080 TRE einige

Page 1

T R E einige

Urnes Verdsarvsenter Mottoet "TRE einige" er meint å gi fleire mogelege assosiasjonar: til tre; som levande trær, skog, oksygenproduserande skapningar drivne av solenenergi, karbongass, vatn og mineraler, jorda sine lunger. Tre som byggemateriale, som råstoff for møblar, reidskaper og kunst. Tre einige syner og til tre ting, tre personar eller tre fenomen av det same, samde, treeinigheit; Odin, Tor og Freya eller som det etterkvart blei og Urnes Stavkyrkje blei bygd som eit tempel for; den kristne Gud, Jesus og den heilage Ande, eller Maria kanskje. Tre; det altsjåande auget i trekanten, tre; Tro, Von og Kjærleik... Trekant; som siluetten av av Urnes Stavkyrkje ut fjorden, mot vest, som ein pyramide, som norske bratte saltak. Forslaget "TRE einige" består av tre kroppar, tre tak, som saman lager eit byggverk av rom og uttrykk, kvilande på ein terrasse. Taka er bratte, supersolide som grunnfjellet, kjem som tre klipper ut av bakken, genererer tre nye og lettare tak, samlar energien om det midterste og største som svevar utover, alle tre samde om å samla energien sentrert og løfta seg. Sett frå fjorden ynskjer dette bygget å være ein vegvisar til Stavkyrkja som framleis står der, nærast usynleg på toppen av bakkane, ved foten av fjellet, høgreist, mørk og magisk, opp! Sett frå Fjorden

Perspektiv frå Nordvest; tre kraftige tak ut av bakken, lette baldakiner skyter fram, tekka med blåskimrande solcellepanel

Hovudinngangen, Ve no Velkomne med Æra, seks epletrær satt i bed.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.