
2 minute read
Laksegiljene i Osterfjorden – ei unik natur – og kulturoppleving
УAловите свое Laksefiske med gilje og sitjenot var ei viktig næring på gardane i Indre Osterfjorden fram til 1993. I dag er dette fisket freda. Dei to laksegiljene på Askildneset er nyrestaurerte med mellom anna støtte frå Kulturminnefondet.
I dag står giljene og overnattingshyttene fram som viktige kulturminne om tida då det vart fiska mykje villaks i fjordane rundt Osterøy. Denne fiskemetoden var eineståande i heile verda. Osterfjorden vert i dag omtala som laksefjorden og er spesielt nemd som ein viktig del av Nordhordland UNESCO biosfæreområde.
Advertisement
Fjordslottet Hotell tilbyr opplevingstur til laksegiljene.



På Kleivand Gard vert du ønskt velkommen til å høyra historieforteljing og videovisning om om den spesielle fangstmetoden med laksegilje og sitjenot.
Etter etter eit smakfullt måltid med lokal mat og heimebakt brød går turen vidare med guide til Kleiveland kai og skyssbåten MB "Ospenes" til omvisning på ei av dei nyrestaurerte laksegiljene.
Etter omvisning går turen tilbake til Kleiveland kai.
Kr. 750.- per person Minstepris kr. 4.950.-
Heile opplevinga varer ca. 2 1/2 time. Pakkepris historieforteljing, videovisning, lunchpakke båttur med guide.
Ta kontakt for turopplegg og program.
Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.
Hamre kyrkje


Kyrkja som står på Hamre i dag er eit lafta tømmerbygg frå om lag år 1600. Men kyrkjestaden går tilbake til tidleg mellomalder. I 1024 blei det bestemt på Mostratinget at Hamre skulle vera hovudkyrkje for Nordhordland.
Så det har vore to stavkyrkjer før denne vi har i dag. Den første stod frå tidleg 1000-tal fram til om lag 1160, og den andre fram til etter reformasjonen. Alterstaden har vore den same i alle kyrkjene, og det gamle steinalteret kan vi sjå gjennom ei glasplate som er montert opp. Kyrkja er rik på inventar både frå katolsk tid og seinare.
Vi kan nemna døypefonten i kleberstein frå om lag 1250, eit alterskap laga i Lubeck ca 1490, altertavle frå 1622, preikestol datert 1640. Midt på 1600-hundretalet blei kyrkja dekorert innvendig på vegger og i tak, og ein del av dekoren finns framleis. I våpenhuset heng ein stavkyrkjeplanke med runeinnskrift.


Omvising i kyrkja etter avtale. Prisar kr. 50.- per person minstepris kr. 400.-
Ta kontakt for turopplegg og program.
Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.
+47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no

Eit imponerande byggverk i stein. Lyser i landskapet som Soria Moria slott i nattemørket, og grå og vakker om dagen. Herlandsfossen kraftverk byr på ei over 100 år gammal eventyrleg krafthistorie.

Tidlegare hadde kraftstasjonane røyrgater utanpå fjellsidene. Som den første kraftstasjon i landet, vart vatnet her ført fram til turbinane gjennom trykksjakter og over ein to kilometer lange trykktunnel.
Arbeidet vart gjort med handamakt – ein utruleg slitsam og farleg jobb - og på det meste var over 400 mann/rallarar i arbeid. Mange kom frå Sverige. Medan guiden serverer fakta, prøv å sjå føre deg arbeidet som desse folka gjorde inne i fjellet. Kanskje kan du i ditt indre øyra fanga opp lyden av taktfaste sleggjeslag på boret?
Kraftstasjonen som stod ferdig i 1919, teikna Arent Greve etter modell av Rosenkrantztårnet i Bergen. Eit arkitektonisk praktstykke, som i kulturvernåret 1992 vart peika ut som kommunen sitt kulturminnebidrag.
Takka vera framsynte og dristige menn som realiserte planane om Herlandsfossen kraftverk, fekk ostringane oppleva krafteventyret tidleg.
Ved sida av, ligg den meir moderne og tidsmessige stasjonen – også den i lokal gråstein. Den stod ferdig i 1995, same året som gamlestasjonen fekk status som museum.