Page 1

Velkomen til Forskingsdagane i Førde! 22. - 28. september

1


Velkomen til Forskingsdagane i Førde

H

øgskulen og Helse Førde markerer forskingsdagane i Førde for femte gong og kan presentere eit rikhaldig program.

Flåttoverførte infeksjonar, snorking, konsekvensar av bruk av anabole steroidar, barn og livsstil, styring av PC ved hjelp av auga. Dette er berre noko av det du kan få med deg. I år har vi med oss mange gode samarbeidspartnarar. Saman med Hjelpemiddelsentralen, Opplæringskontoret for prosess og mekanisk industri, Fagskulen, Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester, Sogn og Fjordane kunstmuseum har vi fleire arrangement å tilby.

2


Frå 22. - 28. september står forskinga i høgsetet. Det heile blir sparka i gang med: • Forskingstorg på Skywalken i Førde 22. september. • Erfaringskonferanse, Førde 25. september • Foredrag 25. september; Nytt kunstmuseum i Førde og nytt kunstsenter i Lærdal - Eit kunstløft i lokalsamfunnet? • Rettleiingskonferansen, Førde 26. september • Forskingsquiz på studentkroa Akutten, 26 september • Forsking i farta, drop-in-seminar 28. september

I tillegg vert det posterutstilling med framsyning av noko av det mangfaldige forskings- og utviklingsarbeidet hjå samarbeidsinstitusjonane. I kantina på høgskulen vert det også arrangement i lunsjen gjennom heile veka. Hjarteleg velkomen!

3


Erfaringskonferansen Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane inviterer til Erfaringskonferanse med presentasjon av ulike utviklingsprosjekt i fylket. Dette er i hovudsak prosjekt der kommunar har fått tildelt midlar frå Utviklingssenteret. Programmet finn du på: www.hisf.no TID: 25. september kl 10.30 - 15.30 STAD: Høgskulen sine lokale på Vie i Førde

Kunsten i samfunnet. Nytt kunstmuseum i Førde og nytt kunstsenter i Lærdal, et løft i lokalsamfunnet? Hege Gjerde Sviggum og Berit Slåttum presenterer prosjektet Landskap, hus og farger – hvordan utvikle arenaer for kunstmøter, kunstformidling og produksjon av skapende visuelt arbeid for barn og unge knytta til Sogn Kunstsenter, Lærdal og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Opplev ogsåutstillingene på Sogn og Fjordane Kunstmuseum. TID: 25. september kl 19.00 STAD: Førde, Sogn og Fjordane kunstmuseum 4


Q

u

i

z

Rettleiingskonferansen 2012

Pubquiz på Akutten

Konferansen rettar seg mot deg som er interessert i rettleiing, rådgjeving, mentoring, coaching eller konsultasjon. Konferansen er ein møtestad for deg og andre med interesse for rettleiing på tvers av faglege tradisjonar.

Pubquiz med forsking som tema på studentkroa Akutten i Førde. Har studentane noko å stille opp med mot skarpskodde fagtilsette? Vert dei fagtilsette i staden audmjuka av talentfulle og fremadstormande studentar? Eller kanskje ønskjer du å stille med lag?

Programmet finn du på: www.hisf.no TID: 26. september kl 09.30 – 16.00 STAD: Høgskulen sine lokale på Vie i Førde

TID: Mot kveld 26. september STAD: Akutten på Vie i Førde

5


Forskingstorg Kroppens gensamfunn På same måte som eit samfunn består av mange individ, består arvematerialet (DNA) i kroppen vår av mange gener. Vi arvar eitt sett gener frå mor og eitt frå far, så vi har 2 variantar av kvart gen i kroppen. Sjølv om halvparten av vårt DNA kjem frå kvar av foreldra er det ikkje sikkert vi liknar på nokon av dei, eller vi kan likne mykje meir på ein av dei. Kvifor er det slik? Vi gjev eit innblikk i arvemekanismar, og høve for å undersøkje nokre arvelege eigenskapar.

Styr ein PC med auga Korleis kommunisere utan talespråk eller lese med svært nedsett syn? Korleis greie å sitje når vanlege sitjemøblar ikkje strekk til? Nav Hjelpemiddelsentral tek med avanserte hjelpemiddel som gjer menneske med nedsette fysiske føresetnader i stand til å gjennomføre aktivitetar i daglegliv og arbeid.

Frisk av kreften - kva no? Kreftbehandling nyttar! Mange overlever tøff behandling og blir friske. Kva med langtidseffektane etter kreftbehandling? Miniforedrag med professor Ellen Karin Grov.

Forskingstorg på Skywalken

Og meir til...

For tredje året på rad tek vi med oss forskinga og kunnskapen til marknaden. Skywalken vert full av aktivitetar for unge og gamle.

Mellom anna rebusløp og ulike finurlege “dingsar” frå ingeniørutdanninga.

TID: 22. september kl 11.00 - 14.00 STAD: Handelshuset i Førde

6


Handelshuset 22/9 kl 11.00 til 14.00 Teknologi på Skywalken Programmering av «marihøner», moro for store og små. Vi har Infield sitt offshore analysekart over Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet fram til 2017. Andre Offshore-kart og mykje spanande teknisk utstyr. Kom og sjå!.

Kroppen som puslespel Her kan både små og store møte nevrolog Lars Kyte som har med seg anatomiske modellar og dukker.

Naboen har fått drypp Å sjå det an kan vere farleg betre føre var enn etter snar. Her møter du slagsjukepleiar som kan fortelje deg kva som er dei viktigaste symptoma på hjerneslag og kva du kan gjere for å forebygge hjerneslag.

Synleg kraft mot usynlege krefter Bakteriar er usynlege for det blotte auge. Hendene dine kan sjå reine ut, men likevel vere forureina av sjukdomsframkallande bakteriar. Du får sjå korleis desse bakteriane ser ut og lære korleis du fjernar dei. 7


Program

Drop-in seminar 28/9

8


OM FOREDRAGSHALDERANE Reidar Hjetland Lækjar og forskar i Helse Førde

Hans Johan Breidablikk Ph.D og fagdirektør i Helse Førde

Villy Våge PhD og lækjar i Helse Førde

Kirsten Lærum Indrebø Sjukepleiar i Helse Førde

Randi Jepsen Høgskulelektor og PhDkandidat, HiSF

Katrine Håland Personbråten Sjukepleiar i Helse Førde

Audun Osland Vik-Mo Lækjar og forskar i Helse Førde

Rune Stormark Personalrådgjevar i Helse Førde

Hege Kristiansen Forskar og lækjar i Helse Førde

Tone Larsen sosialkonsulent ved Psykiatrisk klinikk, Helse Førde, PhD-kandidat

Katrine Vold Olsen Diabetessjukepleiar i Helse Førde

Sissel Hjelle Øygard Høgskulelektor ved HiSF Kim Andre Osland Ingeniørstudent ved HiSF Leif Gabriel Kapstad Ingeniør ved Sunnfjord Energi Preben Nes Fyrsteamanuensis ved HiSF Marilyn Ulvestad MS-sjukepleiar

Berit Ullebust Sjukepleiar i Helse Førde 9


10


arrangerast i samarbeid med:

11


Velkomen til Forskingsdagane i Førde

Her finn de oss

Erfaringskonferanse Drop-in seminar

Forskingstorg

Kunsten i samfunnet

KONTAKT Bente Walaker, koordinator for Forskingsdagane 2012 i Førde Høgskulen i Sogn og Fjordane tlf. 57 72 25 12 e-post: bente.walaker@hisf.no

Marit Solheim, forskingsleiar, Senter for helseforsking tlf. 57 72 25 31 e-post: marit.solheim@hisf.no

Lars Petter Jevnaker, seniorrådgjevar, Senter for helseforsking tlf. 57 72 25 66 e-post: lars.petter.jevnaker@helse-forde.no

12

Forskingsdagane i Førde 2012  

Brosjyre for forskingsdagane i Førde 2012.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you