LUFTLED nr 3 2021

Page 13

fridom i lufta. Tek me som utgangspunkt at luftherredøme neppe let seg etablere utan omfattande operasjonar over noko tid i møte med ein potent motstandar, så er luftoverlegenheit særleg viktig. Luftoverlegenheit er normalt avgrensa i tid og rom, og inneber ei grad av luftkontroll som tillèt eigne luft-, land-, og sjøstyrker å operere utan at motstandaren kan forstyrre dei på ein avgjerande måte. Ettersom norske farvatn er grøne og med di det strategiske rasjonale for krigshandlingar i vår region er maritime, så er det altså den grad av luftkontroll som mogleggjer operasjonelle effektar i og mot det maritime som tek førerang. Norsk sjømakt sine roller er omfattande, men den nasjonale luten av den kan skisserast som: å hindre russisk maktprojisering mot Noreg over og frå havet, å sikre mobilitet for vår landmakt (som må på kjøl for å kunne setjast inn der trongen måtte openberre seg), å sikre eigen bruk av kysten til sivil og militær etterforsyning, samt og ikkje minst å sikre tilgang frå havet til Noreg for å ta i mot allierte forsterkingar. I tillegg kjem sjølvsagt allierte operasjonar som til dømes nærblokade og nedkjemping av den russiske sjømakta i deira heimlege farvatn, angrep mot Nordflåten sin infrastruktur og ikkje minst antiubåtoperasjonar, både i tradisjonell form, men og strategisk antiubåtkrigføring. Trongen for luftoverlegenheit i det maritime domenet er altså svært omfattande, men samstundes av avgjerande karakter for å mogleggjere både essensielle nasjonale og allierte militære operasjonar i det maritime domenet. Feilar me her, så vil korkje me eller alliansen lukkast i det maritime domenet og dimed heller ikkje i å påverke utfallet av krigen positivt på eit overordna nivå. Samstundes, med di luftmakta har ein unik taktisk mobilitet samanlikna med sjøstridskrefter og landmakt, så vil luftmakta ha ei avgjerande rolle også i nedkjemping av fiendtlege maritime stridskrefter. Ein kan raskt bringe stor våpenmakt til bruk der og når ein trugsel openberre seg. Men i tillegg, ettersom fienden sin militære aktivitet handlar om å skape gunstige operasjonelle tilhøve for deira viktigaste maritime stridskrefter, altså dei strategiske ubåtane, så vil også andre formar for nedkjemping ved hjelp av luftmakt i all hovudsak handle om å direkte eller indirekte påverke det maritime domenet. Det vere seg operasjonar retta mot luftvern, mot missilsystem, mot baser, mot ulike luftkapasitetar eller mot kommando og kontroll­ installasjonar. ISR, eller å skape situasjonsmedvit, er også ei kjernerolle for luftmakta. Det maritime operasjons­ miljøet er særleg avhengig av denne kapasiteten grunna det geografiske omfanget på det maritime operasjons­ området, sjøstridskreftene sin operasjonelle mobilitet, våpenrekkevidder, evna til å operere skjult (ubåtar) og den absolutte karakteren maritim krigføring har (er eit fartøy senka – så kan det ikkje lett erstattast, og det er få av dei). Ikkje berre er det viktig å lokalisere fienden sine fartøy for å konsentrere eldkraft og utnytte våpenrekke­ vidde, men i tillegg så er både eigne og fiendtlege maritime stridskrefter ein så avgrensa ressurs at eit suksessfylt angrep raskt kan endre den taktiske og dimed den operasjonelle og jamvel strategiske balansen radikalt.

KONKLUSJON Med di Noreg sin strategiske situasjon er grunn­ leggande maritim, så vil alle krigshandlingar i eller kring Noreg ha sitt utgangspunkt i maritime strategiske målsetjingar. Dette vil forme krigshandlingar og operasjonskunst på båe sider. Ettersom geografien i tillegg gjer det maritime operasjonsteateret til såkalla grøne farvatn og då det er utviklinga i det maritime domenet som er viktigast for utfallet av krigen på eit overordna nivå, så må all norsk luftmakt sjåast som direkte eller indirekte maritim luftmakt. Noreg sitt forsvarsproblem er primært maritimt, både nasjonalt og i alliansesamanheng – men maritimt i ein fellesoperativ forståing av omgrepet. Det er kva vår sjø- og luftmakt, støtta av landmakta, kan oppnå og gjere i og mot det maritime som i størst grad påverkar Noreg sin lagnad i ein krig på både eit overordna nivå. I den grad forsvarsgreinene gjennomfører taktiske operasjonar som berre har betydning i eige domene, så er dette mest berre for å mogleggjere effektar i det maritime domenet – om ikkje taktiske effektar, så i alle fall operasjonelle. Ergo – all norsk luftmakt er maritim luftmakt! LITTERATUR Corbett, Julian S. Some Principles of Maritime Strategy. London: The Project Gutenberg eBook, 1911 (electronic reproduction 2005). Dyndal, Gjert Lage. «A theoretical framework of Maritime Air Power.» Kungliga Krigsvetenskapsakademiens Handlingar och Tidskrift NR 4/2015 (2015). Fioravanzo, Giuseppe. A History of Naval Tactical Thought. Annapolis: Naval Institute Press, 1979. Forsvaret. Forsvarets doktrine for luftoperasjoner. Forsvarets høgskole, 2018. Pugh, David C. «Guns in the Cupboard.» i Årbok for Forsvarshistorisk forskningssenter, Forsvarets høgskole, 1983-84, edited by Tamnes, Rolf. Oslo: Tanum-Norli, 1984. Rubel, Robert C. «Talking about sea control.» Naval War College Review 63, nr. 4 (2010): 38. Svechin, Alexandr A. Strategy. Minneapolis: East View Publications, 1927 (reprint:1992).

Et av hovedvåpnene til F-35 er JSM-missilet som blant annet har effekt mot overflatemål på sjøen. Illustrasjon: Kongsberg

«Ein kan knappast forstå maritim luftmakt utan innsikt i sjømakt og maritime mål­ setjingar»

yndal, Gjert Lage, "A theoretical D framework of Maritime Air Power," Kungliga Krigsvetenskapsakademiens Handlingar och Tidskrift NR 4/2015 (2015) 2 Mi omsetting: Fioravanzo, Giuseppe, A History of Naval Tactical Thought, (Annapolis: Naval Institute Press, 1979), s. 25. 3 Svechin, Alexandr A., Strategy, (Minneapolis: East View Publications, 1927 (reprint:1992)), s. 70. 4 Mi omsetjing og forenkling av Corbett, Julian S., Some Principles of Maritime Strategy, (London: The Project Gutenberg eBook, 1911 (electronic reproduction 2005)). s. 15. 5 Ibid., s. 10. Luftmakt er lagt til av meg. 6 Ibid., s. 15. 7 Rubel, Robert C., "Talking about sea control," Naval War College Review 63, no. 4 (2010): s. 44-46 8 Lausleg basert på ibid., 9 Inspirert av: Pugh, David C., "Guns in the Cupboard," i Årbok for Forsvarshistorisk forskningssenter, Forsvarets høgskole, 1983-84, ed. Tamnes, Rolf (Oslo: Tanum-Norli, 1984) 10 Dyndal, . 11 Forsvaret, Forsvarets doktrine for luftoperasjoner, (Forsvarets høgskole, 2018), s. 44. 1

LUFTLED 3 2021

13


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.