Julestemning

Så har vi kome til den tida av året igjen. Gatene i små og store bygder er vakkert lyst opp, medan utstillings vindauga i butikkane er dekorert, klare for innrykk. Og i heimar rundt om har ein gjerne byrja å lage kaker og anna god mat.
Ja, for mange er julemånaden noko å sjå fram til i det som er den mørkaste tida på året, og mykje handlar om å førebu seg til høgtidsdagane som kjem, og som ein gjerne har store forventningar til.
Men samtidig som ein strevar etter det ein vil skal bli per fekte dagar, er det også viktig å ta seg tid til det viktigaste av alt – og som mykje av jula handlar om – nemleg å vere saman med dei næraste.
Den tida kan ikkje målast i kva ein rekk å gjere, men kven ein brukar den saman med, anten det er å samlast rundt matbordet ein sein førjulskveld, gå rundt og sjå på den lokale julemarknaden, eller få med seg ein stem ningsfull julekonsert.
For er det noko det siste halvanna året med koronapan demi og tilhøyrande restriksjonar har lært oss, så er det at gode opplevingar som ein kan dele med dei næraste, er viktigare enn all verdas flotte, dyre gåver.
Og i fjor var jula, som sagt, heilt spesiell. Pandemien sette blant anna avgrensingar for kor mange – og kvar –ein kunne vere saman. Ja, tradisjonar vart gjerne sett på vent, og ein opplevde å ikkje få sjå dei næraste. Mange
kjende difor på einsemda, som i jula og andre høgtider gjerne blir endå meir forsterka.
Og sjølv om restriksjonane er letta noko på når dette vert skrive, opplever fleire stader auka smitte, og ein har på ny måtte innføre restriksjonar. Difor veit ein heller ikkje korleis det blir når julehøgtida er her i år. Er det noko vi har lært det siste halvanna året, så er det at situasjonen fort kan endre seg.
Difor er det på sin plass å igjen minne om at det viktigaste vi kan gjere no i julemånaden er å ta vare på kvarandre.
Ja, det skal ikkje meir til enn å plukke opp telefonen og ringe til nokon ein ikkje har snakka med på lenge, sende dei eit kort eller ei melding med nokre hyggjelege ord, eller rett og slett berre stikke innom for ein liten kaffikopp. Det kan vere til onkelen din som du ikkje har besøkt så mykje som du hadde ønska, eller ein barndoms ven som du ikkje har snakka med aldri så lenge.
For dei kan ei slik handling vere ein stor forskjell. Med ønskje om ei god jul,
Vi sit i stova deira i Hålandsvegen, med lysa frå tettstaden under oss. Enno er jula ei stund unna, men noko pynt er allereie framme.
Over vindauga heng store, fargerike julekuler, og på hylla rett ved står nissar og andre julefigurar oppstilte. Ja, til og med Frostie the Snowmann – eller Snømannen Kalle som han vert kalla på norsk – har funne vegen inn.
Og det kjem meir, både inne og ute, lovar dei to.
– Vi pyntar nok meir enn i norske heimar, og det har eg nok med meg frå den amerikanske julefeiringa, som eg er opp vaksen med. Då vert det pynta både inne og ute så det held.
Så når vi kjem til 1. desember er alt på plass, inkludert juletreet, seier Daniel, og fortel om ei mor som elskar jula, og gjerne har tre-fire juletre rundt om i huset deira i Washington.
Med familien til Kristine, som bur i København, er det nesten motsett. Dei er meir nøkterne når det kjem til å pynte huset til jul, fortel ho.
– Og så er vel vi midt imellom der ein stad, seier ho og ser bort på mannen, som nikkar til svar.
For sjølv etter 16 år i Norge er det framleis slik at det er tradisjonane frå landa dei to kjem frå som har blitt med
vidare. Det gjeld også maten som blir servert når jula er ringt inn.
– Ja, på julaftan skal det vere and, som er det mest van lege å servere i Danmark, seier Kristine og legg ut om kara melliserte poteter, raudkål og anna godt tilbehøyr,
– For ikkje å gløyme brun saus. Den må vere med.
Det hender også at svineribbe kjem på bordet.
– Gjerne både det og and, seier ho og ler.
For ikkje å snakke om risala mande – deira versjon av riskrem – til dessert! Og innimellom kosar ein seg med gløgg med «æbleski ver».
Daniel forsikrar om at det heller ikkje er han imot å få servert dansk mat på julaften.
– Sjølv om eg er oppvaksen i USA har eg mor frå Dan mark, så eg er godt kjend med julematen der og, seier han.
Men det skal også feirast på amerikansk vis, og det skjer når julaftan går over i juledag. Då finn borna julestrøm pene med små gåver som er hengt opp på peisen, medan førebuingane til dagens store kalkunmiddag, med «stuffing», potetmos, tranebærsaus og mykje anna er i gong.
– Dette minner i stor grad om det vi et til Thanksgiving – eller hausttakkefesten – i slut ten av november, bortsett frå alle gåvene. Nett som i jula er det eit høve til å samle heile familien rundt bordet, og nyte god mat og drikke i lag. Det er veldig koseleg det også, seier Daniel.
Før det rullar og går teikneseriane over skjermane, gjerne klassikarane frå 1960- og 70-talet. Det er for så vidt noko dei begge likar, sjølv om han nok har eit endå nær are forhold til det, som utdanna animatør. Det er noko han framleis driv med, ved sidan av lærerjobben på den vida regåande skulen i Høyanger. Ho er kommuneoverlege, også det i tettstaden.
Det har også hendt at dei har feira jula i Norge, blant anna på hytta på Tyin. Då har også pinnekjøt blitt servert,
– Det er jo litt komplisert med julefeiring i Syria. Det er litt for skjellige feiringar for dei kristne, og eg er jo muslim, men mykje er det same som her. Vi samlar familien og et saman, går i kyr kja, og spelar julemusikk. Vi har både katolikkar, protestantar og ortodokse kristne, så det er julefeiring på mange ulike dagar. Og vi blandar jula og nyttårsfeiringa litt saman i den siste veka i året.
I dag er det jo vanskeleg der heime, grunna krig og økonomiske problem, men dei prøver alltid å få i stand ei julefeiring for borna sin skuld. Her i Norge er det jo litt trist i jula. Då kjenner ein verkeleg at ein saknar familien sin, men vi som er frå Syria her i Høyanger har blitt til ein familie, og vi samlast til julefeiring, også saman med folk frå Høyanger.
– Det er eigentleg ikkje så stor forskjell, men maten er sjølvsagt annleis. På julafta har vi kyllingsuppe klokka 12 på dagen, og dagen etterpå grillar vi ein heil gris. Eg hugsar faren min grilla i over sju timar. Men det er og fleire som er saman, gjerne heile nabolaget, og det er litt meir eit spleiselag. Og så er eg katolikk, og for oss er det mykje meir fokus på Jesus enn på gåver. Her i Norge samlast eg og venene mine frå Filippinene i jula, og då et vi kyllingsuppe som ein slags forrett, men alle av oss har blitt så glad i pinnekjøtt. Så eg har behaldt suppa, men liker den norske julematen så godt, med pinnekjøtt og molter til dessert.
Korleis er julefeiringa hos dei som har flytta hit frå utlandet? Vi har snakka med nokre av dei.
sjølv om Kristine vedgår at ho – i mot setnad til Daniel – kan styre begeist ringa si for det.
Men som oftast vert det jul hos familien i utlandet, og i år er ikkje noko unntak. Då samlast storfamilien i Køben havn, der ho kjem frå.
– Då borna var mindre reiste vi vekk nesten kvart år. Når det er sagt, så er jo feiringa i Danmark og Norge ganske lik, med julemiddag om kvelden etterfølgt av gang rundt jule treet. Då får alle velje kvar sin julesong, som eg tykkjer er ein veldig fin tradisjon, seier Kristine.
– For borna som ventar på å få opne gåver er det ikkje like kjekt, skyt mannen inn, og ser smilande
på Sander, Helene og Emma, som etter kvart har slått seg ned i sofaen, saman med foreldra.
Dei kan ikkje anna enn å vere einige i det siste. Men at dei har både dansk og amerikansk feiring kvart år, har dei ingenting i mot. Tvert om.
– Vi får jo feira jula i to dagar, ikkje berre ein, slik dei fleste andre gjer, påpeiker Sander, og får samtykkjande nikk frå dei to andre.
På den måten får dei litt meir ut av høgtida, er dei einige om.
– Og så er det ein fin måte å bli kjend med ulike tradisjo nar på. Det er det heller ikkje alle som får høve til.
– No har eg budd lenger i Norge enn Chile, og då er det naturleg at det blir slik, seier Lillian Fernandez Nordgulen.
– Og så elskar eg lukta og smaken av pinnekjøt, seier ho med eit stort smil.
Ho kom til Høyanger i 1988, og i løpet av dei over 30 åra som har gått, har ho berre vore attende og feira jul i Valparaiso to gonger. Men også då har norske jule tradisjonar vore med.
– I 1997 hadde vi med pinnekjøt og alt tilbehøyr, slik at familien skulle bli kjende med norsk julemat. Dei var først litt skeptiske til dei lange, tynne pinnane. «Det er ikkje kjøt på dei, jo», seier Lillian og ler.
– Men dei likte det altså, ikkje minst når dei fekk kålrabistappe til.
Pynt, som juledukar, var også med.
– Vi er nok meir opptekne av å pynte huset til jul i Norge, påpeikar ho.
For mykje er annleis med jula i Chile, ikkje minst fordi det er sommar og ferie.
– På julaftan tilbringer vi gjerne heile dagen på stranda. Så, i 21-22-tida på kvelden samlast vi til gril ling av kjøt, saman med ulikt tilbehøyr. Potetsalaten Papas y Majoneza, til dømes, er alltid på bordet.
Rundt midnatt blir gåvene utdelt, og etterpå er det ope hus med endå meir familie, vener og naboar.
– Då serverer vi Colda de Mono, Chile sitt svar på akevitten, seier ho om drinken som er laga av kaffi, mjølk, likør, kanel og sukker.
– Det er ein av tradisjonane frå Chile som må vere med, også i Norge.
Pinnekjøtet
– Eg veit ikkje kvifor vi feirar jul, men eg har høyrt om Jesus som døydde og vart hengt opp på ein kors. Det beste med jula er å få gåver, kose med mamma og bake peparkaker som vi pyntar. I fjor då eg lagde peparkakehus så var det så vanskeleg å slå det i bitar, men eg klarte det hel digvis til slutt utan at eg knakk nokon av naglane mine. Vi i stjernegruppa har møtt nissen ein gong når vi var ute på tur. Då sat han på ein benk på vegen opp til trollskogen. Han har vore på besøk heime hos oss med gåver også, men då såg eg han ikkje. Til jul ønskjer eg meg aller mest eit marsvin, for dei to vi hadde før har døydd. Og så ønskjer eg meg ein ponni.
– Nei, eg veit eigentleg ikkje kvifor vi feirar jul. Men det beste med jula er at vi får mange julegåver, et god mat, og er i lag med mamma, pappa, mommo og besten. Eg møtte nissen då vi feira jul på Kyrkjebø saman med tante Andrea og Tord, og då fekk vi puslespel i gåve av han. Eg var ikkje noko redd for han, men veslesystera mi Ylva vart litt redd. I år ønskjer eg meg aller mest ei Barbie dokke med langt lyst hår og fin kjole, og kjolen til Elsa som er prinsessa i filmen «Frost».
– Kvifor vi feirar jul har vi snakka om i barnehagen, men eg hugsar ikkje kva det var. Det eg gleder meg aller mest til når det er jul er å bake peparkaker og få gåver av julenissen. Han har eg møtt før då han kom på døra vår og spurde om det var nokre snille born som budde der. Då svarte eg ja. Eg har laga ønskjeliste til han i år, der ein fotball er det som står øvst. For eg har begynt å spele fotball, noko som eg tykkjer er veldig gøy, og vi skal spele kamp etter i morgon.
– Aud Torill har fortalt til oss i barnaehagen kvifor vi feriar jul, men eg hugsar ikkje kva ho sa. Å få julegåver, ete gele og lage peparkaker saman med mamma er noko av det som er det beste med jula. Og visst det kjem masse snø ute er det kjempegøy å lage snømenn. Nissen møtte eg då han kom heime på trappa vår og banka på, noko eg tykte var kjekt og ikkje skummelt. Han hadde med seg ei gåve til kvar, for alle dei andre låg under juletreet i stua. Eg er litt usikker på kva eg ønskjer meg til jul i år, men dokkekle til dokkene mine og andre leiker er noko eg veldig gjerne vil ha.
Kvifor feirar vi jul, kva er det beste med jula, har du møtt nissen, og kva står høgst på årets julegåveliste? Ytre Sogn har tatt ein prat med fire 5-år gamle jenter frå stjernegruppa i Olderdalen barnehage for å få svar på dette.Nissen, Jesus og kjolen til Elsa Mathilde Breidvik Knudsen Nora Huseklepp Dingsøyr Indiane Milde Fjellsbø Anne Lene Hansen
er eit eineståande materiale som mellom anna er svært godt eigna til framstilling av emballasje. Plast lar seg og lett gjenvinne, og det er noko vi i Nesseplast jobbar aktivt med. Vi er medlem av Grønt Punkt Norge, er sertifisert med rein emballasje, og samarbeidar med Vartdal Plast i Ørsta om innsamling og gjenbruk av plastprodukt. Plast skal og bør resirkulerast og brukast opp igjen, og for oss er det både naturleg og kjekt å kunne få bidra i dette arbeidet.
Det er ein frisk novemberdag i Balestrand. Lufta har sin karak teristiske haustlege duft, og bakken er fylt med haugevis av raud gule lauv. I døra til Ciderhuset blir vi tekne imot av Tuba Ardic, ei smilande og energiske dame med akademikar- og forskarbak grunn, som for 15 år sidan fann kjærleiken i Norge og bygda Balestrand. Der er ho i dag busett med mann og to born, og jobbar blant anna som kjøkensjef i Ciderhu set og i familiebedrifta sitt nyetablerte konfekteri. Frå kjøkenet i dei sjarmerande lokala tryllar Tuba fram fersk sjokolade med mange spanande smakar.
tyttebær, og vil utvikle eigne sjokoladeformer. Ei av dei er inspi rert av dei flotte utskjeringane og møblane i drakestil til møbel snikkar Ivar Høyvik, som er svigermor sin bestefar. Det er han som har laga alle møblane i «Høyviksalen» på Kviknes hotel. Utifrå historia om Sigurd Drakedrepar, som ein også finn der, har eg laga ei sjokoladeform i drakestil som vi får litt før jul. Sjokoladen som vil bli støypt i denne forma vil gjerne få eit hint av tyr kiske krydder, og med ein treboks som emballasje innpakning blir den ein fin suvenir inspirert av norsk mytologi.
– Eg hadde lyst til å lage eit produkt som eg kunne jobbe med i januar, februar og mars, som er ein litt role gare periode for oss. Vi har mykje frukt og drikke tilgjengeleg i Ciderhuset og Balholm, og eg følte at vi mangla ein meir hand fast suvenir som tilreisande og andre kan få kjøpe når dei er innom oss. Eg elskar sjokolade og fann raskt ut at det er eit flott produkt der vi kan få brukt den gode frukta, likøren og dram men vår som ingrediensar. Eg eksperimenterer og med andre smakstilsettingar, som mellom anna sitronkrem, chili og tørka
Inne i det ærverdige murbygget, der flammar og dei knitrande lydande frå grua skapar ein koseleg og lun atmosfære, er Tuba travelt oppteken med å pakke inn nyprodusert sjokolade.
– Svigermor Eli-Grete og fleire andre hjelper meg med å smake fram nye smakskombinasjonar. Vi var med på eit kurs der vi fekk lære litt før vi gjekk i gong med dette litt før somma ren. Sidan den gongen har vi laga masse smaksprøvar til kundar
og gjestar i restauranten og på kafeen vår, og dei fekk vi gode tilbakemeldingar på. Mange ønskte å kjøpe meir av sjokoladen, noko som viste oss at det er eit potensiale for dette produktet. Det å lage sjokolade er veldig kjekt, men og tidkrevjande fordi det omfattar så mange ulike prosessar med ein del ventetid før ein får det ferdige resultatet klart. Så eg forstår betre no kvi for handlaga sjokolade kan vere litt dyrt. Eg håpar at dette kan bli eit nytt og koseleg produkt frå oss der det ikkje er snakk om nokon storproduksjon, men der vi lagar så mykje sjokolade som vi kan. Eg tenkjer at vi må gå for eit par variantar, og at desse gjerne blir bytta ut med jamne mellomrom. Eg er litt rastlaus og elskar å skape og endre på ting. Om det er ein sjukdom veit eg ikkje, seier ho og ler.
Viktig med historie Gjengen på Ciderhuset har merka seg at mat og drikke har blitt populære gåveartiklar dei seinare åra, og matgåver i form av lokalmat med ei historie er ekstra attraktive. Tuba fortel med stor lidenskap og iver om matkultur og mattradisjon, samstun des som ho spring inn og ut av kjøkenet for å sjekke statusen på sjokoladen i temperingsmaskina. Den vil ikkje spele heilt på lag denne dagen.
– Det er rett og slett for kaldt i rommet så sjokoladen som skal renne gjennom maskina og til slutt blir fylt i formene stiv
nar alt for fort. Heldigvis har maskina hjul slik at det er mogleg å flytte den inn i naborommet her om vi ikkje får temperaturen opp, seier ho, og peikar på den opne plassen ved sidan av grua.
Med eit stort smil og tindrande brune auge fortel Tuba at den store draumen før i livet var å bruke mastergraden i sosiolog til å bli ein forskar på universitet heime i Tyrkia, ein draum som etter kvart vart bytta ut med familie, fleire jobbar og tallause prosjekt i Balestrand.
– Ciderhuset er ikkje lengre berre eit lokale der ein får servert mat og drikke, men ein destinasjon for opplevingar for folk. Det er eit
stort ansvar og eit krevjande arbeid der ein må følgje med i tida og halde seg attraktiv. Eg vil ferdigstille doktorgraden eg har begynt på, men har saman med mannen min eit ønskje om å drive fami liebedrifta vidare. Eg kan bruke den akademiske bakgrunnen min i mange av dei ulike prosjekta i Ciderhuset, noko eg tykkjer er vel dig fint. Som kjøkensjef har eg teke ein del element frå det tyr kiske kjøkenet med meg, og blandar dei med norske råvarer. Vi kallar dette ein tredje-kultur, ein fusjon der retten ikkje er typisk norsk eller tyrkisk, men ein god miks, fortel ho.
I tillegg til alle dei ulike arbeidsrollene på Ciderhuset og drift av Holmen kafé og sjokolade, som ho i sommar starta saman med
mannen Gard, er det framleis nye prosjekt på gong for Tuba. Blant anna skal garasjen ved gjestehuset dei kjøpte for nokre år sidan byggast om og innreiast som eit kunstatelier.
– Eg er positiv til framtida og planane våre her i Balestrand, og sjølv om det til tider kan vere hektiske dagar med opptil 15 timar arbeid så elskar eg det eg driver med, noko som gjer at både eg og dei andre rundt meg klarer å stå på litt ekstra. Eg er eigentleg ein realist, men har begynt å tru litt på lagnaden. Det er fordi mitt arabiske namn Tuba betyr paradisets tre, som er venda opp ned og bærer raud frukt som mange meiner er eple, og etternamnet mitt Ardic betyr sprakande tre. Då kunne det vel ikkje passa betre at eg endte opp på ein eplegard i Balestrand, avsluttar ho, med ein rungande og smittande latter som fyller heile rommet.
Hagen ved Ciderhuset vart etablert av Andreas Eitungjerde i 1922 og har no omlag 100 sortar av ulike frukter, inkludert spesielle cidereple. Sjølve Ciderhuset rommar ein eigen gardsbutikk og restaurant, og det blir framstilt cider, plommevin og fruktbrennevin i ciderkjellaren. Balholm er familieverksemda sitt varemerket for drikke av frukt og bær, og verksemda blir i dag drifta av familien Eitungjerde Høyvik.
Med fargar, smak og eit kreativt auge skapar Tuba små kunstverk av sjokolade.
Når formene er ferdig dekorerte blir det heile dekka med rennande sjokolade. Den overskytande sjokoladen blir deretter teke bort før forma blir sett inn i tørkemaskina.
Basisoppskrifta er to delar kakaomasse (50 gram), ein del smør (25 gram), ei halv teskei vaniljepulver og litt søtning etter ønskje. Du kan for eksempel bruke 20 gram yaconsirup eller anna sirup du likar.
Putt kakaomassen og kakaosmøret i ei skål og varm det over vassbad. Når kakaomassen og kakaosmøret blir flytande vispar du inn vanilje og søtning. Så kan du tilsette dine favorittar av tørka frukt, bær eller krydder for å få smak på sjokoladen. Til slutt heller du sjokoladen i former og set den i kjøleskapet i 20-25 minutt.
PS: Kakaomasse er laga av pressa kakaobønner som stivnar til ein hard masse som deretter blir delt opp i mindre bitar for at den skal bli enklare å jobbe med.
Geir Bjarte Hjetland er frå Høyanger og har drive med quiz i mange år ved sidan av jobben som journalist. Våren 2021 kom han ut med si første quizbok på Selja forlag, Quizleik – 2021 Spørsmål frå Vestlandet og resten av verda.
Det å tevle om kunnskap er alltid kjekt! Her får du 12 ulike kategoriar med i alt 60 spørsmål og svar. Nokre passar best for vaksne, medan mange passar godt for dei yngste.
1. Kva to gamle kommunar blei til Høyanger kommune på 60-talet?
2. Kva slektsnamn kan vi knytte til skipsverftet i Leirvik då det blei etablert i 1918?
3. Ved kva tettstad i Gulen ligg minnesmerket over Gulatinget?
4. Kva år kunne Høyanger feire sine første 100 år som industristad?
5. Kva heiter den historiske øya med eigen ferjekai som ligg aust for Krakhella i Solund?
1. Kva år vart Petter Sortland ordførar i Høyanger?
2. Kva forfattar har gitt ut bøker som Reisa til Maria og Mi mjuke, mjuke oldemor?
3. Kven er kommunalsjef for kultur og folkehelse i Høyanger per 2021?
4. Kva forfattar frå Hyllestad blei mellom anna kjend for skodespelet Splint?
5. Kva heiter oppdrettskongen som i dag eig handelsstaden Skjerjehamn?
1. For kva klubb spelar Even Hovland per 2021?
2. Til kva klubb gjekk Stine Hovland hausten 2019?
3. I kva øving fekk Sigurd Langeland frå Høyanger to NM-gull?
4. I kva idrett tok Iselin Herland frå Hyllestad junior-EM-bronse i 2001?
5. Kva slags idrett var Einar Førde svært god i?
1. Kor høg er Store Skagastølstind?
2. I kva kommune i Sogn startar Sognefjellsvegen?
3. Kva heiter fjellhotellet som brann i 2001, men som no er attende i full drift?
4. Kva heiter dalføret i Lom som også er grensa mellom Jotunheimen og Breheimen?
5. Galdhøpiggen er Noregs høgste fjell. Kor høgt er det?
1. Kva selskap dreiv aluminiumsverket i Høyanger før Hydro?
2. Kva konsern driv tungindustrien i Svelgen i Bremanger?
3. Kva vekstprodukt blei Sam Eyde og Kristian Birkeland kjende for?
4. I kva stor kraftstasjon i Telemark skjedde produksjonen av tungtvann?
5. I kva bygd i Sunnfjord kan du framleis sjå restane etter det som skulle bli eit stort aluminiumsverk?
1. Kva sentral protestaksjon skjedde 16. desember 1773?
2. Darjeeling og Kalimpong er dei einaste distrikta som har lov å produsere «ekte» darjeeling-te. Men i kva land ligg desse områda?
3. Frå kva by kjem Kjeldsberg kaffi?
4. Kva land er den største kaffiprodusenten i Afrika?
5. Kva er ein lungo i kaffisamanheng?
Svara finn du på side 28
1. I kva musikalsk film møter vi rollefigurane Jackson Maine og Ally?
2. Kven spelar dei romantiske hovudrollene i Casablanca frå 1942?
3. Kva gate i Høyanger har bandet Rynka eit kjærleiks forhold til?
4. I kva banebrytande, romantisk film frå 2005 møter vi Heath Ledgder og Jake Gyllenhaal i hovudrollene?
5. Kven spelar hovudrollene i Titanic?
1. Kor lang er Lærdalstunnelen?
2. Gjennom kva fjellparti skal det no byggjast ein skipstunnel?
3. Kva heiter den først el-ferja som trafikkerte Lavik-Oppedal?
4. Kva er endestasjonen for Flåmsbana oppe på fjellet?
5. Ved kva by ligg flyplassen Kvernberget?
1. I kva by finn du Fløibanen?
2. I kva by ligg Color Line stadion?
3. I kva by finn du område som Havreneset og Krokane?
4. I kva by ligg Oljemuseet?
5. Kva by blir ofte kalla «Rosenes by»?
1.
kva
vart
Kva farge er
kva
Kva
Kva
på
sender Noreg eit stort
dei
«God
1. Kva dato i desember er Lucia-dagen?
2. Kva krydder må det vere for kunne kalle ein drikk for akevitt?
3. Kva kallar dei 2. juledag for i Storbritannia?
4. Kven spelar hovudrolla som Clark Griswold i klassikaren «Hjelp, det er juleferie»?
5. I kva gate i Høyanger tevlar naboane om kven som har mest julelys?
I løpet av 2021 vart det etablert mykje spanande aktivitet i Høyanger Næringspark, og det var berre starten. Vår strategi er å kartleggje dei fortrinna vi har i våre industri- og næringslokale og i Høyanger generelt, og marknadsføre desse ressursane ut til næringar som kan nyttegjere seg av dei. Næringsparken vår skal tilby meir enn eit tak over hovudet. Vi skal og vere vertskap og utvikle eit senter for entreprenørar og innovatørar, samt skape eit miljø der det oppstår synergieffektar mellom ulike aktørar. Det arbeidet har alt byrja å gje resultat da det no er både studentar og gründerar på plass i næringsparken, men det er plass til fleire, og vi vil ønskje nye leigetakarar hjarteleg velkomne til oss.
ein
og legg
på
Ho kan ikkje dokumentere talet, men etter at Ingebjørg Dale på Åfjorddalen begynte å sy bunadsskjorter for 50 år sidan, har ho hatt om hende fram etter 400 plagg. Dei aller fleste til konfir mantar. Skulle ho seie ja til alle som spør, måtte ho tilsetje folk.
Totalt finst det rundt 450 ulike bunader i Norge, og kring 80 pro sent av norske kvinner eig ein bunad. Talet på menn som skaffar seg bunad er aukande og ligg på drygt 20 prosent. Tradisjonelt har bunad vore mest for vaksne, men dei siste tiåra har bunad vorte meir vanleg hos konfirmantane, og så godt som alle jentene har det no. Ingebjørg har sanneleg gjort sitt til dette.
Ikkje strikke ein søndag 81-åringen kjem frå Haugland i Flekke, der dei budde tre gene rasjonar under same tak. Ho vart tidleg nysgjerrig på handarbeid og bad bestemor Ingeborg om hjelp til å lære å strikke.
– Jau, eg skal saktens hjelpe deg, ba’n, men ikkje i dag. Det er søndag, du får vente til måndag, var svaret frå ei som tok det 3. bodet på alvor.
Mor Klara sydde mykje på maskin, men det var ikkje Ingebjørg så interessert i. Ikkje før vinteren 1954-55 då ho gjekk syskulen i skulehuskjellaren i Flekke, med Liv Fossedal som lærar. Der fekk ho dreis på syinga og kom heim med så vel kvardagsbunad som sunnfjordbunad. Året etter hjelpte ho mor si med å sy bunad til henne.
Butikkdame og skodespelar 15 år gammal begynte Ingebjørg som butikkdame hos Odd «Bakar-Odd’n» Eikevik i Flekke og vart der til 1961. I denne tida vart det mykje strikking på fritida, og nokre kvinner på Haug land møttest hos kvarandre og strikka på spreng store herretrøyer til Husfliden, monterte med lister, og fekk posttilvising på heile 60 kroner for kvar trøye i retur! Dei såg seg mun i det, den gon
gen. Ingebjørg var aktiv i ungdomslaget, mest skodespel. Å bli handarbeidslærar, som ho godt kunne ha tenkt seg, fanst det ikkje pengar til. 21 år gammal gifte ho seg med elektriker Alfred Dale, og etter eit par mellomstasjonar, flytte dei i nybygt hus i Dalsbygda på Åfjorddalen i 1968.
Same året vart Hyllestad Folkekademi skipa, og det var gjen nom kurs hos dei at Ingebjørg fekk inspirasjon til å gå vidare i bunadsfaget.
– Eg gjekk eit par kveldskurs med Konstanse Risnes som lærar og fekk mellom anna sy dukar med uttrekkssaum, ein bro deriteknikk som er mykje brukt i bunadsskjorter, fortel Inge bjørg. No begynte eit 50 år langt bunadsliv. Ei tid sydde ho for Audhild Vikens Vevstove på Skei, før ho for alvor begynte å ta imot bestillingar og sy bunadsskjorter heime. Dei siste 30 åra har ho hatt bunadsskjortene meir eller mindre som jobb.
For å kvile augo og få eit avbrot frå slåttearbeid og vedkløy ving har ho strikka bunadssokkar, sydd bunadslomme, hekla dåpskjole til etterkommarar, og prøvt å halde seg i form med å gå i skog og mark.
Det aller meste bunadsarbeidet ho har hatt, er knytt til bunaden for Sunnfjord. Men ho har også sydd til sognebunad. I tillegg til skjortene, har ho brodert maljedukar, men ikkje belte.
Den store skrekken er at ho ikkje skal bli ferdig med det ho har lovt. Når det lir til våren og konfirmasjonane må alt vere klart, helst i litt god tid, så det ikkje blir eit press.
– Sjølve arbeidet er etter kvart rutine, men eg er nok litt sei nare med nåla ettersom åra kjem på. Eg tok stæroperasjon og fekk gode arbeidsbriller for nokre år sidan, men likevel kan eg ikkje sitje med dette i timesvis i strekk. Det er så småstilt at sjølv om eg ser godt, røyner det på augo. Eg reknar fem-seks veker på kvar skjorte, og for å klare det, må eg nytte på litt dei fleste dagane, seier Ingebjørg.
Alt er handarbeid, kvart einaste sting, og det må stemme. Det er nok dei som «endevender» skjorta for å sjå at ho har gjort det skikkeleg. Så her nyttar det ikkje med noko unnas luntring. Visst er det tolmodsarbeid, og då er det desto kjekkare når ho kan sende frå seg ei skjorte og vite at resultatet er godt.
Som nemnt har Ingebjørg sydd mest skjorter til sunnfjordbu nad, og dei fleste til personar i kommunen ho flytta frå, Flekke og Dale.
– Men eg har også sydd skjorter til Førde, Høyanger og Norevikane, seier Ingebjørg, som har tenkt å halde det gåande så lenge ho greier.
Før tok ho imot bestillingar eit par år fram i tid, men no må ho ta år for år.
– Eg må vere sikker på at eg ikkje forlovar meg, det ville vere
Ingebjørg (81) kler opp konfirmantane - Nærmar seg 400 bunadsskjorter
grueleg trasig for dei som går og ventar på skjorta si. Konfirma sjonen er ein stor og viktig dag, og då vil eg vere trygg på at eg kan halde det eg lovar, seier Ingebjørg.
Bunad er ei investering, skal du kjøpe alt, blir det dyrt. Det kan ikkje stikkast under stol at ein del opplever det som press at konfir mantane «må» ha bunad. Døme på at konfirmantar i andre klede ikkje får vere med på gruppebilde fordi det er finast når alle har bunad, høyrer vi heldigvis sjeldan om. Men det har hendt, om enn ikkje her hos oss.
Dette er ikkje ei problemstilling Ingebjørg føler seg som ein del av. Ho syr til dei som spør og det ho vinn på. Og heldigvis er det slik at dei som ikkje ser seg råd til å utstyre konfirmanten sin med bunad, eller synest det er for tidleg då dei enno ikkje er utvaksne, dei kan kanskje få låne ein bunad, og heller få sin eigen seinare i livet.
No er Ingebjørg inne i ei god tid for skjortesaum og anna handar beid. Litt verre er det når det vårast og lysta til å vere ute er sterk. Ingebjørg seier det hender ho vert lei, men ikkje verre enn at ho tek på seg nye oppdrag. Så lenge ho kan gjere alt heime og slepp tenkje på at ho må «ut på arbeid» går det greitt. Radio og fjern syn har ho som bakgrunnsmusikk, men å sy bunadsskjorter krev at du er skjerpa og konsentrert heile tida.
Det hender Ingebjørg får om hende skjorter som det skal skiftast krage eller mansjettar på, ikkje alle treng alt nytt. Og så er det ei kjend sak at den skjorta du fekk til konfirmasjonen kan skje ikkje passar resten av livet. Vi endrar oss med åra. Bunaden krympar ikkje, det er andre grunnar til at den vert for liten. Slik er det med skjortene òg. Godt då å ha slike som Ingebjørg å gå til.
Når skjortesaumen «tek på» er det kjekt å gjere noko anna, så kvifor ikkje hekle dåpskjole til etterkommarane. Ingebjørg har tre born og har hekla tre dåpskjolar. Oldebarnet Nora i Bergen var den førebels siste som brukte dåpskjole frå Ingebjørg si hand. Den spreke olde mora er både glad og litt stolt. Med rette. (Privat foto)
Bunadsdiskusjonane har gått høgt i Sunn fjord. I Fjaler, der Ingebjørg kjem frå, har grønt liv vore mest vanleg, men det blir også laga liv i raudt og blått ullstoff, dekorert med grindvo vne band. Maljedukane er i korssting. Stakken er plissert i svart eller blå. Til grønt liv svart stakk, til blått liv blå stakk. Til raudt liv kan begge brukast. Skjortene er i lin, og bringe listene og kragen her har Ingebjørg sydd. Ho klipper også og monterer skjorter.
Ingebjørg Dale har også laga bunadslomme, ho har brodert maljedukar og strikka bunadssokkar.
Ingebjørg syr både herre- og dameskjorter. Dei er ikkje like, men det er mykje småstilt arbeid på begge. Sjølv for ein lekmann er det råd å forstå at dette tek tid og krev at du er nøyaktig.
desember
desember
Frode Alnæs
Julekoret
desember Jul med Odd Nordstoga
Norske Kammerorkester
desember Jul i Førdehuset
desember Juleoratoriet – Bach, Bergen filharmoniske orkester og kor
desember Eva Weel Skram:
til ro – ein julekonsert
vårt kan
på
kino og symjing. Summen bestemmer du sjølv. Kjøp i resepsjonen eller på nett www.fordehuset.no
av det vi kan gle oss til i 2022:
Det er vanleg å klage over at julebrusen kjem i butikken tidlegare og tidlegare, men så langt har ingen klaga over at juleølet er på plass. Alt øl – godt eller dårleg – har fire, enkle ingrediensar. Vatn, malt, humle og gjær kan kombinerast i det uendelege og gje oss mengder av juleøl-typar å velje mellom kvart år. Eller ein kan gjere som Geir Helge «Gelle» Østerbø og lage det sjølv.
– Skal ein drive med ølbrygging, lyt ein ha litt god plass, seier Geir Helge Østerbø.
Det er første kravet for å lage sitt eige øl. Og plass har han nok av, den joviale gardbrukaren og lokalpolitikaren. På garden sin på Østerbø på sørsida av Høyanger kommune, vegg i vegg med rautande kyr, har han sett av eit eige rom til hobbyen.
Det er nesten 30 år sidan første gongen han kokte sitt første kar med malt. I dag er ikkje produksjonen like stor som den ein gong var, og til jul i år er det omlag 25 liter med heimelaga juleøl som har blitt tappa på fat og flasker.
– Det heile starta på byrjinga av 90-talet då eg var på 4H-leir i lag med nokre vossingar. Der var blant anna Jon Askeland, som no har blitt fylkesordførar. Han dreiv og brygga sjølv, og dette var det jo fleire av oss som hadde lyst til å lære, fortel Geir Helge.
Han har gjort klart vatn og malt som står og godgjer seg i eit kar. Det er første steget i ølbryggingsprosessen, der kornet skal stå i blaut og meske seg for å gje frå seg sukkerstoff som seinare skal gjærast til alkohol. Vatnet skal halde rundt 65 grader, og slik skal
det stå i omlag ein time.
– Vi var ein gjeng som samla oss på Voss den gongen til eit uformelt ølkurs. Det vart kanskje meir smaking enn brygging den helga, men vi endte no opp med 250 liter øl. Vi laga eit godt øl der på Voss, seier han, medan han hastar rundt og passar på at alt er klart for neste steg i prosessen.
Det malta kornet ligg til blaut i ein eigen sekk. Geir Helge dreg sekken og kornet opp frå karet, og står igjen med mesket. Det blir helt over i eit kokekar, og så skal det ein runde til med mesking for å få alt av sukkerartar ut frå kornet. Meskesekken blir lagt tilbake i karet sitt, og denne gongen blir det helt på vatn med ein høgare tem peratur. Denne gongen skal meskinga berre ta 10-15 minutt.
Etter å ha blitt opplært i ølbryg ging av «meisteren» på Voss sette Geir Helge året etter til med heimebrygging for første gong.
Vatn: Kan du finne i springen, eller i bekkar og elver. Dei fleste veit kva dette er.
Malt: Er korn som gjennom ein prosess med blauting og spiring har fått stivelse omgjort til sukkerartar. Gjennom tørkeprosessen kan ein ved å regulere temperatur gje malt ulik karakter.
Humle: Laga av blomen til humleplanta, og blir ofte prosessert til «pellets». Det er dette stoffet som gjev ølet bitterheit og aroma.
Gjær: Mikroskopiske soppartar som gjer sukker om til alkohol og karbondioksid.
– Første gongen eg laga mitt eige øl var i 92. Då ølet var klart var det å få tak i naboar og gamle onklar, og smake på det eg hadde laga. Ein av naboane, ein kar på over 70 år, sa at «eit godt øl skal ha sju forskjellige smakar. Eg hugsar ikkje alle, men ein av dei er meirsmak og det har ølet ditt» og så drakk han meir, fortel Geir Helge og ler godt.
Etter at mesket er klart skal det kokast i godt og vel ein time. Her kan ein byrje å eksperimentere med koketid, og på den måten sette sitt eige preg på det ferdige produktet.
– No er det 25-26 liter med mesk som skal kokast ned til 22 liter. Og kokar du det ned litt ekstra blir det litt meir smak på ølet, og det blir litt sterkare. Eg har jo gjort dette nokre gongar, og no vil eg gjere dette litt på min eigen måte
Før fekk ein tak i maltet på Felles kjøpet. Det kom i ein 25-literssekk og det var ein type å velje i mellom, men i løpet av det siste tiåret har ølbryg ging blitt ein meir og meir populær hobby, og ein kan no kjøpe ferdige maltblandingar i alle moglege vari antar.
– Etter at alle mikrobryggeria kom har jo dette byrja å utvikle seg.
Det finnes mange «godtebutikkar» i dag for dei som vil brygge, og ein får tak i pilsnermalt, tysk malt, skotsk malt – ja alt mogleg. Det gjer og til at ein kan lage litt mindre i slengen. Før lagde eg jo 250 liter, men no har eg nedskalert og gjort det litt enklare. Eg treng ikkje så mykje øl, seier Geir Helge medan mesket kokar.
Så er det tid for å tilsette humle. Humle gjev ølet aroma og bit terheit, og ulike typar humle skal leggast i på ulike tidspunkt. Etter blandinga er ferdig kokt har det blitt til vørter, som må kjølast ned og tilsettast gjær. For å få tem peraturen ned har Geir Helge i ein kjølespiral som han spyler kaldt vatn igjennom.
– Ein treng litt utstyr for å gjere dette, sjølv om det ikkje er store investeringane som skal til, seier han, medan vatnstrålen står ut frå kjølespiralen.
Når temperaturen er rett skal heile blandinga hellast på ein fermente ringsdunk, og stå og godgjere seg der. No tek gjæren over prosessen, og sukkerartane som ein fekk ut når ein meska kornet blir no omgjort til alkohol.
– Ein kan og måle sukkerinn hald, og slik ha full kontroll på alko holprosenten. Men eg gjer det ikkje så komplisert. Når ølet mitt er ferdig
så smakar eg nokre glas, og då merkar eg kor mange glas eg kan drikke, seier han med eit glis.
Fermenteringa tek to veker før prosessen er heilt ferdig, og også her må temperaturen vere riktig. Dunken må oppbevarast ein stad der det er jamn temperatur, og eit baderom kan til dømes vere eit godt tips til plass. Og så er det berre å vere tolmodig og vente på at ølet skal bli klart. Tappar du det på flasker for tidleg kan du fort ende opp med knuste flasker i kjøleskapet.
– Det er jo ulikt kor lenge dei ulike ølsortane skal lagrast. Jule ølet kan eg gjere klart allereie i september. Då får det ligge ei stund og utvikle seg i flaska, fortel han, medan korkar med «God jul» på blir pressa på brune glasflasker. Etikettar har han fått spesiallaga gjennom kjennskap med den slags kompetanse.
Og om du har plass og utstyr har Geir Helge eit siste tips til dei som vil prøve seg på ølbrygging sjølv.
i ytre Sogn– Det tipset er å berre prøve. Bli med nokon som har gjort det før første gongen, men dette er mykje enklare enn folk trur, så det er berre å gjere det. Finn ein god plass, eit vaskerom eller ein gara sje, og gå i gang. Og ikkje gjer det så avansert, kjem det frå den erfarne ølmakaren.
– Og så er det jo er så morro, mann!
«Ein av naboane, ein kar på over 70 år, sa at «eit godt øl skal ha sju for skjellige smakar. Eg hugsar ikkje alle, men ein av dei er meirsmak og det har ølet ditt» og så drakk han meir»
For mange er det lyden av julemusikk, smaken av kakemenn, eller liknande som får fram den gode julestemninga. Men for Ellen Vik Milde kjem den rette stemninga når alle dei små og store nissane hennar er komne på plass.
– Kor mange nissar har du til saman, og kva er det som gjer at du er så hekta på dei?
– Det er vanskeleg å sei eksakt kor mange eg har, men det er sik kert over 100 med smått og stort. Eg har laga ull-nissar med filt nål i mange år, men ikkje i år. Årsaka er at det er mykje arbeid, så eg må få lyst til å sette meg ned med det, elles blir eg ikkje nøgd med resultatet. For fleire år sidan lage eg nokre i cernitt leire, og dei kjem fram kvar jul. Eg har og selt ein god del ullnissar på julemesser opp gjennom åra.
– Kva er det som gjer at du er så hekta på akkurat nissar?
– Nissar finst i så mange ulike utgåver, og er noko som berre gjev meg god julestemning. Eg har fleire store og flotte heimelaga nissar, den finaste er ein eg kjøpte av ei dame som hadde laga nissen sitt ansikt og kropp, og som eg sjølv kledde opp med kle som eg hadde strikka. Eg har og vore på kurs hos ei dame der eg lærte å modellere/lage nissar, noko som var veldig kjekt. Som oftast gjev eg meg sjølv handleforbod på nissar kvart år, men når dei dukke opp i butikkane er det alltid nokon som glor meg i senk og seier til meg «du berre MÅ ta meg med heim», og då blir det stort sett sånn.
– Kva får deg i julestemning?
– Julestemninga og desemberkosen kjem skikkeleg når eg begynner pyntinga til jul første søndag i advent. Då heng eg
opp raude julegardiner, og alle nissane får kome ned frå det kalde loftet. Gubben tek seg av pyntinga utandørs medan eg tek meg av det som er inne, og med julemusikk frå radioen blir det litt ekstra høgtidstemning til arbeidet. I tillegg til pyn ting så elskar eg å bake julemenn og peparkaker saman med barnebarna, og ein kan nok trygt sei at eg nesten blir som ein unge sjølv i desember månad. Er vi så heldige at det kjem litt snø også, ja då er jula redda. Som oftast har vi julegateopning med gløgg og julemusikk i nabolaget andre helga i advent, der vi lagar godteposar til alle ungane.
– Litt vanskeleg å sei, men det må vere barndomsjula heime hos mor og far. Mamma lagde alltid tomtebrygg til jul, til stor glede for alle. Dette var brygg utan alkohol sjølvsagt, og var som brus for oss ungane. Minnast godt når vi pynta juletreet veslejulaftan og gleda og varmen i huset. Før julemiddagen som vart servert presis klokka fem måtte juleevangeliet lesast opp av oss ungane, noko som ofte førte til krangel kvart år om kven av oss som skulle lese. Når eg tenker tilbake var det ein fin tradisjon.
– Det er ikkje enkelt å svare på, for eg har ein snill mann og får som oftast det eg ønskjer meg. Ei gåve som det er utruleg kjekt å få er ein kalender med bilete av barn og barnebarna. I fjor fekk eg hotellpakke med overnatting og show med Truls
Svensen i gåve, ei heilt topp gåve som eg diverre ikkje fekk opp leve fordi det vart avlyst grunna den hersens koronapandemien. Så eg håpar at det kjem ein ny sjanse der.
– Når startar du juleførebuinga?
– Eg begynner tidleg med julegåver, gjerne i august, september så eg slepp det stresset i desember, for då er det klart for pynting og julebakst og det eg rekker innimellom jobb. Eg rett og slett elskar desember med førjulskos, julemusikk og alt som høyrer til.
– Nei, det har eg eigentleg ikkje. Det at juletreet ikkje skulle pyntast før veslejulaftan er noko eg heldt fast ved ganske lenge, men som for 3-4 år sidan glei ut. Så no er treet vårt ferdig pynta til 21. desember. Eg var også ganske innstilt på at vi ikkje skulle ha kunstig juletre, men tradisjonen med naturleg tre den rauk for vel fem år sidan. Sjølv om det er veldig enkelt med kunstig tre så saknar eg dufta av eit ekte juletre.
– I år har eg fri frå jobb på julaftan og det blir herleg. Julaftan har vi feira heime hos dotter, svigerson og barnebarn dei siste åra. Dei vil lage sin eigen juletradisjon, så det å bli bedd dit og kome til duk og dekka bord er veldig kjekt. Det å sjå glade barneauge som spent venter på nissen som kjem med gåver – det er jul det!
Det er vinter i Solund. På Innerøy-kaia har ein båt lempa på land ein heil haug med trevirke som skal bli til fyringsved. Vi legg merke til kolbua til venstre på biletet. Denne hadde to rom, eit for kol og eit for tareoske. Av dei tre karane som ber vekk veden, kjenner vi att Sverre Berntsen til venstre. Dei to andre er ukjende. Biletet er henta frå Solundarkivet.
Med vinter ser ein gjerne føre seg kulde og snø; det er slik den eldre generasjon hugsar attende til 1950og 1960-åra. Men dette klimaet var også avhengig av kvar ein budde. For dei som heldt til i ytre strøk, var det eit mildare klima med storm og regn slik ytre delar av Gulen og i Solund opplevde det. Dette utvalet som no vert presentert av vinterbilete, er frå det siste hundreåret og viser litt av variasjonen.
Her ser vi uvèret som herjar vintersdagen i Solund. Tung sjø frå vest-sørvest betydde landligge for dei som hadde tenkt seg på fiske. Sjølv med motoriserte fartøy, var ikkje dette nok til å ta seg ut på havet. Her er det Karolus Strand som bergar rek ved Hestvikneset lengst nord i Strandamarka. Mykje av det som dreiv i land, kunne nyt tast, mellom anna til ved. I eit skogfattig område som Solund var dette ein viktig ressurs. Biletet er henta frå Solundarkivet.
To eldre karar på tur ein vinterdag i Hyllestad i slutten av 1960-åra. Til venstre ser vi Johan Bø som var småbrukar og dreiv fehandel og fiske i tillegg. På folkemunne vart han kalla for «Løven». Den andre, Edvard Løvås, var småbrukar i Lønebotnen og arbeidde elles som gartnar hjå Døscher i Leirvik. Her har dei nok vore nedom Leirvik på handel. Biletet er henta frå ”Hyllestad 1861-2011”.
I 1950- og 1960-åra var vintrane kaldare enn det ein opplever i dag. Sæbøtjørna i Høyanger fraus til om vintrane, og då var det gode forhold for å gå på skøyter. Dei to som vi ser her i slutten av 1950-åra, er Erling Sæbø og Astrid Nokken. Foto: Anders Fimreite/eigar: Torfinn Fimreite.
Sokneprest Eivind Broch som var prest i Hyllestad frå 1904, har kledd seg skikkeleg varmt til preikesøndag i Bøkyrkja. Vintersdagen var det ikkje berre kaldt for presten, men også for kyrkjelyden. Kyrkjene i kom munen mangla oppfyring; først på byrjinga av 1900talet kom det omnar i dei tre kyrkjene. Kjenneteikn vinterstid var raudglødande omnar. Omnspassaren vandra like andektig omkring i kyrkja som presten og klokkaren. Biletet er henta frå ”Hyllestad 1861-2011”
Her er eit lite typisk vinterbilete frå Gulen frå 1970åra. Hesten fanst framleis som trekkdyr på mange gardar. Her har Ivar Sjursen Haugland, betre kjend lokalt som ”Sjurivaren”, spent hesten Andrea føre sle den ein vinterdag. Eigar: Brynjar Takle.
Fjellet var eit ynda friluftsområde for folk i Høyanger. Fleire hadde hytter, men dei fleste tok seg dagsturar. Trallebana nede frå sentrum gjorde at det var enkelt å kome seg opp. Med aukande tilgang på privatbilar frå tidleg i 1960-åra saman med fjellvegen som stod ferdig i 1961, gjorde at ein slapp dei lange køane ved tral lebanna på fine utferdsdagar. Her er ei gruppe personar oppstilte framfor ei hytte, sannsynlegvis på ettervinteren på slutten av 1950-åra. Skiføret er godt og det er store snømengder, noko som gjer at det er duka for ein fin skitur. Dei som har teke oppstilling for fotografen Anders Fimreite, er frå venstre Tor Wormsen, deretter Kari Giskeødegård medan mannen til høgre med sigaretten greier vi ikkje å iden tifisere. Foto: Anders Fimreite/eigar: Torfinn Fimreite.
Eit nærast romantisk vinterbilete frå Gulen. Under regnbogen ser vi ”baksida” på Søtekollen. Biletet er teke mot nord frå Dalefjellet, fjellover gangen mellom Brekke og Verkland. Eigar: Brynjar Takle.
Fagleg kompetanse. Gode læringsverktøy. Eit mangfaldig miljø. Alt dette er viktig for at du som elev skal få fullt utbytte av di utdanning, men ein anna ting som er minst like viktig er trivsel.
Høyanger vgs. kjem svært godt ut i elevundersøkingar, mykje på grunn av vår høge trivselsfaktor. Vi har eit oversikteleg og inkluderande skulemiljø. Du blir godt kjent med lærarar og medelevar. Og ikkje minst, du blir sett, både som ein elev som skal lære, og ein person som skal ha det godt.
Helse- og oppvekstfag
Teknologi og industrifag
Elektro og datateknologi
Studiespesialisering
Vaksenopplæring
Det er snart to år sidan eit bustadhus på Austreim brann ned på nyttårsaftan 2019. Berre to timar tok det før May Helen Tenne foss, sonen Sander (21) og dottera Emma (13) mista heimen sin.
May Helen eller Maya som dei fleste kallar henne, tek i mot i det nye huset. Enno manglar det teikn på at dei har budd seg inn, men bordet er hyggeleg dekka med kaffikoppar og nysteikte vaflar. Med utsyn over fjorden og fjella tek ho oss med tilbake til den fatale nyttårsaftan.
Uverkeleg syn – Vi var fem personar til nyttårsmiddag. Forutan Emma og San der, var også kjærasten til Sander her, Sunniva Gudvangen Trol lebø og kollegaen min, Sarah Wyller. I tillegg til to hundar. Etter middag gjekk dei andre til leikeplassen for å sende opp nyttårsra kettar, medan eg var att for å roe hundane. Deretter gjekk vi alle på besøk til Aud Ramsli og Rolf Selnes i nabohuset. Eg er eit ruti nemenneske, så alt av levande lys vart sløkte og andre elektriske artiklar blei sjekka nøye før eg gjekk. Det var god stemning der ungdommane spelte spel og vi vaksne hadde kosa oss saman. Då klokka nærma seg to, ville kollegaen min legge seg og gjekk tilbake til huset med hunden sin.
Maya fortel vidare at kollegaen hadde etter kort tid høyrt bran nalarmen og såg flammar ute i gangen. Ho sprang ut verandadøra med hunden og tilbake til nabohuset for å varsle. Brannvesenet vart ringt og alle sprang ut. Synet som møtte dei var uverkeleg. Huset var allereie overtent og det var lite dei kunne gjere. Alt gjekk fort og på to timar, mellom kl. 2 og 4, var huset brent ned.
– Dette går ikkje an, var ein av tankane eg hadde. Eg var
lamslegen, men det var ikkje panikk eller hysteri hjå nokon, minnast Maya.
Fleire ungdommar ville skåne Emma og tok henne med seg til nokre venner litt unna. Mor og son sto att og såg at heimen deira vart oppeten av flammane. Også nabohuset der dei hadde hatt det så kjekt, måtte evakuerast. Kyrkjebøstallen var næraste nabo på andre sida, og der vart det gjort ein stor innsats for å få hestane i sikkerheit. Alle i nærleiken stilte opp og hjelpte til og dei som hadde vore i heimen tidlegare på kvelden vart innlosjert hos venner.
– Eg kan ikkje få fullrost Sonja Myrekrok og Jan Arill Ruskedal for måten dei tok seg av oss. Utan spørsmål vart vi kommanderte heim til dei og inn i ein varm dusj. Alle skap og skuffer med klede vart opna, slik at det berre var å forsyne seg med det vi trengte. Brått vart vi ein storfamilie på 11 personar, to hundar og to kattar.
Rosar klassen Emma fylte 14 år første nyttårsdag og ei fødselsdagsfeiring virka fjernt frå den verkelegheita dei vakna opp til. Likevel vart det fei ring med familie og venner hjå Sonja og Jan Arill. Oppi det heile vart fødselsdagsgåva frå mor redda, slik at Emma fekk seg nytt skiutstyr. Gåva var gøymd i garasjen som slapp unna flammane.
– Eg vil og få rose både klassen og idrettsmiljøet i Høyanger for måten dei hjelpte Emma gjennom tida etterpå. Dei kom med utstyr og klede ho trengte både til trening og elles. Dei fekk henne med i aktivitetane igjen og det same skjedde i sku
len. Ho skofta ikkje ein dag, noko som medførte at ho ikkje fekk tid til å sture. Til og med eit overraskingsselskap arrangerte dei for henne, smiler Maya.
Sjølv vart ho sjukmeld i ein kort periode, for å få tid til å sor tere tankar og ordne med det praktiske. Dei første tre vekene etter brannen fekk dei bu hjå Sonja og Jan Arill. Her var det ope hus for dei som ville komme innom for å prate og vise omtanke. Det var ikkje få koppar med kaffi som gjekk med til familie, venner og kollegaer. Deretter flytta dei inn hjå borna sin far i Høyanger og budde der i seks månader. Då koronapandemien kom med sosial isolasjon, lengta særleg Emma ut att til Kyrkjebø, kor det var let tare å vere saman med vener. Dei hadde ballbingen der dei var fysisk aktive, dei grilla og hadde det kjekt ute. Det var difor godt å få leige eit hus av Tor Bjørn Kyrkjebø.
– Vi var så heldige at alle stadene vi budde, var det møblert. Dermed trengte vi ikkje å gå til innkjøp av noko før vi skulle flytte inn i nytt hus.
Gjennom tida som følgde kom mange tankar. Skulle dei bygge nytt eller flytte? Etter kort tid kom dei fram til at det er på Kyr kjebø dei høyrer til, der har dei røtene sine. Det er her dei gode naboane, familien og vennene er.
Tenkjer framover Maya rosar forsikringsselskapet som var til svært god hjelp i tida etter. Utan unødige spørsmål, fekk dei pengar til å kjøpe klede og elles det ein treng til dagleg bruk.
– Det er utruleg kor mykje ein treng, men som ein til dagleg tek som sjølvsagde ting. Vi hamstra til dømes undertøy, ler Maya.
Å tenkje utanfor ramma i prosessen med eit nybygg, tykte ho var krevjande. Det einaste ho greidde å tenkje på var korleis det hadde vore før. Ho sette stor pris på bygningsfirmaet og ikkje minst far til borna, Arne Finden, som kom med alternativ, slik at ho kunne gjere greie val til endringar og forbetringar. Denne hjelpa dreg ho fram som særs verdifull under bygginga.
I byrjinga av 2021 flytta Sander til Sogndal saman med kjær asten sin. No er det berre Emma som framleis bur heime. Ho vart konfirmert i september og dei fekk så vidt flytta inn før konfir masjonsdagen. Maya sin bunad var gått opp i flammane saman med alt bunadssølvet, både hennar eige og det som var samla
til Emma. Heldigvis stilte Annlaug Fjelde Moen opp og sydde bunadar til dei begge og Aud Ramsli sydde svartsaumen. Der med kunne både mor og dotter kle seg i nye bunadar på konfir masjonsdagen som vart feira på Eldresenteret i Høyanger med nær 50 gjestar.
– Vi ville at Emma skulle få be dei ho ønskte i konfirmasjonen sin og dermed vart det mange venner i tillegg til familien.
I dag kan det sjå ut som at huset er nokså stort for to. Men Maya seier at ho tenkjer framover. Ho vil at borna skal ha ein heim å komme attende til når dei har flytta ut. Om det vert bar neborn etter kvart, vil det vere ei stor glede å kunne ta imot og ha plass til alle.
Under samtalen kjem Emma heim frå fotballtrening. Eit stort smil lyser opp ansiktet hennar i det ho seier at ho er kjempeglad for å ha flytta inn i nytt hus og har fått det største soverommet.
– Eg er sjølvsagt glad for at ingen omkom eller vart skadde i brannen, seier Maya, vi var trass alt heldige som berre mista materielle ting. Både familie, venner og kollegaer har sytt for at vi ikkje fekk tid til å grave oss ned i mørke tankar og drog oss fort inn i kvardagen igjen. Å ha ein jobb å gå til var uvurderleg for meg, og sjefen min, Elin Lysne i Helse Førde, har vist stor forståing for situasjonen vi har vore i.
Det såraste å miste var dei tinga som er knytt opp til den per sonlege historia deira. Det er gåver frå foreldre og besteforeldre, heimelaga ting som hekla tepper og broderte dukar, for ikkje å snakke om alle bileta. I oskehaugen fann dei nokre få ting i sølv. Desse har Maya plassert i eit glasbord. Snart kjem ei ny jule- og nyttårshelg der kjenslene ofte er sterke. No skal familien bu seg inn i alt det nye, bygd på dei gamle minna.
– Har du ein bodskap til lesarane heilt til slutt?
– Ei slik hending kan skje kven som helst, sjølv om ein er aldri så forsiktig. Brannårsaka vart aldri funne og det må eg leve med. Eg ønskjer å uttrykkje stor takksemd overfor dei som har støtta oss og hjelpt oss med stort og smått etter brannen. Vi hadde ikkje takla dette så godt om det ikkje var for alle dei gode hjelparane. Eg vil difor oppmode folk om å vise kvarandre omtanke og omsorg, ikkje berre under kriser, men i kvardagen og, avsluttar Maya.
dei skulle sett oss no dei som føljer med ein stad der ute dei rare menneska, ville dei sagt sjå korleis dei rushar gjennom året skundar seg mot toppen av berget spring om kapp med tida ein hektisk spurt frå dag til dag frå veke til identisk veke
og så rett før året er omme med målstreken i sikte når det skal så lite til berre eit lite sprang for å vinne heile kappløpet då stoppar dei plutseleg opp! Og dei spør seg sjølv Kva dei spring for? Kva dei lever for?
Kva var det eigentleg som hasta? Dei ser opp på stjernene og spør seg om ikkje lysa der oppe hadde kledd busken i hagen dei ser på treda og spør seg om ikkje naturen skulle flytta inn i stua ei stund og dei ser på kvarandre dei rare menneska som trur dei er sterkast når dei spring alt dei kan for å rekke livet der framme men som blir til udødelege kjempar når dei stoppar for ei stund
og lar livet gå i førevegen