
1 minute read
Naturoppsyn i Hemsedal – for både folk og fe

Naturoppsyn i Hemsedal – for både folk og fe
Du har kanskje allerede møtt dei i fjellet i sommer: Naturoppsynet i Hemsedal.
Håvard F. Kristoffersen er ein av dei. Saman med Marius Venås og Henning Flaget skal dei sjå til at naturen blir nytta til beste for alle.
Bak tiltaket står kommunen, bondelaget, sankelaget og turistnæringa – som saman har sett i gang ei ordning for å hindre skadar på beitedyr og vilt. For kvar sommar kjem dei same problema tilbake: laushundar som jagar dyr og skapar uro.
Naturoppsynet følgjer med i terrenget, rettleier, informerer, utfører kontroller og minner folk om reglane i t.d. friluftslova, gjerdelova og hundelova. Dei som er på jobb er uniformert. Dei har fått avgrensa politimyndigheit, og regelbrot blir melde inn.
– Målet er ikkje å vere streng, men å ta vare på dyrelivet og sørge for at fjellet blir ein god plass for alle. Bandtvangen gjeld – også for snille hundar.
Me sjåast i fjellet!
