Verktøyark
Kjem besøket frå Den kulturelle skolesekken (DKS) som ei overrasking på deg nokre gonger? Eller treng du nokre tips til korleis du kan arbeide med DKS-opplevingane saman med elevane?


I dette verktøyarket finn du forslag til metodar du kan ta i bruk, anten du har dårleg, passeleg eller god tid til førebuingar.
Hjelp! DKS kjem. Kva gjer eg?
Det finst dessverre inga oppskrift på korleis eit DKS-besøk kan gjerast morosamt, lærerikt og relevant. Alle kunstverk er unike, og kunstmøte oppstår i samspel mellom kunstverk, elevar og lærarar.
Her får du likevel nokre forslag til korleis du kan ramme inn desse møta, avhengig av kor mykje tid du har

Innhald
4
• Eigne notat: 4
•
Du har dårleg tid!
Du fekk vite for 15 minuttar sidan at DKS kjem på besøk i dag.
Forslag 1: «Bruk eit ark»
Før:
• Del ut eit blankt ark til elevane.
• Be dei skrive tittelen på DKS-besøket.
• Gje dei 5 minutt til å skrive ned kva dei trur skal skje.
Etter:
• Be elevane ringje rundt eitt ord som dei synest passa.
• Gje dei ein Post-it-lapp der dei skriv ned det ordet dei har sett ring rundt. Skriv tittelen midt på tavla og be elevane hengje opp sin Post-it-lapp rundt.
• Start dialog.

Forslag 2: «Ta ein prat»
Før:
• Sei tittelen på DKS-besøket og fortel elevane kva kunstuttrykk det er som kjem! Fortel alt du veit om det kunstuttrykket. Ver ærleg på at du ikkje veit noko meir.
• Del elevane inn i grupper på fire, og be dei snakke om kva dei sjølv veit om kunstuttrykket.
Etter:
• La elevane igjen setje seg i grupper. Be dei svare på spørsmålet: «Kva overraska oss?»
• Start klasseromsdialog.
Forslag 3: «Bruk tavla»
Før:
• Skriv tittelen på DKS-besøket midt på tavla, og lag eit assosiasjonskart saman med elevane.
• LA STÅ!
Etter:
• Observer tavla saman. Les høgt alle orda som står der.
• Bli einig med elevane om fem av orda som kan relaterast til besøket. Diskuter kvifor.
• Bruk dei fem orda i dialogen.
Du har greitt med tid.
Du får greie på at DKS kjem på besøk om tre dagar
Forslag 1: «Kva handlar det om?»
Før:
• Skaff informasjon om kunstnaren/kunstverka saman med elevane! Du kan også dele elevane inn i grupper og gje dei ulike oppdrag.
• Gå til rommet der møtet skal skje, saman med elevane. Aktiver forkunnskap og førestillingar hos elevane om kva dei trur kjem til å skje.
• Gi elevane konkrete oppdrag som dei skal sjå etter under sjølve besøket. Døme kan vere å leite etter lydar, karakterar, handlingar, kostyme, ansiktsuttrykk, teksturar, former, ting og kjensler. Kan nokon leggje merke til noko dei trur at ingen andre ser?
Etter:
• Lei ein samtale med utgangspunkt i desse spørsmåla:
• Kva skjedde?
• Kva såg du?
• Kva la du merke til?
• Kva høyrde du?
• Kva tenkte du?
• Kva kjende du?
• Prøv i fellesskap å finne ut av: Kva handla dette om?
• Korleis kan tematikkane utforskast vidare i andre fag?
Forslag 2: «For ei kjensle!»
Før:
• Vel 2 eller 3 kjensler DKS-besøket handlar om (til dømes forelsking, sjalusi, einsemd).
• Be elevane utforske desse kjenslene med kroppen. Korleis ser ein person som er einsam/sjalu/forelska, ut?
• Vel ei av kjenslene. Be elevane stå i «frys» medan dei uttrykkjer kjensla. Etter 5 sekund seier du «skift». Elevane skal då finne eit anna kroppsleg uttrykk for den same kjensla. Sei «skift» igjen, og så vidare.
• Start ein dialog om kjenslene de har utforska.
Etter:
• Skriv ned tittelen på DKS-produksjonen og kjenslene de har utforska.
Individuelt:
• La elevane velje seg éi kjensle. Be dei skrive ned korleis denne kjensla kom til uttrykk i DKS-besøket.
Døme: «Eg tenkte på einsemd då …»
I grupper:
• La elevane som har valt lik kjensle, få sitje saman. Elevane les opp setningane sine. Gruppa lagar fire nye setningar som definerer kjensla. Døme: «Einsemd er …»
I plenum:
• Gruppene presenterer påstandane sine for klassen.
Forslag 3: «Ver konkret!»
Før:
• Ta med deg konkrete gjenstandar som de skal utforske i forkant av besøket. Fortel om kva for eit kunstuttrykk som kjem, men ikkje noko meir.
• Del inn i grupper på 3–5 elevar. Del ut ein gjenstand til kvar av gruppene. La elevane utforske gjenstanden ved å aktivere sansane
• La dei utforske gjenstanden med tankane:
• Kvar har eg sett slike før?
• Kva blir han brukt til?
• Av kven? Når? Korleis?
• Be elevane diskutere kva gjenstanden kan ha med besøket å gjere.
Etter:
• Be elevane om å kople DKS-opplevinga til gjenstanden ved å:
• Ta bilete av gjenstanden og skrive ned opplevinga si av DKS-besøket.
• Diskutere korleis gjenstanden kan sjåast som symbol for kunstverket.
• Reflektere over kvifor kunstnarane valde å ha med denne gjenstanden (eller ikkje).
• Fortelje att DKS-besøket gjennom perspektivet til gjenstanden.
Du har eit hav av tid …
Du fekk vete om DKS-besøket allereie ved skulestart og har lagt det inn i årsplanen
Forslag 1: «Kva har dette med oss å gjere?»
Før:
• Utforsk saman med elevane:
• Kvifor kjem DKS til oss?
• Kva vil kunsten fortelje oss?
• Korleis vil kunstnarane fortelje oss det?

• Kvifor kjem vi til å synest at dette er interessant?
Etter:
• Utforsk vidare saman med elevane:
• Kva ville kunsten fortelje oss?
• Kvifor handlar dette DKS-besøket om oss?
• Ta kontakt med ein annan klasse som skal oppleve same DKS-produksjon. Oversikta ligg på dks.no. Møt dei på Zoom eller Teams. Fortel dei kvifor DKS-besøket passa så godt til akkurat dykk. Be dei om å gjere det same til ein annan klasse.
Forslag 2: «Anten – eller …»
Før:
Alternativ 1:
• Send brev til elevane i posten frå ein oppdikta karakter. Brevet skal innehalde «triggerar» som har med tematikken eller kunstforma til DKS-besøket å gjere.
Alternativ 2:
• Finn ein ekspert (på tematikken eller kunstuttrykket) i lokalmiljøet ditt som kan kome på besøk.
Etter:
Alternativ 1:
• Be elevane skrive ei melding av besøket som dei sender til den oppdikta karakteren.
Alternativ 2:
• Be elevane sende eit brev til eksperten der dei formulerer nokre tankar om måten tematikken blei behandla på, i DKS-besøket.
Forslag 3: «Dersom eg var ein annan»
Før:
• Lat som om klassen er ei fiktiv gruppe (til dømes ein jury, ein sirkustrupp, ein hjelpeorganisasjon, fabrikkarbeidarar, vikingar eller liknande).
La elevane lage seg fiktive karakterar som høyrer heime i dette fellesskapet.
• La elevane utforske gruppa og dei fiktive karakterane på ulike måtar. Dei kan til dømes lage ein podkast, skrive dagbok, lage eit TV-program, ein plakat eller skissere eit oversiktskart.


Etter:
• Be elevane omarbeide kunstuttrykket som om dei var den fiktive karakteren.
• Korleis ville karakteren ha reagert?
• Kva ville han ha gjeve av tilbakemeldingar?
• La elevane utforske DKS-opplevinga som om dei var den fiktive karakteren. Dei kan til dømes skrive ei klage, ei melding eller lage ei nyheitssak.
Eigne notat:
Prosjektinformasjon
Hjelp! DKS kjem. Kva gjer eg? er produsert på oppdrag frå Kulturtanken – Den kulturelle skolesekken Noreg (DKS). Teksten er eit bidrag til utviklingsprosjektet DKS på digitale læringsplattformer. Eit av tiltaka i prosjektet er å tilgjengeleggjere innhald frå og om DKS i læringsplattformer som blir nytta av elevar og lærarar i opplæringa. Innhaldet omfattar informasjon, relevante verktøy til bruk i klasserommet og kunst- og kulturfaglege artiklar.
Artikkelforfattarar
Krosshus og Johannesen er leiarar av forskingsgruppa for estetiske læreprosessar ved Universitetet i Søraust-Noreg.
Tone Cronblad Krosshus er førstelektor i drama og teater ved Universitetet i Søraust-Noreg. Der underviser ho i drama, teater og estetiske læreprosessar på lærarutdanningane. Forskings- og utviklingsområdet hennar er anvendt teater, kunst som kunnskap, estetiske læreprosessar, estetisk praksis som demokratisk danning og kunstformidling. Krosshus er prosjektleiar for piloten DKS + lærarutdanning = sant?!
Elisabeth Hovde Johannesen er førstelektor i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Her underviser ho i norskfaglege emne på lærarutdanningane, med særleg vekt på litteraturdidaktikk og estetikk. Forskingsområdet hennar er biletbøker, film, kunst, etikk, kjensler og estetiske læreprosessar. Johannesen er leiar av den årlege biletbokkonferansen på USN, campus Notodden, og er medlem av prosjektgruppa DKS + lærarutdanning = sant?!
Kontaktinformasjon
Tone Cronblad Krosshus.
E-post: Tone.C.Krosshus@usn.no

Elisabeth Hovde Johannesen
E-post: Elisabeth.H.Johannesen@usn.no
Kulturtanken
Kulturtanken – Den kulturelle skolesekken Noreg, er ein statleg fagetat for kunst og kultur til barn og unge. Kulturtanken har det nasjonale ansvaret for Den kulturelle skolesekken og er underlagt Kulturdepartementet, som i arbeidet med DKS samarbeider med Kunnskapsdepartementet.
Kontaktinformasjon
Bente Aasheim.
E-post: baa@kulturtanken.no
Foto
Erik Brandsborg, Kulturtanken.
Side 1: Konsert med «Du og jeg og vi 2-3-4» under Marked for musikk i Larvik (2021)
Side 4: Ikonar for kunst- og kulturuttrykk i DKS, Kulturtanken
Finn fleire ressursar på nettsidene våre: www.kulturtanken.no
www.dks.no