Maia Birkeland - Det vi har i lag

Page 1

DET VI HAR I LAG | MAIA BIRKELAND 1


2


DET VI HAR I LAG | FORORD Maia Birkeland er fødd og oppvaksen i Førde, og har djupe røter i Førde i Sunnfjord. Kunstnaren er nyutdanna frå Kunsthøgskulane i Oslo og Glasgow. Master avgangsprosjekt «Byløa» (2015) er eit bilete på hennar eigen heimstad. Ein stad som på kort tid har gått frå bygd til by. I samband med Førde sitt 20-årsjubileum som by, inviterte Sunnfjord Museum og Sogn og Fjordane Kunstmuseum Maia Birkeland til å gjere eit tredelt kunstprosjekt, der «Byløa» var bindeleddet. I god gamaldags dugnadsånd vart «Byløa» atterreist i Førde sentrum på «Rådhusplassen» - der det få tiår tidlegare hadde vore ein potetåkar. Kulturarv og naturen pregar kunstnarskapet til Maia Birkeland. Ho tek utgangspunkt i eigne røter og erfaringar frå heimstaden frå både husflid, tekstilarbeid, bygg- og handverks-tradisjonar, slåttemarka og landskapet i Sunnfjord. Ho er oppteken av utfordringane vi har i menneskelege relasjonar, tilhøvet til miljøet, truga blomsterarter og vårt overforbruk. Maia Birkeland involverte medhjelparar på tvers av fagmiljø, der nye relasjonar og samarbeid oppstod. Det vart ein spennande prosess for begge kunst-

og kulturinstitusjonane, og for dei enkelte individa som blei involverte. Maia Birkeland gjer oss merksame på våre uunnverlege og skjøre verdiar – det som vi har i lag. Dette er særskilt viktig i ei tid med kommuneog fylkessamanslåing som vil skape nye utfordringar og moglegheiter. Saman vil våre val – som individ og i fellesskap, ha verknad på vår kulturog naturarv. Kunstprosjektet vart ei historieforteljing om fortid og notid, og eit blikk mot framtida. «Det vi har i lag» er ein tankevekkjar og eit håp om at vi saman kan ta gode val for framtida. Takk til dei tilsette på Sunnfjord Museum og på Sogn og Fjordane Kunstmuseum, til Jorunn Veiteberg for teksten og til Maia Birkeland for «Det vi har i lag» - Takk til alle involverte! Janne Leithe, avdelingsdirektør Sogn og Fjordane Kunstmuseum Førde 13. mai 2018

3


DET VI HAR I LAG Ved hjelp av, og med takk til:

4

Anders Tidemansen

Inghild Marie Venås

Sigbjørn Hvidsten

Arne Skarvatun Hammer

Ingrid Norum

Sigmund Flaten

Arvid Flatabø

Jan Petter Myklebust

Siri Helene Olsen

Asbjørn Tyssen

Joar Birkeland

Sissel Bruland

Audgunn Naustdal Holsen

Jogeir Birkeland

Steinar Laumann

Berhanu Mekonen

Johnny Hafstad

Stein Sandemose Bårdsen

Bjørn-Are Vollstad

Jonny Venås

Stig Aamelfot

Bjørn-Harald Haugsvær

Jostein Birkeland

Therese Bøyum

Bjørn Kaaks

Judith Hegrenes

Thomas Rasmussen

Britt Nesbø

Kim Astrup Nybø

Tina Lindvall

Bård Ingebrigtsen

Kirsti Løland

Torbjørg Grimsbø Eskeland

Eirun Leknes

Kirsten Sunde

Tord Joranger

Erik Solheim

Klara Pousette

Tor Erik Flatabø

Fridtjov Urdal

Lars Einar Kristiansen

Viktoria Winge

Gaute Birkeland

Marita Vårdal Igelkjøn

Ørjan Thingnes

Geir Bjarte Hjetland

Mildrid Joleik

Øystein Hope

Gerd Birkeland

Narve Dolve

Åsmund Berthelsen

Gunnhild Systad

Oddbjørg Hjelmeland

Hans Jakob Reite

Per Storegjerde

Norsk Gjenvinning, avd Førde

Hjørdis Birkeland

Páll H Hannesson

NMS Gjenbruksbutikk, avd Førde

Inga Marie Hadland

Rune Dvergsdal

Sunnfjord Miljøverk


5


6


7


8


9


10


11


GARDEN Alarmen kuttar nattas puls. Armen ut av senga, fram mot lyden. Slumre. Handa tenner lampa i sengekroken, auga framleis lukka. Stengjer lyset ute så lenge eg kan, det tvingar seg gjennom tynn hud. Bein eg nesten ikkje veit eg har, ut og ned på golvet. Sengekanten mot låras bakside, trykkjer morgonen inn i kroppens tunge masse. Søvnen held seg fast. Vakne no. Nakne føter stig over glattslitne golvplankar, til gyngestolen, arbeidskleda heng der. Shorts og singlet, kanskje ulltrøye i dag. Håret opp, vekk frå ansiktet. Jernslåa på døra, tung i handa, døra inn i rommet med eit lite skrik. Vil ikkje vekke Monika, men uansett kor lette skritt eg tar knirkar golvet tre gonger før eg når trappa. Kvit, halvblank, nymåla før sommaren, eg støttar handa på det lave rekkverket for ikkje å gli. Kaffetraktar, lyden av morgon.

12


Lyset inn vindauget, fredeleg, mildt, omfamnar meg og kjøkkenet. Buketten har begynt å drysse, smørblomsten framleis gul. Eg lagar alltid havregraut, men porsjonen no er dobbelt så stor som vanleg. Monika sa vi må tenkje at vi er idrettsutøvarar, det er sant, vi er nesten det no.

ber i seg ei hemmeleg sødme.

Sola svir på skuldrene. Eg stryk faktor på hud og øyre, har lette klede, lett kropp, kjennest lett å jobbe. Står stille, kjenner sveitten renne i tinninga, panna, shortsen vert fuktig rundt livet. Det er for varmt meiner somme, men eg likar det, kroppen vert mjuk og føyeleg, mør.

Børa er stor nok, kanskje for stor, tenkjer eg når tauet strammast. Set meg ned, trer armane mellom grovt fiber og høy, kler ho på meg som ein ryggsekk. Eit hardt rykk framover, opp i ståande. Vekta trekkjer tauet bak, inn i huda, som markørar på utført arbeid kjem raude strekar fram. Vaiar litt før eg finn balansen, og går av stad med børa på ryggen Tynne, nakne bein med joggesko og sokkar, under store tuer av tørt gras.

Og over oss er himmelen djup blå, vinden pustar stille gjennom enga, og den runde duren frå slåmaskina nærmar seg, forsvinn, nærmar seg, forsvinn. Ei roande, doven bølge, som blandar seg med dei andre sine stemmer, og hesene som står der angar, tørre strå knitrar mot kvarandre,

Varmen står i ro, graset er blitt høy, det skal inn, det må inn, no, i dag. Eg løftar store flak ned frå strengane, støvet fyller lufta. Flak på flak mot leggane, stive strå stikk i huda når fengene pakkast, støv og frø festar seg på sveitt skinn, raude prikkar på mjuke underarmar.

Nesten heile sommaren var utan regn. Graset hadde vakse, det var høgt då vi kom, vi kunne begynt to veker før. Men då eksisterte våre vanlege liv, dato for vår ankomst var bestemt i januar.

13


Ingen visste korleis graset ville gro i juni, at fargane ville vere annleis enn i fjor, at teigane ville ha lilla palett og at duvet i vinden ville være mjukare enn sist, at frøa som skulle falle under ljåens egg ville vere ein annan sort i år. Det er som å hesje englehår, sa Fanny, det var det mjuke graset ho meinte, det som var lysegrønt og lett, det som fall stille ned mot bakken når ho rista det. Ikkje alt var sånn, nei, langt frå det. Dagens første timar hadde doggen med seg, gjorde graset kaldt og vått, fingrane vart stive der dei grov seg ned og inn i graset, det kjendes hardt og skarpt, vi krølla fingrane fram og tilbake, strekte dei, trengde kjenne varmen igjen. Det var gras på golvet, gras i dusjen, gras i senga. Det var gras i lommer og brettar og i foret på skoa. Det var gras i draumar og mareritt. Og det var bålet. Vi fyrte bål, Kalle hadde kjøtsug, vi var svoltne. Nede ved kaia, der geitramsen veks skyhøgt

14

og dei tørre stilkane er tjukke og harde som små tre Der nede kor samanklemde ølboksar er stappa inn mellom steinane, og gamle fiskegarn har para seg med jorda og er umogleg å skilje frå ho, der tørr tang som smell når du legg den i flammane, er forlatt av havet og vinden Der det er rotete og dei gamle nausta støttar seg mot kvarandre, med minne om fortida og kanskje håp for framtida Der sjøen vaskar steinane, om og om igjen, som om dei skulle slipast ned til ingenting, eller kanskje i eit evig dvelande kjærteikn. Der nede lagde vi flammar i ein ring av steinar. Blei varme. Trøytte. Seinare, då dagen var blitt annleis, gjekk eg tilbake. I ein brødpose av papir la eg kol frå bålet. Eg ville teikne golvet i huset.

Tekstarbeid, lydspor i Byløa Maia Birkeland, 2015 Bearbeidd for trykk, 2018


15


EI FORTELJING OM FORANDRING Byløe. Ordet lyder merkeleg og motsetningsfullt. Løer høyrer til på bygda, ikkje i byen. Ordet eksisterer heller ikkje i norske ordbøker. Bygningen, som under namnet Byløa stod plassert i Førde sentrum sommaren 2017, var såleis unik. På fleire måtar skilde ho seg ut frå dei moderne husa rundt. Medan dei var i glas og betong, hadde byløa tak av bølgjeblekk og veggar av »urban rekved«, som kunsthandverkaren Erlend Leirdal har døypt europallane. Ei lita og enkel løe, med andre ord, og likevel drog ho merksemda til seg. Grunnen er enkel: Ho skilde seg ut, ho var framand i dette miljøet. Spørsmåla melde seg straks: Kvifor ei løe her, og kva vil ho oss? Litt av svaret fekk vi ved å gå inn i den ulåste løa. Der var det ein benk å sitja på, og på veggen var det projisert ein videofilm av ei slåtteeng. Mange og ulike blomar og strå blafra mildt i vinden medan ei kvinnestemme fortalde om livet på ein gard om somrane: Om det å hesja og bera høyet i hus, om trøyttleiken som kroppsarbeidet fører med seg,

16

om fellesskap, naturglede, sanseinntrykk og måltid. Kanskje er det denne typen arbeidsliv, som vekslar med årets gang og byr på nærleik til naturen, som løa vil minna oss på? Jordbruk har lange tradisjonar i bygdene som omkransar Førde, men i kommunesenteret er det handel- og servicenæringar som dominerer. »Førde er Noregsmeister i handel,« heiter det på kommunen si heimeside. Mengda og storleiken på butikkane dekkjer eit handelsområde som er fem gonger større enn kommunen. Då talet på innbyggjarar passerte 10.000 i byrjinga av 1997, vedtok kommunestyret at Førde skulle få status som by. Tjue år seinare har byen over 13.000 innbyggjarar. På kort tid har Førde gått frå å vera bygd til å bli by; ein stad prega av landleg natur til ein stad med urban arkitektur. Og veksten ser ut til å halda fram. Folketalet har auka kvart einaste år, og samanslåing med kommunane som ligg omkring er vedtatt. Kunstnaren Maia Birkeland er vaksen opp i utkanten av Førde. Ho har følgd endringane

på nært hald, og i samband med markeringa av tjueårsjubileet som by i 2017 inviterte Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Sunnfjord Museum henne til å gjera eit tredelt kunstprosjekt. Det blei til mønstringa Det vi har i lag, som dels bestod av verk laga dei tre siste åra og dels av heilt nye arbeid. Kulturarv og kvardag Sunnfjord Museum er eit folkemuseum. Der kan vi få innsikt i korleis livet arta seg i Sunnfjord før i tida. Museet har samla lokal kulturarv i form av bygningar, reiskapar, interiør og husgeråd. I dette miljøet valde Maia Birkeland å visa to installasjonar. Den eine med tittelen Kvardagsmonument fungerte som ein utandørs intervensjon: Mellom dei gamle husa monterte ho eit tørkestativ og på dette hengde ho plagg i raude fargar. Inne i utstillingssalen blei verket All those emotions, I carry them with me vist. Ein høg stabel med raude klede var pressa inn for enden av ein klaustrofobisk passasje mellom to tjukke, kvite veggar.


Det stod opent om det tronge rommet skulle tolkast som ein allegori på livet i små samfunn, men at verket innebar eit spark til kunstverda som eit tilsvarande trongt rom, meiner eg er openlyst. Dei fleste galleri og museum for samtidskunst liknar ein kvit kube, men her etablerte kleda ei opning til livet utanfor. Fortrulege som vi alle er med klede, utgjer dei eit godt utgangspunkt for kommunikasjon. Konkret peikar plagga i begge desse installasjonane mot kvardagslege gjeremål som vask og stell av klede. Samstundes representerer kleda menneske, og dei er bundne saman av den raude fargen. Raudt symboliserer vanlegvis intense og sterke kjensler: attrå og kjærleik like gjerne som aggresjonar og hat. Kjenslene vi har for kvarandre bind oss saman på godt og vondt. I Sogn og Fjordane Kunstmuseum viste Maia Birkeland tre nye verk, som samstundes danna ein heilskap. Det daglegdagse var ein tematisk tråd også her, nærare bestemt i form av samanpressa skrot. På gjenvinningsanleg-

get tett ved museet hadde kunstnaren funne tørkestativ, syklar, plast og andre ting som viste baksida av handelsbyen. Folk brukar og kastar stadig meir. Berre sidan Førde blei by har avfallsmengda generelt i Noreg auka med over femti prosent. På utstillinga blei kubane med skrot presenterte som sju tonn med samanpressa kvardagar. Kontrasten til kulturarven og Kvardagsmonumentet på Sunnfjord Museum kunne knapt gjerast større. Er det overfloda vi i dag har i lag? Er det avfallsdynga som er vår »gåve« til neste generasjon? Dette var spørsmåla som meldte seg i møtet med dette verket. Som eit monument over bruk-og-kast samfunnet danna skrot-kubane eit gjerde som delte rommet i to. Installasjonane på kvar si side av skillet hadde blomar som eit felles trekk. På den eine veggen hang ei rekkje svarte tøystykke. Hengt på ulike vegghyller likna dei gamaldagse pyntehandklede. På kvart tøystykke var det brodert namnet på ein blome eller ein plante kjend frå kystnaturen

i Noreg, til dømes kystmarikåpe, nattsmelle, fjærehøymol, granntjernaks og skaftmelde. Men den svarte fargen på tekstilane indikerte samstundes at noko var galt fatt. Ved nærare undersøking viste det seg at alle dei nemnde plantane er svært sjeldne eller trua. Naturen er noko av det vi har i lag, men den toler ikkje alt. Slik vi turar fram reduserer vi støtt og stadig mangfaldet av artar. Dei trua blomane, blei i utstillinga kontrastert med ei mengde ting med blomedekor. Alt frå symaskiner og telefonar, til pappkrus, porselenstallerkenar, flaskeetikettar og brukstekstilar viste seg å vera pryda med blomemotiv. Det er ikkje så merkeleg når vi tenkjer på korleis vi brukar å pynta med blomar både til høgtid og fest. Dei er fargerike og vakre, og er difor veleigna som dekorasjon. Spørsmålet er om det er som motiv på daude ting og ikkje i levande natur at blomane overlever i dag. Er det det vi vil, eller kan vi velja å ta vare på naturen rundt oss på ein annan måte?

17


Verdiladd kunst Med si plassering utandørs var Byløa det synlege og samanbindande leddet mellom dei to institusjonane Maia Birkeland utstilte på. Løa stod som eit utropsteikn og bad om merksemd, for å fortelja om det som ein gong var, og som vi kanskje er i ferd med å gløyma. I dette perspektivet blei Byløa eit monument over forvandlinga som har funne stad. Men som monument fylte ho også andre funksjonar. I tillegg til å samla i seg minne og kjensler, representerer monumentet ein møteplass. I så måte utgjorde løa ein base for framoverretta handlingar, og ho skapte ein opning for draumar. Djupast sett handla utstillingsprosjektet Det vi har i lag om verdiar. Ikkje alle var synlege i sluttresultatet, men utgjorde ein viktig del av prosessen. Dugnaden som arbeidsform, er ein av dei tradisjonane Maia Birkeland drog vekslar på i samband med Byløa. Løa blei i si tid bygd på dugnad, både i 2015 då den var ein del av masterprosjektet hennar på Kunst-

18

høgskolen i Oslo, og då den på ny blei reist i Førde. Dette utgjer ein av dei erfaringane som ligg til grunn for dette kunstverket. Det å gjera ting i lag og hjelpa kvarandre er såleis den eine verdien utstillinga peikar på. Den andre verdien handlar om gjenbruk. Mange av gjenstandane i installasjonen var korkje kjøpte eller nylaga, men var allereie eksisterande ting som kunstnaren hadde lånt frå slekt og kjende i lokalsamfunnet. Det å basera seg på gjenbruk, representerer ei anna haldning til forbruk enn den dominerande bruk og kast-mentaliteten. I det gamle bondesamfunnet var nøysemd ei dygd, og Maia Birkeland sine val av materialar tyder på ei liknande grunnhaldning. Men det handlar ikkje berre om å ta vare på materielle verdiar, like viktig er det at tekstilane og tinga minner oss om livet dei har levd før. Brukt som kunstnarleg strategi inneber gjenbruket at også fortida blir resirkulert. I sin kunst fører Maia Birkeland alltid ein samtale på to frontar samstundes. Den eine

er med kulturen og røtene ho er runnen av, og den andre er med samtidskunsten. Rekvisittane hentar ho gjerne frå det røynlege livet i form av klede og ting, men desse flyttar ho så til ein heilt ny og kunstnarleg kontekst. Slik transformerer ho tinga til den kunstnarlege kategorien readymades. Denne typen forflytting («displacement») er utbreidd i kunsten, og den kan ta mange ulike former. Maia Birkeland sitt særeige bidrag er at ho løftar fram folkeleg kultur og lar den fusjonera med estetiske strategiar frå konseptkunst og minimalisme. Som kunstnar opptrer ho som ein formidlar mellom to verdenar eller realitetar, røyndomen og kunsten. Ho tilbyr både sanseleg stimulans og spørsmål å tenkja over. Og som all god kunst stiller prosjektet Det vi har i lag fleire spørsmål enn det gir svar.

Jorunn Veiteberg


19


20


21


DET VI HAR I LAG | IDENTITET I FORTID – SAMTID – FRAMTID

Vi møttest over ei napparye på museet i Movika ein junidag i 2016, Maia Birkeland og eg. Begge med sunnfjordske bondeanar nokre hundre år bakover – og kunstutdanning med 40 års mellomrom. Samtalen dreia seg om tekstilen på podiet mellom oss, napparya. Det vi såg: Tallause bitar av filler/stoff, strikk, blonder, ullgarn, ull knytt inn i ein vevd botn av ull. Som i ei bok frå fortida kalla vi fram bilete av menneske og levd liv i farne tider. Om klesvasken på snora, der det slitne og bøtte måtte gøymast. Men også spørsmål: Kven var ho som sat i veven, let skyttelen gå, knytte oppsamla filler inn i teppet som skulle verne menneska mot vinterkulden som kraup inn mellom tømmerstokkane - og også skape ei kjelde til visuelt liv og varme i ei mørk stove? Bar ho på draumar om ei lettare framtid for seg og sine? Kva var eit kvinneliv verd i den sunnfjordske kvardag? Arbeidsevne var fundamentet for eit dugande kjerringemne, skapande evner var bonus, alltid å ha eit arbeid mellom hendene var ei dygd. Først oppe, sist i seng var arbeidstidsvilkåra. Frå fødselen var vegen bestemt. Læretida starta tidleg, læremeistrar var generasjonane før. Læringsmåla var ressursforvalting og livberging gjennom handverkskompetanse, kunnskap om råstoff og økologi, kjenne samanhengar i naturgitte føresetnader for å utnytte ressursane best mogeleg. Kvinnearbeidet vart synleg og kommentert når det ikkje var skikkeleg utført. Minne frå Førde i 1960-/70-åra: På parkeringsplassen i sentrum stod avløysarane for hesten, bilane, ryddig parkerte. Vinterstid var frontrutene dekka av ymse tekstilar, tidlegare kalla hestedekke. Her vart historia om overgangen frå natural- til pengehushald, industrialisering og forbrukarsamfunn fortalt: Eit mangfald av åkle illustrerte kvinnearbeidet si vandring frå klypping av sauen, spinning av ulla, farging av garnet, produksjon

22

av livbergande tekstilar, til siste stopp på reisa: Utslitne og verdilause i samtida. Maia fortalde om prosessar fram mot masteroppgåva si: Onnearbeid på Havråtunet på Osterøy som resulterte i Byløa (og Juryens stipend), klessnora «Kvardagsmonument» (det usynlege, evinnelege kvinnearbeidet) og installasjonen «All those emotions – I carry them with me». Det handla om vår identitet! Det var eit svar på utfordringar eg møtte i min jobb: Korleis formidle det immaterielle og kjenslemessige aspektet i kvardagslivet til dei som har levd her før oss, treffe resonanspunkt i mottakaren for å sjå samanhengar, lære for å danne perspektiv på vår eigen kulturhistorie, vere stolte av det vi har i lag! Førde kommune skulle feire 20 år med bystatus i 2017. Kommunen har Sunnfjord Museum, med samlingar av bygningsmasse og gjenstandar frå dei fire kommunane som skal bli ein i 2020, og Sogn og Fjordane Kunstmuseum – to institusjonar som ivaretek vår historie. Vi såg at Maia sitt prosjekt hadde potensiale til å synleggjere samanhengar i fortid, samtid og framtid. I ei tid der ein kan «velje sin identitet» som einskildperson kan samtidskunst med referansar til vår eigen historie skape rom for refleksjon, både kring eigen og kollektiv identitet med solid forankring. «Kvardagsmonument» og «All those emotions – I carry them with me» fann sin plass på Sunnfjord Museum. «Byløa» kom opp på rådhusplassen. Utstillinga «Det vi har i lag» tok form i Kunstmuseet. Den spora til val og innsats som også gjeld kollektivt medvit og samfunnsansvar for arv og miljø. Eg håpar det varer inn i framtida! Oddbjørg Hjelmeland


23


24


Karplanter som reknast som regionalt utdøydd i Noreg (RE) (12 stk – Rødlista 2015) Polarmyrsildre Småsandlilje Puterublom Østersjøsøte

Saxifraga hirculus compacta Anthericum ramosum Draba corymbosa Gentianella campestris baltica

Svalerot Småvendelrot Storbendel Skjesveve

Vincetoxicum hirundinaria Valeriana dioica Spergula arvensis maxima Pilosella cochleatiforme

Blåmaure Fettblad Åkerkall Munkerabarbra

Sherardia arvensis Liparis loeselii Rhinanthus angustifolius apterus Rheum rhaponticum

Karplanter som reknast som kritisk truga i Noreg (CR) (40 stk – Rødlista 2015) Honningblom Herminium monorchis Halvkulerublom Draba subcapitata Finnmarkssvineblom Tephroseris integrifolia Skjeggknoppurt Parykknoppurt Dvergmarikåpe Dvergtistel

Centaurea phrygia pseudophrygia Centaurea phrygia phrygia Aphanes australis Cirsium acaulon

Storvasskrans Skoghøymol Jærtistel

Zannichellia major Rumex sanguineus Serratula tinctoria

Solrose

Helianthemum nummularium

Spiss-siv Pipeløk Brudelys

Juncus acutiflorus Allium fistulosum Butomus umbellatus

Fargemyske Hestekjørvel Ekornsvingel Kalkkarse

Asperula tinctoria Oenanthe aquatica Vulpia bromoides Hornungia petraea

Åkersteinfrø Åkerrødtopp Skoggulltvetann Gulltvetann

Buglossoides arvensis Odontites vernus Lamiastrum galeobdolon montanum Lamiastrum galeobdolon

Smalasal Smaltimian Sprikesøtgras Hengegras Svenskegras

Sorbus lancifolia Thymus serpyllum serpyllum Glyceria notata Arctophila fulva Sesleria caerulea

Nordlig tinderublom Draba cacuminum angusticarpa Sørlig tinderublom Draba cacuminum cacuminum Stuttsmåarve Sagina caespitosa Dvergålegras Zostera noltii

Filtbjørnebær Bustbjørnebær Lyngdalsbjørnebær Sørlandsbjørnebær

Rubus stereacanthos Rubus lindleianus Rubus glauciformis Rubus firmus

Åkerstorkenebb Krypjonsokkoll Heiøyentrøst Stilkvasshår

Geranium dissectum Ajuga reptans Euphrasia confusa Callitriche brutia

Sandtimotei Raggarve Dovrearve Vossakvann

Phleum arenarium Cerastium brachypetalum Cerastium ×blyttii Angelica archangelica maiorum

Klengelerkespore Sandvintergrønn Kjempesoleie Sibirnattfiol

Ceratocapnos claviculata Pyrola rotundifolia maritima Ranunculus lingua Lysiella oligantha

Saronnellik Tatarsmelle Huldrenøkkel Sibirstjerne

Dianthus armeria Silene tatarica Botrychium matricariifolium Eurybia sibirica

Trådbregne Bergjunker Grannjamne Flikmelde

Calamistrum globuliferum Saxifraga paniculata Diphasiastrum tristachyum Atriplex hastata

Sandfaks

Anisantha sterilis

Lappmjølke

Epilobium laestadii

Karplanter som reknast som sterkt truga i Noreg (EN) (113 stk – Rødlista 2015) Islandsgrønnkurle Gaissakattefot Læstadiusvalmue Gaffelullurt

Coeloglossum viride islandicum Antennaria nordhageniana Papaver radicatum laestadianum Logfia minima

25


Smalsøte Jærsøte Snøfrytle

Gentianella uliginosa Gentianella amarella septentrionalis Luzula nivalis

Hvitsmyle Gaffelsveve Bakkesveve Grenmarsveve

Aira caryophyllea Pilosella peteriana Pilosella moechiadia Hieracium vittatum

Småmyrull Jærflangre Myrflangre Svartkurle

Eriophorum gracile Epipactis helleborine neerlandica Epipactis palustris Nigritella nigra

Purpurkarse Islandskarse Murrublom Knottblom

Braya glabella purpurascens Rorippa islandica Draba muralis Microstylis monophyllo

Bustknoppurt Knutshørapp Vedbeinurt Kantløk

Centaurea phrygia Poa lindebergii Ononis spinosa Allium lusitanicum

Kammarimjelle Dvergmarinøkkel Færøymarikåpe Kystmarikåpe

Melampyrum cristatum Botrychium simplex Alchemilla faeroënsis Alchemilla xanthochlora

Sprikepiggfrø Nordlandsasal Krypbeinurt Myrflatbelg

Lappula squarrosa Sorbus neglecta Ononis spinosa procurrens Lathyrus palustris

26

Vårvikke Buskvikke Ertevikke Stivsildre

Vicia lathyroides Hippocrepis emerus Vicia pisiformis Micranthes hieraciifolia

Nattsmelle Skaftmelde Hvitmure Flytegro

Silene noctiflora Atriplex longipes Drymocallis rupestris Luronium natans

Myrsildre Mosesildre Oppdalssildre Stor myrsildre

Saxifraga hirculus Saxifraga hypnoides Saxifraga ×opdalensis Saxifraga hirculus hirculus

Flytesivaks Flatsivaks Bustsivaks Krypsivaks

Eleogiton fluitans Blysmus compressus Isolepis setacea Trichophorum pumilum

Granntjernaks Bendeltjernaks Knortetjernaks Dvergrublom

Potamogeton pusillus Potamogeton compressus Potamogeton trichoides Draba crassifolia

Sandskjegg Strandtorn Takfaks Vasstelg

Corynephorus canescens Eryngium maritimum Anisantha tectorum Dryopteris cristata

Kolavalmue Bulmeurt Svensk bjørnebær Fløyelsbjørnebær

Papaver lapponicum Hyoscyamus niger Rubus gothicus Rubus vestitus

Dverglin Skredmjelt Storak Dundå

Radiola linoides Oxytropis campestris scotica Cladium mariscus Galeopsis ladanum

Normansnøkleblom Finnstjerneblom Snøstjerneblom Tinderublom

Primula stricta obesior Stellaria fennica Stellaria longipes Draba cacuminum

Arenaria humifusa Trisetum subalpestre Asperugo procumbens Cystopteris sudetica

Aursundløvetann Dovreløvetann Finnmarksløvetann Lapplandsløvetann

Taraxacum crocodes Taraxacum dovrense Taraxacum norvegicum Taraxacum tornense

Dvergarve Kveinhavre Gåsefot Sudetlok Eseltistel Froskebitt Russekveke Bakkeknapp

Purpurmarihand Narrmarihand Soleigro Lodnefiol

Dactylorhiza majalis purpurella Anacamptis morio Baldellia repens Viola hirta

Bittergrønn Kjempestarr Griffelstarr Hvitstarr

Chimaphila umbellata Carex riparia Carex stylosa Carex bicolor

Onopordum acanthium Hydrocharis morsus-ranae Elymus fibrosus Scabiosa columbaria


Rød skogfrue Snau myrflatbelg Stivt havfruegras Mykt havfruegras

Cephalanthera rubra Lathyrus palustris palustris Najas marina Najas flexilis

Kystblåstjerne Fjærehøymol Evjeslirekne Lodneføllblom

Tractema verna Rumex maritimus Persicaria foliosa Leontodon hispidus

Perleforglemmegei Myosotis discolor

Karplanter som reknast som sårbare i Noreg (VU) (132 stk – Rødlista 2015) Snau bergskrinneblom Arabis wahlenbergii Engelsk skjørbuksurt Cochlearia anglica Liten kystfrøstjerne Thalictrum dunense Finnmarksnøkleblom Primula nutans finmarchia Finnmarksjonsokblom Silene involucrata tenella Finnmarksfrøstjerne Thalictrum boreale Altaihaukeskjegg Crepis multicaulis Tundrasoleie Ranunculus hyperboreus arnellii Håret myrflatbelg Krypforglemmegei Pomorstjerneblom Polarsoleie

Lathyrus palustris pilosus Myosotis secunda Stellaria hebecalyx Ranunculus sulphureus

Korshesterumpe Myk sisselrot Bleik piggstarr

Hippuris tetraphylla Polypodium interjectum Carex muricata lamprocarpa

Irsk myrklegg

Pedicularis sylvatica hibernica

Vassveronika Vrangmyrull Aksveronika Pusleblom

Veronica anagallis-aquatica Eriophorum ×medium Veronica spicata Lysimachia minima

Nordlig bergjunker Hybridgrannjamne Gul hornvalmue Kystsandarve

Saxifraga paniculata laestadii Diphasiastrum ×zeilleri Glaucium flavum Arenaria serpyllifolia lloydii

Russefrøstjerne Varangerhøymol Buesøtgras Myrstjerneblom

Thalictrum kemense Rumex aquaticus protractus Glyceria declinata Stellaria palustris

Bakkekløver Jordbærkløver Dragehode Klokkesøte

Trifolium montanum Trifolium fragiferum Dracocephalum ruyschiana Gentiana pneumonanthe

Hasselurt Asarum europaeum Elvebunke Deschampsia cespitosa glauca Vegamaure Galium normanii Ormetunge Ophioglossum vulgatum Sandnattlys Oenothera ammophila Stortrollurt Circaea lutetiana Tusengylden Centaurium littorale Berghøymol Rumex bryhnii Kystfrøstjerne Skogsøtgras

Thalictrum minus Glyceria lithuanica

Gulmyrull Sogneasal

Eriophorum brachyantherum Sorbus sognensis

Lappmattesveve Kvassmarikåpe Vollmarikåpe Sunnmørsmarikåpe

Pilosella peleteriana boreades Alchemilla oxyodonta Alchemilla subglobosa Alchemilla semidivisa

Høstmarinøkkel Handmarinøkkel Smalmarihand Søstermarihand

Botrychium multifidum Botrychium lanceolatum Dactylorhiza majalis sphagnicola Dactylorhiza sambucina

Glisnebjørnebær Småjonsokblom Strandbete Trollnype

Rubus hallandicus Silene involucrata Beta vulgaris maritima Rosa pimpinellifolia

Skogpersille Vipestarr Påskepil Dalfiol

Aethusa cynapium elata Carex extensa Salix daphnoides Viola selkirkii

Russearve Tuerapp Flarkstarr Løkrapp

Moehringia lateriflora Poa arctica caespitans Carex bergrothii Poa bulbosa

Vasskrans Vasskjeks Vasskryp Bruntelg

Zannichellia palustris Berula erecta Lythrum portula Dryopteris expansa willeana

Jærsiv

Juncus foliosus

27


Svartsiv Marrisp Myrtelg

Juncus anceps Limonium vulgare Thelypteris palustris

Bunkestarr Dvergsivaks Bjørnerot Snøgras

Carex elata Eleocharis parvula Meum athamanticum Phippsia algida

Kystrose Villeple Hvitrot Barlind

Rosa inodora Malus sylvestris Laserpitium latifolium Taxus baccata

Ask Alm Isop Bete

Fraxinus excelsior Ulmus glabra Hyssopus officinalis Beta vulgaris

Polarvalmue Jemtlandsstarr Blanktjernaks Hartmansstarr

Papaver dahlianum Carex jemtlandica Potamogeton lucens Carex hartmanii

Nebbpiggknopp Kranstusenblad Vågåløvetann Elvemarigras

Sparganium erectum neglectum Myriophyllum verticillatum Taraxacum aleurodes Hierochloë hirta

Krattbjørnebær Lundbjørnebær Sigdbjørnebær Lodnebjørnebær

Rubus langei Rubus nemorosus Rubus muenteri Rubus septentrionalis

28

Sprikesnøgras Smaltimotei Vrangblærerot Grønnkattefot

Phippsia concinna Phleum phleoides Utricularia australis Antennaria porsildii

Kryptimian Norsk timian Firling Solblom

Thymus praecox Thymus praecox britannicus Crassula aquatica Arnica montana

Lappkattefot Sølvkattefot Brunburkne Bustsmyle

Antennaria lapponica Antennaria villifera Asplenium adulterinum Aristavena setacea

Sodaurt Bleikfiol Masimjelt Huldreblom

Kali turgida Viola stagnina Oxytropis deflexa norvegica Epipogium aphyllum

Svartmispel Brunskjene Smånesle Ildsveve

Cotoneaster laxiflorus Schoenus ferrugineus Urtica urens Pilosella fuscoatra

Kjelder: Artsdatabanken.no Norsk rødliste for arter 2015

Polarflokk Knollsoleie Muserumpe Lappsoleie

Polemonium boreale Ranunculus bulbosus Myosurus minimus Coptidium lapponicum

Russeburkne Nikkebrønsle Klisterarve Blærestarr

Diplazium sibiricum Bidens cernua Cerastium pumilum glutinosum Carex rhynchophysa

Jøkelstarr Evjestarr Rankstarr Kløftstarr

Carex rufina Carex quasibergrothii Carex acutiformis Carex holostoma

Toppstarr Lappstarr Skogalm Bergalm

Carex paniculata Carex lapponica Ulmus glabra glabra Ulmus glabra montana


29


30


31


32


33


VERKSINFORMASJON Byløa, 2015 - side 5–15 Europallar, treverk, bølgeblekk, gamle hengslar og krokar, film/lydspor 7 min/loop. Dugnad. Storleik: B 340 x L 500 x H 380 cm Byløa vart reist på dugnad, og sto først på torget ved Førde Rådhus. Den vart seinare flytta til plassen ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Innkjøpt av SFKM i 2017. Kvardagsmonument, 2016 - side 20–21 Intervensjon, Sunnfjord Museum Tørkestativ i stål, kvinne- og jenteklede i raude nyansar, slitte klesklyper av tre. Storleik: B 100 x L 150 x H 175 cm All those emotions, I carry them with me, 2015 - side 19 Installasjon i utstillinga Kvardagsmonument, Sunnfjord Museum Smal kvit gang/mdf-plater, lys, raude tekstilar bretta, rulla og stabla Storleik: B 47 x H 240 x D 270 cm

34

Det vi har i lag, 2017 - side 24–36 Stadsspesifikk produksjon/installasjon, Sogn og Fjordane Kunstmuseum Grøn rettvinkla trekantscene, 10 pyntehandklehyller innlånt frå privatpersonar i lokalområdet, svarte gjenbrukstekstilar, handbroderi. Dei broderte plantenamna viser til karplanter observert i Førde, Jølster, Naustdal og Gaular, som utgjer den nye storkommunen Sunnfjord. Dei 10 karplantane er oppførte i Norsk Rødliste 2015, som sterkt og kritisk utrydningstruga. Sju klossar av komprimert metallavfall, à ca B 70 x H 100 x L 130 cm, utlånt frå lokal gjenvinningsstasjon. Fire hovudtelefonar med lydspor, opplesing av dei til saman nesten 300 karplantene som er truga av utrydning i Noreg. Svart rettvinkla trekantscene, klede, bøker, tekstilar, bruks- og pyntegjendstandar med plantedekor frå ulike tidsepokar, tekstil- og plastplanter, diverse møblar. Anskaffa lokalt, hovudsakleg via innlån frå privatpersonar og lokal gjenbruksbutikk.


OM BIDRAGSYTARANE Maia Birkeland, f. 1978: Biletkunstnar med sterk tilknytning til det materialbaserte feltet, særskilt tekstil. Birkeland arbeider i ulike format, med hovudvekt på installasjon og skulptur. Tematisk kretsar arbeida kring den gjensidige påverkinga mellom menneske - menneske, stad - menneske og menneske - stad. www.maiabirkeland.no Jorunn Veiteberg, kunsthistorikar, dr. philos. Forfattar av ei rekke bøker om kvinnelege kunstnarar, kunsthandverk og samtidskunst. Oddbjørg Hjelmeland: Tekstilkunstnar, kunstpedagog/formidlar kulturhistorie, kunst og handverk.

FOTOKREDITERING Oddleiv Apneseth: s 5–7, 9, 23–24, 30–33 Sunnfjord Museum: s 20 Sogn og Fjordane Kunstmuseum: s 7–8, 15, 29, 36 Maia Birkeland: s 1, 10–12, 19, 21

ISBN 978-82-691291-0-6

UTGITT AV Sogn og Fjordane Kunstmuseum i samarbeid med Sunnfjord Museum. www.sfk.museum.no

PROSJEKTANSVARLEG Janne Leithe. Prosjektet er støtta av:

STATENS UTSTILLINGSSTIPEND

S O G N O G FJ O R D A N E

KUNSTMUSEUM

35


findriv.no

36

ISBN 978-82-691291-0-6


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.