2 minute read

Det akademiske kvarter

Klar for faglig innsats

VED GERDA AARHUS, NYTT STYREMEDLEM I RADFORUM

Takk for tilliten det er å bli vald inn som medlem av styret i RadForum! Eg er ein radiograf med lang og variert erfaring, som har vore vitne til og deltakande i ei rivande teknologisk utvikling dei siste tretti åra. Faget vårt og moglegheit for fagleg utvikling har alltid interessert meg. Dei siste åra har fokuset mitt vore på MR-delen av faget, noko eg finn svært interessant.

Tidlegare erfaringar er stort sett frå radiologiske avdelingar ved Telemark sentralsjukehus, Haraldsplass Diakonale Sjukehus og Haukeland universitetssjukehus. Der eg har jobba med røntgen, angiografi, CT, stråleterapi og MR.

Gjennom åra har eg òg tatt ein del faglege kurs og utdanning. Blant anna realfag frå Universitetet i Bergen, bedriftsøkonomi frå BI, vidareutdanning innan MR og master i kunnskapsbasert praksis. Mastergraden har gitt meg kunnskap om metode, noko som gjer det mogeleg for meg å gjere meg nytte av og finne fram til kunnskap av verdi i det store havet av tilgjengeleg vitskapleg arbeid. Samstundes har eg fått kjennskap til verktøy som kan hjelpe oss til sjølve å vera ein del av denne kunnskapsutviklinga. Dette forstod eg ikkje nytten av før eg hadde tatt del i denne utdanninga. Så har du tid og energi, er masterstudiar hermed anbefalt.

Dei siste åra har eg jobba som vikar ved bachelorutdanninga i radiografi ved Høgskulen på Vestlandet og frå januar 2022 er eg her på fast basis. Ved å tre inn i utdanninga har eg fått mange nye spanande oppgåver og på ein måte fått heile faget tilbake. Her treffer eg likesinna med interesse for fag og fagutvikling, og så langt trivs eg godt.

Når eg no trer inn i styrevervet i Radforum, er det med håp om å få betre kjennskap til kva som rører seg av fagleg utvikling innan radiografi nasjonalt og internasjonalt, om å knytte spanande kontaktar og med eit ynskje om å vera med og legge til rette for/påverke slik at det skal vera større rom for radiografar som ynskjer fagleg utvikling på master- og doktorgradnivå til å drive med fagleg utvikling i praksisavdelingane våre. Med det meiner eg at det opprettast fagstillingar med avsett tid til å jobbe fagleg og fagmiljø/forskingsgrupper som inkluderer radiografar ved sjukehusa, på lik linje som for andre yrkesgrupper me kan samanlikne oss med.

Noko anna som engasjerer og opptar meg, er å finne ut av kva for faglege spørsmål det er me radiografar er opptatt av og treng og stille for at me sjølve skal vera med og utvikle faget vårt. For å finne svar på dette, inviterer eg til samarbeid!

Beste helsing, Gerda Aarhus radforum@nrf.no

Lik NRF på Facebook! facebook.com/norskradiografforbund

This article is from: