
1 minute read
tekstilproduksjon
Frå garn til ferdige, stilfulle ullprodukt. «Ulleventyret» starta med ein Askeladd som hadde draumar på ein fjellgard på Osterøy. Strikkemaskin vart innkjøpt og plassert i kjellaren på heimegarden. Så lærte han og familienseg kunsten å produsera undertøy, først til dame, så til born og herre.
Dette gjekk bra og det vart oppført eit eige «fabrikklokale» på garden. Når dette vart for lite vart produksjonen flytta frå fjellgarden til eit moderne fabrikklokale som ligg idyllisk til ved fjorden i Hosanger. Bedrifta produserer i dag fine strikkeplagg til store og små.
Advertisement


Eit besøk med omvisning på denne bedrifta gjev forståing i korleis eit strikkeplagg vert til, frå garn til ferdig plagg, og du får høyra historien og humørfylte anekdotar. På fabrikkutsalget på Norlenderloftet kan du fornya garderoben med stilige ullprodukt

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.
+47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no

Borge Motorsamling
– unik bilhistorie med kongelege veteranar
Borge Motorsamling har 17 køyretøy frå 1903 til 1986. No kan denne spesielle samlinga opplevast i utstillingslokala og/eller du kan få deg ein kongeleg køyretur.

Ola J. Borge fekk tidleg interesse for motorsyklar og bilar og starta si eksklusive bilsamling.
Kvart køyretøy har si eiga historie. To av juvelane i samlinga er frå det norske kongehuset. Lincoln 1931 var Kong Haakon sin representasjonsbil så lenge han levde og denne bilen var med filmen «Kongens nei, 3 dagar i april». Kong Olav sin første private bil, ein Lincoln 1927 modellsom han køyrde sjølv - er òg med i samlinga.
Bilmerke i samlinga:
Caddilac - Lincoln - Darracq - Rolls Royce - BentleyMercedes.
Motorsyklar i samlinga:

Harley Davidson - Brough Superior - Vincent - BMWVanderer - FN – ACE – Triumph – Tempo.
+47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no


УAловите свое
УAловите свое
Tidsrom: Omvisning heile året. Turkøyring april - okt .
Prisar: Turkøyring frå kr. 5.250.-
Ta kontakt for turopplegg og program.
Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.