BLODSBRØR VIKINGTIDA

Dersom to blanda blod, vart dei blodsbrør. Då lova dei å vere vener og hjelpe kvarandre, same kva som hende.
Vikingar plyndrar eit kloster på øya Lindisfarne nordaust i England. Dette blir rekna som starten på vikingtida.
Harald Hårfagre samlar Noreg til eitt rike i slaget ved Hafrsfjord.
Olav Tryggvason blir konge i Noreg. Han byggjer Noregs første kyrkje på Moster.
Vi vil no ta deg attende til vikingtida. Året er 940. Vi er på ein storgard ved kysten i Nord-Noreg. Ved bryggja ligg det to store skip. Dei er kalla knarrar og blir brukte til handel. Knarrane er korte og breie og har eit lasteplan i midten. No blir dei gjorde klare til ei lang og farleg reise til Miklagard.
4000 fvt. 1800 fvt. i dag 500 1500 0 500 fvt. 793–1066
Bronsealder Jernalder Yngre steinalder
Leiv Eiriksson oppdagar Amerika.
Olav Haraldsson blir konge i Noreg.
Olav Haraldsson døyr i slaget på Stiklestad. Noreg blir eit kristent land. Etter at han døydde, blir han kalla Olav den heilage.
Harald Hardråde døyr i slaget ved Stamford Bridge i England. Dette markerer slutten på vikingtida.
Miklagard er byen som i dag heiter Istanbul og ligg i Tyrkia. På vegen skal dei innom mange hamner og møte fleire skip. Det hardaste arbeidet er det trælane, slavane til vikingane, som må gjere. Trælane bestemmer ikkje over sitt eige liv. Eigaren kan både selje og gi dei bort. Akkurat det held no på å skje med trælguten Torstein …
På garden til Ottar er det travelt.
Folk spring fram og attende med utstyr og reiskapar.
Tinga skal lastast om bord i skipa til Eirik Sverresson.
Han skal segle til Miklagard og byte varer.
Inne i langhuset lagar kvinnene mat, og Arn stablar ved. Då høyrer han plutseleg mora si seie til tante Tora: – Dersom du treng ein ny træl, kan du ta med deg Torstein heim over fjellet. Arn trur ikkje det han høyrer. Han spring ut for å finne Torstein.
– Eg høyrde mor seie at ho vil gi deg bort, pesar Arn.
– Kva? roper Torstein.
– Eg vil ikkje dra for å vere træl for nokon annan!
– Det skal du ikkje heller! svarer Arn bestemt.
– Eg har nemleg ein plan! seier Arn og ser på Torstein.
– Vi skal bli med skipa når dei seglar i morgon. Vi snik oss om bord i natt og gøymer oss.
Møt meg i hola etterpå, seier Arn ivrig.
– Før vi dreg, skal vi to sverje ein eid, seier Arn høgtidleg.
– Vi skal vere blodsbrør til døden skil oss.
Kom med handa di, kommanderer Arn.
Torstein rekkjer fram handa, og Arn lagar eit kutt med kniven. Blodet dryp.
– Gjer det same med meg, seier Arn til Torstein.
Etterpå legg dei hendene mot kvarandre.
– Brør for alltid, seier gutane i kor.
– Tenk at vi er blodsbrør, ein husgut og ein træl, smiler Torstein fornøgd.
Same natta snik dei to gutane seg ut.
På veg ned til skipa går Arn innom bryggjarhuset.
Han tek med litt øl frå ei av øltønnene.
– Vi må ofre litt øl til sjøguden Njord.
Då gir han oss lukke på havet, seier han og heller øl ut i vatnet.
Dei listar seg om bord.
Forsiktig kryp dei under ein duk bak i skipet.
– No må vi prøve å sove litt, seier Arn.
– Når vi vaknar, er vi langt ute på det store havet.
Tenk på det, Torstein!
Vi er i Noreg i år 940.
VISSTE DU AT vikingane hadde slavar, som vart kalla trælar? Og at trælane ikkje var like mykje verde som andre menneske? Kva trur du skjer når Arn får høyre at bestevenen hans, trælen Torstein, skal sendast bort?
HISTORIER I SAMFUNNSFAG gir deg innblikk i korleis det var å leve i ulike periodar av verdshistoria. Alle historiene finst på tre forskjellige nivå og som digitale bøker med innlesen tekst.