Hyrdingrøysta nr 2 2018

Page 1

Informasjon

H Y R D I N G R Ø Y S TA NR. 2/2018

God ! sommar

SOMMARNUMMER

79. ÅRG.


2

HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2018

Frå redaksjonen

KYRKJA I JØLSTER Kyrkjekontoret Ope tys. og tors. Kl. 9-14. Tlf. 57 72 85 06 kyrkjekontoret@jolster.kyrkja.no www.jolster.kyrkja.no www.facebook.com/kyrkjeneijolster Jølster kyrkjelege fellesråd leiar: Normann Aarseth tlf. 992 65 501 Sokneprest Silje Sørebø Kontortid etter avtale Tlf. 57 72 85 06 / 473 99 492. soknepresten@jolster.kyrkja.no Sekretær Toril Øye (frå april 2017) Kontortid tysdag og torsdag kl. 9-14

Frå gudstenesta på Hamnanova i pinsa. Foto: Hallstein Dvergsdal.

Vi vart i år velsigna med den varmaste mai i manns minne og finvêret heldt fram halvvegs ut i juni. Jølstringar er absolutt ikkje vande med temperaturar langt over 20 grader i mai, ja, endåtil 30 og meir var det enkelte dagar. Med så lang periode utan regn og med så høge temperaturar, så vart det etter kvart for tørt. Dette resulterte i rekordtidleg slått, der fleire starta i slutten av mai. Men av­linga på førsteslåtten vart ikkje mykje å skryte av, så bøndene lyt nok håpe på minst ein god slått seinare for å ta att det tapte. Kyrkja har også denne våren og før­ sommaren flytta ein del av aktiviteten utandørs. Tre friluftsgudstenester var det i mai og juni, og alle var godt besøkte. Den første var på Hamnanova 2. pinse­ dag og få hadde vel trudd at det skulle late seg gjere med dei snømengdene som var i fjellet i år. – Det gjeld å vere sterk i trua, sa Silje prest nokre veker før dette skulle gå føre seg og snøen låg meterdjup nede ved vegen der stien til Hamnanova starta. Sidan har det vore gudstenester både i Kjøsnes­ hogen og ved grendehuset i Sanddalen. I Kjøsneshogen handla det om å markere «Skaparverkets dag» og finare tid og dag å gjere det på, skal godt gjerast å finne.

I Sanddalen var det keltisk gudsteneste og både Hamnanova og Kjøsneshogen hadde barnedåp, noko som også gjorde til at der var mykje folk. Elles har Helgheimskyrkja fått på plass dei nye vindauga i koret og kyrkja har også fått ny, raud messehakel. Elles går det fram av årsmeldinga til kyrkja at gudstenestene er godt besøkte og at aktivitene er god. Det er såleis ikkje grunn til å snakke om tomme kyrkjer i Jølster, noko vi av diverse medie­ oppslag får vite at det er andre stader. – Det er kjekt å vere prest i Jølster sa Silje prest då ho nyleg orienterte kommunestyret om stoda. Så lenge presten ser slik på situasjonen, er det all grunn til å vere optimist, både for dei som er sterke i trua, og alle dei andre. Det er også kjekt å redigere Hyrding­ røysta når det skjer positive ting, og optimismen rår. Men ein ting må lesarane bli flinkare til, og det er å bruke giroen som ligg i dette nummeret. Det å betale dei få kronene det handlar om, vil vere med på å sikre framtida til bladet. God sommar! Red.

Kyrkjeverje Trond Herløsund Kontortid tysdag og elles etter avtale Tlf 57 72 85 06 kyrkjeverja@jolster.kyrkja.no Kantor Rune Molvik Kontortid tysdagar kl. 9-14 Kyrkjelydspedagog Ute Lindner Kontortid tysdagar kl. 10-15 Tlf 489 58 165 ute.lindner@fordekyrkje.no -------------------------------------

Hyrdingrøysta

Kjem ut med fire blad i året, og vert sendt til alle husstandar i Jølster som Informasjon. Ein giro på kr 150,- vert sendt ut i sommarnummer kvart år. Betalinga er frivillig. Annonsøren støttar bladet med kr 900,- med annonse i fire nummer pr år. For abonnentar utanom kommunen: kr 250,- pr år. Må tingast. Bladstyret: Hallstein Dvergsdal, Bjørg Dvergsdal og Hildegunn Huus. halldve@frisurf.no Neste nummer kjem i oktober.

FRAMSIDEBILETE: Sokneprest Silje Sørebø fekk prøve den nye messehakelen til Helgheim Kyrkje under fjellgudstenesta på Hamnanova i pinsa. Foto: Hallstein Dvergsdal


HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2018

3

Preiketekst ved friluftsgudsteneste i Kjøsneshogen 10. juni tekst EVANGELISTEN MARKUS

Men då det leid langt på dag, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og dagen lid. Send folket frå deg, så dei kan gå bort i grendene og landsbyane her omkring og kjøpa seg noko å eta.» «De skal gje dei mat!» svara Jesus. Dei sa: «Skal vi gå og kjøpa brød for to hundre denarar, så dei kan få seg mat?» «Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.» Då sa han at dei skulle la alle setja seg saman i matlag i det grøne graset. Og dei slo seg ned, rad

på rad – somme på hundre og somme på femti. Så tok Jesus dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Og han braut brødet og gav det til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket. Dei to fiskane delte han òg ut, så alle fekk. Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger. Det var fem tusen menn som hadde fått mat. (Mark 6,35-44) Silje si preike over brødunderet kjem på s. 4 og 5

Den blomstertid nå kommer med lyst og glede stor, den kjære, lyse sommer da gress og grøde gror.

Hver blomst, hver spire minner oss om å ta imot det lys som alltid skinner fra Gud, vår Skaper god.

Nå rører solens armer ved alt som før var dødt, de blide stråler varmer og alt på ny blir født.

Gud signe årets grøde i alle verdens land! Gud gi oss daglig føde fra jord og hav og strand,

De fagre blomsterenger og åkrer rad på rad, de grønne urtesenger og trær som skyter blad,

Og hjelp oss du å dele med andre det vi har, vårt liv, vår jord, det hele er ditt, vår Gud og Far!

(Den blomstertid nå kommer, nr 841 i salmeboka. Dikta i 1694 av Israel Kolmodin)


4

HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2018

Det var godt frammøte på friluftsgudstenesta 10. juni og vêret kunne ikkje vore betre.

Utdrag frå preike 10. juni ved markering av Skaparverkets dag i Kjøsneshogen Mange fekk med seg friluftsgudsteneste i finvêret tekst SILJE SØREBØ | foto KJELL KJØSNES

Ei preike på Skaparverkets dag burde vel gjerne handle om å ta vare på jorda og om rettferdig fordeling av ressursane på jorda. Men kven er eigentleg eg til å mane til klimakamp eller rettferdig fordeling av godane? Eg veit at dei som er aller fattigast i verda blir hardast ramma av klimakrisa. Eg har høyrt at om alle i verda skulle forbruke like mykje som vi gjer i den vestlege verda, så ville vi trenge to og ein halv jordklode. Likevel så har eg meir klede enn eg treng, og eg har plastposer, diesel, flyreiser, mat som har hamna i søpla og mykja anna på samvitet. Ikkje berre er eg ein klima­synd­ ar, eg har også manglande kunnskap. Eg

blir forvirra når eg kjem heim godt fornøgd etter å ha handla matvarar i handlenett i staden for plastposer og set meg framfor fjernsynet for å sjå på debatten, og så får eg vite at ein dansk forskar hevdar at du må bruke eit bomullsnett 7000 gongar før ein kan forsvare produksjonen av ein handle­ nett i forhold til ein plastpose. Eg blir enda meir forvirra når andre meiner at det ikkje er hold i dei tala som dansken brukar. Det er fristande å tenkje at miljøproblema er for overveldane, for store, for vanskelege til at eg kan involvere meg med min manglande kunnskap. At det er best å overlate til andre å løyse problema, dei som har meir makt og dei som har meir kunnskap, politikarene, EU, FN eller kven dei no er … Slik tenkte dei vel også, læresveinane til

Der var også dåp

Jesus, når dei såg dei store folkemengdene av menneske hadde samla seg rundt Jesus på ein aude stad og som kom til å bli svoltne snart. Dette problemet er for overveldande, tenkte dei kanskje, best å sende problemet vidare. «Dette er ein aud stad, og dagen lid. Send folket frå deg, så dei kan gå bort i grendene og landsbyane her omkring og kjøpa seg noko å eta.» sa dei til Jesus. «De skal gje dei mat!» svara Jesus. Læresveinane blei sjokkerte: «Skal vi gå og kjøpe brød for to hundre denarar, så dei kan få seg mat?». Men Jesus svarer at dei skal gå å sjå etter kva dei har. Fem brød og to fiskar hadde dei. Eg høyrde om ein skuleklasse i Fosnavåg som hadde vendt seg til kommunen for å få dei til å la vere å klippe alle vegkantar,


HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2018

grøftekantar og parkanlegg før blomstrings­ tida var over av omsyn til humlene og andre pollinerande insekt og av omsyn til artsmang­faldet. Kommunen høyrde på dei og endra praksisane. Med dei klimautfordringane vi står overfor er slike tiltak som mikroskopiske dråper i det store havet, kan vi tenkje. Eller som to fisker og fem brød, og ikkje det ein gong, til tusenvis av menneske. Og det er jo på en måte sant. Mykje av klimaproblema må løysast på eit politisk internasjonalt nivå. Men samtidig, vi er mange som bidreg til problemet, og difor er vi også mange som kan bidra til endring. Engasjementet må byrje ein stad. Eg kjende at eg vart glad og håpefull når eg høyrde om desse barna som engasjerer seg. Eg fekk også lyst til å gjere noko. Kanskje endre nokre vaner. Ta buss i staden for fly, når eg kan, eller kjøpe brukt i staden for nytt. Fylgje med i samtalane og debattane. Slik er det, engasjement smittar. For kva skjedde eigentlig den gongen Jesus metta 5000? Kan det vere at når lære­ sveinane begynte å dele av dei det hadde, så var det også andre som begynte å dele? Det er jo slett ikkje sikkert at det berre var læresveinane som hadde med seg mat til den aude staden. Og når det underet skjedde at menneska delte med kvarandre og Gud velsigna, så vart det faktisk nok, sjølv om det i starten såg knapt ut. Slike under treng denne verda, for som Gandhi ein gong sa: Jorda har nok til alle sine behov, men ikkje til alle sin grådigheit. Vi treng å

dele jordas rikdommar meir rettferdig for at jorda ikkje skal bli tappa for ressursar. Vi treng å dele engasjement, håp og tru på at det nytt­ar, at vi kan gje våre små bidrag og at vi saman kan skape endring. For når det kjem til det å dele engasjement, tru og håp, så er eg ganske sikker på at 1+1 ikkje er 2, då er 1+1 minst 3. Eg hugsar ein gong eg såg i ein barne­ bibel saman med eit barn. Han slo opp på dei første sidene. Det var bilete frå skapings­ soga. Eg fortalte han at dette var den aller første forteljinga i Bibelen. Då spurte han: «Kva er då den siste forteljinga i Bibelen?» Eg måtte tenkje meg litt om, for korleis skulle eg legge fram innhaldet i Johannes openberring på en passeleg måte for eit lite barn? Det vart til at eg svarte slik: «Den siste forteljinga i Bibelen er på ein måte den første om igjen. Den handlar om at Gud ein dag skal skape ein ny himmel og ei ny jord, der det som er vondt og urettferdig ikkje skal vere meir». Det eg ikkje hadde forventa, var lyset som eg såg i augo til barnet når eg fortalte dette. «Betyr det at då skal det ikkje vere krangling meir?» spurte han «Eg trur det….» svarte eg. Så kan vi jo spørje oss om dette framtids­håpet som er skildra i Bibelens siste bok, berre fører til passivitet og ansvarsfrå­ skriving? Kan det ikkje få oss til å tenkje at det ikkje er så nøye kva vi gjer med jorda vår fordi ein dag skal Gud skape allting nytt uansett?

Det var mykje musikk under denne guds­tenesta. Både «Fjellklang» og Kåre og Elias Eide deltok.

5

Eg tenkjer heller at det framtidshåpet vi finn i Bibelen gjer at vi kan sleppe og sekke ned i håpløyse. I staden har vi fått eit håp som vi kan dele med kvarandre. Sjølv om vi vel alle har vårt på samvitet når det gjelder det å ha gløymt Gud og det gode han vil vi skal gjere, så er ikkje framtida mørk. Hos Gud er det nytt liv, nytt håp å hente. For livet kjem frå ham. Bibelen fortel om ein Gud som ikkje berre skapte verda ein gong og sidan let den segle sin eigen sjø, men om ein Gud som framleis skaper, også der vi menneske øydelegg. Ved sin Son skaper han liv der det er død og tru og håp der det er fortviling og håp­løyse. Ein dag skal han ved Kristus gjere verda ny. Skapingssoga er ikkje berre fortid. Den er også no. Vi lever i skapinga si åttande dag. Og der vi er i våre liv, kallar Gud oss til å vere hans medskaparar. Vi skal ikkje sjå oss sjølve berre som forbrukarar av naturen, for slik Jesus ville bruke sine lære­sveinar til å gi mat til den store folkemengda, slik kallar Gud oss til å vere hans forvaltarar og med­arbeidarar i kampen for ei god og rettferdig verd. «Gå og sjå etter kva de har» sa Jesus til læresveinane sine. Kanskje seier han noko av det same til oss i dag: «Ikkje mist motet. Tenk etter kva du har og kva du kan bidra med der du er. Det som ser lite ut, kan ved Guds under bli til noko stort»

Også i år var det det dåp under friluftsgudstenesta i Kjøsneshogen. Vesle Eira fekk namn og er er ho i lag med foreldra Idun Andersen Fluge og Gunnar Andersen Fluge.


6

HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2018

Øving på Tårnagentsongen.

Tårnagenthelg i Helgheim kyrkje Agentbevis og agentoppdrag, ein hem­meleg gjest, tur i tårnet og ei uventa pakke – det var stikkord for Tårnagenthelga 26. og 27. mai i Helg­heim kyrkje. tekst UTE LINDNER | foto KAREN ELISE ERIKSTAD

23 barn og mange vaksne var samla for å oppleve ei veldig spesiell helg: Godt utstyrt med agentbevis og forstørringsglas måtte

agentane løyse mange oppdrag, inne i kyrkja og utanfor på kyrkjegarden.

mat saman, leika og hadde det skikkeleg gøy.

Bursdag Vi fann ut når kyrkja har bursdag og kva som skjedde aller første pinsedag. Vi blei kjent med kyrkjebygg, orgelet og messehakel og fann mange symbol. Vi veit no, kva bønevandring er, vi øvde til gudsteneste og pynta kyrkja. Sjølvsagt lærte vi Tårnagentsangen, vi hadde agent-

Gudsteneste På søndag var vi med i gudsteneste, viste Tårnagentsangen, dramatiserte pinsefor­telj­ inga og mykje meir. Til slutt fekk alle agent­ ane sin tårnagentdiplom. Tusen takk til agentane som gjorde ein skikkeleg jobb! Og til alle vaksne som hjelpte til slik at helga blei heilt uforgløymeleg.

Tårnagentane får prøve seg som orgelpiper

Alle tårnagentane fekk servert frukt under samlinga.

I tårnet fekk agentane møte ein hemmeleg gjest


HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2018

Frå speidarliv til kongens klede Tre speidarar fortel om erfaringane i forsvaret Speidarliv og militærteneste har mange likheitstrekk. Begge delar er gode plattformer for livet vidare. tekst og foto: HILDEGUNN HUUS

Fleire av dei som har vore aktiv i speidaren i Jølster har avtent verneplikt. Nokre har også gjort ei viss karriere. To jenter og ein gut Vi har møtt tre av dei som har vore både i speidaren og i det militære. Det handlar om to jenter, Synnøve Klakegg og Malene Kjøsnes, og ein gut, Sivert Dvergsdal. Vi prata litt om erfaringane frå speidaren og korleis dei kom til nytte i det militære. Dei tre var samstemte om at det å ha vore med i speidaren gjev føremun og eit godt grunnlag når dei blant anna skal bu tett på kvarandre og når det blir snakk om å opphalde seg ute i naturen i allslags vêr. I speidaren er det reglar for mykje, det er det og i militære. Ein lærer å ha respekt for kvarandre, respekt for naturen og korleis ein kan bruke naturen på best mogeleg måte. Ein lærer i speidaren å hjelpe seg med enkle midlar og det ein finn i naturen. Korleis ein skal kle seg, plassere telt, plassere bål og tenne det. Bruk av kart og kompass og søking etter postar i terreng. Gå med opp pakning og vite kva som er viktig å ha med seg. Det handlar ofte om samarbeid for å få ting til å fungere, og det viktig når ein kjem til ein militærleir der det bur opp til seks menneske på same rom. Militærteneste er populært – Militæret har vorte populært, og det er konkurranse om å komme inn. Det er og tydeleg at når det vert gjort utval er ein ute etter dei som er motiverte, fortel dei tre som peikar på at det er meir frivillig å avtene verneplikt i dag enn det var før.

Men det er likevel fleire som får sjansen no i og med at jentene også vert innkalla. – Det er i utgangspunktet ikkje skilnad på gutar og jenter i det militære. Den skilnaden som måtte vere, er at dei tre første månadene i det militære må jentene gå med håret så nøytralt som mogeleg, og utan sminke. Jenter og gutar bur saman på rom og det fungerer heilt fint, fortel dei. Meistring Både det å ha vore med i speidaren og det å ha vore i det militære, gjer at ein gjerne torer meir. Ein har lært seg å tøye grenser og ser at det er utruleg kva ein toler, og ein har heile tida lyst å gjere det bra. – Utan mat i tre–fire døgn gjer noko med ein, då er den gryteretten ein ikkje likte vorten veldig god. Plutseleg kan ein bli vekt om natta og må ut, utan å få noko informasjon om kva som skjer. Det smell og dundrar rundt ein, av slikt blir ein herda,

7

og spekteret av val ein torer å gjere både i yrkesliv og elles bli større. Verda blir på ein måte mindre farleg, får vi høyre. Mange av oss høyrer folk som har vore i militære fortelje utruleg og sprø historier om militæret og det som skjer der. – Alt dette stemmer, seier dei tre. Ein hissar kvarandre opp, men ein gler seg i lag og blir som ei stor familie. Alvor Det ligg mykje alvor i det ein lærer i det militære. To år etter at soldatane er ferdige er dei hærreserve og kan bli kalla ut.Dei kan og bli kalla ut til oppdrag i utlandet, ikkje til frontlinja, men til bygging og driving av leirar. – Militæret er i stadig endring og det må det vere, for det skal vere usikkert for dei utanfor korleis det fungerar. Men det at forsvaret er i endring blir også ein stressfaktor for stillingar og det som skal utførast. Også i høve til kvar personellet blir plassert. Ved regjeringsskifte er det spesielt stressande, for kva vil den nye regjeringa?, er tankar dei gjer seg dei tre soldatane. Samspel mellom frivillig aktivitet, her representert ved speidaren, og alvoret med blant anna militærtenesta er tydeleg uttrykt av Malene, Synnøve, og Sivert. Og dei gjev oss eit godt bilete av kva nytte ein har av det ein har vore med på ved kvart nytt vegkryss ein kjem til i livet.

Tre speidarar som også har prøvd militærlivet. F.v.: Sivert Dvergsdal, Malene Kjøsnes og Synnøve Agathe Klakegg.


8

HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2018

Velkommen kvinneweekend 26.-28.okt! Velkommen tiltilkvinneweekend 26.–28. oktober

Arr: Regionsteamet for Mødre i Bønn i Norden

• Mødre i Bønn er ei tverrkyrkjeleg bønnerørsle. • To eller fleire mødre samlast ein time i veka /annan kvar veke til forbøn for borna o skulen/barnehagen Mødre i Bønn starta i USA. Ei mor fekk med seg ei anna mor for å be for sønene som High School. Ho visste at det beste ho kunne gjere for dei var å be. No er det grupper Norge er det over 150 grupper. I Sogn og Fjordane er det 5 grupper.

Arr: Regionsteamet for Mødre i Bønn i Norden

Arr: Regionsteamet for Mødre i Bønn i Norden

• Mødre i Bønn er ei tverrkyrkjeleg bønnerørsle. Om du ikkje kan vere med på heile helga, er du velkommen til • To eller fleire mødre samlast ein time i veka/annankvar å vere med på delar av den. Kvinneweenden er open for alle, • Mødre veke i Bønn er ei tverrkyrkjeleg bønnerørsle. til forbøn for borna og skulen/barnehagen du treng ikkje vere med i ei Mødre i Bønn gruppe! • Mødre startasamlast i USA. Ei mor fekk med seg ei anna • To eller fleirei Bønn mødre ein time i veka /annanForkvar til forbøn for borna og meirveke informasjon om program/pris/påmelding gå inn mor for å be for sønene som skulle starte på High School. skulen/barnehagen på momsinprayer.no (Om du då kjem inn på den europeiske Ho visste at det beste ho kunne gjere for dei var å be. No sida, gå inn på fana «LAND». Der finn du Norge under «North» Mødre i Bønn USA. mor fekker med seg er det starta grupper ii over 140Eiland. I Norge det over 150ei anna mor for å be for sønene som skulle starte på og du blir sendt vidare til den norske sida.) High School. Ho Ivisste det beste kunne gjere for dei var å be. No er det grupper i over 140 land. I grupper. Sogn ogat Fjordane er det 5 ho grupper. Om du på noko, ta kontakt med: Norge erSett det 150 grupper. I Sogn og Fjordane er det 5 lurer grupper. av over helga 26.–28.oktober og kom til Skilbrei! Ingunn Lervik, kontaktperson for Mødre i Bønn, • Du skal bli undervist, inspirert og velsigna. osenle@online.no/928 39 451 • Du skal få lytte til lovsang og lovsynge. Kvifor •kvinneweekend? Du får god mat servert uten å måtte lage til eller rydde opp (husmorferie!) «Et morshjerte er gull verdt og det er så viktig å ta vare på dette hjertet. Vi har fått sett • Du kan få treffe nye og få tid til gamle vener. at i Mødre i Bønn gruppene får hjertene nytt mot og blir fylt opp av ny kjærlighet. • Du kan få oppleve fellesskap med andre mødre, tanter…. Sammenbestemødre, kan vi oppmuntre og støtte hverandre i å holde fast på Guds gode tanker.»

Kvifor kvinneweekend? «Et morshjerte er gull verdt og det er så viktig å ta vare på dette hjertet. at i Mødre i Bønn gruppene får hjertene nytt mot og blir fylt opp av ny kj Sammen kan vi oppmuntre og støtte hverandre i å holde fast på Guds go Helsing frå Randi Anita Helvig, Regionsleder for Norden.

Praise Him kjem!

HelsingKvifor fråkvinneweekend? Randi Anita Helvig, Regionsleder for Norden. «Et morshjerte er gull verdt og det er så viktig å ta vare på dette hjertet. Vi har fått sett at i Mødre i Bønn gruppene får hjertene nytt mot og blir fylt opp av ny kjærlighet. Sammen kan vi oppmuntre og støtte hverandre i å holde fast på Guds gode tanker.»

Praise Him kjem!

Praise Him kjem! frå Sotra vil velsigne oss Lovsangsgruppa Lovsangsgruppa frå Sotra vil velsigne oss med med nydelege stemmer og djupe tekstar nydelege stemmer og djupe tekstar Helsing frå Randi Anita Helvig, Regionsleder for Norden.

Så sett av helga 26.-28.oktober og kom til Skilbrei! Vi må auke Du skalbladpengane bli undervist, inspirert og velsigna.

400 som og betalar dei 150 kronene det fjerna. Som vi fortalde om Dui påskenummeret, skal få lyttesåtil lag lovsang lovsynge. Lovsangsgruppa frå Sotra vil velsigne ossligg ein Det giro i dette bladet, og av er det utfordringar knytt til økonomien har kosta. Dette er om lag tredjeparten Du får god mat servert uten å måtte lage til eller rydde opp (husmorferie!) som de ser har prisen gått opp med 50 husstandane i Jølster. Av dei utanbygds til Hyrdingrøysta. I fjor gjekkmed bladet med nydelege stemmer og djupe tekstar Duogkan få det treffe tid til gamle somog får få bladet tilsendt som vener. adressert kroner. Dette er dessverre ein konekvens 32.000 i underskot, slik kan ikkje nye det de kan lese ovanfor. Dei som har er det også med veldig menge sommødre, ikkje avbestemødre, halde fram. Jølster DuKyrkjelege kan få fellesråd, opplevepost, fellesskap andre tanter…. som eig bladet, har rikeleg med andre betalar og dette er folk som faktisk har bestilt bladet, og ikkje har betalt, får ein siste sjanse. Utan innbetaling kjem neste bladet. til Skilbrei! ting av å bruke pengane på, om det ikkje bestilt Så sett helga 26.-28.oktober og kom nummer til å mangle i desse postkassane. Jølster Kyrkjelege fellesråd har også også skal dekke underskotet til dette Du skal bli undervist, inspirert og velsigna. bestemt seg for å auke prisen på annonbladet. Du skal få lytte til lovsang og lovsynge. Det syner seg at av dei som får bladet sar. Det er også nokre annonsørar som Red. Du fåri god mat servert uten måtte til betalt ellerpårydde opp (husmorferie!) ikkje har ei stund, og dei vil bli postkassane her i Jølster, så erådet om lage

Du kan få treffe nye og få tid til gamle vener. Du kan få oppleve fellesskap med andre mødre, bestemødre, tanter….


HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2018

9

Ingeborg Slåtten har forelska seg i «Å vera i livet» av Halldis Moren Vesaas.

Møte med eit dikt I denne spalta tenkte vi at du kan skrive om eit dikt du likar. Skriv gjerne korleis du vart kjend med diktet,kvifor du likar det, om det påverkar deg på ein spesiell måte, om du tykkjer det utfordrar deg, gjer deg glad, trist, eller gjer deg ettertenksam. Du kan sjølv velje om du vil presentere heile diktet eller berre nokre vers av det dersom det er veldig langt. Så er det fint om du utfordrar nokon som kan presentere sitt dikt i neste nummer av bladet. (Legg ved eit bilete av deg sjølv.)

Denne gongen er det Ingeborg Slåtten som fortel om eit dikt ho er glad i. Ho utfordrar Annlaug Jordanger

Å vera i livet Av Halldis Moren Vesaas

Dette: å vera i livet, Open for alt ikring, bunden med sterke røter til menneske og til ting gi både hjarte og hender i omsorg som aldri svik, var det som gav meining til ferda di og let deg få kjenna deg rik Og den som er rik vil ha seg eit hus som er såleis bygt at alle som høyrer til huset kjenner det godt og trygt, og såleis at framande gjerne kjem innom dørene der og aukar den rikdom som finst der frå før med alt det dei sjølve er.

Fattig var du som aldri I livet du kjenne fekk at mellom deg og dei andre levande straumar gjekk av tillit og varme som styrkte kvart band som til livet deg batt, og lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp, at meir enn du gav, fekk du att. Diktet «Å vera i livet» betyr mykje for meg. Årsaka til det er grunnverdiane eg har fått frå mor mi. Ho var til stades i augneblinken, i livet. Gjennom omsorg og varme skapte ho det trygge rommet rundt seg, der det var godt å vere for oss i familien og andre. Mor har vore raus. No er ho dement, men vi ser at desse kvalitetane er endå sterkare etter at demenssjukdommen kom. Mor forventa ikkje noko igjen, men vil bli hugsa for dei eigenskapane ho har. Ho vil setje spor etter seg hos andre, og vil bli hugsa med whumor, gode historier og varme.


10 HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2018

KONFIRMASJON PÅ VASSENDEN KYRKJESENTER 2018 Framme Frå venstre: Amanda Olaisen, Sigrid Sægrov, Otilia Sandal, Vanja Røstenskar Magnussen, Astrid Kolrud Årseth, Emma Støfring Ulvestad, 2. rad frå venstre: Ben Dohm, Hanna Årset, Annika Flatjord Erle, Runa Drageset Gjesdal, Madeleine Fagerli Støfringsdal, Maja Skovro, Mari Nydal, Irmelin Helen Hylderås Siljander, Silje Sørebø. 3. rad frå venstre: Severin Dyregrov, Marita Abelone Gjesdal, Id-Sofie Østenstad, Andreas Årseth, Jon-Kristoffer Hestad Navelsaker, Hilde Beate Segtnan, Tobias Geirson Fanebust. Bakerst: Isak Nordgulen, Håvard Solheim. Foto: Vidar Helle

KONFIRMASJON I HELGHEIM KYRKJE 2018 Framme frå venstre: Kristoffer Flatjord Sunde, Hannah Talina Sunde, Emma Kjøsnes Eriksson, Fredrik Sunde, Lena Sofie Klakegg, Silje Sørebø. Bak frå venstre: Tora Røyseth Førde, Oda Helen Grøneng Klakegg, Olai Årdal, Kayce Ann Son Bergheim, Henrik Flølo Nydal, Jon-Anders Øvrebø. Foto: Vidar Helle


HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2018

Dugnadstid ved Vassenden kyrkjesenter Mange hender og godt resultat Årviss tradisjon samlar dugnadsfolk Både små og store stiller opp når det er dugnad ved kyrkja.

Like sikkert som mai og konfirma­sjonsdag er meldinga frå Målfrid Kjøsnes om dugnadskveld. Det skal vere reint og ryddig inne og ute på ei så viktig hending, og ingen har betre oversikt over gjeremåla enn Målfrid. tekst INGER LIND AASEN | foto SVERRE GJESDAL

Utearbeidet krev at folket kjem med rive, spade og kravse, og så treng vi ein som har traktor. Sverre Gjesdal var den heldige denne gongen og vart premiert med å vere sjef for «uteseksjonen». Årviss tradisjon Vi har drive med denne dugnaden sidan kyrkja var ny, så alle veit kva som må gjerast og kjem fort i gang. Nye kjem til etter kvart, det set vi stor pris på! Grushaugen er alt levert og ventar på ein større doning som skal spreie grusen utover og jamne vegen. Innandørs er der eit helt kompani. Det er mange som brukar kyrkja gjennom året og det trengs ei generalopprydding av og til. Der er mange vindauge som skal pussast, stolane skal sjåast over og det skal ryddast i skap og skuffer. Endåtil bestikket skal leggast i «sølvskeiform»! Samhald Alle som driv med dugnad veit at det er eit godt høve for samhald og drøs. Når vi då får sette oss til bords til kaffi og noko attåt gjev det ekstra hygge. Spennande å sjå kva Målfrid har funne i frysaren. Om store og små har gjort mykje eller lite så er dugnaden ved kakebordet lite å klage over. Takk for laget til alle som møtte opp!

Sverre Gjesdal og Svein Urheim i sving med riva.

Mat og kaffi må til etter at jobben er gjort.

11


12 HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2018

Kyrkjelydsturen gjekk til Sørebø i år Spennande reise på Høyanger sørside – Om vi held Jølster utanom, så er Sørebø den staden på Jorda eg er mest glad i, seier soknepresten i Jølster, Silje Sørebø. tekst STEINAR DVERGSDAL foto STEINAR DVERGSDAL OG VIDAR FELDT

I midten av juni inviterte ho kyrkjelyd og sambydingar med seg til barndommens trakter, til Sørebø der faren, tidlegare prost i Ytre Sogn, Geir Sørenbø er oppvaksen og bur i dag. For tredje gong For to år sidan starta kyrkja i Jølster med kyrkjelydstur. Då gjekk turen til Kinna­spelet. I fjor var vi på Seljemanamesse. 16. juni la 40 jølstingar turen sør om Sognefjorden, der presten vår, Silje Sørebø har rotfeste. For å få plass på miniferga frå Noreide, var vi gruppert i to bussar med Vidar Feldt og Svein Årdalsbakke som sjåførar. Ferja har plass til sju bilar, og alle må rygge om bord. Den var inn om den vesle, vakre grenda Måren, før vi klappa til kai i Ortnevik. På kaia vart vi møtte med viftande flagg. I Ortnevik Kyrkje, vart vi leia i fredagstidebøn

Vitja gamleprosten i ytre Sogn

av ein ungdom. Han og nokre andre er i ferd med å etablere ein retreatstad, eller eit moderne kloster som han og kalla det. Dei gjennomfører mellom anna tre tidebøner for dagen. Tusenkunstnar Neste vitjing var hos bonde og tusenkunstnar Anders Brekke. På deler av garden har han laga ein park med spennande skulp­ turar og installasjonar. Til og med ei eiga lita stavkyrkje, med eigen kvernkall til straumforsyning er på plass. Deretter bar det «heim til Sørebø.» Der far til Silje er vaksen opp, og der han og mor bur i dag. I oppveksten var dette det faste punktet for Silje og familien. I gamle­ stova på garden vart alle servert mat og heimepressa saft av nokre av epla frå dei 150 epletrea på Sørebø. Sørebøtunet framsto som ein velstelt prakteigedom. Far Geir, fortalde om og las segner av den store målmannpioneren og kulturpersonen Olav Sande. Han voks opp i nabolaget, på Sande.

gått over til å bruke denne metoden, kunne det vore spard milionsummar på tunnelsikring. Mellom Søreide og Bjordal er det ein lang tunnel utan lys. Ein gong Silje i sin ungdom sykla gjennom tunnelen, miste ho lyset på sykkelen midtvegs. Det vart totalt mørkt, men ho berga seg den lange vegen ut ved å gå langs tunellveggen og synge salmen «leid milde ljos». Metoden fungerte heilt fint, og han er gratis. Tiurspel Siste post på programmet var Masnes Villmarksmuseum. Hundrevis av utstoppa dyr og fuglar. Tiuroppdrett og mykje anna. Imponerande! Eitt av dei stolte tiurmannfolka let seg endåtil inspirere til tiurspel etter den normale leikeperioden. Dette i von om at det kunne by seg ein sjanse i det mangetallige publikummet. Dit må du reise om du ikkje har vore der. Til dykk som var med; tusen takk for turen og godt samvær. Til dykk andre; det vert nok ny tur neste år.

Mørk tunnel Under turen fekk vi høyre om det vi kan kalle «Siljemetoden» Dersom ein hadde

Silje Sørebø flankert av foreldra Geir Sørebø og Sissel Sørebø. Foto: Steinar Dvergsdal

Tidebøn i Ortnevik kyrkje med Ole Merkesvik Ådland. Foto Steinar Dvergsdal


HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2018

Ortnevik kyrkje var første stopp på turen. Foto Steinar Dvergsdal

På kaia i Ortnevik vart jølstringane tekne i mot med flagg. Foto: Vidar Feldt

13


14 HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2018

Endeleg var draumen blitt til røyndom og soknerådsleiar Astrid Feldt og prosjektleiar Jarle Helgheim kunne konstatere at kyrkja hadde fått ein heilt ny utsjånad.

Så kom vindauga endeleg på plass Dei nye glasmåleria i Helgheim kyrkje får mykje skryt Kyrkja vart som ny Dei mykje omtala, nye vindauga i Helgheimskyrkja kom på plass i byrjinga av april. Då vart det også klart at mannen bak den rause gåva var Arne Sunde. tekst HALLSTEIN DVERGSDAL foto HALLSTEIN DVERGSDAL OG VIDAR FELDT

Det er over eit år sidan biskopen fekk søknad om å få inn nye vindauge i koret og dermed få kyrkja tilbake til utsjånaden frå 1952, då vindauga i koret vart fjerna. Stor dag Det låg spenning og forventing i lufta den dagen i april då desse vindauga endeleg skulle monterast. Den som har vore

kunstnaren bak dei nye glasmåleria er Åshild Havåg Bergseth, som også har produserte liknande glasmåleri i Florø kyrkje, ei kyrkje som har same arkitekt som Helgheimskyrkja og som har fleire likheitstrekk med denne. – Eg fekk ideen då eg var i Florø i ei gravferd og såg desse glasmaleria, fortel Jarle Helgheim som tok ideen med seg heim og etter kvart vart koordinator for prosjektet etter at soknerådet også hadde velsigna tank­ane om å få kyrkja tilbake til sin opphavlege utsjånad. Historisk Med seks mann til å bere og nokre til å sjå på, vart dei tunge vindauga borne frå midtgangen og fram i koret, der dei etter kvart vart heisa på plass under oppsyn av Bjarne

Sunde. Alt gjekk som planlagt og etter nokre timar hadde koret i kyrkja fått ein heilt ny utsjånad. – Dette er historisk, sa Jarle Helgheim då han både stolt og litt rørd, kunne sjå at ideen og draumen hadde blitt røyndom. – No får altertavla eit heilt anna lys og glasmåleria supplerer symbolikken. I altertavla handlar det om Langfredag og død. I glasmåleria får vi også oppstoda med, symbolisert gjennom sommarfuglen på det ein glaset, fortalde Helgheim som etter kvart kunne syne fram dei nye vindauga til soknerådsleiar Astrid Feldt og begge smilte om kapp med det vakre lyset som strøymde inn gjennom glasmåleria. Dei nye vindauga har fått veldig mykje skryt etter at dei kom på plass, og superlativa er mange.


HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2018

15

Det måtte seks mann til for å bere dei tunge vindauga fram i koret. F.v.: Jon Egge, Jarle Helgheim, Jo Paulen, Magne Sunde, Sivert Dvergsdal og Kåre Dvergsdal.

Bjarne Sunde hadde ansvaret for at alt gjekk rett føre seg og følgde nøye med på monteringsprosessen.

Mannen som gjorde det mogeleg å få på plass dei nye vindauga, var Arne Sunde som gav 625.000 til prosjektet. Her har han fått besøk heime av soknerådsleiar Astrid Feldt som hadde med blomehelsing til den rause gjevaren. Foto: Vidar Feldt.

Oppstoda manglar på altertavla. No er den kommen med gjennom solsymbolet på toppen av det eine vindauga, og ein sommarfugl på det andre.


16 HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2018

Broder Ole har ikkje angra på munkelivet Jølstring med lang fartstid i kloster Noregs einaste benediktinarmunk – Å vere i kloster er ei spesiell livs­ form, men eg har ikkje angra, seier broder Ole Støfring frå Jølster. Hyrd­ ingrøysta møtte han i benediktinar­ klosteret i Egmond, Nederland. tekst og foto HALLSTEIN DVERGSDAL

Klosteret som heiter St. Adelbert Abbedi, er det eldste i Nederland og ligg fire mil nord for Amsterdam, ikkje langt frå byen Alkmaar. Der har broder Ole hatt tilhald sidan han valde å bli munk i 1982. Mange myter Det er hefta mange myter og fordomar til dette med kloster og klosterliv. Mange oppfattar munkar og nonner som menneske totalt ute av verda, eller i ei anna verd, opptekne med å lese, be og arbeide med jordiske ting til sjølvberging. Etter ein flytur på knappe to timar, ein liten togtur og ein endå mindre busstur, er vi framme ved ein stor, brun, slottsliknande

bygning. Klosteret St. Adelbert Abbedi. Nokre minutt seinare står vi ansikt til ansikt med ein smilande kar i svart, fotsid kappe. Han snakkar norsk og namnet er Ole Støfring Svalheim, eller broder Ole. I løpet av to dagar skal vi få litt nærare innsikt i moderne klosterliv. Faste rutinar Rutinane i klosterert er nøye regulerte. Alt skjer på fastsette tider og på sekundet. Mykje av tida går med til dei seks tidebønene, den første klokka seks om morgonen, den siste klokka åtte om kvelden. – Vi skal bruke tre timar i kyrkja dag­ leg og det er eigentleg lite, samanlikna med andre klostersamfunn, fortalde broder Ole om tidebønene som inneheld synging av salmane i bibelen og tekstlesing. Song­ en som munkane framførde, var eigentleg imponerande, både det som var av solosong og samsongen. Tekstlesinga handlar om å lese gjennom bibelen på tre år. Tidebønene er stort sett på ein halv time, men søndag

Klosterkyrkja er eit imponerande byggverk. Her er det høgmesse på søndag der munkane er kledde i kvitt. Elles er det svart, symbolet på at dei er «ute av verda»

Broder Ole har aldri angra på at han gjekk i kloster. Her kveikjer han lys i kyrkja før tidebøn.

er det høgmesse med nattverd, røykelse og elles det som høyrer til ei katolsk messe. Søndagen var kyrkja stappfull av menneske frå nabolaget, i tillegg til munkane og gjestene. Stillheit Tidebønene startar og sluttar på sekundet i høve til tidsplanen, og det same gjeld måltida. Det er tre måltid for dagen, kl. 08.00, 13.00 og 18.00. Klokka 21.00 skal det vere stilt i heile huset, også gjestehuset. Men det som verka mest framand for ein utanforståande var regelen om at det skulle vere fullstendig stilt under alle måltid, også i gjestehuset. I matsalen til munkane, der middagen vart servert, var einaste lyden den som kom ut av høgtalarane; enten klassisk musikk eller tekstlesing. Elles starta og slutta mid­dagen med at abbeden song ei bøn. Akkurat dette med å sitje mange rundt eit bord, utan å kunne seie eit einaste ord, var nok det som verka mest framandt i klosteret. Børs og katedral Eit kloster av i dag er nok ikkje det det ein gong var. Det vi opplevde var eit enormt stort anlegg, der 18 munkar var samla, og der klosterdrifta var kommersiell på alle måtar. Klosteret har eit relativt stort gardsbruk som er vekk leigd, men munkane driv ein del drivhusproduksjon av grønsaker og klosteret har eige bryggeri som lagar økologisk øl. Det finst også eit lysstøyperi og ein klosterbutikk der mangt og mykje er å få kjøpt. Klosteret arrangerer også kurs, omvisingar og konsertar, i tillegg til drifta av gjestehuset. Den åndelege delen av verksemda og det meste anna blir styrt av Abbeden, Gerard Mathijsen, ein jovial og hyggeleg kar som til og med slepte oss inn på kontoret


HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2018

17

Med på turen til Nederland var nestleiar i Jølster kyrkjelege fellesråd, Steinar Dvergsdal. Her saman med broder Ole utanfor hovudinngangen til klosteret.

Abbeden i klosteret, Gerard Mathijsen, var ein hyggeleg kar som slepte oss inn på kontoret sitt for fotografering.

Eit kloster utan bøker er som eit krigsskip utan kanonar. I det enorme biblioteket i klosteret, finst det også bok om Selja og klostertradisjonen

Broder Ole har, som dei andre munkane, lova stabilitet. Det vil seie at han skal vere i klosteret livet ut. I klosterhagen har dei eigen gravplass.

sitt for fotografering, noko som var svært uvanleg fekk vi høyre. Men abbeden tok også ansvar når vi skulle tilbake til Amsterdam og flyet heim att. Han stilte som sjåfør og køyrde oss til jernbanestasjonen, med fotsid, svart kappe og abbedkors på brystet. Reflektert og kunnskapsrik Ole Støfring er ein uvanleg kunnskaps­ rik mann med interesser og kompetanse innan mange fag. Då snakkar vi om historie generelt, religionshistorie, klosterhistorie, teologi, filosofi og språk. – Vi har alle identitet til ein stad, seier broder Ole som har klart å halde på det norske språket og har imponerande mykje kunnskap om det som skjer i heimbygda, og i Sogn og Fjordane. Han held seg også godt orientert om kva som skjer i klosterlivet her til lands. Nomade – Eg har levd eit omflakkande liv og prøvd litt av kvart, fortel Ole Støfring. Han er fødd i 1944 og vaks opp på Støfringsstøylen i Jøl-

ster. I 1965 reiste han frå Jølster for å gå på folkehøgskulen på Askelund i Balestrand. Det vart starten på ei utdanning som helsearbeidar innan psykiatrien. Etter arbeid fleire stader på Vestlandet, og også i England, vart det etterutdanning innan fotpleie i Danmark og nokre år i Gulen og kommunehelsetenesta der før han bestemte seg for å gå i kloster. Etter diverse klosterbesøk både i England, Skottland og andre land, bestemte han seg til slutt for Egmond i Nederland og Benediktinarklosteret der. Valde vekk familie Å vere munk handlar mellom anna om sølibat og farvel til alt som heiter omgang med det andre kjønn og familieliv. – Har du aldri sakna dette med barn og barnebarn? – Når du vel ein ting, vel du bort noko anna. Eg har det bra sjølv om eg ikkje har familie og når det gjeld ekteskapet så kan det vere både den største lukke og ei katastrofe, kjem det etter litt tenking.

Broder Ole har, som dei andre munkane, lova stabilitet, det vil seie at han skal vere i klosteret livet ut. – Er dette absolutt, utan høve til retrett?, spør vi. – Tidlegare var nok dette absolutt, men det er litt mjukare no. Om eg ville bryte ut så ville saka bli behandla etter visse prosedyrar her i klosteret og eg ville nok fått løyve til det. Om eg berre stikk av, så vil dei nok ikkje sende politiet for å hente meg, men heller for å finne ut kva som har skjedd. Elles håpar broder Ole på nytt Benediktinarkloster i Selje og har sjølvsagt registrert planane som er der. Men for han blir det å halde fram klosterlivet i Egmond og der kan han, inn mellom dei faste gjeremåla, drøyme om den vakre Sunniva som rak i land på Selja og gjorde øya til Noregs viktig­aste pilegrimsmål.


18 HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2018

skei@audhild-viken.no Tlf. 57 72 81 25 Postbok 123, 6801 Førde

952 00 433

Tlf. 57 72 83 50 / 959 87 820 Bjørn 959 87 822 / Geir 959 87 823

COOP MARKED VASSENDEN Måndag–fredag: 8–20 Laurdag: 8–18

COOP MARKED SKEI Måndag–fredag: 9–20 Laurdag: 9–18

Tlf. 57 72 72 00 vassenden@marked.coop.no

Tlf. 57 72 83 77 skei@marked.coop.no

Tlf. 57 72 70 16 / 917 63 804

Lona, 6842 Skei | 57 72 63 60 / 916 56 540 | aardalsbakke.no

6847 Vassenden

EVA AARSETH Tlf. 57 72 75 88

Tlf. 57 72 38 50

6800 FØRDE Tlf. 57 72 65 00 post@dsgruppen.no Tlf. 57 72 74 15 | jolsterbygg.no

EIN SMAK AV TRADISJON frå Anne Grete og Hilde Søgnesand • 6843 Skei Tlf. 951 10 688 / 948 97 236

ROALD SUNDE Maskinentreprenør - Sentral godkjenning

ALF HELGHEIM & CO AS 6843 Skei i Jølster Tlf. 57 72 83 11 post@alfhelgheim.no

FOTO • UR • GULL • SØLV • MUSIKK

SKEI REFLEKSOLOGI  vegen til god helse Else Marie Aa. Heggheim

Tlf. 57 72 81 91 / 952 31 915 GRAVING • TRANSPORT • MURING • SANDTAK

Refleksologi/Soneterapi • Behandling med TDP infrarød varmelampe Øyrelys • Detox • Body-wrapping • Bindevev- og refleksologimassasje Timebestilling: tlf. 974 05 662 | skeirefleksologi.no

NORSK SØNDAGSSKOLEFORBUND

 AUT. ENTREPRENØR 

søndagsskole.no | Konto: 8220.02.81027

graving • sprenging • transport • levering av pukk, singel og grus Tlf. 57 72 83 32 / 957 59 694

JOSTEIN SUNDE


HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2018

19

Kyrkja vår heim

Gudstenesteplanen kan bli endra; sjå oversikten på «Det Skjer»-sida i Firda. Det er høve til dåp i dei fleste gudstenester. Kontakt kyrkjekontoret for meir informasjon. JULI 6. sundag i treeiningstida - Søndag 01.07. VASSENDEN KYRKJESENTER kl. 11 Liturg: Karen Melhus. Nattverd. Takkoffer til IKO, Kirkelig Pedagogisk Senter. 7. sundag i treeiningstida - Søndag 08.07. ÅLHUS KYRKJE kl. 11 Liturg: Karen Melhus. Nattverd. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. 8. sundag i treeiningstida - Søndag 15.07. HELGHEIM KYRKJE kl. 19 Nattverd. Liturg: Reidar Knapstad. Takkoffer til Det norske bibelselskap. Olsok - Søndag 29.07. SUNNFJORD FOLKEMUSEUM I MOVIKA kl. 12 Friluftsgudsteneste Liturg: Stein Oltedal. Fellesguds­ teneste for Jølster, Førde, Holssen og Haukedalen sokn. Mogeleg å grille, bade og gå turløyper etter gudstenesta. AUGUST 11. sundag i treeiningstida - Søndag 05.08. HELGHEIM KYRKJE kl. 19 Liturg: Karen Melhus. Nattverd. Takkoffer til kyrkelydsarbeidet. 12. sundag i treeiningstida - Søndag 12.08. Friluftsgudsteneste på Kirkja kl. 12 Liturg: Silje Sørebø. Avgang kl. 11 frå parkerings­ plassen øverst i Svidalen, vest for elva. Gudsteneste ca kl. 12. Kirkja er fjelltrimpost dette året. 13. sundag i treeiningstida - Søndag 19.08. HAUGTUN kl. 11 Liturg: Silje Sørebø. Takkoffer til IKO, Kirkelig pedagogisk senter Vingardssundagen - Søndag 26.08. ÅLHUS KYRKJE kl. 11 Presentasjon av nye konfirmantar og jubileum for 50 års konfirmantar. Liturg: Silje Sørebø. Takkoffer til KFUK/KFUM Sogn og Fjordane Krins.

SEPTEMBER 15. sundag i treeiningstida - Søndag 02.09. HELGHEIM KYRKJE kl. 11 Presentasjon av nye konfirmantar og jubileum for 50 års konfirmantar. Liturg: Silje Sørebø. Takkoffer til speidargruppa på Skei. 16. sundag i treeiningstida - Søndag 09.09. ÅLHUS KYRKJE kl. 11 Hausttakkefest Liturg: Silje Sørebø. Takkoffer til Søndagsskolen Bergen krets. 5-åringar frå heile Jølster er spesielt invitert. 17. sundag i treeiningstida - Søndag 16.09. HELGHEIM KYRKJE kl. 11 Nattverd. Liturg: Asbjørn Gjengedal. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. 18. sundag i treeiningstida - Søndag 23.09. UTEGUDSTENESTE FRAMFOR SKEI OMSORGSSENTER i samband med Din Jølsterdag kl. 15 Liturg: Silje Sørebø. Takkoffer til Hyrdingrøysta. 19. sundag i treeiningstida - Søndag 30.09. VASSENDEN KYRKJESENTER kl. 11 Nattverd. Liturg: Silje Sørebø. Takkoffer til Normisjon Sogn og Fjordane. 20. sundag i treeiningstida - Søndag 07.10. HELGHEIM KYRKJE kl. 11 Nattverd. Liturg: Reidar Andreas Knapstad. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. OKTOBER 21. sundag i treeiningstida - Søndag 14.10. ÅLHUS KYRKJE kl. 11 Gudsteneste i høve Jazz på Jølst. Jazzmusikar Carl Petter Opsahl deltek på klarinett. Nattverd. Liturg: Silje Sørebø. Takkoffer til Kyrkjelydsarbeidet. 22. sundag i treeiningstida -Søndag 21.10. HELGHEIM KYRKJE kl. 11 Familiegudsteneste med utdeling av 4 års bok. Liturg: Silje Sørebø. Takkoffer til TV-aksjon/Bymisjonen. ÅLHUS KYRKJE kl. 14 Familiegudsteneste med utdeling av 4 års bok.Liturg: Silje Sørebø. Takkoffer til TV-aksjonen/Bymisjonen

TRENG DU KYRKJESKYSS? Treng du skyss til kyrkja kan du kontakte: Inger Veiteberg, tlf. 908 60 874, Alvdis Årdal, tlf. 919 16 620, Knut Osvoll, tlf. 911 90 709, Turid Høyvik, tlf. 472 48 832 og Astrid Aa Feldt, tlf. 416 84 368. Dette gjeld Helgheim sokn. Når det gjeld Ålhus, så kan de ta kontakt med Marta Fimreite på tlf. 913 87 552.

Døypte ÅLHUS SOKN | Vassenden kyrkjesenter 29.03.18 Vilde Løvlie Indrebø 03.06.18 Iver Helmen ÅLHUS SOKN | Ålhus kyrkje 20.05.18 Vetle Moan Støfring 20.05.18 Live Solheimsnes Lothe HELGHEIM SOKN | Helgheim kyrkje 21.01.18 Ada Fuglestrand Ripe 11.03.18 Håkon Stigson Sunde 01.04.18 Hedda Helmen Storevik 15.04.18 Elvira Sandal 15.04.18 Linnea Bakke 13.05.18 Sivert Alexander Øvrebø-Feldt 27.05.18 Hedda Kjøsnes Juklestad 27.05.18 Oliver Bell Kjøsnes 27.05.18 Iver Fenne Aamot Hamnanova 21.05.18 Andrea Ytredal Breim kyrkje 03.06.18 Jonas Årdal Klakegg Kjøsneshogen 10.06.18 Eira Andersen Fluge

Vigde ÅLHUS SOKN | Ålhus kyrkje 19.05.18 Soldis Årseth og Ole-Kjetil Espelid Trippestad 28.05.18 Bente Axelsson og Ole Johan Nordal

Gravlagde

ÅLHUS SOKN | Vassenden kyrkjesenter 06.04.18 Sigrun Louise Nyttingnes 04.05.18 Trygve Svidal 11.05.18 Bjarte Farsund Nilsen ÅLHUS SOKN | Ålhus kyrkje 13.04.18 Arna Dagrun Sandal HELGHEIM SOKN | Helgheim kyrkje 13.04.18 Gunnhild Leirvåg 22.05.18 Torbjørg Veiteberg 25.05.18 Aslaug Steinestø


NR. 2/2018 – 79. ÅRG.

Sidan sist

Barnedåp på Kjøsnes i juni. Foto: Kjell Kjøsnes

Prestestudentane Solveig Sandnes og Fredrik Sletbakk i sving i Ålhuskyrkja

Knut Sandal spela Hardingfele under friluftsgudstenesta på Hamnanova. Foto: Hallstein Dvergsdal.

Det var mykje rart å sjå under besøket hos Anders Brekke på kyrkjelydsturen nyleg. Foto: Vidar Feldt.

findriv.no

Friluftsgudsteneste på Hamnanova 2. pinsedag. Foto: Hallstein Dvergsdal


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.