I det fyrste verset av No livnar det i lundar finn me 26 stavingar, og dei inneheld alle ein vokal (ein einskildvokal eller ein diftong) og oftast ein eller fleire konsonantar føre og/eller etter vokalen. Stavinga utgjer eit byggverk av språklydar, ordna i høve til kvarandre etter faste prinsipp, som me kjem attende til i § 3.2. Melodien har éin note for kvar staving. I nokre melodiar blir dette prinsippet tilsynelatande brote, som i den melodien læraren, orga nisten og komponisten Lars Søraas d.e. (1860–1925) laga til Den fyrste song av diktaren og bladmannen Per Sivle (1857–1904) – jamfør figur 6.
Berg:
Figur 6 Eit utdrag frå s. 8 i Mads Berg: Skulesongbok (Oslo 1959)
Når det står to notar over til dømes kun i kun-ne og grå i grå-ten, tyder det at kun og grå skal syngjast som to stavingar. Dei ku-un-ne grå-å-ten stog-ga, syng me. Me har ei intuitiv forståing av kva ei staving er, iallfall i den grad at me ikkje har problem med å avgjera kor mange stavingar eit ord har – éin, skule, finare og konsonanten har høvesvis éi, to, tre og fire stavingar. Denne intuisjonen ligg til grunn for song, når me syng dei einskilde stavingane på særskilde tonar frå ein skala. Stavinga spelar òg ei sen tral rolle i tradisjonelt versemål. Sjå på dei to fyrste versa (strofene) av Den fyrste song i (1). Kvart vers har ei veksling mellom liner med åtte og sju stavingar når me les, og ikkje syng. (1) Dei to fyrste versa av Den fyrste song av Per Sivle Den fyrste song eg høyra fekk, var mor sin song ved vogga; dei mjuke ord til hjarta gjekk, dei kunne gråten stogga.
20
8 stavingar 7 stavingar 8 stavingar 7 stavingar
kapittel 1 Fonetikk og fonologi
0000 105273 GRMAT Spraak i skolen 150101.indb 20
23.04.15 11:45