Møtestad for lov og rett
Tusenårsstaden Gulatinget
ÅRSMELDING 2023
Årsmelding
Gulatinget er eit av dei største og eldste regionale tinga i Noreg frå vikingtid og mellomalder (900-1300). Gulatinget var samla årleg i Gulen frå 900 til 1300 då det vart flytta til Bergen. Gulatinget var politisk forsamling, lovgjevande forsamling og domstol. Gulatinget starta som eitt Allting, og utvikla seg etter utviding av lovområdet til eit representasjonsting. Gulatinget representerer starten på statsdanninga i Noreg, på etableringa av folkestyret, utvikling av rettssystem og organisering av det først forsvaret i Noreg.
Gulatingslova (nedskrive ca 1000) er den eldste kjende og bevarte lovsamlinga i Norden. Den er bevart i handskriftet «Codex Rantzovianus og ligg i Handskriftsavdelinga i Det Kongelege Biblioteket i København. Gulatingslova vart teken opp til Noregs Dokumentarv i 2020, og vart i 2021 nominert til UNESCO Memory of the World.
Tusenårsstaden Gulatinget opna 27. august 2005 etter at Gulatinget vart valgt som tusenårsstad for tidlegare Sogn og Fjordane fylke og Gulen kommune. Parken er til minne om og til ære for Gulatinget og Gulatingsloven, og er utsmykka med monumentale kunstverk av Bård Breivik.
Gulatingsprosjektet Arven etter Gulatinget er av stor regional, nasjonal og internasjonal betydning som utgangspunkt for folkestyre, rettssystem og forsvar i landet. Vestland fylkeskommune samarbeider med Gulen kommune om utviklingsarbeidet knytt Gulatinget.
Målet for arbeidet er å forvalte arven etter Gulatinget, formidle den sentrale rolla Gulatinget har hatt for utvikling av demokrati, rettssystem og forsvar i Noreg, samt ta i bruk og vidareutvikle Tusenårsstaden Gulatinget som kulturarena og friluftsområde. Dette skal gjerast gjennom tiltak skissert i Utviklingsplanen for Tusenårsstaden Gulatinget.
Styring. Arbeidet er organisert med ei styringsgruppe beståande av representantar frå politisk og administrativt nivå i dei to forvaltningsorgana. Styringsgruppa har fram til valget hausten 2023 bestått av:
• Hallvard Oppedal, Ordførar, Gulen – Leiar av styringsgruppa
• Stian J.O. Davies, Leiar Hovudutval for kultur, idrett og integrering, Vestland FK
• David J. Aasen Sandved, Seksjonssjef, Seksjon for Kulturarv, Vestland FK
Etter valget hausten 2023 har Styringsgruppa for Gulatinget bestått av:
• Reidun Halland, Kommunedirektør, Gulen/Halvor Elde, Leiar for Oppvekst og Kultur, Gulen
Side 1 Tusenårsstaden Gulatinget – Årsmelding 2023
• May-Lynn Osland, Ordførar Gulen – Leiar for Styringsgruppa for Gulatinget
• Reidun Halland, Kommunedirektør, Gulen/Halvor Elde, Leiar for Oppvekst og Kultur, Gulen
• Jacob André Telvik Nødseth, Leiar Hovudutval for idrett, kultur og integrering, Vestland FK
• Kine Bratli Dale, Nestleiar Hovudutval for idrett, kultur og integrering, Vestland FK
• David Johannes Aasen Sandved, Seksjonssjef Kulturarv, Vestland FK bistår representantane frå VLFK.
Styringsgruppa har i 2023 hatt 3 møter, 27. januar (teams), 30. mars (teams) og 18. desember.
Leiing
Utviklingsarbeidet knytt til Gulatinget vert leia av dagleg leiar cand. philol Anne Hopland. Prosjektleiar for arbeidet med Gulatinget Nasjonale Kultursenter er seksjonssjef for Utbygging og eigedom i Vestland fylkeskommune, Jan Tore Rosenlund.
Forankring
Forvaltning og utvikling av Gulatinget er forankra i vedteken 10 årig samarbeidsavtale mellom SFJ fylkeskommune (FT-sak 57/15) og Gulen kommune (KS-sak 120/15), gjeldande frå 1. januar 2016. Avtalen med SFJ fylkeskommune er overført til Vestland FK.
Strategiplan
Strategisk Utviklingsplan for Tusenårsstaden Gulatinget 2016-2020 ligg til grunn for arbeidet. Årsmeldinga for 2023 skildrar tiltak innafor satsingsområda som ligg i tidlegare utviklingsplanen, samt nye innsatsområde som har kome til dei siste åra. Utviklingsplanen skal reviderast og arbeidet med ny strategiplan for Gulatinget vil starte opp i 2024.
Årsplan
Styringsgruppa vedtek Årsplan for arbeidet i Gulatingsprosjektet. Tiltaka i årsplanen skal bidra til at ein når vedtekne mål for arbeidet med Gulatinget.
Økonomi
Hovudprosjektet har i 2023 hatt eit driftsbudsjett på kr 2.416.061,- fordelt på tilskot frå Vestland Fylkeskommune kr. 1.314.713,- tilskot frå Gulen kommune kr. 563.448,- samt statstilskot øyremerkt formidling kr. 537.900,-
Tilskotet frå fylke og kommune dekkjer i dag drift av Tusenårsstaden Gulatinget sitt parkområde, dagleg drift av prosjektet med ein stilling i 100%, ulike utviklingstiltak og mindre arrangement. Delar av grunntilskotet går, saman med statstilskotet øyremerka formidling, til å finansiere ein stilling som formidlar på Gulatinget (100%). Statstilskotet blir i dag utbetalt via Musea i Sogn og Fjordane (MISF). Det vert søkt eksterne midlar til arrangement og utviklingstiltak.
Besøkstal
Tusenårsstaden Gulatinget har i 2023 hatt 16.988 besøkande. Det er ei auke på 25,6% (3.466) frå 2022 som er svært gledeleg. Besøkstalet vert registrert som trafikk inn i parken, av ein Urban Post ECO Counter som vert brukt for registrering av fotgjengarar over heile verda. Vi har ikkje tal for besøkande til Eivindvik og kulturminna knytt til Gulatinget i kommunesenteret, men der er også betydeleg trafikk sommarstid.
Side 2 Tusenårsstaden Gulatinget – Årsmelding 2023
AKTIVITETAR I 2023
1. Fagleg utvikling og kunnskapsproduksjon
(frå gjeldande utviklingsplan)
Mål: Gulatinget og Gulatingslova sin plass i samfunnsutviklinga er kjend og etablert
Tiltak gjennomførd i 2023
16. - 17. mars Nasjonal Pilegrimskonferanse, Trondhjem
28. mars Møte med Nasjonalbiblioteket v/Hege Stensrud Høsøien, UNESCO nominasjon av Gulatingsloven
30. mars
NOKUT konferanse, Voss
31. mars Kulturkonferanse, Voss
11. april Møte m/Nasjonalbiblioteket, UNESCO nominasjon GT
6. juli Førdekonferansen
18. august Møte m/Det Kongelige Biblioteket (KB), København (UNESCO)
8. september Ferdig produksjon av heftet «Tingsteder i Norge», samarbeidsprosjekt mellom Frostatinget, Gulatinget og Eidsivatinget.
12. oktober Riksantikvartimen «Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse» (KULA)
27. oktober
Disputas: «Vikinger på Hebridene – bosetning og makt i et nytt landskap», Joseph Thomas Ryder, UiB, Bergen
22. - 23. november Vestland Kulturkonferanse, Stord
Side 3 Tusenårsstaden Gulatinget – Årsmelding 2023
Status: Gulatinget er Nøkkelstad i Kystpilegrimsleia noko som bidrar til å gjere Gulatinget og Gulatingslova kjent og etablert. Arbeidet med UNESCO nominasjon av Gulatingsloven skaper merksemd internasjonalt. Gulatinget er pådrivar og formidlar for ny forsking på feltet, og jobbar aktivt med samarbeidspartar om publikasjonar, foredrag og fagleg utveksling. Gulatinget og Gulatingslova er paradoksalt nok kanskje meir kjend og verdsett internasjonalt enn nasjonalt. Thingvellir på Island omtalar no Gulatinget i sine utstillingar som opphav for sin institusjon. Thingvellir har langt over ein million besøkande årleg. Snorresenteret på Reykholt omtalar også Gulatinget i sin utstilling. Dette er eit resultat av mange års samarbeid med tingstader i Nord-Atlanteren.
Nasjonalt er kjennskapen til Gulatinget og Gulatingsloven aukande i takt med arbeidet knytt til Nasjonaljubileet og Landslovjubileet. Den gryande interessa for norsk retts- og demokratihistorie, tyder på at arbeidet på Gulatinget har betydning for og påverknad på nordmenns historieforståing og identitet.
2. Formidling
Mål: God og tydeleg informasjon på nett og ved attraksjonane gir målgruppene meir kunnskap om Gulatinget og om aktivitetar knytt til Gulatingslova, det autentiske Gulatinget og Tusenårsstaden
Tiltak gjennomførd i 2023
4. april Foredrag DVA Conference: “The Legacy of the Viking Things” v/Anne Hopland
8. juni Omvising leiargruppe VLFK
7. september Nettverksmøte Landslovjubileet: Presentasjon av Gulatinget 2024 v/Tone Ekerhovd, Nasjonalbiblioteket, Oslo
19. september
20. september
Presentasjon av Gulatinget 2024 v/ Tone Ekerhovd, Mellomaldernettverket, Schøtstuene Bergen
Presentasjon av Gulatinget 2024 v Tone Ekerhovd, Samling Nasjonaljubileet Norge i tusen år, Harstad
7. november Presentasjon av Gulatinget 2024 v/Tone Ekerhovd, Kystpilegrimskonferanse Bergen
1. - 30. juli Dagleg guiding, Tusenårsstaden Gulatinget
Status: Arbeidet med skilting på Tusenårsstaden Gulatinget er ferdig. Det skal opp betre skilt knytt til krossane i Eivindvik. Det er etablert digitale kulturvandringsløyper på Flolid og i Eivindvik som publikum kan ha tilgang til kostnadsfritt på eigen mobil. Heimesida Gulatinget.no er fornya og har fått betre grafikk. Det står att å utvikle nytt innhald på heimesida, og oversette den til engelsk. Brosjyrer og produktark vert oppdatert årleg og distribuert.
Side 4 Tusenårsstaden Gulatinget – Årsmelding 2023
3. Verdiskaping og lokal næringsutvikling
Mål: Gulatinget er eit attraktivt reisemål og ein arena for aktivitet og utfalding
Tiltak gjennomførd i 2023
31. januar
31. januar
8. februar
23. august
29. august
Reiselivssamling Sløvåg
Møte med Skjerjehamn; samarbeid
Møte Berekraftig reisemålsutvikling, Salbu, Hyllestad
Informasjonsmøte Miljøfyrtårnsertifisering, teams
Informasjonsmøte Key Green, teams oktober/november
Miljøfyrtårn 5 kurssamlingar
Gulatinget har i 2023 vore marknadsført på sentrale ferjesamband inn og ut av tidlegare Sogn og Fjordane, på Ekspressbåtane frå Bergen, samt alternerande på Florø eller Førde lufthamn, og på Bergen lufthavn Flesland gjennom Visit Bergen. Gulatinget har eigen nettside på www.gulatinget.no, samt Facebookside og Instagramkonto. Gulen kommune er medlem i Bergen Reiselivslag (BRL), og Gulatinget vert profilert inn mot Bergensmarknaden og cruisesegmentet. Gulatinget vert i tillegg profilert saman med andre destinasjonar i tidl. Sogn og Fjordane gjennom Visit Fjordkysten.
Status: Tusenårsstaden Gulatinget er eit godt besøkt og flittig brukt friluftsområde, og eit attraktivt reisemål. Vi er ein aktiv part i lokalt og regionalt reiseliv. Framover vil systematisk reisemålsutvikling, tett samarbeid med næringsaktører, VisitBergen og VisitFjordkysten vere viktig for å utvikle Gulatinget og regionen som reisemål. Potensialet i reiselivsmarknaden er stort. Gulatinget kjøper tenester lokalt og regionalt, og bidreg til regional verdiskaping. Arenautvikling har dei siste åra ikkje hatt fokus i utviklingsplanen for Gulatinget. Tiltak som belysning og vidare tilrettelegging for heilårsaktivitet må ha fokus framover for å auke attraktivitet og heilårsbruk på Tusenårsstaden Gulatinget.
Side 5 Tusenårsstaden Gulatinget – Årsmelding 2023
4. Nettverksarbeid
Mål: Gulatinget er ein aktiv part i levande tingstadnettverk i Noreg og internasjonalt
Tiltak gjennomførd i 2023
24. januar Styremøte Frendar Vikinglag
7. februar Møte med Nordhordland Biosfære, Knarvik
7. februar Nøkkelstadmøte (regionalt), Kystpilegrimsleia
2. april Møte m/Thingvellir Nasjonalpark v/Direktør Einar Ásgeir Sæmundsen
3. april Synfaring Thingvellir Nasjonalpark
4. - 6. april Destination Viking Association AGM (Årsmøte), Reykholt, Island
19. mai Styremøte Frendar Vikinglag – planlegging Gulatinget Vikingmarknad 2023
31. - 2. juni Kystpilegrimsleia studietur (segltur) Bergen – Avaldsnes
3. - 4. juni Dugnad Tusenårsstaden Gulatinget v/Frendar vikinglag
11. juli Styremøte + medlemsmøte Frendar Vikinglag. Planlegging Gulating Vikingmarknad
22. august Medlemsmøte Frendar Vikinglag
7. september Nettverksmøte Landslovsjubileet, Nasjonalbiblioteket, Oslo
19. september Møte i mellomaldernettverket, Schøtstuene, Bergen
20. - 21. september Samling Nasjonaljubileet Norge i tusen år, Harstad
20. oktober Kick-off møte: «Things around the North Sea» m/Einar Sæmundsen (direktør Thingvellir Nasjonalpark) og Torfi Stefan Jonsson (formidlingsansvarleg Thingvellir)
20. oktober Møte med Ungdomsutvalget Vestland fylke
7. - 8. november Kystpilegrimskonferanse, Bergen
Status: Gulatinget er godt forankra i relevante nettverk i inn og utland. Destination viking Association er Europarådet sitt offisielle nettverk for vikingattraksjonar i Europa, der Gulatinget er ein aktiv deltakar og partner. Nasjonalt er det tett samarbeid med Frostatinget og Eidsivatinget, som i 2023 har resultert utgjevinga av eit felles hefte om landskapstinga i Noreg.
Side 6 Tusenårsstaden Gulatinget – Årsmelding 2023
ANDRE STØRRE SATSINGAR
A. Gulatinget Nasjonale Kultursenter
Gulatinget representerer starten på statsdanninga i Noreg, og har difor ein sentral plass i den norske politiske, juridiske og militære historie. Historia er kompleks og samansett, og spenner over minimum 400 år. Historia til Gulatinget og Gulatingsloven skal forvaltast og formidlast for framtidige generasjonar. Tusenårsstaden Gulatinget er og ein turistattraksjon og eit besøksmål på Vestlandet med stort potensiale. Gulatinget er vitja av skuleborn, barnehagar, turistgrupper, pensjonistgrupper, lag/org og historieinteresserte vaksne.
Gulatinget er ein immateriell historie som set særlege krav til formidling. Gulatinget Nasjonale Kultursenter vil levandegjere Gulatinget sin historie, og tilby besøkande spennande opplevingar og læring gjennom ein interaktiv, taktil, visuell og dynamisk utstilling, utvikla av det erfarne og internasjonalt anerkjende selskapet Gagarin på Island.
Status: Arbeidet med realisering av besøks- og formidlingssenteret på Gulatinget har hatt kommunal prioritet sidan 2010, og regional prioritet frå 2017, då prosjektet blei lagt inn i den fylkeskommunale økonomiplanen. Prosjektet er lokalt og regionalt finansiert. Det har difor årleg vore søkt statlege investeringsmidlar over ordninga Nasjonale Kulturbygg med 1/3 av totale kostnader sidan 2019. Prosjektet har imidlertid ikkje blitt prioritert med investeringsmidlar over Statsbudsjettet. Hausten 2023 vedtok Styringsgruppa for Gulatinget etter ei ny vurdering å likevel søke statlege investeringsmidlar over ordninga Nasjonale Kulturbygg, innan fristen 1.1.2024. Prosjektet er «gryteklart» for realisering, og behovet for et senter er prekært med nær 17 000 besøkande i 2023.
(ikkje nedfelt i gjeldande utviklingsplan)
Side 7 Tusenårsstaden Gulatinget – Årsmelding 2023
B. Arrangement
Tiltak gjennomførd i 2023
26. juni Aktivitetsdag Gulatinget
28. juni Psykisk Helse, grillfest og telting
22. - 23. juli Gulatinget Vikingmarknad
30. juli Utleige grindhus (priv. arr), Tusenårsstaden Gulatinget
23. august Omvising Eivindvik
1. september Poesi og historie workshop for 4. - 7. klasse v/Tone Ekerhovd og Tone Einelia, Den Kulturelle Skulesekken
Opning av Gulatinget 2024:
• Foredrag v/ Jørn Øyrehagen Sunde «Guds skjønne døtre», Gulen Kyrkje
9. september
29. - 30. september
• Olavsflamma frå Stiklestad ankom v/Leiar for Nasjonaljubileet Borghild Lundeby og blei tent på Gulatinget v/ordførar Hallvard Oppedal.
• Poesikonsert «Rennande Blått» m/Karl Seglem, Birk Nygaard med elevar frå 4. - 7. kl i Gulen
JC Dahl seminar v/ Gunnar Danbolt, Oppdalsøyra Samfunnshus og Anne Grete Hønsi Opedal. Arr: Gulatinget 2024, Finna Stad
2. oktober Vertskap m/guiding, Vestland FK
6. oktober Utleige grindhus (privat)
1. desember «Jul i Gamle dagar», Oppdalsøyra v/Anne Grete Hønsi Opdal, Tone Ekerhovd DKS (Den Kulturelle Skulesekken)
8. desember Julebord med vikingtema, Grindhuset, Tusenårsstaden Gulatinget
B1. Gulatinget 2024
Gulatinget er del av Nasjonaljubileet Norge i 1000 år og Landslovjubileet for Magnus Lagabøte sin Landslov av 1274, under programmet «Verdier i Lovverket» som går av stabelen i 2024. Gulatinget har danna grunnlag for, og sikra, grunnleggande verdiar som folkestyre, tillit og fred. Desse verdiane har gjennom 1000 år vore utfordra, styrka og kjempa for, og er framleis grunnleggande i vårt samfunn. Desse verdiane er difor vald som tematisk ramme for markeringa på Gulatinget i 2024.
I 2023 har ein jobba med programutvikling, budsjettering og søknader om støtte til arrangementet. 9. oktober opna feiringa med storstilt markering på Tusenårsstaden Gulatinget, då flamma frå Stiklestad kom til Gulen.
Side 9 Tusenårsstaden Gulatinget – Årsmelding 2023
Mål
som punkt 3
Tiltak gjennomførd i 2023
9. januar Planleggingsmøte Gulatinget 2024 (GT24)
6. februar Møte med Barne- og familieminister Kjersti Toppe, Gulatinget 2024, Bergen
21. mars Møte med Teaterfestivalen i Fjaler/Preform AS, Dale
31. mars Nasjonaljubileet Norge i tusen år, Vandresamtale, møte teams
11. april Planlegging strategimøte 4.-5. juli Gulatinget 2024
25. mai Styremøte Gulatinget 2024
25. mai Møte Nasjonaljubileet Norge i tusen år – Vandresamtale
25. september Planlegging seminar 2024
1. oktober Gulatinget 2024 Programstatusmøte
3. oktober Planleggingsmøte seminar m/Torkil Sandsund
3. oktober Synfaring m/De Utvalgte
16. oktober Styremøte Gulatinget 2024
17. oktober Verdier i lovverket – Styringsgruppemøte
2. november Styremøte Gulatinget 2024, teams
12. desember Styringsgruppemøte Verdier i lovverket
13. desember Møte i Programkomite Gulatinget 2024
Status B og B.1: Både eigne og frivillige lag/org sine aktiviteter på Tusenårsstaden Gulatinget har tatt seg opp dei siste åra. Potensialet vil imidlertid bli langt større med eit bygg som kan huse innandørs aktiviteter og ta imot besøkande heile året. Pr. no er aktiviteter og arrangement avgrensa til sommarhalvåret. Arenautvikling, spesielt etablering av belysning i parken og utvida parkeringsareal, vil gjere det lettare å arrangere større festivaler på Gulatinget i framtida. Deltaking i store nasjonale feiringar er med å sette Gulatinget på kartet nasjonalt.
Side 10 Tusenårsstaden Gulatinget – Årsmelding 2023
C. Organisasjonsform - Tilknyting til det nasjonale Museumsnettverket og konsolidering
Mål: Sikre langsiktig forvaltning av Gulatinget som kulturarv og Tusenårsstaden Gulatinget som minnepark og kulturarena.
Kulturrådet har dei siste åra i samband med søknad om statlege investeringsmidlar til Gulatinget Nasjonale Kultursenter, gjeve signal om at Gulatinget bør få eit sterkare samarbeid med dei etablerte muse a, og vurdere konsolidering inn i det nasjonale museumsnettverket. Det er og kome signal om at framtidig organisasjonsform bør vurderast.
Styringsgruppa har sett i gang ei prosess opp mot Stiftinga Bym useet, og det er signert ein intensjonsavtale som i første omgang tok sikte p å konsolidering i 2024. I 2023 har Stiftinga Bymuseet søkt midlar til ei utgrei ing om kva ei slik konsolidering vil medføre for dei. Framdriftsplanen som skisser te iverksetting av konsolidering frå 1.1.2024 må difor reviderast. Vidare prose ss vil avhenge av tilrådingane i utgreiinga for museet, samt positiv handsaming i styret for Stiftinga. Tidlegast tidsramme for ei evt. iverksetting av konsolidering v il vere 2025.
Status: Som ein av dei viktigaste institusjonane i framveksten av Noreg som rettsstat og demokrati, treng Gulatinget å forankrast som e ige museum inn i det nasjonale museumsnettverket. Drift av tusenårs staden, forvaltning og formidling av kulturarven etter Gulatinget er ei n lokal/ regional og nasjonal oppgåve som best kan sikrast for framtida innafor det nasjonale museumsnettverket. Styringsgruppa vil job be vidare med denne prosessen til Gulatinget er ein del av det nas jonale museumsnettverket, og framtidig drift er sikra.
Tiltak gjennomførd i 2023
5. januar Møte konsolidering, lokal arbeidsgruppe
8. februar Dialog med Bymuseet, epost
7. desember Dialog med Bymuseet, epost
Side 12 Tusenårsstaden Gulatinget – Årsmelding 2023
Administrasjon
Tiltak gjennomførd i 2023
12. januar Møte Kultur, idrett og frivilligheit, Gulen kommune
27. januar Møte i Styringsgruppa for Gulatinget, teams
9. februar Møte Kultur, idrett og frivilligheit, Gulen kommune
30. mars Møte i Styringsgruppa for Gulatinget, teams
12. april Møte Kultur, idrett og frivilligheit, Gulen kommune
13. april Utvida leiarforum/Kommunedelplan oppvekst og kultur, Gulen kommune
25. april Synfaring krossane/faste kulturminner VLFK, Eivindvik
10. mai Innspel til Kulturmiljøplan, Gulen kommune
4. september Styremøte Gulatinget 2024
2. november Møte Kultur og mangfold, Gulen kommune
21. november WEB-kurs Sikri Elements saksfordeling og godkjenning
21. desember Møte i Kultur og mangfold, Gulen kommune
21. desember Orientering av ny ordfører
27. - 31. des. Førebu innsending av søknad Nasjonale Kulturbygg, Søkn.frist 1. januar 2024
Andre oppgåver:
Budsjett/Rekneskap, Årsplan og Årsmelding, Saksførebuing og referat, oppsyn og planlegging skjøtsel park.
Avslutning
2023 har vore prega av stor aktivitet på Tusenårsstaden Gulatinget, mykje planlegging opp mot 2024, men også gjennomføring av flotte arrangement i 2023. Besøkstalet på Gulatinget for 2023 syner ei auke i tal besøkande på 25% opp frå 2022. Det gler oss at Gulatinget er godt besøkt, og at vi ser ei auke i tal besøkande.
No gler vi oss til storstilt markering av Gulatinget som del Nasjonaljubileet – Norge i tusen år og 750 års jubileet for Magnus Lagabøte sin Landslov i 2024!
Mangus Lagabøte sin Landslov byggjer på Gulatingsloven og lover frå dei andre landskapstinga frå 900-1300 talet. Vi vil løfte fram dei verdiane Gulatingslova og Landslova legg grunnlaget for, og som vi baserer vårt styresett på i dag: Folkestyre, Tillit og Fred.
Vi ønskjer velkommen til Gulatinget og Gulen 23. - 27. august 2024!
Med venleg helsing
Styringsgruppa for Tusenårsstaden Gulatinget Eivindvik 31. desember 2023
Side 13 Tusenårsstaden Gulatinget – Årsmelding 2023