Møtestad for lov og rett


Gulatinget er eit av dei største og eldste regionale tinga i Noreg frå vikingtid og mellomalder (900-1300). Gulatinget var samla årleg i Gulen frå 900 til 1300 då det vart flytta til Bergen. Gulatinget var politisk forsamling, lovgjevande forsamling og domstol. Gulatinget starta som eitt Allting, og utvikla seg etter utviding av lovområdet til eit representasjonsting. Gulatinget representerer starten på statsdanninga i Noreg, på etableringa av folkestyret, utvikling av rettssystem og organisering av det først forsvaret i Noreg.
Gulatingslova Gulatingslova (nedskrive ca 1000) er den eldste kjende og bevarte lovsamlinga i Norden. Den er bevart i handskriftet «Codex Rantzovianus og ligg i Handskriftsavdelinga i Det Kongelege Biblioteket i København. Gulatingslova vart teken opp til Noregs Dokumentarv i 2020, og vart i 2021 nominert til UNESCO Memory of the World.
Tusenårsstaden Gulatinget opna 27. august 2005 etter at Gulatinget vart valgt som tusenårsstad for tidlegare Sogn og Fjordane fylke og Gulen kommune. Parken er til minne om og til ære for Gulatinget og Gulatingslova, og er utsmykka med monumentale kunstverk av Bård Breivik.
Gulatingsprosjektet Arven etter Gulatinget er av stor regional, nasjonal og internasjonal betydning som utgangspunkt for folkestyre, rettssystem og forsvar i landet. Vestland fylkeskommune samarbeider med Gulen kommune om utviklingsarbeidet knytt Gulatinget.
Mål for arbeidet er å forvalte arven etter Gulatinget, formidle den sentrale rolla Gulatinget har hatt for utvikling av demokrati, rettssystem og forsvar i Noreg, samt ta i bruk og vidareutvikle Tusenårsstaden Gulatinget som kulturarena og friluftsområde. Dette skal gjerast gjennom tiltak skissert i utviklingsplan for Tusenårsstaden Gulatinget.
Styring
Arbeidet er organisert med ei styringsgruppe beståande av representantar frå politisk og administrativt nivå i dei to forvaltningsorgana. Styringsgruppa har i 2022 bestått av:
• Hallvard Oppedal, Ordførar, Gulen – Leiar av styringsgruppa
• Stian J.O. Davies, Leiar Hovudutval for kultur, idrett og inkludering, Vestland FK
• David J. Aasen Sandved, Seksjonssjef, Seksjon for Kulturarv, Vestland FK
• Reidun Halland, Kommunedirektør, Gulen
Styringsgruppa har i 2022 hatt 8 møter (sjå «administrasjon»)
Leiing
Utviklingsarbeidet knytt til Gulatinget vert leia av cand. philol Anne Hopland. Prosjektleiar for arbeidet med Gulatinget Nasjonale Kultursenter, er seksjonssjef for Utbygging og eigedom i Vestland fylkeskommune, Jan Tore Rosenlund.
Samarbeidsavtale
Forvaltning og utvikling av Gulatinget er forankra i vedteken 10 årig samarbeidsavtale mellom SFJ fylkeskommune (FTsak 57/15) og Gulen kommune (KSsak 120/15), gjeldande frå 1. januar 2016. Avtalen med SFJ fylkeskommune er overført til Vestland FK.
Strategiplan
Strategisk Utviklingsplan for Tusenårsstaden Gulatinget 20162020 gjekk ut i 2020. Det skal utarbeidast ny strategiplan for Gulatinget i 2023. Årsmeldinga for 2022 skildrar tiltak innafor satsingsområda som ligg i tidlegare utviklingsplanen, samt nye innsatsområde som har kome til dei siste åra.
Årsplan
Styringsgruppa vedtek Årsplan for arbeidet i Gulatingsprosjektet. Tiltaka i årsplanen skal bidra til at ein når måla for arbeidet med Gulatinget.
Økonomi
Hovudprosjektet har i 2022 hatt eit driftsbudsjett på kr 2.153.490, fordelt på tilskot frå Vestland Fylkeskommune kr. 1 141 875, tilskot frå Gulen kommune kr. 489 375, samt statstilskot øyremerkt formidlingsstilling kr. 522 240,
Tilskotet frå fylke og kommune dekkjer i dag drift av Tusenårsstaden Gulatinget sitt parkområde, dagleg drift av prosjektet med ein stilling i 100%, ulike utviklingstiltak og mindre arrangement. Delar av grunntilskotet går, saman med statstilskotet øyremerka formidling, til å finansiere ein stilling som formidlar på Gulatinget (100%). Det vert og søkt eksterne midlar til arrangement og utviklingstiltak.
For åra 2020 2022 har det ordinære driftstilskotet frå fylke og kommune ikkj e blitt oppjustert for løns og prisvekst. Dette gjev utfordringar i høve prisveksten ein har sett spesielt siste året. Statstilskotet øyremerka form idling har blitt justert for pris og lønsvekst årleg. Tilskotet blir i dag utbet alt via Musea i Sogn og Fjordane (MISF).
Besøkstal
Tusenårsstaden Gulatinget har i 2022 hatt 13 522 besøkande, til tross for mykje nedbør og fleire avlyste arrangement grunna vêrtilhøva. Besøkstalet vert registrert som trafikk inn i parken, registrert av ein Urban Post ECO Counter som vert brukt for registrering av fotgjengarar over heile verda. Vi har ikkje tal for besøkande til Eivindvik og kulturminna knytt til Gulatinget i kommunesenteret, men der er også betydeleg trafikk.
Kulturrådet har dei siste åra i samband med søknad om statlege investeringsmidlar til Gulatinget Nasjonale Kultursenter, gjeve signal om at Gulatinget bør få eit sterkare samarbeid med dei etablerte musea, og vurdere konsolidering inn i det nasjonale museumsnettverket. Det er og kome signal om at framtidig organisasjonsform bør vurderast.
Styringsgruppa for Gulatinget bestilte difor i 2021 ein rapport frå Telemarksforsking, som skisserte mogleg framtidig organisasjonsmodell, samt utgreidde og ga tilråding til fagleg tilknyting. Telemarksforsking tilrådde tematisk konsolidering anten mot Justismuseet i Trondhjem, saman med dei andre regionale tinga frå mellomalderen, eller ein konsolidering med Bymuseet i Bergen.
Styringsgruppa har valt å jobba vidare opp mot Bymuseet, og har i 2022 hatt 4 møter med Bymuseet (sjå «administrasjon»). Det er og gjennomført synfaring og samling i Gulen for tilsette og leiing i Stiftinga Bymuseet. Det er vedtatt ein intensjonsavtale der ein i fellesskap skal utgreie grunnlag og vilkår for ei konsolidering, samt framdriftsplan for prosessen. Ein tek sikte på å gjennomføre konsolideringa i 2024.
Budsjett forprosjekt Kr 300 000,-
Gulatinget er del av Nasjonaljubileet Norge i 1000 år, under programmet «Verdier i Lovverket» som går av stabelen i 2024. Gulatinget har danna grunnlag for, og sikra, grunnleggande verdiar som folkestyre, tillit og fred. Desse verdiane har gjennom 1000 år vore utfordra, styrka og kjempa for, og er framleis grunnleggande i vårt samfunn. Desse verdiane er difor vald som tematisk ramme for markeringa på Gulatinget i 2024.
Finansiering
Vestland fylkeskommune Kr 150 000,-
Gulen kommune kr 150 000,-
Sum Kr 300 000,-
Prosjektleiar: Tone Ekerhovd
Status: I sluttfase
I perioden 20212022 er det gjennomført eit forprosjekt med støtte frå Gulen kommune og Vestland fylkeskommune (KUP). Målet har vore ideutvikling og etablering av kontakt med teaterfaglege, musikalske og kunstnarlege aktørar for utvikling av program for 2024.
Gulatinget representerer eit viktig utviklingstrinn i Noreg si historie, som skal forvaltast og formidlast for framtidige generasjonar. Tusenårsstaden Gulatinget er og ein turistattraksjon og eit besøksmål på Vestlandet. Gulatinget er vitja av skuleborn, barnehagar, turistgrupper, pensjonistgrupper, lag/org og historieinteresserte vaksne.
Gulatinget Nasjonale Kultursenter vil levandegjere Gulatinget sin historie, og tilby besøkande spennande opplevingar og læring. Arbeidet med realisering av besøks- og formidlingssenteret på Gulatinget har difor hatt kommunal prioritet sidan 2010, og regional prioritet frå 2017, då prosjektet blei lagt inn i den fylkeskommunale økonomiplanen. Prosjektet er lokalt og regionalt finansiert. Det har difor årleg vore søkt statlege investeringsmidlar over ordninga Nasjonale Kulturbygg med 1/3 av totale kostnader sidan 2019.
Prosjektet har imidlertid ikkje blitt prioritert med investeringsmidlar over Statsbudsjettet, og det vart difor send ny søknad ved nyttår for løyving i samband med Statsbudsjettet i 2024. Fører ikkje den fram må finansiering av prosjektet revurderast.
16. februar Førespurnad frå Justismuseet om Utilregnelegheit i Gulatingslova
17. februar Artikkel om psykisk sjuke i Gulatingslova, Jørn Øyrehagen Sunde
24-25.mars Deltaking Nasjonal Pilegrimskonferanse, Trondheim
29-30.april Fagseminar Eidsivatinget (Nasjonaljubileet). Møte i Nasjonalt Tingnettverk
7-10. juni Skrive foredrag til UNECO samling i Vestland
10-15. juni Skrive foredrag om Gulatingsloven og den Nordiske modellen
15. juni Deltaking UNESCO samling i Vestland, Os
16.-17. juni Deltaking Destination Viking Association sitt Årsmøte (AGM), Stavanger
17. juni Foredrag om Gulatingsloven på Destination Viking sitt årsmøte
18-19. juni Deltaking i Rikssamlingsjubileet, Stavanger
18. august Kurs Sparebankstiftinga
30. august Foredrag “Legal Cultural in Scandinavian Scotland” UIB v/ Nic Frencel
18-25. oktober Arbeid med UNESCO nominasjon av Gulatingsloven m/Jørn Øyrehagen Sunde
27. oktober Møte med Mellomaldernettverket i Bergen. Innlegg om Gulatinget 2024
16. november Kulturkonferanse Frivilligheit bygger samfunn, Bergen
5. desember Besøk på Moster Amfi. Foredrag Fitjar
«Mål: Gulatinget og Gulatingslova sin plass i samfunnsutviklinga er kjend og etablert»
«Mål: God og tydeleg informasjon på nett og ved attraksjonane gir målgruppene meir kunnskap om Gulatinget og om aktivitetar knytt til Gulatingslova, det autentiske Gulatinget og Tusenårsstaden».
Tiltak gjennomførd i 2022
4. mai Babettes Gjestebod, Ragnhild Gudbransen og Nils Økland Markering Pilegrimsleia 25 år v/varaordfører Gulen Kunstutstilling, Bjørn Meidel Hansen
5. mai Jeanne d`Arc – visjon gjennom eld Juni Dahr, og musikar Chris Poole Kystpilegrimsgudsteneste
1-30. juli Dagleg guiding
20-24. juni Aktivitetsveke/sommarskule for born i Gulen frå 7- 15 år
2-30. juli Kunstutstilling Aase Kristin With Thode
4-10. juli Vikingsamling på Gulatinget, Frendar Vikinglag
7. novmber Demokratidag på Gulatinget, Våge Skule Fjaler Kommune
«Mål: Gulatinget er eit attraktivt reisemål og ein arena for aktivitet og utfalding»
Tiltak gjennomførd i 2022
Gulatinget har i 2022 vore marknadsført på sentrale ferjesamband inn og ut av tidlegare
Sogn og Fjordane, på Ekspressbåtane frå Bergen, samt alternerande på Florø eller Førde lufthamn. Gulatinget har eigen nettside på www.gulatinget.no, samt Facebookside og Instagramkonto. Gulen kommune er medlem i
Bergen Reiselivslag (BRL), og
Gulatinget vert profilert inn mot Bergensmarknaden og cruisesegmentet. Gulatinget vert i tillegg profilert saman med andre destinasjonar i tidl.
Sogn og Fjordane gjennom Visit Fjordkysten.
Tilrettelegging park
Friluftsområde ferdigstilt i enden av turveg mot vest. Takbelegg (shingel) lagt på nytt grindhus.
«Mål: Gulatinget er ein aktiv part i levande tingstadnettverk i Noreg og internasjonalt»
Tiltak gjennomførd i 2022
29-30.
1.
7-8. september Bransjetreff Teater Vestland Førde
10. september Styremøte Frendar Vikinglag
6-7. oktober Nøkkelstadsamling Kystpilegrimsleia Eivindvik/ Gulatinget
12. november Besøk SAGASTAD og Nordfjordeid Vikinglag
Vår 2022 Samarbeid med Losnaspelet
15. januar Utarbeide Årsmelding for Gulatinget 2021
6. januar Møte i Styringsgruppa for Gulatinget
20. januar Møte i Styringsgruppa for Gulatinget
21. januar Møte i Styringsgruppa for Gulatinget
7. februar Bestilt Sikringsplan m/ROS analyse, Museumshjelpen
4. februar Levert rapport Kritisk gjennomgang av besøkspotensiale, Norsk Turistutvikling
10. februar Initiering produksjon av moderne versjon av Gulatingsloven (nynorsk)
24. februar Møte i Styringsgruppa for Gulatinget
25. februar Sonderingsmøte med Stiftinga Bymuseet
18. mars Møte i Styringsgruppa for Gulatinget
11. mai Planleggingsmøte med Stiftinga Bymuseet
20. mai Møte i Styringsgruppa for Gulatinget
27. mai Møte i Styringsgruppa for Gulatinget
23. september Møte i Styringsgruppa for Gulatinget
26. september Synfaring og samling i Gulen for tilsette og leiing i Stiftinga Bymuseet
14. oktober Møte m/Musea i Sogn og Fjordane (MISF)
21. oktober Oppstartsmøte Stiftinga Bymuseet
25. november Møte i Styringsgruppa for Gulatinget
1. desember Møte med Bygg og Eigedomsavdelinga i Vestland, Hotel Norge, Bergen
7. desember Møte i lokal arbeidsgruppe konsolidering Gulen
31. desember Søknad til Kulturdepartementet for Gulatinget Nasjonale Kultursenter. Statsbudsjettet 2024, Nasjonale Kulturbygg
Andre oppgåver:
Budsjett/Rekneskap, Årsplan og Årsmelding, Saksførebuing og referat, oppsyn og planlegging av skjøtsel park.
Året som gjekk har vore prega av stor aktivitet på Tusenårsstaden Gulatinget, og gjennomføring av flotte arrangement, men og; einskilde avlyste arrangement grunna store mengder nedbør. Etter to år med pandemi var vi klare for å ta imot besøkande, og gleda oss til eit normalt år etter smittevern og tidvis isolasjon.
2022 blei i staden året der krig og uro prega verda. Auka drivstoffprisar gjorde at båthamna var tom for turistar med unntak av einskilde seglbåter. Fokus for arbeidet har difor vore dei «lange linene» og langsiktige satsingar. Besøkstalet på Gulatinget for 2022 viser likevel eit normalt år. Vi gler oss difor over at Gulatinget er godt besøkt tross skiftande ytre omstende. Og vi ser fram mot det 2023 vil ha å by på.
Med venleg helsing
Styringsgruppa for Tusenårsstaden Gulatinget - Eivindvik 31. januar 2023