande duepar i hagen, ventar Engelsen 28 små ungduer i løpet av dei neste vekene. Seks av dei er påmeld til Danish Pigeon Race 2014, MVL-cup i Aabernaa i Danmark. Der tek arrangørane i mot 1800 dueungar til trening, vaksinasjonar, fôring, med meir. I månadsskiftet august – september vert duene sleppt frå Göttingen i Tyskland, 395 kilometer frå Aabernaa. Første due som er registrert tilbake til treningsstaden i Danmark vert selt på auksjon, og eigaren vert 100.000 kroner rikare.

Kvar er du? Edvard Engelsen er fascinert over desse fuglane, og kvar gong dei har treningsslepp, tek han seg i å kikka opp på himmelen for å sjå når duene kjem heim. – Det er det kjekkaste, synest eg. Å sjå at dei kjem heim, tek ein runde rundt huset, og inn, smiler han engasjert. Sjølv om duene kanskje ikkje er venta heim før om mange timar, kan han gløyma å legga andre planar den dagen. Fokuset er sentrert på å få duene heim. Navigasjonssystemet til duene er noko anna som fascinerer. Duene vert mellom anna sleppt på langdistanse ved svenskegrensa, men dei finn vegen heim likevel. Så sant dei ikkje vert teken av rovfugl på ferda. Det er noko Engelsen og hans medduehaldarar i Hordaland har tatt grep om. Gruppe 14, som dei heiter, har søkt Norges Brevdueforbund om å utsetja slepp-treninga til seinsommaren. Då treng dei forhåpentlegvis ikkje å frykta rovfuglar i like stor grad som dei gjer no, alle duene kan fly omkring mellom trea – i fred. – Då eg melde meg inn i Norges Brevdueforbund i -97, var me om lag 550 medlemmar. No er me kring 400 medlemmar, og mange av oss er vaksne menn. Me kunne godt tenkja oss å rekruttera fleire til foreininga, gjerne unge folk. Dersom det er nokon som kunne tenkja seg å driva med duer her omkring, er eg klar til å både gje bort duer og dela kunnskap, og hjelpa til med kva dei enn lurer på, fortel han, tydeleg lysten på eit større miljø og ei endring i den negative medlemskurva. Norges Brevdueforbund vart stifta i 1912, og arrangerer i dag konkurransar i kappflyging frå mai til oktober. Denne forma for brevduehald er ein hobby og sport for dei fleste, medan nokre satsar stort på oppdrett. Tekst og foto: Jorun Larsen

Ein kan finna duer med all slag fargar.


Bente Sjo flytta heim til Halsnøy i byrjinga av oktober i fjor.


Då var ho høggravid etter ei vellukka prøverørsbehandling >>>

Herlege Halsnøy


– det gode livet 21

– Eg har alltid hatt lyst på barn, og då eg nærma meg førti ville eg ikkje venta lenger.

>>> No er ho full av optimisme, klar for å starta det nye, mykje etterlengta tilværet på ein kjend og trygg plass. Over telefon, berre nokre dagar før dåpsdagen til vetle Torstein (4 mnd.), går praten lett. Vetleguten er kalla opp etter oldefar sin. Bente Sjo køyrde forbi Kom-heim arrangementet som vart skipa til 3. oktober, og no kjenner ho at det er nettopp det ho er; heime. – Eg hadde ein fantastisk barndom på Halsnøy. Eg voks opp i Dubbedalen på Sæbøvik, me var ute og sykla, møtte på vener og fann på så mykje kjekt. Ein god og trygg oppvekst, eg kan ikkje hugsa noko negativt! fortel ho ivrig.

Tikk-takk Dagen før praten har ho valt ut songar til dåpen. På grunn av ammetåka har det kome litt brått på, men Bente Sjo meiner ho har kontroll. No held ho på å bretta serviettar til selskapet. Sjølv om ho er åleine med Torstein og med førebuingane, var ho ikkje i tvil om at ho ville prøva å bli gravid. Noko mann hadde ho ikkje, men tikkinga i den biologiske klokka tok ikkje omsyn til det. – Eg har alltid hatt lyst på barn, og då eg nærma meg førti ville eg ikkje venta lenger. Eg ville prøva å bli gravid før eg vart for gamal, så får eg heller finna meg ein mann seinare, stadfestar ho. Bestefar hennar på 94 år er oppteken av at guten må ha ein far, og vonleg får han det, for i enkelte situasjonar tek Bente seg i å sakna nokon å dela kvardagen med. Som under førebuingane til dåpen, som ho no er midt oppi.

Positiv familie Sjølv om det er ein utradisjonell framgangsmåte å skaffa seg ein familie på, har familien hennar støtta ho i valet – og også med å koma seg gjennom ammetåka. – Å ha familien rundt meg var ein av grunnane til at eg flytta heim. Eg hadde snakka med dei fleire gonger før eg endeleg bestemte meg for å bruka donor og prøverør for å bli gravid, fortel ho. Samtalen vår går av seg sjølv. Den nybakte mora er open om tankane rundt prøverørsbehandlinga, og pratar som eit over middels heftig bekkefall. Eg går tom for blekk i pennen, og famlar fram ein uspissa blyant for å ikkje gå glipp av noko. Bente held fram.

– Eg fortalte nyhendet i 70-årsdagen til pappa, at eg endeleg hadde bestemt meg for å prøva. Gratulerer med dagen, liksom, ler ho.

Teknisk prosess Før ho flytta heimatt, budde ho i Oslo og jobba som lærar på ein ungdomsskule i Bærum. Den siste tida i Oslo jobba ho også på eit hospits i Frelsesarmeen for å tena litt ekstra pengar. Pengane gjekk til prøverør. Avgjerda vart tatt november 2012, og alt i desember var ho i gong med behandlingsprogrammet. Gjennom fertilitetsklinikken Ciconia i Århus i Danmark fann ho ein sæddonor. Etter ei stund med førebuande behandling, var det dags for befruktning. På andre forsøk vart ho gravid. Denne prosessen ser ho attende på som ei svært teknisk oppleving. – Eg måtte jo finna ein donor, og i donorbasen fekk eg sjå barnebilete av dei ulike donorane. Eg bladde i lister med informasjon om augefarge, hårfarge, vekt og høgde, og fekk vita om til dømes interesser, elles var dei anonyme. Eg måtte ta medisinar til gitte tidspunkt, og alt var veldig teknisk og klokkestyrt. Allereie tidleg i prosessen merkte eitt av bileta seg ut, og etter nokre rundar med sortering, fall valet til slutt på denne. Det var ein spesiell prosess å vera i, tykkjer ho.

Ein sjo’ar er fødd Bente ville ikkje velja utifrå utsjånad, men såg etter karakteristikkar som kunne minna om hennar eiga slekt. No når Torstein endeleg kom til verda, er det mange som kommenterer at han liknar på den eine og

andre i familien, noko som er veldig godt. – Mange er veldig nyfikne på kven som ligg i vogna, og lurer på korleis han ser ut. Men han er jo frå meg, seier Bente lett. Ho tykkjer det er stas at han er ein «sjoar». Alt er som det skal vera; perfekt. Etter eit fint svangerskap, lett krydra med overdriven googling på kva ein bør og ikkje bør gjera når ein er gravid, ser den vetle familien no fram mot lysare tider på Halsnøy. «Mamsen» er glad i å nytta naturen, og guten er glad i frisk luft til kvilane sine. – Han er ein heilt fantastisk grei unge, rosar mora og held fram. – Når han er blid, er mor blid. Me er inne i ein positiv spiral her!

Tåka lettar I alt som vert fortalt, skin det gjennom at Bente Sjo er takksam. Takksam for at ho fekk bli mor. For at ho har kome heim til familien, vener og kjente. – Alt er så nært her på øya. Ein møter alltid på nokon når ein er ute på tur. Om eg berre har slått av ein prat med damene på butikken, kjem eg heim og kjenner at i dag har eg jo vore kjempesosial, ler ho. Etter fleire år i byen er ho klar for å byggja nettverk og relasjonar i heimkommunen. Kanskje spesielt som åleinemor, og som heimflyttar, treng ho å skaffa seg eit godt nettverk i Kvinnherad. Ut frå det ho fortel, kjem ikkje det til å by på store hindringar. – No lettar ammetåka som eg har vore i dei siste månadane, og eg gler meg til å vera mykje ute på tur. Eg er også med i to barselgrupper, der me finn på ulike aktivitetar. Elles er det veldig mange som har vore innom, alle er positive og viser meg mykje omsorg, seier ho, tydeleg glad for den >>>


>>> nye kvardagen og måten ho har blitt teken imot i bygda.

Med på det som skjer Kulturlivet er ein anna arena ho skal forsyna seg av no når ho er komen heim. – Så du vil ikkje sakna kulturtilboda som finst i byen, undrar eg. – Nei, sjølv om det er mykje tilbod i byen, nyttar ein seg kanskje ikkje like mykje av det. Det verkar som om folk her i Kvinnherad er flinkare til å delta på dei arrangementa som er. Eg hadde ikkje tid til å få med meg så mykje då eg budde i Oslo. Då eg var ferdig på jobb, skulle eg eta middag, kanskje trena litt, eller treffa vener, og så var den dagen over, minnast ho. Av hendingane

ho gler seg til å ta del i dette året, er festivalane og magiske konsertar i borggarden på baroniet. Sjølv om det er lange avstandar mellom inst og ytst i kommunen, ser ho ikkje på det som noko negativt. Det som skjer dei ulike stadane gjer reisa vel verdt det. – Og sommaren på Halsnøy er jo heilt fantastisk. Ofte har eg brukt alle ferievekene mine her. Å koma til Ranavik og kjenna den herlege, friske lufta er heilt nydeleg, fortel ho entusiastisk.

Fantastisk år Sjølv om Bente Sjo har eit positivt syn på framtida, er ikkje alle brikker lagde enno, sjølv om konturane er ganske klare. – Eg har jo permisjon frå lærarjobben i

Bærum, og eg fekk nettopp melding frå mamma om at søknadsfristen for lærarjobbar her i Kvinnherad er om nokre veker. Eg har veldig lyst å jobba på ungdomsskule, men eg veit jo ikkje om eg får jobb der, eller om eg får jobba med faga mine, fortel ho. Kvinnherad kommune kan venta seg søknad til både Øyatun og Husnes ungdomsskular den næraste tida. Og det frå ei med naturfag og matte som hovudfelt. Det er draumejobben hennar, heilt klart. – Ungdommane er så herlege! Dei tykkjer jo me er så gamle, og at me ikkje forstår noko som helst. Det er så mykje greier med dei, men dei er kjekke og løgne, fortel ho engasjert og blidt. Ho kan ikkje tenkja seg eit anna yrke, men


– det gode livet 23

ho er open for å finna seg noko anna dersom det fell seg slik. Og med seg sjølv i arbeid håpar Bente på å få plass til Torstein i barnehage. Korleis det er med barnehagedekning og på arbeidsmarknaden har ho ikkje sett seg heilt inn i enno. – Men eg er optimistisk, det må eg vera. Eg kjenner meg så heldig og lukkeleg som har det så bra, seier ho med orda til Olav H. Hauge i tankane: Det er den draumen me ber på, at noko vedunderleg skal skje, at det må skje.

Tekst: Jorun Larsen Foto: Bodil Haga


NY SESONG: Ariel og Merete gler seg til ein ny sesong med agilitytrening.


– det gode livet 27

Agility – for glede og samhald

Merete Vimme og Ariel gler seg til agilitysesongen er i gang att etter vinteren. Med solskin og utan vind, spring dei nokre gonger gjennom hinderløypa på Husnes, begge like entusiastiske. Som nestleiar i Kvinnherad Hundeklubb og agilitytrenar, representerer Merete Vimme ein del av eit veksande miljø i kommunen. – Me hadde eit nybyrjarkurs i agility denne hausten, og etter det har me hatt eit kjekt oppsving. No håpar me at dei som var med oss på kurset held fram med treningane, og at me får eit aktivt miljø! informerer ho smilande. Kurshaldaren dei hadde i haust kom frå Haugesund. Treningane, som dei har éin gong i veka, held dei sjølve. – Det var veldig kjekt å få i gang denne banen. Me ønskte ein stad der utstyret kunne stå ute, slik at dei som ville kunne driva eigentrening. Dessverre har me opplevd litt hærverk på utstyret, men me håpar dei snart går lei, fortel Vimme optimistisk. På banen er det ulike hinder til å hoppa over, springa mellom eller gjennom, med meir. Hundeklubben håpar også å få lyst opp området ved ungdomsskulen etter kvart.

Italiensk mynde Både Merete og hennar italienske mynde, Ariel, strålar blidt medan dei spring rundt på banen. Ariel bryr seg lite om anna enn

HINDER: Ariel spring gjennom hinderet, og Merete gir teikn med handa om fortsetjinga.

matmor og dei kjekke utfordringane i løypa. Ho har kledd seg med strikkegenser i kulda, medan eigaren må slenga av seg jakka i aktiviteten. For agility er ein sport som ikkje berre er blitt meir populær i Kvinnherad, men også i resten av landet. I sommarhalvåret er det stemne om lag annakvar helg på Vestlandet. Lenger aust kan ein delta på slike kvar helg. Merete og Ariel har også erfaring med slike, etter tre år med trening. – Dei gongene me har delteke på stemne har me stort sett kome på pallen, eller blitt diska. Med ørsmå marginar i kroppsspråket til føraren, skal det ikkje mykje til før hunden misforstår teiknet. – Eg kan altså aldri skulda på Ariel, ho gjer berre det ho får beskjed om, og ynskjer alltid å gjera sitt beste! smiler agilityentusiasten. Ho ser store verdiar i denne sporten, og

tykkjer det tilfører hundehald ein ny dimensjon. – Hundane vert veldig glade for å bli utfordra slik! Det er mykje tyngre mentalt enn fysisk for dei, men dei elskar det. Ein får ein heilt anna kontakt med hunden sin dersom ein trenar agility – ein oppdagar nye sider ved kvarandre. Merete legg til at agility er ei lystprega treningsform der hundane vert motivert av å lukkast, ros og godbitar – Jo vanskelegare hinderet er, jo betre godbit, smiler ho. I hundeklubben er det per i dag om lag femti medlemer, og dei håpar på ein del aktivitet i den komande sesongen. Dei vil halda agilitykurs for både nybyrjarar og for vidarekomne i løpet av våren, og gler seg til å vidareutvikla miljøet framover. Tekst og foto: Jorun Larsen


28 – det gode livet

FAMILIEVENNLEG: Det polske ekteparet fekk ein mykje meir familievennleg kvardag etter dei flytta til Sandvoll. No har dei tid til ĂĽ leva som ein familie, saman med borna Wiktor og Dorota.


– det gode livet 29

Ein polsk familie på fire har fått eit meir familievennleg liv i Kvinnherad.

Frå Polen til Sandvoll Dei flytta til Norge for snart to og eit halvt år sidan. Grunnen var at dei ønskte tid til å leva som ein familie.

Satsa – Norge er eit fantastisk land, menneska her er så positive og naturen er majestetisk! Tomasz Pikora entrar kantina til Zenit på Husnes, der han jobbar, med eit stort smil og ein overveldande entusiasme for det nye landet. Han og kona Katarzyna var ikkje interesserte i å jobba tolv timar kvar dag midt i storbyen Warszawa. Fleire dei kjende snakka veldig varmt om Norge, derfor satsa ekteparet alt og flytta mot nye jobbar og ein ny kultur. Etter om lag to år i Møre og Romsdal og Bergen, kom opninga om å flytta til Kvinnherad. Det var ledig stilling på tannklinikken til Katarzyna. Anne Sigrid Totland, leiar på tannklinikken, var ikkje sein med å sjekka om det var ein ledig stilling til Tomasz også. I dag er han energiingeniør hos Zenit. Ekteparet nærast kranglar om å ha den beste sjefen, og er veldig nøgde med å ha hamna her.

Betre arbeidsvilkår – Det er heilt andre arbeidstilhøve her enn i Polen, der jobba me lengre dagar, og spesielt fredagane kunne pendletida vera veldig lang. Her har me fått ein betre balanse mellom arbeids- og familielivet, og i tillegg er moglegheitene me har til å nytta naturen heilt ekstreme i forhold til i Polen, fortel Katarzyna. Ho er tydeleg takksam for den nye kvardagen dei har fått her i Kvinnherad. – Me går på jobb frå sju til tre, og etter tre har me fri resten av dagen, smiler ho nøgd. Dei bur i eit hus på Sandvoll, berre tretti meter frå sjøen. Dei har kjøpt seg båt og er ofte ute og fiskar. Elles nyttar dei fjella og er mykje ute i naturen. At det er ein halvtime mellom fjord og fonn klarar dei nesten ikkje å tru. – Sjølvsagt saknar me litt storbyliv, med

teater og mange restaurantar, men me har framleis husværet i Warszawa, og kan oppsøkja det livet når me har fri. Ungane lærer seg både polsk og norsk, slik at dei skal kunna kommunisera med familien heime, informerer Tomasz, stadig med eit breitt smil og energisk gestikulering.

Lotto-gevinst for Kvinnherad Dei nye arbeidsgjevarane deira er mektig imponerte over måten ekteparet har omfamna den norske kulturen på, og korleis dei integrerer seg sjølve i lokalsamfunnet. – Bylivet er jo viktig for dei, men dei får jo med seg ein del av kulturlivet her og, fortel Anne Sigrid Totland, og refererer mellom anna til årets kulturfestival som nyleg vart skipa til på Husnes. Bente Marie Sjo hos Zenit er like begeistra for ekteparet, som forlét det dei kjende til fordel for noko heilt nytt. Ikkje minst er ho glad for at tannklinikken og Zenit kunne samarbeida om å gjera rom for kompetansen Tomasz og Katarzyna sit på. – Eg trur heile kommunen vinn på at dei ulike verksemdene unner kvarandre suksess, meiner Sjo, og tykkjer det står stor respekt av å flytta til eit heilt ukjend land med to små born. Begge arbeidsgjevarane synest det er flott å kunna rekruttera slike ressurssterke menneske til kommunen, og oppfordrar andre verksemder til å gjera likeins dersom det dukkar opp kompetanse som andre verksemder kan ha nytte av. – Når Katarzyna søkte på stillinga hos oss, var eg ikkje i tvil om at ho var den rette til jobben. Men det er ikkje sikkert ho ville teke imot dersom Tomasz ikkje hadde fått jobb her òg. Eg tok nokre telefonar, og det ordna seg heldigvis denne gongen. Kvinnherad har vunne i lotto når me har fått slik kompetanse til bygda! avsluttar Anne Sigrid Totland. Tekst og foto: Jorun Larsen


30 – det gode livet

– til felles nytte!

Tenk å vera eigar av «sitt eige» kraftlag Ein draum for mange, men ein del av kvardagen for våre kundar Frå fiskefestivalen på Sæbøvik.

Halsnøy,Valen og Fjelbergøyane: Eit sjønært og solrikt sommarparadis! På Sæbøvik har du landsbyen med alle dei tilbod du treng til dagleg. Og samstundes er du berre nokre minutt frå handlebyen Husnes. Her kan store og små nyta det gode livet. Og som fastbuande eller næringsdrivande kan du i tillegg nyta tilværet som eigar av «ditt eige» kraftlag! Så har du byggjeplanar eller vil starta eiga verksemd? Kom til oss og ver velkomen som kunde og medlem. Det løner seg!

Frå Fjelbergdagen.

Sandvolleyball på Halsnøy.

Kajakktrening på Valen.

Bjoanesvegen 69 • 5454 Sæbøvik • Telefon 53 48 30 00 www.fjelberg-kraftlag.no

a! n n tu g n la i r ald


– det gode livet 31

Halsnøy

– ei perle i fjorden

Ein liten snål butikk! • GARN • STOFF/TEKSTIL • SKO • DUKAR M.M.

Sæbøvik - Tlf. 53 47 81 60

ett frå ovnen R

Me trør på vidare!

Meir spennande varer enn nokon gong!

Ein føresetnad for det gode liv, er at det daglege brød er godt! Besøk vårt bakeri på Sæbøvik. Velkomen innom! Sæbøvik – Tlf. 53 47 63 07

Bakeri og kafeé, Sentrum – 5454 Sæbøvik , tlf. 53 47 61 26 • Fax: 53 47 12 80

LANDAMARKA BYGGJEFELT

Velkommen

NICOLAS VAHE

til butikken som bugnar av vårnytt i interiør, leiker og klede!

Einebustadtomter og tomannsbustader kjem for sal!

Følg oss på Facebook

I tillegg til alt innan

Nyhet! Nicolas Vahe: Krydder, oljer, pestoar m.m.

Sæbøvik Gåver & Leiker Tlf. 53 47 62 07

og Instagram

BYGGEVARER OG TRELAST får du følgjande i butikken vår:

• JERNVARER • MALING • TAPET OG GOLVBELEGG • OVNAR OG PEISAR • HØGTRYKKSVASKARAR • ELEKTRISK VERKTØY • KJØKEN

Supermarked Post i butikk • Tipping • Rikstotto • Apotek

I byggmeister/tømrardelen tar vi oss av både små og store oppdrag:

• NYBYGG, EINEBUSTAD, HYTTE, NAUST, GARASJE • ALT INNAN TILBYGG OG RENOVERING Me tek oss av byggjesøknader og kan hjelpa til med teikning.

HALSNØY Landamarka, Halsnøy Tlf. 53 48 00 00 E-post: oybygg@knett.no

OPE: 8–20 (18 ) TLF. 53 47 61 02

Sæbøvik


32 – det gode livet


– det gode livet 33

Med snute for søk Dei er ikkje så høge, men lange er dei. Fire stridhåra dachsar sprett rundt i stova til Kai Esten Dale og Randi Gerd Barstad i Dimmelsvik. Med veiftande halar og nyfikne snutar tek dei glade i mot meg, ein hjarteleg velkomst. Matmor og -far er hakket mindre entusiastiske, noko eg set pris på. Det er kanskje ikkje for alle å ha fire hundar, men når det kjem til dei kjekke omnsrøra, sparar ein litt på volumet likevel. Både i høgde og breidde er dei smålåtne i omgivnadane. Sjølv om denne kvartetten i kvardagen spreier stor glede i heimen, har dei også ei anna rolle. Dei deltek på ettersøk saman med matfar.

Alltid budd Kvinnherad er ein hjortekommune, og årleg er det mellom 35–55 ettersøk grunna påkøyrslar. I fjor var det 52 slike her i kommunen. Rev og rådyr er også blant dyra som kjem inn under denne statistikken. I tillegg til påkøyrslar er det også uhell ved jakt som treng ettersøk. Kai Esten Dale er for tida

Sofus er den eldste av dachsane, og elskar å gå fritt. Med sine vonde hofter dannar han baktroppen og tuslar rundt i eige tempo.

leiar i ettersøkslaget i Kvinnherad, og med seg på laget har han dei erfarne sporhundane Sofus og Lukas, og etter kvart også ungdomane Billy og Elvis. – Sofus er vel å rekna for pensjonert ettersøkshund, han har litt problem med hoftene og klarar ikkje dei lengste eller mest krevjande terrenga lenger. Det er veldig synd, for han har ei heilt unik evne på ettersøk, fortel Dale. Evna til å halda fokus vert drege fram som ein sterk kvalitet, og hadde det ikkje vore for hoftene og ryggen, ville denne hunden vore perfekt for vidare avl, meiner matfar.

Ufatteleg seig Dachs er ein hunderase som søkjer ved å lukta på bakken og følgja spora i terrenget. Då det er ein fordel å ha to hundar å kunna spora med, held eigarane på å trena >>>


34 – det gode livet

– Lynnet på desse hundane er veldig fint, dei er familiekjære og krev ikkje så mykje som einskilde andre hunderasar

>>> opp Billy, slik at han kan delta på søk saman med eller for å avlasta Lukas. Som eigenrådig ungdom er ikkje Billy like god på å leggja frå seg iveren når han er ute på tur eller søk, og er difor utstyrt med GPS slik at han ikkje skal bli borte for eigaren. Elvis er også utstyrt slik, og har enno ikkje vist noko særleg interesse for ettersøksbransjen. Eigarane reknar med at han vert moden for det berre han får litt meir tid på seg. – Lynnet på desse hundane er veldig fint, dei er familiekjære og krev ikkje så mykje som einskilde andre hunderasar, informerer Dale, og dreg fram døme på eigarar som må sykla på tur med hundane sine fleire timar dagleg. Dei har det ikkje slik med sine fire dachsar. Men dei er ufatteleg

seige, og kan lett gå tur i fleire timar, Dale fortel at dei har frysaren full fortel eigarane, og held fram: av blod, noko som gjerne høyrest over – I eit søk me gjennomførte gjekk gjennomsnittet makabert ut. Men dei me i til saman tjue timar. Då var det nyttar blodet til å trena, eit viktig Sofus som var med på søket – vedlikehaldsarbeid som gjer at me skulle finna ein hundane som har desse oppskadeskoten hjort. Me gåvene får tileigna seg fann den til sist daud, erfaring heile året. Vakttelefonen er med kulehol i kjeven Erfaring er viktig både open alle dagar, og tunga langt ut av for førar og hund, og ein heile døgeret; munnen. stor motivasjon ligg i å 480 07 327 finna det ein søkjer etter. Erfaring gjer ein god Det gjer både hund og førar stolte. Dachsen har sitt opphav frå Tyskland, og er avla som jakthund på grevling og andre dyr som Utfordringar med søk lever i hi under bakken. Med dette Ettersøkslaget består av ei gruppe på som oppgåve, er rasen naturleg sjølv- ti, og dei har ei rullerande vaktordning stendige og tøffe dyr. Mentalt er dei med ei vekers vakt i slengen. Med veldig tøffe, og dei vert tydeleg stolte ulike hunderasar og ulik erfaring over å finna det dei søkjer etter. innanfor gruppa, hjelper dei ofte kvarandre i situasjonar der det trengst. Likevel er det einskilde situasjonar som vert ekstra utfordrande, og det er når dei ikkje veit kor dei skal byrja søket. – Dersom ein først køyrer på eit dyr, bør ein ringa vakttelefonen og melda frå om at det har vore ein påkøyrsel. Ein kan også ringa politiet, då melder dei vidare til oss, informerer ettersøksleiaren. – I tillegg er det viktig å merka ulukkesstaden, slik at me finn staden søket skal starta frå. Ein stein, ein plastpose, eller ein refleksvest er alle gode markørar. Det vert vanskeleg å finna sporet til det rette dyret om det er midt i eit hjortetråkk der det kanskje er ti-tjue andre dyr som nyleg har passert. Tekst og foto: Jorun Larsen

Elvis tek ut i vilter leik med Lukas hakk i hel.

Kai Esten Dale slepp dei fire hundane sine fri i Aterstad, det glitrar lukkeleg i augo på alle fem.


36 – det gode livet

Det gode dyreliv Kvinnherad fotoklubb har 30-årsjubileum i år. Ein klubb med veksande medlemsskare fekk i oppgåve av Kvinnheringen å tolka det gode dyreliv. Totalt 13 fotografar sende inn bilde i konkurransen. Ein jury i Kvinnheringen har kåra Inge Audun Røssland sitt bilde med ein gut på traktor med hunden i førarsetet som vinnarbildet. Fotografen får eit gåvekort på 1000 kroner. Vi gratulerer. Foto: Atle Helland

Foto: Jorun Larsen

Foto: Frode Blokhus

Foto: Sarita Karin Sundsbø

Foto: Per Arne Leirvik

Foto: Nils Magne Kloster

Foto: Kai Egil Kvamsdal

Foto: Lars Håvard Eikeland

Foto: Arne Tor Isene

Foto: Sølvi Gundersen

Foto: Gunnhild Kvåle

Foto: Lars Martin Teigen


– det gode livet 37

Vinnarfoto: Inge Audun Røssland


VIKINGGRILL

- med biter av norsk spekeskinke

Valgfri drikke

Kultur- og idrettstilskot for barn og ungdom

0,5 ltr brus, vann eller juice

19,-

+ pant

Nyhet!

29,Spise her kr 32,-

HUSNES

TA VARE PÅ BILEN DIN

Tlf. 53 48 65 00

Vi har alt du treng til innvendig og utvendig vask

Kvinnherad Energi har for 2014 sett av kr 200.000,- for å yta tilskot til arbeid som gjeld barn og ungdom som driv med idrett og kultur i Kvinnherad Energi sitt konsesjonsområde. Nærare retningsliner på vår nettside nett.kvinnherad-energi.no eller kontakt Marknad- & IT leiar Kenneth Ingvaldsen på tlf. 53 47 56 00.

Søknadsfrist 1. mai Tildeling av midlar vert kunngjort 1. juni.

Søknader må merkast «Sponsing 2014» og kan sendast på epost til: firmapost@kvinnherad-energi.no eller per post til Kvinnherad Energi AS, 5464 DIMMELSVIK. Vikjo 7, 5464 DIMMELSVIK

Søk på Kvinnheringen i Apple Appstore på iPhone, iPad eller iPod touch

Søk på Kvinnheringen i Android Marketplace eller Google Play på Androidtelefonar og nettbrett

HARDANGERFJORDEKSPRESSEN BERGEN - ROSENDAL Daglige avganger Bergen-Rosendal hele året, se www.rodne.no

No kan du lesa Kvinnheringen på mobil og nettbrett frå ca kl 07.00

Uforglemmelige opplevelser på Baroniet Rosendal, i Folgefonna nasjonalpark og videre innover i Hardangerfjorden.

Sommerrute fra 1/5-30/9.

Last ned appen og kom i gang. Logg deg inn med samme brukarnamn/passord som du brukar på e-avisa. Har du ikkje e-avis kan du registrera deg på www.kvinnheringen.no

Billetter kan kjøpes om bord og hos Turistinformasjonen i Bergen.

Hardangerfjordekspressen den raskeste veien mellom Bergen og Hardanger!

…di lokalavis mail@rodne.no www.rodne.no


– det gode livet 39

BILVERKSTADEN FOR ALLE

Husnes Tannlegesenter Tlf. 53 47 70 00 Stabburshaugen 5, Husnes

Treng du: • Implantat-behandling • Snorkeskinne

• Profesjonell tannbleiking • Akuttbehandling

På Husnes Tannlegesenter får du hjelp til dette og meir.

ØLVE BILSENTER A.s • Bilverkstad • Bilberging • Bensinstasjon

Vi har høg kompetanse og utstyr til å føreta dei aller fleste reparasjonar på bilen din – uansett merke. Etter servicen hos oss gjeld sjølvsagt garantien frå bilprodusenten din framleis. Vi utfører òg billakkering.

Hugs! Du har sjølv ansvar for at bilen din vert EU-kontrollert i tide. Sjekk fristen for bilen din her:www.meca.no

5637 ØLVE • obaoelve@online.no • Tlf.: 53 48 91 76

Tlf. 53 47 15 11 Onarheimslio 204, 5460 Husnes

www.mecacarservice.no

VERDSLEIANDE V ERD DSLEIANDE

på høgteknologiske høg gteknologiske livr edn ningss em livredningssystem edningssyst Norsafe p er i sterk sterk vekst, vekst, og tel i 2014 Norsafe Group Group 1200 tilsette Årsnes p verdsbasis. verdsbasis. Norsafe Norsafe Årsnes tilsette på utviklar, produserer davitsystem ttilil odu userer og leverer leverer davitsystem utviklar, pr verdas verdas mest krevjande krevjande offshore-marknadar. offshore-marknadar. Norsafe service-tenester innan innan Norsafe tilbyr tilbyr også service-tenester servi livredningsutstyr. livredningsutstyr.

Mer informasjon informasjon finn finn du på www.norsafe.com www .norsafe.com


– det gode livet 41

Unge bønder Torbjørn Haugland (9) og Pål Ingmar Haugland (9) frå Uskedalen deler ein draum. Draumen om å bli bonde. Etter skuletid er dei allereie i arbeidskleda sine. Kompisar og naboar, samarbeidspartnarar i arbeidslivet, samde om det meste utanom traktormerke. – Valtra er jo berre best, seier Pål Ingmar med glimt i auga og stikk i sida til kompisen. Han peikar på merket han har på arbeidsdressen sin og smiler. Han veit at dei har ulikt syn i saka. Torbjørn seier sjølvsagt i mot. – Nei, John Deere er jo den beste, det er den traktoren me har hatt heile tida. Eller me har jo hatt ein Massey òg, men den vart det hol i taket på, så John Deere er jo den beste. Argumentet held mål, det er sjølvsagt lite haldbart med traktorar som vert holete. Og dessutan er det Torbjørn som har den største traktoren, det spelar nok litt inn det òg. Den holete Massey-en køyrer framleis rundt på tunet, men den nye John Deer-en spelar hovudrolla på tunet.

Bygd versus by Gutane har vakse opp på gard, og lært ein heil del om bondeyrket berre med det. Dei konkluderer med at dersom ein har budd i by heile livet, har ein dårlegare føresetnader for å bli bonde. – Byfolk veit jo nesten ikkje kva ein høygaffel er eingong, meiner Torbjørn. – Nei, men ikkje alle ting er like lette, sjølv om ein har budd på gard heile livet. Til dømes >>>

Torbjørn og Pål Ingmar har vakse opp på gard, og veit godt kva ein høygaffel er.


P책l Ingmar gir sauene mat og kos. Dei har 80 sauer p책 garden hans.


– det gode livet 45

>>> mjølkemaskiner kan vera litt vanskelege, kjem det supplerande frå Pål Ingmar. Torbjørn kan relatera til utfordringa, og fortel om ein episode der dei mista mykje mjølk med den nye maskinen sin. – Trur det var 100 liter som gjekk rett i sluken. Eller tusen liter. – Ja, då vart det nok tap, støttar Pål Ingmar.

Raude tal At bønder har utfordringar er dei altså ikkje framand for. Torbjørn byrja med høns for om lag to år sidan. Han førte sjølvsagt rekneskap over verksemda, som famna om eggsal, ruging av kyllingar og hønsesal. I haust innsåg han realiteten; at det ikkje svarte seg økonomisk. Han selde ut resten av flokken og la hønseprosjektet på hylla. Pål Ingmar såg potensial i hønsehald, og kjøpte av Torbjørn ei høne som nettopp hadde ruga ut seks kyllingar for eiga maskin. I dag driv han med ei liknande bedrift. Bedrifta har det klingande namnet «Egg frå Pål sine høner». – Eg har 17 høner og ein hane, fortel han, og melder om at han har selt ein del egg, samt to hanar. Torbjørn har også erfaring med gris, som han villig deler. – Då eg hadde grisar gjekk eg skikkeleg i minus. Dei åt jo så mykje, og dessutan fekk eg ikkje så mykje for dei når eg leverte til slakt. Eg sat igjen med 303 kroner i minus. Men så fekk eg jo 46 kroner av den norske stat, så då vart jo tapet litt mindre, smiler den røynde niåringen.

Realistiske optimistar Men at grisar er kjekke dyr er dei unge bøndene samde om. – Eg vil vel helst driva med sauer og kyr. Det er dei dyra som er kjekkast å ha, meiner Pål Ingmar. Torbjørn nikkar, og legg til at ein må nesten ha gris òg. Ein av dei største motivasjonsfaktorane bak bondedraumen er kontakten med dyra. – Det aller kjekkaste er jo å kosa med dei, og å gje dei mat, fortel gutane. At ein kanskje må opp midt på natta for å passa på til dømes når det kjem lam, verkar ikkje å vera ei bakside av medaljen. – Men ein må jo passa på heile tida, liksom. Det er jo nokre som døyr òg, men slik er det berre å driva med dyr. Torbjørn har per i dag katt, sauer og kyr på garden. Pål Ingmar har sauer, høner, hund og tre kaninar. – Ja, og nokre hybelkaninar, smiler han lurt. Både Torbjørn og Pål Ingmar har stjerner i blikket når dei snakkar om landbruksmessa. Dei tenkjer allereie på å ta traktorlappen, og kanskje å jobba som avløysarar når dei vert litt eldre. Deretter satsar dei begge på at draumen vert ein realitet. – Ja, me skal bli bønder når me blir store! avsluttar dei samstemt. Tekst og foto: Jorun Larsen

Capsen gjev ikkje rom for tvil, Torbjørn skal bli bonde.

Det kjekkaste med å vera bonde er å kosa med dyra, gje dei mat og stella. Her i fjøsen på Torbjørn sitt tun.


46 – det gode livet

Tid for å nyta utsikten! GLASSREKKVERK Ingeniør Ingeniørkompetanse kompeta innan skips- og maskinteknikk, offshore, energi-/elektro, maskint eknikk, o dokumentkontroll do kumentkontro og teknisk teikning.

S Som om konsulent kon får knytta kontaktar eg knytta både int ernt og eksternt. både internt Eg får får vera vera ein del d av eit nett verk som aukar au nettverk etter kvart endrar kvart som oppgåvene oppg et er godt arbeidsmiljø seg. D Det i Zenit Engineering, og ein Engineer kan alltid kontakta kontak ein kan kkollega ollega å spørja om råd. Maskiningeniør T Tordis or o dis Sagstad Sagstad

som gjer full utsikt, pr. m. kun

1.999,-

ISOLASJON til fast lågpris!

Vedlikehaldsfrie PVC VINDAUGA til fantastisk låge prisar.

100 mm pr. m2

Eksempel 109 x 59 cm

150 mm pr. m2

1.999,-

250 mm pr. m2

V Velkommen elkommen innom!

www www.zenit.no .zenit.no eller i O Onarheimsvegen narheimsvegen 96, 5460 5460 Husnes

45,65,85,-

SANDVOLL Ring oss eller send oss gjerne ein e-post. Sjekk våre Facebook- sider for gode tilbod og tips.

Tlf. 53 47 05 00 sandvollhandel.com salg@sandvollhandel.com

HUSNES PANORAMA 11 av 18 leiligheter solgt. Moderne leiligheter på taket av nytt kjøpesenter. Heis, carport og gode kvaliteter! Husbankfinansiering. 18 eierleiligheter BRA Areal fra 76 - 153 m2, Faste priser fra 2.355.000 Husnes Panorama Kontakt megler i dag ag fo or å melde din interesse! Kontakt: DNB Eiendom Stord / Bergen Nybygg Megler: Kristofffe er Henriksen tlf. 97 08 25 25 www.husnespanorama.no dnbeiendom.no

- Byggestart av Husnes Panorama er vedtatt. - 11 stk. leiligheter solgt,. - Gunstig Husbankfinansiering med rente på ca. 2,5 %. Alle - uansett alder - kan søke finansiering i Husbanken.

11 AV 18 LEILIGHETER SOLGT!


– det gode livet 47

Prosjekt på gong? vi har løysingane!

Sjekk prisen !

448,-

BOSCH

DRILL

895,-

For de n

proffe

PSR 10,8 LI-2

Vert levert med to batteri og koffert.

2390,FORMPRESSA DØRBLAD Kvit, 3 speil. 70/80/90 cm x 200/210 cm

BOSCH GSR 18 2-LI

BOSCH

KAPP-/GJÆRSAG

DRILL Kraftig og kompakt proffdrill. Leveres med 2x3 AH-batteri og L-Boxx

LADY WONDERWALL Robust, flekkavvisande veggmaling med svært god dekk-evne. Silkematt.3 l.

SENSE 103 Varmeeffekt: 2,5-7,0 kW

8.450,Nyhet !

SENSE 203 Varmeeffekt: min. 3,3 kW

11.250,-

PCM 8S

Med uttrekk. Kraftig 1200 W motor. Kutthøgde inntil 70mm, kuttbredde inntil 282 mm.

JOTUN

Peisovn

2290,-

BOSCH

2990,-

MONSTERKIT

10,8

Bore-/skrumaskin, slagskrutrekker, bajonettsag, multicutter og halogenlykt

KAMPANJEDAGAR

Garderobar er biltt ein integrert del av heimen som framhevar stil og smak på ein spanande måte. Langlo har løysingane som passar deg!

298,GJØCO

INTERIØRMALING

÷30%

Silkematt 10. Alle fargar. 3 l.

169,-

Priseks. på bildet: LANGLO ASUR. Listepris 7.263,Kampanjepris:

PÅ FABR IKKEN SIN LIST EPRIS.

5084,-

GJER EIT KJØKKENKUPP! No får du ekstra gode prisar på våre bestselgarar! om innom for tilbod og hjelp til å teikna kjøkkenet ditt!

Teigen Bygg & Trelast AS, Husnes Telefon 53 47 59 10 info@teigen.byggern.no

Kvinnheringen

Ope: Mån.-fre. 7-18 Laurdag 9-15


48 – det gode livet

ÅRETS BILNYHET FRÅ SUZUKI

Frå bybil til fjellgeit LENGRE - BREIARE - HØGARE - KRAFTIGARE Suzuki lanserer no heilt nye S-Cross 4x4. Den nye store folkebilen kombinerer det beste frå SUV bilar, tradisjonelle personbilar og ikkje minst stasjonsvogner. Bagasjerommet er på heile 430 liter, firehjulstrekk er standard og utstyrsnivået er svært høgt. Nye diesel og bensinmotorar med lågt forbruk og låge utslepp gjer bilen til ein avgiftsvinnar. S-cross kjem og med automatgir. Med firehjulstrekk, stor plass og låge avgifter kan vi trygt seia at S-Cross er skapt for norske tilhøve og du kjem deg trygt fram uansett forholda. S-Cross 4x4 frå 289.900,- Automatgir +15.000,S-cross har eit tøfft design! Du kan få bilen levert med soltak, automatgir og det nye ALLGRIP systemet.

Crossover design Suzuki S-cross har eit tøfft design som utstråler at ingenting kan halda deg tilbake. Legg merke til korleis dei aerodynamiske linjene skaper ein følelse av sport og spenning. Introduksjonspakke: Sort skinn interiør - El. panorama soltak - DAB+ radio med USB og 7 høgtalarar Navigasjon - Bluetooth telefon system - Ryggekamera - Led kjørelys - Parkeringssensor framme og bak . Bi Xenon lys med lyktespylerar - 17” aluminiumsfelgar - skinn multifunksjonsratt - 2 sone klimaanlegg Cruisekontroll - Automatisert avblendbart innvendig speil - Tåkelys - Hill hold kontroll/bakkestart assistanse automatiske vindusvaskarar - nøkkelfritt system og start - Mørke ruter frå B pilar - Sølv takrails.

Verdi kr 69.000,- Introduksjonstilbod: kr 20.000,Spar no: kr 49.000,Pris bilen på biletet: S-Cross 4x4, bensin m/automatgir og introduksjonspakke kr 324.900,-

Kom oppom for prøvekøyring, denne bilen er ekstraordinær.

OPNINGSTIDER: Mån–fre 08.30–16.00 • Laurdag: 11.00–14.00

Som skapt for norske forhold

5460 HUSNES • Tlf. 53 48 48 48 post@bilogteknikk.no • www.bilogteknikk.no


Det gode livet i Kvinnherad 2014