UNIKT FORSKINGSMILJØ På lettbygget ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i Førde sit eit av Noregs fremste fagmiljø på fedme og overvekt. På kvar sine kontor sit fagpersonar frå Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Tekst: Eva Marie Felde Dei forskar på overvektsoperasjonane som blir gjort ved Førde sentralsjukehus og livsstilsbehandlinga ved Hauglandssenteret. Dei granskar om behandlingane fungerer, kva konsekvensane av operasjonane og livsstilsbehandlinga er, korleis kroppen blir påverka og korleis pasientane har det i det lange løp. Forskargruppa har ei spennande samansetning, med bakgrunn frå fysioterapi, kirurgi, indremedisin, pediatri, sjukepleie, idrettspedagogikk, samfunnsvitskap, kjemi og ernæring. – Eg vil påstå at det er eit unikt tverrfagleg miljø. Breidda i kompetansen gjer at vi kan ta opp store spørsmål og sjå på desse spørsmåla frå mange ulike vinklar. Slik trur eg forskinga blir betre, og det er ein styrke for pasienten, seier
leiar ved Senter for helseforsking i Sogn og Fjordane, Marit Solheim.
Senter for helseforsking Senteret er eit samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Målet er å styrkje utvikling og forsking innan helsetenestene i fylket, og sørgje for at det blir arbeidd opp mot både nasjonalt og lokalt prioriterte område. – Vi ynskjer å auke samarbeidet mellom desse institusjonane, få opp aktiviteten og heve kvaliteten på arbeidet. Då vert det også meir interessant for andre å samarbeide med oss! Vi ynskjer også å bidra til eit felles fagmiljø innan helseforsking i fylket, og gjere arbeidsplassane i desse institusjonane meir attraktive, seier Solheim. Forsking på fedme og overvekt er ei strategisk satsing. I tillegg forskar mange på andre langvarige lidingar, der vi ser på pasientar og pårørande sin livssituasjon, og helsetenesta dei får. Førebygging, både for folk flest og hos sjuke, er eit felles trekk ved fleire av forskingsemna. – Mykje forsking handlar om den akutte fasen. Vi ser på andre delar av pasientforløpet og helsetenestene i desse fasane, seier Solheim.
Med samhandlingsreforma på plass vert kommunehelsetenesta ein endå viktigare del av helsetenesta. – Ei av årsakene til denne reforma er at det vert brukt for mykje ressursar på spesialisthelsetenesta i høve til kommunehelsetenesta, og det vert satsa for lite på førebygging og tiltak, og utvikling av tenester som bidreg til meistring av livet med sjukdom og funksjonssvikt. Dette gjeld både for yngre og eldre. Her er det eit særs stort behov for forsking og innovasjon, seier Solheim.
senter for
HELSEFORSKING tema: forsking på sjukleg overvekt
Samhandlingsreforma vektlegg derfor behovet for å utvide og styrkje forskings- og utviklingsarbeidet i den kommunale helse- og omsorgssektoren, og det vert stilt krav til at kommunane skal medverke til forsking. Marit Solheim trur at det vil bli ein stor auke i samarbeidsprosjekt med kommunane. – Min visjon er at sjukepleiarar, legar og fysioterapeutar i kommunen også utviklar forskingskompetanse, at vi forskar saman. Skal vi få svar på om forskinga vår verkeleg nyttar og kjem pasientane til gode, må forskinga skje så nært pasienten som mogleg, avsluttar Solheim.
Treng kommunane med på laget
LES MEIR:
Førde sentralsjukeshus
www.hisf.no www.helse-forde.no www.helseforsking.no www.fordeutviklingssenter.no www.issuu.com/helseforskning
KONTAKT: Marit Solheim, leiar marit.solheim@helse-forde.no marit.solheim@hisf.no 57 72 25 31 / 400 46 114 Geir Kåre Resaland, forskingskoordinator geir.kare.resaland@hisf.no 57 67 60 97 / 416 21 333
Høgskulen i Sogn og Fjordane
Senter for helseforsking
Runar Tengel Hovland, seniorrådgjevar runar.tengel.hovland@helse-forde.no 57 72 25 66 / 402 28 142
Kunnskapen er lett å bere Han som starta det heile Kunsten å drive psykoterapi Førebygging endra skulekvardagen
Foto: Finn Ove Njøsen Presentasjon av utvalde forskingsprosjekt i Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane
Forskingsmagasin 2012