Samvirke 1 2017

Page 15

– Eg er ein optimist. Og ein kjem lenger med godt humør, smiler han. Bygger til ammeku Han kunne like gjerne kome med dokumentmappe under armen frå kontorjobb på Forus ved Stavanger. Men han kjem i staden rett frå fjøset og to ammekubesetningar med Vestlandsk fjordfe og Hereford. Bygningsmassen på garden inkluderer ein ombygd, tradisjonell driftsbygning. I tillegg har han to lausdriftsbygningar med luftegarde mellom, bygd etter sveitsisk modell. I eine huset blir det fôra, medan liggebåsane er i andre bygningen. I tillegg er han i ferd med å bygga enda ein driftsbygning til ammekyr og kalv, planen er å ferdigstilla bygginga til våren. Og, det skjer meir på den 1 000 dekar store garden. Ein driftsbygning frå 1910 skal ominnreiast til selskapslokale. Kostnadsstyring og stor eigeninnsats høyrer med. I tillegg har han klokketru på det han held på med. – Eg satsar på nisjeproduksjon med Vestlandsk fjordfe, kanskje blir det til at eg fasar ut Hereford-besetninga på sikt. Vestlandsk fjordfe er fascinerande dyr med ei lang historie. Det er berre 600 utryddingstruga dyr att av rasen, fordelt på 160 bruk. Dei er små, veks seinare og har mindre mjølk enn andre storferasar, fortel den unge bonden. Marmorert museumsrase – Kvifor i all verda satsar du på desse dyra? – Eg ser andre verdiar enn storleik og volum. Vestlandsk fjordfe er gode beitedyr og gir minimalt med tråkkskader. Dyra greier seg utmerka utan kraftfôr og har ein kjøtkvalitet i særklasse. Kjøtet er feittmarmorert og har ein rik smak. Kokkar skryt kjøtet opp i skyene. Dei gler seg over å få tilgang på eit kjøtslag med ein historie og ein smak som forbrukarane vil ha. Ingve Berntsen trur på vern av storferasen gjennom drift. Han har trua, og han har stålkontroll på drifta.

– Rekneskapen skal gå i hop. Dette har eg rekna nøye på. Eg har ingen planar om å drita meg ut, forsikrar han. Bønesvar Bonden er ikkje åleine på Gausland. Faren bur i eine våningshuset. Kona til Ingve, Gunvor Orstad Berntsen, er på jobb. – Enn så lenge, smilar han. – Gunvor er oppvaksen på gard, og med tid og stunder er planen at garden vår skal gi arbeid og løn til oss begge, seier Ingve, og set seg til rette i lotusstilling, mjuk som ein topptrena røyskatt frå Høg-Jæren, i den kvite sofaen i stova. Ingve er fødd i Münster i Tyskland. Mora er tysk, medan faren er norsk.

«Å nå heilt til topps var uventa. Det er ei stor anerkjenning og blant det største eg har opplevd.» – Kanskje det er årsaka til den rare dialekta mi, spør han, og erkjenner at tonefallet gjer at folk lurer på bakgrunnen hans. Familien flytte frå Tyskland til Sandnes då Ingve var eit halvt år ung. Då han var ti, vart han klar over at han kom til å kunna ta over familiegarden på Gausland på odel. Kanskje var det eit bønesvar. – Då eg var liten og bad kveldsbøna, innehaldt ho tre konkrete ting. Hund, katt og gard, no har eg fått det eg ønska meg aller mest, smilar han. Utdanning er viktig Begge foreldra er legar. Ingve har heller ikkje sluntra unna med utdanninga. I tillegg til å vera agronom, har han ei bachelorgrad i samfunnsutvikling, og han har fleire høgskulefag i ryggsekken, innan historie, nyskaping, husdyrproduksjon, landbruksteknikk og økonomi.

Då bondekvardagen tok til for fullt, var den teoretiske ballasta god å ha. – Lærekurva har vore steil. Teoretisk kunnskap er gull verdt. No lærer eg nye ting kvar dag. Heldigvis er eg nysgjerrig, og spør gjerne naboar og kollegar elles om råd. Her i området er det mykje flinke folk. Kåringa av Årets unge bonde er eit samarbeid mellom Norges Bygdeungdomslag, McDonald's Norge AS og Felleskjøpet Agri, og er ein del av prosjektet Grønn Utdanning, som skal bidra til å rekruttere fleire unge til landbruksutdanning. I år vart juryen leia av landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Stort å bli kåra – Korleis var det å bli kåra til årets unge bonde? – Det var overraskande å i det heile bli nominert. Då eg seinare nådde semifinalen og finalen, vart eg rett og slett både himmelfallen og sjokka. Å nå heilt til topps var uventa. Det er ei stor anerkjenning og blant det største eg har opplevd. Fritt bondeyrke Føremålet med kåringa er å synleggjera landbruket og motivera unge til å satsa på ei landbruksrelatert framtid. Å vera bonde er eit godt yrkesval, ifølgje Ingve. – Du får høve til å forma din eigen kvardag og di eiga framtid. Dessutan gir yrket ein fridom som andre knapt kan drøyma om. Ingve Berntsen er oppteken av å engasjera unge til å ta over gardane. – Eg vil snakka fram landbruket enda meir og gjera det eg kan i mi ambassadørrolle for å auka rekrutteringa. 2017 blir eit spanande år. Med ny landbruksmelding og jordbruksforhandlingar. I tillegg er det valår. Er engasjert Dessutan er det alltid travelt for den

SAMVIRKE

#01 2017

15


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Samvirke 1 2017 by Felleskjøpet Agri - Issuu