TEMA / BYGG OG BU
2019 TORSDAG 21. MARS
BYGG
OG BU Side 13- 23
Bli med på rundtur i ein kreativ hage i Skånevik
Side 14-15
13
14
2019 TORSDAG 21. MARS
TEMA / BYGG OG BU
200 meter med HAGEKUNST
Gerda og Wim Weers er glade i kunst-hagen sin. Her ved installasjonen dei har kalla for IFO - identifisert flygande objekt.
Ein sommarfugl i stål, og med Gerda sine strikkepinnar som følheorn. Bokhylla er full av «bøker» med stadnamn. Alle på plassar ekteparet Weers har besøkt gjennom livet.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
TEMA / BYGG OG BU
2019 TORSDAG 21. MARS
Med hjelp av skaparglede og god fantasi har ekteparet Wim og Gerda Weers bygd opp ein 200 meter lang tur- og kunst-sti i hagen sin. TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
— Dette er ein IFO. Eit identifisert flygande objekt, smiler Wim Weers. Me står i ein hage på Jonshaugen, på Vannes-halvøya ved Skånevik, og betraktar 12 blanke sirklar i rustfritt stål med feste som heng i lufta. Dei er festa med ståltråd, og utgjer ein iaugefallande installasjon. Me er kome litt over halvvegs på den til 200 meter lange stien som snirklar seg langs ei skråning nedanfor huset til ekteparet Wim og Gerda Weers. Og dette er ikkje kva sti som helst. På veg til IFO-en har me helsa på ein ølhund laga av tomme ølboksar, ein glinsande sommarfugl av stål med strikkepinnar som følehorn, og me har slått av ein liten prat med eit tre-menneske som står ved eit gjerde og ser utover Jonsmyra.
Ein ekte ølhund er også å sjå langs stien.
Global bokhyllle
«Styltemannen» med bukser inspirert av Noregs suksessrike curlinglag.
Me har også sett ei flott bokhylle i tre. Fulle av bøker, det vil seie trebitar, som er malte i forskjellige farger. På bokryggen har dei fått malt forskjellige stadnamn frå inn- og utland. Svolvær, Mostar, Røros, Singapore og Sydney er nokre av byene som er heidra i kunstverket. — Me har reist mykje rundt om i verda. Ideen til bøkene fekk eg då såg gjennom alle postkorta, fortel Gerda. Felles for dei fleste av installasjonane langs stien er at dei er laga av restavfall. — Me har samla ein del ting som andre har kasta frå seg. Me har også vore innom industri-verksemder og spurt om me kunne få ta med metallrestar og andre ting dei har tenkt å kvitte seg med, mellom anna på Sunnhordland Mekaniske verkstad, fortel han. Wim ser monn i det meste når han jaktar materialar. — Eg har nok ein ganske god fantasi her inne, seier Wim og let ein finger tromme lett mot skallen.
Denne figuren, laga av den avdøde Skånevikkunstnaren Knut Jespersen, har ekteparet Weers fått av Jespersens familie for å sette opp langs kunststien sin.
Hobby Det nederlandske ekteparet har budd det meste av sitt vaksne liv i Skånevik. Gerda hugsar nok mange frå tida då ho jobba i kundeavdelinga til Skånevik Ølen Kraftlag, eller frå enda lengre tilbake i tid, då ho kom til bygda og fekk jobb ved Skånevik Fjordhotel. På fritida har ho vore skodespelar, og var også drivkraft i lokalrevyen i Skånevik. Wim er utdanna møbelsnikkar, og har mellom anna jobba med å lage innreiingar til båtar hos den tidlegare båt-fabrikanten Delta i Skånevik. Han har også jobba ved Knudsen Dørfabrikk. — Kunsten har vore ein hobby, fortel han. Det var ikkje mykje som likna på ein sti då dei gjekk i gang med å bygge den, for om lag 20 år sidan. I starten var det mest ei ur, ei ur dei kjøp først 10 år etter at dei bygde huset sitt. — Me kjøpte dette tilleggsarealet mest fordi me syntest det var meir naturleg at grensa til eigedommen gjekk nede ved myra, og ikkje midt i skråninga, som ho gjorde før, fortel han. Ideen om å lage ein eigen sti kom etter kvart. — Me kjem jo frå Nederland, eit land kor det bur 16 millionar menneske på eit lite frimerke. Då kjennest det ganske fantastisk å kunne bu ein stad kor ein kan bygge sin eigen tursti, smiler dei. Og ein ting er kunstverka langs stien. Noko anna er jobben med å snikre trapper og støype steinar å gå på, som heller ikkje har gjort seg sjølv. — Det har blitt nokre timar, ja, seier han.
Denne har fått namnet raudprikkormen. Hovudet er laga i forlenginga av eit dreneringsrøyr.
Skal snart selje
Me har samla ein del ting som andre har kasta frå seg WIM WEERS
At Gerda og Wim har lagt mykje av sjela si i paradiset sitt på Vannes er det ingen tvil om. Men no går det mot ei ny tid på Jonshaugen. For ekteparet har planar om å selja eigedommen og flytte til noko meir lettstelt. — Me trivst jo godt her, men det er noko med alderen. Det krev sitt å halde dette ved like, seier Wim. Han har fylt 73 år. Gerda er 76. Men det blir ikkje berre lett å selje. Og dei er spente på kva som skje vil skje med staden dei har bygd opp i åra som kjem. — I den grad me kan påverke litt, er det eit håp om at det blir nokon som vil ta vare på noko av det me har skapt, seier dei.
Kreative hender som symbol på ein kreativ hage.
15
16
TEMA / BYGG OG BU
2019 TORSDAG 21. MARS
Gjør hjemmet ditt
SMARTERE
Skap en oversikt og trygghet
En solid framtid
Ferdigbetong
Snakk med oss om SMARTE LØSNINGER
Blandeverk i Suldal, Vindafjord, Tysvær og på Stord Transport og pumping med erfarne sjåfører
Bygg, mur og hage
Elementer for bolig, nærings- og landbruksbygg Legoblokk og Big Block støttemur (produseres i Tysvær) Mini Trønderblokk og Forskalingsblokk Heller, belegningsstein og kantstein
Få alle husets funksjoner knyttet opp mot et styringssystem som regulerer alt i fra varme og ventilasjon, til lys og sikkerhetssytstemer.
Vann og avløp
ig-rør, kummer, kabelkanaler, slamavskillere, sandfangskummer, lokk og rister
52 76 60 00
Tlf. 5377 5200 olenbetong.no mail@olenbetong.no
www.helgevold.com
Design: Storybold
Et nytt hus – til en pris å leve med! Drømmer du om å bygge hus og lurer på hva det vil koste? Det er enklere og rimeligere enn du tror. Meld deg på info-kveld i Etne hvor vi forteller alt du trenger å vite om husbygging.
Gratis og uforpliktende info-kveld i Etne* Onsdag 27. mars kl. 18-19 Fugl Fønix Hotel, Torget 1, 5590 Etne
Klistremerke_katalog_transparent_105x32mm_nytt_format_fargejustert.pdf C
*Meld deg på, innen 24. mars, til: Anita Milje · 916 25 617 · anita@alvsbyhus.no Gard Grubstad · 908 57 640 · gard@alvsbyhus.no
M
Y
CM
MY
CY
CMY
K
1
18.02.2019
10:43
TEMA / BYGG OG BU
2019 TORSDAG 21. MARS
17
Hjelp til eige hus Arne Oma Thorsen (24) har kjøpt sin første bustad, og med det kome seg inn på bustadmarknaden. Men som rundt 50 prosent av alle førstegongskjøparar under 30 år, har også han fått hjelp til eigenkapitalen. GRETHE HOPLAND RAVN
Tøff inngang til bustadmarknaden. Arne Oma Torsen i leilegheita si.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Eg sparar framleis i BSU og kjem til å gjera det i mange år enno ARNE OMA TORSEN, FERSK HUSEIGAR
blitt endra. Eg sparar framleis i BSU og kjem til å gjera det i mange år enno, seier han. Han seier han hadde hatt eit problem om han ikkje hadde fått økonomisk hjelp av faren, og trur det hadde gått mange år før han kunne kjøpt seg noko eige. Joar Torsen er far til Arne, og han er glad for at sonen har vist at han er flink til å spara sjølv. At han hadde høve til å bidra med eigenkapital er han også glad for. Likevel trur han at dagens unge treng både bevisstgjering og større forståing for korleis dei skal koma seg inn på bustadmarknaden. — På generelt grunnlag trur eg det er viktig å forstå korleis ein kan koma seg inn på marknaden. Mange har nok sett føre seg korleis dei vil bu, men ikkje korleis dei skal klara å finansiera og betena eit lån. Eg trur heller ikkje alle forstår kor mykje eigenkapital som trengs, for å kjøpa bustad, seier han.
Kan skapa forskjellar
Godt plassert i sofakroken, i ei nyoppussa stove i Haugesund, med fri sikt til sportshendingane i fjernsynsruta, har den 24 år gamle utflytta bjoabuen det ganske fint. Og det beste av alt; han eig heile herlegdomen. Arne Oma Thorsen har budd éin månad i leilegheita han kjøpte, og for to soverom, stove/kjøken, og tilhøyrande kjellarstove måtte han punga ut med 1, 3 millionar kroner. — Eg har vore ganske flink å spara i alle år, men då eg ville vidareutdanna med frå prosessoperatør med fagbrev, til ingeniør gjekk det hardt ut over eigenkapitalen eg hadde spart opp, seier 24-åringen som «berre» hadde 140.000 kroner igjen av dei oppsparte midlane etter enda utdanning. Desse pengane er plasserte i BSU-konto.
Ifølgje banksjef ved Sparebank 1SR-bank i Ølen, Magne Christiansen har bustadmarknaden hardna til for dei unge og fleire må ha hjelp til eigenkapital for å kjøpa sin første bustad. — Dette er sjølvsagt ein god måte å koma seg inn i bustadmarknaden på, men det kan skapa forskjellar og press blant foreldra. Det kan også binda opp ein stor del av økonomien til foreldra, samtidig som pengesterke foreldre er med på å driva bustadprisane oppover. Mange, spesielt eineforsørgjarar, er ikkje i posisjon til å hjelpa, og det kan skapa større ulikskap og utfordringar for privatøkonomien, seier Christiansen. Banksjefen ser også ein negativ tendens blant dei unge; Færre av dei unge sparar i BSU i dag enn for berre nokre få år sidan, og dette er skremmande, meiner han. — Det er så utruleg viktig å byrja med sparing tidleg, og dette gjeld både for dei unge og for foreldra som ønskjer å spara til barna sine. BSU-sparing kan ein jo no bruka som sikkerheit for bustadlån, det kunne ein ikkje før. Foreldre som vil spara til barna sine, bør starta mens dei er små. Om det berre er nokre hundrelappar i månaden, blir det ein god slump den dagen dei treng økonomisk støtte til bustadkjøp, seier Christiansen og legg til at det er viktig at dei unge tidleg forstår verdien av pengar.
Nye reglar
Må spara mykje og lenge
Arne Oma Torsen starta 1. mars i fast stilling som ingeniør i Aibel, og i forkant av dette ville han kjøpa seg bustad. Bankane krev i dag 15 prosent eigenkapital for bustadkjøp, og Torsen kom til kort. Då gjorde han som rundt 50 prosent av alle førstegongskjøparar, og lånte pengar til eigenkapital av foreldra, i hans tilfelle far sin. — Eg lånte 150.000 av pappa. 60.000 av dei gjekk til eigenkapitalen og resten brukte eg til oppussing og etablering. Heldigvis har det kome nye reglar når det gjeld oppsparte BSUmidlar, der me nå har høve til å bruka desse pengane utan at ein treng å bryta kontoen. Dei 140.000 kronene eg har i BSU er midlar eg ikkje hadde hatt dersom regelen ikkje hadde
Foreldre som ønskjer å hjelpa barna sine inn på bustadmarknaden, kan gjera det gjennom kausjon, som medlånetakar eller med tilgjengelege midlar. Likevel må foreldra vera forsiktige slik at dei ikkje bind opp ein stor del av sin eigen økonomi når dei skal hjelpa barna med kjøp av bustad. — For å ha råd til bustad må dei unge godta at dei må spara lenge, og mykje. Det er i alle fall mogleg i bygdene våre, der bustadprisane er lågare enn i større byar. Men dei unge må prioritera og akseptera at ikkje alt er tipp topp med ein gong, seier Christiansen.
Banksjef Magne Christiansen seier ein må spara både mykje og lenge skal ein koma seg inn på bustadmarknaden. ARKIVFOTO: ARNE FRØKEDAL
18
TEMA / BYGG OG BU
2019 TORSDAG 21. MARS
Etne Betong kan tilby: •) Struktur blokker for støttemur •) Ferdige blokker for muring i sjø •) Tilbehør til all forskaling/støping •) Ferdig betong med renne-/pumpebil Kontakt oss for pristilbod! Me leverer også flytebrygger i mange varianter www.etnebetong.no
Tongane 71, 5590 Etne. Tlf. 53 75 67 12 post@etnebetong.no
Når du trenger
Alle typer elektrisk installasjonsarbeid utføres
Piper og ovner monteres og repareres Kontakt Knut Sigve Lillemo tlf. 406 25 350 knutsigve@lillemo-fyringsmeister.no www.lillemo-fyringsmeister.no
Graving•Sprengning Transport•Natursteinsmuring Grus•Pukk•Sand Lager i Vikedal Tor O. Solheim Tlf. 982 66 924 Skjoldastraumen Tlf. 52 77 92 39 - Mob. 982 66 930
Knapphus • 5576 Øvre Vats • Tlf. 908 46 284
HORDALAND MULTISERVICE Vi er et nystartet firma fra Skånevik som kan tilby arbeid innen • Sertifisert Droneservice • Takinnspeksjon/Termokamera • Betongarbeid • Vaktmestertjeneste • Snekkerarbeid • Maling • Rydding Flytting • Frakt • Vedlikehold hus og hage Eller det meste innen alt av arbeid. Pris pr time eller fastpris Ta kontakt på tlf. 938 13 155 for en prat og tilbud.
BYGGMEISTER OG TAKSTINGENIØR
30
Som Byggmeister og ÅR takstingeniør med over SOM 40-års-erfaring er eg godt MESTER rusta til å hjelpa deg med det 2018 meste når det gjeld bustaden din. TEKNISKE TENESTAR • Byggjesøknader • Teikningar • Berekningar ol. • Energirådgjeving • Energimerking • Uavhengig kontroll • Termografering
TAKST • Verdivurdering • Verdi og lånetakst • Tilstandsrapport • Overtakting TA KONTAKT FOR EIN HYGGELIG PRAT! BYGGMEISTER
Lars Olav Bergsvåg
5590 Etne, tlf. 53 75 65 27 mob. 415 66 055 www.bergsvag.com
Vi leverer
NATURSTEIN
Vi har drevet i over 50 år som maskinentreprenør Arbeidsområdene har vært: • Vegarbeid for stat og kommune • Vannkraftutbygging • Olje- /gass-installasjoner • Dyrking • Doser arbeid • Kommunalt teknisk arbeid • Knusing med mobilt knuseverk • Tungtransport, terrengtransport • Tunnellasting og transport • Salg av grus, jord og pukk på Knapphus og Etne • Boligtomter og industritomter Kontakt oss for tilbud. Timepriser eller fastpris. Laila tlf 416 50 350 • Per Magne tlf 901 11 967 Peder tlf 481 10 092 • www.brodrene-flatebo.no
til alle typer murearbeid!
t ntak Ta ko t godt i for e ud! tilb Vi leverer hvit hagesingel, hvit pukk, kulestein i forskjellige størrelser, sand, grus, singel og strøsand i storsekk. Vi utfører også murerarbeid! Tlf. 53 75 41 00 • Mob. 975 97 555 www.skaanevikstrand-maskinstasjon.no
VI UTFØRER: NYBYGG - TILBYGG - REHABILITERING Tømrerarbeid VI UTFØRER: NYBYGG ---TILBYGG - -REHABILITERING VI VI UTFØRER: VI BYGGER FOR UTFØRER: NYBYGG - TILBYGG -ALLE REHABILITERING VI UTFØRER: NYBYGG TILBYGG -REHABILITERING REHABILITERING NYBYGG TILBYGG Totalentreprisere Tømrerarbeid Vi bygger ikke bare store bygg for det offentlige marked, men også Tømrerarbeid Tømrerarbeid VI BYGGER VI BYGGER FOR ALLE Tømrerarbeid FOR ALLE bygg til det private marked Totalentreprisere VI BYGGER FOR ALLE Brannisolering og Totalentreprisere Vi bygger ikke bare store bygg for det offentlige marked, ikke bare store bygg for det offentlige marked, men ogsåmen også TotalentreprisereVi bygger Totalenterpriser skilter med bred erfaring og tar totalentepriser for hele men prosjekter Vi bygger ikke bare store bygg for det offentlige marked, også bygg til det private marked bygg til det private marked Brannisolering og fuging Brannisolering og til det private marked Vimed skilter med bred og erfaring og tar totalentepriser for hele prosjekter Brannisolering ogog Vi skilterbygg bred erfaring tar totalentepriser for hele prosjekter Brannisolering fuging fuging Vi skilter med bred erfaring og tar totalentepriser for hele prosjekter Fasadeplater fuging fuging Fasadeplater Fasadeplater Fasadeplater Stillas Fasadeplater Stillas Stillas Stillas Næringsbygg Stillas Næringsbygg Næringsbygg Næringsbygg Systemvegger Systemvegger Systemvegger Systemvegger Næringsbygg Tlf. 53 91 55 Tlf. 53 76 557676 Tlf.9153 91 55 Systemhimlinger Systemhimlinger Post@bdl.no Systemhimlinger Systemhimlinger Post@bdl.no Post@bdl.no Systemvegger Tlf. 53 76 91 55 Eneboliger/ hytter www.bdl.no www.bdl.no www.bdl.no Eneboliger/hytter Eneboliger/hytter Eneboliger/hytter Systemhimlinger Post@bdl.no
Eneboliger/hytter
www.bdl.no
TEMA / BYGG OG BU
2019 TORSDAG 21. MARS
Varm huset med grønn teknologi og få inntil 0,25% lavere rente med Grønt boliglån. Kan du få Grønt boliglån? Kontakt oss. Telefon 52 70 50 00
haugesund-sparebank.no
IVERSENSKOGEN.NO FOTO: GETT Y IMAGES
SKOGEN TAKKER DEG
19
20
TEMA / BYGG OG BU
2019 TORSDAG 21. MARS
Produser eigen grøn energi på taket
Maris Skujins, kona Dana Skujin og dottera Anna (8) er svær godt nøgd med solcelleanlegget som produserer straum også på ein regntung dag.
Med eige solcellepanel på taket kan familien Skujins laga sin eigen straum samstundes som dei tek vare på miljøet. IRENE MÆLAND HARALDSEN
Stadig fleire ser på muligheiter for eigenprodusert straum som ein måte å redusera straumutgiftene på. I Vikedal har familien Skujins tatt steget og investert i solceller på taket i håp om å få lågare straumrekning og samstundes som dei yter eit viktig bidrag til miljøet. For ekteparet Dana (37) Skujina og Maris (36) Skujins og dei to små barna på 8 og 4 år handlar det om å leva mest mogeleg miljøvenleg, og etter at dei kjøpte seg sitt eige hus i Vikedal byrja far i familien å leika med tanken om å produsera straum frå solceller. Då straumprisen skaut i vêret var valet enkelt. Det måtte bli solceller på taket. — Solceller er noko av det mest miljøvenlege som finst. Me er grøne folk som set miljøet først, og nå har me montert 20 solcellepanel på taket. Det skal dekka godt over halvparten av forbruket, og blir det noko til overs om sommaren kan me selja det til
Solceller er noko av det mest miljøvenlege som finst MARIS SKUJINS, SOLCELLE-EIGAR
TEMA / BYGG OG BU
Redusert lånerente Som ledd i Solkraft-prosjektet vil alle som vel å kjøpa solcelleanlegg gjennom Haugaland Kraft få tilbod om rimeleg finansiering gjennom Haugesund Sparebank sine grøne bustadlån, uavhengig av energiklassen bustaden har. — Haugesund Sparebank prøver å ha ein grøn profil og tilbyr ekstra gunstige bustadlån i kombinasjon med solcellepanel. Ikkje berre kan lånetakar få gunstige lån på sjølve solanlegget som blir kjøpt gjennom Haugaland Kraft, dei kan også få redusert rente på heile bustadlånet, fortel banksjef Torstein Langeland i Haugesund Sparebank som lovar opptil ein kvart prosent i rentereduksjon for sine grøne kundar. — Interessa har så langt vore god, seier han.
Ein liten koblingsboks med sikkerhetsstopp er montert på utsida av huset.
valet på solpanel som blir skrudd på eksisterande tak og så langt er erfaringane berre positive. Det miljøvenlege ekteparet frå Latvia håpar investeringa vil gå i pluss om 10 til 15 år. — Me måtte skifta til trefase på strauminntaket så totalt kom heile anlegget på 117.000. Frå staten kan ein få tilbake 40 prosent av kostnaden på sjølve solcellene, og for oss utgjorde det 17.000 kroner i støtte frå Enova. Solcellene har 30 års garanti, men det vil nok ta over 10 år før alt er tent inn, seier ekteparet som ikkje er i tvil om at det er ei god investering. — Eg kjøpte anlegget frå ein leverandør i Bergen og det var ein del papirarbeid for å få avtale med nettselskapet, men me kan anbefala dette til alle. Etter at me fekk anlegget montert har mange andre fatta interesse, og nå vil stadig fleire her i byggefeltet setja opp solcelleanlegg. Eit slikt anlegg aukar også verdien av huset, seier vikedalsbuane med adressa Urabø.
Stor interesse
FOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN
kraftselskapet, seier Maris Skujins som har inngått avtale med Haugaland Kraft om sal av overskotsstraum. På ein god dag kan solcellene på taket produsera rundt 35 KW, men er det overskya er produksjonen litt mindre. Solcellene treng ikkje direkte sol for å fungera, men dersom snøen legg seg på taket mistar dei effekten. — Eg har tenkt å leggja inn varmekablar slik at snøen smeltar, seier 37-åringen og har stor tru på investeringa som skal gje nesten gratis straum på sikt.
Lang garanti Teknologien som utnyttar dagslys til å produsera straum, er i stadig utvikling. I dag kan ein få både takstein og kledning med integrerte solceller, men dei fleste vel ennå å montera frittståande solcellepanel på taket eller på bakken. For familien Skujins fall
Haugaland Kraft har i mange år vore opptatt av at kundane kan produsera sin eigen straum, og i februar lanserte selskapet sitt eige solcelleprodukt, Solkraft, der dei i samarbeid med Haugesund Sparebank kan tilby både solcellepakkar og rimeleg finansiering. Interessa for tilbodet har vore stor og heilt sidan starten har dei stor pågang frå private og bedrifter som ynskjer å produsera sin eigen straum. — Det er veldig stor interesse for å få tilbod på solceller på taket. Det grøne skiftet er for alvor i gang, og solceller har nå alle føresetnader for å bli ein leiande grøn teknologi her på Vestlandet. Private hushald som kjøper solkraft frå Haugaland Kraft vil typisk dekke 15 til 20 prosent av sitt årlege forbruk med eigenprodusert straum, seier direktør i Haugaland Kraft Energi AS, John H. Jakobsen som også tilbyr skreddarsydde anlegg til bedrifter. — Energikrevjande bedrifter med store takflater vil få aller mest igjen for investeringane og kan ofte nedbetalast over kortare tid enn private anlegg, seier han.
Plusskunde Å registrera seg som plusskunde er ein føresetnad for å ha solcelleanlegg, og som plusskunde produserer du eigen straum til eige forbruk og leverer overskotet inn på straumnettet slik at andre kan nytta seg av den. — Den eventuelle overskotsproduksjonen blir kjøpt av din kraftleverandør, og med solcelleanlegg frå Haugaland Kraft må du kopla anlegget til straumnettet og dermed bli plusskunde, fortel energidirektøren.
2019 TORSDAG 21. MARS
21
22
TEMA / BYGG OG BU
2019 TORSDAG 21. MARS
Me gratulerer Vindafjord kommune med nytt tenestesenter for brann, ambulanse og lege, i Ølen
HOVUDENTREPRENØR
GRUNNARBEID
TØMMERARBEID
PROSJEKTERINGSLEDELSE RÅDGIVENDE INNAN BYGGE- OG ANLEGGSTEKNIKK
Byggservice as
ELEKTRO INSTALLASJON
GULV-, MALER- OG FLISARBEIDER
RÅDGIVENDE BRANNINGENIØR OG UAVHENGIG KONTROLL AV KONSTRUKSJONSSIKKERHET OG BYGNINGSFYSIKK
BLIKKENSLAGER NESSE & KARLSEN AS
Entreprenør TAKTEKKING
GLASS
GESIMSER, VINDU BESLAG OG DEKOR, SAMT DØROMRAMMINGER OG FASADE TEKKING
— takkar for godt utført arbeid!
TEMA / BYGG OG BU
2019 TORSDAG 21. MARS
23
Foto: Lars Opstad
Blessed be the fruit Flere serier. Mer å snakke om.
Les mer på hkraft.no
VI LEVERER ALTIBOX
32
2019 TORSDAG 21. MARS
GRANNAR GÅR TIL ALLE HUSSTANDAR I KOMMUNANE ETNE OG VINDAFJORD:
0 0 0 7 g a l p p O
11. APRIL
Kontakt oss for annonsebestilling på tlf. 53 77 11 00 eller annonse@grannar.no