
3 minute read
Aktuelle boktips fra Hemsedal Bibliotek

Bloddråpetall av Ingrid Storholmen
Bloddråpetall av Ingrid Storholmen er ein roman som kombinerer fiksjon og fakta på ein fin og litt uvanleg måte. Boka tek utgangspunkt i Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag (HUNT) og gir liv til den tørre statistikken ved å fortelje historiene til menneskene bak tala. Forfattaren seier i eit intervju at ho vil få tala til å danse, og det har ho verkeleg klart godt. Det er eit mangfold av stemmer i boka, og personane vi møter rører oss med sine historier, tankar og refleksjonar på kvifor livet vart som det vart. Sjølv om det er tunge tema som sjukdom, alderdom og død, er det ei bok med både varme og humor.

I morgen og i morgen og i morgen av Gabrielle Zevin
Sadie og Sam møtest fyrste gong som elleveåringar. Frå då av betyr dei noko heilt spesielt i livet til kvarandre. Dei blir aldri kjærastar, i periodar er dei uvener – men likevel: Venskapen mellom dei er av eit slag som stikk verkeleg djupt og varar for alltid. Sam og Sadie er talentfulle og framgangsrike spel-designarar. Den ytre handlinga i boka følgjer dei gjennom opp- og nedturar i bransjen, private tragediar og yrkesmessige suksessar. Men under alt ligg historia om venskap av eit heilt spesielt slag.

Offerdyret av Henrik Fexeus
David hugsar ingen ting av dei fyrste 12 leveåra sine. Ein dag får han ein e-post frå ei ukjend kvinne, som seier ho har opplysningar om barndomen hans. David veit ikkje heilt korleis han skal reagere på dette – men før han får bestemt seg, er kvinna meldt sakna, og David mistenkt. Samtidig verkar det som om nokon er ute etter David og alle som står han nær. Offerdyret er fyrste del i ein krimserie om David og stjerneadvokaten Florence Tapper, og er ein intens psykologisk spenningsroman.

Fæle typer av Jan Chr. Næss og Geir Moen
Mange ungar veit om store, skumle gutar dei er redde for. Gutar som er bøllete, som bestemmer, som herjar, brøler og bankar opp dei små. Heldigvis går det oftast over etter som dei blir vaksne. Fæle typer er ei faktabok om bøllene som aldri skikka seg, og vart tyrannar og diktatorar. Her kan du lese historiene om Ivan den grusomme, Napoleon, Stalin, Hitler og Idi Amin – berre for å nemne nokre. Boka passar godt for aldersgruppa 11-14 år.

Er du tilreisande til Hemsedal? Kom gjerne innom biblioteket. Dersom du har nasjonalt lånekort kan du bruke det hos oss, om du ikkje har det kan me lage kort til deg. Alt du låner hos oss kan du levere på biblioteket ditt heime.
Helsing Camilla, Sønnev, Lissy, Sissel og Anne Berit