

Telefon 61 21 38 60 • redaksjon@fjuken.no • www.fjuken.no
Nå held Fjuken «papirfri» i tre veker. Neste papiravis kjem 7. august.
www.fjuken.no er oppdatert kvar dag også i sommar.
Denne papirutgåva av Fjuken er gratis
• Ha døm fått heteslag dessa fjukingæin nå æil? Gratis avis - å attpå te ha døm tikji frå me baksia!
KONTAKT OSS:
Redaksjonen: redaksjon@fjuken.no
Annonseavdeling: annonse@fjuken.no
Familienytt: helsing@fjuken.no
Abonnement: abonnement@fjuken.no
Partipolitisk uavhengig lokalavis Ansvarlig redaktør: Hans Erik Kjosbakken.
Utgjevar: Skjåk Mediautvikling AS, pb. 83, 2694 Skjåk.
Foretaksnr. NO952882708
Produksjon: Fjuken
Trykk: Polaris Trykk, Ålesund Distribusjon: Innlandet Distribusjon / Posten
Fjuken arbeider etter «Vær Varsom»-plakatens reglar for god presseskikk. Den som kjenner seg råka av urettmessig avisomtale, blir oppfordra til å ta kontakt med redaksjonen si leiing. Pressens faglege utvalg er eit klageorgan, oppnemnt av Norsk Presseforbund, som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål. Adresse: PFU, Pringsensgt 1, pb 46 sentrum, 0101 Oslo. Tlf. 22 41 56 80.
I skrivande stund er det kraftig opphaldsvêr, og varmare skal det visstnok bli dei komande dagane. Det vart forsyne meg litt sommar i år også.
Fjukengjengen er akkurat i mål med sommaravisa du nå er i gang med å lesa. Her gjev vi deg ein smak av ottadalskommunane Skjåk, Lom og Vågå. I tillegg til dei mange aktuelle sakene, finn du frå side 15 og bakover reportasjar og sommarstoff. Les om det populære Bakeriet i Lom som har tilsette frå 12 ulike land, om luftballongplanar i Sjodalen, og om Vegar i Skjåk som er ein av landets beste i sin idrett. Vi har også teke ei runde i Ottadalen og prata med ungdomar i sommarjobb. Dette og mykje meir kan du altså lesa om i denne sommaravisa. I tillegg til å bli sendt ut til alle abonnentar, er papirutgåva tilgjengeleg på butikkar og andre sentrale stader i Skjåk, Lom og Vågå - heilt gratis.
Nå tek underteikna ferie i fire samanhengande veker – mest i skuggen, men også ein og annan tur i sola. Kanskje! Fleire andre fjukingar har allereie gått ut i ferie, og andre skal som meg nå i gang med nokre etterlengta veker utan kamera og notisblokk.
Men sjølv om det er ferietid i Mediehuset Fjuken har vi ikkje fellesferie og er «på» gjennom heile sommaren, og det er alltid einkvan på vakt i redaksjonen. Har du tips – lite eller stort; ikkje nøl med å ta kontakt på telefon (612 13 860) eller på epost: (redaksjon@fjuken.no).
Tida da lesarane våre vart møtt med artikkelen «God sommar!» liggjande på topp på fjuken.no i tre veker, er for lengst forbi. Lurar du på kva som skjer i Ottadalen - eller kva som har skjedd - er ferskvara fjuken.no tilgjengeleg berre nokre få tastetrykk unna heile sommaren - og resten av året.
Neste papirutgåve av Fjuken kjem torsdag 7. august.
God sommar! Pass deg i sola!
Redaktør og dagleg leiar HANS ERIK KJOSBAKKEN 90 67 53 71 hans.erik.kjosbakken@fjuken.no
Redaksjonssjef og journalist TOM ERIK SOLSTAD 99 45 95 54 tom.erik.solstad@fjuken.no
Journalist KARI MARGOT ODNES 97 08 69 06 kari.margot.odnes@fjuken.no
ANNONSER I FJUKEN - PolarisMarkedNordVest Frist for bestilling av annonser i papirutgåva er måndager før innrykk. For nettannonser, er fristen generelt tre dagar før publisering. Ta kontakt med annonseavdelinga for meir informasjon og eit godt tilbod: Epost: annonse@fjuken.no eller tlf 61213860 (velg 2).
Journalist VIGDIS KROKEN 97 19 69 75 vigdis.kroken@fjuken.no
Journalist Julie Garmo 94 13 82 04 julie.garmo@fjuken.no
Produksjons- og IT-ansvarleg TERJE RANDEN 91 56 90 37 terje.randen@fjuken.no
Deskansvarleg RAGNHILD BRIMI 90 54 02 89 ragnhild.brimi@fjuken.no
IKKJE FÅTT AVISA? Vil du teikne eit nytt abonnement, har du skifta adresse, strevar du med innlogging eller opplever manglande levering. Ta kontakt med abonnementsavdelinga vår (kundesenter). Epost: abonnement@fjuken.no eller tlf 61213860 (velg 1).
– Det er ingen tvil om at framdrifta på dette prosjektet er utruleg tøff både for entreprenøren og for kommunen.
TOM ERIK SOLSTAD tom.erik.solstad@fjuken.no
Det seier kommunalsjef for miljø- og samfunnsutvikling i Skjåk kommune, Roger Johansen. Han kan fortelja at Fron Bygg
AS har fått tildelt jobben med å byggje ny barnehage og helsestasjon i Bismo.
Fem tilbod
Den nye barnehagen vil få eit totalt areal på 1.330 kvadratmeter og har ei total kostnadsramme på 59 millionar kroner eksklusiv moms.
– Vi hadde møte med Fron Bygg nå nyleg, etter at karenstida gjekk ut, der vi hadde ein gjennomgang av tilbodet og kontraktsgrunnlaget. Under møtet prøvde vi også å avdekke eventuelle uklarleikar frå båe sider. Dette gjekk utruleg bra, og vi fann rett og slett ingenting, seier Johansen.
Kommunalsjefen fortel at Skjåk kommune fekk inn til saman fem tilbod før anbodsfristen gjekk ut.
– Dette var fem solide og kvalifiserte entreprenørar. Det vart vekta på pris, kvalitet, kompetanse og framdrift. I totalsum var Fron Bygg best. Tilbodet vi fekk frå dei hadde få atterhald og ei økonomisk ramme som var innafor løyvinga vår, slik at vi nå kan starte opp utan at det må gjennom kommunestyret, seier Johansen.
Startar i august Byggjeprosjektet vart lyst ut som totalentreprise, noko som inneber at Fron Bygg skal stå for både prosjektering og utføring - både riving av eksisterande barnehage og bygginga av ny.
Ny barnehage og helsestasjon skal stå ferdig i august 2026. F.v.: Kommunalsjef for oppvekst og utdanning Kari Anne Skjaak, kommunalsjef for miljø- og samfunnsutvikling, Roger Johansen, prosjektleiar Arild Skriden, dagleg leiar i Fron Bygg AS Truls Holten Næsje og prosjektleiar i Fron Bygg AS Stian Løkken. FOTO: SKJÅK KOMMUNE
– Rivingsarbeidet blir sett i gang rett over sommaren. Eg vil tippe at dette arbeidet er i gang i august. Den nye barnehagen med helsestasjon skal vera ferdig og overlevert til kommunen 1. august neste år, seier Johansen. – Er ikkje dette vel ambisiøst for eit så stort prosjekt?
– Kommunen og entreprenøren har prata mykje saman om nettopp framdrifta på prosjektet, og vi er fullstendig klar over at det er stutt tid, men entreprenøren trur det skal halde og er innstilt på det. Det er ikkje berre for entreprenøren at framdrifta er tøff. Etter at bygget er motteke, står det jo att
for kommunen å flytte inn, med alt som høyrer med i sambdn med det. Bygget skal vera klart til nytt barnehageår i 2026, seier Johansen.
Under bygginga av nye Bismo barnehage vil det bli nytta same riggplass som under renoveringa av Skjåkhallen, altså rett nedanfor hallen.
– Vil det bli brukt lokale underentreprenørar?
– Sidan dette er ei totalentreprise, så blir det heilt opp til Fron Bygg. Dei held korta tett til brystet ennå, og har så langt ikkje sagt anna enn at dei har vore i dialog med fleire lokale. Under møtet med kommunen gav dei uttrykk for at Nordplan
Innvendige og ut vendige persienner
Lamell- og plissegardiner Markiser for vindu og terrasse
er ein aktør dei ynskjer å ha med seg gjennom prosjektet.
Det er mange fag som skal koordinerast i eit så omfattande byggjeprosjekt, seier Johansen.
Holemork barnehage
Som Fjuken har skrive om tidlegare skal Bismo barnehage ha mellombels barnehagedrift på Skjåkheimen under bygginga heile komande barnehageår.
Barnehagen flytta inn på sjukeheimen siste veka i juni.
Når nye Bismo barnehage står ferdig til nytt barnehageår i 2026, skal også Holemork barnehage flytte inn her.
Johansen fortel at når det gjeld framtida for bygget i Ho-
Gravferdshjelpa Lom og Skjåk
Gravferdshjelpa ynskjer å gje TILLIT - OMSORGTRYGGLEIK
Eg kan hjelpe dykk med alt vedrørande gravferder og kremasjon.
lemork, vil det bli køyrd ei politisk sak på dette i haust ein gong.
– Det er kommunestyret som vedtek kva som blir vegen vidare for barnehagebygget i Holemork, seier kommunalsjefen.
Sidan helsestasjonen skal flyttast til nye Bismo barnehage, vil det også bli frigjort areal på kommunehuset, der helsestasjonen held til i dag.
– Her vil vi få ein del ledig areal der det også kan gjerast tiltak, som til dømes tilkomst til legekontoret, seier Johansen.
Lom kommune har fått pengar frå Husbanken.
TOM ERIK SOLSTAD tom.erik.solstad@fjuken.no
– Mange distriktskommunar slit med å få i gang bustadbygginga. Med dette tilskotet støttar vi prosjekt som prøver ut nye løysingar – som til dømes meir fleksible bustadkonsept
og sosiale buformer. Målet er å få fleire eigna bustader på plass, slik at fleire kan og vil bu i distrikta, seier kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng i ei pressemelding frå regjeringa. Husbanken og Distriktssenteret har valt ut 26 prosjekt som
får til saman 21 millionar kroner i støtte til bustadtiltak i distrikta i 2025.
Blant kommunane som har søkt og fått støtte er Lom kommune, som får 410.000 kroner i tilskot til prosjektet «Omstilling – frå ord til handling». I fylgje kommunen har prosjektet i Lom som mål å bidra til omstilling i bustadarbeidet, og å gå frå plan til konkret hand-
ling.
Tilskotet skal brukast til å utforske nye løysingar for bustadutvikling, gjerne gjennom samarbeid med både offentlege og private aktørar.
Husbanken fekk i alt 47 søknader.
Tilskotet til bustadtiltak i distrikta skal gå til utvikling av nye samarbeidsformer og forsøk med nye bustadkonsept og ver-
kemiddel. Det var berre distriktskommunar som kunne søkje om tilskot gjennom ordninga.
Husbanken og Distriktssenteret vil følgje opp kommunane som får tilskot, mellom anna med kompetansestøtte og arenaer for å dele erfaringar.
I desse dagar blir det sparka i gang eit fleirårig forskningsprosjekt om jerv og sau i NordGudbrandsdalen. Lokale i beitenæringa blir ein viktig samarbeidspart.
KARI MARGOT ODNES kari.margot.odnes@fjuken.no
Slik som Sverre Blankenborg og tre andre i Nord-Gudbrandsdalen som nå har fått tildelt ein spesiell GPS- sendar som dei skal feste på ei av søyene sine. Dette for å teste ut sendarane før dei skal festast på jerv neste år. Forskarane håpar dei kan hente ut viktig kunnskap.
Spente
– Det er nyutvikla teknologi, kopla mot mobilnett og ikkje satelitt. Det blir spennande å sjå om den fungerer og resultatet, sa den engasjerte NINAforskaren Ole-Gunnar Støen under utleveringa til Blankenborg.
Eit moment dei er særs spente på er at dekninga i deler av fjellbeitet kan vera dårleg, men dei har allereie tankar om korleis det kan løysast.
Blankenborg har utmarksbeite til sauen sin i Russdalen. Der har det vore utfordringar med jerv i fleire år, seinast i fjor da beitelaget der mista mange dyr. Blankenborg og Hans Petter Vaberg, som òg er med i Russdalen beitelag, er også spente på det nye prosjektet.
Fakta om prosjektet:
Målet med prosjektet er å få betre kunnskap om jerven si rolle i tap av sau, og å utvikle tiltak som kan redusere desse tapa og dermed få ein betre sameksistens mellom jerv og småfe.
Beiteområder i Skjåk, Vågå, Lom, Lesja og delar av Dovrevest for E6, er med i prosjektet. Og funn og metoder er venta å ha overføringsverdi til andre delar av landet. Prosjektet blir leia av Norsk institutt for naturforskning (NINA), i samarbeid med Norsk institutt for bioøkonomi (NI-
Thorstein Åmodt i Skjåk har også fått utlevert ein testsendar denne veka. FOTO: KARI HÅNSNAR
– Dette prosjektet kan ha ei betydning for at neste generasjon har trua på og vil drive med sau, meiner sauebonde Hans Petter Vaberg. FOTO: KARI MARGOT ODNES
BIO) og Berekraftig sameksistens for sau og jerv (Samarbeidsprosjekt mellom Vågå, Lom, Skjåk, Lesja og Dovre).
– Endeleg – Å få på plass meir dokumentasjon og kunnskap har vi jobba lenge for etter mange år med same problemstilling der ingenting har skjedd. Takka vera fagfolk som engasjerte seg, og ikkje minst politisk vilje, vart prosjektet endeleg prioritert i statsbudsjettet i fjor haust. Det vart løyvd fem millionar kroner
årleg i fire år, opplyser Kari Hånsnar som er jordbruksrettleiar ved Lom og Skjåk landbrukskontor.
Ho blir frikjøpt i inntil 40 prosent stilling for å arbeide med prosjektet. – Vi håpar å finne førebyggande tiltak. Og tiltak som gjer at vi finn att fleire kadaver og får betre dokumentasjon, som igjen vil føre til eit meir presist erstatningsoppgjør for bonden, seier Hånsnar vidare. Ho presiserer at dei parallelt med dette prosjektet vil halde fram arbeidet med kortsiktige
løysningar.
Viktig lokalkunnskap – Dette er eit unikt prosjekt som kan gje ein samfunnsøkonomisk gevinst. Vi har alt å vinne på denne forskinga, meiner ein optimistisk Vaberg. Han har dykka godt inn i problematikken og har etter mange år som sauebonde skaffa seg erfaring han gledeleg deler med forskarane i prosjektet. – Det eine er at vi har grunnar til å tru at det er dyr som dreper meir enn andre. Difor trur vi at målretta uttak av jerv vil
vera ei betre løysning for forvaltinga. For nokre år attende hadde vi fem år utan sauetap, sjølv om det var jerv i området, fortalte han.
Hånsnar skyt inn at fleire sauebønder i norddalen kjem med liknande historiar som kan peike mot at målretta uttak kan ha noko for seg, og at slik lokalkunnskap vil bli viktig i prosjektet.
Fleire kartleggingar
I haust vil også enda fleire lokale i beitenæringa bli involvert når Norsk insititutt for bioøko-
Innlandet fylkeskommune skal gje millionar til etablering av friluftsområde over heile fylket over dei neste to åra.
JULIE GARMO julie.garmo@fjuken.no
Fylkeskommunen har fått 10 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen, som i tillegg til eigne midlar skal finansiere ordninga.
Pengane skal gå til tiltak som kan bli gjennomført i nærområda, som er gratis og opne for alle.
I retningslinene dreg fylkeskommunen fram tilrettelegging av turstigar, historiske vandre-
ruter, utvikling av grøntområde og element som skilting og merking som døme på slike tiltak. Det er kommunar og friluftsråd i Innlandet som kan søkje om tilskot, og fylkeskommunen oppmodar til samarbeid med friviljuge lag og foreiningar. Ordninga er ein del av fylkeskommunen sitt bidrag til Friluftslivets år.
nomi (Nibio) skal utføre ulike registreringar av sauebesetninger.
Våren 2026 er planen å feste GPS-sendarar på jerv. Desse dyra blir ikkje freda for skadefelling, ifølgje Hånsnar.
Ho fortel at det er sett heile atten kravpunkt dei vil oppnå med prosjektet, og at det er knytt store forventningar.
– Det er kjempeartig å få dette hit, det er med og sett oss på kartet, seier Hånsnar.
Ole-Gunnar
Fylkeskommunen har etablert ei ordning som skal leggje til rette for friluftsliv. FOTO: ARVE DANIELSEN / FJUKEN ARKIV / ILLUSTRASJON
Det bør bli lettare for helsepersonell å dele informasjon med politiet og PST om personar med psykiske lidingar som kan utgjere ein risiko for vald.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
Dette meiner regjeringa, som foreslår at samarbeidet mellom helsetenestene og politiet bør styrkast. Dei vil endre lovverket for førebygge vald og truslar frå personar med alvorlege psykiske lidingar.
Forslaga har som mål å førebygge alvorlege hendingar og styrke tryggleiken i samfunnet.
– Vi treng eit system som gjer det mogleg å avverge farlege situasjonar, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre i ei pressemelding. Han meiner dei nye reglane vil bidra til betre risikovurderingar i helsetenesta.
Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen legg vekt på at Politiets tryggingsteneste (PST) treng betre tilgang på informasjon i det førebyggande arbeidet mot terror og alvorleg vald.
dei
– Det er store forventningar knytt til dette prosjektet, seier Kari Hånsnar ved Lom og Skjåk landbrukskontor. FOTO: KARI MARGOT ODNES
Varslingsplikt ved permisjon og overføring Eitt av forslaga inneber at fagleg ansvarleg helsepersonell får plikt til å varsle politiet når pasientar under tvungent psykisk helsevern får permisjon, blir overførte til annan institusjon, eller blir utskrivne. Dette gjeld særleg dersom pasienten har vist teikn til å vere farleg for andre.
I tillegg skal helsepersonell ha rett til å kontakte politiet for å hente inn informasjon til bruk i eigne risikovurderingar.
PST skal kunne gje pålegg Regjeringa foreslår òg at PST skal kunne gje pålegg til helsepersonell om å utlevere bestemte opplysningar om pasientar. Dette kan til dømes gjelde informasjon om permisjonar, overføringar, vurderin-
Eitt av forslaga går ut på at ansvarleg helsepersonell får plikt til å varsle politiet når pasientar under tvungent psykisk helsevern får permisjon eller blir utskrivne. Dette gjeld særleg dersom pasienten har vist teikn til å vere farleg for andre. FOTO: ILLUSTRASJONSFOTO
gar av valdsfare og innhald i risikoplanar.
Det blir foreslått to alternative modellar: éin der PST kan gi slike pålegg direkte, og éin der dei først må få domstolsgodkjenning. Regjeringa har ikkje konkludert på kva modell som skal veljast, og ønskjer no innspel.
Hemmeleg utlevering
For å hindre at ein person får vite at det blir delt informasjon om han eller henne, vil regjeringa òg gi PST heimel til å pålegge helsepersonell teieplikt.
Det inneber at pasienten ikkje får vite verken at det er delt informasjon eller kva som er utlevert. Heller ikkje innsyn i journal skal givast i slike tilfelle.
Viktig førebygging
Regjeringa understrekar at desse endringane er nødvendige for å unngå at alvorlege truslar mot samfunnet utviklar seg uoppdaga. – Samarbeidet mellom helsetenesta, politiet og PST er heilt avgjerande for å førebygge terror og andre alvorlege truslar. Dette vil gi alle partar betre verktøy for å handtere krevjande situasjonar, seier justisminister Aas-Hansen.
Høyring før endeleg avgjerd Lovforslaga er no sendt ut på offentleg høyring, med frist 1. november 2025. Regjeringa oppmodar både fagmiljø og rettsinstansar til å kome med innspel før saka skal handsamast vidare.
– For å få tilstrekkeleg med datamateriale, er vi avhengige av hjelp frå publikum.
TOM ERIK SOLSTAD tom.erik.solstad@fjuken.no
Det seier Bjørn-Arild Sveen, vilt- og utmarksrådgjevar i Innlandet fylkeskommune, i ei pressemelding.
I 2024 vart prosjektet «Elgkalven Trampe» starta opp.
Prosjektet har fått støtte frå Innlandet fylkeskommune gjennom fylkeskommunalt viltfond. I 2025 er prosjektet trappa opp for å undersøke flest mogleg elgkalvar som blir funne døde eller som er så sjuke at dei må avlivast.
Forskarar vil finne ut kvifor elgkalvane er små og sjuke, og treng difor hjelp frå folk i NordGudbrandsdalen og Nord-Østerdalen.
Alle funn i ein radius på cirka
1,5 time frå Skjåk og Lesja er av interesse.
I Innlandet, som er kontrollområde for studiet, vart det undersøkt berre éin elgkalv i fjor.
– Vi ynskjer å få inn flest mogleg døde eller sjuke elgkalvar til undersøkingar. Vi er uroa for at vi blir råka av auka dødelegheit og redusert tilvekst hos elgkalvar også i framtida, seier Sveen.
Om du ser ein sjuk elgkalv
skal du ta kontakt med den lokale viltforvaltninga gjennom politiet på telefonnummer 02800. Om du finn ein død elgkalv kan du ringe éin av feltkontaktane i nærområdet.
Prosjektet «Elgkalven Trampe» er eit samarbeid mellom Veterinærinstituttet, Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud, Østfold, Innlandet og Trøndelag fylkeskommunar, Froland kommune og Norges jeger- og fiskerforbund.
frå folk i NordGudbrandsdalen. FOTO: FJUKEN/ ARKIV
Krefter AS har nå svart Vågå kommune.
KARI MARGOT ODNES kari.margot.odnes@fjuken.no
Kommunen sendte nyleg eit brev til Krefter der dei uttrykte bekymringar og misnøye over det dei har observert i og rundt Bårstadhallen. Nå har dei fått svar i eit brev som er signert Oliver Horvei, styreleiar i Krefter.
– Vi kan forsikre om at det ikkje føregår kryptomining i bygget. Anleggets hovudstraumtilførsel er framleis ikkje kopla til. Og datamaskinene som det antageleg er referert til, er i bruk er VPN-serverar til interne sikrings- og nettverkssystem, skriv Horvei. Han legg til at kommunen er velkomne til å inspisere bygget når som helst.
Når det gjeld opprydding, svarer han dette:
– Som vi tidlegare har opplyst om, så er vi godt i gang med opprydding. Om lag 456 660 tonn med utstyr er fjerna dei siste månadene. Og vi har ein fulltidstilsett som er dedikert til opprydding og vedlikehald. Han får også hjelp frå lokale entreprenørar. Arbeidet held fram gjennom sommaren.
Grunna oppryddinga, samt endringar og ny aktivitet på området som vil skje i nær framtid, ønskjer dei å vente med å sette opp att gjerdet som nå ligg nede. Men dei seier at dei er opne for å etablere mellombelse sikringstiltak, om det er ønskjeleg.
Fjuken har spurt kommunen om dei var nøgde med svaret og om kva som vil skje vidare. – Som eigar av bygget så vil kommunen sjølvsagt følgje opp dette vidare. Det er det einaste eg vil seie om saka på nåverande tidspunkt, seier kommunalsjef Pål Inge Sanden.
I eit svarbrev til kommunen avviser Oliver Horvei (bildet) påstanden om at det føregår kryptodrift i Bårstadhallen. FOTO: FJUKEN/ARKIV
OM KREFTER AS OG KREFTER SOLUTIONS AS
⚫ Krefter AS vart stifta i 2021.
⚫ Krefter AS inngår i eit konsern med totalt fire selskaper, der morselskapet er Ugna AS.
⚫ UGNA AS er eigd av Horvest AS og Niche Holding. Eigar av Horvest AS er Oliver Horvei og Niche Holding er eigd av Magnus S. Rønningen.
⚫ Krefter AS har datterselskapet Krefter Solutions AS, som har forretningsadresse i Bårstadhallen på Lalm.
⚫ Siste innleverte reknskap for Krefter Solutions i 2024 viser ei omsetning på 950.000 kroner. Driftsresultatet er på minus 953.000 kroner og eigenkapital var negativ med minus 3.094 000 kroner.
KJELDE: PROFF.NO OG PUREHELP
Vågå kommune har lyst ledig ei fast 100 prosent stilling som rekneskapskonsulent.
TOM ERIK SOLSTAD tom.erik.solstad @fjuken.no
Arbeidsoppgåver er mellom anna å føre prosjektrekneskap og bistå prosjekteigar ved rapportering, å bistå under månadleg lønskøyring, og kontroll
og kvalitetssikring av rekneskapstransaksjonar.
Ni personar har søkt på jobben. To av søkjarane er unnateke offentlegheit.
Dette er søkjarane:
1. Maria Eftevåg Melby (29 år, frisør), Vågå
2. Hege Grev (43 år, rekneskapskonsulent), Vågå
3. Kjell Ove Trondplassen (63 år, arbeidsledig), Garmo
4. Unnateke offentlegheit
5. Francisco Fodnes Bugueno (44 år, kjøkkenansvarleg), Nordre Toten
6. Ivica Toufarova (31 år, revenue manager), Ringebu
7. Miriam Holen Myrum (28 år, radiograf), Vågå
8. Unnateke offentlegheit
9. Ingunn Hanne Eide (59 år, fagleiar rekneskap), Vågå
Sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal. FOTO: ANDREAS ROKSVÅG/CIRKUS AGORA
Cirkus Agora er på vegen att etter fjorårets rekordsesong. I fjor var det historia som stod i sentrum - i år er det ungdom og framtid. I helga gjestar sirkuset Lom.
TOM ERIK SOLSTAD tom.erik.solstad@fjuken.no
– Å gjeva ungdom ei sjanse i manesjen er svært viktig. Ikkje berre er dei imponerande, men det er kjempeviktig for rekrutteringa av dei aller beste i bransjen. Det seier sirkusdirektør i Cir-
kus Agora, Jan Ketil Smørdal. Han lovar ei framsyning med mange overraskingar, mykje magi, og balansekunst i verdsklasse, når Cirkus Agora kjem til Grov i Lom sundag 13. juli. Årets show er sett saman av nummer med artistar frå Noreg i nord til Portugal i vest og
Ukraina i aust.
– Aller mest handlar sirkus om å skape magiske augneblink og møter mellom menneska i teltet. På sirkusspråket kallar vi dette Energia Fantasia, som både er mitt mantra som sirkusdirektør og tittelen på årets framsyning, seier Smørdal.
Støttar skulen med 300.000 kroner
– Ved å støtte den nye vidaregåande skulen bidreg vi til å sikre rekrutteringa av framtidige fagarbeidarar i regionen og nasjonalt. Dette er fagfolk vi treng.
TOM ERIK SOLSTAD tom.erik.solstad@fjuken.no
Det seier dagleg leiar ved Bygger’n Skjåk, Morten Tun-
drali, i ei pressemelding.
Bygger’n-kjeda ynskjer å bidra til etableringa av Jotunheimen vidaregåande skule i Lom, som skal sikre vidaregåande opplæring innan mellom anna byggfag.
På bakgrunn av dette vil dei tre Bygger’n-butikkane i Ottadalen støtte den nye skulen med 300.000 kroner. – Lokal skule gjev ungdom moglegheit til å bu heime, det
reduserer fråfall og sørgjer for at kompetansen blir igjen i distriktet. Vi tek vårt samfunnsansvar og ynskjer å bidra til å bevare eit konkurransedyktig lokalsamfunn med tilflytting og vekst – noko som er avgjerande for framtidig aktivitet og arbeidskraft i bygg- og anleggsnæringa, seier Tundrali.
Tek du turen til Lom 13. juli får du mellom anna oppleve den 15 år gamle linedansaren Claudia frå Tsjekkia, og hennar 10 år gamle bror Marco, som er sjonglør og speloppmakar. – Marco er definitivt sjarmtrollet i årets framsyning, slår sirkusdirektøren fast.
Luftakrobatikk, hundeshow og klovneri er blant andre innslag i manesjen i år. Fleire enn 85.000 publikumarar besøkte Cirkus Agora i fjor, som da vart ein rekordsesong.
– Å ha ein lokal skule er viktig for framtidas fagfolk og eit levande lokalsamfunn, seier dagleg leiar ved Bygger’n Skjåk, Morten Tundrali. FOTO: BYGGER’N
Andrea Dahye Preststulen gler seg til sommarferie og sommarjobb.
FOTO: ANDREA DAHYE PRESTSTULEN
Tidlegare har Fjuken sin ungdomsredaksjon skrive om Andrea som sleit med å få sommarjobb. No er sommaren her, og det løyste seg heldigvis i tide.
ANDRINE ANDREASSEN
Ungdomsredaksjonen
Sommarferien er i gang, og mange ungdommar har sommarjobb. Ein av desse er Andrea Dahye Preststulen, som skal jobbe på Vågåvatnet feriesenter.
– Det blir spennande, seier Andrea.
– Eg søkte på Vågåvatnet feriesenter fordi onkelen min er sjef der, og da var eg sikra
sommarjobb. Bror min jobba der da han var på min alder, seier Andrea
– Det er ein grei sommarjobb for ungdom å starte med, fordi det er ikkje så krevjande. Ein kan klippe gras, vaske hytter og leige ut båtar, seier Andrea.
Vågåvatnet feriesenter er plass med mange turistar. Det går an å leige hytter medan ein er på ferie, og det er nærme Vågåvatnet så da kan ein bade og fiske. Ein kan mellom anna leige kajakk, sup-brett og båtar.
– Eg gler meg til å starte å arbeide og å prate med folka som leiger hytter og kjem innom. Det blir artig å prøve ein ny sommarjobb, og eg er spent på korleis det går, seier Andrea.
Det vart ein vellykka dag for både små og store.
TOM ERIK SOLSTAD
tom.erik.solstad@fjuken.no Kommunane Skjåk, Lom og
Vågå har fått midlar frå Innlandet fylkeskommune til å jobbe med nettverksbygging, bulyst og hindre fråflytting.
Prosjektet går over tre år, har fått namnet «Bli hjå oss», og handlar om å auke bulysta i Ottadalen - både for dei som har budd her heile sitt liv, og for dei som er tilflyttarar.
Fråflyttinga frå området tydar på at ikkje alle opplever like stor «bli-lyst». Tilflyttingsstatistikken hjå kommunane viser at det ofte er tilflyttarar som flyttar ut att. Det er mange årsakar til dette, men kommunane veit at manglande inkludering og integrering er ein del av bildet.
Gjennom «Bli hjå oss» jobbar ottadalskommunane for å skape nye møteplassar og å utvikle eit levande nettverk for innbyggjarane - både til- og heimflyttarar, flyktningar og lokale som vil utvide nettverket sitt.
I samarbeid med Skjåk jeger- og fiskarlag, Skjåk Almenning og DNT Gudbrandsdalen, arrangerte Skjåk kommune gjennom prosjektet «Bli hjå oss» familiefiskedag ved Heimdalsvatnet i Skjåk sist helg. Næringssjef i Skjåk kommune, Tea Karoline Mork, fortel at det vart ein vellykka dag. – Her var det moglegheit for å delta på garnfiske, stongfiske og få opplæring i å lage ulike typar bål. Ove Lilleengen serverte ein inspirerande smak av tre-rettars på bål til alle som møtte opp, seier Mork. Familiefiskedagen ved Heimdalsvatnet vart både innhaldsrik og sosial for dei mange frammøtte.
Sætrekjeks 100–400g
Ikke-medlem? Sehyllepris -30%
-2 0% på ihelesommer burgere 3990
DR .OETKER
TRADIZIONALEPIZZA 385g.Prstk .Prkg103,6 4
PARTIVARE
Telefon 61 21 38 60 • redaksjon@fjuken.no • www.fjuken.no
Vegard Hosarøygard og Sunniva Langås-Røiland held konsert på Nordal si uteservering laurdag. FOTO:
Det var handarbeid i kvar ei ro i Ullinsvin i helga.
JULIE GARMO
julie.garmo@fjuken.no
Det var stort sett fullteikna kurs ein hadde med å gjere under årets utgåve av Ullinsvin ullfestival. Brikkevev, plantefarging, spinning og ullbroderi var blant det deltakarane kunne fordjupe seg i i Vågå i helga. Eitt av kursa var spesielt ettertrakta, fortel arrangør Ragnhild Jacobsen.
– Kurset i ryevev vart fullteikna nesten med ein gong. Det er ikkje så mange som held kurs i det, og vi har reklamert med at dei får veve med lokal og norsk ull. Å ha eit teppe i lokalt, norskprodusert saueull er det nok mange som tykkjer er triveleg. Deltakarane kjem frå alle kriker og krokar av landet, fortel Jacobsen.
– Snittalderen er nok rundt 50, men vi ser at det kjem fleire og fleire yngre. Det er jo det som er målet mitt - å nå dei. Det er dei som er framtida, som skal lære bort tradisjonshandverk vidare, når dei eldre er borte.
Brikkevev som ferieaktivitet Blant dei som hadde teke turen til Vågå denne helga var Elisa-
– Rokkane frå RokkemoRokkemorokken - er jo som Mercedesen av lokale rokkar, fortel Valbjør.
Desse rokkane er uvanleg velgjorde, heiter det, og har alle same hovudform. Mellom anna er dei kjenneteikna av konglane som dekorerar snellestavane på rokken.
Valbjør og Espelund er gode bussar, og bruker mykje tid på å reparere gamle rokkar.
– Det er nok mange rokkar som berre har vorte ståande som leike til borna, og til slutt blir det bakstved av det, seier Valbjør.
beth Letrud og Marianne Aune. – Vi ville lære noko nytt i ferien, så da tok vi turen hit. Det er løyle, det! seier Aune. Dei er hendige damer begge to, og driv vanlegvis mykje med handarbeid elles - som til dømes måling og strikking. No er det altså brikkevev dei deltek på kurs i.
Hekta på å spinne Ved eldhuset i Ullinsvin hadde Kai Valbjør og Jostein Espelund slått seg til for helga. Dei viste fram ei mengde rokkar, og formidla engasjert om lokal rokketradisjon.
Interessa for rokk fekk han gjennom Espelund. Espelund, på si side, har spunne rundt 50 kilo garn, fortel han. Opprinneleg var han «berre» rokkereperatør, men ettersom han også måtte «prøvekøyre» rokkane, fekk han ein smak av å spinne også. Det fekk han ikkje nok av.
– Det er meditasjon. Om kvelden spinn eg til eg sovnar, og på morgonen spinn eg til eg vaknar.
Laurdag kan du høyre toner frå både fjern og nær i Lom.
JULIE GARMO julie.garmo@fjuken.no
Suigard er ein duo som består av gitaristen Vegard Hosarøygard frå Lom og hardingfelespelaren Sunniva Langås-Røiland frå Bø. Dei har spelt saman sidan i haust, da dei møtte kvarandre som studentar ved Norges Musikkhøgskule.
Laurdag skal dei halde kon-
sert på uteserveringa til Nordal i Lom.
– Vi har med oss Kristen Bratås på el-bass og Iselin Aukrust på fele og vokal, så dette blir ein Suigard-konsert utanom det vanlege, seier Hosarøygard.
Publikum kan vente seg musikk med særskild fokus på
dansetakt, fortel lomværen. Duoen hentar inspirasjon frå både keltisk, amerikansk og nordisk folkemusikk.
– Med Suigard får du ei musikalsk oppleving i ny tradisjon som får det til å rykkje i dansefoten, seier gitaristen, som legg til at det er meldt fantastisk vêr laurdag.
Sørlie-Nordnes er eit kjend teaterfjes for mange i Ottadalen.
⚫ Ho er vinnar av Peer Gynt-stipendet: – Skal bruke alle pengane på billig mat
– Vi kjem heilt sikkert til å høyre mykje frå ho i åra som kjem, seier kunstnerisk leiar for Peer Gyntfestivalen.
JULIE GARMO julie.garmo@fjuken.no
– Det er utruleg stas. Det kjennes som ei stadfesting på ein er på riktig veg i livet, og at nokon ser verdien i det ein bruker tida si på.
Det er altså teater Åsne Sørlie-Nordnes (25) frå Vågå bruker mesteparten av tida si på. Det får ho nå Peer Gynt sitt talentstipend for.
– Åsne Sørlie-Nordnes viser eit intenst og sterkt engasjement for scenekunst. Ho utforsker alle aspekt ved kunstforma, og talentet hennar er både skapande, byggande og utøvande. Vi kjem heilt sikkert til å høyre mykje frå ho i åra som kjem. Ein verdig vinnar, seier kunstnerisk leiar for Peer Gynt-festivalen, Erik Ulfsby, i ei pressemelding.
For tida er Sørlie-Nordnes student ved Statens Teaterhøgskule. I søknaden sin til stipendet leverte ho skissa til teaterstykket ho skreiv og regisserte som ei oppgåve der i vårAv mor er du komen og til mor skal du bli.
– Den skissa er jo inga lang sak, men å få pris for det, er ei
slags avtale med meg sjølv om at dette er noko eg kan halde fram med å utvikle vidare seinare, fortel ho. Stipendet ho nå er tildelt ligg på 30.000 kroner.
– Eg har tenkt: kanskje eg skal bruke alle pengane på billig mat - tomatbønner og slikog isolere meg på ei hytte i skogen, og så berre skrive så lenge maten rekk! skrattar ho.
⚫ Blir delt ut kvart år under Peer Gynt-festivalen på Gålå ⚫ Eit talentstipend frå SpareBank 1 Gudbrandsdal, Gudbrandsdal Energi Holding, GD og Peer Gynt AS
⚫ Talentet kan vere innan scenekunst, musikk, bilete – alle sjangrar innanfor kunsten ⚫ Juryen for årets talentstipend er Erik Ulfsby (kunstnerisk leiar i Kulturfestivalen Peer Gynt), Jorunn Moshagen (rektor ved Fron Kulturskole), Patrick Huse (billedkunstnar), Solveig Brekke Hauknes (folkedansar og produsent) og Tom Martin Hartviksen (dagleg leiar og ansvarleg redaktør i GD)
Telefon 61 21 38 60 • tips@fjuken.no • www.fjuken.no
redaksjon@fjuken.no Tlf. 61 21 38 60
Julie syner stolt fram pokalen. FOTO: FJELLEVENTYRET
Den unge ryttaren vart både noregsmeister, kombinasjonsvinnar og bronsevinnar.
TOM ERIK SOLSTAD tom.erik.solstad@fjuken.no
Det er juniorryttar Julie Forreløkken Forberg i Skjåk som nå kan kalle seg noregsmeister, etter å ha delteke på Norsk Islandshestforening sitt NM på Biri 3.-7. juli.
Skjåkjenta, som fyller 14 år i august, gjorde det stort med å starte NM med å kvalifisere seg rett inn i A-finalen allereie torsdag. Fredag stilte Julie med hesten sin Gorgeir frå Perlamorki, som ho har ekstremt god kjemi med.
Julie stilte i disiplinen PP1, som er stilpass, for aller fyrste gong. Her tok ho sigeren og vart dermed noregsmeister i sitt fyrste NM.
Laurdag gjekk den unge ryttaren til B-finale i T1, tøltklasse. På ryttarfesten denne dagen vart Julie kåra til årets kombinasjonsvinnar som junior i NM 2025, som betyr at ho er den ryttaren som oppnår best samanlagtresultat i fleire ulike gangartsøvingar.
Men det stoppa ikkje der. Julie avslutta nemleg NM med å innkassere bronse i 5-gang F1ein stor prestasjon, der skjåkjenta også sette personleg rekord.
Trass i regntunge dagar på Biri, var hesten Gorgeir i kanonform under meisterskapet.
Julie er svært tilfreds med NM-prestasjonane sine, og ser
nå framover. – Eg ser fram til sesongen 2026. Da skal eg satse alt! I 2026 er det EM i Sverige og eg likar å setje meg hårete mål. Det er nok nærmast umogleg å koma inn på EM-laget, men det må vera lov å setja seg mål og drøyme, seier ryttaren.
Hanne Forreløkken var til stades under meisterskapet på Biri, og er stolt mor: – Eg tykkjer Julie fortener all den heideren ho nå har fått. Ho er dedikert og trenar enormt mykje, faktisk 365 dagar i året. Alt klaffa for henne under NM denne helga. Ho presterte veldig godt, og alt gjekk Julie sin veg. Ho har kjempegod kjemi med hesten Gorgeir som ho kjøpte for eit år sidan. Før det har ho hatt to andre hestar
I sommar blir det arrangert to løp i Ottadalen til inntekt for gode formål.
TOM ERIK SOLSTAD tom.erik.solstad@fjuken.no
Sundag 27. juli blir det arrangert mosjonsløp på idrettsbana på Lalm til inntekt for Norsk Luftambulanse si base på Dombås, og sundag 17. august blir det arrangert eit såkalla poteløp ved ljosløypa i Dønfoss i Skjåk til inntekt for Norske Redningshunder Jotunheimen lag.
Det er DNT Gudbrandsdalen som står bak båe velgjerdsløpa. Poteløpet er i samarbeid med det lokale redningshundlaget.
Prosjektleiar Heidrun Israelsen i DNT Gudbrandsdalen fortel at dette er fyrste gong dei arrangerer løp til inntekt for gode formål.
– Dette er løp med meining, og det hadde vore artig om vi hadde fått med mange på båe desse løpa i sommar, slik at vi hadde fått inn mange kroner til både luftambulansen og til redningshundlaget. Båe desse har vi stor nytte av i fjellet. Det er fint for oss i DNT Gudbrandsdalen å kunne bruke midlane våre lokalt og gjeva att til bygdene våre, seier Israelsen.
I mosjonsløpet på Lalm vil alle deltakarar få medalje. I tillegg blir det premie til den som gjennomfører flest rundar. Det blir to løyper; ei barnerunde på 400 meter og ei 4 kilometer lang hovudløype.
PRIVAT
– Det er gratis å vera med på løpet. Ein bestemmer sjølv kor mange rundar ein vil ta. Vi skaf-
far sponsorar som vil betale for antal rundar. Det blir også ut-
Fredag 13. juni var det duka for feiring av 50 årsjubilanten "Moberget Rundt" i Bøverdalen.
GURI HUSOM, turgruppa i Lom Idrettslag
Moberget rundt er eit terrengløp der alle aldrar stiller på startstreken. Nokon går, medan andre spring og tykkjer det er stas å følgje med på tida dei vert klukka inn til.
Denne jubileumskvelden stilte heile 65 personar på startstreken i Vassmyre, iført startnummer for anledninga. Den yngste denne kvelden runda tre år eit par dagar seinare, medan den eldste tok i vegen utan startnummer og har passert 80 år!
Før start fortalde ein veteran i miljøet i tidlegare Bøverdalen idrettslag, Asbjørn Hansen, om historia rundt det som no heiter "Moberget Rundt":
Moberget - Gratulerer med 50 år!
I byrjinga var starten ved Mobrua. Det vart ikkje kalla
Moberget rundt den gongen, men det starta som eit terrengløp, som vart sprunge båe vegar. Men traseen er framleis den same.
Starten av løpet vart flytta til
aren, som har fått med seg Marit Brekkum som løpsansvarleg. Samarbeidspartnarar er Gjensidigestiftelsen, Sparebank 1 Lom og Skjåk og Lalm Idrettslag. Det blir open kiosk på idrettsbana under heile arrangementet.
Poteløpet i Skjåk er eit hinder- og terrengløp der ein - saman med hunden - tek seg gjennom ei 2,5 kilometer lang løype. Ein kan gå, jogge eller springe. Det viktigaste er å ha det artig.
Løypa har ulike alternativ undervegs, og passar for alle. – Målet er at ein skal ha det artig saman med sin firbeinte besteven. Vi håpar dette blir ein stor sosial dag. Det blir mange klasser og dette er absolutt lågterskel og noko for alle, seier Heidrun. Ho fortel at det blir med mange frivillige frå redningshundlaget denne dagen. Det blir sal av grillmat under arrangementet.
Alle deltakarar får poteløpmedalje. Det blir også premie for stiligaste ekvipasje, største hund, minste hund og mest avslappa hund.
Mosjonsløpet har påmeldingsfrist 25. juli og poteløpet 3. august. Påmelding skjer via DNT Gudbrandsdalen si nettside.
trekkspremiar, der ei runde gjev eitt lodd, seier prosjektlei-
meg, og da vart nok namnet Moberget Rundt teke i bruk. Sidan vart starten flytta hit til Vassmyre. Mykje ungar og biltrafikk var ein dårleg kombinasjon. Det var eg som fekk fløtt det hit, da det her er både godt med parkering og leikeplass. Deltakinga har variert ein
del. På 70 talet deltok over 50 personar, i følgje Rønnaug Slålien, som var med i gruppa som arrangerte saman med Olav J. og fleire. For nokre år sidan var deltakinga så låg at det var prat om å legge ned. Da reiste Bøverdølane seg og no går det så det susar. 4 løp vår og 4 løp
haust.
Da det er usikkerheit om rekorden rundt løypa, er det skummelt å namngje nokon. Men det har vore mange gode prestasjonar med tider under 9 min. Mange har sprunge, andre har gått, men dei fleste i Bøverdalen har vore rundt Moberget på sin måte. Trivsel og trim vil eg kalle det.
Lykke til med fortsatt mange år! Etter løpet fekk alle deltakarar buff med logoen til Bøverdalen idrettslag, og med påskrifta Moberget Rundt på. Det vart servert grillmat og saft. Dei frammøtte kosa seg med kaffe, ladekake og kringle til langt utpå den varme kvelden, og mange av ungane bada til og med i bekken. Ein skikkelig triveleg kveld i Vassmyre!
– Draumen min er å bli skyttardronning.
KARI MARGOT ODNES kari.margot.odnes@fjuken.no
Synne Stubrud Aspen frå Vågå er ei lita jente med ein stor draum.
I tre år har ho vore med far Bjørn Tore på elgjakt i Synslia. Det har ratt vore så kjedeleg at ho har somna. Men ikkje kjedlegare enn at Synne er bestemt på å ville ta jegerprøve og ein dag jakte sjølv.
Vart fort hekta – Eg starta med skyting i fjor haust. Fyrste kvelden klarte eg 146 av 250 poeng, fortel ho stolt.
Ifølgje mor Mari tok det ikkje meir enn ein kveld før jenta var «bitt av basillen», og sidan har vore ivrig med på trening kvar tysdag.
– Kva er det som er så artig med skyting?
Synne dreg på det og tykkjer det er vanskeleg å forklare.
– Men det er i alle fall løyleg å slå han Iva når vi har veddemål om kven som er best, humrar ho.
Foreldra fortel at det er Iva Hidemstræet det er snakk om. Han er leiar for ungdomsutvalet i Vågå skyttarlag.
– Saman med Atle Bakken gjer han ein kjempejobb med rekrutteringa i Vågå, skryt Mari og Bjørn Tore.
Gler seg til stemne
Den unge ivrige skyttaren har nå meldt seg på sitt fyrste landsskyttarstemne, som i år blir arrangert i Kongsberg frå 1. til 8. august. Der er ho påmeldt i klassa nybyrjar ungdom og er den yngste frå Vågå som skal delta.
– Nervøs?
– Nei, seier ho bestemt - og er klar på at ho berre gler seg til å bruke ei ferieveke til skyttarstemne.
Mora fortel at Synne skal delta i baneskyting, finfelt (skyting på figurar) og NM i skogsløp. Og heile familien skal vera med.
Ladar opp med cup
Det er ferie frå treninga med skyttarlaget. Men neste helg skal Synne delta på Fjøssystemer cup i midtdalen, for å halde skyttarformen ved like.
Ho forklarar at det er viktig å vera konsentrert for å sikte godt.
– Er det lett å treffe blink da? – Ja, eg tykkjer det, smiler tiåringen.
Når denne artikkelen blir publisert er det ti frå Vågå og seks frå Lom og Skjåk som er påmeldt på landsskyttarstemnet. Neste år skal landsskyttarstemnet arrangerast på Lesja.
Ei tøff ung frøken med dilla på skyttarsporten.
FOTO: KARI MARGOT ODNES
Telefon 61 21 38 60 • redaksjon@fjuken.no
Mikkel Berg Smedsmo er ein dyrekjær gladgut - han og Heirums Raua får lov til å ynskje
Fjuken sin lesarar velkomen til årets sommaravis! Nå blir det opphald nokre veker med papiravis, men www.fjuken.no er oppdatert kvar dag også i sommar!
Synne Myrum (15 år), CAFÉ GJENDEOSEN
– Dette er fyrste sommarjobben min. Her steiker eg vaflar, står i kassa og tek oppvask. I tillegg er eg med på parkeringa og på kafeen Flye 1389. Eg blir kjent med mange nye folk og får språktrening. Det hender seg eg må ha hjelp frå Google Translate. Eg ville arbeide her ved Gjende fordi eg har vore mykje her og fiska i oppveksten. Eg likar meg godt her. Det er ingen som har så fin utsikt på arbeidsplassen sin som meg!
Simen Bakken (13 år), MOGARD
– Dette er min aller fyrste sommarjobb. Eg bur på gard, og har sjølvsagt hjelpt til der tidlegare år, men dette er fyrste gong eg har ein annan arbeidsgjevar enn far min. Her på Mogard er eg gardskar. Arbeidsoppgåvene mine er mellom anna plenklipping, søppelhandtering og ordne sengjeklede. Og elles forefallande arbeid. Det blir kanskje noko beising etter kvart. Sidan eg er så ung er det litt avgrensa kva eg kan gjera, men det er nok å finne på. Eg trivst godt her, og styrer dagane mine sjølv.
Iselin Aukrust (21 år), SENTRAL’N KAFÉ OG ISBAR
– Her på Sentral’n gjer eg eigentleg det meste - står i kassa, i oppvasken og er på kjøkenet. Det artigaste er kanskje at, sidan eg har vore her i så mange år, så kan eg rå meg litt sjølv og ta ansvar på mange ulike område. Eg har jobba her sidan 2019, så det byrjar å bli nokre år.
Tea Aamot (14 år), DØNFOSS CAMPING
– Her på Dønfoss camping vaskar eg sanitæranlegg og er med og serverer mat i restauranten. Det går mest i vasking, men eg trivst med det. Dette er fyrste året eg har sommarjobb her, og eg tykkjer det er ein fin arbeidsplass. Vi er tre frå klassa som har sommarjobb her på Dønfoss. Det er spennande å treffe folk, både norske og utanlandske. I fjor hadde eg sommarjobb på isbaren i Lom, så dette er fyrste året mitt som sommarhjelp på campingplassen.
av
Mange ungdomar brukar sommaren på å tene sine eigne pengar, få verdifull arbeidserfaring og ta sine fyrste steg inn i vaksenlivet. Vi har prata med ein del av ungdomane i Ottadalen som har sommarjobb.
KARI MARGOT ODNES kari.margot.odnes@fjuken.no
JULIE GARMO julie.garmo@fjuken.no
TOM ERIK SOLSTAD tom.erik.solstad@fjuken.no
Imøte med ungdomane har vi spurt om dei har hatt sommarjobb før, kva for arbeidsoppgåver dei har, om dei trivst og kva dei tykkjer er mest artig eller spennande med jobben.
Erling Bryn Folvik (19 år), NORSK FJELLSENTER
– Eg er frå Oslo, men eg har hytte her oppi. Eg hamna her, for det fyrste, fordi far min er klimaforskar, som samarbeider med fjellsenteret. I tillegg har eg vore mykje både her og på klimaparken, og har vore fascinert av istunnelen, så da søkte eg. Det virka som ein kul jobb å ha i sommar. Her på fjellsenteret sit eg i resepsjonen, slår på utstillinga, tek imot gjestar og gjev turtips. I klimaparken er eg guide i istunnelen. Det er gøy å prate med turistane som kjem - dei er interesserte og opne for å ta imot råd. Og så stiller dei interessante spørsmål, som eg ikkje har tenkt på før. Det er kult!
Jonathan Flåtten (16 år), BESSHEIM FJELLSTUE OG HYTTER
– Dette er min andre sommarjobb. Ifjor var eg på Bakeriet i Lom. I år ville eg prøve noko nytt. Her har eg fleire oppgåver. Eg serverer, tek oppvask og vaskar rom og hytter. Eg likar å møte folk og at det er varierte oppgåver. Og så er vi ein fin gjeng her som har det sosialt og trivleg i lag når vi har fri mellom vaktane. I går kveld var vi på Gjende og fiska, fortel Jonathan som tykkjer det er godt å ha noko å gjera i ferien.
Torjus Eiesar-Moen (15 år), SKJÅK KOMMUNE
– Dette er tredje året eg har sommarjobb, men fyrste året som vaktmeister i kommunen.
I fjor var eg på Power på kjøpesenteret, og året før det var eg avløysar. Dagane mine som vaktmeister i kommunen er varierte, og består av å klippe plenen, reparere ting og bistå der det trengs. Eg er mest på Skjåkheimen. Det er spennande å ha sommarjobb som vaktmeister i kommunen. Ingen dagar er like. Eg har varierte oppgåver og trivst godt i jobben.
– Dette er andre året eg arbeider her på Bessheim. Eg likte meg så godt her at eg ville fortsetja. Det er eit sosialt og godt arbeidsmiljø her. Oppgåvene mine er å servere, vaske rom og hytter, stå i oppvasken og klyppe plen. Eg har også vore med å beisa hus.
Eirin Røe Valbjørsløkken (15 år), BESSEGGEN FJELLPARK – Det er fyrste sommaren eg arbeider her på Maurvangen, men eg har hatt ein sommarjobb på bensinstasjon tidlegare. Her står eg i kassa, vaskar hytter og sanitæranlegg, hjelper til på kjøkenet og serverer. Det er svært godt arbeidsmiljø her med mykje artige og fine folk, så eg trivst.
UNGDOM
Marit Stenersen (13 år), COOP PRIX BRUVOLL
– Eg har ikkje arbeidd her tidlegare. Dette er fyrste året mitt. Her i butikken har eg mellom anna ansvar for brødvarer om morgonen. Eg er ikkje gamal nok til å vera i kassa, så dagane består av å fylle inn varer i hyllene, og rydde i butikken. Eg har fri 2–3 dagar i veka. Eg tykkjer det er spenannde å jobbe her, for eg treffer så mykje folk. Og mange blir så glade når dei får hjelp til å finne varer dei lurar på.
Liv Gråv (14 år), FOSSBERG
– Dette er andre året mitt på Fossberg. Eg jobbar med rydding, oppvask, å stå i kassa, servering og slike ting. Eg jobbar i kaféen og med frukost. Det artigaste med jobben er å prate med folk og å lære mykje nytt.
Eline Øyen (15 år), VÅGÅHEIMEN
– Dette er mitt andre år med sommarjobb. I fjor var eg på veterinærklinikken Logre. I år ville eg prøve noko anna, og valde Vågåheimen fordi eg ville jobbe med folk. Her går eg tur med bebuarar, henter klesvask og hjelper til under måltid.
Amund Rønning Lien (22 år), AKTIV I LOM
– Eg jobbar både på zip-linen og i aktivitetsparken ved Sport 1. Her ved zip-linen driv vi for det meste med å ta imot betaling, ha på sele og gje instruksjonar til turistane som skal køyre over. Vi må ta dei imot på den andre sida, så vi er alltid to på arbeid. På aktivitetsparken er vi klatreinstruktørar og forklare korleis ein brukar utstyret, i tillegg til at vi hjelper til dersom det er einkvan som slit i klatreparken. Vi har også ansvar for klatretårnet. Det beste med jobben er at vi kan jobbe ute om sommaren. Istaden for å sitje innestengt på ein butikk eller ein restaurant, til dømes, og sjå at sola skin ute, og du mykje heller kunne tenkt deg å vera ute i varmen, så kan du både vera ute i varmen og jobbe samstundes.
Frida Christiansen (15 år), BESSEGGEN FJELLPARK
– Eg har jobba her på Maurvangen i to år nå. Eg tykkjer det er fint her og likar å møte folk frå heile verda. Arbeidsoppgåvene går for det meste i vasking av hytter, sanitæranlegg og inne på kafeen, hjelpe til på kjøkenet og stå i kassa. Eg skal ha ei veke med ferie, elles skal eg arbeide heile sommaren. Når eg er på jobb så bur eg oppå her.
Youmna Almohammed (17 år), VÅGÅ KOMMUNE – Dette er den fyrste sommarjobben eg har. Det er mange og varierte arbeidsoppgåver. Slik som å klyppe gras, stelle plantar og søppelhandtering. I dag fjernar vi buskar og plantar ved kommunehuset, og skal plante nye. Det er ein lærerik og koseleg jobb.
Tuva Prestjordet (16 år), INTERFIL
– Dei to siste åra har eg hatt sommarjobb på Gjeilo camping og året før det på Smak i Lom. Dette er fyrste sommaren min på Interfil. Her skal eg vera i fem veker. Eg jobbar i produksjonen, og arbeidsoppgåvene mine er mellom anna å stelle til og pakke filter, og ha på etikett på eskene. Eg trivst godt, og tykkjer det er spennande å prøve noko heilt anna enn det eg har gjort før. Ein annan ting som er fint med å vera på Interfil er at arbeidsdagen startar tidleg om morgonen og sluttar tidleg om ettermiddagen, slik at eg får ein del fritid etter jobb. Det er også godt å ha fri kvar einaste helg.
Patriks Cinitis (19 år), NORDAL TURISTSENTER
– Eg kjem frå byen Ogre i Latvia, men hamna her fordi far til kjærasten min arbeider på kjøkenet her. Dette er den andre sommaren min her på Nordal. Eg jobba her fyrst sommaren 2022, og bestemte meg for at eg ville kome attende i år, for å tene pengar etter å ha fullført obligatorisk forsvarsteneste. Å kome til Lom er det beste valet, eg likar veldig godt å vera her. Eg arbeider i begge resepsjonane og i kaféen. Eg tek bestillingar, serverer, vaskar bord og hjelper folk. Det beste med å jobbe her er åpenbart pengane, for eg tener langt betre enn i Latvia. Og eg likar veldig godt denne plassen. Det er knapt fjell i Latvia, så å vere omringa av denne naturen, og å gå ut i fjella etter jobb, er heilt surrealistisk. I tillegg er det eit ungt arbeidsmiljø, og det er veldig fint. Vi har det veldig morosamt saman.
Forhandler av Citroën, Kia og KGM Nye Citroën ë-C3 Aircross
Forhandlar av Citroën, Kia og KGM
Tone og Knut var opptekne av å behalde identiteten til turisthytta da nye møblar i peisestua skulle kjøpast inn. FOTO: ARVE DANIELSEN
Ola som sist veke tok sveineprøva som tømrar «heime» i Glitterheim. FOTO:
Glitterheim skal førebuast for solenergi. – Dette blir spennande, seier vertskapet Tone og Knut Vole. Ekstra spesielt var det at sonen Ola sist veke tok fagprøva som snikkar «heime» i Glitterheim.
ARVE DANIELSEN (Frilansar)
– Vi er i gang med å isolere opp att, vindtette og skifte all utkledning på hovudbygningen. Alle vindauge blir skifta, og neste år er det nytt tak og solceller som skal monterast for at Glitterheim skal gå på sol, fortel vertskapet Tone og Knut Vole.
Det betyr at det har vore stor aktivitet av snikkarar i Glitterheim inst i Veodalen, dei siste vekene. Og det spesielle for vertskapet med dette, er at sonen Ola som er lærling hjå hovudentreprenør Brun
Bygg AS, sist veke avla sveineprøve som tømrar «heime» i Glitterheim. Sensoren gav han «bestått» for arbeidet.
Meir om Ola og sveineprøva seinare.
Stort framskritt I 2007 tok Tone og Knut Vole over som styrarar etter foreldra til Knut; Solveig og Ole Vole. Det året kunne Glitterheim som første DNT-hytte markere hundre vintersesongar.
I løpet av dei 18 åra Tone og Knut
har vore vertskap har det vorte gjort fleire oppgraderingar. I 2013 vart det sett opp nytt garasjebygg med lagerplass, i 2018 kom nytt reinseanlegg med kjemisk reinsing og i 2019 stod ny sjølvbetjening med 20 sengeplassar ferdig. Kjøkkenet fekk ei oppgradering i 2013. – Det vart lagt nytt golv og nye overflater på vegger. Vi fekk nye maskiner og utstyr, større fryseri og lager i kjellaren, seier Tone. Ho rosar turistforeininga til å
vera flinke til å oppgradere kjøkkenutstyr.
– Det var eit stort framskritt da vi fekk to kombidamparar, seier ho.
Installert ledljos
For to år sidan fekk turisthytta ei etterlengta oppgradering med nye møblar i peisestua, og totalrenovering av dusj- og toalettavdeling i kjellaren, alt takka støtte frå Sparebankstiftelsen DNB.
Sommaren 2022 vart det installert ledljos i alle rom, samt nattlampar og ladeuttak ved kvar seng på romma.
– Det var eit stort framskritt å få kasta ut talgljos frå alle rom. Det var ei stor hugsott. Mykje spor etter svidde hyller, talg alle plasser, for-
tel Tone.
Mange ladar telefonane sine sjølv om det ikkje er mobildekning på Glitterheim og i Veodalen. Kontoret på turisthytta har internett via satellitt. – Vi ønskjer ikkje mobildekning. Det er noko med det at folk ikkje sit med telefonane sine, men heller pratar med kvarandre, seier ho.
Grøn energi
Nå står Glitterheim framfor si største oppgradering på mange år. Den Norske Turistforening har som målsetting å skifte ut all fossil energi på hyttene innan 2030. Krækkja på Hardangervidda er først ute, som allereie i sommar kuttar dieselforbruket til fordel for
solenergi. Neste år
I 2023 vart dusj- og toalettavdelinga i kjellaren totalrenovert. Kjenner du deg att? Ja, det er frå damegarderoben. FOTO: ARVE DANIELSEN
Vole har vore lærling i Brun Bygg AS, som er hovudentreprenør for arbeidet som blir gjort på Glitterheim. FOTO: ARVE DANIELSEN
Ei utviding av spisesalen har lenge stått på ønskjelista. FOTO: ARVE DANIELSEN
isolert med ti centimeter, vindtetting med plater, duk og ny kledning. Neste år blir det nytt tak, montering av solcelle og nytt inngangsparti.
– Frå hausten 2026 skal Glitterheim gå på sol, dersom alt går som planlagt. Dette blir spennande, seier vertskapet.
Innsparing
Dieselaggregatet i Glitterheim blir i dag køyrt morgon og ettermiddag/kveld.
På spørsmål om satsinga på solenergi betyr at dei skal kaste ut dieselaggregatet, svarar dei at det hadde vore det ideelle, men at dei skal ha anlegget som reserve.
– Nå brukar vil atten tusen liter diesel i året. Vi har som mål å redusere forbruket med 80 prosent. Det vil gje ei innsparing på 200.000 kroner i drivstoff. Ved dårleg vêr om hausten, vil solcelleanlegget produsere mindre straum. Da kan det vere aktuelt at aggregat slår inn att, forklarar
Knut.
Han fortel at sol kombinert med pelletsovn vil gje tilnærma hundre prosent fornybar energi på Glitterheim.
– Det betyr at vi kan ha på varme og at det er ein lunk når vi kjem her om vinteren, seier Tone.
Likar å gå i fjellet
Ola Vole (19) er femte generasjon på turisthytta ved foten av Glittertind. Oppgåva i sveineprøva var å kle ein vegg og sette inn tre nye vindauge på laftabygget som tipp-tippoldeforeldra hans var med og sette opp på slutten av 1890-talet, til opninga av Glitterheim i 1901.
Toline og Knut Storsteinrusten var styrarar på Glitterheim frå 1901-1910.
Ola er oppvaksen på Glitterheim, og har sprunge i gangane der sidan han lærte å gå.
– Eg har vore her kvar sommar og påske. Eg likar best påska. Da er det roleg og godt her. Ein er meir isolert utan bilveg, seier
I 2019 vart Glitterheim tildelt heidersprisen frå Norsk Friluftsliv, ei anerkjenning til fire generasjoner Vole for imponerande virke som vertskap på Glitterheim sidan DNT-hytta i Veodalen vart opna i 1901. FOTO: ARVE DANIELSEN
Ola.
Han likar å gå i fjellet og jaktar både elg, hjort og rådyr.
– Eg har aldri jakta fugl. Eg har ikkje samvit til å skyte rype, seier han.
Kjekt å kunne snikre
Ola valde byggfag i Lom da han byrja på vidaregåande skule. Læretida tok han fyrste året i Jotunheimen Bygg AS i Lom og Brun Bygg AS i Vågå, andre og siste året.
– Eg har fått vore med på mange DNT-prosjekt. Artig å få vera med og sjå på andre hytter, fortel Ola.
– Kvifor valde du å satse på tømrarfaget?
– Det er greitt å kunne, same kva ein skal seinare i livet. Dersom eg skal byrja her ein dag, er det kjekt å kunne snikre. Eg har vokse opp her og håpar eg får sjansen ein dag til å ta over, seier Ola Vole som syntes det var stas å få ta fagprøva i Glitterheim. Fredag fekk han resultatet av sveineprøva.
– Eg er tilfreds med at eg fekk «bestått» på prøva. Det blir godt å ta ferie med den i boks.
⚫ Her kjem dei tilsette frå 12 ulike land:
– Har ikkje tid til å ha heimlengsel
Dei tilsette ved Bakeriet i Lom kjem frå ulike land over heile Europa. Mange av dei kjem att år etter år.
JULIE GARMO julie.garmo@fjuken.no
– Eg kan ikkje seie eg saknar spansk sommar, seier spanjolen Magnus Egea (26). – Det er 40 grader der. Eg treng kald, frisk luft. Han er blant dei 34 internasjonale bakeritilsette som oppheld seg i Lom denne sommaren. Det har han gjort dei siste sju åra.
– Eg kom hit fyrst fordi syster mi bur i Garmo. Eg likar godt å vere her om sommaren, hjelpe henne litt med ungane og jobbe litt på bakeriet, før eg reiser attende til Spania,
der eg studerer arkitektur.
– Ottadalen kan tilby ei unik totalpakke
Om lag halvparten av dei som arbeider ved Bakeriet i Lom i sommar kjem frå utlandet, opplyser dagleg leiar, Heidrun Marstein. – Mange ynskjer å arbeide hjå oss fordi vi er eit kjend bakeri. I tillegg er det mange utlendingar som kontaktar oss fordi dei ynskjer å kombinere jobb med opplevingar i norsk natur og fjell. Eg trur mange i Ottadalen ikkje heilt forstår kor unik den totalpakken vi kan tilby er, seier ho. Ho fortel at bakeriet aktivt leiter etter sesongarbeidarar sjølve. Dei bruker rekrutteringsbaser som blir offentleggjort både i Noreg og i EU. Rekrutteringa frå utlandet heng saman med talet på nordmenn som utdannar seg innanfor bakarfaget. Tal frå Utdanningsdirektoratet vi-
ser at det var 43 elevar som søkte seg inn på vg3 bakarfag i 2025. Dei siste ti åra har talet lege mellom 41 og 58 søkarar i året.
– Eg skulle ynskje rekrutteringa til bakarfaget her i landet var sterkare, men per i dag er det ikkje mogleg for oss å finne alle bakarane i Noreg. Dei siste åra har bakeriet hatt samarbeid med bakeskular i England og i Belgia, som sender lærlingar nordover. Blant dei er 18 år gamle Siska Santy, som flytta til Lom frå Belgia i vår.
– Læraren min var innom bakeriet på ein tur til Noreg, og fann ut at det kunne vera ein fin plass å sende lærlingar. Eg er den fyrste lærlingen skulen min har sendt hit, fortel ho. Santy har fått merke forskjellen på eit belgisk og eit norsk bakeri.
– Her får eg jobbe meir med surdeig, kanelsnurrar og den type bakst. I tillegg arbeider eg meir med
hendene enn eg gjer i Belgia - der brukar vi maskiner meir.
Ho er snart ferdig med lærlingtida i Lom, men utelukkar ikkje at ho kjem attende på eit seinare tidspunkt.
Sommaren går fort
Det er ikkje uvanleg at sesongarbeidarane ved bakeriet kjem attende år etter år. Vladan Kriz (49) frå Tsjekkia teljer sin 16. sesong ved bakeriet.
– Eg har ein ven frå Tsjekkia som har budd i Lom lenge, og i 2008 spurte Morten Schakenda om han kjende nokon tsjekkiske bakarar. Eg har gått bakarskule, så i 2009 kom eg for fyrste gong - og sidan da har eg vore her kvar sommar, med unntak av i 2010, fortel han.
Gjengen frå bakeriet fortel om ei sosial fritid, med middagar, turar og godt samhald som smittar over på arbeidsmiljøet. Fordi det er korte
leiar
å
Kriz frå Tsjekkia, Siska Santy frå Belgia, Magnus Egea frå Spania og Damian Kubinski frå Polen er blant dei internasjonale arbeidarane ved Bakeriet i Lom i sommar. FOTO: JULIE GARMO
avstandar mellom bustadane deira, er det låg terskel for å møtast etter arbeidstid.
– Har de nokon gong heimlengsel?
– Eg har ikkje tid til det, skrattar polske Damian Kubinski (35). Dette er den sjette sommaren hans i Lom - og dette året har han heldt til her utanfor sesongen også.
– I høgsesongen har du eigentleg ikkje tid til å tenkje. Vi er travle på arbeid, og har det herleg etter arbeid, så sommaren går veldig, veldig fort, seier Egea. Han skal bli ut august. Kriz blir ut september, og Santy blir ut juli.
– Og eg blir her til den fyrste snøen fell, seier Kubinski med eit glis.
— Styrke for miljøet Bakerisjef Marstein er tydeleg på at ho ser det som ein styrke med eit internasjonalt miljø.
– Det er ein fordel. Vi har svært
mange utanlandske gjestar, og det at vi i sum kan møte kundene våre på mange språk, er ein styrke.
På jobb på bakeriet går praten på engelsk, slik at alle har moglegheit til å delta i samtalene, uansett om du kjem frå Noreg, Spania eller Storbritannia.
– Vi lærer av kvarandre, både fagleg og kulturelt - og vi gjer mykje saman når vi ikkje er på jobb. Det betyr at mange byggjer venskap på tvers av landegrenser og alder gjennom ein sommar på bakeriet. Vi har lykkast om dei som arbeider hjå oss kjenner seg rikare på opplevingar og minner når dei reiser att, enn da dei kom.
– Eg er svært tilfreds med, og stolt av, laget vi har hjå oss i år, avsluttar ho.
Fjelldronning 4H i Lom var blant klubbane som deltok på 4H sin fylkesleir.
ODDRUN LØKKEN
Lesarbidrag
Frå torsdag 26. til sundag 29. juni var det fylkesleir i 4H på Granavollen. Leiren samla over 140 deltakarar frå 11 4H-klubbar i gamle Oppland fylke.
Fire medlemmar og tre leiarar frå Fjelldronning 4H deltok, og dei storkosa seg i fire dagar med ulike aktivitetar.
Torsdag ettermiddag og kveld var det bli-kjent-leikar og sosialt samver på Sanne skule, der leirområdet var.
– Eg har gledd meg til å bli kjent med andre 4H-arar, så sjølv om det var litt skummelt fyrste kvelden, var det mest gøy», seier Rønnaug Mo (9).
Korkje ho eller dei tre andre deltakarane hadde vore på leir før, så sommarfuglane i magen var mange denne kvelden.
Fredag var alle leirdeltakarane på Hadeland Folkemuseum, der det var ulike aktivitetar.
Blant anna laga dei kunst av grønnsakar, som dei fekk lov å eta etterpå.
På museet var det au ein salamanderdam som vart granska, men salamander fann dei ikkje.
– Det hadde vore gøy å sett ein salamander, men det var
Jendine, Rønnaug, Tiril og Einar framfor leirplassen. FOTO: LIV BERIT SØRHAGE FAGERli
Tiril, Rønnaug og Jendine fann snyryl på Hadeland Folkemuseum. FOTO: ELIN HUSOM
Jendine og Tiril med maleria sine. FOTO: LIV BERIT SØRHAGE FAGERLI
mykje anna å finne på på museet au. Også var det så fint der! seier Jendine Husom Slålien (9) og Tiril Fagerli (10). Sjølve aktivitetsdagen var laurdag. Da hadde deltakarane på førehand valt seg aktivitetar å delta på, ein før lunsj og ein etter.
Einar Marstein Kvandalsvoll (10) var på fisking før lunsj, og
drog i land sin fyrste abbor.
– Han var litt liten, så eg er ikkje heilt tilfreds, sa han etterpå.
Jendine var på maling fyrst på dagen og på sløyd etter lunsj.
– Eg tykte det var mest spennande med sløyd, men maling var også løyleg! Sløyd deltok Rønnaug og Ei-
nar på au, og som Jendine laga dei seg fine kjøkenreiskap i tre. Rønnaug laga seg også ein skikkeleg gjetarstav.
– Denne skal eg bruke på setra i sommar. Tiril hadde valt seg maling og hest som aktivitetar, og gleda var stor da ho møtte att dølahesten Erik, som ho hadde ridd og stelt i Stall Kroken i Lom for nokre år sidan. – Tenk at eg møtte han att på Hadeland! Eg vart så glad! I tillegg til dei oppsette aktivitetane, var det kvar kveld miljøtorg på leiren. Her var det OPAL 4H, dei som har fullført 4H-løpet og som framleis er aktive i 4H, som hadde open kiosk og spelte musikk og laga aktivitetar for dei andre delta-
Fjelldronning-gjengen i miljøtorget under fylkesleiren i 4H. FOTO: ODDRUN LØKKEN
Tiril møtte att hesten Erik. FOTO: LIV BERIT SØRHAGE FAGERLI
karane.
Her var det stas å vere utan dei vaksne leiarane som var med frå klubben, og spela spel, danse og berre ha det gøy saman med dei andre ungane på leir.
– Det som skjer i miljøtorget, det blir i miljøtorget, var slagordet her.
Den tradisjonelle volleyball-
Einar og Rønnaug. FOTO: ODDRUN LØKKEN
turneringa sundag deltok ikkje lomverane i, men dei gjorde ein heiderleg innsats i tautrekkingskonkurransen mellom dei ulike 4H-klubbane. Noko dei derimot utmerka seg i, var naturstigen med kunnskapsspørsmål som var arrangert under leiren. Her hadde dei fire deltakarane frå Fjelldronning 4H alle svar rett,
Rønnaug med gjetarstaven sin. FOTO: ODDRUN LØKKEN
og fekk fyrstepremie for det på avslutninga sundag ettermidag. Premieringa avslutta eit kjempefint leiropphald for 4Harane frå Lom, og dei ser allereie fram til leiren neste år. – Vi skal trene på volleyball i vinter - og på tautrekking, og vi gler oss til å treffe att dei nye venane våre neste sommar. Det var så løyleg å vera på 4H-leir!
Einar på fisking. FOTO: RUTH EDEL KVÅLSHAGEN
Kveum er ein av landets fremste leirdueskyttarar.
Vegar Kveum (25) frå Skjåk driv i toppen av ein mental idrett. Det er på tide å få han ut av skuggen.
HANS ERIK KJOSBAKKEN hans.erik.kjosbakken@fjuken.no
Han vart med på flyttelasset frå Otta til bruket Sagen i Billingsdalen, «ein plass ingen kunne tru at nokon kunne bu», da faren tok over familiegarden for rundt sju år sidan.
– Det er heilt greit å bli skjåkvær, seier 25 år gamle Vegar Kveum - ein av landets beste leirdueskyttarar.
Det er skyting dette skal handle om, ikkje buplassen.
Oppvaksen på Otta, og med interesse for jakt og skyting sidan tidleg ungdom, har Vegar utvikla seg til å bli blant dei beste med våpen. For mange skjåkværar, og ottadølar elles, har han kanskje hamna litt i skuggen av skyttarkongen Tor Gaute Jøingsli. – Eg var vel rundt 11 år da eg byrja å skyte. Sjølv om eg var med «sjølen» på jakt frå eg var liten, kunne dei turane bli så lange at jaktinteressa kom noko seinare.
Han byrja med hagle, rifleskyting
tok han til med litt seinare.
– Stort sett kvar helg går med til skytetrening og konkurransar, fortel han. Slik dedikasjon og innsats har gjeve gode resultat.
Han er blant anna norsk meister i juniorklassa, i figurjakt og noregsmeister i nordisk jaktskyting som junior. Ikkje nok med det, han har vunne fylkesmeisterskapen to gonger i jegertrap og to gonger i elgbaneskyting og Opplandscupen i leirdue tre år på rad.
– Det har vorte nokre medaljar som junior ja. Det har gått bra også som senior, men ikkje klaffa slik at eg har gått heilt til topps - ennå, seier han. Men, det er ein ganske så stor og populær idrett, så eg tykkjer det er bra eg, seier han roleg.
Vegar er ein lugn kar, noko ein må vera om ein god skyttar skal bli.
– Det er ein mental idrett, og det er ikkje for ingenting at vi kallar NM for «nervøse menneske». Nervene er der, sjølv etter mange år med skyting, det meste skjer utifrå mus-
kelminne - at kroppen veit kva den skal, men nerver og press under ein konkurranse kan føre til mykje rart. Ein kan fort bli for ivrig når det går bra, seier han.
I Skjåk er miljøet for leirdueskyting lite, eller rettare sagt fråverande.
– Sidan det ikkje er nokor bane for leirdueskyting her, må eg av stad. Eg må nedover dalen kvar helg, og i konkurranse skyt eg for Ringebu jeger og fisk. Heime i Billingsdalen er det vanskeleg å få laga
ei bane da det er nært både elv og veg. Han fortel at det har vore prat om ei bane i Botn.
– Om ein kunne fått samla all skyting der, kunne alt som har med støyande idrett vorte samla - sidan det også er eit anlegg for motorsport frå før, seier han.
I sommar er det to store konkurransar som ventar; NM i jegertrapp og NM i elgbane, den fyrste meisterskaen med hagle, den neste med rifle.
– Den store forskjellen mellom desse konkurransane er at ein må roe heilt ned med rifla, tenkje avtrekk. Med hagla og leirdue må ein gire opp.
Vegar Kveum er som sagt ein lugn kar, men med ein enorm dedikasjon til idretten sin, og han er blant dei beste i landet. Eller, som han sjølv dristar seg til å seia: – Eg har vorte relativt god. Det trur vi på at han er, ettersom han vel bort alt anna og tek av stad helg etter helg for å skyte.
Betongkrukker har hagegruppa laga sjølve. FOTO: KARI MARGOT ODNES
I kjøkenhagen er det allereie bygd pallekarmar som snart skal fyllast med etande vekster. Det er også lagt belegningsstein. FOTO: KARI MARGOT ODNES
Med fleire hagar og nye grøne soner er uteområdet til Vågåheimen i ferd med å bli ein oase.
KARI MARGOT ODNES kari.margot.odnes@fjuken.no
Etter å ha teke dei fyrste spadetaka i fjor, held hagegruppa på Vågåheimen fram arbeidet med å utvikle uteområdet. Nå er det kjøkenhagen som står for tur.
Vekster du kan ete
Ein hage plassert i eit lunt hjørne mellom kjøkenet og dagsenteret.
– Her skal det plantast vekster som tilsette på kjøkenet og brukarar av dagsenteret kan nytte seg av. Slik som frukttre, bærbusker, salat og grønsaker, fortel Eldbjørg Gården i Vågå demensforening, som leier an prosjektet.
– Også her, som resten av uteområdet, blir det universelt utforma med gangstigar som er enkle å ta seg fram på, fortel Kai Valbjør vidare og legg til at kjøkenhagen vil vera ferdig i løpet av kort tid.
Eldbjørg og Kai har med seg Steinar Løkken, som er prosjektleiar for heile ombygginga av Vågåheimen, og viser resten av området. I år byrjar resultatet av fjorårets arbeid verkeleg å vise seg.
Snart kan ein nyte sommarlege smakar som jordbær og rabarbra, kirsebær og moreller. Og det blomstrar frodig i både potter og bed.
Han kan ikkje få sagt nok kor viktig arbeidet til hagegruppa er – både for kommunen og folk som bur her.
– Det er ein ny, fin plass for bygda vår. Det er nesten så vi kan kalla det for parken vår. – Og det er viktig å frå fram at
hagen er for alle, sjølv om den fyrst og fremst er for bebuarane. Vi har merka at bebuarane også blir glade av å sjå at det er folk ute i hagen her, legg Eldbjørg til og oppmodar folk til å besøkje hagen så mykje dei vil. Eldbjørg vil også nytte høvet til å takke Skjåk gartneri for gode råd og hjelp til val av planter og vekster.
Samstundes vil ho presisere at ikkje alt er kjøpt.
– Hagegruppa har sjølve drive fram plantar til ein verdi for om lag 15.000 kroner, fortel ho stolt.
Uteområdet byrjar nå å bli såpass stort at Brødrene Formo er hyra inn til å lage skilt som gjer det meir oversiktleg.
– Til glede og nytte
Når kjøkenhagen står ferdig kan dei 25 friviljuge i hagegruppa gå vidare til sansehagen og inngangspartiet.
– Vi visste vel ikkje heilt kva vi sa ja til da vi tok på oss dette ansvaret, men vi angrar heller ikkje. Det er eit arbeid som er både til glede og til nytte. Vi ser det er av stor verdi for mange, og da er det berre triveleg å kunne bidra, seier Eldbjørg og Kai.
Blir lagt merke til Arbeidet blir lagt merke til an´stann òg. Steinar Løkken fortel at Husbanken har invitert seg sjølve på besøk for å sjå Vågåheimen og det nye uteområdet med eigne auger.
Og 9. september skal Kai Valbjør fortelje om samarbeidet mellom demensforeininga og kommunen på markeringa av Alzheimerdagen på Reinsvoll. tit
Her skal vi byggje glasvegger og dermed få eit drivhus i den nye hagen, fortel Eldbjørg og Kai. FOTO:
blir ein
– Dette er eit lagarbeid, understreker Eldbjørg Gården, Kai Valbjør og Steinar Løkken, og roser Knut Haugen og Helge Haugen i Ottadalen anlegg for godt grunnarbeid - som dei meiner er heilt avgjerande. FOTO: KARI MARGOT ODNES
Mykje pent å kvile augene på i bed og potter ved Vågåheimen. FOTO: KARI MARGOT ODNES
– Det blir berre finare og finare her, slår Steinar fast. FOTO: KARI MARGOT ODNES
– Eg vaknar ratt om nettene av nye idear til uteområdet her, fortel Eldbjørg Gården. FOTO:
Valdresflye: Slik var det på toppen av Valdresflye etter at vegen vart opna på 1950-talet. FOTO: PROSPEKTKORT NORMANN - UTLÅN: GUNNAR SANDBO
Smal veg: Valdresflyvegen frå Heimdalsmunnen. Vegstandarden var «smal grusveg». FOTO: PROSPEKTKORT NORMANN - UTLÅN: GUNNAR SANDBO
Minnestein: Ein bubil susar forbi steinen som står i vegkanten. Her er datoen 14. 8. 1946 hogge inn, saman med namna på dei sju som denne sommaren og hausten bygde delar av Valdresflyvegen. FOTO: ARVE DANIELSEN
å
Det er nesten 80 år sidan ei militæravdeling braut fram eit stykke av Valdresflyvegen.
ARVE DANIELSEN redaksjon@fjuken.no
Bygging av Valdresflyvegen er eit prosjekt som har gått over fleire tiår.
Allereie i 1887 vart vegen over Valdres-
flye stikka fyrste gongen, men trass i iherdig arbeid kom ikkje vegen opp på vegplanen før i 1921.
Og det skulle gå enda nokre år før spaden vart sett i jorda og til vegen var ferdig.
Fyrst i 1937 vart arbeidet starta for alvor.
Saka held fram under bildet.
I åra før krigen var innpå 100 mann i arbeid med å byggje vegen frå Bygdin og innover Valdresflye. Bygginga av vegen var rekna til å koste 322.000 kroner.
Da krigen kom var cirka 11 kilometer av vegen ferdigplanert. Framleis stod det att mange kilometer fram
til Gjende.
I 1946 starta ei avdeling i Hæren arbeidet med å planere resten av vegen.
Militæravdelinga som bygde veg denne sommaren og hausten bestod av seks mann under kommando av sersjant Fossum. Dei brukte to bulldosarar i arbeidet.
Saka held fram under bildet. «Det er helt eventyrlig hva disse maskinene makter», skreiv ein journalist i Oppland Arbeiderblad (OA) om arbeidet.
Ein avdelingsingeniør i Statens vegvesen rekna ut at desse to bulldosarane gjorde arbeidet for over
50 mann om dagen. Håpet var å opne Valdresflyvegen for trafikk til neste års turistsesong. Slik gjekk det ikkje. Det skulle gå enda sju år før vegen vart ferdig. For å få fullført vegbygginga og setje i stand det som tidlegare var planert, trong ein 100.000 kroner. Herredsstyra i Vågå og Øystre Slidre tok på seg å forrente forskotsbeløpet, og dermed kunne ein starte sluttføringa av vegen.
Storparten av grovplanering av vegen vart fullført hausten 1952. Den fyrste bilen køyrde frå Bygdin til Gjendesheim sommaren 1953, men måtte ha hjelp til å koma seg
Flye 1389: På det høgste punktet ligg «Flye 1389». Frå kafeen kan ein nyte utsikta mot ruvande fjelltoppar som Besshø. FOTO: ARVE DANIELSEN/ARKIV
Knutshø: Denne fjellryggen er ein populær tur og om somrane er parkeringsplassen på Vargebakken såpass full at bilistane tek i bruk vegkanten til parkering. FOTO: ARVE DANIELSEN/ARKIV
over dei vanskelegaste punkta. I august dette året kunne bilar ta seg over fjellet utan hjelp. «Det blir en stor dag på begge sider av fjellet. Et nytt og vakkert fjellets eldorado er åpnet for reiselivet». Et viktig samband mellom Gudbrandsdalen og Valdres er knyttet for alltid», skreiv avisa OA. I dag er Valdresflyvegen ein av 18 Nasjonale turistvegar.
Denne artikkelen er tidlegare publisert i Fjukens sommarmagasin
Vargebakken: Frå parkeringsplassen på Vargebakken ser ein ned mot Nedre Leirungen og nedover Sjodalen. FOTO: ARVE DANIELSEN/ARKIV
Christi Vadanayagam i Troll Ballong (fremst i bildet) er interessert i eit samarbeid med Sjodalen hyttetun og camping om turar med luftballong. FOTO: EVEN LUSÆTER/NRK
Dersom alt går som det er tenkt, vil det bli mogleg å sveve i ein luftballong over Jotunheimen frå hausten av.
KARI MARGOT ODNES kari.margot.odnes@fjuken.no
– Det er spenstige planar, slår ekteparet Torill Tvedt og Erik Lien fast med eit smil.
Har trua Paret er vertskap ved Sjodalen hyttetun og camping og har via ein av dei tilsette kome i kontakt med det nyoppretta selskapet i Gudbrandsdalen, Troll Ballong. Selskapet blir drive av Christi Vadanayagam
som er busett på Dovre. – Vi er i gang med å forme eit samarbeid med han om turar med luftballong som har startpunkt på hyttetunet her. På desse turane kan du oppleve fjellområde i Jotunheimen frå lufta, som sjølvsagt vil vera eit heilt unikt produkt vi har trua på, fortel Torill.
Ho og Erik håpar å trekke til seg fleire bedrifter og venegjengar med det nye tilbodet – noko dei har lite av i dag.
Testing
Men før planane dei leikar seg med kan realiserast, må det til litt meir forming av konseptet og utprøving.
Nyleg utførte dei ei testflyging med TV-kamera frå NRK på slep. Det gjekk ikkje heilt etter planen.
– Vinden snudde brått og ballongen blåste inn i nokre tre. Vi var fem personar som prøvde å halde tak i den, men vi hadde ingen sjanse til å klare det, fortel Erik humrande. Meir testing blir det i løpet av sommaren, men mykje må vera i orden før dei kan gjennomføre turar.
Ikkje rett fram Ei utfordring dei må få på plass før turane kan setjast i gang, er ein større plass for startpunktet.
– Det såg vi under testen vi hadde, om vi hadde hatt større plass hadde ikkje ballongen blåse inn i trea. Det krevst eit område stort som ei halv fotballbane. Det arbeider vi med å finne ei løysing på nå. Kanskje må vi opparbeide eit om-
råde som i dag ikkje er nytta til noko spesielt.
Vêret er også ei typisk utfordring for ei naturoppleving som dette.
– Ein er heilt avhengig av vêret for å gjennomføre turar med varmluftballong, så ein tur kan bli avlyst på kort varsel. For at vinden skal vera mest stabil ser vi for oss at turane anten er tidleg om morgonen eller på kvelden.
Treng mannskap Piloten, Christi Vadanayagam, har sjølv trua på eit samarbeid med Sjodalen hyttetun og camping om ballongturar. – Vertskapet er leikne, så eg håpar vi saman kan skape ein ny turistattraksjon i Sjodalen, seier han.
– Det som blir særleg avgje-
rande er å skaffe eit mannskap på tre-fire personar som får opplæring og kan hjelpe meg. I midten av juli kjem ein erfaren pilot til Sjodalen som skal kurse folk. I tillegg vil vi prøve òg få til ein testtur over Galdhøpiggen, seier han vidare.
Piloten har stor interesse for luftsport og har tidlegare drive med både paragliding og mikrofly. Men han tykkjer det er noko heilt spesielt med luftballong.
– Da kan ein ta med familie og vener og ha ein avslappa og koseleg tur i lufta med ei fantastisk utsikt. Og sjølv om ein startar same plass, kan turane bli heilt forskjellige frå gong til gong sidan vinden gjerne tek deg i ulik retningar. Det må opplevast, smiler han.
Erik og Torill er vertskap
⚫ To unge oslojenter med sommarjobb i Lom:
– Det er så godt å vera her
– Vi er glade i Lom, og det kjennest godt å koma seg litt ut av Oslo.
VIGDIS KROKEN vigdis.kroken@fjuken.no
På kyrkjevollen i Lom står Annovogna – eit populært stopp for turistar frå heile verda.
I sommar er det to smilande oslojenter som står klare med vaffeljern og brunost frå TINE Lom og Skjåk.
Mia Lund-Eriksen (18) og Live Bjaanæs (17) har teke turen frå hovudstaden for å tilbringe sommaren i Lom. Nyleg hadde dei sin aller fyrste arbeidsdag i Annovogna, og sjølv om dei da var litt spente, var stemninga lett og god.
– Jan Sverre er «chill», ler dei i kor, og siktar til sjefen og lomspatrioten Jan Sverre Reboli Paulsen.
Jan Sverre er kjend for å vera både engasjert og raus med historier og tips til turistane – og for å servere det han sjølv kallar verdas beste vaflar med verdas beste brunost: TINE Gud-
brandsdalsost Anno 1863. – Det er godt vera her, seier Mia, som har slekt i Lom. – Mor mi er utflytta lomvær og heiter Siv Lund. Tanta mi, som bur i Lom, heiter Bjørg Lund. Eg har vore mykje i Lom opp gjennom åra, og i fjor arbeidde eg på bakeriet. Eg set stor pris på naturen, stemninga, alt. I tillegg er det godt å få eit avbrekk frå Oslo-livet.
Veninna Live nikkar samd. – Eg er svært interessert i lokalprodusert mat. Og så er det sant at det er svært fint her –med fjell og frisk luft. Dette er noko heilt anna enn i byen. Annovogna har ope kvar dag, og det er ein jamn straum av besøkjande.
Inne i vogna heng det eit verdskart, der Jan Sverre skraverer over kvart nytt land han får besøk frå. Nå nærmar det seg 50 land. – Kva seier utlendingane når dei smakar på vaffel med brunost?
– Dei seier sjølvsagt «Mmmm!» ler den blide Annovogn-sjefen.
frå campingplassen deira. FOTO:
Trivst du i bygdene våre? Har du lagt att litt av hjarta ditt her oppmed fjellbandet. Kvifor ikkje imponere med nokre saftige dialektord? Her er ei liste henta frå boka «Målet i Lom og Skjåk». Mange av orda er like også i Vågå.
ai:n`å£åms – einordoms (adv.) dette adv. er brukt om å reise eins ærend for noko. Det er altså brukt om at ein reiser ein stad berre p.g.a. eitt ærend, i regelen eit ærend som dei fleste ikkje ville sjå på som særleg viktig i høve til den reisa ein må gjere for å kunne utrette det, t.d.: ‘n raisstə ai:n`å£åms ni Fjo:`£ain ai hæ£g bærə får å væra mæ´ på ain fæst (sjå også ai:n`vo£åm).
amp`ast – ampast (a-verb) streve, plundre med noko som skaper vanskar, problem for ein; brukt både i bokstaveleg og overført tyding, t.d.: gam`£a va ainnsleg hai:`mə å helt på amp`a.
att`g£åy:mə (ei) – attergløyme kvinne som har vorte verande ugift, kvinne som er attgløymd.
att`kjai:k – attkeik som hallar/skrånar bakover, som er bakoverbøygd; oftast brukt i samband med menneske. att´åba:k – (isl. aptr á bak) – att å bak (adv.) bakover, baklengs, bakvendt, b£å:`sar (ein) – blåsar person som er viktig, overlegen, oppblåst, og som er svær til å prate om og skryte av seg og sitt, og som gjerne vil rå fordi han meiner at han har betre greie på det meste enn dei fleste andre. Det ligg også noko av det i dette subst. at det fylgjer ein del bråk og uro med ein slik person. Dette ordet går visstnok attende på ein signalblåsar i det militære i eldre tid. Desse var vel ofte sedde på som overlegne, og dei meinte vel også ofte at dei stod over dei andre soldatane, og mange av dei viste det vel også. briskərymd´ (ei) – briskerymd plass til å røyve seg på, olbogerom.
budai´rull (ein) – budeirull gutunge som var med ei budeie som hjelpegut på setra om sommaren. Det var ikkje nødvendigvis det same som ein gjætargut. Dette subst. var også brukt spøkefullt om ein friar som var på setra hjå budeiene. bu:`væ:r (eit) – buver uvêr, så ein helst må halde seg innadørs, særleg på fjellet, vêr som ein må halde seg inne i bua i. bæks`asamd – beksasam strevsam, som er vanskeleg å få til, noko som er strevsamt/slitsamt, også brukt om t.d. ein gjenstand som er vanskeleg, strevsam osv. å ha med å gjere (sjå subst. bæks). di`pil (ein) – (gno. depill) – depel oftast om ørlita tjørn / lita vass-samling, særleg i fjellet; også brukt om stor sølepytt. du`gu£ (ein) – (gno. dagverðr) – dugurd dagverd, måltid midt på dagen, ca. kl. 12. Om sommaren hadde ein soll eller kaldgraut som hovudrett ved dette måltidet, elles i året var oftast varm vassgraut hovudretten. I regelen hadde ein skjør, det vil seie surmjølk, attåt.
Dette subst. er lite brukt nå. Eit namn som Du`gurshø:e (Dugurdshøi) fortel at dette fjellet var brukt som merke for når det var høveleg tid å ete dugurd i den grenda eller på dei gardane som fjellet var namngjeve frå. Ein åt dugurd når sola stod rett over denne høa / dette fjellet. då`gåsjel (eit) – (gno. dagaskil) – dagskil det å halde greie på kva for dag (i veka) det er, det å skilje mellom dagane; å kåmå tå då`gåsjele vil seie at ein ikkje har greidd å halde greie på kva for dag det er (sjå subst. då`gåta£). dåss`nə (se) – dosne (seg) (a-verb) beundre noko, vise undring over noko, særleg i samband med at ein går rundt i huset og beundrar alt det fine ein kan sjå ein stad ein er på besøk, og at ein gjev uttrykk for denne beundringa, t.d.: døm ha: så mykjy fint i ny:`hu:se sinə at e vart gå:`ndə bærə dåss`nə me ailldər så lainnje dåss`påså (ein) – dosspose dritsekk. (T.J.) el`væ:r (eit) – elver bygevêr, vêr med skifte mellom nedbør og opphald.
fi:r`åmfø:tåm – firomfotom (adv.) eigentleg ei stivna dativform som er brukt i uttrykksmåten å gå: på fi:`råmfø:tåm, som tyder å gå på alle fire, t.d. fordi ein er svært full (jfr. på fjo£`ongfø:tåm). fi`sisåpp (ein) – fisesopp røyksopp. Dette namnet kjem truleg av at denne soppen gjev frå seg ein heil del gråaktig røyk når han går sund. I eldre språk kunne nemleg verbet fise også tyde å ryke.
fjaill`-lai:es – fjell-leies (adv.) det å fare på fjellvegar / over fjellet (og ikkje nede i dalen), t.d.: døm fo:r fjaill`lai:es åt Bi`lingn får lainnje sia. (Siste leddet her er avleidd av subst. leið som kunne tyde lei, veg, ferd, måte osv.) fjortndå´gå (eit) – fjorten dagar to veker, tidsrom på fjorten dagar (sjå elles ått`dågå).
fjå:s`kåpp (ein) – fjåskopp person som vanlegvis fjåsar frå seg det arbeidet han gjer (sjå verbet fjå:`sə). fyrkjəon´nje (ein) – førkjeunge litt nedsetjande nemning om ein jentunge.
fy`rubaill (ein) – fyreball rundslipt strand- eller morenestein, morenejord med næringsfattig jordsmonn ovapå. (T.J.) føta på´ – føte på (a-verb) gå fort, skunde seg når ein går. fåtå ti´ – (gno. fata) – fate i ta fyr, bryte ut varme.
ga:r`ta:rs/(ga:£`ta:rs) – gardtals (adv.) Fårå ga:r`ta:rs –fare frå gard til gard og vere innom på kvar gard i eit område, t.d.: E fo:r ga:r`ta:rs hæ:r i grænn å tinga burt ait b£a: ain gång da: e va ong. (Fyrste leddet i dette adv. er subst. gard, det andre leddet er avleidd av subst. tal som vel her må ha tydinga teljing, opprekning, som det også kunne ha i gno.) g£å:ms`(t)åygd – glåmøygd (glåmstøygd) som ser på noko med store augo eller stirer fordi ein er svært forundra over noko ein ser, t.d.: ‘n vart(tt) g£å:mst`åygd ‘n Pæ:r mæ, da: ‘n fækk sjå: desa ny:`ə sko:´ne hena Ka:ri. (Dette adj. er samansett av verbet glåme (sjå dette) og -øygd som står for noko som har med augo å gjere. Det finst i fleire dial., men i dial. i L. Og S. har ein fått skote inn -st- mellom stamma av verbet og endinga.) go:`mø:£e (eit) – godmøle godt humør. Dette ordet kan ikkje bøyast (sjå også mø:`£e), t.d.: visst ‘n An´drias vart(tt) gri:`nåtə, så to: e fe:`la å le:t någå go:`ə lai:`kje åt åm, å da: va də trast go:`mø:£e at på m grin`jen – gringen sur, tverr, gretten, grinete, t.d.: e ska lu:`rə på um dæ nå`gå såm ha gainnje åm imo:t´, si ‘n æ så grin`jen i da:g. Dette adj. er lite brukt nå.
gro:v`grynt – grovgrynt om jord som er blanda med mykje stein og grus, om urd som består av store steinar, så det er store opningar mellom steinane, slik at ho er vanskeleg å gå i. hab`bəleg – habbeleg brukt generelt i nedsetjande tyding; dette adj. er brukt i samband med nokon/noko som ein meiner er (svært) dårleg i ein eller annan samanheng. Det er brukt når ein vil gje uttrykk for forakt / lit hafail´lə (ei) – (gno. hagfella) – hafelle Dette er det vanlegaste ordet for gjerde i trad. dial. Opphavleg var dette subst. brukt berre om det som nå er kalla ai bråt`hafaillə (sjå dette subst.). hak`kasukkər (eit) – hakksukker raffinade, kaffesukker (nemninga kjem av at slikt sukker tidlegare vart selt i store, toppforma/kjegleforma klumpar, som vart hakka opp med ei lita øks).
hi`milshø: (ei) – himmelhø synsrand, horisont, det øvste ein ser av eit fjell (eit landskap), t.d.: Da: e så:g te væ:rs, vart e va:r tvau: rænsdy:r på himilshø:n huk`sott (ei) – (gno. hugsótt) – hugsott uro, otte fordi ein er redd for at det kan hende noko gale i ein eller annan samanheng; det å kjenne ansvar for noko som skal gjerast eller ordnast eller også for menneske eller dyr, helst brukt i samband med at ein kjenner eit slikt ansvar som nokså tyngjande. Dette subst. er ennå vanleg brukt, iallfall blant dei litt eldre (jfr. også angk). hærməlæ paspel (eit) – hermelepespel etteraping; det å herme etter / etterlikne nokon (for å gjere narr av vedkomande).
hø:g`tu£ug – høgtalug som snakkar høgt. Siste leddet i dette adj. er avleidd av verbet tå`£å (tale). ill`rymsjen – illrymskjen utilfreds, uroleg. (T.J.)
inn`smogo (ei) – innsmoge stad der ein kan smyge/krype inn for å søkje ly for veret eller for å overnatte. Det er i regelen tale om ein stad der det er nokså trongt, t.d.: ‘n Svainn Kvitingən haddə inn`smogo nåyn kvar stan i fjaille ju:`garb£æ:mə (ei) – ljugarblemme blemme på tunga. Ein meinte at ei slik blemme kom av at nokon hadde loge på ein. Var ho på høgre sida, var det ein mann som hadde loge på ein; var ho på venstre side, var det ei kvinne. Når ein hadde nokon til å gjette på kva for side blemma var på, var det skrytt av ein (altså ei positiv lygn) viss vedkomande gjetta rett, gjetta vedkomande gale, var det ei negativ lygn. jæ£` ma – hjelma forsterkande adv. som er mest brukt i Lom, men som nå også er ein del brukt i Skjåk; det tilsvarar sje:`le i tradisjonelt Skjåk-mål og tyder svært, i høg grad, t.d.: Dena ka:ku di va jæ£ma go:
ka:l`hu:ə – kaldhue (a-verb) hue, skrike, rope av all kraft og med ein uhyggeleg klang i målet, slik at det går kaldt gjennom den som høyrer på, t.d.: ‘n Sju`gu£ va tå døm såm drai:v å ka:l`hu:a nå ‘n vart full.
ka:l`tåkka – kaldtokka som er utriveleg, uhyggeleg, som skaper utrivnad, uhygge (rundt seg), som utstrålar utrivnad/ uhygge. Dette adj. er nå ofte brukt i samanhengar der det eigentleg er altfor sterkt sett i høve til den opphavlege tydinga av det. Det er da til dels brukt som eit forsterkande adv. I Lom blir dette adj. til dels uttala kaill`tåkka k£åy`en – kløyen som tåler lite, særleg som tåler lite av kulde, som har lett for å fryse, men også om personar som tåler lite av varme og smerter og påkjenningar i det heile teke. Dette adj. er også brukt om dyr og planter, t.d.: on`gain nå: får ti:e æ så k£åy`egə at døm bail`lest nestn kjə væra u:`tə nå dæ ka:lt lite, og kattn vår ha vorte så k£åy`en at ‘n grai:` ikjə
æ:`ta någå såm æ varnt laingər, og desa b£o`main dæ:r æ så k£åy`egə at døm fry:s mainngång də kjømm ai ka:l`natt
kri:m (eit) – krim forkjøling som fører med seg at ein blir snørrete.
kræ`ka – kreke (kræ`ka - kræk - krak`tə - krakt) om menneske eller dyr, vere dårleg til å gå, gå/røyve seg svært seint, også gå svært seint generelt.
kræ`kami:g (ein) – krekamig skjellsord/hånsord om person som var kræk`såtə, det vil seie lite førleg. Dette subst. er lite brukt nå.
kvaill`seto (ei) – (gno. kveldseta) – kveldsete tid da ein sat oppe etter at det var myrkt og til ein la seg om kvelden før i tida. Folka i huset sat rundt peisen og dreiv med ymse slag arbeid i lyset frå peisen. Karane gjorde t.d. solvar eller dreiv med ymse slag trearbeid, kvinnene dreiv ofte med karding og spinning. Det var også vanleg at det vart fortalt soger, ofte frå eldre tid, eller kanskje også t.d. eventyr i kveldseta. Ein har derfor nemninga kvaill`setostubbə (kveldsetestubbar). kvåm`nə – (gno. kvafna) – kvamne, kovne (a- verb) ha vanskar med å puste, kvelast, fordi ein får for lite luft (surstoff), t.d.: ‘n fækk aill`dər låv te hå: upp ai dør ail ait g£a:s sjå ‘n Ma`rit, så də va ston`dåm də va så varnt å kvæf`te innə sjå ‘n at ‘n tyk`tə bærə ‘n helt på kvåm`na. I eldre dial. var det til dels sagt kvåv`nə labbəto´nis (ein) – labbetonis mannsperson som ruslar att og fram på golvet og er i vegen når kvinnfolka vaskar golvet, i tillegg til at han er i vegen, trakkar han også attpå att, det vil seie at han lagar flekker på og skitnar til det nyvaska golvet att. Dette subst. kan også brukast om mannfolk som skitnar til golvet generelt, også lenge etter at det er vaska. la`pen – lapen slapp, kraftlaus, som heng slapt ned, slakk, dorsk, tiltakslaus, t.d.: e tru:r kjə e æ hailt frisk i da:g, e kjain`ne me mæ´såm så la`pen lavåydd´ – lavøyrd om dyr som har øyro som heng ned; i overført tyding om menneske som ein kan merke er skamfulle eller leie seg p.g.a. noko dei har gjort, eller som er deprimerte og i dårleg psykisk form. (Fyrste leddet her kjem av verbet lave, som m.a. kan tyde å hange ned.)
lo:n`finkjen – lunefengen lunefull, lunete, ustabil, som er skiftande, brukt i ulike samanhengar som t.d. om veret og menneske, t.d.: dena gam`£ə k£uk`ka æ så lo:n`finkjen, ‘o kainn gå: bra: lan`ga ti:`e, mæn bæst dæ så sta:`na ‘o at lu`gum – lugom (1) passande, høveleg, lagleg.triveleg, hyggjeleg. Den fyrste tydinga var nok den opphavlege, seinare har den andre tydinga utvikla seg av den fyrste. Døme: nå: lyt ås prø:`və fin`nə ain stai:n såm æ lu`gum te tettə att´ deta hå´£ə mæ. Elles er t.d lu`gum ka:r/lu`gum jæn`tə ein svært vanleg uttrykksmåte.
læ`ka (ein) – (gno. leki) – leke lita væskemengd, tår, svært liten bekk, t.d.: e va in´nə på Ni´ga£ i da:g, mæn e fækk kjə så gått såm ain vass`læka dær, og dainn så`mårn va də så turt at də rainn bærə ain liten læ`ka i gro:´vən hai:`mə sjå ås. læ:`påtə – lepete klønete/klossete, valen i hendene, slik at
ein ikkje får tak på det arbeidet som skal gjerast / på noko slags arbeid, sein til å arbeide t.d. fordi ein er lat. lø:`jen – løgjen (fl.tal: løng`nə) morosam, som vekkjer moro og latter, latterleg. Dette er det vanlege ordet for morosam i trad. dial. (i Lom blir det til dels sagt låy`leg, sjå dette ordet).
Væra lø:`je åt nåyn – vere til pass for nokon, fordi ein har prøvd å oppnå noko ein ikkje kunne vente skulle lykkast, eller fordi ein har prøvd å oppnå noko som folk ikkje unner ein, eller meiner at ein ikkje har fortent, t.d.: də va lø:`je åt åm Sju`gu£ at ‘n ikjə fækk kjøft stu`gu ete ‘n Si:`gri løt`ta (på) – løtta (på) Væra løt`ta på tyder å ha hug/lyst til å gjere noko, vere opplagd til å gjere noko; denne uttrykksmåten er oftast brukt i nektande setn., t.d.: ‘o va kjə løt`ta på å tå: på´ se dæ: a:r`bai:ə
lå:k`nåså(-tə) – låknasa misunneleg. Døme: ‘o va så lå:k`nåså får`dæ: e ha fått ain pe:n ny: kjo:l sjå fåraill´dråm minə, og sys`tər mi æ så lå:k`nåså på me får`dæ: e ha fått så jild ai k£uk`kə sjå mainn minə mehainn´kjə (ei) – myhank stor mygg, også om vanleg mygg. mo:`faillen – modfallen (fl.tal: mo:`faillegə) motlaus, kjenne seg makteslaus, handfallen, oppgjeven, nedtrykt, deprimert, i regelen etter at ein har møtt motgang eller vanskar, eller når ein står framfor store og krevjande oppgåver. my:´£appau:sə (ei) – myrlappause rumpetroll, froskeyngel. mø:`£e (eit) – møle humør, lune, t.d.: ‘n va lø:`jen å væra i ho:p´ mæ ‘n Pæ:r nå də va mø:`£e på ‘m, får da: sa: ‘n my`kjy ar`tikt, og kæ te mø:`£e va ‘n ti ‘n Je`hans i da:g da? må`gårev (eit) – mageriv stikkande smerter i magen. nu:`və – nuve (a-verb) lugge nokon bak øyro, t.d.: æ du kjə snill nå:, så lyt e tå: å nu:`və de o:`dott (ei) – udott uty, (småe) skadedyr som t.d. lopper og lus; pakk. o`gobår (ein) – (gno. ofanburðr) – ovanburd Dette er det vanlege ordet for nedbør i trad. dial., det er lite brukt blant dei yngre, t.d.: dæ våre fårsætt´ te o`gobår i haust o:`rymsjen – urymsken (1) urven, uvel, utilpass, som kjenner seg i dårleg form. (2) som ikkje kjenner seg heilt vaken eller heilt klår i hovudet. Døme: e æ mæ´såm så o:`rymsjen i da:g, e æ raidd e hailt på bi får`kjø:£a o:`ty:leg – utyleg Dette adj. er det vanlege ordet for uhyggeleg, utriveleg i trad. dial. ved sida av ond`leg pi`si (ei) – pisi (fl.tal: pi`siå) Dette er det vanlege ordet for hokatt i trad. dial., og det er det ennå i dial. p£æ`ga – plege (a-verb) pla, vanlegvis / i regelen hende, vanlegvis / i regelen gjere, t.d.: ‘n p£æ`ga kåmå hai:m at ve fi:´rəti:e um æftnain.
pum`masamd – pummasam brukt i samband med arbeid med noko som er svært smått, slik at det blir svært puslete og noko vanskeleg å få til; også om arbeid som er innvikla/ puslete og krev god fingertame og tålmod generelt (sjå verbet
pum`mə), t.d.: ås jor`də någå ju:r`trepynt i sku:`£a mæ e jekk dær, å dæ: va någå pum`masamt arr`bai: rass`baillfø:re (eit) – rassballføre (sjå bøyinga av fø:`re) føre når det er svært glatt og isete, slik at ein har lett for å falle og slå rassballane sine. rø`vatåpp (ein) – rævatopp litt spøkefullt brukt om person som så å seie alltid fylgjer like i hælane på / går like bak ein annan. Det er særleg brukt om småe barn som ofte fylgjer i hælane på ein eldre slektning. Dette ordet er lite brukt nå. rås`sjen – råsken som er litt våt/fuktig; oftast brukt i samband med veret, om litt rått/fuktig ver. Døme: Dæ så rås`sje at dæ trava:´le mæ håy`turkje, og desa k£æ:`en æ så rås`sjegə ænda at døm lyt hain`njə lite te sjyrməse:r´ə – skyrmesere -larme, bråke, særleg i samband med arbeid, t.d.: Døm helt på vas`ka stu`gu, da: e va nu£i Sy:´stun i da:g, så də va sj£ik sjyrməse:r´ing at də va kjə lain`nje e va dær sjø:£`dæ:£e – sjølvdæle Dette subst. er bruktberre i uttrykksmåten i sjø:£`dæ:£e som tyder å vere fordjupa i seg sjølv / i sine eigne tankar, det å vere upåverka av andre menneske og det som er rundt ein og vere oppteken berre av sine eigne tankar.
sjør`ostmakk (ein) – skjørostmakk makk i skjørost (det var ikkje uvanleg at det vart makk i skjørost); generelt skjellsord. sku:£`bro:k (ei) – skurdbrok Uttrykksmåtane få: på se sku:£`bro:kje / hå: på´ sku:£`bro:kje er noko spøkefullt brukte om å bli stiv og lemster, særleg i føtene, dei fyrste dagane etter at ein hadde teke til å skjere korn om hausten, fordi ein måtte stå bøygd og arbeide i ei uvant stilling.
spæ:£`hærsk – spælhersk gretten, sur, morsk (tidlegare visstnok ofte brukt om (eldre) ugifte kvinner).
stø:`ren – støren, styren opphissa, vill, styrlaus, ustyrleg, og/ eller som lagar bråk og oppstyr, t.d.: ’N vart all`deles stø:`ren fårdæ:´ ain kvæ£p ha biti sonn sko:´ne has, og ‘n vart så stø:`ren at døm låtə haill`də ‘n. (Dette adj. tyder opphavleg å lage bråk og har samband med subst. styr i tydinga bråk, oppstyr.)
ta:k`åmte – takomtil rievis, som ikkje er samanhengande eller vedvarande, som ikkje går i eitt, men som kjem att fleire gonger med eit visst mellomrom, t.d.: Ta:k`åmte b£e:s də te hu:´se ristə (jfr. adv. ri:`åmte).
te`nar (ein) – (gno. þinurr) – tinar hard ved, oftast i furu; der det er tinar i eit tre, bøyer treet seg meir eller mindre sterkt (sjå ain te`narkro:k). Det er også nokså mykje harpiks i tinar, slik at han er hard og glinsande. Ved med tinar er lett å kløyve, fordi han er så hard. trø`samd – trøysam triveleg, hyggeleg å prate med. (Dette adj. er avleidd av verbet trøye som tyder å more eller fordrive tida.)
trå`tå (ein) – (gno. þroti) – trote trutning, opphovning, noko som er trute/opphovna/oppsvulma, kul, t.d.: E ha fått någå trå`tå på ai`nə hånn`ba:kje ette e va bur`ti ain rus`ta spi´kar
mæ åm hær ainn dagən tvi:`staiktbrø: (eit) – tvisteiktbrød flatbrød som blir steikt på den måten at ein nybaka leiv blir lagd opp på bakstehella oppå halvsteikt leiv, som så blir steikt ferdig. tydd – tydd som er pågåande, som har pågangsmot, som ikkje er lett å skræme, ukueleg; det ligg vel også noko av at ein er velutrusta i dette adj. Adj. tydd har så å seie same tyding som adj. tøff som er så vanleg i norsk nå, t.d.: ‘O grai:`e də nok, ho:, såm æ så tydd tæ`£a – tele (a-verb) fryse til is, fryse slik at det blir hardt; ein kan seie at dette verbet er brukt om at vassinnhaldet i noko frys til is.
umm`kåmen – omkomen oppgjeven, rådlaus, hjelpelaus, t.d. fordi noko vantar eller noko er i ustand, slik at ein ikkje får gjort noko som skulle ha vore gjort, t.d.: Ås vart all`delest umm`kåmnə da: ås sku åt gravø:´le ette åm To:£, fårdæ:´ də va nå`gå i bi:´le såm ha dutte sonn´.
ve`gasjel (eit) – vegaskil stad der to eller fleire vegar skil lag eller møtest. Dette subst. er også brukt nærmast som stadnamn fleire stader, som t.d. ved Dønfoss i Nordberg der vegen til Bråtå og vegen til Billingsdalen skil lag. (Forstavinga vega- er gen. fl.tal av veg i gno.) veon ´dəleg – vedunderleg oftast brukt som eit sterkt forsterkande adv. som fortel om ein svært høg grad av noko eller at noko t.d. finst i svært store mengder o.l. Når dette ordet står som adj. i samband med infinitiven av eit verb, fortel det at t.d. ein person er svært dyktig til å gjere, eller driv svært mykje med det som dette verbet uttrykkjer vi:`furug – vidfarug som reiser eller har reist vidt omkring, t.d.: ’N æ vi:`furug, ’n Gull`brann, ’n ha våre i man`gə fårsjæl´ligə lann. (Siste leddet i dette ordet er avleidd av verbet få`rå (fare).)
vill`vuru (ei) – villvuru vilt, villdyr, vilt som kan nyttast til ymse formål. (Endinga -vuru må kome av subst. vara i gno. som tydde vare, handelsgods, truleg særskilt brukt om skinnvarer. Subst. vill`vuru har truleg opphavleg vore brukt om villdyr som hadde verdi p.g.a. pelsen, som t.d. ikorn, mår, kanskje også bjørn osv.) Subst. vill`vuru er også brukt om ein vilter jentunge, og det kan også brukast om ei vaksen kvinne som er full av liv, svært livleg, og som kanskje også har eit litt låkt ord på seg på det seksuelle området.
ær`sjen – elsken som er svært blid og kjælen; nå oftast brukt i samband med dyr når dei smyg/gnikar seg inn til menneske eller andredyr og/eller bit på eller syg på kleda til menneske eller andre dyr o.l., t.d.: Døm æ så ær`sjegə desa kje´e at ’n bi raint i bai:t får døm.
ø:`£ə – øle (1) eggje/hisse opp einkvan til å gjere noko, brukt i om lag same tyding som verbet stæ:`£ə (sjå dette ordet). (2) smigre, smeikje nokon (for å oppnå noko av vedkomande). (I båe desse tilfella tyder vel dette verbet å gjere varm / verme opp, det er altså avleidd av subst. ain ø:£.)
å`kåstma:t (ein) – åkostmat røre av mjølk og mjøl og litt smør som blir eten som ein slags saus til blodklubb.
å:`rækkjə se – årekkje seg (å:`rækkjə - å:`rækkje å:`ræktə - å:`rækt) vakne opp att, kome til seg sjølv att, bli vaken; oftast brukt om å vakne av svevn, men det kan også brukast i samband med å kome til seg sjølv att etter uvit, hard sjukdom eller ein sterk rus. (Dette verbet tilsvarar truleg uttrykksmåten rekjast ór svefni i gno. som tydde å rakne or svevnen.)
åy:`smo£ – eismal aleine, einsleg. Dette ordet er ikkje mykje brukt nå.
Desse orda og uttrykka er henta frå boka «Målet i Lom og Skjåk», denne har kome i to utgåver. Den fyrste er utseld, ny versjon med eit tillegg av over 1500 ord og uttrykk kom ut i 2020. Boka finst i sal på fleire stadar i Ottadalen, kontakt evt. redaksjon@fjuken.no for meir info.
Tidlegare publisert i Fjukens sommarmagasin.
Tidlegare i sommar arrangerte Lom Heimbygdslag, produsentlaget i Tine Lom og Skjåk og Gudbrandsdalsmusea husdyrdag i Presthaugen.
LESARBIDRAG
Rundt 250 var innom museet, og det var ein vellykka dag med mange ulike programpostar.
Lom sau og geit stilte med sau, og frå Gaupar i Bøverdalen kom det kyr av gamle rasar. I tillegg til fesjå var det langeleikog forteljarstund, lokkekonsert, ysting og kinning.
I Lom er det eit aktivt kjepphestmiljø, og seks flinke jenter hadde sprang- og dressurframvising.
– Kjepphest er stort internasjonalt og jentene i Lom har øvd haust og vår, sa Anne Mette Kolden da ho introduserte kjepphestryttarane.
Etter framvisinga fekk andre ungar prøve kjepphestane på sprang- og dressurbana, noko som var populært.
Kalvemønstringa var ein publikumssuksess. Fire fine kalvar vart viste fram av stolte ungar. Her fekk alle kalvane sløyfe og gode attendemeldingar av dommarane.
– Poenget med ei slik mønstring er å vise fram kalvane og bygge relasjon mellom barn og dyr. I mønstringa i dag ser vi ein staseleg gjeng, sa dommarane Eirin Sveahaugen og Runa Smedsmo under premieutdelinga.
Dette var fyrste gongen husdyrdagen vart arrangert, men arrangementet var så vellykka at arrangørane planlegg ny husdyrdag neste år. Knut Aastad Bråten, direktør i Gudbrandsmusea avsluttar med: – Ja, dette tykte vi var veldig moro og har lyst til å invitere inn enda fleire til å bidra i eit liknande program neste år. Takk til alle som kom!
Skjåk, Lom og Vågå har fostra mange store diktarar - ikkje alle hadde sitt virke her, men vi er stolte av og kalle dei våre.
(1859 - 1952)
For mange er nok denne forfattaren like kjend for sine politiske val kring andre verdskrig, da han talte nazismens sak.
Dei tre fyrste leveåra budde Hamsun i Garmo. Om det var der eller i Vågå han vart fødd, er dei lærde ikkje heilt einige om.
Da han var tre år, reiste familien til Hamarøy i Nordland. 14 år gamal gjekk ferda for hans eigen del attende til Lom der han også vart konfirmert.
Seinare arbeidde han som handelsbetjent i Tranøy, han prøvde seg som snikkar- og skomakarlærling og han reiste rundt som farande kremmar og tok tilfeldige jobbar. Han var også ei tid lærar, og det var da han oppdaga forteljarevna si.
Dei fyrste bøkene gav Hamsun ut i 1878, Et gjensyn og Bjørger. Sistnemnde på eit dialektnært språk (lomvær). Det var fyrst med Sult i 1890 at han fekk merksemd og anerkjenning.
Markens Grøde i 1917 gjorde Hamsun internasjonalt kjent, og tre år seinare fekk han Nobels litteraturpris for boka. Seinare kom den eine boka etter den andre. Bøkene er framleis populære og ein viktig del av norsk litteraturhistorie.
ØRJASÆTER
(1883 - 1929)
Bråtå i Skjåk heiter grenda Ørjasæter vaks opp. Ørjasæter debuterte som forfattar i 1908 og gav i alt ut 12 diktsamlingar, fire drama, ein roman og to reiseskildringar. Det var med Gudbrand Langleite i 1913 at Ørjasæter verkeleg vart anerkjent som forfattar. Han inkluderte denne samlinga med Brumillom og Skuggen og denne «trilogien» er rekna som eit hovudverk i norsk dikting på 1900-talet. Ørjasæter skreiv òg drama, og var med på å fornye norsk teater etter ein tung Ibsen-periode.
Det meste av diktinga til Ørjasæter har bakgrunn i det gamle ættesamfunnet, som på slutten av 1800-talet vart meir og meir oppløyst. Denne oppløysinga skapte sosiale og personlege problem både for bygdesamfunnet generelt og Ørjasæter spesielt.
Eitt av skodespela han skreiv, Jo Gjende, omhandlar ein bygdeoriginal - eit menneske mange hevdar Ørjasæter kjende seg i slekt med på mange måtar.
Mykje av det han skreiv kan vera tung lesnad med mange ord som krev tid og tankeverksemd.
Ørjasæter reiste mykje utanlands og synte etter kvart at han hadde enorme kunnskapar.
I 1921 busette han seg i Øyre og stifta familie, men han var framleis mykje heime i Bråtå, ei grend han var svært glad i.
(1883 - 1929)
Aukrust kom frå Lom og nådde ikkje å gjeva ut meir enn to diktsamlingar før han døydde 46 år gamal. To diktsamlingar og ei artikkel- og brevsamling vart gjeve ut etter han var død. Han fekk statens diktarløn berre to månader før han døydde.
Likevel er han sett på som ein av dei store forfattarane i Noreg, og mange av dikta hans har framleis gjennomslagskraft.
Aukrust hadde store evner innan flei re felt. Han tok fleire skular sjølv om han streva mykje med sjukdom. Han tok lærarskulen og arbeidde som lærar før han ofra seg fullt og heilt for diktinga. Ei tid ville han bli fiolinist, men fekk leddtuberkulose og måtte amputere ein finger.
Det fyrste verket, Himmelvarden, kom ut i 1916. Hamar i hellom kom i 1926. Boka han omtala som hovudverket, Solrenning, fekk han ikkje oppleva utgjeve - det kom fyrst året etter han døydde.
Diktinga til Aukrust kviler på fire pilarar; gudbrandsdalsmålet, bonde- og bygdabakgrunn, natur og det åndelege/religiøse.
Av dei mest kjende, og underhaldande, dikta hans kan vi nemne Bilbeistet og Aksion på Tande.
(1914 - 1988)
Bruheim var frå Skjåk. Han gav ut nær 40 bøker gjennom om lag like mange år. Han budde i Skjåk heile livet, med unntak av nokre år på Vestlandet. Han arbeidde på heimgarden og som lærar før han vart forfattar på heiltid.
27 år gamal debuterte han med diktsamlinga Stengd dør, som handla om kjærleikslengt og einsemd.
I seinare bøker vart diktinga prega av eit sterkt samfunnsengasjement og kampen mellom godt og vondt.
Bruheim var naturvernar, han var aktiv i fredsarbeid og arbeid mot atomvåpen, og var aldri redd for å seia meininga si. Sjølv om orda hans var milde, var dei likevel sterke.
Han skreiv mest lyrikk og barnebøker, men skreiv også i ulike lokalhistoriske bøker. Han skreiv romanen Broren og var ivrig med ytringar i aviser og tidsskrift.
Barneboka Reinsbukken frå Karasjok var eit særmerkt prosjektho vart utgjeve både på norsk og samisk.
Bruheim reiste mykje i Noreg og fekk ei rekkje prisar for bøkene sine.
(1916 - 1951)
Lomværen Jonsson tok til å skrive forteljingar og dikt tidleg, og allereie som 16-åring stod orda han på trykk i Arbeidermagasinet.
Elleve år seinare kom den fyrste diktsamlinga Mogning i mørkret. Seinare kom fire samlingar til. Han etterlet seg fleire lause dikt, prega av det dystre. Det dystre prega diktinga heilt til han tok sitt eige liv.
Ei tid arbeidde Jonsson som journalist i Dølenes blad på Otta og han var eit tid redaktør i Hallingdølen. Han skreiv òg ei rekkje artiklar i Bygdeungdomen, Arbeiderbladet og Dagbladet. Han gav uttrykk for eit sterkt sosialt engasjement med kvasse åtak på urett og undertrykking. Han var òg kritisk til romantiseringa av bygdesamfunnet. Artiklane vart samla og gjeve ut i to bind, Nesler.
Tor Jonsson braut tidleg opp frå bygda, men skreiv likevel heile tida om bygda - oftast negativt, men med positive innslag. Det var fattigdomen og avmakta til den lågaste klassa i det sterkt klassedelte som Jonsson meinte regjerte i Lom under oppveksten som opptok diktinga hans.
(1927 - 2016)
Forfattaren Henriksen gjorde, saman med familien, lomvær av seg i 1978 etter å ha feriert i bygda i mange år. Da hadde ho allereie slege gjennom som ein av landets høgst respekterte og mest lesne forfattarar. I 1961 debuterte ho med Sølvhammeren. Handlinga i boka er frå det 11. århundre med hovudpersonen Sigrid frå Bjarkøy, syster til Tore Hund. Boka fekk strålande kritikkar.
Deretter gjekk det slag i slag, fyrst fullførte ho trilogien om Sigrid på tre år. Fem bøker med handling frå Lom etter reformasjonen var neste prosjekt.
På 1980-talet var hovudverket ein trilogi der handlinga er lagt til Island i den blodige tida da heidenskap og kristendom kjempa om å ha overtaket i sinn og samfunn.
Henriksen skreiv ikkje berre historiske romanar, men òg barne- og ungdomsbøker, samtidsromanar, fagbøker frå sagatida og drama.
(1904 - 1983)
Skrede var frå Vågå, men byrja seint med forfattarskapen, ikkje før i 1949 og lenge etter han flytta frå heimbygda.
Bakgrunnen for at han reiste frå Vågå, var at han som lærar i 1936 vart dømt for utuktig åtferd mot tre jenter. Han vart raskt ein respektert forfattar og litteraturkritikar. Som lyrikar brukte han ofte klassiske og regelfaste strofeformer, og forfatterskapen hans er prega av store idehistoriske kunnskapar.
I etterkrigsåra arbeidde Skrede som journalist og litteraturkritikar i Dagbladet og Verdens Gang. Fleire av dikta hans har vorte tonesett av Geirr Tveitt.
(1956)
Kolden er frå Bøverdalen i Lom, men bur i Oslo. Ho debuterte med diktsamlinga Ho inni meg før ho 2010 kom med fyrste bind i ein kritikarrost trilogi om krigsåra.
Ho har gjeve ut to andre romanar, og fleire krimbøker saman med Fjuken-journalist Vigdis Kroken.
(1951)
Bruheim er skjåkvær og debuterte i 1997 med kriminalromanen Varselet, og har i åra etter gjeve ut nær 20 bøker; krim, romanar for ungdom og barnebøker.
Magnhild Bruheim skriv på nynorsk, og har i fleire år vore knytt til dei årlege Diktardagane i Ottadalen.
Ho er utdanna cand. philol med hovudfag i nordisk ved UiO og har tilleggsutdanning som journalist. Ho hadde ein lang yrkeskarriere i NRK som radio- og TV-journalist.
(1948)
Sandum er fødd i Vågå, men har mesteparten av livet budd i Skjåk. Han arbeidde som lærar og rektor før han i 2011 gav ut den fyrste diktsamlinga Sol i skuggeskog. Dikta i denne samlinga er også tonesett og har nådd ut til eit stort publikum.
Dikta hans når mange, han skriv enkelt og forståeleg og klarer å uttrykkje det mange kjenner på, men ikkje seier. Sandum er ein svært omtykt diktar i Ottadalen.
til festivalhelg på
Gjendefestivalen vart arrangert for fyrste gong i fjor sommar. I år blir det enda meir å gle seg til.
KARI MARGOT ODNES kari.margot.odnes@fjuken.no
– Det var kolossalt vellukka ifjor med mykje folk og god stemning, så nå prøver vi oss fram med to dagar. Det seier Bernt Jo Vole, som er dagleg leiar i Visit Gjende AS.
Eitt steg nærmare målet Ved lanseringa av Gjendefestivalen ifjor sommar gjekk han hardt ut med sin visjon om å få til ei heil veke med kulturelle innslag ved Gjende. Allereie i år tek han arrangementet eit steg nærmare det målet og utvidar med ein dag. Og han er godt nøgd med det han har å lokke med på plakaten:
– I år startar vi fredag 1.august med dei to lokale gruppene Von og Country Queens Folkband. Laurdag 2.august blir det den kjente gruppa Dance with a stranger som skal stå på scena her, fortel han.
Heiderspris
Laurdag blir det også, i år som ifjor, tildeling av Gjendeprisen. Fjorårets vinnar var John Trygve Aavik - for sitt viktige og gode engasjement for å opplyse om alzheimer og demens gjennom
dokumentarfilmen «Hvor skal du, bror?».
Vole vil ikkje røpe årets vinnar, men kan gje eit hint om at det er ein lokal prisvinnar i år.
Vil skapa liv – Eg tykkjer det er viktig at det skjer noko her, som ein kan gle seg til. Målet med festivalen er å skapa liv og aktivitet – både for fastbuande og tilreisande, seier han og håpar mange vil ta turen i år også.
Han er takksam for god hjelp frå «festivalgeneral» Stein Holen og alle friviljuge som hjelper til for at arrangementet kan gjennomførast.
Heilt til sist vil arrangøren presisere at det er ein familievenleg festival for alle aldre, med servering av mat og drikke av alle slag. Og det blir sett opp telt uansett vêr.
Måndag -Tysdag- Fredag
kl.17.00 -21.00
Laurdag
kl.10.00 -14.00
1 x VARMTVASSBASSENG12,5 X8,5METER
1 x HOVUDBASSENG25METER BADSTUE
Dufinnoss langs riksveg15, 7kmfrå Vågåmosentrum, 23kmfrå Otta ,og37kmfra Lom.
Hyttermeddusj ogtoalett,2soverom ellerenkle hytteruteninnlag tvann.
Gratisfiske påområdet.
VELKOMEN!
2680 Vågå •Tlf -90662895 www.holungsoy-camping.no
Galleri Mathilde
MÅLERI•AKVARELL •TEIKNING •TRE •PORSELEN •GLAS
28.juni -2.august
Sundag29.juni •13-16
Måndag-fredag •11-16
Laurdag •11-14
IdaSperstad •AnneSperstadJacobsen
AnnaGrandeMelhus •OddPareliOlsen
KariUtgaard•MaritGrandeHaugen
BodilDaae •KarlHeldal •TuridSæten
KjerstiBakke• IngolfHagen
OddbjørnRamstad• BritMorken
Sjur-MagnusAaboen •RagnhildSlåen
Randi VenkeFlækøy •LivHagenBerg
IngvildTjønneland•SiljeM.Sperstad RagnhildIngeborgØrjasæter
Skjåkvegen 1249, Bismo,2690Skjåk Tlf46829564
Gratis inngang. Velkomen!
BØSTUGU&GALLERIMATHILDE
Sommarsesongen er i gang i fjellet, og det ligg an til å bli ein god sesong for DNThyttene. FOTO: MARIUS DALSEG SÆTRE
⚫ Fleire unge til fjells: – Vi trur mange har oppdaga at naturen har noko for alle
DNT opplever ein auke i talet på medlemar under 30 år.
TOM ERIK SOLSTAD tom.erik.solstad@fjuken.no
Sommarsesongen er i gang i fjellet. DNT-hyttene ser ein auke i talet på unge menneske på tur.
– Det er veldig artig å sjå ein så stor del turgåarar under 30 år på hyttene våre, og at det aukar! Fleire ynskjer ein aktiv ferie langt frå kvardagens kjas og mas. Vi trur mange unge har oppdaga at naturen har noko for alle, anten ein ynskjer ro og stillheit eller fart og spenning, seier generalsekretær i DNT, Tor Kåpvik, i ei pressemelding.
Dei siste medlemstala til DNT viser ein stor vekst i aldersgruppa 26-30 år. Ennå høgare auke er det i aldersgruppa
19-25 år, der veksten er 6,7 prosent frå same tid i fjor.
Samtidig melder DNT-hyttene om mange unge på hytte til hytte-tur.
Det ligg an til å bli ein god sesong for hyttene. DNT-hyttene har nemleg aldri tidlegare hatt så mange bestillingar før sommarsesongen som i år.
– Mange drøymer om ferie i Noreg i år! DNT går inn i sommaren med rekordmange bestillingar på hyttene våre, og interessa er stor for heile sommaren. Det gjeld hytter både ved kysten, i skogen og til fjells, seier generalsekretæren i DNT.
Boka blir gjeve ut på Cappelen
Damm. FOTO: CAPPELEN DAMM
Åge Kirkestuen frå Lom debuterer som forfattar med boka Trygg på tur, som blir utgjeve på Cappelen Damm i august.
VIGDIS KROKEN vigdis.kroken@fjuken.no
Boka er ei praktisk handbok for alle som ferdast i naturen – frå sundagsturistar til erfarne fjellfolk – med eitt klart mål: Å hjelpe fleire med å ta gode val i møte med naturen.
– Eg ville formidle kunnskap utan å vera belærande, seier Kirkestuen, som har lang erfaring frå luftambulansen og redningstenesta, og som har tilbrakt store delar av livet sitt i fjellet.
I boka kjem Kirkestuen med praktiske råd om alt frå fyrstehjelp og naudprosedyrar til vêrforståing og psykologi bak beslutningar.
– Ein ser korleis ulykker ofte råkar erfarne folk som overvurderer eigne ferdigheiter. Målet mitt er å bidra til at fleire kjem trygt heim til dei som ventar på dei, seier han.
Sjølv omtalar han bokprosjektet som ei reise, frå ein tilfeldig idé til eit nesten ferdig produkt.
– Eg visste lite om forlagsbransjen, men sende eit nokså ferdig manus til ulike forlag. Cappelen Damm responderte positivt og har vore svært profesjonelle og grundige, rosar han.
Nå er boka i ombrekkingsfasen, og skal etter planen vera i sal frå 25. august. Boka er rikt illustrert, men det er teksta som ber bodskapen, i følgje forlaget. Åge Kirkestuen har ingen økonomiske forventningar til utgjevinga. For han handlar det om å formidle noko viktig: – Dersom boka bidreg til at éin person unngår ei ulykke – eller i verste fall eit dødsfall – så er det ein suksess. Det er viktigare å koma trygt heim enn å nå toppen seier han.
Med Trygg på tur håpar han å gje lesarane det same kompasset han sjølv styrer etter: Å vera konservativ med risiko – og hugse at tryggleik er ein ferdigheit det må øvast på.
Fotoutstilling iHågåhuset: Livsløp
Livsløp -Circleoflife.
Salsutstillilng,fotografifrå haganegjennomåret av MereteByreHåkonsen. Aukrust-originalar LittomKjell,Olav, Ludvig ogandre Aukrust-originalar. Gardskafe medkaffe –te, økologiskis, vaffel.
Gardsbutikk medlandets størsteutval av økologiskte ogkrydder,eignespekepølser,Grøntettersesong. Vakre hagar.Grupperkan avtale omvisning /matservering, gjerneviaepost.
Følgosspå Facebook: AukrustGardogUrteri
Vi haropekvardag11.00–17.00tilogmed9.august. Velkomentilgards!
Herbgarden -shop -local food. Visitourecological farmandgarden.Circleof life,photoexhibition. Openeveryday11.00 -17.00,tilthe9.of August. Welcometoourfarm!
Periodisk kjøretøykontroll
Vi presser hydraulikkslanger
KYRKJENE ILOM Sommaren2025
SUNDAG 20.JULI
kl.11:00 iBøverdal kyrkje
Kl.14:00 iLomskyrkja
TYSDAG 29.JULI
kl.18:00 OLSOKMESSE iLomskyrkja
Fråkl17:30 vert detgratisomvisingikyrkja. FellesmesseSkjåk -Lom -Vågå.
SUNDAG 3. AUGUST
kl.13:00Messe vedGubhagesetrai Finndalen. Sjåeigaannonse.
MILITÆRT VERN "MASTERGRAD
ADELEG
SJØLVRÅDIG
TONE I DURSKALAEN
MÅNEFASE FOLDE HENDENE JORDSTYKKE MED GRAS TEMA
1. Når du går ut av huset ditt gjennom hovudinngongen, går du ut i retning sør. Når du går gjennom kjøkeninngongen, som er på motsatt side av huset, går du óg i retning sør. Ja, uansett kva dør du går ut gjennom på huset ditt, går du i retning sør.
Kor ligg huset ditt?
2. Om du var åleine i eit tomt hus ein kveld, og det var ei parafinlampe, ved i peisen og eit stearinlys - og du hadde berre ei fyrstikk. Kva ville du tenne fyrst?
Ser du mønsteret?
Kva for ein bokstav skal erstatte spørjeteiknet?
5. Kva heiter fotballspelaren Messi til fornamn? For
Galdhøpiggen
Mønsteret: Å (ein, to, tre, fire, fem, seks, sju, Åtte og ni) Quiz barn: Hunden går i sirkel.
Hemmeleg tal: 324 Gåte: 1. Nordpolen 2. Fyrstikka
Blanda drops - for dei yngre
1. Kva fargar består det islandske flagget av?
2. I kva land er Madrid hovudstad?
3. Kva heiter Noregs høgaste fjell?
4. Kva heiter barnet til sauen?
Eit hemmeleg tal har tre siffer. Summen av desse tre sifra gonga med 36 blir dette talet.
Sju gonger det fyrste sifferet pluss 9 blir det same som 5 gonger summen av dei to andre sifra. 8 gonger det andre sifferet minus 9 er det same som det fyrste pluss det tredje sifferet.
Kva er det hemmelege talet?
puslekryss
Fyll inn orda i dei tomme rutene. Lukke til!
manglande tal
Kva for eit tal skal stå i staden for spørjeteiknet?
1. Kva heiter dei tre idrettsheltane Northug til fornamn?
2. Kva var namnet på den norske hiphop-duoen som hadde blant anna ein versjon av AC/DCs «Back in Black»?
3. Kva heiter Wachowski-søstrene som regisserte blant anna «The Matrix»?
4. Kva heiter den tredje romanen om Elling?
5. Kva for eit band består av brødrene Zac, Taylor og Isaac?
6. Skodespelar Alfie Allen, kjent frå «Game of Thrones» har ei søster som er popstjerne. Kva heiter ho?
7. Kva heiter dei tennisspelande søstrene Williams til fornamn?
8. Kva heiter den danske butikkjeda som spesialiserer seg i tilbehøyr til heimen, kjøkenutstyr og gåveartiklar (kategorinamnet er eit hint)?
9. I kva for ein krig finn serien «Band of brothers» stad?
10. Kva var namnet på brødreparet som fann opp flyet?
Kor mange hol har denne t-skjorta?
1. Kor mange grader celsius er 100 fahrenheit?
2. Kva heiter den mest kjente songen frå Åge Aleksandersens plate «Levva livet!» (1984)?
3. Kven spelte den kvinnelege hovudrolla i filmen «Some like it hot» frå 1959?
1. Petter, Even og Tomas Fasit
10. Ice Cube
9. «A song of ice and fire»
peraturen held seg over 20 grader celsius frå kl. 20.00 til kl. 8.00
8. At utandørstem-
7. «Cold mountain» (2003)
6. Foreigner
5. Antarktis
4. Afrika (El Azizia i Lybia)
3. Marilyn Monroe
2. «Lys og varme»
1. 37,7 grader celsius
Temperatur
10. Wilbur og Orville Wright
9. Andre verdskrig
8. «Søstrene Grene»
7. Venus og Serena
6. Lily Allen
5. Hanson
4. «Brødre i blodet»
3. Lana og Lilly (tidlegare heitte dei Andy og Larry)
2. «Brothers»
Quiz, Søsken
Kva for eit ord passar? Fiske
3. Ho hadde kjempelangt hår 4. Løk, purreløk og kvitløk 5. Åtte bein
2. Snapp
Quiz, barn 1. 90 minutt (kvar omgang varer 45 minutt)
(2 + 5 = 7) Skjorte med hol: Sju hol (det er eit hol på ryggen av skjorta óg)
Manglande tal 7, fordi kvart av dei enkle siffera er tverrsummen av dei doble siffera som ligg tvers over
7. For kva film vann Renée Zellweger Oscar for beste kvinnelege birolle?
8. Kva skal til for at det skal kallas tropenatt?
9. Kva heiter bokserien som tv-serien «Game of thrones» kjem frå?
10. Kva for ein rappar og skodespelar heiter eigentleg O’Shea Jackson sr.?
Finn eit nytt ord passar til alle dei 6 orda, og som lagar heilt nye ord.
- for dei litt yngre
1. Kor lenge varar ein fotballkamp?
2. Kva heiter ekornet Snipp sin bror?
3. Kva var spesielt med Rapunzel i filmen «To på rømmen»?
4. Kva grønsaker heiter onions, leek og garlic på engelsk?
5. Kor mange bein har ein edderkopp?
- i ordsuppa.
Vassrett, loddrett, på skrå og baklengs.
Kommunane Skjåk, Lom og Vågå har mykje å by på av gratisaktivitetar.
TOM ERIK SOLSTAD tom.erik.solstad@fjuken.no
Ikkje alle ynskjer å bruke mykje pengar på aktivitetar når dei er på ferie. Da er det fint at det finst mykje ein kan gjera og vera med på, som ikkje kostar ei einaste krone. Her gjev vi deg ei oversikt over ein del av aktivitetane i kommunane Skjåk, Lom og Vågå som er heilt gratis for både bygdefolk og turistar. Oversikta er utarbeidd i samarbeid med kommunane, og er altså berre eit utval. Det finst også ei rekkje betalingsaktivitetar i Skjåk, Lom og Vågå. Vi tek atterhald om feil i oversikta.
Skjåk:
• Bading: Det er flotte badekulpar og fjellvatn overalt, mellom anna Bångråttjønn
• Turstigar etter merka turkart, og ulike naturstigar
• Fjellgeita: Turorientering for barnefamiliar, med 10 ulike turar
• Idrettsbana i Bismo: Friidrettsbane og fotballbane
• Sommarope bibliotek i Bismo
• Sykling: Ein kan utføre mange flotte sykkelturar på dei mange vegane i bygda
• Skateparken i Bismo
• Diskgolfbane på Moar
• «Skjåkutstillinga» på Galleri Mathilde i Bismo: Utstilling av kunstnarar som har tilknyting til Skjåk
• Fisking: Det er gratis å fiske i 200 fiskevatn for barn i Skjåk
• Sandvolleyballbane ved Dønfoss
• Geocaching: Orientering med GPS. Det er
mange «cachar» i Skjåk
• Naturstig: Uppnose elgfangstanlegg ved Dønfoss
• Kulturstigen «Vatnet i Skjåk» på Aursjoen
• Kulturstigar på Billingen: Diktarstigen og Steinbrurunden
• Naturstig for barn på Sota Sæter
• Forberget klatrefelt rett aust for Bismo
Lom:
• Fossheim Steinsenter: Utstilling, «gratistippen», vandring gjennom sentrum med meir
• Diskgolf på eiga bane i Bøverdalen
• Sommarope bibliotek med bokkafé. «Sommarles» for barn i 1.-7. klasse. Premiering til alle deltakarar
• Grilling i grillhytta ved Skim, gjerne kombinert med fisking. Barn fiskar gratis
• Ein køyretur over den nasjonale turistvegen Sognefjellet, gjerne kombinert med ein sykkeltur innover Høydalen
• Bading ved Liabrua eller Tesse
• Norsk Fjellsenter (nasjonalparkinformasjon og butikk i fellesområdet). Inngang til utstillinga er gratis for barn under 3 år
• «Selfie-tur» til Kvilarsteinen og Lomseggen for ungar som er i god form, og ikkje har særleg høgdeskrekk
• Tur til bygdemuseet Presthaugen for å sjå på friluftsbygningane, leike ved dammen, og gå Bordvassvegen
• Fugletårn ved Tesseosen
• Leikeplass og sandvolleyballbane på Nordal turistsenter
• Kulturstigen til Skutlan, med Kusletta som utkikkspunkt
• Lom idrettslag sitt flotte treningsanlegg i Grov
• Stolpejakt i og utanfor Lom sentrum
• Kul tur med biblioteket: Sentrumsvandring med ti postar på Bergom
Vågå:
• Dompe aktivitetspark i sentrum: Ballbane, leikeutstyr, diskgolf og gapahuk
• Hulderstigen i Sjodalen: Kultur- og naturstig i fin fjellskog, lett terreng som passerer elver og tjern
• Munch-vandring: Gå i fotspora til Edvard Munch og farsslekta hans i Vågå. Total lengde 1,3 km. Ruta er godt merka, og byrjar i Vågå sentrum
• Moajordet Aktivitetspark i Vågå sentrum: Her er det ulike leikeapparat, sand- volleyballbane og skate- og sykkelpark
• Kalven Seter ved Lemonsjøen: Energikampaktivitetar for barn og unge
• Kvennberget på Lalm: Merka stig i fint skogsterreng
• Ulike merka ruter ut frå Vågå sentrum: Vanglandsrunda, Hølenrunda og andre
• Sykling: Fleire merka ruter
• Prestegardshagen i Ullinsvin: Restaurert historisk hage
• Fisking: Gratis fisking i Vågå for dei under 16 år
• Jutulheimen Bygdamuseum
• Rulleski- og idrettsbane på Lalm
• Diskgolfbane ved idrettsplassen på Lalm. Det er gratis utlån av utstyr til diskgolf på utstyrssentralen knytt til Vågå bibliotek i Vågå sentrum. Her er det også mykje anna utstyr til utlån, til dømes kanoar, friluftsutstyr og el-syklar. Utlån gjennom Vågå bibliotek sine opningstider
• Bading i ulike fjellvatn/elvar i Finndalen, Jønndalen, Flatningen, Vågåvatnet med fleire
• Tennisbane og to multisportbanar (ballspel) på Halland i Vågåmo med gratis utlån av utstyr
• Tennisbane og aktivitetsplass/leikeplass ved Sjårdalen samfunnshus
• Badeplass ved Smedsmodammen
MedInnlandstrafikkkandutabussentilJotunheimen,Rondane, Valdres ogGudbrandsdalen. Sjårutetiderpå www.innlandstrafikk.no/fjellruter
Gjendesheim Gjendebu
Med: Anne HeidiKvamHillestad, EndreSkjåk og LasseTronstad. Uteserveringa
Med: Anne Heidi Kvam Hillestad, Endre Skjåk og La sse Tronstad Uteserveringa på Nordal Turistsenter i Lom 4. - 6. juli.
Meir info: sjå Jotunheimen Underholdning på Facebook - ei mu sikal sk fjellrei se .
Billettarvedinngangen og på hoopla.no
•Vel mellom 230 vatn og over 250 km med elv
•Mange spennande små og store vatn for garn- og stongfiske
•Alternativ frå 360–1800 moh.
•Alt inkludert i eitt og same fiskekort
•Kjøp fiskekort, og få gode tips via www.inatur.no
•Vel mellom 18 ulike hytter, godt utstyrte
•Unike utgangspunkt for friluftsliv, familieliv, fiske, jakt, og toppturar
•Turterreng og alternativ som kan passe for alle
•Leig hyt tene sjølv via www.inatur.no
RYA SAUS KVINNE KLOVNEN FÆL
GÅVER BRESTE
EKSISTERER BORTE TIDLEGARE
DOVEN TEVLING
EIGE NR. 2 FULLSTENDIGE MARKA HYLLE FRED BRYSTET
VISE
RÅ REISKAP TAL
HOPPE OVER TAL
Send løysinga til : konkurranse@fjuken.no innan tysdag 12. august.
BILLEGTUR
PRØVE
Vinnar 26. juni: Silvana Antonella Melendez Andersbakken, Skjåk Løysingsord: SLIK FINN EIN UT KVA IS SOM ER BEST
GJERE
CASANOVA FENGSEL
FLATEMÅL OPNE BRÅKET
PLAGGDELAR LAUSRIVEN ENDELAUSE
GLISER LAMPE GRUPPE FRYSE KVINNENAMN SERVITØREN SVAL
KORT TULLEGJENG
DOVNE NORDMANN VÆPNE FLODEN ÅLEINE
MENT
VILTER FØREMON
VERKSTAD LAND DIKT
SVIKE DAMP TRE ÅTAK
DING
LÆR PROTESE JA FAKKE
www.fjuken.no • helsing@fjuken.no
HELSINGAR
SONDRE NYGJERDET
Hipp hurra for Sondre som fyller 9 år 4. juli.
Bursdagsklem frå bestemor
ELIAS FRISVOLD
Hipp hurra for go’guten vår som fyller 4 år 11. juli.
Helsing frå bestemor og bestefar « Inne»
LAURITS HAUGEN KLEPP
Gratulerer så mykje med 4-årsdagen, 12. juli!
Stor helsing frå Edvard, mamma og pappa
ANNBJØRG AAS TIDEMANSEN
Grumjenta fyller 1 år den 9. juli!
Gratulerer med dagen frå bestemor og bestefar i Tverråket, og tante i Trondheim
Å sende helsingar i Fjuken er gratis, men dersom du vil ha biletet attende, legg du ved returporto/ frimerke sammen med helsinga di, om du sender via posten. Helsinga kan da sendast til hovudredaksjonen i Skjåk: Fjuken, 2690 Skjåk
EMIL SOLSTAD
Gratulerer med 12-årsdagen din 16. juli, Emil! Glad i deg!
Helsing Janne, mamma og pappa
EMIL SOLSTAD
Hipp hurra for snille og gode
Emil som alt blir 12 år.
Gratulerer med dagen 16. juli.
Så glad i deg.
Klem frå bestemor og bestefar
ANNBJØRG AAS TIDEMANSEN
Gratulerer med 1-årsdagen din den 9. juli, vesle solstråla vår!
Stor klem frå mamma og pappa
Det beste er sjølvsagt å sende på epost. Send ein epost til oss, på adressa helsing@fjuken.no
Hugs å skrive alder og fullt navn på jubilanten!
EMIL SOLSTAD
Hei på deg!
Gratulerer med 12-årsdagen den 16.juli, er veldig glad i deg.
Stor klem frå oldemor
ANNBJØRG AAS TIDEMANSEN
Gratulerer med 1-årsdagen, Annbjørg!
Kos frå mommo og bestefar
helsing@fjuken.no
Hugs å skrive alder og fullt navn på jubilanten!
Orsolya Haarberg har vunne fleire internasjonale prisar som fotograf og har publisert bilde i mellom anna National Geographic. Etter år med reising og arbeid i Norden, har ho funne sin kunstnarlege og geografiske heim i Vågå. FOTO: ROGER ILLING
Orsolya Haarberg opna Fjellheimen Galleri i kjellaren på gamle Loar skule den 22. juni.
VIGDIS KROKEN vigdis.kroken@fjuken.no
I galleriet syner ho fram fotografiar og interiørprodukt, sistnemnde laga av reingevir frå
1953–2025
Lom har mista ein av sine største akademiske eksportartiklar: Aslaug Nyrnes. Aslaug vaks opp i grenda og miljøet Tor Jonsson etterlet seg. Ho var medviten arven og miljøet, og ho har lyfta fram samgrendingen sin i tale og skrift, både i og utanfor sitt akademiske virke. Aslaug har vore viktig for laget, men framfor alt den eine som har teke Tor sitt forfattarskap inn i det som kan kallast den vitskaplege retorikk-forskinga. Eit år brukte ho òg ferien sin i «Stusslegstugu» på å registrere bøkene Tor sjølv hadde ikring seg. Slik analyserte ho den språklege og skriftlege heimen og universet
Fjellheimen Galleri opna 22. juni og held ope kvar dag fram til midten av august. Dette bildet har Orsolya Haarberg kalla «Jordens ryggrad». FOTO: ORSOLYA HAARBERG
Reingevir frå Jotunheimen får nytt liv i hendene til Orsolya: Her ei taklampe, som ein temmeleg sikkert ikkje kan finne maken til nokon stad. FOTO: ORSOLYA HAARBERG
Jotunheimen. Fotografia syner unike augeblikk i den nordiske naturen, med hovudfokus på landskap i Fjell-Noreg. – Eg manipulerer ingen bilde. Ingen element blir fjerna eller lagt til, seier Haarberg, som fortel at ho søkjer det unike i naturen, det store i det vesle –kontrastane.
Orsolya Haarberg (1977) er fødd og oppvaksen i Ungarn, og er utdanna landskapsarkitekt. Ho har vunne ei rekkje internasjonale prisar og utmerkingar som fotograf. Sidan 2018 har ho hatt sitt virke i Vågå. Ved sida av fotografering har Haarberg utvikla eit interiørkonsept kalla «REIN – naturlig
nordisk». Her får reingevira frå Jotunheimen nytt liv som lampar, bord og skulpturelle kunstverk. Desse handlaga produkta er ikkje berre dekorative, men skapar nærleik til naturen, som mange er opptekne av. – Kvifor utstilling i Lom? – Fordi Lom er møtepunktet for menneske som besøkjer fjell i nasjonalparkane i Sør-No-
reg, med ei stor gjennomstrøyming av turistar som eg håpar kan vera interessert i bilda og produkta mine, svarar Orsolya Haarberg.
Utstillinga held ope kvar dag fram til midten av august.
forfattaren levde i. Ho merkte seg òg kva bøker som ikkje var opna og lesne, som kunne fortelja noko om forfattaren, om prioriteringar, smak og unytta potensiale.
Aslaug Nyrnes har hatt sitt virke innan litteraturvitskap og kunstfagleg didaktikk, hovudsakleg ved høgskule og universitet i Bergen. Ho brukte landskapet og skriftkulturen ho vaks opp i aktivt i forskinga og formidlinga si. Me i Tor Jonsson-laget er henne stor takk skuldig for hennar livslange innsats. Me takkar Aslaug for at ho var slik ei framifrå sendekvinne – for Lom, Tor Jonsson og det skrivne, nynorske ord.
Nei, du er ikkje død. For enno ber stilla merke av siste orda du sa. Kanskje gjekk du som snøggast ut til stillare glede ein stad.
Til liks med samgrendingen
Takk
Hjarteleg takk for helsingar, blomar og gaver på 80- årsdagen min.
Olav J Galde
Lesarinnlegg og meiningsytringar skal vera signerte med fullt namn. I tillegg til publisering på papir, kan også meiningsytringar bli delt på fjuken.no.
Telefon 61 21 38 60 • redaksjon@fjuken.no
Det er sjeldan eg kjenner på at andre parti kjem med utspel som vil dra oss attende til ei tid vi ikkje ynskjer, men det gjorde eg når eg las om Frp og Listhaug sine utspel om at problemelevar skal fjernast med tvang. Dette er eit gufs frå fortida som ikkje høyrer heime i 2025.
Vi må sikre ein skule med ro, orden, fokus på læring, kunnskap og meistring, rom for kreativitet og utvikling, og sist, men ikkje minst, ein skule der det er plass for alle.
Senterpartiet har i mange år jobba for ein meir praktisk skule nettopp for å sikre både praktisk kunnskap, men også ein skule som har plass til ulike typer elever. Det er elevar som er sterke teoretisk og det er mange som er sterke på det praktiske og dei fleste har litt av begge delar.
Det som er felles for alle er å kunne oppleve og kjenne på meistring og gjennom det læring. Vi treng ein skule som i mykje større grad verdset både teori og praksis for å møte dei ulike elevane sine ressursgrunnlag, men også fordi samfunnet vårt treng begge delar.
Det samfunnet ikkje treng er meir stigmatisering ved å fjerne det Frp kallar problemelevar i staden for å legge til rette undervisinga slik at alle elevar kan meistre skulekvardagen og fullføre skule og utdanning.
Vi skal ha ein skule som set klare grenser, med forutsigbare rammer og som rettleier elevane gjennom skulegangen på ein måte som gjer at dei får brukt ressursane og styrkane sine for å skape seg ei framtid.
Vi skal ikkje tolerere verken trakassering, truslar eller vald mellom elevar eller mot lærarane. Samtidig må ein ta tak i grunnen til at ein elev ikkje fiksar skulen, skapar uro eller sluttar skulegangen før den er fullført.
Trivsel og tryggleik er avgjerande føresetnader for fagleg og sosial læring. Vi må sikre at alle elevar meistrar grunnleggande ferdigheiter og får eit godt grunnlag for vidaregåande opplæring.
– Vi må sikre ein skule med ro, orden, fokus på læring, kunnskap og meistring, rom for kreativitet og utvikling, og sist, men ikkje minst, ein skule der det er plass for alle, seier Aud Hove. FOTO: RAGNA BORGE LYSAKER
Senterpartiet vil ha auka fokus på praktisk og aktiv læring gjennom heile skuleløpet, mellom anna gjennom auka vektlegging av praktiske og estetiske fag, arbeidslivsfag frå mellomtrinn og fleire praktiske valfag i ungdomsskulen.
med seg mykje i skulesekken vi ikkje veit om eller spør etter. Dei same elevane kan fungere bra om det blir lagt til rette for dei.
kulen vi bør gjere på ein annan måte for å møte desse elevane på ein betre måte i staden for å opprette spesialskular og fjerne dei frå familie og venner.
men som samfunnet har bruk for.
I skulen har eg erfart at elevar som har mykje uro og som på ulike vis er ei utfordring i skulekvardagen, som ikkje klarar å konsentrere seg og som ofte boikottar leksar og prøver, har
Fleire har etter at dei har gått over til yrkesfag på vidaregåande skule, kome seg ut i lære og fått eit fagbrev. Dei har endra seg frå bråkmakarar til solide og gode arbeidstakarar.
Vi må spørje oss om det er noko i barnehagen og grunns-
Tidlegare fekk mange av dei som sleit med teori eller hadde mykje uro i kroppen meir sløyd og praktiske opplegg på skulen dei gjekk på. Dei fekk med seg mykje nyttig kunnskap og fekk utvikla ferdigheiter som ikkje berre dei fekk glede av sjølve,
Nå vil Frp i staden opprette spesialskular og stuve dei bort? Det er å gå baklengs inn i framtida og vil forsterke eit stadig aukane utanforskap.
AUD HOVE, gruppeleiar for Sp Innlandet
– KrF mener at skolen trenger et kvalitetsløft, ikke et kvantitetsløft, skriv Jytte Sonne. Foto:
Antall timer på skolen har de siste 40 årene økt med sammenlagt to hele år uten at kompetansen eller kunnskapsnivået er merkbart høyere når barna går ut av skolen.
Høyre vil nå allikevel pålegge de minste barna en ekstra skoletime hver dag.
Politikken som er ført med utvidelse av skoledagen har ikke ført frem, så hvordan skal en ekstra time bedre dette?
KrF mener at skolen trenger et kvalitetsløft, ikke et kvantitetsløft. OECD er tydelige på at det er kvaliteten på undervisningen og ikke lengden på skoledagen som er avgjørende. Finland som vi ofte sammenligner oss med har kortere skoledag, men det høyeste nivået i Norden.
Mange utdannede lærere ønsker ikke å jobbe i skolen, og derfor mener KrF at det trengs et kvalitetsløft for lærere. Vi ønsker å gi lærerne mer fleksibel arbeidstid, ansette flere lærere, gi lærerne 50 000 kr mer i lønn, og ha færre undervisningstimer for kontaktlærere. Å bygge robuste barn starter i hjemmet, og fortsetter i barnehage og skole. Trygge voksenpersoner som ser, motiverer og ivaretar er avgjørende for trygghet, læring og utvikling. KrF sine prioriteringer koster,
men det er en investering for fremtiden. Å ha et skolesystem som tilpasser seg elevene, og ikke motsatt, er viktig.
Mange 5- og 6-åringer er ikke klare for heldagsskole, derfor trenger vi et betydelig løft innenfor lek, kreativitet og fysisk aktivitet.
Det ser ut som Høyre mener at flere skoletimer er synonymt med mer kunnskap. Det er de yngste som vil bli rammet her, de yngste er de som i utgangspunktet er den gruppen med størst behov for lek, sosial læring og myke overganger.
JYTTE SONNE, 1. kandidat KrF Oppland
Ynskjer å kjøpe ein brukt varebil
Eldre Opel Combo, Kangoo eller
Peugeot Par tner
Ta kontakt på tl f. 911 42 4 46
Ynskjes kjøpt
Ynskjer å kjøpe brukt; seks kutrenarar og to bogbøyler
Skånsar, 900 47 786 / 906 44 974
Noko til overs?
Det du ikkje treng lengre, kan andre kanskje ha nytte av. Prøv ei rubrikkannonse i lokalavisa di! annonse@fjuken.no
BESTILL
ANNONSEPLASS
ANNONSE @FJUKEN.NO
Sk jå k k yr kjelege felle sråd
SK JÅK - LOM - VÅGÅ
3. AUGUS T K L. 13.00 Kyrkjelydstur m /messe og k yrkjekafè på Gubhagesetra i Finndalen. Buss frå Bismo kl. 10.30. Meir info og påmelding tlf. 971 61 560 innan 1. august
Står du i manntalet?
For å kunne røyste ved haustens val til Stortinget og Sametinget må du stå i manntalet. Du kan undersøkje om du står i manntalet i kommunen der du bur når det blir lagt ut til ettersyn på dei stadene som er oppgitt i denne annonsen. Dersom du har flytta til ein annan kommune og folkeregisteret ikkje har fått melding om flytting innan 30. juni, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du anten førehandsrøyste eller du kan røyste på valdagen i kommunen der du står i manntalet
Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet, eller du meiner det er andre feil i listene, kan du klage. Klagen skal vere skriftleg og grunngitt. Send klagen til valstyret i kommunen. Rett adresse finn du lenger ned i annonsen. Sametingets valgmanntal ligg også ute til ettersyn på same stad og i same tidsrom. Klage på valmanntalet til Sametinget skal sendast til Sametinget.
SKJÅK KOMMUNE
Telefon 61 21 70 00 skjaak.kommune.no
Manntalet er lagt ut til ettersyn på følgjande stader: Servicetorget på kommunehuset
Klage over feil i manntalet sendast: post@skjaak.kommune.no
VÅGÅ KOMMUNE
Telefon 61 29 36 00 vaga.kommune.no
Manntalet er lagt ut til ettersyn på følgjande stader: Vågå kommunehus
Klage over feil i manntalet sendast: Valstyret i Vågå kommune, Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå eller postmottak@vaga.kommune.no
LOM KOMMUNE
Telefon 61 21 73 00 lom.kommune.no
Manntalet er lagt ut til ettersyn på følgjande stader: Servicetorget
Klage over feil i manntalet sendast: Valstyret i Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom
Lom,Skjåk, Vågå
4.septembertil 7. september2025