3 minute read

Spektakulær veteranbiltur

Du trur du er på veg mot berget det blå. Så opnar eit spektakulært landskap seg. Kan du høyra huldra kviskra deg i øyra “Kom bli med meg…..?”

Huldra som i folkeeventyra lokkar folk bort og du såg dei aldri att. Men Osterøy-huldra ønskjer berre å visa deg naturperler frå fjord til fjell til fjord gjennom eit skiftande landskap.

Advertisement

Med bil/veteranbil eller minibuss går turen opp Herlandsvingane, du passerer Herlandsfossen kraftverk, Herlandsnesjane naturreservat, Storavatnet (kraftmagasin), ned Fossdalsvingane, før du på stig til fjells på nytt til Njåstad og får ei flott utsikt mot Osterøyfjella i nord.

Gjennom den vakre Bruvikdalen som ligg framføre deg, har du tilgang til ulike fjellturar, der utsikta frå toppane når langt utover Osterøy sine grenser.

Vegen ned fjellsida til den vakre Bruvikbygda ved Sørfjorden er spektakulær – og er Trollstigen i litt mindre format, men med ei svært vakker fjordutsikt som du no finn få plassar på Vestlandet.

Spesielt vakkert er det når snøen framleis ligg på fjelltoppane som speglar seg i den blanke fjorden.

Turen kan vidareførast til Ole Bull huset, Hamre kyrkje og vidare til Osterøy Museum.

+47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no https://www.fjordslottet.no/

УAловите свое

Pris frå kr. 3.000.- per bil

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

Fjordcruise i Indre Osterfjorden

– i ein av dei flottaste fjordlandskapa på

Vestlandet

Ei opplevingsreise i denne fjorden er ei reise i fjordafolket si historie frå vikingetid og fram til i dag. Her får du høyre historia om fjorden som viktigaste ferdsleveg, om fjordbonden og folket som budde langs fjorden, laksefiske med not og laksegilje, sandfarten på Osterfjorden -, veglause grender, mektige fossar og ville fjell. Osterfjorden som har skapt poesi og tonar gjennom visene «Singel og sand» og «Dar kjem dampen».

Den lokalkjente skipparen og guiden Tore ønskjer oss velkommen om bord i M/B Ospenes - den vesle rutebåten som er livsnerva for veglause gardar langs fjorden. Som einaste stad i verda vil du få sjå og høyre om laksegiljene som i dag står som unike byggverk og kulturminne frå tida då laksefiske var eit fiskeeventyr langs fjorden og i elva Vosso.

Du kan velje om båten skal gå til vakre Hesjedalsfossen med eit 70 m høgt fall eller til den 7000 år gamle steinalderbuplassen Skipshelleren ved Straume.

Ei spesiell turoppleving: Minibuss frå Fjordslottet den spektakulære vegen til Bruvik, der båten tek deg gjennom det flotte fjordlandskapet tilbake til Tyssebotn.

УAловите свое

Båten går i rute frå Tyssebotn mandag, onsdag, fredag og søndag.

Tur i rute kr. 550.-

Tyssebotn - Hesjedalsfossen – Tyssebotn kr. 9.800.-

Tyssebotn - Skipshelleren - Tyssebotn kr. 12.320.Bruvik – Tyssebotn kr. 14.000.Laksegiljene kr. 4.200.-

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

– ein av dei flottaste fjordlandskapa på Vestlandet

Ei opplevingsreise i denne fjorden er ei reise i fjordafolket si historie frå vikingetid og fram til i dag. Her får du høyre historia om fjorden som viktigaste ferdsleveg, om fjordbonden og folket som budde langs fjorden, laksefiske med not og laksegilje, sandfarten på Osterfjorden -, veglause grender, mektige fossar og ville fjell. Osterfjorden som har skapt poesi og tonar gjennom visene «Singel og sand» og «Dar kjem dampen».

Den lokalkjente skipparen og guiden Atle ønskjer oss velkommen om bord i MK «Erkna» - skuta bygt i 1907 har ein lang og spennande historie. Båten er 5 år eldre enn Titanic«and still Floating.»

Ombord kan du nyta lyden av ein god gammal Callesen motor.

MK «Erkna» gjorde i 1942 ein tur over Nordsjøen i storm med 60 flyktningar. Kaptein Atle Remøy fortel også historen om denne stolte skuta. Han har lang fartstid på sjøen som kaptein i utanriksfart.

Som einaste stad i verda vil du få sjå og høyre om laksegiljene som i dag står som unike byggverk og kulturminne frå tida då laksefiske var eit fiskeeventyr langs fjorden og i elva Vosso.

Mogeleg med grilling på dekk. Kaffi og te vert servert på turen.

Leige av MK "Erkna" - dagstur (3 - 7 t) kr. 10.990.-

Er du heldig, kan du få prøve fiskelukka på turen og få smake på den lokale og røykelaksen.

Ta kontakt for turopplegg og program.

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

Dronninga på Osterfjorden – DS «Oster»

«Gamle Dampen» gjev deg ei spesiell og unik historisk oppleving og er i dag «ein levande legende».

DS «Oster» er ein dampdriven fjordabåt som gjekk i rute mellom Bergen og Osterfjorden som kombinert passasjer og lastebåt.

Båten vart bygt i 1908 og skroget skulle tola isbryting i indre Osterfjorden. Båten har ein lang og spennande historie, og var under krigen under både norsk og tysk kommando. Vart i 1965 ombygd til dieseldriven fraktskute, men vart i 1996 kjøpt av Nordhordland Veteranbåtlag og døypt på nytt til «Oster» - eit verneverdig skip.

Båten vart restaurert og tilbakeført til utsjånad før 1964 og gjekk frå frakteskute til veteranskip.

Ei reise på Osterfjorden er ei spesiell oppleving i ei historisk ramme. Kva med å ta «Brudeferden på Osterfjorden» med denne flotte skuta?

Pris fra kr. 20.000.+47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

УAловите свое 19

This article is from: