Turmagasinet 2013 informasjonsavis for sogn og fjordane turlag

Page 19

19

Turmagasinet Sogn og Fjordane Turlag 2013

Lærdal Turlag Lærdal Turlag sin tur til Bøastølen startar under den vakre Bøafossen. Foto: Åge Årdal

Bøastølen 6. JULI: Dette er ein spektakulær tur som går i nytt terreng for dei fleste: ein tur du ikkje må gå glipp av! Vi startar frå Ystabø og går opp under Bøafossen. Det er to vegar opp ved sida av fossen: Knubben og Skrea. Begge vegane kjem att oppe på fossen. Her er det bratt! Går vi knubben er det litt kliving opp, men god hjelp av ein streng å halde seg i. Vi kryssar over elva ved fossen som har eit fritt fall på 90 meter. Her tek vi pause og fyller opp vassflaskene. Vidare går vegen til Furuhovden, 600 moh., med fin utsikt frå kanten. Vegen vidare går etter høgdene forbi Jensehytta og opp til

Bøastølen, ca. 1200 moh. Hit opp brukar vi om lag tre timar. Stølen har ikkje vore i bruk sidan ca. år 1900, så berre murane er igjen etter stølshusa. Her er det Stølsturtrimpost, så hugs å ta med klippekortet. Turen går vidare i ganske flatt lende til Bøahytta (Bronda), og vi bruker om lag ein time. På høgste punktet er vi på 1300 moh. Herifrå går det strake vegen ned att til Rikheim via Senddalen, ca. tre timar. Det er frammøte/avreise frå Rådhuset kl. 9:00 eller frammøte på Ystabø. Totalt tek turen åtte–ni timar med pausar. Turen er krevjande og krev noko trening. Turleiarar er Rolf Steinar og Anne Bøe.

Melnyken–Stalbrekka

Leiar Åge Årdal, Tråve, 6888 Borgund. E-post: ageardal@gmail.com. Tlf. 951 43 872 laerdal.turistforeningen.no

Dato 25.05. 29.05. 06.06. 08.06. 13.06. 22.06. 06.07. 27.–28.07. 07.08. 10.08. 10.08. 24.08. 01.09. 07.09.

Rute Storebjørn Badnestein Blåskavlen (fellestur med AuT) Langs stølar i Erdal; Breisete – Hognåsen – Habben Bøttejuvet (Årdal) Horgedalen – Ljøsndalen Bøe – Bøastølen – Sendalen – Rikheim Geiterygghytta – Finse – Rallarvegen Hornsnipa Frønningen (fellestur m/AuT) Varahaug bru – Frønningen (fellestur med AuT) Smedalen – Borlaug Kom deg ut-dag, Hausen Hjelle – Hjelledalen – Vettismorki – Vetti – Hjelle

Type Ski Fot Ski Fot Fot Fot Fot Fot Fot Fot Fot Fot Fot Fot

Tur T BT T T F T T F F BT T T T T

LæT har onsdagsturar, LæT har 26 turtrimpostar og 15 postar m/ klippekort BT) Barnas Turlag, F) familietur (born 10+), T) trena personar

Ytre Nordfjord Turlag Leiar Hilde Barmen, Holvik, 6700 Måløy. E-post: hilde_barmen@yahoo.no. Tlf. 454 27 235 ynt.turistforeningen.no

Dato 26.05. 02.06. 09.06. 30.06. 11.08. 18.08. 24.08. 25.08. 31.08.–1.09. 01.09. 08.09. 14.09. 06.10. 20.10. 24.11. 01.12. 27.12.

Rute Lotsbergnibba – Svartegga – Maragjølbakken Melnyken – Stalbrekka Salen Hornelen frå Hunskår Blæja i Syvde Hornindalsrokken, «Vi vandrar saman» Råna Aktivitetsdag på Kvalheim Gjegnen Kom deg ut-dag i Krokapollen Slogen frå Engeseth Kattanakken Kvamfjellet/Høgehornet Lefdalsvatnet, Noranakken Skongenes Fyr, Bake og lystur Lystur til Kvernhusa i Nordpollen Lystur til Veten

Type Fot Fot Fot Fot Fot Fot Fot Leik Fot Fot Fot Fot Fot Fot Fot/bake Fot Fot

Tur F U F T T T T BT T BT T T F BT F BT F

YNT har onsdagsturar, YNThar 12 turpostar vaksne og 10 turpostar born BT) Barnas Turlag, U) Ung, F) familietur (born 10 +), T) trena personar

Frå Blåfjellet går ein luftig og trygt ut til Stalbrekka. Dette bildet er teke i slutten av mars (2012). Foto: Anne Rudsengen

Dette er ein flott familietur i variert terreng for kvar og ein smak. Ein kan parkere bilen ved toppen av gamle Kvalheimsvegen. Turen startar på venstre side av vegen på tydeleg sti som er merkt med gule pinnar. Han byrjar i nokolunde flatt terreng, før ein

går opp ei bratt stigning mot Blåfjellet. Her får ein raskt løn for strevet med ei nydeleg utsikt over Kvalheim, Kvalheimsvika og havet utanfor. Etter stigninga går turen vidare på umerkt sti i lett og godt terreng fram mot

Nakkane/ryggen av Stalbrekka. Stien går no øvst på ein rygg utover mot havet: Besseggen i miniatyr. Det er bratt ned på begge sider, men ryggen er brei og trygg å gå på. Heile vegen har ein god utsikt mot Kvalheim på eine sida og Oppedal på den andre, sam-

tidig verkar det som ein går rett ut mot havet! Nesten framme på kanten av Stalbrekka går stien ned til høgre mot Kvalheim. Når ein kjem fram til hus, går stien over i veg som ein følgjer tilbake til parkeringsplassen.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.