
4 minute read
Flabellina – flytande kunstbadstove
Dette MÅ berre opplevast!
Den unike flytande kunstbadstova gjev inspirasjon og energi for kropp og sjel.
Advertisement
Kunst + flytande Badstove + Sjøbad = eventyrleg
Flabellina er lokalisert i den vakre fjordbygda Hosanger/Mjøsvågen, ca 6 km frå Fjordslottet.
Eit besøk på Flabellina og ein tur Kossdalen er opplevingar som gjev varige minne. (Sjå produktark om Kossdalen)


Pris:
2-4 personar: kr. 1.200.-
5-6 personar: kr. 1.400.-
7-8 personar: kr. 1.600.-
Dette er for 1,5t i badstova!
Ta kontakt for turopplegg og program.

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

Geite – og sauegarden på Bernes/Osterøy ysteri



Eg fann, eg fann sa Askeladden - og på denne garden hadde han kjent det som å koma heim.
Du vil kjenna deg velkommen hjå Berit og Lars som tek i mot deg med varme og inkluderande blikk.
Dette er ein spennande, trdisjonell vestlandsgard med geiter og osteproduksjon, og gammalnorsk spælsau for ull- og kjøtproduksjon. Du får vera med i ysteriet, du vert med i fjøset, tørkebua og på låven, og du får smaka på nylaga geitost, flatbrød og eigne kjøtprodukt frå garden. Det er som du kan kjenna deg som ein del av Asbjørnsen og Moe sine eventyr.
Dyra du vil møta på garden er over hundre norske mjølkegeiter og ikkje minst sjølvaste steinaldersauen, gammalnorsk spælsau. Dyra tek gjerne i mot vennlege klapp om du vil kosa med dei. På garden ønskjer dei å ha god økologi og dei prøver så langt det er råd å vera sjølvberga med for, difor får dyra vera på utmarksbeite det meste av året.
I gardsbutikken kan du få kjøpa ekte geitost, spekemat produsert etter over 100 år gamle oppskrifter, garn og skinn frå eigne dyr og sesongvarer frå eigen hage eller naturen.
+47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no

УAловите свое

Vaksne kr. 225.- Born kr. 125.- per peson Minstepris kr. 900.Prisar stølsbesøk: Etter avtale.
Tidsrom for gardsbesøk: 1. mai til 23. juni Tidsrom for stølsbesøk : august og september
STØLSBESØK
Om sommaren er geitene på sommarstøl i fjellet på Osterøy med Berit og Lars. Der er du hjarteleg velkommen på stølsbesøk i august og september. Der du også kan få servert stølsmat. Turen til støls er eit flott turmål til fots på ein vandresti, eller på ein anleggsveg.

Ta kontakt for turopplegg og program.
Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.
Hole geitegard
ei ekte oppleving for små og store!
Som i eventyret får du møta Bukken Bruse og geitene hans, og geitebonden Øystein gjev ei levande, lærerik og ekte oppleving av livet med geitene på garden og på stølen om sommaren.
Du kan få vera med på geitemjølking, og du kan også få laga din eigen geitost, som du kan få med heim, dersom det vert laga ost den aktuelle dagen.
Garden ligg i bygda Hosanger på vegen inn mot Kossdalen og Kossdalsvingane, og har mjølkeproduksjon med omlag 70 mjølkegeiter. Geitene vert mjølka morgon og kveld.

Det er eige ysteri på garden, der det vert laga tradisjonell brun geitost. Osterøy har lange tradisjonar når det gjeld geitehald og det å laga brun geitost.

Brunost frå Osterøy har hatt eit kvalitetsstempel i lange tider.
Gardsbesøket kan kombinerast med tur i Kossdalen, og Øystein kan vera guide om det passar slik.
Vaksne kr. 250.-/ kr. 400,- med ostelaging Born kr. 190,-/ kr. 300.- med ostelaging
Minstrepris: kr. 1.000.-
Varigheit: ca 1,5 – 2 timar
Tidsrom: Februar til ca 15. juni og ca. 25. sept. til ca 15.nov.
Ta kontakt for turopplegg og program.
Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.
+47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no



Det magiske ulleventyret startar med sauen som produsent av dette unike råstoffet. Vi kan no tilby eit unikt opplevingskonsept der du får innsyn og forståing i denne spennanande prosessen gjennom besøk på Sauegard, Osterøy Museum/tekstil og strikkefabrikken Norlender Knitwear.
Sauegarden på Bernes/Osterøy:
På familiegarden hjå Berit og Lars driv dei med sau og geit. Sauerasen er den fargerike gammalnorske spælsauen – ein fantastisk og hardfør sauerase som vart redda frå å døy ut.Ulla fra denne sauen har glansfulle dekkhår og mjuk underull.
Osterøy Museum:
- Foredrag og omvisning tekstil. Bruk av ull.
- Praktisk demonstrasjon/workshop.
Ulla frå den norske spælsauen er ein av dei viktigast faktorane for at forfedrene våre utvikla livskraftige samfunn i våre delar av verdi. Gjennom fleire tusen år har menneska bygt kunnskap om korleis dei på best måte kan nytta ulla til vern, varme eller til store segl på havgåande skip. På museet får du fortalt og får kunnskap om nokre av forteljingane om den magiske ulla og den levande kulturarven vi forvaltar.
Norlender knitwear:



- Omvisning
- Frå garn til ferdige produkt
+47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no
Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

Kleiveland Gard – skatten ved vegs ende





Sjå føre deg korleis Askeladden spratt opp og slo hælene saman, i rein fryd over gilde rom og freistande bord! På attraktive Kleiveland Gard ved vegs ende er det eventyrleg godt å vera.

I den restaurerte og intime låven inviterer vertskapet til gjestebod, gilde og historieforteljing med god heimelaga og lokalprodusert mat. Her kan du kroa deg framfor peisen eller gjera som Askeladden og sleppe deg laus i livleg låvedans.
Det er lett å sjå føre seg at kongen sine langskip - i historisk tid - har glidd sakte langs mektige fjell og glitrande fosser i den magiske vestlandsfjorden.

I århundre har sjø og land bydd på fruktbare skattar for folket langs leia. Korleis ein fanga spretne laksestimar ved hjelp av det oppfinnsame reiskapet laksegilje og sitjenot, er eit eventyr i historia vår, og på Kleiveland vil vertskapet fortelja om lakseeventyret og bygdehistorie og ta deg med på båttur til ei av desse laksegiljene – om du ønskjer.
På Kleiveland Gard kan du finne ro og stille eller kjenna på den heftige gleda over godt selskap.
Sesong: mai-september. Produktpakke 1: historieforteljing, videovisning, kaffi og kake.
Produktpakke 2: Som pakke 1, men med lunchpakke med smakar av lokalmat og heimebakt brød.
Ta kontakt for turopplegg og program.
Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.
Norlender
– over 90 år med
