1 minute read

Korleis kan du nå oss?

Slik kjem du til Fotlandsvåg og Fjordslottet:

Advertisement

Ca. 50 min. med bil frå Bergen sentrum over Osterøybrua eller med ferje Breistein - Valestrandsfossen.

Ca. 25 min. frå E 16 Bergen - Oslo

Ca. 1 time frå Flesland Flyplass

Ca. 35 minuttar frå Arna Jernbanestasjon.

Fjordslottet

– eit historisk hotell med stil, steming og atmosfære

Velkommen til eit ærverdig hotell med med historie i veggane og omgitt av mektig vestlandsnatur med fjord og fjell.

Fjordslottet er eit perfekt hotell for selskap og fest, for kurs og kreativt arbeid og for fritid og rekreasjon, og ikkje minst som utgangspunkt for spennande og unike opplevingar på Osterøy.

«Det var ein gong.....» Slik begynner også eventyret om bergenskjøpmannen C.J. Hambro som fann elva som kunne gje energi til etablering av bomullsspinneri.

Kossdalen – mystisk, trolsk og vakker

Kva er det som blenkjer i Kossdalsvatnet når sola eller månen skin? Og kvifor er det viktig å hiva ein stein oppå varpet idet du passerer ein av dei 17 svingane gjennom Kossdalskaret?

Det kviler ein aura av mystikk over det restaurerte vegpartiet mellom Svenheim og Hosanger. Vegen, som stod ferdig i 1893 og har stigning på 27 %, står i dag fram som eit kunststykke i ingeniørkunst, alt saman bygd på pliktarbeid med handmakt.

Vegen opp gjennom sjølve Kossdalskaret er 360 meter lang og stig frå 75 til 175 m.o.h., og i tillegg kjem tilførselsvegar frå begge kantar i trolske omgjevnader.

Turen byr på naturopplevingar av dei sjeldne. Undervegs vil du få eit gløtt inn i mystikk og fakta som knyter seg til denne unike vegstrekkja som ligg i eit område som kommunen har utpeika som kulturvernområde. Og er du heldig, så møter du kanskje overraskingar på vegen….?

Pris med guide frå kr. 250.- per person Minstepris kr. 1.500.-

Ta kontakt for turopplegg og program.

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

This article is from: