Page 1

Kjem du? I samband med Forskingsdagane held vi ope hus i det nye Høgskulebygget, torsdag 20. september kl 13 - 18:00

1


Velkomen til Forskingsdagane og ope hus

Å

rets forskingsdagar vert det største arrangementet i Sogndal sidan Høgskulen i Sogn og Fjordane tok til med arrangementet for fleire år sidan. Aldri før har vi kunna presentert så mange føredrag og aktivitetar for almenta. Forskingsdagane gjev folk ein unik moglegheit til å kome i kontakt med kunnskapsmiljøa våre gjennom føredrag, interaktive stasjonar, bokkafe, quiz, forskingstorg og mykje meir. I år deler vi også ut høgskulen sin eigen forskingspris under forskingsdagane. Hjarteleg velkomne til Høgskulebygget 20. september!

2


Ingen som bur i indre Sogn, kan ha unngått å få med seg det nye, stilige og vakre Høgskulebygget som siste året har reist seg mellom det tradisjonstunge Fossbygget langs Sogndalsvelvi og det moderne Campus oppe på Fosshaugane. No har Høgskulen teke det vakre og høgreiste bygget i full bruk. Det har vore høgskuleutdanning i Sogndal sidan byrjinga av 1960-åra. Men aktivitetane har heile tida vore spreidde rundt om kring i Sogndal sentrum. Etter 50 år er vi endeleg bortimot samla. For første gong har

høgskulen no eitt bibliotek og éi kantine. For første gong kan vi gå tørrskodde mellom avdelingar, fagmiljø og kontor på høgskulen. Det er ei storhending for oss. Vi trur òg det er ei storhending for bygda og for kommunen. Torsdag 20. september inviterer vi derfor til ope hus i det nye Høgskulebygget. Dette gjer vi i samarbeid med vår nabo Vestlandsforsking og med De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.

3


PROLOG

Tysdagsdebatten TID: 18. september, kl. 19.30 – 21.30 STAD: Meieriet TEMA: Risikosport INNLEIARAR: Sofie Torlei (leiar for Ekstremsportveko på Voss) Erlend Sande (redaktør i Fri Flyt og utøvar) Tommy Langseth (stipendiat HiSF, høgskulelektor Høgskulen i Telemark) DEBATTLEIAR: Georg Arnestad

Kjært barn, kjedelege namn Høgskulen i Sogn og Fjordane har vore i ei rivande utvikling. Gunnar Yttri tek dykk med på ein historisk spasertur i høgskulens bygg. Dei har vorte kalla så mangt. Turen varer ca. 30 minutt. Kl 13.15, treffpunkt Krohnplass (plassen framfor Høgskulebygget)

4


Stand-up-forsking og forskingsmaraton Eit 50-tals forskarar vil gjennom korte og målretta foredrag på maks. 10 minutt fortelje deg om forskinga si. Dette skjer i den opne store foajeen i 4. etasje og klasserommet i 2. etasje. Her får du smakebitar frå forsking om alt frå fosterheimar, utbygging av småkraft, menn i barnehagen, funksjonshemming og fysisk aktivitet til det viktige spørsmålet om kvifor folk vil bu og arbeide i Sogn og Fjordane. Stand-up-forsking ved trappa i 4. etg. Forskarmaraton i klasserom 2. etg.

Bokkafe, levd liv, interaktive stasjonar og mykje meir Biblioteket stiller ut bok- og artikkelproduksjonen til dei HiSF-tilsette forskarane, og forskarar fortel om sine favorittfagbøker. Sogn Folkemuseum gav i 2009 ut boka «Levd liv». Her fortel dei historia til sogningane gjennom gjenstandar museet eig. Kom og prøv våre interaktive stasjonar saman med våre forskarar. Sjå program for tider og stad. 5


Program OPNING AV FORSKINGSDAGANE 13:00 OPNING OG UTDELING AV FoU-PRISEN I KANTINA Bokhandelen FJORDBOK er open frå kl 13:00 - 18:00 og stiller ut bøker. Her vert det muleg å få kampanjetilbod på gode bøker. Den nye KANTINA vår er open heile dagen og byr på mat og drikke av ulikt slag. Kanskje ventar det nokre kulinariske overraskingar… Stor POSTERUTSTILLING med presentasjon av forskingsprosjekt ved HiSF. Kom i dialog med forskaren og høyr kva dei kan fortelje om forskinga si. BIBLIOTEKET stiller ut forskingsproduksjonen til dei tilsette (bøker, dr. gradsavhandlingar, artiklar). Vi serverer gratis te og kaffi til våre besøkande. Avslutning kl 18:00 i kantina. Velkomen!

VANDRING OG GUIDA TURAR 13.15

Kjært barn, kjedelege namn. Ein historisk spasertur i høgskulens bygg. Guide: Gunnar Yttri.

Treffpunkt: Krohnplass, plassen framfor Høgskulebygget.

14.15

Fjordstien i Sogndal for 10 000 år sidan. Turen går opp Sandbak ken til Flatane-Skjeldestad, og tek ca. 30-45 min. Guide: Stein Bondevik.

Treffpunkt: Krohnplass, plassen framfor Høgskulebygget.

15.00, Bli kjent med det nye Høgskule- 16.00, bygget. Rundturen i bygget 17.00 tek ca. 20 min.

Guide: tilsette ved høgskulen. Treffpunkt: Foajé, 1. etasje.

QUIZ i KANTINA Quizen byggjer på innlegga og på omvisingane. Quizmaster: studentar frå Meieriets torsdagsquiz. Fjordbok stiller med bokpris. Kl 16.15 - 17.00 6


FORSKARMARATON 13.30 – 13.45

Carlo Aall og Halvor Dannevig (Vestlandsforsking): Korleis vil klimaendringane slå ut for pudderkøyring og hyttebygging i Sogndalsdalen?

13.45 – 14.00 Aud Marie Øien (ASF): Kroppen som fortelling. 14.00 – 14.15 Guttorm Flatabø (Vestlandsforsking): Er det lett eller vanskeleg å gå til Stedjeåsen? Automatisk gradering av turløyper. 14.15 – 14.30

Berit Njøs (ASF): Fosterfamiliar er ikkje som andre familiar.

14.30 – 14.45 Atanu K. Nath (ASF): Understanding the meritocratic periphery: Perceptions on employability skills. 14.45 – 15.00

Eli Heiberg (AIN): Byplanlegging og behov for natur.

16.45 – 17.00

Sigrid Bøyum (ALI): Menn som vil jobbe i barnehagen.

17.00 – 17.15

Torbjørn Dale (AIN): Havbrukets plass i verden, Norge og Sogn og Fjordane.

17.15 – 17.30

Inger Johanne Solheim (ASF) og Aud Marie Øien (ASF): Personleg – profesjonell. Kva er skilnaden?

17.30 – 17.45

Grete Netteland (ASF): Vanskeleg å finne, vanskeleg å forstå. Innvandrarar og offentlege nettsider i Sogn og Fjordane.

17.45 – 18.00

Hege Gjerde Sviggum (ALI): Å bruke iPAD i barnehagen.

Stad:

Klasserom, 2. etg.

Forkortingar: ASF = Avdeling for samfunnsfag, ALI = Avdeling for lærerutdanning og idrett, AIN = Avdeling for ingeniør og naturfag.

7


Program INTERAKTIVE STASJONAR 13.15 - 14.15 2. etg., foaje

Arnold Goksøyr (ASF): Piller eller mental trening ved ADHD. Kombinasjon av stand-up, poster og interaktiv stasjon om effekten av å trene merksemd og konsentrasjon ved hjelp av dataprogram. Er dette eit alternativ til medisinering?

14.00 - 15.00 2. etg., foaje

Göran Söderlund (ALI): ADHD og white noise.

14.00 - 15.30, 3- etg., foaje Interaktiv stasjon ved idrettsseksjonen: 17.00 - 18.00 Her kan du teste kor sprek du er (enkle testar av styrke, bevegelighet og 2. etg., foaje motorikk). Studentar gir treningstips. 15.30 - 16.30 Vestlandsforsking: 2. etg., foaje Klima på nett: Demonstrasjon av nettbasert informasjon om lokal klimatilpassing, nettbasert rettleiar om energisparing og nettbasert kalkulator for utrekning av ditt personlige utslepp av klimagassar.

FOREDRAG

Auditorium, 2. etasje 13.30 – 14.00

Jon Gunnar Nesse (ASF) og Dag Myrvang (ASF): - Har ungdom lyst til å starte eiga bedrift? - Kvifor bu og arbeide i Sogn og Fjordane? (v. Jon Gunnar) - Framtidsplanar blant elevar i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane (v. Dag)

14.00 – 14.30

Knut Roald (ALI) og Eirik S. Jenssen (ALI): Læraryrket –utdannar høgskular til det?

14.30 – 15.00

Oddmund L. Hoel og Hege Roll-Hansen (ASF): Ei ny fylkeshistorie for Sogn og Fjordane - Skapinga av Sogn og Fjordane (v. Oddmund) - Kraft og modernisering (v. Hege)

15.00 – 15.30

Tarald Seldal (AIN): Kan planter «snakke»? 8


14.00 – 14.15

Anders Timberlid (ASF): Kjære industri, kom og set oss fri!

14.15 – 14.30

Ole Inge Gjerald (Vestlandsforsking): Treng vi ny fornybar energi?

Foajeen i 4. etasje

STAND-UP-FORSKING

14.30 – 14.45 Bharat Bhatta (ASF): Promoting small businesses and entrepreneurship in rural and marginalized areas as a strategy of regional innovation policies. 14.45 – 15.00 Hilde Leikny Jåstad (ASF): 1800-tallets nordvest-europeiske familiemønster, ei seigliva myte? 15.00 – 15.15 Dag Digernes (ASF): Mynde og mulegheiter for kommunar i saker som gjeld utbygging av småkraft 15.15 – 15.30

Ove Oklevik (ASF): Brand Personality: korleis merkevara blir skapt.

15.30 – 15.45

Ole Martin Hitland (ASF): Om kvalitet i tenester til personar med utviklingshemming.

17.00 – 17.15

Tone Jørgensen (phd-stipendiat, ASF): Kvifor er folk sinte på barnevernet – dei vil jo berre barns beste?

17.15 – 17.30 Maren Lundhaug (student, AIN) og Geoffrey Gilpin (phd-stipendiat, Vestlandsforsking): VestlandsFood and Fuel, Ja takk, integrert fisk og algae akvakultur. 17.30 – 17.45 Kari Bergset (phd-stipendiat, ASF): Foreldreskap i eksil. Korleis er det å «guide» barna sine i eit samfunn ein ikkje kjenner? 17.45 – 18.00

Knut Magne Aanestad (phd-stipendiat, ASF): Funksjonshemning og utfordrande fysisk aktivitet – empowerment og identitet.

9


Program BOKKAFE i BIBLIOTEKET: Mi favorittfagbok 16.00 – 16.15

Per Jarle Sætre (ASF): Boka «Kartenes Makt» av Ute Schneider

16.15 – 16.30

Roger Hestholm (ASF): Vegen mot det fredelege samfunnet. Boka «The Civilizing Process» av Norbert Elias

16.30 – 16.45

Alf Tor Melhus (ASF): Boka «Samfunn» av Thomas Hylland Eriksen

Alle bøkene er til sals hjå Fjordbok.

ELEKTRONISK POSTER: VIDEO Kl 13 - 18.00 i foaje, 1. etasje. Eivind Rogne (ALI): Entreprenørskap og REAL. Göran Söderlund (ALI) og Øystein Vangnes (Universitetet i Tromsø): Does bidialectal literacy improve cognitive control? eller Kan det å lese og skrive to variantar av det same språket gi betre allmenne hjernefunksjonar?

LEVD LIV: Kva gjenstandar fortel om historia til sogningane Utstillingsstasjon for De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Biblioteket, kl 15 - 18:00. Stasjonen vil ta utgangspunkt i boka «LEVD LIV», som museet gav ut i 2009. I denne boka forsøker vi å fortelje historia til sogningane gjennom gjenstandar og bygningar som museet eig. På utstillingsstasjonen vil vi vise fram ein del av gjenstandane som er nytta som på denne måten i denne historieframstillinga. Nokre av gjenstandar kan vi syne i original, andre må synast med bilete (på skjerm). Publikum kan fundere på kva funksjonar gjenstandane har hatt, og museumsforskarane vil forklare og setje gjenstandane inn i ein historisk samanheng. Gjennom dette vil vi engasjere publikum, gi dei realkunnskap om historiske tilhøve, og illustrere korleis gjenstandsmaterialet kan vere historiske kjelder og syne prosessen som vart brukt i arbeidet med boka. Publikum kan òg få høve til å studere boka «LEVD LIV», og få kjøpe ho til spesialpris. 10


FRAMTIDAS FORSKARAR Bachelorstudentar frå HiSF presenterer sine oppgåver i 2. etasje, klasserommet. 15.00 – 15.20

Tobias Otnes Brattebø og Aleksander Flagtvedt Didriksen (Økonomi og administrasjon, bachelor 2012): Betydninga av småprat i organisasjonar.

15.20 – 15.40

Hege-Beathe Weum-Andersen (Historie, bachelor 2012): Om mote i Norge og Sogn på 1970-tallet.

15.40 – 16.00

Odd-Eivind Holo (Sosiologi, bachelor 2011): Kva verdiar dominerer og stør opp om dagens friluftsliv i Noreg?

16.00 – 16.20

Paul Fredrik Lohne (Geologi og geofare, bachelor 2013): Icebreaker: Sogn og Fjordane, Samfunn og Isbreer

HISTORIA OG 22. JULI Ola Svein Stugu (NTNU, professor II ved HiSF): Kan historia hjelpe oss å forstå 22. juli betre?

Kl 17.15 - 17.45 i auditorium 2. etasje.

I eit av hovudforedraga ved Norske historikardagar i vår viste Ola Svein Stugu korleis historiefaglege tilnærmingar kan hjelpe til å forstå terroråtaka den 22. juli 2011 betre. Etter framlegginga av rapporten frå Gjørv-kommisjonen og dommen mot Anders Behring Breivik vil han leggje fram nokre ajourførte tankar rundt temaet.

POSTERUTSTILLING: Spør forskaren

• • • • •

Kjersti Haukedal (ALI): «Førskulelærarar som leiarar.» Berit Slåttum og Hege Gjerde Sviggum (ALI): «Barndommens landskap og hus.» Hedvig Abrahamsen (ALI): «Distribuert leiarskap i skulen.» Hilde Hofslundsengen (ALI): «Emergent literacy in preschool.» Parmita Saha (AIN): «Hydropower: Motivators and Challenges.» Tyson Weaver (AIN): «Internasjonalisering i vannkraftsektoren.» Ann Karin Sandal (ALI): «Ungdom og utdanningsvalg: Overgang frå ungdomsskule til yrkesfagleg utdanning.» Randi Sørensen og Grete Fischer (ASF): «Til barnets beste. Studenters beslutninger i barnevernsaker.» Astrid Øydvin (ALI): «Kvalitetsarbeid i skulen – eleven i ein lærande organisasjon?» Per Garmannslund (ALI): «Utsetjingsåtferd som strategisk tilnærming til læring.» Hilde L. Jåstad (ASF): «Change in Nineteenth century Sami Co-residence.» Sandra Opheim (ASF): «Bruk av illegale rusmidlar – ein kvalitativ studie om rus, meining, identitet og plass.»

Kl 16 - 17.00 i foaje, 4. etasje.

• • • • • • •

11


Velkomen til Forskingsdagane i Sogndal

De finn oss i Røyrgata 6

• •

KONTAKT Ulrike Spring, koordinator for Forskingsdagane 2012 i Sogndal Avdeling for samfunnsfag tlf. 57 67 62 44 e-post: ulrike.spring@hisf.no Erik Kyrkjebø, viserektor for FoU tlf. 57 67 62 85 e-post: erik.kyrkjebo@hisf.no Runar Tengel Hovland, rådgjevar for FoU tlf. 57 72 25 85 e-post: runar.hovland@hisf.no

12

Forskingsdagane 2012 i Sogndal  

Brosjyre for Forskingsdagane i Sogndal

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you