Naeringsliv Grannar mai 2018

Page 2

12

tema

2018

TORSDAG 3. MAI

Næringsliv

Brørne Stig (t.v.) og Roar Knudsen er tredje generasjon eigarar i Knudsen Dørfabrikken AS.

Bjørn-Helge Skarveland (t.v.) og Ole R. Vågenes i sving med dørproduksjon.

Roar Knudsen kan sjå tilbake på eit 2017 med gode resultat. I år skal familieverksemda investere inntil fire millionar kroner i den tradisjonsrike dørfabrikken i Skånevik.

Det er mellom anna slik dører Knudsen Dørfabrikk produserer.

FOTO: KNUDSEN DØRFABRIKK AS

Opnar døra for vekst Familieverksemda Knudsen Dørfabrikk AS i Skånevik har i tre generasjonar laga dører til norske kontor og heimar. No blir det investert millionar med mål om vekst. Torstein Tysvær Nymoen

Litt gøymd, nokre hundre meter ovafor Skånevik sentrum, forbi skulen og eit gardsbruk, ligg industriverksemda Knudsen Dørfabrikk AS. I fabrikken blir det kvar veke produsert nesten 250 dører. Om lag 10.000 kvart år. Verksemda vart etablert av Ragnar Knudsen i 1946. Dei første åra vart det produsert møblar, innreiingar, vindauge og etter kvart trapper. På 70-talet byrja dei å konsentrere seg om dører til innomhus bruk. Dei var langt frå åleine i marknaden den gongen. Men etter kvart som konkurransen frå Aust-Europa kom, med billigare og masseproduserte varer, har den eine fabrikken etter den andre bokstaveleg talt stengt døra. I dag er det berre nokre få att i Noreg. Mellom 60 og 70 prosent av produksjonen i Skånevik er dører til kontor- og industribygg. Mens 30 — 40 prosent er spesialbestillingar av dører til moderne bustadar, som funkishus og liknande. Marknaden er nasjonal. Ein stor del av produksjonen går til Oslo og Austlandet elles. Dagens leiar og største eigar, Roar Knudsen, var berre 22 år gammal då han i 2007 brått måtte overta sjefsstolen etter at faren, Eivind Knudsen, som døydde berre 54 år gamal. Han hadde leia verksemda etter at faren Ragnar døydde 64 år gamal i 1988. Roar var då nyutdanna automatikar. Men han kjende verksemda godt etter å ha sprunge rundt der sidan han var ein liten gut. — Det var jo ikkje heilt ideelt at eg måtte ta over då eg var så ung, og utan noko overordna utdanning. Men sånn

vart det, seier han. I dag er Roar Knudsen største eigar med 75 prosent av aksjane. Broren Stig eig 25 prosent og jobbar i produksjonen. Fram til ho gjekk bort i 2016 var også mor deira, Sofie, både medeigar og tilsett i verksemda med ansvar for rekneskap og løn.

Råd til familieverksemder Med glimt i auga seier Roar Knudsen at noko av det skumlaste som finst i samfunnet er kongehus, gardsbruk og familieverksemder. — Dei har jo det til felles at det ikkje alltid er kvalifikasjonar som ligg til grunn for at ein plutseleg tek over som leiar. Eg får berre håpe at eg klarer å motbevise at det er eit problem her, smiler han. Sidan 2011 har Knudsen-familien hatt eksterne og bransjekompetente folk med seg i styret. — Det er noko eg vil anbefale alle familieverksemder. Det er veldig skummelt om drifta av ein fabrikk som dette, skal kvile på berre éin person sin hjerne og dagsform, seier han. Styreleiar er Ingvild Jensen, som bur i Arendal. Ho har mellom anna mastergard i økonomi og administrasjon, og lang fartstid som leiar i fleire større bedrifter. Espen Fjeldtvedt frå Stord har røynsle frå produksjon av vindauge. Og Espen Aspenes driv stillasverksemda Alutec i Os. Saman jobbar styret med å stake ut kursen for verksemda, setje mål og jobba mot dei.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.