Venen nr.1 2012

Page 1

indremisjons ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 01 - 2012

Men eg vil syngja om di makt og jubla kvar morgon over din truskap. - Salme 59,17 Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2012


Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar. Indremisjonssamskipnaden

Leiar

Svein Bjarne Aase Dagleg leiar

Eit liv i fellesskap Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Haugesund Bok og Offset A/S Red.: Svein Bjarne Aase Indremisjonssamskipnaden Postboks 150, 5401 STORD Tlf.: 53 41 07 04 Fax: 53 41 27 40 Postgiro: 7877.08.43366 Bankgiro: 8220.02.80454 Kontortid: 09.00 – 15.00 Heimeside: www.indremisjonen.no E-post: post@indremisjonen.no

Fellesskapet var temaet under Barne- og ungdomsleiarkonferansen (BULK) på Brandøy i januar. Det var Gunnar Elstad som var hovudtalar, og eg ynskjer i denne leiaren å peika på nokre viktige tankar om fellesskapet som Elstad løfta fram for oss. 1. Gud har ikkje skapt oss til å vera for oss sjølve og klara oss heilt åleine. Han har skapt oss til fellesskap - med seg sjølv og med kvarandre. Det moderne menneske lengtar etter fellesskap, tette felleskap. Mange drøymer om å høyra til i ei forsamling, ein kyrkjelyd eller kristen gruppa, men ikkje alle klarar å slå rot nokon stad. Kanskje er me blitt for kravstore og sjølvopptatte også når det gjeld fellesskap. Her kjem ei utfordring: Ikkje spør berre kva det kristne fellesskapet kan tilby deg, men spør også kva du kan tilby det kristne fellesskapet på din heimstad.

Samskipnadsstyret: Edmund Thormodsæter, formann Halvard Wiik Bjørn Saghaug Birgit M. Hjelmeland Iren Sævik Mæland Kristoffer Tjelle Torunn Tvedt Varamedlemmar: Knut O. Dale Kåre Stautland Anfinn Økland

2. Bibelen brukar fleire bilete når den skal beskriva det kristne fellesskapet. I denne korte leiaren vil eg stansa litt for eit bilete: Familien. Den dagen me tok imot Jesus, blei me fødde på ny og gjort til Guds born. ”Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans.” Joh. 1.12. No er me altså med i den store søskenflokken der me alle har Gud til far. Det er ikkje berre venskapsband som bind oss saman, men det er familieband. Venskap er oftast bygd på at me likar kvarandre og har tilnærma same interresser. Søsken kan irritera kvarandre og vera svært ulike. Vener velger me sjølve, medan søsken er noko me får. Skal tru om dei 12 læresveinane hadde valgt kvarandre dersom dei fritt skulle velgja sjølve. Det var Jesus som valde dei, slik Han også har valt oss. ”De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk”, seier Jesus i Joh. 15.16.

Dagleg leiar: Svein Bjarne Aase Telefon 47 26 13 40

3. I det kristne fellesskapet skal me hjelpa kvarandre til å bli meir og meir avhengig av Gud og få styrka dei banda som bind oss til Han. Eit sunt kristent fellesskap er også oppteken med at me skal ha det godt saman, og at nye menneske skal bli ein del av Guds store barneskare. Skal me skapa varme og inkluderande fellesskap som skapar modning og vekst og leier nye menneske inn til Jesus Kristus, treng me både storfellesskap og småfellesskap.

Helgatun 5713 VOSSESTRAND Telefon: 56 51 98 98 Telefax: 56 51 98 99 Bankgiro: 8220.02.80497 Styrar: Solveig Norheim Heimeside: www.helgatun.no Brandøy 5584 BJOA Telefon: 53 76 98 81 Bankgiro: 8220.02.80470 Husmor: Sigrun Thormodsæter Framnes KVGS 5600 NORHEIMSUND Telefon: 56 55 05 00 Telefax: 56 55 13 92 Bankgiro: 8220.02.80292 Rektor: Harald Voster Heimeside: www.framnes.vgs.no

I det vesle fellesskapet, bibelgruppa, foreininga, celle-gruppa, husfellesskapet o.l. får me personleg kontakt med nokre få. Me kan opna oss, gje og ta imot personleg hjelp. Her kan me lesa Bibelen saman og hjelpa kvarandre til å forstå det ein les, - hjelpa kvarandre til å leva som kristne i kvardagen, - oppmuntra kvarandre til å bruka nådegåvene i aktiv teneste, - ha omsorg for kvarandre og byggja fellesskap og venskap. Be for og med kvarandre. Når ei slik lita gruppe fungerer, kjenner den enkelte seg som regel også meir heime i det store fellesskapet. La oss leva etter dei 3 B-ane - open Bolig, open Brødboks, open Bibel og skapa livsnære småfellesskap. Og lat oss saman byggja storfellesskapet på bedehuset, der me kan GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar slå rot, tena med det Gud har gjeve oss, og og gjevarteneste pr. 31. desember kjenna at me høyrer saman i Guds familie 4 500 000 4 000 000 som kristne søsken. 2 500 000 2 000 000 1 500 000 1 000 000 500 000 0

Budsjett 2011 3 870 000,-

3 000 000

Hittil 2010 3 723 782,-

3 500 000

Hittil 2011 3 891 766,-

SunnBok Postboks 23, 5401 Stord Telefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

I storfellesskapet får me: - høyra forkynning og undervisning, - tilbe og lovprisa Gud, - ta imot nattverden, - tena Gud, vår neste og forsamlinga, - inspirera til personleg vekst, diakoni og misjon, - ta imot og inkludera nye som kjem til møta, gudstenestene og samlingane. Dette fellesskapet treng me, men i det store fellesskapet får me ikkje eit personleg forhold til alle. Det er grenser for kor mykje me får og skal opna oss i eit stort fellesskap. I eit stort fellesskap kan det også vera lett å forsvinna i mengden.


Andakt

Av Ingebrigt S. Sørfonn

Å, kom, jeg opp vil lukke mitt hjerte og mitt sinn Me har nett feira endå ei julehelg! Gledd oss over Frelsaren som kom for å opna veg og for å gje frihet, frelse og fred! Favoritt-juleverset mitt er dei kjende Brorson-strofene:

Å, kom, jeg opp vil lukke mitt hjerte og mitt sinn og full av lengsel sukke: Kom, Jesus, dog herinn! Det er ei fremmed bolig, du har den selv jo kjøpt, Så skal du blive trolig her i mitt hjerte svøpt. Kvar gong eg syng dette verset kjenner eg: JA, slik er det! Jesus, eg vil så gjerne at du skal ha fast bustad hos meg. Ikkje som ein tilfeldig gjest, men som ein fastbuande!

Eg kjenner lengten; kom Jesus og fyll tankane og sinnet mitt, slik at det tydeleg kan merkast at du bur her, min kjære Frelsar! Herre, la gardinene mine vera fråtrekte, slik at ljoset frå deg kan stråla ut! Det er ikkje mulig å forstå dette, at du vil bu hos meg. Mitt indre minner meir om ein uryddig og tilsmussa stall. Det skulle jo vore så annleis, men så vil du likevel ta bustad her. Det er ikkje til å tru! Og grunnen; takk kjære Frelsar! Grunnen er at du betalte så dyrt for å kjøpa dette rommet. Heile mi store skuld den betalte du til siste øre. Så er eg FRI! Gjelda er betalt og skuldbrevet er innløyst! Ja, ikkje nok med det; Du har også lova at du vil gå med meg heile vegen. Spesielt i dei vanskelege

VÅRTREFF på Brandøy! Velkommen til fine vårdagar på Brandøy. Naturen her er ei perle av Guds store skapar-verk med fjord, fjell og skogkledde lier. Her kan du finna ro og kvile for kropp og sjel. Det blir samlingar om Guds ord, forbøn og vitnemål. Også dette året har vi invitert misjonsvener frå Det norske Misjonsselskap i Karmsund område til å vera med oss. Få gjerne andre med deg du òg. Vi har med bøker m.m. frå SunnBok på Stord. Prisar pr. person: (alle med oppreidd seng) Enkeltrom ....... kr. 1.900,Dobbeltrom..... kr. 1.500,- pr. person

tidene er du særleg nær. Eg har fått oppleva det så mange gonger! Men likevel er det så vanskeleg å tru at det vil bli slik også vidare framover. Difor vil eg berre gripa tak i dette, for eg veit jo at det er du, min Herre og Meister, som held fast! Uavhengig av mine skiftande kjensler. Då boblar det innvendig, og frå djupet av hjarta mitt jublar eg ut: Kom, Jesus dog herinn! Det er ei fremmed bolig; du har den selv jo kjøpt! Takk, Herre, for at dette gjeld heile året, kvar einaste dag – uavhengig av mine svingande og sviktande kjensler!

BØNE SPALTA

BE FOR: - Skiweekendane og Vinterferievekene på Helgatun - Vinterleiren og Minileiren på Brandøy - Arbeidarane og reiseruta - Bildøy Bibelskule og Framnes - Økonomien

Ynskjer du å g i ei gåve til Ind remisjonssam den til konto 8 skipnaden, ka 220.02.8045 n du senda 4. Då går gåv a direkte til Sam Dersom du yn skipnaden. skjer skattefråd rag på gåva m konto 8220.0 å den sendast til 2.806 og ”Gåve til Sam 32 og merkast med ditt per sonnummer skipnaden”. Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 201

3


BULK 2012

Samskipnaden sin Barne- og UngdomsLeiarKonferanse 14. - 15. januar var barne- og ungdomslagsleiarar, leirleiarar og andre interesserte i alderen 15 til ca 60 år samla til BULK på Brandøy. Kvelden i forkant var det fest for leirleiarar. Tilbakemeldingane seier at deltakarane har hatt ei flott helg med kjempebra undervisning, god mat og har opplevd eit inkluderande og varmt fellesskap. Med eit tett program, vart møtekondisen testa.

Kjekt på samspel i band-seminar

Gunnar Elstad, tilsett i NLM og redaktør for www.sjelesorgogveiledning.no, hadde bibeltimane med tema «fellesskap på godt og vondt». Elstad hadde også temasamlingane «kropp og grenser», «å leia seg sjølv» og eit valfritt seminar om ulike personlegdomstypar. Det løfta heile konferansen at Bildøy Bibelskule også i år var tilstades og leia oss i lovsong. Geir Dahle, musikklærar på Bildøy, hadde eit «samspel i band seminar», og elevar hadde leik og moro i gymsalen. Ragnhild Nesse hadde dessutan seminar om forsongartenesta, og laurdag ettermiddag fekk me presentasjon av laga UKS Leirvik, Hobbyklubben i Uskedalen og Joy/UFO på Søre Bømlo. Det er interessant og lærerikt å sjå korleis dei ulike laga driv arbeidet sitt. Søndag vart me litt betre kjent med Johannes Olsen, som frå i vinter vil arbeida 20 % i IMS med leir. Me er veldig glade for at Johannes, lærar og no busatt på Fitjar, har tatt på seg denne oppgåva.

Presentasjon av vår nye leirarbeidar, Johannes Olsen

Leik og moro og bli-kjent-leikar i hallen

Flott fellesskap også i matsalen

Marit Hårklau Ådnanes

Fantastisk med aldersblanding Mot slutten av BULK tar me ein liten prat med Hanne Synnøve Tislavoll, som for fjerde gong er på denne konferansen. Hanne Synnøve bur på Søre Bømlo, og er leiar for Joy, eit kor med medlemer frå 5.-10. klasse. Saman med mannen Andreas driv ho også UFO, ungdomsklubben som er frå 8. klasse og oppover. Korleis har du opplevd årets BULK? Veldig bra! Det har vore nyttig undervisning, og mykje eg kan ta med heim og bruka i kvardagen. Eg skulle ynskt at endå fleire hadde fått den same undervisninga, også frå min heimplass. Det er enklare å ta det med heim om me er fleire. Eg har fått inspirasjon til vidare arbeid. Det er viktig med denne vitamininnsprøytninga ein gong i året. Har du hatt noko aha-oppleving i helga? Gunnar Elstad kan så mykje. Han er bra både på det menneskelege og på det som står i Bibelen. Alt har vore bra! Det er viktig å vera obs på seg sjølv som leiar. Gunnar er direkte og snakkar på ein grei måte om ting som er vanskeleg. Han seier det slik at me kjenner oss igjen. Fungerer det greit med ein konferanse for både ungdomar og vaksne? Ja, det er fantastisk med aldersblanding. Alle preikar godt ilag. Det er flott at ungdomane vil reisa der vaksne/eldre også er, og motsatt.


Mange kjende seg att i undervisninga Gunnar Elstad gav oss på BULK. Han tok opp viktige tema, og han torde å utfordra oss. Bibelen nyttar ulike bilete når den skal skildra det kristne fellesskapet: Vintreet (Joh 15,5), Guds familie, tempel (1. Pet 2,4-6), kropp – der Jesus er eit uttrykk for sjølve kroppen (Rom 12 og 1. Kor 12) eller hovudet som styrer heile kroppen (Ef 4,15 og 5,23). Me vart minna om at me ikkje har valt ut oss sjølv, men er valt ut av Jesus (Joh 15,16). Som kristne er me sysken, ikkje nødvendigvis venner som vel kvarandre ut frå interesser og kjemi. Sysken kan irritera kvarandre og vera veldig ulike. Forsamlinga er ei forsamling av sysken som har blitt født inn i same familie. Kjærleik skal prega det kristne fellesskapet. Menneskelege prinsipp, som kven me likar og ikkje likar, finn me dessverre også i den kristne forsamlinga. Men det er ikkje rett at dette skal prega det kristne fellesskapet. Me menneske er ufullkomne, difor finst det heller ikkje fullkomne fellesskap. Me kjem til å såra kvarandre. «Tilgi kvarandre» formanar Paulus igjen og igjen. Og baktal ikkje (Jak 4,11). Eit kristent fellesskap må, på same måte som ein familie, prioriterast. Eit kristent fellesskap må veksa oppover, innover og utover. Om me ikkje utviklar oss oppover vert det ikkje eit kristent fellesskap. Me kan fort bli einsame og lite handlekraftige om me ikkje søkjer innover mot det kristne fellesskapet, og er vi så opptatt med å varma oss i eit trygt fellesskap at me gløymer å venda utover, visnar me fort og blir slappe. Dette var noko av det viktige Elstad fekk formidla. Me satsar på BULK igjen til neste år, same tid.

SOMMARENS STORSAMLING ÅRSMØTE PÅ STORD 15. - 17. JUNI Dette året gler me oss til å invitera til Sommarens Storsamling, Årsmøte på Stord 15.-17. juni . Komiteane er i gong med arbeidet og ser fram til at Idrettshallen på Vikahaugane skal fyllast med folk til møte, konsertar, forhandlingsmøte m.m. Også i år vert det eit variert program tilrettelagt for heile familien. Set allereie no av helga, så kjem me tilbake med detaljert program etterkvart.

VELKOMMEN TIL ÅRETS FAMILIELEIRAR! Kan du sjå det føre deg? Strålande sol, leikande born, sprudlande ungdommar og takknemlege foreldre. Ja, slik er det ofte på familieleirane våre. Me er alt byrja å tenkja på sommaren og er i gong med å leggja til rette for strålande opplegg for heile familien. På Brandøy er Olaug og Jan-Ove Fagerheim, Ingebjørg og John Morten Espevik, Rakel og Bjørn Saghaug, Kristin og Tor Espen Kristensen vertskap og leiarar, medan på Helgatun er det Linda og Bjarte Nordtun, Toril og Alf Jarle Langeland, Åstrid og Svein Bjarne Aase m.fl. I tillegg har me mange flinke ungdommar som er ”barnetanter og -onklar” på begge leirane. Her vert det bibelundervisning tilrettelagt for ulike aldersgrupper, aktivitetar for store og små, familieleikar, bading, aking på Vikafjellet (Helgatun), fotball, kano-padling, volleyball, riding (Helgatun) og vannsport (Brandøy). Her vert familiesamlingar der me lærer meir om Jesus og Guds rike, vaksensamlingar, kaffi og kaker, god tid til avslapping, ”small talk`s”, gå ein liten tur, bli kjent med festlege menneske, middagslur... På Brandøy er at det dette året også høve til å koma og bu i eigne båtar, campingvogner og bubilar, og elles vera med på heile familieleiropplegget. Så her vert det eit utvida tilbod, nærast som ein Familie-bibelcamp. Er dette noko for deg og din familie, set av dagane 6. - 10. juli, då vert det familieleir både på Helgatun og Brandøy!!!

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2012

5


Lise Marie Gunnhild Linda

Barne- og Ungdomssid Årets leirleiarfest

Fredag 13. januar var det pynta til fest på Brandøy. 38 leiarar og eit flott team frå Bildøy benka seg rundt langbordet og var klar for ein kveld der dei skulle sleppa ansvar og berre kosa seg med god mat, underhaldning, treffa igjen vener, dela leirminner og ikkje minst høyra meir om Han som er grunnen til at me reiser på leir; JESUS! Tre kjappe frå tre leirleiarar: 1. Kvifor er du leiarar på leir? 2. Kan du dela eit leirminne? 3. Kva aldersgruppe trivest du best med?

Håkon Litlabø, Stord 1. Veldig kjekt, fantastisk å få høyra om Jesus og utruleg sosialt. 2. På skileir på Helgatun, for fyrste gong, hadde eg veldig små ski og datt og slo meg mange gongar. Men det va ein fantastisk leir for det! 3. 2.-7. klasse, litt rolegare enn 8. kl og oppover. Audun Vedøy, Fitjar 1. Eg fekk spørsmål og synest det er veldig kjekt å bidra i eit så viktig arbeid. 2. Skileir på Helgatun, når eg drog nokon etter bil, og dei hoppa salto i ei snøfonn, det synest dei var supert. 3. Alle aldrar. Magne Engjom, Samnanger 1. Jeg var ofte på leir da jeg var yngre, det var mange gode opplevelser som var med og formet meg som kristen. 2. Det jeg husker best må være fjelltur på Helgatun i tett skodde, med grilling under alpinanlegget. 3. Jeg tror det må være gruppa frå 8. kl og oppover.

6

Indremisjonsvenen - Nr. 01- 2012


Mitt bibelv ers! d l i nh ag R Marit Jesus sier til ham: «F ordi du ha sett meg, r tror du. Sa lige som ikke s er og likev er de el tror.» Joh 20,29 Christine L ygre, 19 å r, Stord

dene! Nytt år og nye leirar!

Men fyrst nokre glimt frå fjorårets adventsleirar: Adventshelg på Helgatun 8. klasse og oppover

Adventshelga for ungdomar, siste helga i november, vart ein flott leir for dei 24 deltakarane som reiste. T2-student Gunnhild Olsen var leirsjef på sin fyrste leir – og det gjekk veldig bra. Laurdagen lava snøen ned, og alle saman fekk boltra seg ute. Men det vart også tid til juleverkstad og kos inne. Knut Kvamme hadde bibeltimane med tema ”Sannhet”. Han snakka mellom anna om at Gud er 100 % til å stola på, det har han vist gong på gong i sitt ord. Han viste til profetien i Jes. 7,14 om at ei ung jente skulle føda ein Son, og desse orda gjekk i oppfylling då Jesus vart fødd.” Marit H. Ådnanes

Adventsleir på Brandøy 5. - 7. klasse

Det var 35 jenter og 35 gutar som hadde teke turen til Brandøy denne helga, og saman med leiarane hadde me ei flott helg. Mykje fint vart laga på juleverkstaden m.a malte krus, pastaenglar, nålefilting og vesker. Ingrid K. Steinshamn hadde flotte bibeltimar om Guds adventskalender. Nokre var heldige og fekk opna lukene. Laurdagskvelden vart nok litt skummel for nokre av deltakarane, då straumen gjekk ved leggjetid, og vart borte eit par timar. Opne dører til gongen der det var naudlys vart løysinga. Det regna heile tida, men det la ingen dempar på leiren. Det er godt me har hallen der me kan boltra oss, og klatreveggen er alltid populær. Ingebjørg Espevik

Miniadventshelg på Brandøy 2. - 4. klasse

Adventshelg på Helgatun 2. - 4. og 5. - 7. klasse

Kan virkelig si det var “fullt hus og stormende jubel” på denne leiren. Vi var 90 stykker til sammen med deltagere og ledere. Det gikk kjempefint å være sammen både 2. - 4. og 5. til 7. klasse. På Bibel-, gruppe- og godnatt-samlingene var vi hver for oss, ellers var vi samlet alle. Velsigna gode og kjempeflinke ledere! (Neste år deler vi oss likevel på to helger.) På juleverkstedet laget vi mye kjekt og flott. Mange hadde fine julepresanger med seg hjem. Tenk, vi fikk masse snø akkurat til denne helgen, og dermed koste vi oss også ute. Vi fikk masse deilig mat og hadde en flott leirfest. Men det beste var at vi ble bedre kjent med Jesus -- og flere sa at de ønsket å alltid bli hos Han! Mange takk for forbønn før, under og etter leiren, det virker!

Forventningane var store då me skulle ha miniadventshelg på Brandøy. Sjølv om leiren berre varte frå laurdag til søndag, fekk me tid til å finne på mykje kjekt. Olaug Fagerheim hadde bibeltimane som handla om jula, og det blei teke godt imot av barna. Dei fekk delta med spørsmål og leita etter oppdrag om bibelteksten. Juleverkstad stod på planen og der kunne dei 33 deltakarane lage mange ulike julepresanger. Me måla på krus og skrin, designa vesker, og laga figurar av nålefilting. Me kosa oss med julemusikk og kjente på julestemninga. Ole Berner Innvær var leirsjef for fyste gong, og gjorde ein super jobb. Lydnivået var på topp og alle storkosa seg på leiren. Linda Aase

Marit A. Røen

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2012 20

7


   �

ENORM INNSATS FOR DEN OPPVEKSANDE SLEKT Tidlegare har eg skrive litt om den ”lille flokk” som trufast gjekk sin gang til onsdags-møte på bedehuset. Eg har slik djup respekt for mange av desse eg møtte, som bar byrder og sådde med tårer. Det kjem ein openberringsdag... Men bedehuset er mykje meir. No ser eg ein skare av barn og unge, i søndagsskule, yngres og yngstes (slik var begrepa stort sett før - no er det så mange nye namn). Og eg ser eldsjeler som brann for å så det beste ved starten av livet. Mange held ut år etter år, sjølv om det ofte

er langt mellom oppmuntringar og takksame ord. Midt i alt det triste i dagens Noreg, så er dette eit stort lyspunkt. Det blir også i dag lagt ned stor innsats i bygder og byar, knytt til bedehuset. Det er mange som ikkje anar kva bedehuset har betydd og kva det betyr for samfunnet! Det vart sendt ein søknad til Lotteritilsynet om godkjenning av eit lotteri for misjonen. Søknaden vart avslått og begrunna slik: ”Vi kan ikke se at kristent misjonsarbeid verken er humanitært etter samfunnsnytting”!

HALLO! Er det nokon som treng ta seg ein tur til Brilleland? Eg vågar påstanden: Det er ikkje mangt som kan måla seg med bedehuset når det gjeld samfunnsbyggjande arbeid. Då tenkjer eg ikkje minst på det førebyggjande. Barna og dei unge fekk ein trygg grunn å setja sine føter på, ei god ballast i båten til møte med livet.

Nytt bedehus på Moster Det er lagt ned og solgt mange bedehus rundt om i landet dei siste åra, også her i vårt område. I tillegg er det mange bedehus som slit med dårleg oppslutning og liten aktivitet. Mykje av dette er ei naturleg utvikling i takt med samfunnsutviklinga og bumønsteret. Men noko kan nok også gjenspegla den åndelege situasjonen i folket. Mange bedehus ligg på stader med lite folk og nyrekrutering. Avstandane mellom bygdene er mindre p.g.a mobiliteten osv. Dette må sjølvsagt ikkje gjera oss mismodige eller få oss på defensiven, men tvert imot sjå nye muligheter til å satsa framover i ei ny tid. Det bedehuset står for er viktig; med å byggja levande og varme kristne fellesskap og forkynna evangeliet. Vi skal vinna folket vårt for Jesus. På Moster har det i fleire år vore arbeid med å byggja nytt bedehus. Det gamle var for umoderne og hadde dårlege trafikkale forhold. Noko måtte gjerast. Det vaks etter kvart fram ein visjon om nytt hus og eit samla bedehusfellesskap gjekk inn for dette.

I dag er det snart ferdig til innflytting. Den offisielle vigslinga skal vera 26. aug. med påfølgjande festveke med mange ulike arrangement. Forsamlinga på Moster er veksande med mange nye, unge familiar som har teke ansvar og som går i bedehuset. Det er eit stort, aktivt barne og ungdomsarbeid ved sida av møteverksemda. Med nytt bedehus sentralt i bygda gir dette store muligheter for framtida. Det er eit stort økonomisk løft for ei bedehusforsamling med eit bygg til 17. mill. Huset er på totalt ca. 1100

m², der underetg er særleg tilrettelagt for barne- og ungdomsarbeidet. Etter kvart som arbeidet går framover opplever vi Guds velsigning på ulik vis. Det er stort å vera med på. Vil du gi støtte så send gjerne di gåve til det nye bedehuset. Kanskje bør fleire mindre bedehusforsamlingar slå seg saman og byggja nye tidsmessige hus andre stader også. Det Gud vil, vil også lykkes. Toralf Steinsland


Aktivitetskalender 2012

INDREMISJONSSAMSKIPNADEN BRANDØY

JANUAR: 13. Leirleiarfest 14.-15. BULK Barne- og ungdomsleiarkonferanse FEBRUAR: 10.-12. Damehelg 27.-01. Vinterleir 5.-7. klasse MARS: 16.-18. Minileir 2.-5. klasse 23.-25. Brandøytreff Leir tilrettelagt personar med utviklingshemming 30.-03. Påskefestival 8. klasse og oppover APRIL: 13.-15. Juniorhelg 4 – 9 år m/følge 30.-03. Vårtreff …for oss over 60….. JUNI: 15.-17. Årsmøte på Stord 22.-25. Sommarleir 5.-7. klasse 26.-28. Minileir 2.-5. klasse JULI: 06.-10. Familieleir / camp AUGUST: 06.-09. Active-ten 8. klasse og oppover 19. Brandøydagen SEPTEMBER: 07.-09. Kvinnehelg OKTOBER: 26.-28. Familiedugnadshelg NOVEMBER: 02.-04. Ten-helg 8.-10. klasse 09.-11. Førjulshelg 3.-5.klasse 16.-18. Hausttreff 10.klasse og oppover 24.-25. Miniadventshelg 2.-4. klasse DESEMBER: 30.-02. Adventshelg 5.-7. klasse

HELGATUN

FEBRUAR: 10.-12. Skiweekend 1. vg. og oppover 17.-19. Skiweekend 8. klasse – 1.vidaregåande Veke 8 Vinterferieopphald MARS: Veke 9 Vinterferieopphald APRIL: 30.-03. Kombileir 04.-09. Påskeopphald MAI: 24.-28. Pinsetreff JUNI: 01.-03. Superhelg 0 – 9 år m/følge 26.-28. Sommarleir 2.-4.klasse 26.-28 Sommarleir 5.-7.klasse JULI: 06.-10. Familieleir AUGUST: 06.-10. Helgatuntreff m/busstur 13.-17. Sunnhordlandstreff - indre 20.-24. Sunnhordlandstreff – ytre SEPTEMBER: 07.-09. Weekend 45-66 år OKTOBER: 12.-14. Kvinnehelg NOVEMBER: 02.-04. Haustkonferanse Inspirasjonssamling 09.-11. Førjulshelg 2.-4. klasse 23.-25. Førjulshelg 5.-7. klasse DESEMBER: 07.-09. Adventshelg 8. klasse og oppover 23.-27. Juleopphald (påmelding 1.okt. frå kl. 08.00)

Arrangement Barne- og Ungdomsavdelinga 8.mars Leirleiarkurs på Leirvik 11.-13. oktober PIT STOP – Haustfestival på Leirvik

Vintermøte:

05. februar Bremnes Kyrkje

15.-17. juni: 24. juni: 05.-07. juli: 05.-07. okt:

Sommarens storsamling Årsmøte Stord Sommarstemne Moster Amfi Evangelisering Skånevik Haustmøte Stord

12. februar Nain Bedehus Voss 19. februar Leirvik Bedehus


HYTTEUTLEIGE PÅ BRANDØY Ynskjer du å leige hytte med sjøutsikt på Brandøy? Ta kontakt med Indremisjonskontoret tlf. 53 41 07 04 eller Brandøy tlf. 53 76 98 81

BÅT TIL BRANDØY! Er det nokon som har liggjande ein 14 fot båt med årar som kunne kome Brandøy til gode? Gjerne ein sjølvlensande. Ta kontakt med Brandøy tlf. 53 76 98 81

3 .- 4 . F E B R UA R

«STÅ STERKE I STORMEN»

- når troen møter forførelse og forfølgelse Øivind Benestad - Åpne Dører

19.-21. M A R S

SJELESORGKURS

INTERNATSKULE! INTERNATSKULE!

Ko

ww ntak w . t oss tl fra : Kontakt oss: Kontakt oss: f.: 5 m 65 www.framnes.vgs.no ne SØ www.framnes.vgs.no 5 05 s. 1. KN v 0 M A

0, tlf.: 56550500, AR DS tlf.: 56550500, S FR 20 IS SØKNADSFRIST: SØKNADSFRIST 11 T SØKNADSFRIST 1. MARS MARS 2012 1. 2011 1. MARS 2011

- bli trygg og utrustet til å møte andres liv Gunnar Elstad - Sjelsørger, NLM

Vg 1 Studiespes. Vg 1 Studiespes. utdanningsprogram utdanningsprogram 13 . A P R I L Vg 1 Idrettsfag Vg 1 Idrettsfag Vi tek også inn elevar på «ER JEG MIN BRORS VOKTER?» tek også inn gs ViVg IN elevar på - det er jo bare et lite glass 2 og Vg 3. .Vg no 2 og Vg 3. TER Rune Larsen - Artist Vg NA Søknadutil Framnes 1 Tpr. Søknad til pr. tdFramnes SK St post: V 5600 Norheimsund a nn ud g Norheimsund UL post: V5600 el. internett in ie i 1 E! INFO el. internett Vg tek Idre gsp spe Sted: Bildøy Bibelskole s t 2 og ts ro . Arr: Indremisjonsforbundet imf.no/kurs og så fa gr Sø g am V i g nn po kn 3. el el st: ad ev .i t i 5 l a nt 60 F er 0Anda raktsbøker r p ff og H.E Wisløff: r av Fredrik Wislø ke bø å . ne N m kts da an re nder på veien hjem” orptrykk ne av kjende og kjæ ttNyop ebok” og “Stille stu nn bø i “M ”, he litt alt s ss rygg tro “Hvil dereim ”,p“T r. 198,- pr.bok. til s 8, 14 Kr Frå un aktabøker Bibelstudie/F d er av Peter Walk kre fotografier rt med va Gjennomillustre andbøker ge som reiseh og kart. Ypperle lske be bi om skapen som aukar kunn stader. k. Kr 298.- pr bo

Himmelen er på OR’NTLI Denne boka kjem til å forandra dine forestillingar om evigheten og gje deg mulighet til å sjå og tru som eit barn. Kr. 198,-

Bokmerker erker agnetiske bokm M kst: m/ engelsk te Kr. 159,-

Marit og Irene

Endeleg ny CD i sal no! Kr. 199,-

Jarle-TV 5

Jarle Waldem ar er no ute med Jarle-TV5. H er får du to fargerike og innhaldsri ke episodar med musikkvideo , dokketeate r, andakt, trylling og m ykje fest og moro. Kr. 199,-

Skjulte ska tt

er Fantastisk fi n gavebok/ku nstbok av ektepare t Bratsberg. Ei annleis pilegrimsvan dring gjenno m skaperve og evangeliu rk m. Kr. 465,-

I desse dagar har SunnBok også mykje gode bøker på salg. Du er hjarteleg velkommen til ein meiningsfull og triveleg handel. Kjem du deg ikkje hit? Ring oss, så sender vi deg det du ynskjer!

Stord - Tlf.: 53 41 20 01 www.sunnbok.no


Reiseruta februar og mars Svein Bjarne Aase 01.02 Vimi-treff Voss 05.02 Vintermøte Bremnes kyrkje 11.-12.02 Voss Indremisjon 12.02 Vintermøte Voss 17.02 Styremøte IMS 18.02 Si-treff Stemnestaden 19.02 Vintermøte Leirvik bedehus 21.02 Manneklubb 22.02 Sør-Reksteren 23.02 Leiarvegleiing Bergen 26.02 Lothe og Alvsåker IM 11.03 Stord Indremisjon 14.03 Bømlo Indremisjon 15.03 Eikelandsosen Indremisjon 16.03 Møte Åkra på Karmøy 17.03 Meling Indremisjon 18.03 Møte Åkra på Karmøy 22.03 Husnes Indremisjonsforening 22.03 Leiarvegleiing 24.03 Styremøte IMS 24.03 Dåfjordeid krins

14.03 Sagvåg B:KIDS 16.03 Foldrøy Fredagskafe 17.03 Basar Zoar 19.-21.03 Sjelesorgkurs Bildøy 27.03 Sandvoll Ving 29.03 Torsdagsope Sagvåg 29.03 Torsdagsklubben Sagvåg

Marit Ådnanes 01.02 BUR-møte 03.02 Brandøy- og Helgatunbasar på Gilje 04.02 Gilje IUF 05.02 Vintermøte Bremnes krk. 07.02 Uggdal YA 08.02 U-Alpha Zoar 08.02 Ope Hus, Valen 17.-19.02 Skiweekend Helgatun 19.02 Vintermøte Stord 23.02 Planlegging Pit Stop 08.03 Leirleiarkurs Leirvik 09.-11.03 Weekend s.m. Tofte Indremisjon 13.-15.03 Framnes KVGS 13.03 Jondal Ving 16.03 Gospelnight Norheimsund 19.-21.03 Sjelesorgkurs Bildøy 22.03 BUR-møte

Liv Rolfsnes 26.02 Lothe og Alvsåker IM 29.02-04.03 Bømlo Indremisjon

Ragnhild Nesse 10.-12.02 Skileir Helgatun 12.02 Vintermøte Voss 17.02 Ten Treff 19.02 Framnes KVGS 23.02 Planlegging Pit Stop 24.02 Ekstremt Gøy 24.02 100 Klubben 07.03 U-Alpha Zoar 08.03 Leirleiarkurs Leirvik 09.-11.03 Norheimsund Indremisjon 14.03 Skulelagsmøte Bremnes 16.-18.03 Minileir Brandøy 22.03 BUR-møte 29.03 JOY 30.03 Husnes IUF 31.03 Leirvik IUF Lise Marie Th. Litlabø 01.02 BUR-møte 02.02 Ølensvåg Yngres 10.-12.02 Damehelg Brandøy 16.-19.02 Bømlo Indremisjon 21.02 Horneland Tirsdagsklubb 23.02 Leirvik Junior-Ving 06.03 Uggdal YA 07.-08.03 Fitjar Indremisjon 11.03 Horneland Indremisjon 13.03 Moster Ving

Kåre Johan Hamre 01.02 Neset Indremisjon 05.02 Moster Indremisjon 08.-12.02 Rubbestadneset IM 13.-16.02 Granvin Misjonslag 27.02-01.03 Vinterleir Brandøy 05.03 Granvin Misjonslag 07.-08.03 Stranda Indremisjon 09.-11.03 Laurhammer Indremisjon 14.-19.03 Granvin Misjonslag 23.-25.03 Brandøytreff 26.03 Granvin Misjonslag 28.03 Gravdal krins 29.03 Eikelandsosen Indremisjon

I tillegg oppgåver som områdesekretær for Odda/Ullensvang

Marit A. Røen 03.02 Horneland Indremisjon 04.02 Meling Indremisjon 15.02 Børsheim krins 17.-19.02 Moster Indremisjon 22.02 Nordbygda Indremisjon 29.02-04.03 Bømlo IM 09.-11.03 Fitjar Indremisjon 14.03 Ølensvåg Kvinneforening 19.-21.03 Sjelesorgkurs Bildøy 24.03 Osterneset Indremisjon 25.03 Håvik Indremisjon Aksel Ingvard Johanessen 08.-09.02 Bogøy Indremisjon 26.02 Horneland Indremisjon 01.-04.03 Nordtveit Misjonsforening 23.-25.03 Jondal Indremisjon Toralf Steinsland 01.02 Bømlo Indremisjon 08.-09.02 Huglo Indremisjon 16.-17.02 Uskedalen Indremisjon 18.02 Si-treff Stemnestaden 19.02 Uskedalen Indremisjon 13.03 Norheimsund Indremisjon 14.03 Gilje og Thormodsæter Indremisjon Edmund Thormodsæter 17.02 Styremøte IMS - Stord 15.03 Osterneset Indremisjon 24.03 Styremøte IMS - Stord Jens Tveit 03.-05.02 Odda Indremisjon 17.-19.02 Sandvoll Indremisjon 08.-11.03 Sunde Indremisjon 25.03 Sagvåg Indremisjon

Sendingar kvar sundag kl. 09.00 - 10.00

Tor Ingvald Lauvrak 21.-25.03 Framnes KVGS Karl Einar Tvedt 14.03 Innbjoa Indremisjon 15.03 Utbjoa Indremisjon Roald Evensen 21.-23.02 Husnes Indremisjon 24.-26.02 Uggdal Indremisjon Erik Furnes 19.02 Vintermøte Stord Andreas Evensen 10.-12.02 Håvik Indremisjon Kenneth Foss 03.-05.02 Sagvåg Indremisjon Kjetil Fyllingen 21.02 Laurhammer Yngres 21.02 Laurhammer Yngstes Karl Johan Hallaråker 27.03 Norheimsund Indremisjon Klaus Muff 26.02 Gilje og Thormodsæter IM Guri Bjørnevik 10.-12.02 Damehelg Brandøy 17.02 Styremøte IMS 24.03 Styremøte IMS - Stord Ola Malvin Lomheim 04.03 Meling Indremisjon Liv Stokken 18.03 Gilje og Thormodsæter IM Halvard Sveen 22.02 Meling Indremisjon Nils Rydland 07.03 Sveio Indremisjon Marit Dahl Hollund 19.02 Håvik Indremisjon 18.03 Sagvåg Indremisjon Erlend 10.02 11.02 12.02

Hardang Leirvik UKS Gilje IUF Gilje og Thormodsæter IM

Olav Eikemo 14.-19.02 Tørvikbygd Indremisjon

13.-15.03 Framnes KVGS 16.03 UFO Bømlo 17.03 Gilje IUF 20.03 Auklandshamn Yngreslag 23.03 UFO Bømlo 24.03 Ungdomskveld Huglo 27.03 Laurhammer, U-Alpha 28.03 Sagvåg IUF/Ope Hus Gunnhild Olsen 01.02 Sagvåg IUF/Ope Hus 01.02 Sagvåg B:KIDS 03.02 UFO Bømlo 06.02 Decor 10.-12.02 Skiweekend Helgatun 12.02 Vintermøte Voss 27.02-01.03 Vinterleir Brandøy 12.03 Decor 13.03 Samnanger Barnekorog King Sing 13.-15.03 F ramnes KVGS 16.03 Tysnes Ope Hus 17.03 Gilje IUF 19.03 Decor 20.03 Auklandshamn Yngreslag 23.03 Leirvik UKS 24.03 Ungdomskveld Huglo 26.03 Decor 27.03 Laurhammer, U-Alpha Eli Kolstad 11.03 Moster Indremisjon 15.03 Vikebygd krins Gunnhild Hystad 21.02 Gilje Yngstes Jostein Angeltveit 06.03 Bømlo Minimax Merete Solås 15.03 Leirvik Junior-Ving Nina Agnethe Aase Larsen 27.03 Tirsdagsklubben Horneland Norvald Ådnanes 06.03 Meling Yngstes Rannveig Petterteig 15.03 Klubben Fitjar Toril Langeland 22.02 Småbarnstreff i Uskedalen 19.03 Tofte Ving Knut Inge Røen 25.03 Håvik Indremisjon

Linda Aase 01.02 Sagvåg IUF/Ope Hus 01.02 Sagvåg B:KIDS 03.02 UFO Bømlo 10.-12.02 Skiweekend Helgatun 12.02 Vintermøte Voss 27.02-01.03 Vinterleir Brandøy 13.03 Samnanger Barnekorog King Sing

* DU FINN OSS PÅ RADIO SUNNHORDLAND

Stord 104,7 MhZ - Bømlo 107,9 MhZ - Kvinnherad: 106,2 MhZ - Os: 103,7 MhZ BE FOR SENDINGANE

RADIO SAMSON

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2012

RADIO SAMSON 11


Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresser

Avsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

minst 6 cm avstand

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B Indremisjons samskipnad en inPortomerke v it e r tii l1:1 str settesre inn

Returadr på en linje

VINTERMØ

TE!

5. febr. Bre mnes kyrk je kl. 19.00 Marit Ådnan es, Svein Bja rne Aase. Song: Lene og Linda m/ band, Kveldens gje st: Kjartan M ehammer

en til Hjarteleg velkomm 12 23.-25. MARS 20

d utviklingshemming tilrettelagt for vaksne me Dette er ein leir som er ar. sag led d saman me rteljing d: leik og moro - bibelfo Her har vi det kjekt me er. ven nye og t ma song og musikk – god , Marit Lindekleiv, m.a.: Kåre Johan Hamre oss d me vi har rar leia Som m.fl. n H. Husby, Kjell Saue finn nfin Arn

12. febr. N ain bedehu s - Voss kl. Ragnhild Ne 17.00 sse, Svein B jarne Aase. Song : Heid i Rolfsnes o g Ragnhild T2-studenta Nesse ne: Linda Aa se og Gunnh ild Olsen. 19. febr. L eirvik bede hus kl. 19.0 Erik Furnes, 0 Marit Ådnan e s og Svein Bja rne Aase

PINSETREFF PÅ HELGATUN

24.-28.MAI

Talarar og leiarar: Jorunn og Olav Eikemo, Helgatunfolket.

Annonser, bilder, red. stoff o.l.

Bibeltimar, kveldssamvær, tid til fjellturar m.m. For alle aldrar !

Påmelding til Helgatun tlf. 56 51 98 98

Påmelding til Si-reiser tlf. 70 17 90 00

12

Indremisjonsvenen - Nr. 01- 2012


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.