Forskningsdagene bilag 2013

Page 21

Annonsebilag utgitt av Norges forskningsråd • 21 Annonsebilag utgitt av Norges forskningsråd • 21

Eksempler på arrangementer under Forskningsdagene Tema

Forskarnatt er ein publikumsfavoritt og eit mangeårig samarbeidsprosjekt mellom Høgskolen Stord/Haugesund (HSH), Polytec, Karmsund Folkemuseum og Haugesund billedgalleri. Haugesund

Monsterbølgje på Forskarnatt Korleis oppstår ei monsterbølgje? Oseanograf Torleif Lothe i Polytec gir deg forklaringa på Forskarnatt i Haugesund. Her framfor maleriet «Stormnatt ved den norske kyst» av Knut A. Baade frå 1879. Foto: Brian Hannafious/Polytec

Barn, unge og vaksne kan då mellom anna høyre havforskar Torleif Lothe frå Polytec forklare kva ei monsterbølgje er, delta på akvarell-workshop eller eksperimentere med vatn. Lothe har laga bølgjevarslingsmodellar for skipsfarten og arbeider no med varsling av sjøtemperatur. Hav og vatn blir også hovudtema for forskingstorga på Stord og i Haugesund. Viss du lurer på korleis livet artar seg for ein moderne sjømann, kan du her

eksempelvis simulere kvardagssituasjonar om bord på eit skip. Førsteamanuensis ved høgskolens nautikkutdanning, Sturle Danielsen Tvedt, viser korleis ein virtuelt kan utforske offshorefartøyet Edda Fauna. Simulatoren byggjer på spelteknologi. – Vi held til i ein region som er grunnlagd på, og som har vidareutvikla seg på, moglegheitene i havet. På Forskingsdagane ønskjer vi å vise dette på nye og spennande måtar. Vi er difor nøgde med at vi også i år har fått med oss lokale bedrifter som medarrangørar eller støttespelarar på omtrent alt som skjer, seier rådgivar Trine Meling Stokland på HSH. – Her kan du bli kjend med både næringslivet og forskarane, anten dei held til på land eller til sjøs.

Vatn er også heilt nødvendig for den som skal vaske klede. Høgskolelektor Sigurd Sandvold brukar ei gammal vaskemaskin som illustrasjon når han underviser i tema som fattigdom, global utvikling og miljø. – Den eignar seg godt til å illustrere verdas miljøproblem, seier Sandvold, som til dagleg underviser lærarstudentar på HSH. Under Forskingsdagane kan elevar på vidaregåande skolar i Haugaland- og Sunnhordlandsregionen få besøk av Sandvold som ledd i prosjektet «Bestill ein forskar». Sjå òg side 26. – Dag Inge Danielsen Rundt i Haugesund, fredag 27.9. Kl. 18-22

Førebudde på klimakatastrofar Øyfolka i Stillehavet har ein sterk mental beredskap for katastrofar. Øybefolkninga i Stillehavet og Det indiske hav er kanskje dei som får merke dramatiske klimaendringar først og hardast på kroppen. Men trass i at ei stigning i havnivået på mindre enn eit par meter kan gjere at heile øysamfunn forsvinn fullstendig, er det ikkje nødvendigvis katastrofestemninga på desse «øyparadisa» som rår. Årsaken er at dei har vant seg til mykje tøffare og meir brutale naturkatastrofar enn som så. Vulkanutbrot, jordskjelv, orkanar og tsunamiar har ganske ofte heimsøkt befolkninga, som i sin tur har bygd opp ein «mental beredskap» for å pakke saman alt og

flytte til ein sikrare stad, eller raskt setje i gang med gjenoppbygginga. Nokre stader i Stillehavet lever folk på små øyer som dei sjølv har bygd av korallblokkar. Desse kan tilpassast stigande havnivå. Andre stader fører seismiske krefter til at øyer stig hurtigare enn havnivået. – For desse menneska har havet fungert både som kommunikasjon og som ressurskjelde. Svært god kunnskap om havstrømmar, navigasjon og effektive reiskapar har sikra eit godt livsgrunnlag sjølv om naturen har vore hard, seier professor Edvard Hviding ved Universitetet i Bergen. – Atle Abelsen Litteraturhuset i Bergen, søndag 22.9. Kl. 12-16

Bergen Zastolskiy Victor/Shutterstock

I år blir suksessen gjenteken Researchers’ Night under tittelen «Saltvatn, ferskvatn, pengar og gull».


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.