Venen nr.1 2009

Page 1

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 01 - 2009

Glimt frå Jondal indremisjon sjå side 5.

Nyttårshelsing frå generalsekretæren sjå side 4.


Leiar

“I broderkjærleiken - kjærleik til alle”

Takk for tillit og oppmuntring!

Layout: Sæverud Reklame as Trykk: Nils Sund Boktrykkeri as Red.: Svein Bjarne Aase Indremisjonssamskipnaden Postboks 150, 5401 STORD Tlf.: 53 41 07 04 Fax: 53 41 27 40 Postgiro: 7877.08.43366 Bankgiro: 8220.02.80454 Kontortid: 09.00 – 15.00 Heimeside: www.indremisjonen.no E-post: post@indremisjonen.no

Det er med respekt og eit audmjukt sinn at eg har svara ja, og no i ein periode går inn i ei teneste som Dagleg leiar i Samskipnaden. Med respekt, fordi eg veit at det er store utfordringar å ta hand om i ein organisasjon som har eit stort og omfattande arbeid, både mellom barn, unge og vaksne. Audmjuk fordi eg kjenner Samskipnaden sin historie. Eg veit det er ein verdifull arv som skal takast vare på og fornyast slik at vårt Indremisjonsarbeid framleis kan vera ein tenleg reiskap til å leia menneske til ei sann tru, og til å vera ei støtte og hjelp i kristenlivet slik det heiter i vårt motto: Vi vil byggja varme, inkluderande kristne fellesskap, vinna nye for Jesus og gjera dei til hans disiplar!

Samskipnadsstyret: Harald Heie, formann Halvard Nonslid Sveen Ingvard Teigland Marit Lindekleiv - permisjon Bjørn Saghaug Knut O. Dale Celius Eidesvik Birgit M. Hjelmeland Gunn Totland Moss Dagleg leiar: Arne Lindekleiv Telefon 951 21 300 Misjonssekretær: Svein Bjarne Aase Telefon 472 61 340 Helgatun 5713 VOSSESTRAND Telefon: 56 51 98 98 Telefax: 56 51 98 99 Bankgiro: 8220.02.80497 Styrar: Solveig Norheim Julegåvediagram

Brandøy 5584 BJOA Telefon: 53 76 98 81 Bankgiro: 8220.02.80470 Husmor: Sigrun Thormodsæter Framnes KVS 5600 NORHEIMSUND Telefon: 56 55 05 00 Telefax: 56 55 13 92 Bankgiro: 8220.02.80292 Rektor: Harald Voster SunnBok Postboks 23, 5401 Stord Telefon: 53 41 20 01

05-02-09

Eg er glad og takksam for alle dei gode og oppmuntrande orda eg har fått frå misjonsvenner, både gjennom telefonsamtalar og ved personleg møte. Eg gler meg over dei mange som er og som framleis vil vera med i forbøn for denne tenesta. Eg er takksam for gode handtrykk og velkomstord frå medarbeidarane i misjonen. Det har gitt frimod ved starten av tenesta, og ei glede over å få vera med.

Leiarsamlingar Gåvebarometer Julegåva kr. 222.665,-

Arne Lindekleiv og Svein Bjarne Aase ynskjer å treffa leiarane i laga våre og har denne våren lagt opp til fylgjande lokale leiarsamlingar: MARS: Leiarsamling i Nordheimsund for laga i Kvam. Leiarsamling på Vines for laga i Odda, Ullensvang og Jondal. APRIL: Leiarsamling på Nordtveit for laga i Fusa og Tysnes. Leiarsamling i Ølensvåg for laga i Ølen, Etne og Sveio.

M

Y

CM

2008

2007

Me ser fram til å koman saman med dykk som er leiarar, og gleder oss til inspirerande samlingar.

CY

CMY

K

Arne Lindekleiv

Alle desse oppmuntringane er og ei under-

C

2

Og så ikkje minst så er eg glad for å få kunne dele denne arbeidsoppgåva med Svein Bjarne Aase. Saman ønskjer vi å vera eit ”Team” der vi vil stå saman om Oppgåva, og dele oppgåvene mellom oss. Vårt ynskje er då at vi i denne perioden saman kan leia arbeidet på ein god og tenleg måte, og slik vere gode tenarar for misjonsfolket og for Gud ! Han som vil at alle menneske skal bli frelst, han har lova å vera med alle dagar.

19:43:40

kr. 214.205,-

MY

streking og ei påminning for meg, og for oss alle om kor viktig det er at vi i det kristne felleskapet er rause med oppmuntringar og støtte til kvarandre Det vil vere med å gje mot og frimod i liv og tenesta!

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2009


Andakt Gud elskar oss fordi me elska han først! Du har høyrt dette bibelordet vel? Står det ikkje i Bibelen, seier du? DU HAR HEILT RETT! Det står slett ikkje i Bibelen, og det skal både du og eg vera jublande glade for! Men kvifor tenkjer me så ofte slik i livet vårt med Gud? Johannes vart først kalla ”toresonen”. Det sa vel noko om naturen hans. Men i møte med Jesus, og i livet saman med han, vart det ei total forandring. Me kallar han no for ”kjærleikens apostel”. Guds kjærleik hadde overvelda han, gripe han til botnen av sjela. Guds kjærleik vart eit hovudtema i det han tala og skreiv. Og slik skreiv Johannes: ”Me elskar fordi han elska oss først”. 1. Joh. 4,19. Han strekar under dette ekstra sterkt i vers 10: I dette er kjærleiken, ikkje at me har elska Gud, men at han har elska oss og sendt sin Son

til soning for syndene våre”.Ja, det er slik, seier Johannes, at Gud ikkje berre elskar, men er kjærleik! (v. 8). Denne kjærleiken kan ikkje samanliknast med noko jordisk. Den er evig, den vert ikkje svakare, den tek ikkje slutt. Kor ofte har ikkje eit barn tenkt at ”mamma og pappa kan ikkje vera glad i meg lenger, slik eg har oppført meg!” Dei fleste foreldre vil likevel seia: Eg kan ikkje noko anna enn å vera glad i barnet mitt, -uansett! Ofte har også Guds barn i fortviling og under tårer tenkt: Gud kan vel ikkje elska meg no? Per Nordsletten skriv i ein song:

”Kan du have meg kjær, rett så heslig jeg er, da er du en forunderlig Gud”! Ja, så stor er Gud i sin kjærleik til deg. ”Gud syner sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan me endå var syndarar”. Rom. 5,8. Det var, og er, ikkje på grunn av min kjærleik, eller noko anna ved meg, at Gud elska meg. Ikkje på grunn av, men på tross av, elska han meg. Gud var først og størst i sin KJÆRLEIK! Kåre Steinsund

Me vil gratulera Kåre Steinsund med vel overstått 70 års dag, og me ynskjer Guds signing over pensjonistlivet på sørlandet...

SOMMARENS STORSAMLING - ÅRSMØTE PÅ FITJAR 12.-14.juni Talar: Kurt Hjemdal Fredag: Konsert ”Perler frå bedehusland” Laurdag: Barnas sommarfest, forhandlingsmøte, bibeltime, stor barnekor-konsert saman med Seven, kveldsmøte, ungdomstreff m.m. Sundag: Fest-møte og Storfamiliemøte. Song: Seven, Praise Him, Manna Sunnhordlandsmusikken m.fl. Det vert eige barne –og ungdomsopplegg! Velkomen til heile familien!

Utklypp frå Haugiansk frukt: ”Årsmøta i Samskipnaden har hatt mykje å seia for kristenlivet, og dei har gjort mykje til at kristenarbeidet vann inn i bygdene våre. Det fortelst frå ei stor bygd at arbeidet åt Samskipnaden var lite kjent, og folk flest ansa ikkje oppslaget om årsmøte som skulle vera i bygda. Men då dei såg kor mykje folk det samlast, og då dei høyrde songen og merka gleda mellom årsmøtefolka, stimla heile bygda saman og fekk eit inntrykk av arbeidet og eit kall frå Gud, som dei seint gløymde.” ”På årsmøta fekk indremisjonsfolket dei store synene”. Om årsmøte på Fitjar i 1883 står der: ”Det vrimlet av folk allevegne, der søkte seg et sjul i lader og andre uthuse, hvor der var et litet indsmaag, i baater med seilet

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2009

over sig eller under baathvælv. Alle huse var fyldte av mennesker. Man hadde ikke glemt den apostoliske formaning om gjerne at laane hus. Hvor mange engler der ved denne annledning blev herberget, tør jeg ikke si. Det faar man nok vite en gang. Men at der var 10000 mennesker, det vet jeg. Det var gripende at se denne skare skride op over bakkene, gamle og unge og barn, bærende paa sine nisteskrin.Det kom halte paa sine krykker og krøblinge, som andre bar paa ryggen. Hvor man gikk om aftenen hørte man sang. Den lød fra huse og hytter og baatnøst. En ordets, sangens, bønnens og lovprisningens tid var begynt.” Ver med å be for Sommarens storsamling – årsmøte på Fitjar!

3


Nyårshelsing Velsigna godt kvileår Det er ei gleda å få helsa misjonsvenner og medarbeidarar enno ein gong ved årsskiftet. Varm takk for trufast teneste i indremisjonen. Du stussar gjerne på ordlyden i overskrifta og helsinga: Velsigna godt kvileår. La meg straks fortelja kva eg har i tanken. Mitt nyttårsønske for oss alle er at vi må få kvila i evangeliet i det nye året. Det er også mitt største ønske for forkynninga og misjonsstrategien i all vår verksemd i bedehusland. Det er mykje godt og positivt arbeid som skjer på misjonsfronten i vårt land – både i bedehuset og mange andre samanhengar. Det skal heller ikkje stikkast under stolen at det er mykje som smertar, når vi tenkjer på det åndelege forfallet både i landet og i mange kristne miljø. Det har likevel komme til meg – når eg bed Gud om visdom til å ha eit høyrsamt hjarta for det eg høyrer: Det er så ofte mangel på forkynning som skaper ekte kvile i evangeliet. Ofte er evangeliet berre noko sjølvsagt, og så er alt fokus på kva vi burde gjera som sanne disiplar. Det er mykje åndeleg innpakking som faktisk løyner evangeliet.

Det er mi siste nyårshelsing som generalsekretær. Eg ser fram til å møta så mange som mogeleg når eg får takka av i Generalforsamlinga i Molde siste veka i juli. Velsigna godt kvileår! Eg sender det som mi nyårshelsing som ønske for kvar og ein. Eg oppmodar også til å ta det med seg til misjonslivet. Det er viktig testspørsmål til sann forkynning. Til sist eit notabene til dei som trur eg oppmodar til passivitet. Då kjenner ein ikkje evangeliet. Evangeliet og kvila i evangeliet har den ekte skaparkrafta i seg til sann kristen teneste for Herren. Det er evangeliet som skil mellom bibelsk reformatorisk misjon og all åndeleg aktivitet. Derfor godt nyttår – velsigna godt kvileår – i evangeliet! Dykkar i tenesta Karl Johan Hallaråker generalsekretær

INTERNATSKULE! Kontakt oss:

www.framnes.vgs.no

el.

tlf.: 56550500, SØKNADSFRIST 1. MARS 2009

Vg 1 Studiespes. utdanningsprogram Vg 1 Idrettsfag Vi tek også inn elevar på Vg 2 og Vg 3.

Sett av

Søknad til Framnes pr. post: 5600 Norheimsund el. internett

Brandøy!

8. - 10. mai til dugnashelg på

Påskehelg på Bildøy Bibelskole 8.-13. april Velkommen til påskefeiring på bibelskolen, dager med Guds ord, opplevelser og ferie! Talere og ledere: Gen sekr Karl Johan Hallaråker, rektor Arnfinn Norheim, Halldis og Asle Reigstad, Aslaug og Magne Wold.

4

Egen buss fra Stavanger, Haugesund, Sunnhordland til Bildøy med retur 2. påskedag. Nærmere opplysninger og påmelding tlf. 56 316 316

Telefon: 56 316 316 Adr: Søre Bildøy, 5353 Straume E-post: post@bildoybibelskole.no Web: www.bildoybibelskole.no Arr: Bildøy Sommerhotell og kurssenter

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2009


Glimt frå Jondal I Jondal Bedehus skjer det noko kvar veke heile året, litt mindre i ferier, men aktiviteten er stor i høve folketalet. Me har no fått eit moderne og tenleg hus, etter stor utviding med nytt inngangsparti/ graderobe, ny møtesal (som kan slåast saman med hovudsalen), kjellarrom til barnearbeidet, husvære i 2. høgda, modernisering av kjøkken m.m. I alt har vi sidan 1996 brukt om lag 3 millionar kroner og i tillegg svert mykje dugnad. I fjor haust var vi gjeldfrie. Fantastisk og mykje å takka for. Misjonsfolket har stått saman om arbeidet og heile bygda og grendene omkring har støtta opp.

Kvar tysdag ettermiddag samlast mellom 20 og 25 born frå 2.klasse og oppover til Ving. Alle samlast til andakt og deretter vert borna delt inn i grupper. Sløyd er veldig populært. To mannlege leiarar gjer ein kjempejobb som ”sløydlærarar”. Så populært er dette at sløydrommet i kjellaren måtte utvidast i fjor haust. Andre grupper er hobby og mat. Kjekt alt saman, ikkje minst koser alle seg med mat laga av mat-gruppa før dei går heim. Nokre av leiarane har stått på i 30 år. Fleire av medlemene i Vinglaget er no born av foreldre som var ivrige medlemer då Ving starta opp. Jondal kommune har også sett verdien av barnearbeidet som indremisjonen driv. I 2003 fekk Haldis Bakke og Liv Helga Gulestøl kommunen sin kulturpris. Framleis driv bestemødrene på for fullt, til saman er 6-7 leiarar med. To gonger kvart halvår tek leiarane med seg borna i bassenget på skulen, først andakt og der etter bading – kjempe kjekt.

I mange år har Indremisjon drive eit ungdomsarbeid som vi kallar ”Stikk innom”. Frekvensen for samlingane er annan kvar fredag i skuleåret frå kl. 20 -23. Andakt høyrer med kvar gong. Andaktshaldarar er personar frå kommunen, tilreisande talarar og ungdomsleiarar frå Framnes og Bergen. Ungdomskveldane med matsal og spel av ymse slag er veldig populære. Ungdom kjem frå heile kommunen, det kan vera frå 20 -50 ungdomar innom på ein kveld. Dei fleste har vore med på Ving tidlegare, det er såleis naturleg for dei å gå i bedehuset, som driv den einaste ungdomsklubben i kommunen. Det har ikkje vore synleg ”ungdomsvekkelse” men ungdomane er svært lydhøyre under andaktstunda, berre Vår Himmelske Far veit kva den einskilde tek i mot. Vi kan ikkje slutta å ”vatna” – Gud gjev vekst.

Elles er det møte for vaksne nesten kvar sundag, når det ikkje kollidarar med tilskipingar i kyrkja, også sundag føremiddag. Indremisjonen nyttar lokale forkynnarar, eller talarar utanfrå. I tilegg er det møte med talarar frå andre kristne organisasjonar. Frammøte har i dei seinare åra halde seg om lag på det same, sjølv om mange eldre har gått bort. Vi har og temakveldar/kulturkveldar nokre få gonger i året. Kvar haust har vi stor basar og julemesse til inntekt for bedehuset. Mange flittige hender er i sving på førehand. Vi opplever at heile bygda støttar opp om desse tilskipingane og at arbeidet er ”indremisjon” i kommunen vår. Vil du lesa meir om livet i Jondal Indremisjon, kan du gå inn på nettsida vår www.jondalindremisjon.no Svein Johan Bakke.


b ar n ung og dom Barne- og ungdomsleiarkonferansen på Brandøy

g o n r ba m o d g n u

Det var med stor forventning me sette oss på Sydnes-ferja laurdag morgon for å delta på inspirasjons-weekend for barne- og ungdomsleiarar.

Etter innlosjering på fint pynta rom og ein deilig frukost, var me klar for programmet. Først fekk me servert frukt og kaffi, deretter var det inn i møtesalen for informasjon og presentasjon. Så var det tid for undervisning; ”vandring gjennom NT” med Reidun Ask. Det var eit svært interessant kurs som varte 6 timar fordelt over to bolkar laurdag og to bolkar søndag. Etter ein god varm laurdagslunch var det tid for seminar der elevar frå bibelskulen på Bildøy var instruktørar. Me kunne velja mellom KRIK og lovsongsseminar. Eg deltok på lovsong noko som var særs lærerikt. Rykta seier at dei som deltok på KRIK blei meir sveitte enn oss.

Laurdagskvelden var me først samla til kvelds… deilig TACO som smaka. Etterpå samlast me igjen i møtesalen til fellesskap i lovsong, andakt, vitnesbyrd og bøn.

Søndag var det felles frukost kl 09:30, der den spreke flotte Halsnøy-gjengen var først og presis til frukost. Klar til å nyte nok eit godt måltid mat. Etter at me avslutta vandringa gjennom NT vart helga avslutta med middag, før me igjen sette nasen mot Halsnøy. Takk for eit flott opplegg og ei kjekke helg på Brandøy! Kristine Mehammer


g

Villdyret Denne boka er ein kristen sjølvbiografi om Tony Anthony sitt ville liv. Han var trippel verdensmester i kung fu og jobba som livvakt før han havna i fengsel. Ein dag får Tony besøk av ein mann som heiter Michael Wright, og dette vil få store konsekvenser for resten av livet hans. Eg anbefaler boka på det sterkaste, det er veldig spennande lesing. Boka passar for ungdom fra ca. 14 år og voksne. Marie Bjørnevik Forlag Prokla-Media kr. 148,-

LIS Mitt bibelvers: Henriette Baustad 15 år, Etne

Eg vil læra deg og visa deg den vegen du skal gå. Eg vil la mitt auga kvila på deg og gje deg råd.

Salme 32,8

Hugs påmelding til leirane!


Aktivitetskalender 2009 Indremisjonssamskipnaden MAI 08.- 10. Dugnadshelg

BRANDØY

26.- 29. Ten-sommar 7.kl.+++ JULI 10.- 14. Familieleir

HELGATUN

JUNI 19.- 21. Minileir 2.-4.kl. 24.- 26. Sommarleir 5.-7.kl. 26.- 29. Activ-ten 8.kl. ++ JANUAR 16. Leirleiarfest 17.-18. Barne –og ungdomsleiar konf. FEBRUAR 20.- 22. Damenes helg MARS 02.- 05. Vinterleir 5.-7.kl. 06.- 08. Minileir 2.-4. kl. 27.- 29. Brandøytreff tilrettelagt for vaksne med utviklingshemming.

JULI 08.-12. Familieleir AUGUST 23. Brandøydagen SEPTEMBER 04.- 06. Kvinnehelg 04.- 06. LIS-Solgry S.M. NLM-ung NOVEMBER 06.- 08. Ten-helg 8.-10.kl 13.- 15. Yngsteshelg 3.-5.kl 20.- 22. Dugnadshelg 27.- 29. Haust-treff 1.vg.+++

APRIL 03.- 06. Påskeleir 8.-10. kl. DESEMBER 08.- 12. Påsketreff 1.vg. + 05.- 06. Mini-adventshelg 17.- 19. Juniorhelg s.m. (2.-4. klasse) Sundagsskulen 11.-13. Adventshelg 27.- 30. Vårtreff (5.-7. klasse)

12. – 14. juni ÅRSMØTE PÅ FITJAR

FEBRUAR 06.- 08. Skiweekend 8. klasse 20.- 22. Skiweekend 1.vg. + Veke 9 Vinterferieopphald MARS Veke 10 Vinterferieopphald

SEPTEMBER 04.- 06. Weekend 45-66 år OKTOBER 02.-04 Familiehelg s.m. Israelsmisjonen 09.- 11. Kvinnehelg 16.- 18. Familiedugnadshelg

APRIL 03.- 07. Kombileir Helgatun 08.-13. Påskeopphald MAI 22.- 24. Generasjonshelg 0-9 år m/fylgje 11.-14. Kviledagar i retritramme?

NOVEMBER 20.- 22. Førjulshelg 3.- 6.kl.

JUNI 24.- 26. Sommarleir 2.-6. kl.

21. juni SOMMARSTEMNE I MOSTER AMFI

AUGUST 10.- 15. Helgatuntreff m/busstur. 17.- 21. Sunnhordlandstreff indre 31.-04. sept. Sunnhordlands- treff ytre

DESEMBER 04.- 06. Ungdom 7.kl.+++ 11.-13. Inspirajonshelg? 23.- 27. Juleopphald (påmelding 1.okt.)

09. – 11.okt. HAUSTMØTE PÅ STORD

w w w. i n d re m i s j o n e n . n o - t e l e f o n 5 3 4 1 0 7 0 4

8

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2009


BRANDØY

Nyttårsfeiring på Brandøy Me pakka i bilen og vende nasa mot Brandøy, for å ønske det nye året velkommen der. Me såg fram til ei triveleg feiring saman med mange andre. Første post på programmet var lunsj, og på godt Brandøy vis var bordet dekka med mykje god mat.

Lunsjen var ikkje for vel ferdig før dei første par joggesko fekk fart på seg inne i hallen. Ein god del sveitte t-skjorter var observert på veg ut frå hallen i løpet av ettermiddagen. Neste post på programmet var festmiddag. Flott pynta kom den eine etter den andre inn i matsalen. Dei på kjøkkenet hadde gjort ein storarta jobb og laga nydelig middag. Det var eit festmåltid. Etter middag gjorde me oss klar for ablegøyer og trylletriks i storesalen. Komiteen hadde gjort ein flott jobb, og alle fekk trena lattermusklane godt. Me var så heldige at me i løpet av kvelden

fekk besøk av ein av gjetarane som var utanfor Betlehem julenatta. Jens Tveit fortalte levande om denne glade og takknemlige gjetaren som hadde fått vera med inn til Betlehem og sett dette store som hadde hendt. Klokka gjekk etter kvart mot tolv, og himmelen over Brandøy var fargesprakande og flott. Det nye året vart ønska velkommen med fyrverkeri, og mange gode nyttårsklemmar. Komiteen som hadde planlagd nyttårsfeiringa hadde laga til bønnevandring etter frukost neste dag. Ein flott start på det nye året. Takk for ei god og triveleg feiring!

Velkommen til fine vårdagar på Brandøy.

 

  



                   

Naturen her er ei perle av Guds store skaparverk med fjord, fjell og skogkledde lier. Her kan du finna ro og kvile for kropp og sjel. Det blir samlingar om Guds ord, forbøn og vitnemål. Få gjerne andre med deg også. Vi har med bøker, m.m. frå SunnBok på Stord. Til utloddinga på onsdagen er det kjekt om de har med ein gevinst. Prisar pr. person: (alle med oppreidd seng) Enkeltrom kr.1.300,Dobbeltrom kr.1.050, pr. person 3-4 på rommet kr. 900, pr. person

Korleis kan vi koma oss til Brandøy??? Frå Bømlo og Stord kan du reisa slik: kl. 13.00 kl. 13.30 kl. 13.48 kl. 14.05

Rutebuss frå Moster Rutebuss frå Svortland Rutebuss frå Gassasundet Denne er på Leirvik

Snøggbåt frå Leirvik kl. 15.10 Til Utbjoa kl. 15.30 Her vert de henta med privatbilar. HUSK Å GI BESKJED TIL INDREMISJONSKONTORET DERSOM DU KJEM DENNE VEGEN SLIK AT VI KAN HENTA DEG! Når det gjeld reisa heim så ordnar vi dette på Brandøy. Vi skal syta for at alle kjem seg heim att.


HELGATUN

Kjære misjonsvener!

Pinsetreff på Helgatun -for alle aldrar ! Fredag 29. mai – 2. juni Bibeltimar, kveldssamvær, tid for fjellturar m.m. Påmelding til Helgatun tlf. 56 51 98 98

Godt nyttår til deg og takk for alt me fekk ”dela” i 2008. ”Dagen i går er forbi, morgondagen har ingen sett. I dag – i dag hjelper Herren”. Godt å få gå inn i eit nytt år med dette for auga. No er me midt i ein travel vintersesong. Vesle julaftan kan me vel sei det heile starta. Då kom det 30 forventningsfulle gjester til Helgatun. Travle, men rike og gode dagar. Her var juleandaktar, songstunder og julefest med evangeliet i sentrum. Ikkje før var julegjestene ute, så kom ski folk, alpinistar inn. I nyttårshelga hadde me Seniorforbundet her, ei pensjonistgruppe frå Bergensområdet. Alt fyrste helga i januar fekk me inn ei kjempeflott ungdomsgruppe.

Vidare har me hatt tre konfirmantgrupper, ei barnefotball gruppe og innimellom det heile har me fått putta inn enkeltpersonar og familiar i ledige rom. Her er så mange som ynskjer nokre dagar i snøen saman med familien sin. D.d har me ca 1 m snø og fine forhold i bakkane. Enkelt å koma i bakkane no når me har skitrekk heilt inn på grensa vår. Gled oss over alle desse flotte gruppene og enkeltpersonane me får kontakt med. Me møter så mykje takksemd som gjer at det er godt å få stå i tenesta her. Me gled oss over gode og trufaste medarbeidarar me får stå saman med i dei ulike oppgåvene. I skrivande stund førebur me oss til å ta imot 95 studentar som er med i KRIK i Bergen, ei flott gruppe å ha på huset. Jammen er me rike som har så mange fine ungdomar i distriktet vårt. Nytt i år er å få starta opp att med kafeen. Prøver å ha ope laurdag og sundag framover og i vinterferien og påskehelga. Ei utfordring me er spent på, er nok mykje avhengig av veret og utfarten. Også i midtvekene er det bra med bestillingar framover. Her er fleire skuleklassar som vil opp og prøva seg i snøen og alpinbakkane, dette ser me fram til. Både vinterferien og påskehelga er fulle hus. Siste sundagen i januar fekk eg vera med på Helgatuntreff i Skånevik bedehus. Her

10

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2009

møttest folk frå Kvinnherad, Etne, Vikebygd og Skånevik. Ja, det vart ei god feststund med kaffi og bløtkaker, song og musikk, intervju, andakt og glimt frå Helgatun. Pluss eit flott offer til Helgatun. Du kor viktig det er med kontakten med misjonsfolket ute i bygdene. Me får halda kontakten med dei som ber for Helgatun, gir til Helgatun og som brukar Helgatun. Og så får me setja mot i kvarandre gjennom evangeliet. Ja, her er resursar og inspirasjonskjelder me skal få nytta oss av. Takk for du gav deg tid til å lesa gjennom denne vesle Helgatun helsinga. Vonar du også har høve til å ta med i bønene dine; medarbeidarane her og små og store gjester som skal vera her på Helgatun gjennom denne vinteren. Me treng kvarandre i denne store tenesta for Herren. Ber om Guds rike velsigning over deg og dine. Varm helsing Helgatunfolket Solveig

Me vil gratulera Solveig Norheim med vel overstått 60 års dag og ynskje Guds rike signing over liv og teneste !


Reiserute i februar og mars 2009 Toralf Steinsland 01.02. Sion 06.-08.02. Uggdal 11.-12.02. Åkra 14.02. Stemnestaden 15.02. Håvik 17.-22.02. Trøndelag 25.02. Huglo 13.-15.03. Meling 18.03. Ølensvåg 20.-22.03. Årdal 25.-26.03. Nordtveit 28.-8.03. Ferie 12.03. Seimsfoss 27.03. Bildøy 28.03. Osterneset 29.03. Moster

Arne Lindekleiv

04.02. 06.02. 07.02. 08.02. 10.02. 17.02. 22.02. 08.03. 15.03. 17.03. 20.-21.03. 25.-26.03. 28.03.

Samnanger Leiarsamling Odda Styremøte Odda Odda Leiarsamling Framnes Styremøte Moster Gilje Håvik Vines, leiarsamling Styremøte ImF Auklandshamn Styremøte

Kåre Johan Hamre 02.02. Granvin 04.-08.02. Uskedalen 11.-12.02. Bogøy 13.02. Samnanger 16.02. Granvin 18.-19.02. Granvin 20.02. Kaldestad 21.02. Moster 22.02. Kaldestad 25.02.-01.03.Etne 02.03. Granvin 04.-08.03. Fitjar 13.03. Samnanger 16.03. Granvin 18.03. Gravdal 19.-22.03. Varaldsøy 25.-26.03. Granvin

27.-29.03. Brandøytreff

Svein Bjarne Aase

02.02. Dekor - Gilje 07.02. Styremøte 08.02. Stord 10.02. Brandøy, styremøte 12.02. Husnes 14.02. Sitreff 18.02. Stord kyrkje 20.-22.02. Laurhammer 02.-04. Vinterleir Brandøy 04.03. Osterneset 11.03. Norheimsund 13.-15.03. Visjon 17.03. Vines 26.-29.03. Helgatun med Gilje

Marit Ådnanes 05.02. 13.02. 14.03. 15.02. 18.02. 20.-22.02. 02.-05.03. 10.03. 11.03. 13.03. 15.03. 19.03.

BUR Leirvik Håvik Tenlag Huglo Huglo/Skånevik LIS Haugesund Skiweekend Helgatun Vinterleir Brandøy Framnes styremøte Ungdoms Alfa Halsnøy Odda Skånevik BUR Haugesund

Liv Rolfsnes

06.02. Odda 08.02. Odda 11.02. Vines 06.-08.03. Minileir Brandøy 25.03. Vines I tillegg oppgåver som områdesekretær i Odda/Ullensvang

Marit A. Røen

12.-15.02. Øvrebygda 03.-05.03. Sunde 08.03. Sunde 15.03. Os 18.-19.03. Fosse 22.03. Tørvikbygd 29.03. Børsheim

Ragnhild Nesse 07.02. 02.-05.03. 11.03. 13.03. 14.03. 25.03. 27.03. 28.03. 28.03. 31.03.

Gilje IUF Vinterleir Brandøy Barnekor Meling/Laurhammer Leirvik IUF Barnekor Meling/Laurhammer Halsnøy Leirvik IUF Auklandshamn

06.02. 06.02. 07.02. 20.-22.02. 17.03. 20.03. 23.03.

Foldrøy Fredagskafe Gilje Basar Dåfjorden Damenes helg Brandøy Gilje Yngstes Fredagsklubben Leirvik Svush Husnes

Lise Marie Th. Litlabø

Simon Madsen 29.03.

13.-15.02. Eid 18.-22.02. Sagvåg 25.03. Høylandsbygd

Halvard N. Sveen 15.02. 12.03. 20.03.

Gilje Moster Eid

18.02. 27.02. 04.-08.03. 18.-22.03. 28.03.

Eltravåg Sveio Skånevik Husnes Gilje IUF

Jens Tveit

Aksel I. Johannessen Tysnes

Roald Evensen

17.02. 18.02. 19.02. 20.-22.02.

03.-08.02. Bømlo 10.-15.02. Rosendal og Omvikedal

Meling Meling Moster Skiweekend, Helgatun

Anja U. Heggen

06.-08.02. Skiweekend Helgatun

Karl Einar Tvedt 10.-11.03. Rubbestadneset 12.-15.03. Foldrøy

Arnfinn Norheim 13.-15.03. Moster

Jostein Angeltveit 10.02.

MiniMax Bømlo

Kjerstin Stokken 13.02. 13.02.

Moster

Nils M. Rydland

14.03.

T. J. Lauvrak

Husnes Ope Hus KRIK Husnes?

Merete Solås 12.02.

Klubben Fitjar

17.03.

Moster Junior og Ving

Nina A. Aase Larsen

Norvald Ådnanes 03.03.

Huglo Ving

Rannveig Petterteig

27.02.-04.03.Vinterferieopphald Helgatun 10.03. Uggdal Yngres

Toril Langeland 05.02.

Leirvik Junior-Ving

Ingebjørg Berstad Torp / Tor Østang

06.03 07.03 08.03

Tysnes Gilje Sveio

”Abba, Far!” Et kurs på Bildøy Bibelskole, 23.-27. februar. En uke med undervisning og veiledning i Guds ord. En konsentrasjon om Bibelens Gudsbilde. Et varmt velkommen til å ta kontakt for mer informasjon, priser og påmelding. Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2009

Telefon: 56 316 316 Adr: Søre Bildøy, 5353 Straume E-post: post@bildoybibelskole.no Web: www.bildoybibelskole.no Arr: Bildøy Sommerhotell og kurssenter

11


B-BLAD Returadresse:

Indremisjonskontoret Postboks 150 - 5401 STORD

”Damenes helg” på Brandøy 20.-22. februar! Du er hjarteleg velkommen til den ”NYE DAMEHELGA” for oss mellom 25 og 55! Føler du deg i denne gruppa så KOM OG BLI MED!!! Dette vert ei helg der vi har NÅDE som tema, og brukar BABETTES GJESEBUD som utgangspunkt. Det vert ei helg med PÅFYLL gjennom utfordrande bibeltimar. INSPIRASJON gjennom kortlaging, maling, strikking og bjørkehjerte. AVSLAPPING rundt kaffibordet. Og ei UTFORDRING med på veien vidare. Fyll bilen opp med VENER og bli med på ei triveleg helg på BRANDØY

Påmelding til Indremisjonssamskipnaden på telefon: 53 41 07 04

Her er eit fleksibelt undervisningsopplegg for sentrale bibelhistoriar. Tips til aktivitetar og samtale for 24 samlingar. Passar for aldersgruppa 9-12 år.

Ny spiralkalender med bibelvers og sitat frå Trygve Bjerkreim. Til inspirasjon for kvar dag. Super som ”vennegåve”

3 episodar med KRISTENT BARNE-TV. Drama, trylling og musikk.

Før kr. 199

Vis a vis Rådhuset på Leirvik Tlf. 53 41 20 01 post@sunnbok.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.