Meir nynorsk i DKS: Prosjektrapport 2020-2024

Page 1


Prosjektrapport 2020-2024

Sandra Kolstad framfører Elv på himmelen på konferansen Den mangfaldige nynorsken. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken
Omslag: Belinda Braza Crew, Samplaren. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken

Innleiing

Alle elevar i grunnopplæringa lærer nynorsk, anten som hovudmål eller sidemål. Ei gruppe det er viktig å hugse, er dei som har norsk som andrespråk med nynorsk som hovudmål. Som hovudmål lærer ein nynorsk frå 1. trinnet og som sidemål frå 2. trinnet i opplæringa.

I Stortingsmelding nr. 8, Kulturell skulesekk for framtida (2007–2008), blir det understreka at det språkpolitiske perspektivet skal vere vektlagt i programmeringa av tilbodet i Den kulturelle skulesekken (heretter også omtala som DKS): «Det er viktig at kommunar og fylkeskommunar også har eit språkpolitisk perspektiv i tankane når ein legg planar for Den kulturelle skulesekken. Det er ønskeleg med eit visst tilbod på nynorsk også for bokmålselevar.»

Årsrapporteringa for 2019 viste at det i hovudsak er på fylkesnivå det språkpolitiske arbeidet skjer, og at om lag halvparten av fylka rapporterer at dei i mindre grad har programmert nynorsk i tilbodet. Under landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar i Førde 6.–7. juni 2019 tok dåverande direktør i Kulturtanken Lin Marie Holvik til orde for ei satsing på nynorsk i DKS-ordninga. Dette vart startskotet for satsinga Meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken

I tildelingsbrevet for skuleåret 2019–2020 blei det lagt vekt på at ein skal arbeide særskilt med å løfte nynorsken i tilbodet: «I 2019 skal det vere eit særskilt fokus på å kartlegge og auke omfanget av produksjonar med nynorsk som målform». Og dette var starten på satsinga som vart konkretisert frå 2020.

Satsinga Meir nynorsk i DKS ønsker å inspirere og støtte utøvarar, uavhengig av språkbakgrunnen deira, til å kunne nytte den nynorske dimensjonen i arbeidet sitt gjennom DKS.

Føremåla med satsinga:

1. Auke tilfanget av gode nynorske programforslag til Den kulturelle skulesekken (DKS) for programmeringa av skuleåret 2022/2023. Å auke talet på utøvarar med nynorsk som arbeidsspråk. Arbeidsgruppa har definert ein god nynorsk produksjon som «ein god produksjon med nynorsk som arbeidsspråk».

2. Bidra til at relevante produksjonar og tilbod som eksisterer frå før blir sende inn som programforslag og melde inn i DKS-portalen for skuleåret 2022/2023.

3. Stimulere til fleire nynorske produksjonar og tilbod utanom «kjerneområda».

4. Auke kunnskapen om, og bidra til medvit om, nynorsk som språk og identitetsbyggar nasjonalt.

5. Stimulere til nettverksbygging og posisjonering på arenaer som arbeider politisk med kulturformidling til barn og unge.

6. Styrke koplinga mellom læreplanen og DKS, både i dei ulike faga og overordna del, inkludert dei tverrfaglege temaa.

7. Føreslå og legge til rette for utviklingstiltak som styrker nynorsken sin plass i DKS. Etablere desse tiltaka.

8. Arrangere konferansen «Den mangfaldige nynorsken» i 2022, med foredrag, erfaringsbasert deling og framsyningar av ulike produksjonar i dei seks uttrykka i DKS.

Hovudfunn og tilrådingar

• Språk er ein sentral del av ein produksjon og eit uttrykk. Språkleg støtte og rettleiing har i denne satsinga hatt ein like stor og sjølvsagd plass som den kunstnarlege rettleiinga.

• Som språk brukt i kunstnarisk arbeid, kan nynorsk definerast som ein materialitet. Språket har ein energi og ei kraft som er med på å fargelegge ulike kunstuttrykk. Det nynorske språket er i seg sjølv ein estetisk dimensjon.

• Kunstnarane hadde ulike behov når det kom til språkleg og kunstnarleg rettleiing. I eit tverrinstitusjonelt lagarbeid som Meir nynorsk i DKS er det sentralt at samarbeidspartane gir kvarandre naudsynt arbeidsrom, er opne og samarbeider likeverdig slik at ei reell kunnskapsdeling får skje.

• Nokre av produksjonane blei dyrare enn det ein først tenkte. Om produksjonssøknadane hadde hatt med eit kostnadsoversyn, ville det ha vore enklare å vurdere om produksjonane kunne gjennomførast innanfor den økonomiske ramma.

• Produksjonsidéen må vere realistisk med tanke på det planlagde DKS-produktet. Dersom temaet til dømes er politikk og media, vil dette krevje kontinuerleg oppdatering. Slike produksjonar må derfor utviklast med særleg medvit om oppfølging.

• Seanse – senter for kunstproduksjon kan vere ein verdifull samarbeidspart for slike satsingar. Kunstnaropphald ved Seanse er etablert og ettertrakta, og Ørsta/Volda er i eitt av kjerneområda til den nynorske skriftkulturen, med både Nynorsksenteret ved Høgskulen i

Volda og Nynorsk kultursentrum i Ivar Aasen-tunet lett tilgjengeleg.

• Det er sentralt at skular er språk- og kulturbevisste og legg til rette for god kunstformidling for elevar og utøvarar. Som ein av utøvarane uttrykte: «Språk er ikkje eit problem for barn. Det er eventuelt dei vaksne som viser dårlege haldningar og motstand.»

Nynorsk treng støtte og styrking på alle område. Dette kan gjerast ved at ein:

• Tek i bruk metodikken frå prosjektet i sentrale produksjonsmiljø der nynorsk som arbeidsspråk ikkje er etablert i dag.

• Koplar medvit om moglegheitene ved nynorsk som arbeidsspråk i kunstnarisk utviklingsarbeid/kontekstar opp mot dei allereie etablerte DKS-LAB-modellane.

• Får på plass ein god og dynamisk ressursside for nynorsk i DKS via nettsidene til Kulturtanken.

• Nynorsk blir nytta som sidemål, hovudmål og som andrespråk. Det betyr at alle kunstnarar og kulturformidlarar kan utvikle ein nynorsk produksjon. Dette er det ønskeleg å framheve og støtte opp om.

• For meir nynorsk i DKS erfarer vi at tydelegare, sterkare, etablerte og vidare føringar trengst i Stortingsmeldingar, i tildelingar, og i arbeid leia av Kulturtanken med samarbeidspartar.

Vi tilrår at det å legge vekt på nynorsk blir etablert som ein sjølvsagd dimensjon i DKS.

Norsk = bokmål og nynorsk

Nynorsk og bokmål er dei to formelt likestilte skriftspråkvariantane av norsk, som utgjer majoritetsspråket i Noreg. Bokmål dominerer kvantitativt, ikkje minst på grunn av dominansen i hovudstaden og i andre storbyområde. Born og unge vert eksponerte for meir bokmål enn nynorsk gjennom media (Bolstad, 2022). Dette skjer uavhengig av kva dei har som hovudmål.

Nynorsk vert brukt som hovudmål av om lag 600 000 personar over heile landet, derav over 76 000 elevar og deltakarar i opplæringa (Bolstad, 2022). Vi har ikkje funne oppdaterte tal på kor mange innvandrarar som lærer nynorsk som andrespråk, men med nye flyktningkriser er tala igjen aukande. Nynorsk står sterkt i massemedium, i offentleg forvalting og i kyrkja.

Det har ein trygg posisjon i skuleverket, men er lite brukt i det private næringslivet (Bolstad, 2022).

Det nynorske språket bygger på dei norske dialektane og er moderne og oppdatert. Theil (2021) argumenterer for at dei fleste norsktalande brukar eit språksystem og eit ordtilfang som ligg nærmare nynorsk enn bokmål. Dette er også til støtte i opplæringa av det nynorske skriftspråket. Sjo & Gjøsdal (2023) viser at det ikkje er vanskelegare for ein innvandrar å lære nynorsk enn bokmål, så lenge rammene og ressursane er på plass. Satsinga Meir nynorsk i DKS kan her vere med på å legge til rette for gode rammer også for denne målgruppa.

Det norske språket generelt treng eit språkvern på grunn av sterk påverknad frå det engelske språket. Det er føringar for å bruke eit tydeleg og godt norsk språk, med ord som opnar og ikkje lukkar for kommunikasjon og likeverd. Slik språkbruk kan fungere demokratiserande.

Illustrasjon frå den grafiske profilen til prosjektet.

Prosjekthistorikk og organisering

Kulturtanken etablerte ei arbeidsgruppe i 2020 for å fremje nynorsk i DKS. Deltakarane kom frå Vestland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa) og Kulturtanken.

Arbeidsgruppa

Satsinga har vore leia av Ragnhild Tronstad (fagansvarleg for scenekunst i Kulturtanken) og Øyvind Høstaker (seniorrådgivar for kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune). Åshild Widerøe (rådgivar for litteraturformidling og språk i Møre og Romsdal fylkeskommune), Anne Hermansen (rådgivar for program DKS i Vestfold og Telemark fylkeskommune) og Guro Kristin Gjøsdal (høgskulelektor ved Nynorsksenteret) har vore i arbeidsgruppa. Lise Lahn-Johannessen (tidlegare seniorrådgivar i Kulturtanken og leiar av satsinga) og Anne Marta Vinsrygg Vadstein (høgskulelektor ved Nynorsksenteret) var med i arbeidsgruppa til og med våren 2021. Trine Ruud Grønningen (kommunikasjonsrådgivar i Kulturtanken) har arbeidd med kommunikasjon i satsinga.

Utøvarar saman med representantar frå arbeidsgruppa og Seanse på førebuingsdag hos Kulturtanken, juni 2021. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken

Milepælar

• 14. oktober 2020: Utlysing av prosjektmidlar

• 4. mars 2021: Sju produksjonar utvalde

• 11.–12. mai 2021: Digitalt seminar for utøvarar i prosjektet

• 7. juni 2021: Førebuingsdag for utøvarar med Seanse og arbeidsgruppa hos Kulturtanken

• 9.–13. august 2021: Produksjonsopphald for utøvarar hos Seanse – senter for kunstproduksjon

• 1. oktober 2021: Frist for å melde produksjonane inn i DKS-portalen

• 28. april 2022: Konferansen Den mangfaldige nynorsken hos Kulturtanken

• 2022–23: Første skuleår med produksjonar frå prosjektet på DKS-turné

• 8. mars 2023: Refleksjonssamling med utøvarar, arbeidsgruppa og Seanse hos Kulturtanken

Camara Lundestad Joof (dramatikar, forfattar, scenekunstnar og omsetjar) er nytta som inspirator for satsinga.

Foto: Lars Opstad/Kulturtanken

Fagpanel og jury

I første del av satsinga Meir nynorsk i DKS fekk sju prosjekt med sjangerbreidde, originalitet og nyskaping eit økonomisk tilskot til produksjonsmidlar og ei vekes kunstnaropphald hos Seanse. Dei sju prosjekta blei valde ut gjennom ein søknadsprosess med vurderingar frå eit fagpanel og ein jury.

Fagpanelet gjekk først gjennom søknadane med opplærings-, språk- og kulturperspektivet i tankane: Kva produksjonar kunne gå inn i Meir nynorsk i DKS-satsinga? I fagpanelet sat forfattar Bjørn Sortland, Guro Kristin Gjøsdal og Anne Marta Vadstein frå Nynorsksenteret og Åshild Widerøe frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Widerøe leia panelet.

Ein fagjury gjekk så gjennom dei utvalde produksjonane og vurderte dei ut frå kunstnarlege kriterium. I juryen sat Solveig Styve Holte (dansekunstnar og koreograf), Thomas Bipin Olsen (skodespelar), Janne Karin Støylen (kritikar og litteraturformidlar), Rami Maktabi (produsent i visuell kunst i DKS Viken), Marit Ulvund (senterleiar Seanse / førsteamanuensis drama/ teater på Høgskulen i Volda) og Karstein Solli (kunstnar/førstelektor, Seanse), dei to sistnemnde med ei felles stemme, og frå arbeidsgruppa Anne Hermansen og Øyvind Høstaker. Høstaker leia juryen.

Kulturtanken ved Lise Lahn-Johannessen var då ordstyrar, organisator og sekretær for satsinga.

Kriterium

Ein nynorsk produksjon blei definert som ein produksjon der det skriftlege er på nynorsk. Til dømes manus, det skriftlege materiellet, og/eller scenespråket.

I tillegg blei desse kriteria og vurderingane utarbeidde og nytta i prosessen:

Utforming: Idé og bruk av verkemiddel og sjangerbreidde i uttrykka. Vil produksjonen vere med på å styrke nynorsk som språk og kultur, og bidra til at elevane får positive haldningar til nynorsk?

Funksjon: Passar formatet innanfor rammene til DKS? Er det turnébart?

Nyskaping: Er produksjonen original? Tilfører han noko nytt? Skil han seg positivt ut frå andre profesjonelle produksjonar?

Verdikriterium: Etter læreplanen LK20 med einskildfag og overordna perspektiv, der dei tverrfaglege temaa helse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraft er definerte. Andre sentrale tema i læreplanen er mangfald, elevmedverknad, djupnelæring og digital kompetanse. Dette heng saman med aktuelle samfunnstema og FNs berekraftsmål.

Økonomi

Ifølge samarbeidsavtalen skulle partane finansiere prosjektperioden 2020–2021 med eit totalbeløp på kr 1 025 000,–. Det var fordelt slik:

• Kulturtanken: kr 200 000,– (2020) og kr 300 000,– (2021).

• Vestland fylkeskommune: kr 200 000,– (2021)

• Vestfold og Telemark fylkeskommune: kr 200 000,– (2021)

• Møre og Romsdal fylkeskommune: kr 100 000,– (2021)

• Nynorsksenteret: kr 25 000,– (2021)

I tillegg bidrog samarbeidspartane med administrative, kunst-, kultur-, språk- og pedagogiske faglege ressursar gjennom heile prosjektperioden. Seanse har estimert at dei bidrog med kunstnarisk rettleiing og fysiske rammefaktorar til ein verdi av kr 250 000,-

Finansieringsplan for konferansen

Den mangfaldige nynorsken, våren 2022

• Kulturtanken kr 150 000,–

• Møre og Romsdal fylkeskommune kr 20 000,–

• Vestfold og Telemark fylkeskommune kr 20 000,–

• Vestland fylkeskommune kr 20 000,–

Kostnadsfordeling

• Produksjonskostnader: kr 480 000,–

• Produksjonsopphald Seanse: kr 900 000,–

• Juryarbeid, tekstarbeid, grafisk profilering: kr 160 000,–

• Konferanse: kr 220 000,–

Totalt budsjett for heile prosjektperioden var kr 1 235 000,–.

Totale kostnadar for heile prosjektperioden var om lag kr 1 760 000,–.

Underskotet på om lag kr 525 000,– blei dekt av Kulturtanken.

Produksjonar

Sandra Kolstad Elv på himmelen – elektronisk tonesetting av Jon Fosse-dikt (8. trinn–VG3)

– Det å sitja og sjå på eit fjell gjer meg godt, skriv Jon Fosse i diktet Snøsong. Jon Fosse sin diktekunst er mellom juvelane i den nynorske skrift-skattekista, og kista kan opnast av fleire unge i dag. Musikar og komponist Sandra Kolstad får tonefølge av Tuva Syvertsen og Jonas Barsten. Saman skapar dei tolkingsrom mot notida og det nye, tradisjon og arv. I Elv på himmelen breier dikta til Fosse seg ut i eit elektronisk og harmonisk lydlandskap, lett som snø og fast som fjell.

– Eg vil lage ein konsertproduksjon som har ein underliggande bodskap til kvar enkelt elev: Det kan vere vondt å vere menneske, men det er verdt det, og somme tider er det fantastisk! seier Kolstad. Musikken var eit tingingsverk til Samlaget 150 år (2018), og er også utgitt som album.

Medverkande: Sandra Kolstad (vokal, keyboard), Tuva Syvertsen (vokal), Jonas Barsten (trommer), Joakim Fossum Hovde (lydteknikk).

Good Time Charlie Jubelblues (1.–7.trinn)

Mange års røynsle med ungar og songar, tekstskaping og språkleik. Bandet Good Time Charlie inviterer til ei inkluderande og energisk musikkstund for barnetrinnet. Dette er rhythm & blues med sprell levande tekstar på nynorsk. Temaa er om alt frå venskap og kjensler, rare foreldre, miljø og turar i naturen til draumen om ein traktor. Songane innbyr til medverknad og samspel for elevane. Borna deltek med «syng-og -få-svar», dans, trampeklapp, klokkespel, og sjølvlaga kazoo – her kan alt skje, og alle kan lett vere med!

Good Time Charlie vann Sogn og Fjordane Mållag sin målpris 2023 og var nominert til Luttprisen 2024. Desse utmerkingane ser Hjelmeland i dag i ein samanheng med deltakinga i Meir nynorsk i DKS.

Medverkande: Arle Hjelmeland (vokal, munnspel), Morten Skage (bass, vokal), Steinar Karlsen (gitar, vokal), Einar Olsson (trommer, vokal).

Belinda Braza Crew Samplaren (8. trinn–VG3)

– Kva har nynorsk og hiphop til felles, spør Belinda Braza Crew i denne framsyninga?

Alt, held dei fram, og overtyder i produksjonen som kombinerer samtidsdans, hiphop og slam med fellesnemnarane kamp, motstand og løvetannfilosofi. I denne visuelt spennande, fysiske og eksplosive framsyninga leiter fire utøvarar seg fram til forståing av språk og identitet. Felles erfaring, å snakke, leite, møte motstand og å finne samhald er ramma for denne historia.

Medverkande: Oda Aunan (tekst), Petter Baden (musikk, lyddesign), Eirik Brenne Torsethaugen (lysdesign), Charlotte Korrell (koreograf), Belinda Braza (koreograf, regissør), Albertine Lundgren (dansar), Sophie Speight (dansar), Albin Bengt Lindén (dansar), Reno Andersen (dansar).

Meir nynorsk i DKS
Belinda Braza Crew. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken

Martine Grande Ørn (1.– 4.trinn)

Livsmeistring og frigjering, mot og vennskap er tema også i Martine Grande si vakre biletbok Ørn

Sam er ein forsiktig gut som likar aller best å vere i lag med den gule undulaten sin, Ørn. Heime kjenner han seg trygg, og saman med Ørn er det aldri kjedeleg å vere inne. Når pappa seier han må gå ut og leike med dei andre ungane, snik Sam seg inn igjen. Ikkje berre for å vere i lag med Ørn, men også fordi Gorm og dei andre ikkje er særleg snille. Ein dag ser Sam ut vindauget og får auge på ei jente han ikkje har sett før. Han blir varm i hjartet av henne, og slett ikkje redd, som han brukar å bli når han ser Gorm. Men plutseleg flyg Ørn ut vindauget, og Sam må ut og leite.

Produksjonen gir eit forfattarmøte med Martine Grande og biletboka Ørn. I eit gruppearbeid arbeider Grande og elevane saman med kreative oppgåver knytte til boka, animasjon og skriving.

Medverkande: Martine Grande

Geir Egil Eiksund Kampen (5.– 7.trinn)

Geir Egil Eiksund gir oss oppvekstskildringa Kampen: Det er sommarferie. Andreas gler seg til lange dagar med fotball og fri. Så flyttar ein ny gut til bygda, med United-caps og eit veldig fint smil.

– Eg har skrive ei bok eg sjølv ville hatt god nytte av å lese som 11-åring, då eg skjønte at eg var homofil. Draumen har så vore å lage ein DKS-produksjon som ikkje berre eg, men heile klassen min hadde hatt godt av å sjå, seier Eiksund.

Henrik Koppen medverkar med elektronisk musikk og spelar av lydeffektar og lydkulisser i møte med teksten. Samla blir det ei form for live høyrespel i klasserommet. Dei to som er på scena, har liknande erfaringar som Andreas i boka, og deler nokre personlege minne for å normalisere og ufarleggjere tematikken.

Medverkande: Geir Egil Eiksund (tekst), Henrik Koppen (musikk og lyddesign).

Martine Grande. Foto: Kristian Selon/Seanse

Nynorsk kultursentrum

Skit eller kanel? – om kjeldekritikk i informasjonssamfunnet (8.– 10.trinn)

Skit eller kanel? Informasjonssamfunnet lyg og bedrar. Falske nyheiter florerer.

På oppdrag frå Nynorsk kultursentrum har forfattaren Anders Totland skrive ein tekst som skodespelarane har arbeidd vidare med for scene. Produksjonen hentar fram hendingar frå nyheitsbiletet dei siste åra, ser på dei med kritisk blikk, og inviterer elevane til å tenkje sjølve.

Medverkande: Anders Totland (tekst), Richard Olsen og Jon Erik Myre (skodespelarar). Kim Helge Strømmen var med som skodespelar i ein tidleg fase.

Dordi Strøm I dag er du kostymedesignar! (5.– 10. trinn)

Scenografi og kostymedesign står på menyen i denne produksjonen. At alt vi ser på scena ein gong starta med teikning og modellering, er lærdomar elevane får innsikt i gjennom prosjektet I dag er du kostymedesignar! Scenografi og kostymedesign har makt til å påverke og styre inntrykk og kjensler hjå eit publikum.

Gjennom samtale, refleksjon og ei praktisk oppgåve får dei øve seg i rolla som kostymedesignar og må reflektere rundt eigne val. Dei får erfare korleis design, val av materiale og fargar i eit kostyme er avgjerande i formidlinga av ei forteljing både på teater, film og i spelverda. Slik får dei innsikt i korleis kostymedesign og scenografi som uttrykksformer rår over, påverkar og styrer kjenslene våre.

Dordi Strøm er også nynorskforfattar, og for romanen Odel vann ho Lyttaranes romanpris 2023 (NRK).

Medverkande: Dordi Strøm

Richard Olsen og Jon Erik Myre på konferansen Den mangfaldige nynorsken. Foto: Trine Ruud Grønningen/Kulturtanken

Kunstnaropphald og samarbeid med Seanse

Seanse er arrangør av kunstnaropphald, seminar, kunstverkstad og konferansar. Dei har vore ein kunstfagleg samarbeidspart i satsinga, og har organisert kunstnaropphald ei veke i Volda, med for- og etterarbeid i form av arbeidsseminar og nettverksmøte fysisk og digitalt.

Seanse har særleg inspirert med god struktur og organisering av seminar og møte. Saman med arbeidsgruppa har Seanse gitt rettleiing og forankring i språkbruk, kunstfag og kultur, formidlingsmetodar, formål og læreplan. Saman med samarbeidspartane har dei vore med på å vurdere søknader, velje kunstproduksjonar og gjennomføre og rettleie oppstartseminar og oppsummerande refleksjonsseminar.

1. Innleiande digitale seminar 11. og 12. mai 2021. Informasjon og presentasjon av satsinga og arbeidsgruppa med samarbeidspartar.

2. Oppstartsamling 7. juni 2021 hos Kulturtanken. Dette var det første fysiske møtet mellom kunstprosjekta, kunstnarane, arbeidsgruppa og Seanse.

Her arbeidde vi med forventingar og førebuing av kunstnaropphaldet. Alle kunstnarane presenterte og gav ei første utprøving av prosjekta sine, og desse blei samtala om i grupper. Dette gav eit godt utgangspunkt til kunstnaropphaldet.

3. Kunstnaropphald veke 32 i 2021 hos Seanse i Volda. Reise og opphald var finansiert av prosjektet, og opphaldet var honorert med kr 25000,– per utøvar. Det var to presentasjonar med tilbakemeldingar gjennom veka. Rettleiing og refleksjon kring produksjonane var sentralt. Kunstnariske, kulturelle og språklege dimensjonar og samanhengar var løfta fram.

4. Refleksjonssamling 8. mars 2023 hos Kulturtanken. Innhaldet var innspel og refleksjonar frå kunstnarane, Seanse og arbeidsgruppa omkring prosessen og bidraga som kom ut i Den kulturelle skulesekken.

Konferansen

Den mangfaldige nynorsken

28. april 2022 arrangerte satsinga konferansen

Den mangfaldige nynorsken. Konferansen la vekt på samtalar om nynorsk i kunst- og kulturformidling til barn og unge, med framsyning av fleire av dei nynorske produksjonane i satsinga. Konferansen er tilgjengeleg som video og podkast i kanalane til Kulturtanken.

Konferansier: Svein Sæter (forfattar, kåsør, omsettar og journalist).

Kunstnarlege innslag ved Sandra Kolstad og Jonas Barsten, Geir Egil Eiksund og Henrik Koppen, Nynorsk kultursentrum med Richard Olsen og Jon Erik Myre, Are Hjelmeland og Morten Skage, og Belinda Braza Crew.

Velkomst ved Øystein Strand (dåverande direktør i Kulturtanken).

Faginnlegg: Møte med nynorsken ved Frida Pernille Mikkelsen (leiar i Norsk Målungdom).

Introduksjon til satsinga Meir nynorsk i DKS ved Øyvind Sunde Høstaker (prosjektleiar og seniorrådgivar DKS Vestland).

Med nynorsk i heile landet: Skuleperspektivet

Kvifor nynorsk i Den kulturelle skulesekken? Innlegg ved Guro Kristin Gjøsdal (høgskulelektor ved Nynorsksenteret).

Skulen, nynorsk og DKS. Even Melheim Mulelid (lærar og kulturkontakt ved Fjell ungdomsskule).

Faginnlegg: Om nynorsk som del av eit språkmangfald ved Åse Wetås (direktør i Språkrådet).

Om formidling av nynorsk kunst og kultur til barn og unge Samtale leia av Inger Johanne Sæterbakk (språkkonsulent ved Det Norske Teatret), med Hege Myklebust (programrådsmedlem for Falturiltu-festivalen), Geir Egil Eiksund (lærar og forfattar av Kampen) og Arle Hjelmeland (Good Time Charlie).

Nynorsk: Ein del av mangfaldssamfunnet Panelsamtale leia av Svein Sæter, med Jon Werede Hope (dagleg leiar i Den mangfaldige scenen), Nana Rise-Lynum (redaktør for Norsk Barneblad), Sigmund Løvåsen (prosjektleiar for Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring i regi av Samlaget/Minotenk) og Albin Lindén (utøvar i Belinda Braza Crew).

«Å plassere det nynorske språket som ein del av mangfaldssamfunnet er med på å sette nynorsken inn i ein større kontekst.»

Guro Kristin Gjøsdal, Nynorsksenteret

Prosjektleiar

Øyvind Sunde Høstaker presenterar satsinga på Den mangfaldige nynorsken. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken
Panelsamtale. Frå venstre: Sigmund Løvåsen, Jon Werede Hope og Nana Rise-Lynum. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken

Resultat –suksessar og utfordringar

Prosjektet fekk inn 79 søknader. Kvaliteten og mangfaldet i søknadsmassen resulterte i stor sjangerbreidde i det endelege utvalet, og dei sju utvalde bidraga representerte produksjonar innanfor musikk, visuell kunst, scenekunst, litteratur og film inkludert dataspel. Alle målgrupper i grunnopplæringa er inkluderte, frå første trinn i barneskulen til vidaregåande opplæring.

Dei innvilga prosjekta fekk økonomisk tilskot til produksjonsmidlar, ei vekes opphald på Seanse og støtte og rettleiing gjennom Nynorsksenteret, Seanse, DKS-rådgivarane i dei involverte fylkeskommunane og Kulturtanken etter behov.

Seanse er ein relevant samarbeidspart for slike prosjekt, med base ved Høgskulen i Volda. Det er korte og enkle avstandar, og ein natur og kultur som inspirerer og byr inn til rekreasjon innimellom arbeidsøktene. Ørsta/Volda er i eitt av kjerneområda til den nynorske skriftkulturen. Det var nyttig, relevant og meiningsfylt med eit besøk til Nynorsk kultursentrum i Ivar Aasentunet ein kveld i produksjonsveka.

I forkant av opphaldet vart utøvarane inviterte til eit to-dagars digitalt arbeidsseminar og ei fysisk samling for å sikre eit godt fagleg innhald over tid, og høve til å bli kjende med kvarandre. Opplegget vart organisert av Kulturtanken i samarbeid med Seanse og Nynorsksenteret, og ville gi utøvarane rettleiing i god språkbruk, ulike formidlingsmetodar og forankring i læreplanen.

Språk er ein sentral del av ein produksjon og eit uttrykk. Språkleg støtte og rettleiing har i denne satsinga hatt ein like stor og sjølvsagd plass som den kunstnarlege rettleiinga, og samanhengen er

sentral. I eit tverrinstitusjonelt lagarbeid som Meir nynorsk i DKS er det sentralt at samarbeidspartane gir kvarandre naudsynt arbeidsrom.

Det skulle vise seg at kunstnarane hadde ulike behov når det kom til språkleg og kunstnarleg rettleiing og ønske om produksjonsstøtte for å kunne realisere produksjonsidéen sin. Arbeidsgruppa erfarer at å etablere føremålet med satsinga tek tid. Det krev at ulike institusjonar og profesjonar er opne og samarbeider likeverdig, og at ei reell kunnskapsdeling får skje. Det er mykje tverrfagleg kompetanse i satsinga.

385 DKS-aktivitetar blei i 2023 rapportert å vere på nynorsk (DKS Årsrapport 2023, Kulturtanken). Det utgjer på landsbasis 9 prosent av alle planlagde aktivitetar, ein auke frå 7,7 prosent i 2021 og på linje med fjorårets 9,2 prosent. Alle fylkeskommunar oppgir aktivitetar på nynorsk i 2023, om enn i varierande grad: frå ni i Nordland til 116 i Vestland.

Hjå direktekommunane rapporterer seks av åtte å ha hatt aktivitetar innanfor nynorsk, frå ein aktivitet i Asker, Lørenskog og Trondheim, til fjorten i Bergen. To direktekommunar har ikkje hatt aktivitetar på nynorsk i 2023. Dei andre kommunane rapporterer til saman 222 aktivitetar innanfor nynorsk i 2023.

Juryen la vekt på at dei utvalde produksjonane skulle representere ulike kunst- og kulturuttrykk, og reflektere mangfaldssamfunnet vi lever i.

Det var ikkje krav om spesifisert budsjett i søknadsutlysinga, og nokre av produksjonane viste seg å bli meir kostnadskrevjande enn først antatt, grunna behovet for utøvarar, tekniske løysingar, material og anna.

Om produksjonssøknadane hadde hatt med eit kostnadsoversyn frå starten av, ville det ha vore enklare å vurdere om produksjonane kunne gjennomførast innanfor den økonomiske ramma.

Det er òg svært viktig at produksjonsideen er realistisk med tanke på det planlagde DKSproduktet. Produksjonen Skit og kanel baud på fleire nyttige innsikter i så måte: teksten bør vere i eit føremålsretta format tilrettelagt for DKS-rammene. Ein teaterproduksjon, til dømes, krev eit manus som er utvikla i dialog med teaterfagleg kompetanse innanfor regi. Å ha nyhende som tema krev dessutan kontinuerleg oppdatering. Slike produksjonar må derfor utviklast med særleg medvit og gode føresetnader for oppfølging.

Arbeidsgruppa har vore medvitne om å nå ut breitt og nasjonalt. To av fem av dei utvalde produksjonane kjem frå kjerneområda til nynorsken, og storbyområde er godt representerte i utvalet.

Å nå produksjonsmiljø i og utanfor nynorsk kjerneområde er viktig. Nynorsk treng støtte og styrking på alle område. Dette kan gjerast ved at ein:

• tek i bruk metodikken frå prosjektet inn mot sentrale produksjonsmiljø der nynorsk som arbeidsspråk ikkje er etablert i dag

• koplar medvit om moglegheitene ved nynorsk som arbeidsspråk i kunstnarisk utviklingsarbeid/kontekstar opp mot dei allereie etablerte DKS-LAB-modellane

• får på plass ein god og dynamisk ressursside for nynorsk i DKS via Kulturtanken sine nettsider

Som språk brukt i kunstnarisk utviklingsarbeid og/eller kontekst kan nynorsk definerast som ein materialitet. Omgrepet materialitet i kunst er komplekst, og involverer det som utgjer byggesteinane i den aktuelle kunsten, her: det praktiske og estetiske språket nynorsk. Delane som er involvert i skapinga eller danninga av kunsten, utgjer verket sin materialitet. Språket har ein energi og ei kraft som er med å fargelegge ulike kunstuttrykk. Det kan brukast breitt innanfor film, dataspel, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst; tverrfagleg og/eller innanfor dei praktiske og estetiske faga sin eigenart. Det nynorske språket har i seg sjølv ein estetisk dimensjon (Gjøsdal, 2023b).

Tilbakemeldingar frå utøvarane

Utøvarane vektlegg verdien av å sjå produksjonen sin med nye auge og med språkbriller. Fleire har fått mykje ut av satsinga og legg vekt på språkperspektivet og det å ha vore ein del av eit godt lag. Dei oppmodar til å halde fram med satsinga og reflekterer rundt korleis ho kan utviklast vidare:

«Meir nynorsk i DKS bør halde fram med bevisstgjering og aktivitetar innanfor film, dataspel, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst. Vi merkar oss at arbeid innanfor dataspel og DKS kan vere svært interessant vidare. Satsinga kan til dømes legge opp til gruppearbeid, skrivekurs og kompetansedeling. Det er sentralt å vite kva barn og unge i dag er opptekne av. Det er ikkje tvil om at kunstnarar kan bidra også med nynorskperspektivet til barn og unge».

«Språk er ikkje eit problem for barn. Det er eventuelt dei vaksne som viser dårlege haldningar og motstand.»

«Elevar er opne. Dei godtek språket tvert, og har vore undrande og nyfikne dersom det er ord dei ikkje forstår.»

«Det har vore utfordrande og lærerikt. Å få kunnskap om kvifor nynorsk i Den kulturelle skulesekken er sentralt, er viktig. Som kunstnar er det inspirerande å vite noko om stoda til nynorsken i samfunnet og i opplæringa. Kunstnarar kan vere gode føredøme.»

Gruppebilete frå opphaldet på Seanse. Foto: Kristian Selon/Seanse

Vegen vidare

I innleiinga synte vi til Stortingsmelding nr. 8, Kulturell skulesekk for framtida, som understrekar at det språkpolitiske perspektivet skal vere vektlagt i programmeringa av tilbodet i Den kulturelle skulesekken, og at det er ønskeleg med eit visst tilbod på nynorsk også for bokmålselevar.

Arbeidsgruppa for Meir nynorsk i DKS ønsker at dette målet vert konkretisert, kommunisert, iverksett og følgt opp kontinuerleg. Vi ønsker at det å legge vekt på nynorsk blir etablert som ein sjølvsagd dimensjon i DKS.

Satsinga Meir nynorsk i DKS har vore naudsynt og ambisiøs og eit viktig steg på vegen for å nå dette målet. Budsjettet har vore høgt, og vi ser gode resultat. Å arbeide langsiktig og effektivt er føremålstenleg. Kombinasjonen med formidling av kunnskap om lovverk og læreplan, og språkleg og kunstnarisk rettleiing innanfor nynorsk som språk og kultur, kan vere ein vegvisar for andre i produksjon av gode, nynorske DKS-bidrag. Det særskilte med arbeidet i denne satsinga er den nynorske dimensjonen og ideen om at språket i seg sjølv har ei spesiell estetisk kraft som høyrer heime i DKS.

Satsinga ønsker generelt at fleire barn og unge skal kjenne seg integrerte i opplæring og kultur. Her kan meir nynorsk i DKS vere eit viktig bidrag. Korleis kan vi nå ut med gode produksjonar som har nynorsk som arbeidsspråk nasjonalt?

Vi meiner at satsinga bør førast vidare. Dette kan gjerast i desentralisert form i alle dei ulike fylkeskommunane og direktekommunane, anten i samarbeid eller kvar for seg. Vi erfarer då at samarbeid i form av nettverk er føremålstenleg.

Andre moglege format for arbeidet i satsinga er modellen DKS-LAB, residensar eller kunstnaropphald der utvalde utøvarar får høve til å arbeide med og sidan prøver ut eit konsept til ein DKS-produksjon. DKS-LAB Nynorsk kan bety å tilby rettleiing innan nynorsk i eit kunstnarisk, språkleg, kulturelt og læreplanretta perspektiv til utøvarar innanfor allereie etablerte og fagretta DKS-labbar. Det kan arrangerast eigne, tverrfaglege DKS-labbar for nynorske produksjonar, fysisk og eventuelt også digitalt.

Samarbeidspartar i dette og generelt innanfor det nynorske perspektivet kan vere Den Mangfaldige Scenen (med utøvarar som har utspring frå organisasjonen), Det Norske Teatret, Teater Vestland, Det Vestnorske Teateret, Jakob Sande - senter for forteljekunst, Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen, DKS i fylkeskommunane og direktekommunane, og andre nasjonale aktørar med engasjement, kunnskap og inspirasjon for nynorsken i kunstproduksjonar. Noverande direktør i Kulturtanken Matias Hilmar Iversen og Nynorsksenteret ved Guro Kristin Gjøsdal har hatt eit møte om vegen vidare 6. mai 2024. Det er ønskeleg at arbeidet er praktisk, effektivt og med gode, kompetente samarbeid.

DKS er kunst kopla til opplæring. Kunsten rører alltid ved samanhengar som er relevante i opplæringsfeltet. Målsettinga til Meir nynorsk i DKS har vore fleire kvalitetsproduksjonar i DKS som nyttar nynorsk som arbeidsspråk kreativt, informativt og pedagogisk, og kunstproduksjonar av høg kvalitet.

Vi vil takke alle instansar og aktørar som har bidrege til utvikling i satsinga så langt!

Kjelder

Bolstad, E. (2022): Store norske leksikon. Sidemål. Henta frå https://snl.no/sidem%C3%A5l

Den kulturelle skolesekken (2024): DKS Årsrapport 2023. Henta frå https://magasin.kulturtanken.no/artikler/dks-arsrapport-2023/

Gjøsdal, G. K. (2022): Nynorsksenteret. Lærarrolla i møte med Den kulturelle skulesekken (DKS). Henta frå https://nynorsksenteret.no/blogg/laerarrolla-i-mote-med-den-kulturelle-skulesekken-dks

Gjøsdal, G. K. (2023a): Nynorsksenteret. Med nynorsk i den kreative verktøykassa. Henta frå https://nynorsksenteret.no/blogg/med-nynorsk-i-den-kreative-verktoykassa

Gjøsdal, G. K. (2023b): Periskop. Kvifor nynorsk i Den kulturelle skulesekken? Henta frå https://periskop.no/kvifor-nynorsk-i-den-kulturelle-skulesekken/

Kulturtanken (2023): Meir nynorsk i DKS. Henta frå https://www.kulturtanken.no/den-kulturelle-skolesekken/nynorsk/

Lovdata (2022): Lov om språk (språklova). Henta frå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2021-05-21-42

Lovdata (2022): Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Henta frå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1998-07-17-61?q=lov%20om%20grunnskolen%20og%20den

Regjeringen (2008): Meld. St. 8 (2007-2008). Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/Stmeld-nr-8-2007-2008-/id492761/?ch=1

Regjeringen (2022): Meld. St. 18 (2020-2021). Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-18-20202021/id2839455/?ch=2

Sjo, T. K., & Gjøsdal, G. K. (2023): Nynorsksenteret. Nynorsk for innvandrarar? Sjølvsagt! Henta frå https://nynorsksenteret.no/blogg/nynorsk-for-innvandrarar-sjolvsagt

Theil, R. (2022): Store norske leksikon. Nynorsk. Henta frå https://snl.no/nynorsk

Theil, R. (2021): Nynorsk kultursentrum. Skriftspråket. Henta frå https://nynorsk.no/om-nynorsk/skriftspraket/

Utdanningsdirektoratet (2022): Læreplanverket. Henta frå https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/

Vikør, L. S., Jahr, E. H., Berg-Nordlie, M. (2022): Store norske leksikon. Språk i Norge. Henta frå https://snl.no/spr%C3%A5k_i_Norge

Nettsider og artiklar om prosjektet

• Kulturtanken. (u.å.) Meir nynorsk i DKS. https://www.kulturtanken.no/den-kulturelle-skolesekken/nynorsk/

• Kulturtanken. (2020): Utlysing: Meir nynorsk i DKS! https://www.kulturtanken.no/aktuelt/2020/utlysing-meir-nynorsk-i-den-kulturelle-skulesekken/

• Engen, T. (2020): – Nynorsk er maktkritikk. Kulturtanken. https://www.kulturtanken.no/aktuelt/2020/nynorsk-er-maktkritikk/

• Gjøsdal, G. K. (2023): Periskop. Kvifor nynorsk i Den kulturelle skulesekken? https://periskop.no/kvifor-nynorsk-i-den-kulturelle-skulesekken/

• Grønningen, T. (2020): Bli kjend med vår nynorsk-jury! Kulturtanken. https://www.kulturtanken.no/aktuelt/2020/bli-kjend-med-var-nynorsk-jury/

• Grønningen, T. (2021, 18. februar): Eit fagpanel som vil inspirere. Kulturtanken. https://www.kulturtanken.no/aktuelt/2021/eit-fagpanel-som-vil-inspirere/

• Støylen, J. (2021, 1. mars): Sju gullbillettar til nynorsken! Kulturtanken. https://www.kulturtanken.no/aktuelt/2021/sju-gullbillettar-til-nynorsken/

• Grønningen, T. (2021, 28. november): Å finne andre ved å finne seg sjølv. Kulturtanken. https://magasin.kulturtanken.no/dks20ar/a-finne-andre-ved-a-finne-seg-sjolv/

• Grønningen, T. (2022, 6. juli): Den indre kampen. Kulturtanken. https://magasin.kulturtanken.no/artikler/den-indre-kampen/

Samarbeidspartnarar:

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.