LUFTLED nr 1 2021

Page 25

FOH, som gav den stønad eg hadde behov for (ei forankring på operasjonell nivå for eventuell bruk av raudt kort, med mogelegheit for FOH å forankre vidare til Forsvarsstab og FD om SJ FOH såg behovet for det) om MINUSMA ikkje ville vera viljug til å bidra med tiltak som var utanfor vår kontroll) før møtet med militær FN leiing lokalt. Dermed hadde eg innhenta både ei fagleg forankring og ei forankring frå opera­ sjonelt nivå. Den strategiske forankringa vart gåven implisitt gjennom kommunikasjonen med FOH og gjennom mi forståing av at Forsvarstaben og eventuelt forsvarssjefen, samt Forsvarsdepartementet og forsvars­ ministeren ville bli informert om det som føregjekk i Mali. FLYNEKT TIL FN HOVUDKVARTERET Tilfeldighetar er spanande og ein slik inntreffe óg her. Like før siste møtet med FN leiinga lokalt – der eg kom til å leggja fram det raude kortet, var utanriksministeren og forsvarsministeren på vitjing hjå NORTAD. Då fekk eg og høve til å informere FMIN under fire auger om situasjonen som var under oppsegling ifm at ein ny trussel hadde kome og at det låga an til at det raude kortet kom til å bli brukt. Det kom difor ikkje som noko overrasking for FMIN når denne saka kom i VG nokre veker etterpå. Akkurat det var berre flaks. Eg hadde uansett den forankringa som eg hadde behov for å ha for å kunne kjenne at dette er eit legitimt avgjersle. Den militære FN leiinga lokalt ville diverre ikkje stille med meir sikkerheit for vår C-130J desse dagane i Kidal. Då vart det raudt kort. Alle andre destinasjonar i Mali fekk grønt lys frå meg. Det var ein interessant

observasjon å sjå at alle andre transportoppdrag vart kansellert i dei 3 dagane eg nekta å fly til Kidal. Det kritiske behovet for militær flytransport av FN-troppar og forsyningar til FN-leirane i hele det gedigne landet forsvann som dugg for solen. Kva kan ein seia? Nokon kalla det ei umoden boikott-reaksjon. Eg sa ingenting. Alle oppdrag kom etterkvart attende og oppdraga tok seg opp som normal. Etter eit par veker mista FN kontroll på flyplassen i Kidal etter at soldatane vart jaga bort av innbyggarane i Kidal by. Og dermed vart flystripa stengd i lang tid. I fylgje ein representant frå UD, som NORTAD óg hadde jamleg kontakt med om MINUMSA­oppdraget i ulike høve, kom saka om «den norske flynekten» heilt til FN hovudkvarteret i New York, på eitt eller anna nivå, etter oppslaget i VG. Men eg fekk ikkje veta meir enn at det som hadde hendt var heilt OK. Dei potensielle strategisk politiske implikasjonane knytt til avgjersla eg hadde fatta og norsk forsvars- og utanrikspolitikk, spesielt ift FN i dette tilfellet kunne ein sjå konturane av på førehand. Det kan vera meir krevjande å seia nei enn ja. Sjølvsagt. Eit flyoppdrag er viktig. Men alt er relativt. Viktig er eit relativt omgrep. Men det hjelper kraftig når du står opp mot kraftig motstand at sjef FOH skriv til deg fylgjande: Kurt, du står støtt, og eg er rett bak deg. Då er det minst to ting som skjer: 1. S tyrkesjef blir tryggare og rolegare og kan fokusere på arbeidoppgåvene sine. 2. E in er vitne til at ein general som utøver leiarskap i eliteklassen (takk R.).

«Eg er takksam for at utdanninga i Forsvaret har lagt forholda godt til rette for at ein skal kunne betre forstå ein strategisk militær-politisk-­ situasjon»

1

asta ned frå: https://peacekeeping. L un.org/en/mission/minusma, 21. januar 2021

Personell fra Air Mobile Protection Team i NORTAD II i FN operasjonen MINUSMA, holder vakt ved et norsk C-130J Hercules på oppdrag i Gao i Mali. Foto: Torbjørn Kjosvold/ Forsvaret

LUFTLED 1 2021 25


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.