Når den du saknar mest er deg sjølv

Page 1

M A L EN E V I L N ES -BA K K E

NÅR DEN DU SAKNAR MEST

ER DEG SJØLV 24 råd om å eige livet og finne din indre rebell


Når den du saknar mest er deg sjølv


Kapittel 7 – Vel å sjå oppsida når livet viser deg vrangsida

Som barn var jeg litt i tvil om hvem av meg jeg skulle være. ANNE CATH VESTLY


12


Kapittel 1

E IT FENGSEL AV SKAM Har du tenkt på kven du ville vore om du ikkje prøvde å vere nokon som helst? Om du berre var deg, med alt du er? Det kan vere vanskeleg å forstå kva eg snakkar om. Kanskje føler du at du lever deg sjølv ut og gir verda den ekte deg, utan filter. Men kanskje kjenner du på noko som rører seg inne i deg når du les desse orda. Noko som begynner å bevege på seg fordi du ved å tenke over kva som er den eigentlege deg, kjem borti noko som har lege i mørket lenge. Veit du kvifor du grov det ned? Eg trur at noko av grunnen handlar om korleis du føler at du har blitt møtt av omverda. Sjølv om dei fleste av oss er elska av nokon frå vi er små, er det mange av oss som ganske tidleg får ei slags oppfatning av at vi må gi verda noko utover oss sjølve, og at vi frå tidleg alder prøver å tilpasse oss det verda ser ut til å forvente. Om vi i tillegg føler at vi får kritikk for den vi eigentleg er, lærer vi fort å undertrykke dei eigen­ skapane som gjer oss til oss, i byte mot eigenskapar som haustar ros og aksept. Og jo meir vi oppfattar at vi får kritikk der vi kanskje er mest sårbare, og jo hardare vi prøver å passe inn, jo større er faren for at vi stenger store deler av oss sjølve inn i eit fensgel av skam. Skam over å vere den vi er. I ein artikkel på psykologisk.no, skriv sykolog Eirik Hørthe om dette, ved å vise til det kritiske blikket: «Av alle blikkene som finnes, opplever jeg det kritiske blikket som et av de mest ødeleggende. Det kritiske blikket speiler våre verste sider på en måte som er overtydelig og overdre­ vet. Det kritiske blikket kan utfolde seg som en form for psykologisk vanntortur: Hver episode er ufarlig i seg selv, men den samlede effekten over tid, kan tvinge selv den sterkeste av oss i knefall.»

13


Når den du saknar mest er deg sjølv

20


Kapittel 2

MUMMIMAMMA OG D EN GA MLE DAMA MUMMIMAMMAS KUR MOT USYNLEGHEIT Det finst ein kur mot det kritiske blikket, skriv Eirik Hørthe i artikkelen med overskrifta «Det gode blikket er en kur for usynlighet» på psykologisk.no. Han viser til fortellinga Det usynlige barnet, skriven av Tove Jansson, og meiner at nettopp denne historia er eit godt eksempel på konsekvensane av det kritiske blikket, og kva som er kuren. Eg elskar Tove Janssons bøker, og eg hugsar godt den litt nifse historia om den usynlege Ninni som kom til Mummidalen ein haustkveld med ei lita bjølle rundt halsen. Ninni hadde vore utsatt for så sterk kritikk frå tanta – som ho hadde vakse opp med – at ho hadde trekt seg inn i seg sjølv og var blitt usynleg. Ninni visste ikkje korleis det var å bli møtt med eit varmt og forståelsesfullt blikk, og hadde opplevd vedvarande iskald og ironisk kritikk av det meste ho gjorde. Då Ninni kom til Mummidalen var det ingen som kunne sjå henne, og ho blei redd og trekte seg unna for den minste ting, men Mummimamma visste råd. Ho fann fram huskuren til mormor, og klarte ved hjelp av tålmod og varme å gjere Ninni synleg igjen. Det som til slutt fekk Ninni til å verkeleg bli tydeleg, var at ho gapskratta og blei sint. Kor mange av oss har ikkje slutta å le slik at magen verker, eller tatt oss saman og svelgt unna sinne? Eg trur ikkje det er tilfeldig at det er nettopp latter og raseri som til slutt frigjer Ninni frå si usynlege kappe.

21


Når den du saknar mest er deg sjølv

(og kanskje di?) HER ER LISTA MI OVER TING Å GJERE MEIR AV BÅDE I 2021 OG TIL EVIG TID. V el å sjå oppsida, sjølv om livet viser deg vrangsida. S tå på. Gi aldri opp. I kkje ha støv på hjernen. L ag pannekaker ofte. L e masse. I kkje bry deg om kva andre meiner. I kkje ver sjølvhøgtideleg. V er litt galen, og gå gjerne på fest i din finaste nattkjole. T a vare på gode venner, og drit i dei som ikkje vil deg vel. I kkje kritiser. E lsk. N yt naturen. H a masse blomstrar rundt deg. K jøp kvalitetsklede, og reis til London for å shoppe minst éin gong i året. Lær deg å gå på høge hælar. Ta vare på kroppen. Ver god mot andre. Et sjokolade med godt samvit. Ommøbler. Bruk leppestift. Helst raud! Gå til frisøren. Snakk med dei du møter. Legg vekk mobilen. O g viktigast av alt: Ta deg tid til å drikke kaffi med ei gammal dame, og lytt til kva ho har og seie. Godt nyttår!

Eg får mykje respons på innlegget mitt frå folk som meiner at eg er

36


Kapittel 3 – Livets liste

modig, og som har lyst til å vere det sjølve også. Dei seier at dei trong å lese dette fordi dei òg vil synge sin eigen song og vere seg sjølve. Ta sin plass. Ikkje vere usynlege lenger. Det er derfor eg bestemmer meg for å skrive denne boka. For kanskje kan mi historie om korleis eg hamna inne i eit skal, handle om deg også. Kanskje er vi fleire som blei fødde med ein intensjon om å leve fritt, men som i staden for å få luft under vengene aldri kom oss ut av puppen. Etter kvart blei puppen forsteina og vaks seg til eit skal. Kanskje prøvde vi å flakse litt med vengene, men blei viste tilbake på plass så mange gonger at vi til slutt trudde at det var der vi høyrde til. Kanskje var vengene dine så flotte og sterke at andre blei redde og trudde at du måtte haldast tilbake. Det er lett å frykte det ein ikkje kjenner seg igjen i eller forstår. Det vil alltid vere nokon som passar på at du held deg inni skalet. Eg vel å kalle dei fangevaktarar. Andre kallar det styggen på ryggen, nissen på lasset, den indre kritikaren. Uansett kva vi kallar det, handlar det om summen av dei kritiske blikka som har fått lov til å forme deg. Stemma som kviskrar deg i øyret at det er noko feil med deg, at du ikkje er god nok, at du må innrette deg. Ubehaget du kan kjenne på i det du har måla utanfor streken – gjort noko som er utanfor rammene som er lagde for deg. Det kan vere vanskeleg, om ikkje umogleg, å overhøyre denne stemma eller følelsen. Men du har ikkje valt å leve livet ditt i eit skal og la vere å breie vengene dine. Du har ikkje valt å ikkje vere fri eller kva for tankar du skal ha om deg sjølv og verda. Du har hamna der som eit resultat av dei erfaringane du har gjort deg. Vi lagar oss alle strategiar for å overleve. Strategiane kan verke nyttige der og då, men dessverre er dei med på å hindre mange i å samle opp bitane av seg sjølve og stå opp att i si fulle kraft. Men ingen andre kan bestemme kva eller kven du skal lytte til lenger. Det kan berre du. Og eg? Eg vil leve slik dei gamle damene bad meg om å leve – i tråd med den eg er, livsbejaande og utanfor skalet.


Når den du saknar mest er deg sjølv

48


Kapittel 5 – Ikkje drag på gamalt nag

Det neste som skjer, kan best beskrivast som at luftvegane mine opnar seg som eit trekkspel med full strekk. I alle fall er det slik det kjennest i det eg lar alt grumset komme til overflata. Det er som ein brottsjø kjem med orkanfart innanfrå. Først blir eg redd. Så gir eg meg over. I det tårene kjem, er det som om livet passerer revy. Folk, ord, ansikt, blikk, situasjonar der eg har følt meg lita, alle gongene eg har svelgt unna det eg skulle sagt høgt. Det vellar opp i meg og vekker igjen denne trongen til å hyle. Så eg hyler. Eg roper alt lungene mine er gode for, medan eg begynner å slå i vatnet rundt meg. Det er digg å slå. Eg slår meir, ser for meg det eine etter det andre som dukkar opp av uforløyste sorger, sinne eller anna som har festa seg. Eg slår og slår og slår. Grin, hyler og slår. Vatnet skvett rundt meg, men eg er heilt aleine, det er ingen å ta omsyn til. Ingen kan sjå eller høyre meg, det er ingen å seie unnskyld til, og eg slår til eg er tom. Etterpå er det som om letten får det til å vibrere i meg. Eg ligg med kroppen forma som ei stjerne i det vakre bassenget og ser opp mot taket og den grå januarhimmelen som kvelvar seg over meg mot dei store glasrutene.

Få det ut Finn ein stad der du føler deg trygg og fri og kan vere aleine. Få kontakt med det du kjenner på innsida. La det komme. Om det er gjennom å skrive det ut i ei notatbok, brøle, skrive det på dopapir og kaste det i do for så å skylje ned, brenne det på bålet eller kva du enn føler for, så få det ut! Kven si(ne) stemme(r) er det du høyrer på innsida? Identifiser den eller dei, og spør deg sjølv: Treng eg å lytte til dette lenger?

49


78


Kapittel 9

B RU K LEPPEST IFT, HEL ST RAUD! Noko av det aller første som festa seg ved Astrid, var dei knallraude leppene. Etter det første møtet vårt, der blikket mitt sat like klistra til munnen hennar som den raude leppestiften, fortsette ho å møte meg i døra med den same fargen på truten. «Eg MÅ ha fargar i livet, og det finst ikkje enklare snarveg til å lyse opp dagen enn å ta på litt raudt på leppene. Du skulle prøvd det, du også!» Sjølv hadde eg aldri vore i nærleiken av å prøve noko tilsvarande. Det nærmaste eg kom, var Lypsyl. Utan farge og skimmer, heilt plain. Raude lepper låg ikkje for meg, nei. Eg var livredd for at noko av det raude skulle smitte over på tennene eller hamne utanfor, eller at eg skulle sjå ut som ei russisk prostituert. Eg var tretti år og tenkte at eg var så gammal og hadde så smale lepper at det var heilt ute å starte noko leppestift-eventyr no. Mi tid var over. Raude-lepper-toget var gått. «Du hadde kledd det, veit du», sa Astrid. «Kanskje det hadde fått deg til å smile litt meir. Du lyser opp rommet når du smiler.» Når hadde eg slutta å smile? Brått kjente eg på sinne. Eller var eg lei meg? Irritert? – Lett for henne å seie, tenkte eg. Ho er 85 år og drit i om ho har raude flekkar på tennene. Kven bryr seg? Reaksjonen min viste heilt tydeleg at eg brydde meg. Eg brydde meg om at eg var for redd til å ta på raud leppestift.

79


Når den du saknar mest er deg sjølv

Alle kastar seg over stabelen med herlege, gylne, perfekt steikte pannekaker. Ja, unn­ tatt svigermor, som aldri kastar seg over noko, ho legg ei pannekake forsiktig på fatet sitt, og eg veit ho kjem til å bruke like lang tid på denne eine som vi andre gjer på våre fem. Sjølvbehersking får eg jobbe med i eit anna kapittel. Men det er berre éin eg ser på. For medan resten hiv innpå med tilfredse stønn som vitnar både om svolt som blir stogga, og forventningar som blir innfridde, går det litt saktare hos eldstemann. Han har forsynt seg, berre det er ein liten siger. Eg kan ikkje hugse sist han tok ei pannekake på sitt fat. Han smør på syltetøy og toppar det med eit lite strø med sukker (medan eg klarer å motstå trongen til å seie: «Hei, det er sukker i røra!»). Så rullar han pannekaka pent saman, deler henne i to og løftar den eine halvdelen mot munnen. Litt forsiktig legg han ein liten bit innanfor leppene, lukkar munnen, bit av litt av kanten på pannekaka, tygg, og så … et han meir. Og meir. Han sluker heile pannekaka i få jafs og er på veg mot å hente neste forsyning då eg merkar at eg har halde pusten. Eg ser for meg at eg nærmast må vere blå i det eg slepper opp og fyller lungene att. Letten som breier seg i kroppen, kan likevel ikkje måle seg med følelsen i det eg sjølv tar første bit av dei nysteikte pannekakene. Blåbærsyltetøyet er rett nok frå butikken, men smaken er som ein eksplosjon som tar meg rett tilbake til seks år gamle meg med blåbærbart og sol i magen. Dette kan ikkje vere farleg. Desse pannekakene kan umogleg gjere anna enn godt. Årevis med panne­ kakeskam er endeleg over, og det siste eg ser før eg lukkar auga, mett og lykkeleg, der eg lener meg tilbake i stolen for å nyte sola og livet, er mine tre menn som prøver å vinne kampen om den siste pannekaka som ligg att på serveringsbrettet.

90


Besta Bjørgs pannekaker Mettar omtrent fire personar

Slik gjer du: Finn fram ein bolle. Kakk egga i bollen, og visp lett saman. Hell omlag halvparten av mjølka i bollen, og visp saman med egga. Ha i mjølet, og visp saman til ei klumpfri røre. Ha i resten av mjølka, saltet og sukkeret. Smelt eventuelt smøret, og hell i røra til slutt. Røra har godt av å godgjere seg på benken i 10–30 minutt. Steik tynne, gylne pannekaker i ein liten klatt med smør, la gjerne panne­kakene få sprø og lysebrune kantar, og servér dei lunkne med ønska tilbehør.

• 2 egg • Ca. 7 dl heilmjølk • Ca. 4 dl kveitemjøl • Ei lita klype salt • Ei god klype sukker • O m du vil:

1 ss meierismør/ «bondesmør», smelta • Meierismør til steiking Tilbehør: • Bacon og blåbersyltetøy. • R ipssaft eller eit glas iskald mjølk.

91


Når den du saknar mest er deg sjølv

114


Kapittel 13

ELSK! «Elsk med heile deg», sa Astrid, med trykk på heile. Astrid elska med heile seg og hadde eit forhold til ein mann sjølv om ho var over åtti og han var rundt sytti. Eg fekk sjokk første gong ho fortalde det. Der sat denne gamle dama og la ut om den litt yngre, men godt vaksne mannen som om det var det mest sjølvsagde i verda. Ho lo og fortalde om han med ein sånn gneiste du ser hos folk som er trygge på seg sjølve og tar plassen sin, også i kjærleikslivet, slår det meg no. Ho var trygg! Ikkje på at han aldri ville gå frå henne, ho var trygg på at om det skjedde, hadde ho seg sjølv. Og ho brydde seg ikkje om at ho hadde ein kropp som var over åtti, med dei største puppane eg hadde sett, og som ho let henge fritt i T-skjorta. Det var rynker, og det var leverflekkar. Og om det var hår? Jau, det vil eg verkeleg anta at det var – om ikkje ein mistar det når ein kjem opp i ein viss alder, sånt veit ikkje eg. Poenget er uansett at ho eigde kjærleiken til seg sjølv og var fullt i stand til å nyte – hjarteleg, med lidenskap og humor. Utan skam. Så der sat eg, nygift og prippen og trøytt og grå og let meg fascinere av livskrafta som utspelte seg i historiene frå dama i lenestolen. Den same dama skulle lære meg at det kunne oppstå drama i forhold mellom gamle menneske også. For det høyrer med til forteljinga at eg ein dag i mai blei dradd med på spionferd i nabolaget av ei kruttønne i minkpels som skulle finne ut om den nye flammen hennar var på kaffibesøk hos nabodama. Han var det. Astrid var knust, men på eit eller anna vis ordna deg seg igjen. Dette sette meg i grunnen heilt ut. Aldri før hadde det slått meg at ei kvinne på åtti pluss kunne bli forelska, langt mindre at ho også kunne bli sjalu og ha eit intimt forhold. Sjølv var eg mykje meir hemma og engsteleg for å ikkje vere god nok – redd for å ikkje prestere i senga, heller.

115


Når den du saknar mest er deg sjølv

Eg har ei korg full av sexleiketøy på toppen av klesskapet. Det seier ikkje så mykje om meg og sexlivet mitt at denne korga finst. Nei, det som seier mest om meg, er at korga står nedstøva på toppen av skapet. Mannen min peikte på henne her om dagen og sa: «Ja ja, så du har ei korg med sexleiketøy på toppen av skapet, du.» Han hadde nok elska å teste dei ut, men det ironiske er jo at det er eg som har kjøpt dei. Eigentleg har eg ikkje kjøpt dei sånn direkte, dei var i ein julekalender. Ein julekalender eg gav mannen min i desember året før, fordi eg tenkte at det ville gjere han glad og meg kåt. Eg ler høgt medan eg skriv dette, for det er typisk meg å tru at det å gå til innkjøp av ein erotisk kalender er det som skal til for at eg skal sleppe meg laus i senga. Dette kapittelet har eg lenge utsett å skrive, forresten, fordi det er så sjukt flautt. Kanskje barna mine kjem til å lese det ein gong, eller mamma og pappa, eller bestefar på over nitti, som sikkert uansett er den som bryr seg minst. Han er open og leiken av seg, og kunne når som helst kline til med besta eller ta ho på rumpa. Så lo han sånn berre han kan le: litt rått, men likevel varmt. Og så lo ho også, med sånn trillande latter. Dritflautt, men litt fint også. Eg, derimot, er altså meir hemma – ikkje sånn at eg ikkje har sex, men det er som om det er litt tiltak, utan at eg veit kvifor. Forresten var det ikkje så veldig mykje til hjelp at vaskehjelpa snubla i kalenderen før jul og la det som fall ut, pent til rette på senga. Eg raudnar berre av å tenke på det. Og så er det ikkje sånn at eg ikkje har testa ut noko av det, altså. Eg har testa både luke 9 og luke 12. Så klart kunne eg nok slått meg til ro med å ha sex i ny og ne og ta det som det er, men eg har altså lyst til å dra på litt meir. Og eg har lyst til å kunne kline med mannen min utan å tenke på at eg har dårleg ande etter å ha ete makrell i tomat (dette var tilfellet sist måndag, då vi begge hadde heimekontor og kunne kline gjennom heile lunsjen, men eg trekte meg på grunn av makrellen), utan å tenke på at eg har hår på leggane eller andre stader, at eg ikkje har sminka meg eller er sveitt. Og utan å la meg distrahere av andre ting, som at Bloggerne er på TV-en i bakgrunnen, at leksene til ti­åringen er halvferdige, eller at blada på den potteplanta i vindauget definitivt er ferdige. Det er utruleg kva som kan dukke opp. Kva er problemet? Eg skammar meg over kroppen min, og vil ikkje la han utfolde seg, det er jo det som er sanninga.

116


Kapittel 13 – Elsk!

Det er på tide å sjå skamma i kvitauget. Men for å nyte må eg klare å sleppe laus kroppen min. Korleis? Eg hentar korga med julekalender-stæsj ned frå skapet, blæs av støvlaget på toppen og skal til å fiske fram det som var i luke 1.

RUMPA MI Eg hadde faktisk tenkt å starte med luke 1. Det er berre det at det som låg i luke 1, har hamna i verktøyskassen til seksåringen. Herre, eg lurer på kva han trur det er, og ser for meg at det vil dukke opp når vi minst treng det. Eg må hugse å få rappa det tilbake. Eg treng uansett ikkje det som var i luke 1. Faktisk treng eg ikkje noko av det som var i kalenderen. Det eg treng, er å sleppe meg laus utan hjelpemiddel, for det som hemmar meg mest, er min eigen kropp – altså, ikkje bokstavleg talt; det er hovudet som fortel meg at kroppen ikkje er god nok. Dette er kanskje litt enkelt, men eg fordømmer også plakatane som hang på veggen til kjærasten og kompisane då eg var 16. Du veit, Shakira og Jessica Alba. Eg trur ikkje det berre var eg som kunne føle på å komme til kort. Dette er eit enormt tema, det er eg klar over, og mange tar det opp. Heldigvis. Det er vanskeleg å førestille seg kva dagens unge må sjå på og samanlikne seg med. Og det er så ufatteleg trist, for når eg, ei mor på 37 år, kan kjenne på presset om glatt kropp, rumpe utan cellulittar, puppar som står av seg sjølv, og ekstreme ferdigheiter på soverommet, kan eg berre ane konturane av kva dei som er 16 i dag, må forhalde seg til. Men om eg skal starte med meg sjølv: Korleis skal eg gripe det heile an? Det som stoppar meg, er altså hovudet som fortel at kroppen er uperfekt, og at ingen derfor kan nyte meg. Huff, den siste der var vond å seie høgt. Men det er sant. Det er hemmande, det er det, altså. I alle fall når eg føler at den eigentlege meg verkeleg kan nyte dette her, og kjenner at det er ein propp som vil losne om eg klarer å gi meg litt over.

117


Når den du saknar mest er deg sjølv

164


Kapittel 19

NY T NATU REN «Hysj», kviskrar besta stille. Det er juniklamt og småvått, vindstille myggvêr. Vi ligg på magen i nokre enorme bregnar, eller ormegras, som vi kallar det. Besta har på seg ei grøn jakke og litt grønare støvlar. Kamuflasje, tenker eg i det ho dultar meg i sida. «Sjå», seier ho, «der er dei!» Eg ålar meg lenger fram for å sjå kva ho peiker på. Nokre strå stikk meg i nasen, og eg slår lett etter det som summar rundt det eine øyret mitt. Så ser eg det same som besta nettopp har sett. Heilt inn under hammaren, godt gøymd bak bregnar og nokre små einebusker, ligg katten min. Men ho er ikkje aleine. Tre små kattungar ligg tett, tett inntil henne. Eg får ein støyt av glede i magen. Akar meg litt framover. Katten får auge på meg, men blir ikkje redd. Kanskje visste ho at vi følgde etter henne, eg og besta? Mamma­ katten lar oss løfte opp dei tre små brune, kvite og svarte nøsta, som er varme og mjuke. Dei pip litt medan dei ser på oss med blå auge. Dei er så skjøre at hjartet får eit lite hakk. Så traskar vi heimover, eg, besta, kattemor og kattebarn, gjennom jorde med gras som når meg til magen, langs traktorvegen der markblomstrane veltar ned skråninga i gult, rosa og lilla, med junihimmelen over oss. I dag er han lysegrå med dråpar i, og han speglar seg i fjorden lenger nede, som ligg så blikkstille at snekka som tøffar forbi, lagar eit tydeleg spor av kvitt skum etter seg. Heile lufta er full av sommar. Det luktar så godt at det nesten gjer vondt. Eg kjenner varmen frå dei to små pelsdottane i hendene mine og høyrer grusen knase under skoa i det vi går inn gjennom porten til huset vårt – for å gi den nybakte familien ein ny heim. Minnet om besta og kattungane er berre eit av mange som handlar om meg og besta ute i naturen. Vi bada, vi plukka blomstrar, gjekk på tur, helst til fjøra, leita

165


Når den du saknar mest er deg sjølv

218


Kapittel 26

IKK JE B RY D EG OM KVA A ND RE MEI NER Astrid sa alltid at vi som er unge i dag, er så opptatt av kven vi skal vere, at vi gløymer å vere oss sjølve. «Det var ikkje slik då eg var ung. Vi hadde ikkje alle desse andre å saman­ likne oss med, dei du ser på skjermen eller på mobilen du glanar sånn på.» Eg meiner at dette oppsummerer sjølve kjernen i mi eiga reise. Det har vore så vanskeleg å finne fram på ein måte, og det er ikkje rart vi er søkande. Tidleg blir vi lokka vekk frå stemma inni oss, den som har alle svara vi treng. Det verkar lettare å lytte til det som er utanfor oss. Vi vil jo passe inn. Vi treng ein flokk, vi treng aksept, kjærleik – vilkårs­ laus kjærleik. Dessverre opplever ikkje alle dette, og tenker at det er betre å legge lokk på seg og dermed ofre seg sjølv for aksept på vilkår. For kven er vel eigentleg fødd rett fram, enkel, straumlinjeforma og lik alle andre? Ingen. Men kor mange av oss skal døy utan at folk fekk bli kjente med den vi eigentleg var? Mange. Det er trist. Den største forskjellen på no og då er likevel at vi blir så påverka frå alle baugar og kantar, gjennom media og sosiale medium, med stemmer som fortel oss kva som er rett og gale, kva som er dei rette ideala, kva som er verdt å jage etter, og kva som gir anerkjenning. Vi har alle – enten vi vil eller ei – fått tildelt kvar vår scene og kvart vårt publikum i form av sosiale medium. No er vegen ekstremt kort til å opptre ut frå det som gir anerkjenning hos andre, ikkje ut frå det ein sjølv vil og liker. På Astrid si tid var det langt mindre påverknad utanfrå, og verda var sånn sett enklare .

219


Når den du saknar mest er deg sjølv

224


Kapittel 27

D RIKK KAFFI MED E I GAMAL DA ME , OG LYTT T I L D ET H O HAR Å SEI E «Hei, dette er Malene, besøksvennen til Astrid. Eg får ikkje tak i henne.» Stemma mi skalv, men eg forstår den dag i dag eigentleg ikkje kvifor. Eg visste at Astrid var død lenge før kvinna i Røde Kors ringde tilbake for å fortelje meg det. Tårene skjønte det først, og var allereie på veg nedover kinna mine då orda om Astrids bortgang nådde meg. Eg hadde svikta henne. Nokre månader tidlegare hadde Astrid ringt meg, ho skulle gjennom ein operasjon, og det at eg no ikkje kan hugse eksakt kva ho skulle operere, seier sitt om kor lite eg eigentleg fekk med meg. Det siste året hadde besøka hos Astrid vore sporadiske. I ni månader hadde eg vore gravid, og med det følgde kvalme og bekkenløysing. Eg hadde ikkje orka. Det som kunne vore fine stunder saman med den gamle kvinna, hadde enda med at ho fortalde meg på telefonen at ho lurte på å søke om ein ny besøksvenn, men eg trur ikkje ho kom så langt. Medan månadene gjekk, hadde eg prøvd å skubbe henne vekk frå senteret for dårleg samvit i hjernen, lagt henne der ein gjerne legg det som blir til uro og gnag i magen, overhøyrt stemma som sa at dette ikkje var riktig av meg. Eg valde å ha nok med meg sjølv, og eg valde å trøyste meg med at berre babyen kom ut, så skulle vi gå lange turar med barnevogn medan fuglane kvitra frå tre i sommardrakt. Då skulle eg ha tid, då skulle eg stille opp igjen. Dette sa eg på telefonen også, og det verka som om Astrid forstod: Klart eg måtte ta det med ro no, ta vare på meg sjølv. Som eg skulle ønske at eg ikkje hadde valt å ha nok med meg og mitt.

225


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.