Venen nr. 5 2011

Page 1

indremisjons ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 05 - 2011

All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovanfrå, frå han som er Far til lysa på himmelen. Hos han er det ikkje forandring eller skiftande skuggar. Jak 1,17

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2011


Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar. Indremisjonssamskipnaden

Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Haugesund Bok og Offset A/S Red.: Svein Bjarne Aase Indremisjonssamskipnaden Postboks 150, 5401 STORD Tlf.: 53 41 07 04 Fax: 53 41 27 40 Postgiro: 7877.08.43366 Bankgiro: 8220.02.80454 Kontortid: 09.00 – 15.00 Heimeside: www.indremisjonen.no E-post: post@indremisjonen.no Samskipnadsstyret: Edmund Thormodsæter, formann Halvard Wiik Bjørn Saghaug Birgit M. Hjelmeland Iren Sævik Mæland Kristoffer Tjelle Torunn Tvedt Varamedlemmar: Knut O. Dale Kåre Stautland Anfinn Økland Dagleg leiar: Svein Bjarne Aase Telefon 47 26 13 40 Helgatun 5713 VOSSESTRAND Telefon: 56 51 98 98 Telefax: 56 51 98 99 Bankgiro: 8220.02.80497 Styrar: Solveig Norheim Heimeside: www.helgatun.no Brandøy 5584 BJOA Telefon: 53 76 98 81 Bankgiro: 8220.02.80470 Husmor: Sigrun Thormodsæter Framnes KVGS 5600 NORHEIMSUND Telefon: 56 55 05 00 Telefax: 56 55 13 92 Bankgiro: 8220.02.80292 Rektor: Harald Voster Heimeside: www.framnes.vgs.no

Svein Bjarne Aase Dagleg leiar

Medvandrar - langs same veg! Me har bak oss eit strålande flott Haustmøte. Mange rike stunder saman med Herren og med kvarandre i eit godt fellesskap. Hovudfokuset på dette Haustmøte var det å vera ein medvandrar i kvardagen. Ser me tilbake på livet vårt har me sikkert alle nokon me tenkjer på som har betydd noko ekstra for oss og som gjorde at me fekk ei levande tru på Jesus Kristus. Det kan vera mor og far, ein sundagsskulelærar, ein nabo, ei bestemor eller bestefar, ein ungdomsarbeidar, ein bonde, ein fiskar eller ein annan person du traff på din veg. Felles for alle desse personane som fekk bety noko ekstra for oss var at dei såg oss der me var i livet, hadde trua på oss og hadde evnen til å føra ein samtale som leia oss til Jesus Kristus. I Luk. 24,13 - 35 møter me Emmausvandrarane som var forvirra etter Jesu død og ryktene som gjekk om at han var oppstanden. Medan dei gjekk på vegen og snakka saman, ”kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei” v.15. Han spurte: ”Kva er det de går og talar om med einannan?” Dei fortalde, og Jesus spurde vidare og lytta, der dei gjekk langs same veg. Samtalen kunne blitt svært kort dersom Jesus sitt mål berre var å få fram svara på det dei lurte på. Han kjente svara, ja, han var jo sjølve svaret. Men Jesus lot dei dela det dei hadde på hjarta. Og dei oppsummerte: ”Og me som hadde håpa at...!” Skuffelsen var stor! Det var jo ikkje slik dei hadde trudd det skulle gå. Så nærma dei seg landsbyen dei skulle til, og dei bad han inntrengjande om å bli hos seg. Då blei han med dei heim og då han bad takkebøna og braut brødet, kjende dei han att. Jesus hadde møtt dei som ein omsorgsfull medvandrar. Jesus gjorde også noko meir langs vegen. Han tok dei med inn i skriftene og profetane sine ord og synte fram seg sjølv der. Han utfordra dei til å tru det Ordet seier om han. Det rørte ved kjenslene deira. ”Brann ikkje hjarto våre i oss då han tala til oss på vegen og let opp skriftene for oss?” v. 32. Jesus brukte Bibelen på ein livsnær måte slik at dei tenkte bibelske tankar midt i all forvirringa. Livet kan ofte ha fleire spørsmål enn svar. Og skuffelsane er der. Då treng me alle medvandrarar som er villige til å gå eit stykke veg saman med oss, og som hjelper oss til å sjå kva Ordet seier og gjev oss. Slik at me kan oppdaga Jesus midt i alle spørsmåla. I dag vil eg utfordra deg til å vera ein medvandrar for nokon som treng deg. På Haustmøtet vart me utfordra på tre B-ar. Open bustad, brødboks og Bibel. Innviter nokon heim til deg, server eit måltid mat og set dykk ned over ein open bibel. Det har gjeve nytt livsmot, skapt tru og håp til utallige menneske opp gjennom tidene. Tenk over dei som har betydd noko ekstra for deg. Slik kan du få vera ein medvandrar langs same veg for nokon som treng ei ekstra oppmuntring i dag! Gud signe deg til å vera ein medvandrar - langs same veg!

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjonssamskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454. Då går gåva direkte til Samskipnaden.

4 500 000 4 000 000 3 500 000 3 000 000 2 500 000 2 000 000

1 000 000 500 000 0

Hittil 2010 1 896 096,-

1 500 000

Hittil 2011 2 129 246,-

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til Samskipnaden”.

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar og gjevarteneste pr. 31. august 2011

Budsjett 2011 3 870 000,-

SunnBok Postboks 23, 5401 Stord Telefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

Leiar


Andakt Av Ludvig Bjerkreim

Hender til velsigning Eg skal aldri gløyma samlingsstundene me hadde med SFO i Tananger menighet. Menigheten hadde eigen SFO. Ei gong i veka var det samlingsstund i kyrkja. Me fortalde, song og hadde alltid tid til spørsmål frå barna. Me slutta av med velsigninga kvar gong. Barn og vaksne reiste seg for å ta imot velsigninga. Det var ei sterk oppleving å sjå barna rekke fram hendene sine som eit teikn på at dei tok i mot velsigninga. Då Jesus møtte læresveinane etter påske, viste han dei hendene og føtene sine. Luk. 24,40. Han ville forsikra seg om at han var levande, ekte, sann og verkeleg. Men eg tenkjer meg at han viste dei hendene sine for å minne dei på korleis han hadde brukt hendene sine dei tre åra dei hadde vore saman: Han la hendene på sjuke og rørte ved barna og velsigna dei. Han løfta brød og fisk mot himmelen og han tok brød og vin i hendene sine og velsigna dei.

Siste gongen dei såg Jesus, løfta han hendene sine og velsigna dei. “Medan han velsigna dei, skildest han frå dei.” Luk. 24,51. Eg ynskjer at Jesu kyrkje skal bruke hendene sine slik han gjorde det. Me skal vera rause med å velsigna barna og dei unge. Helst frå dag éin kan me legge hendene på barna og lyse Herrens velsigning over dei. Det er ein viktig skatt me forvaltar og det er ein viktig skatt for barna å få med seg. Samstundes bed me om at Herren velsignar hendene våre slik at dei kan formidla noko godt, helst noko guddommeleg frå Herren sjølv. Mange gonger har menneske kome fram til forbøn, rekt fram hendene sine og bedt om at eg/vi skulle velsigna dei. Me teikna eit korsmerke i håndflatene og bad denne enkle bøna: «Herre, bruk desse hendene som dine. Lat det vera slik at alt og alle dei rører ved, kunne bli rørt ved, av deg.»

14.-15. januar 2012 blir det BULK, barne- og ungdomsleiarkonferanse, på Brandøy Gunnar Elstad vert med og har bibeltimar over teamet: “Fellesskap på godt og vondt”. Elles vert det m.a. tema om “Kjønn og grenser” og “å leia seg sjølv”. Bibelskulen Bildøy leier i lovsong. Meir info kjem i neste Venen. Leiarar i alle aldrar, og andre interesserte, er hjarteleg velkomne!

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2011

Slik ber me om små kvardagsunder og hender som Herren bruker som sine. Jesu kyrkje er ikkje fyrst og fremst ei kyrkje med ord og meiningar. Den er ei kyrkje som prøver å gå i Jesu fotspor og gjer nokre av dei gjerningane han gjorde. Bøna mi i denne andakten er dette: At hendene våre blir til velsigning for menneske me møter.

BØNE SPALTA

TAKKA FOR: - eit flott Haustmøte. - for alle som skal på leir. - for alle som går i eit barne- eller ungdomslag. - for alle trufaste misjonsvener som står på. BE FOR: - Haustkonferansen på Helgatun. - Haustweekendane på Brandøy og Helgatun. - Bokhandelen vår, SunnBok. - Julemessene. - For alle leiarane i barneog ungdomslaga. - For indremisjonsstyrene rundt om i bygdene. 3


Haustmøte med fokus på ”medvandring” Haustmøtet på Stord er ei samling med rike tradisjonar. Eitt og anna har blitt endra opp gjennom åra, men den berande tanken er den same: Å samla dei truande til inspirasjon og fornying. Samstundes har ein eit ynske om å nå vidare ut, og opplegget for laurdagskvelden har gjerne vorte ekstra spissa mot dét dei siste åra. Hovudtalar i år var Ole Magnus Olafsrud. Han tok for seg eit tema han brenn for: ”Langs samme vei” - om livsforvandlande relasjonar. Olafsrud har eit ynske om å opna augene våre for verdien av dei nære, byggjande relasjonane. Jesus tok seg god tid med einskildmenneske, som kvinna ved brønnkanten. Teksten frå Joh 4 var utgangspunktet for talen laurdag ettermiddag. Jesus vedstod seg at han trong vatn - ”Eg er tyrst”. Det opna for samtale og kontakt. På same måten kan det at vi vedstår oss vår ”sårbarhet”, opna for relasjonar med menneske. Jesus var ein meister til å stilla spørsmål. Olafsrud oppmoda oss til å stola på samtalen. Kan det vera menneske kring deg som er nærare trua enn du tenkjer? Vi er sådde ut som Guds korn, slik det står i Matt 13.38: ”Det gode kornet er dei som eig heime i riket”. Gjennom konkrete døme peika han på menneske som hadde fått god kontakt og ei viktig teneste i nærmiljøet, men som gjerne ikkje møtte forståing på bedehuset når dei ikkje kunne vera så ofte

på møte. Han oppmoda oss til å sjå begge sidene – å ha tanke både for drifta på bedehuset og dei som har ei teneste i nærmiljøet. Laurdag kveld talte han om å byggja medvandrarrelasjonar merkte av godleik og omsorg – samstundes som ein vågar å vera tydeleg. Det er eit stort perspektiv på det å sjå kvarandre. Det kan gje menneske eit glimt av ”han som ser” (Jfr Hagar i 1.Mos 16.13) Ofte er det slik at Guds omsorg og tydelege rettleiing blir synleg gjennom menneske som vandrar saman med oss. På gudstenesta søndag føremiddag lyfte Olafsrud fram Barnabas. Namnet tyder ”trøystesonen”. Det er eit stort behov i vår tid for slike trøystesøner og -døtre; nokon som kan gå eit stykke veg med oss i våre turbulente liv. Det handlar om å la Barnabas si ånd prega oss som medvandrarar. Og då er det Jesus vi talar om, eigentleg, understreka han. Han som går med oss, han som er brubyggjaren mellom himmel og jord, nådig og tålmodig. Ver frimodige; gå ut og inn i nådens uendelege famn, og fellesskapet vil veksa!

Song og musikk har ein stor plass på haustmøtet, og mange tok del gjennom helga. Fredagskvelden var det song av Nye Røster frå Åkra, og av Ragnhild Nesse laurdag. For mange vart laurdagskvelden eit musikalsk høgdepunkt. Tore Ljøkjel og Oscar Jansen spela saksofon og piano. Saman med ”husorkesteret”, ei forsongargruppe og koret Ichtys gav dei oss ein flott kveld. Tore Ljøkjel delte òg frå livet sitt og målbar eit varmt ynske om å få tena menneske med si gåve og sin musikk. Han har fått ein tanke om å bruka kyrkjetårna her! Mange stader i landet har han stått i kyrkjetårnet og spelt saksofon. Slik vart det òg i kyrkja på Stord denne helga - ein time før gudstenesta søndagen. Diverre vart det opp i regn att etter ein strålande laurdag. Men mange fekk med seg tonane hans likevel! Laurdag var det òg barnemøte i bedehuskjellaren ved Marit Røen, Linda Aase og Gunnhild Olsen. Haustmøtet vart avslutta med møte kring i distriktet søndag ettermiddag og kveld. Kåre Johan Hamre

Over 400 var samla til festmøte i Stord kyrkje 4

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2011


Med Sunnhordlandsmusikken på tur til Sørlandet Torsdag morgon, den 19. mai, starta me turen. Første påstiging var ved Fitjar bedehus. Her kom alle frå Fitjar på, så var det vidare til Leirvik, Føyno og Sveio. Siste mann var Klaus Muff som kom på i Aksdal. Med Svein Bjarne Aase som sjåfør og Klaus Muff som turpredikant var me trygge på at turen ville bli vellukka. Turen starta med gode ord frå Bibelen, og bøn for turen. Etter ferja over Boknafjorden fortsatte turen sørover på Europaveien. Eit lite stopp på Ben’s kafe fekk me òg tid til. Det er alltid godt med ein kopp kaffi. Utpå ettermiddagen kom me fram til Lyngdal og Rossfjord Strandhotell der me skulle bu i tre netter. Det var eit reint og fint hotell med mykje god mat. Her møtte me òg Berit og Kåre Steinsund som skulle vera med oss under opphaldet. Om kvelden var det møte i Eiken bedehus, Kåre Steinsund leia møtet, Sunnhordlandsmusikken song og Klaus Muff talte Guds ord. Me fekk òg fin song av Jette Marie og Bjarne Steinsund. Etter møtet fekk me god kveldsmat før me køyrde tilbake til hotellet. Etter ei god natt søvn og ein god frukost stod det utflukt på programmet. Då gjekk turen til Lista fyr, der nokre var i høgaste fyrtårnet. Den eldste i musikklaget, på 85 år, var heilt på toppen. Etter lunsj var det fritid til å gjera det ein ville, nokre gjekk tur, andre i badeland og nokre ville berre ta det med ro og tok ein middagslur.

Fredag kveld var det møte i Konsmo bedehus. Der talte Kåre Steinsund og Sunnhordlandsmusikken song. Også der fekk me god kveldsmat før me reiste tilbake til hotellet. Laurdag føremiddag køyrde bussen inn til sentrum der handling stod på programmet. Dei fleste gjekk vel og svinga på nokre klesstativ. Etter middag var det møte i Lyngdal bedehus der Frank Rott stod i døra og ynskte oss velkommen, og Sunnhordlandsmusikken song på møtet. Laurdag kveld var det fest for musikklaget på Lyngdal Jordbruksskule. Dette var ein fantastisk flott kveld, her fekk me både for smilebandet og for sjela. Frank Rott talte og det var vitnemål. På festkvelden fekk me servert god middag og flotte iskaker til dessert. Det var òg kaffi og blautkaker.

Alle plasser me kom var det mange som ville høyra på. Det er utruleg kjekt å reisa på tur i lag. Det er ein fin anledning til å verta betre kjent, og så er det bra for musikklaget å koma i lag på denne måten. Det var ein god tone på heile turen, mykje godt humør og ikkje minst det at me kan dela det viktigaste i livet, det åndelege. Det er difor me reiser rundt og syng om Jesus slik at andre får høyra evangeliet. Dette synes alle me i musikklaget er viktig å nå ut til andre med. ”Ta ei ditt blikk fra Jesus. Dag og natt vil han lede deg. Ta ei ditt blikk fra Jesus.” Takk for turen!

Så var det søndag og heimreisedag. Først skulle me innom Ognatun og eta middag før det var møte på Vigrestad misjonshus. Klaus Muff leia, Svein Bjarne talte og Sunnhordlandsmusikken song.

Festkveld på KVS Lyngdal Utsikt frå Lista Fyr

Skjemt og alvor hand i hand

Mange samla til song- og musikkmøte

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2011

5


Leirar hausten 2011

Indremisjonssamskipnaden Tlf 53410704, post@indremisjonen.no, www.indremisjonen.no

Brandøy Helgatun

Lise Marie Gunnhild Linda Barne- og Ungdomssidene! Flott oppslutnad om

Yngsteshelg Adventshelg 21.-23. oktober 3.-5. klasse

25.-27. november 8. klasse og oppover

Pris 550 kr

Pris 610 kr

Hausttreff

Førjulshelg

4.-6. november 2.-4. desember 1.vg. og oppover 2.-4. klasse Pris 560 kr Pris 690 kr 5.-7. klasse Pris 600 kr

Ten-helg

18.-20. november 8.-10. klasse Pris 610 kr

13.-15.o ktober Leirvik, STORD

Miniadventshelg 26.-27. november 2.-4. klasse Pris 390 kr

Adventshelg 2.-4. desember 5.-7. klasse Pris 600 kr

I skrivande stund er PIT STOP nettopp vel i havn, og me kan sjå tilbake på innhaldsrike dagar med flott fellesskap og mykje bra undervisning frå Guds ord. Det er også veldig oppmuntrande at så mange har vore innom bedehuset desse dagane. På kveldsmøta torsdag og fredag var over hundre ungdomar samla kvar kveld, litt mindre på laurdagen. Me var nok også veldig spente på kor mange som ville dukka opp på dagtid då det var bibeltime og seminar. Veldig kjekt at rundt 50 ungdomar prioriterte dette. Temaet for helga var “forandring”. Og eg trur nok at dagane vart eit “Pit stop”, eit “time-out” i ungdomane sin elles travle kvardag, der dei kunne få inspirasjon og påfyll til å stå på vidare i kvardagen for Jesus. Vitnesbyrd og samtalar bekrefta også dette. Fleire talarar var engasjerte, både gjennom seminar og kveldsandaktar. Erlend Hardang hadde bibeltimane og snakka først om vår forandra stilling overfor Gud, før og etter Frelsen, og dessutan snakka han om det nye livet med Jesus med utgangspunkt i Hebr. 4, 17-32. Takk til alle engasjerte ungdomar som stod på desse dagane. Dette går me for igjen! ;o) Marit Ådnanes

Saksa frå

:

Sagt av ein leiar på Pit Stop: “for nåken daga :D !! utrulig glad for alle som kom og var med å stelte i stand detta her :D ! tusen takk til alle som kom, hadde kje vore rare greiene uten folk... Detta er nåke som me vil satsa på til neste år også :D” Deltakar: “Hatt nåken supre daga på Leirvik Bedehus på pit-stop i helgo !! :) må bli te neste år og !! :D”

Erlend Hardang var hovudtalar under PIT STOP

Ungdomane samla til bibeltime og lovsong


Mitt bibelv ers! d l i nh ag R Marit Jesu Eg er vege s seier: Ingen kjem n, sanninga og livet. til Far utan gjennom m eg. Joh 14,6 Solveig Hø yland, 15 år, Leirvik

ne Med T2-studenta til Kvinnherad

Ope Hus på Valen Onsdag 5. oktober var det på ny ei kjekk ungdomssamling i kyrkja på Valen. Ca 20 ungdomar var aktive med biljard, spel og anna moro første delen av tida. Det var òg tid til å snakka og leika med dei som var der. Det verka som om kvar og ein koste seg, fordi snakke- og latternivået var høgt... Denne kvelden fekk dei høyre om kva som er viktig å prioritera i livet sitt. Dette vart også diskutert etterpå av heile gruppa. Eit av mange bibelvers dei fekk høyre var Joh.17,3: «Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.» Det vart snakka om at data og «Facebook» tek for my-

kje tid i livet deira, men det gjeld nok ikkje berre ungdomane på Valen. Leiarane var Ove Tvedt, Kjell Yngve Myhre, Michelle Myklebust og Kjerstin Brede Teigen. Dei gjorde ein flott jobb med å inkludera alle saman. Dei står på kvar onsdag for at ung-

domane på Valen skal få innblikk i Guds ord. Det var ei kjekk oppleving å få vera med på denne kvelden og det er ingen tvil om at ungdomane hadde det kjekt. Linda Aase

Ungdomar på Ope Hus klare for andaktsstund.

KRIK og Nattcafè Husnes Fredag 7. oktober var Husnes så heldige at dei fekk besøk av tre kjekke bømlingar. To av dei er arbeidarar i IMS; Marit Ådnanes (barne- og ungdomssekretær) og Gunnhild Olsen (T2-student). Den tredje var den frivillige Morten Habbestad, som bl.a. er leiar for U-Alpha på Laurhammer bedehus på Bømlo og med i BUR (Ims sitt Barne- og ungdomsråd). Me besøkte fyrst KRIK-treninga for 8. klasse og oppover. Denne vart leia av Kjerstin Brede Teigen og Joakim B. Espevik. Leik, trening og Guds Ord stod på programmet. Det vart m.a. varma opp til Nattcupen i innebandy som går av stabelen i Husneshallen 22. oktober. Midt i treninga hadde dei ein pause der Marit hadde andakt. Godt å få høyra Ordet. Etter treninga fòr dei fleste ungdommane opp til bedehuset for å gå på Nattcafè. Jan-Ove Fagerheim hadde hovudansvaret. Drøsen gjekk og taco stod på menyen. Nokre spelte biljard. Utpå kvelden viste det seg også at det er mange songtalent på Husnes, då ungdomane samla seg rundt pianoet for å syngja. Mange ungdomar var innom bedehuset denne kvelden, kanskje 80-90 stk. Marit og Morten hadde andakt der dei tok opp viktige spørsmål i forhold til den kristne trua. Ungdomane kom med mange flotte svar og kommentarar.

Ungdomar med leiarar samla til KRIK på Husnes.

Leiar Jan-Ove Fagerheim i samtale med nokre av ungdomane på Nattcafè.

Gunnhild Olsen Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2011

Mange ungdomar hadde funne vegen til Husnes bedehus også denne fredagen. 7


  �

OM VEGGENE KUNNE TALA... ...ikkje berre i mitt barndoms- og ungdoms bedehus, men i alle dei bedehus som vart reist i by og bygd. Det ville verta ein så sterk tale at mange ville bli mektig overraska og undrande. Dei hadde kanskje hatt små tankar om det som gjekk føre seg på innsida? Andre ville bli fylt av gode minner, minner som ville lokka tårene fram, gledestårer, og kanskje eitt: ”Takk, takk at også jeg fikk være med!”

Å nei, det såg ikkje alltid så imponerande ut! Ein liten flokk som rusla til onsdagsmøte, med Bibel, sangbok og stokk. Som song dei gamle songane, leste dei gamle løftene, som bøygde sine stive og vonde kne ved den harde benken: ”Herre! Vil du ikkje snart gjesta oss med vekkelse og nytt liv, som kan gje oss nytt mot og ny glede? Me lengtar så etter å sjå barna, barnebarna og naboane saman med oss!”

Når eg skriv desse orda, vert eg rørt. For dette handlar om truskap! Eg har møtt så mange av dei trufaste på bedehusa, og dei rører hjarta mitt. Kristian var ein av desse. Kvar onsdag gjekk han til bedehuset, fyrte i omnen og tende lys. Ofte kom det ikkje fleire. Men han hadde sitt møte, leste og bad, åleine... Naboane skulle sjå at det var lys på bedehuset... Så vart huset sprengfullt ein haust, og både unge og eldre gav livet sitt til Jesus. Då rann gledestårene på Kristian sitt kinn.

BIBEL 2011

Den nye Bibelomsetjinga som vert lansert 19. oktober. Sjå side 8! Ulike prisar og format!

Historisk romantrilogi

Bygger på faktiske hendingar frå Polen og landa på Balkan frå 2. verdskrig. Kr 230.- (mykbind)

Kr. 298,- (innb.)

Storslått saga frå Janette Oke

- om dei dramatiske hendingane i tida rundt den kristne kyrkja sin fødsel. Pris kr 198,- pr. bok

Jadearmbåndet

Romanen fører oss til Kina før revolusjonen. Her møter vi Elsa, dotter til amerikanske misjonærar. Kr 230.- (mykbind) Kr. 298,- (innb.)

Ny Barnebibel - Sjeldan vakker!!

Restart

Evangeliet handalar om ein ny start. Gamalt kan verta nytt, og svakt kan verta sterkt. Ei lettlest bok som er inspirerande og praktisk. Pris kr 198,-

Ny andaktsbok

Det kosta mykje for Gud å gi oss håp og framtid, men den som trur, får frelsa gratis. Pris kr 245,-

Desmond Tutu gjenfortell 56 historiar frå Bibelen. -Kvar forteljing, sin biletkunstnar. (20 illustratørar frå heile verda) Utgjeve både på bokmål og nynorsk. Frå 3 år og oppover. Pris kr 298,-

Stord - Tlf.: 53 41 20 01 - www.sunnbok.no


Inspirasjonssamlingar for leiarar i barne- og ungdomslag Også denne hausten har barne- og ungdomsavdelinga invitert leiarar til inspirasjonssamlingar. Me gjennomførte slike samlingar både i fjor og året før. No er me tilbake til der me starta for to år sidan. I september og oktober har me møtt leiarar på Moster, i Kvinnherad (på Husnes), og på Gilje (for Gilje, Laurhammer, Meling og Foldrøyhamn). I undervisninga hadde me no fokus på sjølve lagsmøtet; planlegging og gjennomføring. Sjølv om det slik sett vart fokus på ein del praktiske ting, er det viktig å tenkja over kvifor me held på med det me held

på med. Visjonen vår løftar me fram så ofte me kan; “Vi vil byggja varme, inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus og gjera dei til Hans disiplar”. Den summerer flott opp kvifor me driv indremisjonsarbeid, og me trur også at den fortel noko om motivasjonen til mange leiarar som driv lagsarbeid. Me er glade for alle som tok seg tid til to og ein halv time saman med oss. Gode tilbakemeldingar gir også oss arbeidarar frimod og inspirasjon til å stå på. Takk til vertskapet som sytte for flott salatbord. Det

er viktig å koma saman som leiarar for å oppmuntra kvarandre, og å få informasjon om korleis det går med andre lag enn nett ditt eige. Me kan gjerne bli flinkare på å hjelpa kvarandre og be for kvarandre. Inspirasjonssamlingar er også ein god kanal for oss å få informert om leir og andre arrangement til leiarane, som igjen skal formidla til sine born/ungdomar. Takk også til indremisjonsformenn som tok seg tid til å koma! Etter nyttår håpar me på å treffa leiarar på Stord/Fitjar og Langevåg. Marit Hårklau Ådnanes

Drøsen gjekk lett under inspirasjonssamlingane. Her frå Gilje.

Greit å få med seg siste nytt frå SunnBok.

Skiweekendar 2012 10.-12. februar: 1. vg og oppover 17.-19. februar: 8. kl - 1. vg

Set av helga no dersom du ynskjer å reisa på skiweekend. Meir info kjem. Påmeldinga startar måndag 2. januar kl 09.00.


HelgatunHelsing Takk for sist til kvar og ein me møtte gjennom denne sumaren! Tykkjer ikkje det er lenge sidan me var på årsmøte i Ølen heller, eit møte som gav inspirasjon og mot i tenesta, godt å møtast! Her har det vore ein bra travel sumar og haust fram til no i starten av oktober. Hadde flotte samlingar både på familieleiren og dei to barneleirane i sumar. Tenåringsleiren gjekk diverre ut. Er nok lettare å samla den gruppa til vinterleir med ski og snø! Nytt i år er eit samarbeid med eit internasjonalt byrå som kalla seg ”booking. com.”. Heile 23 ulike nasjonalitetar har me hatt besøk av. Nokre bussgrupper har også vore innom, dei kjem ofte seint om kvelden og reiser etter frukost neste dag. Helgatuntreffet med busstur til Bulandet og Verlandet vart ei innhaldsrik og god oppleving. Godt og lagleg ver fekk me og. Astrid og Lars Reinlund gledde oss med mykje song, ein del songar fekk me bakgrunnen for og. Lars hadde bibeltimane dei dagane!

Gildt hadde me det og på dei to Sunnhordlandstreffa. Jens Tveit og Svein Bjarne Aase hadde bibeltimane. Svein Bjarne køyrde bussen på Ytre treffet. Gledde oss og over at me fekk Haldis og Ingvard Sandvoll med oss på Indre treffet. Jan Hellås var sjåfør då. Me har og hatt weekend for dei mellom 45 og 66 år. Bibelskulen på Bildøy har vore her, Samnanger Indremisjon og Israelsmisjonen/ Normisjon har hatt sine helgar her. Ei ny gruppe fekk me også inn i haust. NMS hadde seniorhelg her. Flott opplegg frå torsdag til sundag, mange fine samlingar og tid til turar i eit strålande haustver. Har nok ikkje vore mange godversdagar i haust, men dei få dagane me har hatt finveret har gruppene verkeleg nytta til fulle. Tenkjer spesielt på då me hadde Norheimsund og Øystese ungdomskor her, ei familiegruppe og no sist kvinnehelga. Flotte laurdagar med godt ver til uteaktivitetar og turgåing. Er så glad me fekk gjennomført Kvinnehelga og i år. Såg litt mørkt ut ei stund med fleire avbestellingar på grunn av sjukdom, men helga vart berre heilt topp likevel. Godt fellesskap og gode samvær. Mirjam og Joel Dyrhovden var med oss laurdag etter kaffi, dei hadde ei flott songstund og konsert for oss.

HAUSTKONFERANSE PÅ HELGATUN 28.-30. oktober

Snøen er komen på vitjing, godt då å få unna ”haustarbeidet”. Gjerde og gjerdestolpar må ned, fotballmåla, volleyballnettet og hagemøblar må i hus og brøytestikker må på plass. Ny shingel har me fått på skistallen. Har også fått reparert skaden på shingelen på hovedhuset. Så no kan snøen snart få leggja seg til ro for vinteren for vår del! 1. oktober var dagen då me tok imot bestellingane til juleopphaldet. To rom er ledige pr d.d. så den som gløymde seg ut den dagen har fortsatt moglegheit til å få oppleva jul på Helgatun. Ser også fram til siste helga i oktober. Då skal Samskipnaden ha haustkonferanse her. Siste helga i november og fyrste helga i desember er det tid for Samskipnaden sine barne og ungdomssamlingar! Håpar det blir fulle hus då! Ynskjer alle ein god haust! Takk for gåver og forbøn, takk for omtanke og varme! Beste helsing Helgatunfolket Solveig Norheim

Talarar og leiarar: Bjarne Kvam, Kåre Johan Hamre, Knut Kvamme, Åstrid og Svein Bjarne Aase, Lise Marie Litlabø, Heidi Rolfsnes og Helgatunfolket. Påmelding: Indremisjonskontoret tlf. 53 41 07 04 eller post@indremisjonen.no


Reiseruta november og desember Svein Bjarne Aase 10.11 Moster Indremisjon 13.11 Bømlo Indremisjon 18.-20.11 Regnbuelandet Stemnestaden 24.11 Pensjonisttreff på Bremnes 25.-26.11 Julemesse Bremnes 03.12 Styremøte 06.12 Leiarvegleiing i Bergen 17.12 Leirvik IUF 18.12 Stord Indremisjon Marit Ådnanes 05.11 Gilje IUF 08.11 Hobbyklubben Valen 08.11 Tito - Valen 10.11 BUR-møte 18.-20.11 Ten-helg Brandøy 25.-27.11 Adventshelg Helgatun 29.11 Gilje Yngstes 11.12 Horneland Indremisjon 29.12 Huglo Indremisjon Ragnhild Nesse 04.-06.11 Haustreff Brandøy 09.11 Fosse Indremisjon 10.-12.11 Eikelandsosen Indremisjon 17.11 Vikebygd krins 19.11 Høylandsbygd Indremisjon 22.11 Sagvåg Pensjonistlag 28.11 Uskedal Hobbyklubb 02.-04.12 Adventshelg Brandøy 18.12 Håvik Søndagsskule Lise Marie Th. Litlabø 01.11 Meling Yngstes 08.11 Moster Ving 11.-12.11 Barneleiarkonf. Bildøy 13.11 Sagvåg Indremisjon 13.11 Bømlo Indremisjon 15.11 Uggdal YA 19.11 Håvik Indremisjon 24.11 Ølensvåg Yngres 28.11 Tofte Ving 05.12 Barnekoret Songbuketten 09.12 Foldrøy Fredagskafe 11.12 Samnanger Indremisjon 27.12 Uskedalen Indremisjon 28.12 Bømlo Indremisjon Kåre Johan Hamre 03.-06.11 Sagvåg Indremisjon 08.11 Norheimsund Indremisjon 09.-14.11 Granvin Misjonslag 19.11 Meling Indremisjon 20.11 Os Indremisjon 23.-27.11 Guddalsdalen Indremisjon 28.11 Granvin Misjonslag 02.-04.12 Førjulshelg Helgatun 07.-08.12 Granvin Misjonslag 12.-16.12 Helgatun

Liv Rolfsnes 06.11 Etne Indremisjon 11.-13.11 Odda Indremisjon 19.11 Jondal Indremisjon 21.11 Odda Indremisjon 26.12 Meling Indremisjon 28.12 Fitjar Indremisjon I tillegg oppgåver som områdesekretær for Odda/Ullensvang

Marit A. Røen 02.-03.11 Sandvoll Indremisjon 09.11 Huglo Indremisjon 10.11 Huglo Ving 10.11 Huglo Indremisjon 12.-13.11 Varaldsøy Misjonsforening 16.11 Neset Indremisjon 24.11 Eikelandsosen Indremisjon 26.11 Ølensvåg Kvinneforening 27.11 Lothe og Alvsåker Indremisjon 02.-04.12 Førjulshelg Helgatun 18.12 Horneland Indremisjon 27.12 Jondal Indremisjon Aksel Ingvard Johannessen 06.11 Håvik Indremisjon 10.-13.11 Husnes Indremisjonsforening 20.11 Horneland Indremisjon 26.11 Sagvåg Indremisjon Toralf Steinsland 09. og 13.11 Rubbestadneset IM 20.11 Gilje og Thormodsæter IM 06.12 Norheimsund Indremisjon 29.12 Sagvåg Indremisjon Edmund Thormodsæter 03.12 Styremøte Jens Tveit 08.-09.11 Omvikdalen Indremisjon 16.11 Bømlo Indremisjon 18.-19.11 Tysnes støtteforening Tor Ingvald Lauvrak 06.-11.12 Meling Indremisjon Erik Furnes 20.11 Voss Indremisjon Kjetil Fyllingen 25.11 Leirvik UKS Klaus Muff 09.11 Bømlo Indremisjon Ola Malvin Lomheim 16.11 Sveio Indremisjon Arne Lindekleiv 20.11 Eid Indremisjon, Sætre 03.12 Odda 04.12 Stord

Sendingar kvar sundag kl. 09.00 - 10.00

Åstrid 10.11 13.11 03.12

Aase Moster Indremisjon Horneland Indremisjon Osterneset Indremisjon

Nils M. Rydland 06.11 Nordbygda Indremisjon 24.11 Odda Indremisjon Marit Dahl Hollund 06.11 Gilje og Thormodsæter IM Torgeir Lauvås 01.-06.11 Fitjar Indremisjon Trygve Vasvik 10.-13.11 Øvrebygda Indremisjon Olav Eikemo 11.-13.11 Odda Indremisjon 15.11 Fitjar Indremisjon 16.-17.11 Stranda Indremisjon 18.-20.11 Ølen og Ølensvåg Indremisjon Linda Aase 01.11 Auklandshamn Yngreslag 04.-06.11 Hausttreff, Brandøy 08.11 Laurhammer, U-Alpha 09.11 Ope Hus Valen 14.-18.11 Undervisning Bildøy 18.-20.11 Ten-helg Brandøy 22.11 Laurhammer, U-Alpha 25.-27.11 Adventshelg Helgatun 02.12 UFO Bømlo 03.12 Leirvik IUF 06.12 Laurhammer, U-Alpha 09.12 UFO Bømlo 12.-16.12 Undervisning Bildøy Gunnhild Olsen 01.11 Auklandshamn Yngreslag 04.-06.11 Hausttreff Brandøy 07.11 Decor 08.11 Hobbyklubben i Uskedalen 08.11 Tito - Valen 10.11 Leirvik Junior-Ving 14.-18.11 Undervisning Bildøy 21.11 Decor 22.11 Laurhammer, U-Alpha 25.-27.11 Adventshelg Helgatun 28.11 Decor 02.-04.12 Førjulshelg Helgatun 05.12 Decor 06.12 Laurhammer, U-Alpha 09.12 Husnes IUF 12.-16.12 Undervisning Bildøy Gunnhild Hystad 19.11 Håvik Indremisjon Toril Langeland 14.11 Tørvikbygd Y.A 30.11 Småbarnstreff, Uskedalen

* DU FINN OSS PÅ RADIO SUNNHORDLAND

Stord 104,7 MhZ - Bømlo 107,9 MhZ - Kvinnherad: 106,2 MhZ - Os: 103,7 MhZ BE FOR SENDINGANE

RADIO SAMSON

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2011

11 RADIO SAMSON


Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresser

Avsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

minst 6 cm avstand

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B

Returadr på en linje

Portomerke Julemesse på Bremnes settes inn i 1:1 str

HAUSTKONFERANSE PÅ HELGATUN 28. - 30. oktober

Talarar og leiarar: Bjarne Kvam, Kåre Johan Hamre, Knut Kvamme, Åstrid og Svein Bjarne Aase, Lise Marie Litlabø, Heidi Rolfsnes og Helgatunfolket. Påmelding: Indremisjonskontoret tlf. 53 41 07 04 eller post@indremisjonen.no

25. - 26. november Bremnes Ungdomsskule Mange flotte gevinstar på åresal, hovudtrekning, sal av varer, graut, kaffi og kaker. SunnBok har boksal. Fredag kl. 19.30 Møte. Andakt ved Svein Bjarne Aase. Song ved Bømlo Musikklag. Laurdag kl. 11.00 Bibeltime ved Svein Bjarne Aase. Salet tek til etter bibeltimen.

kl. 14.30 Familiemøte. Andakt ved Svein Bjarne Aase. Song av barnekor frå Salem, Moster! Hjarteleg velkommen innom på messa!

FØRJULSSAMLING Julemessa på Tysnes

Tysnes bedehus, Våge, 18 . - 19. november Fredag kl 19.00 - Laurda g frå kl 11.00 Talar: Jens Tveit. Song: Jette Marie og Bjarne Steinsund, Fitjarbrødrene og Gruppe frå Tysnes musikkskule. Sal av mat, heimebakst, han darbeid, ved, boksal, mm Åresal – Loddsal Varer og gevinstar vert mottek

Annonser, bilder, red. stoff o.l. Velkommen !

Påmelding ti l Indremisjons kontoret Tlf. 53 41 07 04

���K nuar 2012 blir det BULK, ja

ndøy 14. - 15. ranse, på Bra fe n o rk ia le s m do barne- og ung Sjå side 3!

12

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2011

ne med takk.

Arr: Tysnes støtteforening for

Indremisjonen

Herren væ re foran or å vise de HerreF g den rett deg for å lukkendevære ve d i g inn i sine arsidene vea H ren være bmaer og beskytvtededeg for å verne er k deg g mot mennesk Herredengvæ ers ondskap re


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.