26 minute read

AKSJONISMEN OG BYMILJØVERNET Dag Kittang

Fig. 1 Demonstrasjon framfor rådhuset.

Foto: Roar Øhlander

AKSJONISME OG BYMILJØVERNET

Dag Kittang

Aksjonar som politisk uttrykksform prega debatten rundt vern og fornying av byar og tettstader den siste halvdelen av 1900-talet. Aksjonane utfordra funksjonalismens planleggingsideal med vekt på modernisering og fornying av dei historiske trehusmiljøa våre, og førte til at eit meir verneorientert syn vart etablert innanfor byplanlegginga.

Utanomparlamentariske aksjonar sette sitt preg på den politiske debatten i 1970åra gjennom protestar og aksjonar mot utbygging av vassdrag, nedbygging av kulturlandskap og sanering av historiske byområde. Sakene, krava og uttrykksmåten var til dels nye, men aksjonar som politiske ytrings- og organisasjonsform hadde lenge spela ei sentral rolle i norsk og europeisk historie.

Trass i dei spenningane som oppstod, oppfatta stort sett styresmaktene slike utanomparlamentariske aksjonar som legitime og som ei utviding av det representative demokratiet. Å fremje synspunkt og krav utanfor dei politiske partia og etablerte organisasjonar vart sett på som ein nødvendig kanal mellom samfunn og styringsverk.1 Aksjonisme var folkemakta sitt opprør mot det etablerte, dei styrte mot dei styrande eller grasrota mot eliten. Ofte vart desse aksjonane sett på som ein nødvendig tryggingsventil i demokratiet der grupper langt unna politikkens kommandoposisjonar kunne fremje sine synspunkt og interesser.

Dei mange aksjonane på 1970 og -80 talet gjorde at det vart sett ned fleire forskarutval som skulle studere kva innverknad desse hadde på makttilhøva i samfunnet, og sette søkelyset på aksjonisme som politisk styringsform.2 Olsen og Sætren definerte aksjonar som ein kollektiv politisk veremåte som ikkje vart fremma gjennom etablerte kanalar for deltaking og representasjon. Dei er tidsavgrensa, målretta og orienterte mot enkeltsaker og med ein relativ lav grad av organisasjonsstruktur. Aksjonsformene er gjerne avhengig av eigenskapar ved deltakargruppa, mål, ressursar og den situasjonen dei handlar i.

Aksjonisme vert gjerne vald fordi ein ikkje har vunne fram gjennom vanlege kanalar i det representative politiske systemet. Dette vil som regel reflektere ein avstand til rutinepolitikken ved at ein ikkje har formelle posisjonar eller er aktiv i desse kanalane. Avstanden kan også komme til uttrykk i ein sosial ressurssituasjon og plassering i

1 2 Olsen og Sætren, 1990 NOU 1982:3 Maktutredningen. Sluttrapport samfunnets lagdeling eller avvik i verdioppfatningar, tankemodellar eller ideologi. Olsen og Sætren hevdar at aksjonar ofte vert organiserte for å hindre endring. Byutviklingsdebatten var særleg på 1970-talet prega av slike utanomparlamentariske aksjonar.

Denne artikkelen tar sikte på å kaste lys over korleis mykje av motstanden mot riving av verneverdige enkeltbygningar og bygningsmiljø etter andre verdskrigen kom til uttrykk som utanomparlamentariske protestar og aksjonar. Aksjonane utfordra etablerte forståingsformer og paradigme i planlegging og forvalting og kom i stor grad til å endre desse gjennom innføring av nye verdisett og synsmåtar og skapte grunnlag for nye diskursar, nye måtar å forstå og utvikle samfunnet på. I følgje sosialkonstruktivistisk teori konstituerer ulike diskursar byen på ulike måtar og etablerer ulike forståingsformer og planleggingsmodellar.3 Aksjonane er eit uttrykk for kontroversar mellom ulike diskursar og medverkar til ei endring av planleggingspraksis, ikkje berre lokalt, men også i fleire tilfelle med viktige endringar av lover og retningslinjer innan byplanlegginga.

Dei aksjonane som vert omtala i denne artikkelen er alle henta frå Trondheim i tidsrommet frå 1970 til rundt 2000, og representerte eit sett av verdiar som utfordra dominerande politiske synsmåtar. Dei hadde kulturminnevern og bymiljøvern som eit felles kjenneteikn, men var ulike med tanke på kva mål dei uttrykte, kva politiske verkemiddel dei tok i bruk og kven som tok del i desse aksjonane.

Materialet i denne studien er hovudsakleg henta frå Adresseavisen si omtale av byplandebatten i Trondheim i dette

3 Jørgensen og Phillips, 1999

tidsrommet med eksempel frå kampen om trepaléa på Torget rundt 1970 til striden om Svartlamoen på slutten av 1990-åra. Dette materialet er samla inn i samband med doktoravhandlinga mi «Trebyen Trondheim – forvitring og fornying» frå 2006.4

MODERNISMEN SOM HEGEMONISK PLANLEGGINGSDISKURS Modernismens inntog i arkitektur og byplanlegging kom til å representere eit brot med tidlegare tenking. Ein skulle sjå framover og tilpasse arkitektur og by utvikling til nye behov, ny teknologi og nye økonomiske og politiske rammevilkår.5 I Noreg kom denne oppfatninga særleg til uttrykk etter andre verdskrigen då landet skulle byggast opp att og moderniserast. Ambisiøse planar vart lagde, men ressursane var for knappe til å kunne gjennomføre dei. Først på 1960-talet var både ressursar og ikkje minst den politiske viljen til stades for å kunne gjennomføre store moderniseringsprogram som særleg ramma dei historiske byområda. Modernismens tankesett med vekt på å starte med «blanke ark», førte til ei omfattande sanering av gamle trehusområde. Lang tids manglande vedlikehald etter innføring av «murtvangen» gjorde dei gamle trehusområda til eit lett bytte for saneringsiveren. «Murtvangen» innebar at alle nye bygningar i bystrøk skulle oppførast av mur eller anna brannsikkert materiale, i Midtbyen i Trondheim allereie i 1845. Etter Ålesundsbrannen i 1904 vart desse føresegnene innført over heile landet.6

Modernismens vektlegging av ein objektiv planleggingsnorm, gjerne styrt av vitskaplege ideal, vart i etterkrigstida etablert som eit hegemonisk planleggingsideal. Normative utsegn vart nærast framstilt som naturlover og grunngjeve på vitskapleg vis gjennom avanserte reknestykke knytte til folketalsutvikling, arealbehov, trafikkmengder m.m.7 I samfunnsplanlegginga har makt gjerne vore knytt til kunnskap. Eit komplekst samfunn treng ekspertar til å kunne forstå og styre samfunnsutviklinga og ekspertane kunne hevde ein eksklusiv autoritet.8

Den franske filosofen Michel Foucault peika på samanheng mellom diskurs, kunnskap og makt. Den som har definisjonsmakta avgjer kva som er sant.9 Denne kunnskapen skapte eit maktgrunnlag som det var utfordrande å gjere motstand mot. Heile det etablerte planleggingsapparatet med sitt ekspertvelde av arkitektar, ingeniørar, økonomar og juristar kommuniserte med politikarar i lukka rom på konsulentkontor og i rådhus. Ekspertar dominerte planleggingskontora og politikarane stemte velmeinande på dei planforslaga som vart presenterte. Opposisjon gjennom folkevalde kanalar vart vanskeleg, og opna vegen for aksjonar og protestar som tok i bruk utanomparlamentariske kanalar for å få gjennomslag for alternative idear om byutviklinga. Desse aksjonane kom til å bane vegen for nye tankar og planleggingsmodellar der vernetanken fekk større plass. 1970-talets oppgjer med modernismen i byggekunsten og byplanlegginga kom til uttrykk på fleire måtar. Modernismens mest ambisiøse bustad- og bypolitiske prosjekt, drabantbyane, vart kritisert etter kvart som dei sosiale problema med mistrivnad og

4 5 6 Kittang, 2006 Brekke, Nordhagen og Lexau 2003 Larsen, 1988 7 8 9 Jensen, 1980 Thommasen, 1997 Foucault, 1972

kriminalitet vart tydelege. Mest kjend er Jane Jacobs bok «The death and life of great American cities». Her heime trakk Ammerudrapporten fram det dårlege bumiljøet i høghusa og lamellblokkene i Groruddalen i Oslo. 10 Dei gamle trehusmiljøa vart gjerne trekte fram som eit ideal med sine mangfaldige fysiske og sosiale rammer.11

Den franske arkitekturhistorikaren Francoise Choay peikar på at sidan moderne byplanlegging vart etablert på midten av 1800-talet, har det vore kontroversar mellom ulike planleggingsidéar og desse motstridande idéane representerer lange linjer i planleggingshistoria.12 Ho trekk fram tre retningar, den regularistiske, den progressive og den kulturalistiske idéretninga. Den svenske arkitekturhistorikaren Bjørn Linn trekk parallellar til Choay og hevdar at den regularistiske og progressive retninga finn vi att i den modernistiske modellen som hadde ein hegemonisk posisjon etter krigen. Desse tankane vart på 1970-talet utfordra av kulturalistiske idear som ville ta vare på byane som eit kulturmiljø.13 Den førindustrielle byen representerte eit livsmiljø med variasjon og mangfald i motsetning til den sonedelte, funksjonelle byen. Byen skulle ikkje berre vere ein effektiv leverandør av varer og tenester. Ein skulle også ta vare på og utvikle byen som eit bu- og livsmiljø.14 Aksjonane på Torget, på Bakklandet og på Svartlamoen representerer ulike sider ved den kulturalistiske diskursen med ulik vektlegging av byens kultur- og livsmiljø.

10 11 12 13 14 Jacobs, 1961, Hansen og Sæterdal, 1970 Gullestad, 1979, 1985, 1989 Choay, 1969 Linn, 1974 Kittang, 2014 KAMPEN OM TREPALÉA PÅ TORGET I ein aviskronikk frå 1970 kommenterte byarkivar Johan Løkhaug at «Gamle Tronhjem forsvinner bit for bit»: «Den ene gården etter den andre forsvinner fra bybildet. I det forrige århundre krevde «den Trondhjemske halsesyke» mange dødsoffer. I dag herjer rivningsfeberen verre enn noen gang. (…) Hver enkelt gård som forsvinner ut av bybildet, har sin egen historie, og til sammen danner de revne gårder både byens sosiale og økonomiske historie. Det er altså ikke bare det bygningsmessige og arkitektoniske som forsvinner.»15 Men mange gode avisinnlegg til trass, i bystyresalen var det rivings- og moderniseringsiveren som rådde.

Striden om trepaléa på Torget kom til å bli eit vendepunkt i byplandebatten. I siste halvdel av 1700-talet og til midten av 1800talet hadde det vakse fram ein trearkitektur i Trondheim som kom til å bli eineståande i Europa.16 Den danske kunsthistorikaren Harald Langberg, kjent for arbeidet med Venezia-charteret, meinte at Trondheim «(…) har et preg av storhed (…) hæver seg over flertallet af Nordens byer (…) og gjør at man har oppfattet Trondheim som en af Europas betydelige arkitekturbyer, en by som ikke har sin mage nogetsteds.». 17 Dei største og staselegaste trepaléa vart bygde rundt det monumentale Torget og langs Munkegata. Her var det god plass på den tida, og Cicignon sin monumentale byplan med dei breie gatene inviterte dessutan til å bygge stort og flott.

Ein brann i 1942 øydela den staselege Møllmannsgården (Harmonien). På den

15 16 17 Løkhaug, 1970 Kavli, 1966, s.2 Langberg, 1970

andre sida av Torget vart Lundgrengården riven for å gi plass til Hotell Phønix. Men både Hornemannsgården og Sommergården (Svaneapoteket) vart ståande og danna byrommet sin viktige vegg mot aust. Ein arkitektkonkurranse om utforminga av Torget og Munkegata hadde derimot som føresetnad at dei gamle trebygningane skulle erstattast: «Man må anta at resten av den gamle toetasjes bebyggelse kommer til å forsvinne, og at man må ta sikte på at den nye bebyggelse kan skape et harmonisk hele (…).». 18

Då Trondhjem Sparebank søkte om å få rive eit av trepaléa på Torget, Svaneapoteket, for å bygge nytt administrasjonsbygg, hadde tydelegvis viktige personar i Trondheim kommune snakka saman. I innstillinga frå kommunen heitte det: «Vi må regne med at den fornyelse som nå er i gang vil gripe mer og mer om seg (…) det må planlegges for fremtiden og (…) en må ikke se for smått på disse spørsmålene. (…) Den gamle bykjerne må da også ha krav på funksjonsmessig fornyelse».19 Tilsvarande synspunkt delte også medlem av det nylig oppnemnde Antikvarisk utvalg, Einar Ianssen (H): «Vi kan ikke av romantiske grunner la Midtbyen ligge uberørt.».20

Riksantikvaren foreslo å frede Svaneapoteket og Hornemannsgården. Dette opprørte ordførar Odd Sagør (Ap) som ikkje forstod «hvilket grunnlag Riksantikvaren har for slike spark til kommunen.». 21

18 19 20

21 Norske arkitektkonkurranse, 1962 / 74 Bystyresak, 1969/298. Adresseavisen, 22.12.1967 «Trondheim må ikke bytte bort ekte gull med glassperler. Stort diskusjonsmøte om generalplan og kulturvern. Generalplanen gir kulturvernet bedre muligheter, men noe må ofres for å berge resten» Adresseavisen, 11.02.1970 «Intet spark til ordfører Sagør fra riksantikvaren. Bare bekymring for et usedvanlig fint byparti» Fig. 2 Demonstrasjon på Torget 1970 der «kultureliten» var godt representert. Foto: Adresseavisen

Kommunen sette likevel ned eit utval som skulle kartlegge verneverdige bygningar og bygningsmiljø i Midtbyen.22 Sjølv om Antikvarisk utvalg skulle vurdere arkitektoniske og kulturhistoriske verdiar, var utvalet hovudsakleg politisk samansett, rett nok med to fagkyndige representantar, professor i arkitekturhistorie Erling Gjone og professor i historie Edvard Bull, som i viktige spørsmål kom i mindretal. Antikvarisk utval konkluderte med å foreslå å rive Svaneapoteket fordi den ville «bli liggende uten tilknyting til den øvrige bebyggelsen» når sparebanken har fått realisert sitt nybygg.23

Vedtaket kom til å løyse ut ein hissig debatt. Dei fagkyndige i Antikvarisk utval kom i mindretal, men var aktive i avisdebatten saman med tilsette ved Arkitektavdelinga på Norges tekniske høyskole (seinare NTNU). Antikvariske og historiske

22 23 Gaare-utvalget, seinare Antikvarisk utvalg. Adresseavisen, 24.11.1970 «Svaneapoteket må rives, sier kommunalt utvalg»

Fig. 3 Trepaléa på Torget.

Foto: Forfattaren

foreiningar, arkitektforeiningar «og en rekke fremstående kapasiteter innen arkitekturhistorie» utforma resolusjonar og fråsegner.24 Det var ingen partipolitiske skilje i debatten. Unge Høgre arrangerte fakkeltog og høgrepolitikar og bypatriot Martin Michaelsen «holdt en manende apell om å slutte opp om de krefter som går inn for å bevare de miljøverdier som Trondheim har.».25

Argumentasjonen for å verne dei to paléa som stod att på Torget, var hovudsakleg knytt til monumentalvernet, ønsket om å verne framståande eksempel på trøndersk panelarkitektur. Etter kvart vart fokuset flytta over til bygningane sine bidrag til bybildet og korleis desse konstituerte byrommet. Motstanden mot riving greip om seg, og etter eit møte mellom Trondheim kommune, Trondhjems Sparebank og Riksantikvaren vart partane einige om «Sjakktrekket». Ved å ofre den freda Adresseavisgården, fekk banken plass til å utvide i Søndre gate.26 Svaneapoteket og Hornemannsgården vart freda i 1983.

24

25 26 Adresseavisen, 22.12.1970 «Byplanrådet ønsker Svaneapoteket fredet». Kittang, 2006, s.208 Adresseavisen 25.02.1971

Kampen om Svaneapoteket representerte eit omslag i arbeidet med vern av trehusmiljøa i Midtbyen. Midtbyplanen, som vart vedtatt i 1981, fekk føresegner som skulle verne trebykarakteren, styrke vernet av dei kulturhistoriske bygningane i Midtbyen og innførte fire verneområde.27 Midtbyplanen skulle også styrke bustadmiljøet i Midtbyen. Slik sett utfordra aksjonane på Torget det modernistiske idégrunnlaget som dominerte byplantenkinga etter den andre verdskrigen, og kom til å representerte inngangen til eit nytt planleggingsregime som i langt større grad la vekt på byen som eit livs- og kulturmiljø. KAMPEN OM BAKKLANDET Planane for ei utviding av Noregs tekniske høgskole (NTH) starta ein debatt om vern av det gamle trehusmiljøet mellom Gløshaugen og Bakklandet som i følgje universitetsleiinga omfatta «vesentlig eldre trebebyggelse som ansees for å være saneringsmoden.».28 Det var planar om å bygge ny arkitektskole i dette området.

27 28 Trondheim kommunen. Midtbyplanen 1981 Stugu, 1997, s.167

Arkitektkonkurranse var halden og arbeidet med ekspropriasjon og utflytting av innbyggjarane starta opp. Adresseavisen meinte at «… alle vil vel hilse med glede at den lite flatterende bebyggelse vi i dag har i Høyskolens nærhet forsvinner og erstattes med parkanlegg og moderne undervisningsbygg.».29

Motstand mot rivinga, motstand mot vinnarutkastet og manglande løyvingar frå Stortinget, gjorde at bygginga vart utsett og etter kvart avskrive, men då var mange av bygningane allereie rivne. Studentar fekk flytte inn på kortidskontraktar og

29 Adresseavisen, 1967. «Foran en rask totalsanering av Korsgata – Vollabakken –området.» organiserte straks motstand mot vidare sanering. Innbyggjarane sende brev til NTH om at saneringa måtte stoppe «på grunn av boligmangelen i byen.».30 «Staten ser det imidlertid ikke som sin oppgave å dekke boligbehovet i Trondheim (…) Ved å stoppe de videre saneringer (…) vil en påføre Staten store utgifter» var tilbakemeldinga frå Statens Bygge- og Eiendomsdirektorat.31 Rivinga heldt fram med politieskorte og gjorde at aksjonane i området kom til å gå inn i historia som ein av dei hardaste

30 31 Bjørkø, 1972 Adresseavisen, 22.04.1972 «Fortsatt sanering i Singsakerbakken. Uforsvarlig å bruke skattepenger til utsettelse.»

Fig. 4 Politi og husokkupantar i Høgskolebakken.

Foto: Roar Øhlander

Fig. 5 Mange hus var prega av forfall på Bakklandet.

Foto: Adresseavisens arkiv

samanstøytane mellom demonstrantar og politi sidan den andre verdskrigen.32 «Store politistyrker var beordret ut da de hissige og nærmest ubeherskede demonstranter tok et saneringsmodent hus i Høyskoleveien i besittelse».33 I 1982 vart området tilbakeført til bustadformål, men etter at store delar av det gamle trehusmiljøet var rive.

I dag er det ein ny strid om trehusmiljøet i området. I samband med utbygginga av universitetscampusen på Gløshaugen er delar av den vesle trehusenklaven på

32

33 Adresseavisen, 24.08.1982 «Etter NTHs kuvending ved Vollabakken: 15 års unødvendig forfall» Adresseavisen, 25.11.1971 «Voldsom SUF-ungdom angrep tjenestemann. Pressefolk beskyldt for å være SIPO – agenter» Grensen nyleg foreslått rive for å bygge ny arkitektskole!34

Kampen om trehusmiljøet ved Gløshaugen vart ein forløpar til ein ny og vesentleg meir kjend konflikt, Kampen om Bakklandet. Generalplanen for Trondheim frå 1965 introduserte Bakklandstangenten, ein motorveg med fire køyrefelt og planfrie kryss gjennom Bakklandets verneverdige trehusmiljø. Forslaget innebar riving av om lag halvparten av alle bygningane innanfor den verneverdige Bakklandsbebyggelsen.35 På dette grunnlaget gjekk kommunen til planmessig oppkjøp av

34

35 Adresseavisen, 8.02.2019 «Byintegrert campus krever riving» Trondheim kommune, 1979:174

eigedomar i området, flytte ut bebuarane, let bygningane stå til forfall og etter kvart vart mange rivne.

Ein liten notis i Adresseavisen frå 1975 seier ein del om situasjonen på Bakklandet: «Nok en bygning på Bakklandet ble revet i går (…) Protestene ble ikke tatt til følge med den begrunnelse at disse foreningene ikke hadde rettslige klageinteresser i denne saken (…) Det siste året har huset stått tomt, og naboene kunne fortelle at det har vært tilholdssted for tilfeldige besøkende. For ikke lenge siden brant huset ved siden av (…) Huset var bygget i hel tømmer og rivingsarbeiderne kunne fortell at det ikke var særlig råttent.».36

Bakklandet og Lillegårdsbakken Velforening (BLV) vart stifta i 1971. Målsettinga var å verne Bakklandet som bustadområde. Husokkupasjonar vart eit viktig middel i kampen mot kommunens rivingspolitikk. For å redde hus frå sanering tok styret i velforeininga initiativ til å flytte folk inn i dei tomme husværa. Dermed hindra ein at bustadlause tok husa i bruk med dei konsekvensane dette ofte fekk. Oppussing vart arrangert på dugnad.

Husokkupasjonar var derimot eit kontroversielt verkemiddel som splitta velforeininga og gjorde at styret la ned verva sine ein periode. Denne aksjonslinja vart presentert og forsvart i ei pressemelding: «BLV har tatt i bruk nye virkemidler i sin kamp for bevaring av Bakklandet som boligområde. En innflyttingskampanje er i gang. Det vil si at Velforeningen ikke nøyer seg med såkalla forhandlingslinje overfor Trondheim kommune (…) Trondheim

36 Adresseavisen, 19.06.1975. «Nok et hus revet på Baklandet» kommune har med sin boligpolitikk og sine overgrep på Bakklandet tvunget Bakklandsbefolkningen til aksjoner ingen kan ønske, men som vi anser som eneste utvei for å bevare vår bydel som boligområde. (…) Det er mot denne bakgrunn vi igjen henvender oss til Trondheim kommune og ber om fornyet støtte til våre krav om full bosetting og bevaring av Bakklandet som boligområde.».37

Ordlyden var krass og aksjonsformene kontroversielle. Sjølv om velforeininga og innbyggjarane på Bakklandet vart splitta, bidrog aksjonsformene til å få debatten ut i det offentlege rommet, skapte meir merksemd og gjorde Bakklandsaksjonen meir synleg. Planleggingsdebatten om trafikkmodellar, vegkapasitet og behovet for motorveg trivest best i lukka ekspertfora, medan debatten om by- og bustadkvalitet er lettare å føre i det offentleg rommet.

Men også motekspertise var eit viktig virkemiddel. Alternative trafikkteljingar og trafikkanalyser vart gjennomførte, og det vart fremma ein privat reguleringsplan som foreslo delar av Bakklandet som verneområde. Reguleringsplanen hadde ein mobiliserande verknad og fekk brei støtte gjennom underskriftslister, men vart likevel nedstemt i bygningsrådet med den grunngjevinga at planen ikkje tok omsyn til vegplanane i området som var viktige for å verne dei kulturhistoriske verdiane i Midtbyen.38 Bygningsrådet heldt fram med å godkjenne rivingssøknader i området.

I 1977 vedtok Bystyret å utarbeide ein reguleringsplan for ein hovudveg over

37

38 Adresseavisen, 01.09.1976 «Innflyttingsaksjon på Bakklandet» Bystyresak 1977/83: 157-166. Planen var fremma av tilsette ved Institutt for arkitekturhistorie, NTH.

Fig. 6 Gatefest på Bakklandet.

Foto: Roar Øhlander

Bakklandet. Mandatet innebar også at ein skulle vurdere dei miljømessige konsekvensane av prosjektet. Bakklandstangent var foreslått som eit riksvegprosjekt, men mangel på statlege løyvingar og kanskje også protestane i området, gjorde at Statens vegvesen ikkje fann grunn til å prioritere prosjektet.39 Det fann også stad eit generasjonsskifte både i den politiske og administrative leiinga i kommunen. Nye stemmer kom inn «som ikke var belastet med å ha ment så mye tidligere.».40

39

40 Adresseavisen, 21.03.1991 «Vegsjefen i Sør-Trøndelag om Bakklandet: Ingen hovedvei før år 2000» Adresseavisen, 07.06.1978 «Beboerne skeptisk til alle alternativene»

Kommunen måtte etter kvart gi opp for presset, folk fekk flytte inn i dei tomme husa og oppussinga tok til. Politikarar og andre fekk etter kvart opp auga for dei miljøkvalitetane som, trass i stor trafikk og forfalne bygningar, faktiske fanst på Bakklandet. Det vart også gjennomført sosiologiske undersøkingar etter oppdrag frå Miljøverndepartementet og Vegdirektoratet som påviste høg trivsel blant innbyggjarane.41 I 1987 vedtok bystyret ein reguleringsplan som innebar vern av delar av Bakklandet, stort sett i tråd med det private

41 Solvi og Meland, 1988.

forslaget om vart nedstemt 10 år tidlegare.42

Riksantikvaren hadde heilt sidan Bakklandstangenten vart presentert i Generalplanen 1965, arbeidd for å verne Bakklandet og nytta mange høve til påpeike dei kulturhistoriske verdiane i området.43 Han antyda også at Bakklandet kunne vere eit pilotprosjekt under Det europeiske arkitekturvernåret i 1975.44 Det var likevel organiseringa og mobiliseringa av innbyggjarane i bydelen og dei aksjonsformene som vart valde som gjorde at folk i byen fekk auga opp for dei miljøkvalitetane denne nedslitne bydelen faktisk hadde og som medverka til at Bakklandet vart berga frå riving.

Kampen om vern av Bakklandet vart ein siger for bygnings- og bymiljøvernet i byen. Både bydelen og bymiljøaksjonen har fått ein ikonisk status. Den breie mobiliseringa av innbyggjarane i bydelen og i byen elles var likevel meir på eit bustadsosialt enn på eit antikvarisk grunnlag, noko som også kjenneteikna aksjonane i andre delar av byen. Argumentasjonen og aksjonsformene kjenner vi igjen i arbeidet med å berge bustadområda Ilsvikøra og Sanden – Hospitalsløkka sjølv om trusselbiletet ikkje var tilsvarande. Ilsvikøra fekk byen sin første verneplan i 1975.

Desse bymiljøaksjonane bana vegen for nye perspektiv på arealplanlegginga og opna for større medverknad frå innbyggjarar og interessegrupper i planprosessen. Den modernistiske, elitistiske og rasjonelle planlegginga vart kritisert og møtt med aksjonar

42 43 44 Bystyresak 1987/102 Andersson & Skjånes AS, 1967 s.112 Adresseavisen 23.10.1975 «Trondheim lager hakkemat av de fornemme bypartier. Bakklandet bør bli pilotprosjekt, sier Arkitekturvernårets leder». som la grunnlaget for at medverknad vart viktig i planleggingssystemet. I den omfattande revisjonen av planlovgivinga i 1985, vart medverknad nedfelt som eit viktig element.45

FRÅ SUBKULTURELL AKSJONISME TIL BYØKOLOGI Aksjonsformene gjennom lokal organisering og mobilisering var også tilsvarande då ungdom starta arbeidet med å verne Svartlamoen. Området var regulert til industri og kommunen gjekk systematisk inn og kjøpte og reiv husa etter kvart som industrien melde interesse for areala. I løpet av kort tid var dei fleste husa på Svartlamoen fråflytta og forfalne. Men dei tomme husa på Svartlamoen fekk etter kvart nye «leigebuarar» som ikkje hadde spurt nokon om å få flytte inn. Bydelen fekk etter kvart eit dårleg rykte og kommunen såg at noko måtte gjerast, og gav leigekontraktar til ungdom frå det meir ressurssterke ungdomsmiljøet UFFA.46 Det vart etter kvart populært å bu på Svartlamoen, sentralt og med låge husleiger. «Svart-La`moen er Trondheims siste slum. En ekte ungdomsgetto og en fargeklatt i bybildet. I Østbyen, klemt inne mellom industri, Dora og jernbane, ligger klyngen av råtne og vindfulle gamle rønner (…) Det finnes ikke håp for Svartlamoen, men det finnes dem som nekter å gi opp.».47

Riksantikvaren peika på dei historiske interessene i området og bad kommune vurdere vern, men fekk som svar at området var kjøpt med tanke på industriutbygging og

45 46 47 Falleth og Saglie, 2012 Kittang, 2014 Ukeadressa 19.11.1991

skulle brukast til det 48. Heller ikkje her kom dei antikvariske argumenta til å dominere debatten. Det var meir stilt spørsmål om området burde vernast som ein bydel med ein alternativ og kreativ ungdomskultur. Svartlamoen, som var brukt som eit skjellsord for området, vart tatt i bruk i daglegtalen, ein svart katt vart symbol på området, områdeavisa vart kalla Giljotin og kafeen fekk det innbydande namnet Ramp. Alle namna var eit uttrykk for eit alternativt syn på området.

Kulturlivet på Svartlamoen kom til å sette spor etter seg, ikkje berre i Trondheim. Det vart etablert viktige alliansar med kulturlivet i byen. For å berge eit rivingstrua hus på Svartlamoen, måla dei kjende Trondheimsmålarane Håkon Bleken og Håkon Gullvåg, med hjelp frå innbyggjarane, eit stort veggmåleri på huset sin fasade og bidrog til at huset vart berga. Hendinga illustrerer nye alliansar i vernearbeidet som vart viktig då det stramma seg til.

Kommunen hadde seld ein del av området til eit bilfirma som ville rive trehusa for å utvide verksemda. Kommunen hadde lide nederlag i mange vernesaker og hadde dessutan investert mykje prestisje i å få til riving og industriutbygging på Svartlamoen. Men den lange kampen mot dei opprørske innbyggjarane vart ikkje noko god sak for kommunen som etter kvart leita etter ein måte å komme seg ut av den fastlåste konflikten.

Det enda med at kommunen starta forhandlingar med bilfirmaet om å få kjøpe området tilbake. Området vart i 2001 regulert til eit byøkologisk forsøksområde - «en alternativ bydel med stort rom for

48 Stugu, 1997 eksperimentering, forsøk og utprøving. Det gjelder både boliger, boformer, sosialt samspill, medvirkning, økologi og energi, kommunale tjenester, kunst, kultur og næringsutvikling.».49 Saman med innbyggjarar frå Svartlamoen drog tilsette i Trondheim kommune på studietur til Fristaden Christiania i København! 50

Eit viktig mål for arbeidet med forsøksområdet var å hindre gentrifisering. Dette ville innebere at innbyggjarane vart pressa ut av området etter kvart som meir velståande grupper flytte inn. Gentrifisering hadde vist seg å bli ei utfordring i mange byfornyingsprosjekt.51 Med alternativ organisering, skånsam fornying av den eksisterande bustadmassen og ein nøktern arkitektur med vekt på gjenbruk og berekraft, skulle ein sikre at den kreative ungdomskulturen skulle bestå.

Auka merksemd på miljøutfordringane, særleg etter FN sin Rio-konferanse i 1992, kom til å sette preg på planleggingsdebatten på 1990-talet. Konferansen sette berekraftig utvikling på dagsorden og utarbeidde ein handlingsplan, Lokal Agenda 21, som oppfordra alle verdas lokalsamfunn om å «tenke globalt – handle lokalt» for å sikre ei berekraftig utvikling av kloden.52 Omsynet til ressurs- og miljøvernet kom også til å prege planleggingsdebatten på Svartlamoen som etter kvart fekk eit tydelegare berekraftsperspektiv med vekt på berekraftig

49

50

51 52 Trondheim kommune 2001. Reguleringsplan for Svartlamoen. Adresseavisen 01.02.2000 «Svartlamoen – en fristad for alle. En stille revolusjon pågår på Svartlamoen. Drømmen om en ung beboerstyrt, kunstnerisk og økologisk bydel kan endelig bli virkelighet». Aspen, 2005 World Commission on Environment and Development (Brundland red.) 1987

Fig. 7 Veggmåleri på Svartlamoen av Håkon Bleken og Håkon Gullvåg.

Foto: Forfattaren

bruk av biologiske ressursar, nøktern livsstil, berekraftig forbruk og gjenbruk, bebuarstyring og medverknad. Svartlamoen-prosjektet kom til å bli eit utstillingsvindauge for nye tankar innan byutvikling som Trondheim kommune i dag gjerne viser fram. AKSJONANE ENDRA DISKURSEN Mardøla-aksjonen (1970) og Alta-aksjonen (1978) med sine utanomparlamentariske og ikkje valdelege ulydnadsaksjonar, la mykje av grunnlaget for dei aksjonsformene som vart valde i bymiljøaksjonane. Samarbeidsgruppene for natur- og miljøvern (snm) som tok ansvaret for Mardøla aksjonen, organiserte også bymiljøaksjonar m.a. på Bakklandet. Men det var i hovudsak naturvernet og ikkje bymiljøvernet som karakteriserte desse aksjonane og kven dei mobiliserte. Likevel etablerte desse miljøaksjonane eit viktig grunnlag for dei mange ulike bymiljøaksjonane vi fekk utover 1970-talet med omsyn til aksjonsformer og mobiliseringsstrategiar.

Ikkje minst representerte desse aksjonane eit oppgjer med ekspertveldet i samfunnsplanlegginga. Nedbryting av respekten for ekspertane vart i ettertid sett som eit av dei viktigaste resultata av den første store miljøaksjonen i Noreg, Mardøla-aksjonen. Aksjonistane som ofte hadde omfattande kunnskap på saksfeltet, opplevde dessutan at ekspertane uttala seg om ting som dei ikkje hadde dekning for i sin kompetanse eller var knytt til subjektive skjønn, men som ofte vart framstilt som nøytrale «ekspertutsegn». For aksjonistane representerte dette ei legitimering av retten til å gripe inn i den politiske prosessen både med argument og sivil ulydnad. Etablering av motekspertise representerte ein viktig trussel mot kunnskapsmakta i det etablerte planleggingsapparatet.

Etterkrigstidas modernistiske planleggingsideal framstod som hegemonisk, men vart utover på 1970-talet utfordra av nye idear og tankar som forma nye diskursar. Modernismens syn på byen som ein økonomisk arena for effektiv produksjon av varer og tenester og, som i tråd med ny kommunikasjonsteknologi, skulle gjerast tilgjengeleg for privatbilen, vart utfordra av eit nytt syn på byen som eit kulturmiljø med identitet og karakter, byen som eit livsmiljø med gode bustadkvalitetar og byen som eit mangfaldig sosialt og kulturelt miljø. Grunnlaget for denne endringa vart i stor grad etablert gjennom utanomparlamentariske aksjonar

Medan aksjonen om vern av trepaléa på Torget og Midtbyens historiske trehusmiljø adresserte kulturminnevernet og mobiliserte på grunnlag av dette både til høgre og venstre i det politiske landskapet, ser vi at bygningsvernet vert ein mindre viktig del av mobiliseringsgrunnlaget når aksjonane flyttar seg utover til Bakklandet, Møllenberg, Ilsvikøra og Sanden – Hospitalsløkka. Her blir bustadsosiale argument viktige og skapar grunnlag for ei langt breiare mobilisering. Aksjonsformene

gjer at konfliktane vert meir synlege og set preg på den offentlege debatten.

Nye aksjonar på 1990-talet bana vegen for ei sterkare berekraftstenking med vekt på vern av ressursar slik som Svartlamoenaksjonane etter kvart kom til å bere preg av, og kom til å gi viktig læring og inspirasjon til ein ny planleggingsdiskurs – berekraftig byutvikling.

Desse aksjonane vart ikkje ståande som isolerte hendingar, men bana vegen for nye tankar og idear som kom til å sette sitt preg på samfunnsplanlegginga og samfunnsutviklinga i ettertida.

Dag Kittang (f.1949) er utdanna arkitekt frå NTH (1974) med ein ph.d. frå 2006 med avhandlinga «Trebyen Trondheim – forvitring og fornying. Ein studie av ein byplandiskurs». Professor emeritus ved Institutt for arkitektur og teknologi ved NTNU sidan 2019.

Artikkelen er vurdert som vitskapeleg av fagfelle.

KJELDER

ANDERSSON & SKJÅNES AS. Generalplanen for Trondheim, Prinsippforslag til byutvikling / trafikkplan Midtbyen. 1965.

ASPEN, JONNY. «Gentrifisering som kulturell diskurs.» By og byliv i endring. Studier av byrom og handlingsrom i Oslo. Oslo: Spartakus. 2005: 121-51.

BJØRKØ, HELGE: «Historien om saneringsprosessen i området Korsgata - Vollabakken - Singsakerbakken - Grensen.» Byggekunst. 1972

BREKKE, N. G., PER JONAS NORDHAGEN, SIRI SKJOLD LEXAU. Norsk arkitekturhistorie. Frå steinalder og bronsealder til det 21. hundreåret. Oslo, Det Norske Samlaget. 2003 CHOAY, FRANCOISE: The modern city: Planning in the 19th century. New York, George Braziller. 1969

FALLETH, EVA IRENE OG INGER-LISE SAGLIE: Plan- og byggelovgivningen - mellom demokrati og effektivitet. Kart og Plan Vol. 72, s 289 - 297. 2012

FOUCAULT, MICHEL: The archeology of knowledge, Routledge, 1972

GULLESTAD, M. Livet i en gammel bydel: livsmiljø og bykultur på Verftet og en del av Nøstet. Oslo, Aschehoug. (1979)

HANSEN, T. OG A. SÆTERDAL. Ammerud. Oslo, Pax forlag A/S. 1970

JACOBS, J. The death and life of great American cities. New York, Random House. 1961 JENSEN, R. H. Moderne norsk byplanlegging blir til. Tanker og ideer som preget fremveksten av moderne norsk byplanlegging slik det særlig fremkommer i de tekniske tidsskriftene 1854 - 1919 med forenklet videreføring av vesentlige tendenser i 1920 -30-årene., Nordiska Institutet för Samhällsplanering. 1980.

JØRGENSEN, MARIANNE W. OG LOUISE PHILLIPS: Diskursanalyse som teori og metode. Frederiksberg, Roskilde Universitetsforlag / Samfunslitteratur, 1999

KAVLI, GUTHORM: Trønderske trepaleer. Borgerlig panelarkitektur nordenfjells. Oslo, J.W.Cappelens forlag, 1966

KITTANG, DAG: Trebyen Trondheim - forvitring og fornying. PhD, Norges teknisk- naturvitenskapelige universitet, 2006

KITTANG, DAG: Trebyen Trondheim - modernisering og vern. Ein studie av byplandebatten 1960 - 2005. Trondheim, Fagbokforlaget, 2014

LANGBERG, HARALD: De har et præg af storhæd. Adresseavisen. Trondheim, 1970

LARSEN, K. E. Trebyen. Bybranner og byfornyelse: en undersøkelse av byggevirksomheten i Trondheim og utviklingen av norsk bygningsrett 1814-1845. Trondheim, Tapir. 1989.

LINN, BJØRN: Storgårdskvarteret. Et bebyggelsesmønsters bakgrunn og karakter. Stockholm. Statens institutt for byggnadsforskning. 1974

LØKHAUG, JOHAN: Trondheim forsvinner bit for bit. Adresseavisen. Trondheim, 1970 Norske arkitektkonkurranser 74. «Strøket Torvet - Munkegata, Trondheim.» Tillegg til Arkitektnytt nr. 2. 1962

OLSEN, JOHAN. P. OG H. SÆTREN: Aksjoner og demokrati. Bergen, Olso, Tromsø, Universitetsforlaget, 1990

SOLVI, EVA OG SOLVEIG MELAND: Bakklandet i Trondheim - en bydel i forandring. Trondheim, SINTEF. 1988

STUGU, OLA SVEIN: Kunnskapsbyen 1964 - 1997. Trondheims historie. Oslo, Universitetsforlaget. 1997

THOMASSEN, Ø. Herlege tider. Norsk fysisk planlegging ca. 1930 - 1965, Noregs teknisk- naturvitskaplege universitet. 1997 TRONDHEIM KOMMUNE: «Bakklandsutredningen.» 1979

TRONDHEIM KOMMUNE. Reguleringsplan for Midtbyen - reguleringsbestemmelser og stadfestingsbrev. Trondheim, 1981.

TRONDHEIM KOMMUNE. Reguleringsplan for Svartlamoen, 2001

WORLD COMMISSION ON ENVIRONMENT AND DEVELOPMENT (Brundland red.) 1987. Vår felles framtid / Our common future. Oslo. Tiden norsk forlag