Fig. 2.3. Det er neppe ein nordfarbåt som heng på veggen i Ishavsmuseet? Lengda på veggen er 9,7 meter. Samla lengd har kanskje vore 13 meter. Nordfarsbåtane lyt ha vore større.
Fig. 2.4. Den einaste gamle åttringen som finst att, står på Sunnmøre museum, Borgundgavlen.
Åttringen kan vera frå midt på 1700 eller litt før. Vi legg merke til at sexringen har dobbelt verde i høve ein trerøddingsbåd. Truleg svarar trerøringen til det som Strøm kalla kjempefæring, og som Sivert Bjørkedal (nedafor) kallar storfæring. Sivert Sjursen Bjørkedal, fødd 1852, bygde både snidbetningar og beingangarar (upublisert notat etter Bernhard Færøyvik). Han nemner desse storleikane:
Vi ser at storleikane overlappar ein annan, og dei er til dels ganske forvirrande. Systemet er med andre ord ikkje eintydig. Truleg er det slik at ein og same båten lyt ha fleire karakteristikkar for å kunne definerast eintydig. For åfjordsbåten sin del har vi noko liknande. Der kan ein kjempseksring også bli kalla firroring og halvfjerderømming alt etter kva det er ved båten som skal karakteriserast. Vi kan gå ut frå at systemet på Sunnmøre ligg nær noko slikt som skissert under:
Ottring opp til 27 alner, Seksring 22–24 alner, Firerøing 19–24 alner, Fjøringfar er det same som trerøing, opp til 20 alner, Storfæring er det same som trerøring. Store trerøringar 14–18 alner, Små trerøringar 12–14 alner, Færing 10–12 alner lange.
Sivert Sjursen Bjørkedal nemner også at det er noko som heiter nordfarsbåtar, som også gjekk under nemninga storebåt (det same som sambøring eller tendring?). Nordfarsbåtane var 32 alen lange og hadde seks keipar på kvar side. Nordover førte desse båtane smør, ost og kjøt. Sørover var lasta slipestein, kvernstein, never, korn og mjøl. Karl Helset sett opp desse båttypane (semesteroppgåve, Volda DH, 1977): Færing Kjempefæring Trerøring Seksring Fjørefar Ottring
9–12 al 13–18 al 13–18 al 20–22 al 20–22 al 23–28 al
4 årar 6 årar 6 årar 8 årar 8 årar 10 årar
• Færing, som andre stader, er dette ærendsbåten og den allsidige bruksbåten på heimesjøen 10–12 alen målt langsetter ripa. • Ei gruppe med båtar som er 12–18 alen, og som har tre til fire par årer. Nemningar er: kjempefæring, trerøring, storfæring firerøing, firrong, firemenning, og der småe nyansar har avgjort om eine eller hi nemninga er korrekt. • Seksring, firerøing og fjøringfar, 19–24 alen. Fjøringfar let til vanleg å ha hatt eit mannskap på seks slik at han er litt større enn seksring med fire par årer, men med mannskap på fem. • Åttring 24–27 alen med fem par årer og mannskap på sju eller åtte. • Nordfarbåt 32 alen. • Sambøring (stor føringsbåt). • Tendring (overgangstype til jekt).
Vi legg merke til at det vekslar mellom par årer og tal på mannskap som utgangspunkt for nemningane på storleikane, og at det er tal på mannskapet som gjeld for dei største. Åttring tyder helst at båten er rodd av (opp til) åtte mann. Dette er i samsvar med storleiksnemningar 51