074 La humla suse

Page 1

MOTTO. Ordtaket «la humla suse» forbinder vi til vanlig med å leve «livets glade dagar» og ikkje la ansvar tynge. Vi vel å vri litt på dette. Truleg har det oppstått i samanheng med at humla eigentleg skal vere for tung i forhold til storleiken til å kunne fly. Men det veit ikkje humla om, så ho fyk av garde like vel, og gjer stor nytte med å føre humleslekta vidare og som viktig aktør i det biologiske mangfaldet, som saman med bier og andre pollinlerande insekt er u-unværlege i frukthagane på Ornes. Kulturplanta Humle (Humulus Lupulus) er mellom dei første plantene som er omtala skriftleg i Norge. Frostatings-lova frå 940 fastsette bøter for dei som stal eple og humle frå annan manns eigedom (Kjelde NIBIO). Som nytteplante for ølbrygging men og som flott klatrande staude opp etter murar og rekkverk må ein og la planten humle suse ved verdsarvsenteret og i hagen, som den og sikkert gjorde på gardsbruka på Ornes i den tida stavkyrkja vart bygt.

Snitt om lag midt på tomta.

Eit lite poeng i tillegg: Er det verdt strevet med våre begrensa ressursar å legge arbeid ned i dette, slik nivået ikkje minst på presentasjonssida for tida er i slike opne tevlingar. Men vi har likevel gjort som humla, flydd av garde som best vi kunne prøvd å legge pessimisme og negative tankar til side.

EIN FREDAG SEINT I AUGUST 2026. (Tilkomst, situasjon, publikumsflyt og litt til.)

Verdsarvsenter kart 500 Dato:

27.10.2021

Målestokk:

1:500

Koordinatsystem: UTM 32N

I 10-tida om føremiddagen kjem Anne Winsdor (48) frå Yorkshire i England samen med ektemannen Anthony med ferja frå Solvorn. Dei er på sykkeltur i Norge med el-syklar, har overnatta på pensjonatet Eple, og skal sykle vidare til Turtagrø etter besøket på verdsarvsenteret og stavkyrkja. På ferja er og Håkon frå Sogndal i lag med niandeklassa si og klassestyraren Reidun Skårheim som og er naturfag- og formings-lærar. Sigvart Nystuen frå Tolga er og med i lag med kona Merete, dottera Johanne og barneborna Ingeborg (12) og Sondre (10). Det er og med ganske mange andre, så ferja er rimeleg full i dag. Dei 11 personbilane som var først i køen kom med. Sigvart og familien sette bilen att i Solvorn. Når ferja legg til køyrer bilane av først, Anne og Anthony fyljer på elsyklane sine, og dei andre legg i veg til fots oppover vegen. Dei fleste skal til verdsarvsenteret og Stavkyrkja og har lokalisert senteret frå ferja og vel å gå vegen opp til krysset. Dei møter ingen bilar, så «trafikkbiletet» er rimeleg enkelt. Sigvart og familien er dei einaste som går trappa. Dei har og sett senteret frå ferja, men fylgjer likevel eit skilt som peikar opp ein bratt trapp der det står: Til Urnes Verdsarvsenter. Men når dei kjem opp på parkeringsplassen og undrar dei seg litt på kvifor dei skulle gå denne omvegen. Nokre veker etterpå vart skiltet fjerna då ein såg at dei fleste gjekk på vegen opp til krysset og biltrafikken var så liten at det ikkje medførde problem. Krysset er romsleg nok til at store lastebilar og bussar som ein og annan gong kjem eller skal med ferja klarar svingen bra. Ein hadde heldigvis i planprosessen i 1922 endra regulerings-framlegget som hadde foreslått ei «oppstramming» av krysset slik at dette ville blitt vanskeleg. (Sjå illustrasjonen) Ein hadde og utvida øvre del av krysset litt nordover for å gjere det litt flatare der shuttelbussane har stopp for på og avstiging for folk til senteret. Til sist let ein og vere å utvide vegen vidare opp frå krysset frå om lag 3m (litt varierande asfaltert bredde) til 4,5m. slik reguleringsplanen foreslo. Ein satsa heller på litt fleire møteplassar, og sparde derfor ein ikkje uvesentleg kostnad med utviding av vegen og nye murar langs vegen på nedsida. Attende til fredagen seint i august 2026. Anne og Anthony har lang veg å sykle vidare så dei set frå seg syklane, tar ein kjapp titt på infoskulpturen ute, og går rett til resepsjonen, kjøper billett, set frå seg nokre vesker i bagasjeskapa ved inngangen til toaletta og går inn i utstillingsromma. Fleire av dei andre som kom med ferja fyljer etter. Både Anne og Anthony har stor interesse for kunsthistorie, har lese mykje om Urnes-kyrkja og portalen, og sett veldig fram til besøket. Dei gjer seg god tid i skogsrommet og i kyrkjerommet vert dei sitjande med undring i over 20 min. Først når dei kjem ut i gangen og ser ut i hagen og les den informative plakaten på veggen til høgre med kart over hagen og kva den inneheld, går det for alvor opp for dei at senteret sitt fokus på økologi, fruktdyrking og anna hagebruk. Dei bestemmer seg for å sjå nærare på dette på veg ned att, går til syklane og fer opp til stavkyrkja. Sigvart og familien har betre tid. Dei vil bruke heile dagen på Ornes og først utpå kvelden ta ferja attende til Solvorn og Walaker hotell. Sigvart er byggmeister og har stor interesse for tradisjonsbygging og godt handverk. Han har lese litt om senteret og det han får sjå av trekonstruksjonane og innreiinga i hovudsak av furu hogd, saga og tilverka i indre Sogn gjer han glad. Han legg og merkje til murane og steingardane av stadeigen stein og korleis dette er brukt for å terrassere terrenget ikring bygget og i hagen. Han og familien sit ein stund på benken utanfor inngangen og nyt utsikta heilt til

1:500

Ingeborg og Sondre blir litt utålmodige og vil vidare. Merete, Johanne og Ingeborg går då inn til utsalet for lokale produkt, medan Sondre og bestefaren går trappa opp langs austsida og vidare opp på taket til urte- og grønsakhagen. Fram på kanten får dei sjå solcellepanela på skråtaket, og les og plakaten der det mellom anna står kor mange kWh senteret og bygda Ornes årleg sparar på innkjøp av straum. Bygget si plassering i landskapet og taket si helling 16 gr. mot vest gjer at takflata ikkje er synleg frå nokon andre stader på bakken i bygda. Ein må litt ut på fjorden eller høgt til fjells for å sjå takflata. For mange vitjande er det difor litt av ei overrasking når dei kjem fram på kanten og ser solcelletaket, og les om det på plakaten. Merete og Johanne finn ein del lokale varer dei vil kjøpe: Eplemost, nokre grønsaker og krydderurter frå hagen og andre gardar. Dei får og kjøpt nokre pakkar med frø som dei skal så i hagen heime, og lagt inn ei bestilling på nokre kilo hjortekjøt og eit par kassar med eple som dei skal få levert seinare på hausten gjennom eit samvirkeforetak for lokale matprodusentar med utsal forskjellige stader i landet som senteret er medlem av. Dei finn og kvart sitt smykke i museumsbutikken av ein lokal kunstnar som er inspirert av urnesstilen. Klassa til Håkon har vore på stavkyrkja og senteret før, og dei fleste har vore i kyrkja fleire gonger med foreldra sine. Denne dagen er det difor hagen som står i fokus. Reidun har gjort avtale med Ola Johannes Øvstegard, som ho kjenner frå ein del år sidan då dei begge gjekk på Sogn Jord- og Hagebrukskule i Aurland. Han er tilsett som driftsleiar for Urneshagen og har i tillegg til agronomutdanninga ein mastergrad i økologi med hovudvekt på formidling frå NMBU. Han møter klassa ved hovudinngangen og dei går direkte til hagen gjennom svalgangen langs vestfasaden, og det første Ola Johannes må gjere er å fortelje om Humle, planten som klatrar frodig opp langs muren og rekkverket på svalgangen fleire stader. Frå terrassen i sør får dei godt utsyn over det meste av hagen og får ein orientering før dei går ned mot vegen i sørvest og fylgjer stien vidare opp til takhagen. Elevane skal ha

med med notatblokkar notatblokkar og og skrive skrive om om det det dei dei har har høyrt høyrt og og sett, sett, dei dei skal skal og og lage lage nokre nokre illustrasjonar illustrasjonar og og teikningar teikningar som som skal skal leverast leverast veka veka etter. etter. Ola Ola Johannes Johannes er er ein ein engasjert engasjert og og dyktig dyktig pedagog. pedagog. Både Både Håkon Håkon og og dei dei andre andre ii klassa klassa fylgjer fylgjer ivrig ivrig med. med. Dagen Dagen vert vert avslutta avslutta med med samling samling på på taket taket før før dei dei går går ned ned att att til til ferja ferja og og bussen bussen som som ventar ventar ii Solvorn. Solvorn. Sondre Sondre og og Sigvart Sigvart kjem kjem ned ned frå frå taket taket på på sørsida sørsida og og møter møter resten resten av av familien familien ii kafeen. kafeen. Etter Etter måltidet måltidet ser ser dei dei på på utstillingane utstillingane og og ein ein film film ii filmrommet, filmrommet, tar tar turen turen med med shuttel-buss shuttel-buss opp opp til til stavkyrkja stavkyrkja og og ned ned att, att, medan medan Ingeborg Ingeborg og og Sondre Sondre brukar brukar resten resten av av tida tida dei dei har har til til rådvelde rådvelde ii barne-avdelinga barne-avdelinga medan medan foreldra foreldra ser ser nærare nærare på på hagen hagen og og nyt nyt utsikta utsikta frå frå terrassen terrassen ii sørvest, sørvest, dei dei har har fått fått mange mange inntrykk inntrykk som som dei dei delar delar ii samtalen samtalen seg seg ii mellom mellom både både der der og og resten resten av av turen turen som som ii morgon morgon skal skal gå gå vidare vidare til til Vik. Vik. Merete Merete og og Johanne Johanne har har spesielt spesielt lagt lagt merke merke til til den den kreative kreative bruken bruken av av ullstoff ullstoff (vadmel) (vadmel) som som støydempande støydempande himling himling ii vestibylen, vestibylen, kafeen kafeen og og barnesona. barnesona. Anne Anne og og Anthony Anthony vert vert nesten nesten 22 timar timar lengre lengre på på Ornes Ornes enn enn planlagt, planlagt, likevel likevel rekk rekk dei dei fram fram til til Turtagrø Turtagrø ii rimeleg rimeleg tid tid før før middagen. middagen. Utan Utan el-syklar el-syklar hadde hadde det det vore vore vanskeleg. vanskeleg. Å Å gå gå og og leie leie syklane syklane det det meste meste av av vegen vegen frå frå Fortun Fortun og og opp opp ville ville teke teke minst minst 33 timar. timar. ATTENDE ATTENDE II DESEMBER DESEMBER 2021. 2021. Viss Viss vi vi hadde hadde plass plass kunne kunne vi vi gjerne gjerne spunne spunne vidare vidare på på denne denne framtidsforteljinga framtidsforteljinga som som Fortidsminneforeninga Fortidsminneforeninga inviterer inviterer til til ii sitt sitt grunnleggande grunnleggande prosjektdokument prosjektdokument side side 6. 6. og og dermed dermed kanskje kanskje fått fått med med alle alle viktige viktige poeng poeng med med framlegget. framlegget. Men Men for for ikkje ikkje åå få få for for mykje mykje tekst tekst må må vi vi ta ta det det vidare vidare litt litt meir meir kortfatta kortfatta og og tradisjonelt. tradisjonelt. Merknadane Merknadane til til reguleringsplanen reguleringsplanen om om krysset krysset og og vegen vegen vidare vidare oppover oppover som som er er vist vist på på illustrasjonen illustrasjonen over over og og fletta fletta inn inn ii framtidssoga framtidssoga er er prosjektet prosjektet ikkje ikkje avhengig avhengig av, av, men men dei dei kan kan med med fordel fordel vurderast vurderast uansett uansett kva kva for for prosjekt prosjekt som som

Brun skravur: Reguleringsplanen sitt framlegg til vegkantar. Blå skravur: Vårt framlegg. Raud ring: Svingdiameter buss og stor lastebil. (Flyfoto frå Norkart / Kommunekart)

blir valt. Vi har teikna vegen slik den er vidare oppover, men ikkje flytta byggegrensa. Løysinga medfører og at vegen kan få litt slakare stigning der lomma for av og på til shuttelbussane er plassert. (ca. cote 35 +). Sikt-trekanten som vi har teikna inn (50km/t) gjeld eigentleg ikkje for uregulerte X-kryss. Men det som er «etter bokja» N-100 er ubrukeleg for slike kryss med så bratte vegar. Køyrande i personbil frå sør på Sørestrandvegen kan uansett ikkje sjå ein bil som kjem ovafrå før denne er mykje nærare krysset enn 45 m; viss dei ikkje har open cabriolet eller bil med høgreratt. Ei løysing kan kanskje vere at Sørestrandvegen blir forkøyrsregulert. Vi meiner og at fartsgrense 40 km bør vurderast.

Brun skravur: Reguleringsplanen sitt framlegg til vegkantar. Blå skravur: Vårt framlegg. Raud ring: Svingdiameter buss og stor lastebil. (Flyfoto frå Norkart / Kommunekart)

ANDRE YNSKJEMÅL: Mest mogleg bruk av naturmaterial ikkje langvegs frå. Indre Sogn har mykje fin furuskog. Og gråstein til murar som det må bli ein god del av i dette prosjektet. Sogningar skal vere tradisjonsberarar for dette, ein skal ikkje reise mykje rundt for legge merke til det. Som akustisk demping i vestibyle og kafé foreslår vi ein slags grov vadmelstoff av ull frå norsk villsau, som i dag for det meste blir brent sidan ingen vil kjøpe det.

Tomta er bratt. Lågaste punktet er ved grensa i sørvest ca. kote 27,5 og ikkje 33 ved krysset slik planomtalen (og programmet) gir uttrykk for (!). Sørestrandvegen stig med 5,5 m (om lag 5%) frå grensa og opp mot krysset. Arealet innafor byggegrensa er 2600 m2, men delen av det i sør som er dyrka hage er 1380 m2 målt etter markslags-grensa i kartgrunnlaget (litt lite synleg prikka line). Til rådvelde for bygg er det difor ideelt sett berre om lag 1100 m2. Dette gjev utfordingar både i høve til tilkomst og hovudgrep. Ei løysing med publikunsfunksjonane delt på to plan kunne i kanskje gi mindre bebygt areal, men store utfordringar spesielt i forhold til brutto-nettofaktor og samstundes god publikumsflyt, og i tillegg i forhold til byggehøgder.

© 2021 Norkart AS/Geovekst og kommunene/NASA, Meti © Mapbox © OpenStreetMap

Foto frå heimesida til Norsk Villsaulag.

"La humla suse"pl: 1.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
074 La humla suse by Fortidsminneforeningen - Issuu