Skogbruk NYN (9788211030863)

Page 1

Skogbruk

Skogbruk

| Naturbruk

Skogbruk er ein del av læreverket for Vg1 naturbruk frå Fagbokforlaget og dekkjer læreplanen i felles programfag for Vg1. Boka tek føre seg grunnleggjande kunnskap om skogs­drift og skogsøkologi og har arbeidsoppgåver som er knytte til ulike sider av drift i skogen. Boka er rikt illustrert, og teksten er lett å lese. Læreverket i Vg1 naturbruk frå Fagbokforlaget omfattar seks bøker: → Fiske og akvakultur → Landbruk → Skogbruk → Husdyr → Dyrefag og hestefag → Naturbasert næringsaktivitet Læreverket har ein nettressurs med innhald for både elev og lærar med omgrepsdatabase, undervisningsfilmar og aktivitetsforslag.

Skogbruk

Trond Håvard Bjørnstad

Naturbruk

ISBN 978-82-11-03086-3

NYNORSK

Vg1 NYN

Vg1



Trond Håvard Bjørnstad

Skogbruk Vg1 naturbruk Nynorsk



Innhald Kapittel 1 Skogen...................................................................................... 7 Kva er så skog? ......................................................................... 7 Skogsoner ................................................................................. 8 Slik kom skogen til Noreg ....................................................... 11 Naturtypar ............................................................................... 13 Skog som rekreasjonsområde................................................. 16 Kan du dette? .......................................................................... 16 Kapittel 2 Skogøkologi ........................................................................... Skog som økosystem .............................................................. Livsfunksjonane til planter og tre ............................................ Suksesjonar og sjikt i skogen .................................................. Dei ikkje-levande vekstfaktorane ............................................ Berggrunnsgeologi .................................................................. Jord og jordsmonn .................................................................. Dei levande vekstfaktorane ..................................................... Biologisk mangfald .................................................................. Kan du dette? ..........................................................................

17 18 21 24 25 34 34 37 39 43

Kapittel 3 Vegetasjonstypar i skog ....................................................... Vegetasjonstypar i barskog ..................................................... Lauvskogtypar ......................................................................... Myr og sumpskog ................................................................... Hagemarkskog ........................................................................ Kan du dette? ..........................................................................

45 47 55 57 59 59

Kapittel 4 Skogstrea ............................................................................... Namna på treslaga .................................................................. Bartrea våre ............................................................................. Vanleg gran (Picea abies) ........................................................ Furu (Pinus sylvestris) .............................................................. Einer og barlind ....................................................................... Utanlandske bartreslag ........................................................... Lauvtre..................................................................................... Varmekjære lauvtreslag ........................................................... Kan du dette? ..........................................................................

61 61 62 63 65 68 69 71 77 82


Naturbruk

Innhald

Skogbruk

Kapittel 5 Planlegging i skogen.............................................................  83 Stadstilpassa skogbruk............................................................  84 Standard for eit berekraftig norsk ­skogbruk............................  85 Skogbruksplan.........................................................................  86 Målingar på einskildtre.............................................................  89 Bestandsmålingar.....................................................................  94 Når er skogen hogstmogen?..................................................  101 Prisar, driftsvegar og miljøverdiar...........................................  102 Kan du dette?.........................................................................  103 Kapittel 6 Forynging...............................................................................  105 Naturleg forynging..................................................................  105 Planting..................................................................................  107 Foryngingshogst.....................................................................  112 Kan du dette?.........................................................................  115 Kapittel 7 Ungskogpleie........................................................................  117 Ugraskontroll og lauvtrerydding.............................................  117 Val av hovudtreslag og andre tre............................................  118 Avstandsregulering.................................................................  119 Handreiskapar til ungskogpleie..............................................  121 Bruk av motorryddesag..........................................................  121 Stongmontert kjedesag..........................................................  125 Stammekvisting......................................................................  125 Kan du dette?.........................................................................  126 Kapittel 8 Tynning..................................................................................  127 Føremoner og ulemper med tynning......................................  128 Tidspunkt for tynning.............................................................  128 Planlegging av tynninga.........................................................  130 Tynning i ulike bestand...........................................................  131 Sjølve tynningshogsten..........................................................  132 Kan du dette?.........................................................................  133

4


Naturbruk

Innhald

Skogbruk

Kapittel 9 Hogstreiskapar.....................................................................  135 Øksa.......................................................................................  135 Brytejern og løftekrokar..........................................................  137 Motorsag – typar og oppbygging...........................................  138 Verneutstyr og trygg bruk av motorsaga................................  140 Vedlikehald av motorsaga......................................................  144 Arbeidsplanlegging og arbeidsmåtar.....................................  149 Kan du dette?.........................................................................  151 Kapittel 10 Hogstteknikk med motorsag...............................................  153 Trefelling.................................................................................  153 Farlege situasjoner ved felling................................................  157 Kvisting...................................................................................  160 Aptering..................................................................................  162 Kapping..................................................................................  167 Kan du dette?.........................................................................  168 Kapittel 11 Framkøyring av tømmer......................................................  169 Hest i skogen..........................................................................  170 Snøskuter og minilunnar........................................................  172 Landbrukstraktoren i skogen..................................................  174 Tømmertilhengar og tømmerkran...........................................  179 Kan du dette?.........................................................................  182 Kapittel 12 Tyngre skogsmaskiner.........................................................  183 Lastetraktor............................................................................  184 Stammelunnar........................................................................  185 Hogstmaskin..........................................................................  186 Taubaner.................................................................................  191 Kan du dette?.........................................................................  191 Kapittel 13 Tømmerforedling og bioenergi............................................  193 Sagtømmer.............................................................................  193 Massevyrke (slip)....................................................................  194 Bioenergi................................................................................  195 Kan du dette?.........................................................................  200

5



Kapittel 1

Skogen Skogen er ein del av livsmiljøet for planter, dyr og menneske. Den er også ein viktig fornybar ressurs som kan produsere trevyrke og andre stoff vi treng. Med riktig bruk og stell kan vi ta vare på skogen for «all framtid».

Av alle landøkosystem er skog det mest komplekse eller samansette. Og utan at miljøfaktorar avgrensar utbreiinga, ville alle land­ område vore skog i ein eller annan form. Tilgang på vatn er den miljøfaktoren som i størst grad globalt sett hindrar skog i å utvikla ­ seg. Mot fjellet og mot polane er det temperaturen som er av­gje­rande. Men også mangel på jord eller lausmassar kan vera ein årsak til at vi ikkje har fått utvikla skog. Etter at mennesket kom til jorda, har den naturlege utbreiinga av skogen gått sterkt tilbake. Opprinneleg var om lag halvparten av jorda sitt landareal skogdekt. No er om lag 30 prosent skogdekt.

Kva er så skog? Skog er område som er prega av tre. Du kan seia at det er ein skog dersom trea er over 3 m høge, og avstanden mellom dei er mindre enn 30 m. Men det finst også mange andre definisjonar på kva ein skog er. Sjå tabellen på neste side. Ein skog kan vere så mykje – granskog, furuskog, lauvskog eller blandingsskog. Kvar skog er spesiell. Kvar skog rommar eit mylder av liv med planter og dyr som er avhengig av eit spesielt miljø.

7


Naturbruk

Kapittel 1 Skogen

Skogbruk

Kategori

Snaumark

Tresett areal

Skog

Definisjon

Tre under 2–2,5 m høge og som har mindre enn 25 % kronedekking.

Spreidde tre som har ei høgde på minst 2 m.

Mindre enn 30 m mellom trea, og trea er minst 3 m høge.

Tre som er minst 2,5 m høge og har minst 25 % kronedekking.

6 tre per da, som er eller kan verta 5 m høge.

Tre som er minst 5 m høge, og der avstanden mellom dei ikkje er over 30 m.

Tresett område med meir enn 10 % ­kronedekke.

Definert av

NIBIO

Mork og Heiberg

Mork og Heiberg

NIBIO

Økonomisk kartverk

Store norske leksikon

FAO

Definisjonar av skog

Trea påverkar utsjånaden av landskapet, og dei på­verkar eigne og andre planter sine veksttilhøve. Eitt av dei store økologiske problema på jorda er i dag avskoginga i tropiske område. Av­­ skoginga der, men også andre stader i verda, er del av ei naturkrise verda står ovanfor. Verdifulle artar som berre skogen er levestad for, blir borte for alltid.

Skogsoner Dersom vi går frå ekvator og nordover eller sørover ser vi at skogane skiftar karakter. På eit vegetasjonskart over jorda ser det ut for at dei ulike typane av skog dannar belte. Desse beltene vert kalla skogsoner. Men vi ser også at skogen skifter karakter dersom vi går frå kysten og innover mot høglandet. Då snakkar vi om skog­ regionar. Temperaturen går ned både med avstand frå ekvator ­­og med høgda over havet. Saman med nedbøren er dette ­årsaka til at vi får danna ulike ­globale skogsoner. Skogane i verda kan delast inn i → eviggrøne skogar (sjå biletet nedst på neste side) → periodisk grøne skogar (øvst på neste side) → barskogar (sjå fotoet i starten av kapittelet) Eviggrønne skogar Tropisk regnskog finn du i nedbørrike og varme strok i eit bredt belte på begge sider av ekvator. Desse skogane finn du i Mellomog Sør-Amerika, i Sentral-Afrika og i det søraustlige Asia. Dette er frodige skogar med stor artsrikdom. Det er stor artsrikdom av 8


Naturbruk

Kapittel 1 Skogen

Skogbruk

Når vintrane er så kalde som i Noreg, kastar lauvtrea blada sine og tek ein kvileperiode om vinteren. I Noreg finn du den sommargrøne skogen i eit smalt belte ytst på Sørlandet. Typiske treslag her er varmekjære treslag som eik, alm, ask, lind, hassel, bøk og svartor. Biletet viser lauvspretten i eikeskogen i Straumen edellauv­­skog­reservat på Lista.

Tropiske regnskogar er eviggrøne med eit stor mangfald av dyre­artar og planter, ikkje minst lianer.

9


Naturbruk

Kapittel 1 Skogen

Skogbruk

klatreplanter eller lianer. Regnskogane finner du også i subtropiske strok og i høgareliggande område med mykje tåke. Temperert regnskog er mykje lik tropisk regnskog, men klatre­plantene mangler. Desse skogane finn du i vestlegaste Nord-­ Amerika, Chile, Japan, Kina og New Zealand. «Hartlaub»-skog finn du i områder med tørre og varme somrar og milde, nedbørrike vintrar. Desse skogane finn du rundt Middel­ havet, i California og i Australia. Periodisk grøne skogar

Våre boreale barskogar har sitt typiske dyreliv. Her flyr kattugla.

10

Regngrøn skog finn du i områder der nedbøren og ikkje tempe­ raturen avgjer lauvsprett og lauvfall. Desse skogane finn du i Afrika, Sør-Asia og i Mellom- og Sør-Amerika Sommergrøn skog finn du på den nordlege halvkule, i eit belte sør for den boreale barskogen. Vintrane er så kalde at lauvtrea «kastar» blada sine og tek ein kvileperiode. I Noreg finn du slik skog i eit smalt belte ytst på Sørlandet. Typiske treslag her er varme­kjære treslag som eik, alm, ask, lind, hassel, bøk og svartor.


Naturbruk

Kapittel 1 Skogen

Skogbruk

Boreale barskogar Dei boreale barskogane ligg som eit belte i nord, i Eurasia og i Nord-Amerika. Den norske barskogen tilhøyrar dette området. Det meste av skogane våre høyrer til den boreale (nordlege) skogsona. Her dominerer gran og furu. Men heilt i sør har vi skogar som høyrer til den tempererte klimasona der det er varme­kjære treslag som eik, alm, bøk og lind. Furu er også vanleg her, mens grana er meir sporadisk i denne sona.

Slik kom skogen til Noreg For litt over 10 000 år sidan var Noreg og Skandinavia dekt av is. Det var istid i Norden. Men etterkvart endra klimaet seg og isen begynte å smelte og trekke seg tilbake. Det gjorde det mogleg for dei første plantene å finne fotfeste i jorda som kom fram frå iskanten. Dei første trea som kom var nokre arktiske vierartar, og der­etter kom dvergbjørk, vanleg bjørk, gråor og hegg. Desse treslaga etablerte seg så fort det var jord og slå rot i og temperaturen var høg nok til at dei kunne overleve. Kanskje var dei her allereie på slutten av istida.

Omtrent slik reknar forskarane med at isdekket dekte Skandinavia under siste istid. Men etterkvart endra klimaet seg, og isen begynte å smelte og trekke seg tilbake. Kjelde: Wikimedia Commons, Ulamm

11


Naturbruk

Kapittel 1 Skogen

Skogbruk

Hovudutbreiinga av gran i Skandina­via. Dei små føre­komstane på Vest­landet er ikkje vist på kartet. Ho finns naturleg berre på Voss og nokre få stader i indre fjordstrok. Det er deri­mot planta ganske mykje gran, både på Vestlandet og i Nord-Noreg. Kjelde: Wikimedia Commons, Darekk2 using the IUCN Red List spatial data

Etterkvart drog isen seg såpass tilbake at det vart varmt nok for tre­slag, som osp, furu og hengebjørk. For ca. 7500 år sidan vart det ganske varmt, til og med litt varmare enn det er no. Treslag som alm, lind, ask, eik, svartor og andre varmekjære treslag etablerte seg. På Hardangervidda var det furuskogar. Du kan finne restar av store furustokkar i myrene inne på vidda. Men det vart litt om senn kaldare att. Det førte til at dei varme­ kjære treslaga gjekk sterkt tilbake og dei vart heilt borte i høgare­ liggande strok. Skoggrensa mot fjellet gjekk nedover og i ytre kyststrok vart skogen avløyst av lyng og krattskog. Furuskogen på Hardangervidda døydde ut på grunn av klimafor­verringa. I dei siste 2–3000 åra har vi hatt eit klima omtrent som no. Det er no grana spreier seg i landet. Det har vore vanleg å tru at grana spreidde seg frå sør i Europa, eller frå Russland gjennom dei baltiske landa og Finland, rundt Bottenvika, sørover i Sverige ­og inn i Noreg den vegen. Ein nyare teori er at grana kan ha over­levd istida på mindre område langs kysten, og spreidd seg herifrå. I det råe og kjølige klimaet vi fekk for 2–3000 år sidan, greidde grana seg betre enn dei andre treslaga. Den spreidde seg raskt og vart etter kvart det dominerande treslaget over store deler av landet. I denne perioden kom også bøk til landet. I dag dominerer gran, saman med furu, landet vårt. Ho fins naturleg på Aust- og Sørlandet og i Trøndelag nord til Saltfjellet. Det er ikkje mykje naturleg gran på Vestlandet. Ho finns natur­­­ leg berre på Voss og nokre få stader i indre fjordstrok. Det er deri­­mot planta ganske mykje gran, både på Vestlandet og i N ­ ord-­­ Noreg. Grana er i dag eit viktig treslag også i nord og i vest. 12


Naturbruk

Kapittel 1 Skogen

Skogbruk

Naturtypar Under og etter istidene i Noreg har landskapet endra seg mykje. Dei ulike naturtypane våre har utvikla seg både med og utan mennesket si hjelp. I naturen finst det uendeleg med variasjon. For å forstå naturen prøver vi å organisere (og forenkla) denne variasjonen. Det gjer vi ved å lage system. Til dømes har vi organisert grunnstoffa, dei minste byggesteinane i naturen, i det periodiske systemet. Carl von Linné sette opp eit system for artar på bakgrunn av slektskapet deira (sjå side 62). Det er også eit system som deler naturen i Noreg inn etter naturtypar. Dette systemet heiter Natur i Noreg (NiN). Uansett korleis det ser ut der du er, kan staden passe inn i dette systemet. Du kan seie at du står i ein spesiell naturtype, uansett korleis det ser ut der du er. NiN gir deg opplysingar om naturtypen. Om du er på ein parkeringsplass i ein tettstad, i ein park i ein by, i ein åker eller i ei eng, på fjellet eller i skogen, vil staden passe inn i ein naturtype etter NiN. Ein naturtype er ein einsarta type natur som omfattar alle levande organismar og dei miljøfaktorane som verkar der. Det kan også vere spesielle typar naturførekomstar som til dømes dammar, åkerholmar eller grusryggar. Grunnlaget for denne inndelinga i naturtypar er altså kva som på­verkar naturen. Mennesket er kanskje den viktigaste påverka­ ren på naturen. Når det gjeld skog, snakkar vi derfor ofte om urskog, om naturskog og om kulturskog: → Urskog er ein urørt skog som har vorte til ved naturleg forynging på urørt skogsmark, utan menneskeleg påverknad. Slik skog finn du særs lite av i norske skogar. → Naturskog er skog der mennesket har hatt liten påverknad på utviklinga. Og mennesket sin påverknad har ikkje forstyrra utviklinga av naturtypen. → Kulturskog er skog der mennesket har hatt stor eller avgjerande påverking på utviklinga til skogen. Skogen er kanskje planta og skogeigaren kan ha stelt skogen med ungskogpleie, avstandsregulering og tynning. Skogen kan dermed vere einsaldra og med jamn avstand mellom trea.

13


Naturbruk

Kapittel 1 Skogen

Skogbruk

Men det er ikkje berre mennesket som påverkar utviklinga i naturen. Vegetasjonen i naturtypen har også hatt påverknad på utviklinga, og tilgang på næring og vatn påverkar også utviklinga av naturen. I kapittelet om vegetasjonstypar kan du lese meir om dette. Korleis kan du sjå at dette er ein kulturskog?

14


Naturbruk

Kapittel 1 Skogen

Skogbruk

Skoggrensa

Skogen dannar ei grense mot fjellet. Skoggrensa har i løpet av dei siste hundre åra flytta seg oppover, og bjørkeskogbeltet som vi ser her, kan gå heilt opp til 1200 meter.

Når vi snakkar om skoggrensa, tenkjer vi oftast på grensa mot fjellet. Men skogen har også ei grense mot nord, mot kysten, mot vatn, mot innmark og mot areal med busetnad. Skoggrensa mot fjellet har i løpet av dei siste hundre åra flytta seg oppover. Det har fleire årsaker. Sommartemperaturen har auka litt slik at den klimatiske skoggrensa har stige. Men i mange strok av landet har skoggrensa stige langt meir enn auken i sommartemperaturen skulle tilseia. Ei årsak kan vera at det nesten er heilt slutt på stølsdrifta (seterdrifta). Med tilbake­ gangen av stølsdrifta har det vorte mindre beiting og mindre hogst i fjellskogen. Dermed har skoggrensa krabba oppover. Mot fjellet og mot nord er det bjørk som oftast dannar skoggrensa. Men vi snakkar også om ei barskoggrense. Det er som oftast furu som dannar barskoggrensa mot fjellet. På Austlandet går barskoggrensa ved ca. 950 m over havet, på Vestlandet og i Nord-Noreg noko lågare. Einskilde stader på Austlandet går granskogen enno litt høgare enn furuskogen. Barskoggrensa kan her gå ved ca. 1000 m over havet.

15


Naturbruk

Kapittel 1 Skogen

Skogbruk

Skog som rekreasjonsområde Mange av oss er først og fremst ute i skogen i samband med friluftsliv; på sopp- og bærsanking eller på fot- og fisketurar. Skogeigarane har plikt til å stella skogen slik at slike aktivitetar ikkje vert hindra. Skogen rundt byar og tettstader har særleg stor rekreasjonsverdi. Ein del av friluftslivsaktivitetane kan ha ein økonomisk verdi for skogeigaren. Jakt- og jaktutleige har nok mest å seia. Her må skogen stellast slik at ein tek omsyn til at viltartane får gode levekår.

På skogstigar kan sykkelen vere fin å bruke. Nokre gongar kan det også bli slitsamt.

Kan du dette?

16

Kva skal til for at vi kan kalla eit område for skog?

Kva er skilnaden på ein urskog, ein naturskog og ­ein ­kulturskog?

Kva er ein NiN?

Korleis kom grana til Noreg?

Boreal barskog, kva er det?

Kva meiner vi eigentleg med skogsoner?

Kva skogsoner høyrer dei norske skogane til?

Kor høgt oppe finn vi dei ulike skoggrensene i Noreg ­­– om vi går i fjellet i Sør- eller Nord-Noreg eller om vi er på Vestlandet?


Kapittel 2

Skogøkologi

I skogen er det alltid eit nært samspel mellom levande organismar (dyr, planter, sopp og bakteriar) og det ikkje-levande miljøet desse organismane lever i. Det er læra om dette sam­spelet som kallast økologi – i skogen kallar vi det skog­ økologi. Maurtua, som bilete over frå Stordamsmyra natur­ reservat ved Fredrikstad viser, inngår i dette samspelet. 17


Naturbruk

Kapittel 2 Skogøkologi

Skogbruk

Skog som økosystem Vi ser ikkje på dyr og planter isolert, men som delar av eit økosystem. Naturen består av mange ulike økosystem. Dei kan vere små eller dei kan vere store. Skogen er også eit økosystem, slik som ei myr, ein innsjø eller eit fjellområde kan vere det. Men det vesle området kring ei maurtue eller kring ein stubbe kan også vere eit økosystem. Dei levande organismane påverkar økosystemet. Dei blir kalla dei biotiske faktorane. Men klimaet og jorda, som ikkje er levande organismar, påverkar også økosystemet. Dei blir kalla abiotiske faktorar. Dei abiotiske faktorane kan delast i → dei klimatiske faktorane – dei som er knytte til klima, ­t.d. solinnstråling, nedbør og vind) → dei edafiske faktorane – dei som er knytte til jorda, som jordstruktur, opphavsmateriale, osb.

Levande organismar, som flagg­ spetten på trestamma, påverkar økosystemet på kvar si måte.

18


Naturbruk

Kapittel 2 Skogøkologi

Skogbruk

Populasjonar I eit økosystem er det mange ulike artar og mange individ av kvar art. I skogen finn du til dømes mange elgar, mange grankrossnebb, mange røsslyngplanter og mange smyleplanter. ­Slike samlingar av individ av same art blir kalla populasjonar (bestandar). I eit økosystem kan du sjå at det blir bygd opp biomasse. Biomassen i eit økosystem er alt tørrstoffet som samla er bygd opp i planter (t.d. tømmer), dyr (t.d. kjøt) og andre organismar (sopp og bakteriar). I utgangspunktet er alle økosystema i jamvekt, der dei ulike populasjonane av mikroorganismar, planter og dyr regulerer kvarandre og tilpassar seg dei ikkje-levande faktorane. Vi menneske har i mange tilfelle endra denne jamvekta, med mellom anna bruk av store maskiner i skogen og hogst av store flater. Det er viktig at du kan mykje om økologi og om korleis handlingane våre grip inn i balansen i naturen.

Skisse av eit økosystem i ein skog i Skandinavia

19


Naturbruk

Kapittel 2 Skogøkologi

Skogbruk

Næringskjeder I skogen er det mange organismar, alt frå mikroorganismar til planter og tre og til elg, storfugl, hauk, rev og ulv. Vi snakkar om tre typar av organismar: → Produsentar (dei bygger opp): tre, gras, busker osb. → Konsumentar (forbrukarar) a) Primære konsumentar (planteetarar): ku, hest, elg, hare, storfugl, smågnagarar osb. b) Sekundære konsumentar (rovdyr, åtseletarar): rev, hauk, kråke osb. c) Tertiære konsumentar (rovdyretande rovdyr, åtseletarar): ørn, ulv, bjørn osb. → Nedbrytarar: leddormar, soppar, bakteriar osb.

Elg og rev. I næringskjeda er ein av dei primærkonsument medan den andre er sekundærkonsument. Men kven er kven?

20


Naturbruk

I fotosyntesen vert solenergi omforma til energirike kjemiske sambindingar. Det skjer i blad og nåler som har kloro­fyll. Her ser du eit eikeblad. Fotosyntesen skjer berre når det er lyst, medan andingsprosessen går føre seg både i dagslys og om natta.

Kapittel 2 Skogøkologi

Skogbruk

Produsentane skaffar seg energi frå sollyset og omformar lysenergien til kjemisk energi ved hjelp av nokre kjemiske reaksjonar som vi kallar fotosyntesen. Konsumentane lever derimot av å ete planter eller andre dyr, og dei er såleis avhengige av produsentane for å få den energien dei treng for å byggje seg opp. Nedbrytarane er også avhengige av planter eller dyr for å skaffe seg energi. Dei sørgjer for at daudt organisk stoff ikkje hopar seg opp i naturen. Dei bryt ned dei organiske stoffa til uorganiske stoff som plantene kan bruka oppatt i neste omgang. Dei sørgjer altså for gjenbruk i naturen. Økosystemet er såleis sjølvforsynt med næringsstoff, men det treng påfyll av energi frå sola. Ein slik kjede der kvar organisme lever av organismen i leddet føre, kallar vi ei næringskjede. Om lag 90 % av energien i biomassen blir borte mellom kvar lekk i næringskjeda. Vi seier at stoff vandrar gjennom næringskjedene, frå produsentane til konsumentane og vidare gjennom nedbrytarane. Legg merke til at dette gjeld ikkje berre næringsstoff, men også giftstoff som t.d. plantevernmiddel (biocid).

Livsfunksjonane til planter og tre Det er dei grøne plantene, til dømes tre, gras og urter som står for produksjonen i eit økosystem. I fotosyntesen omformar dei solenergi til energirike kjemiske sambindingar som går føre seg i dei grøne delane av plantene. I blad og nåler finst klorofyll, og det er der sjølve fotosyntesen skjer. Karbondioksid (CO2) frå lufta blir omdanna til glukose (druesukker) ved hjelp av energi frå sollyset. Ein del av oksygenatoma vert i denne prosessen frigjort og kjem ut i lufta rundt plantene. Formelen ser slik ut: Karbondioksid (CO2) + vatn (H2O) + lysenergi → glukose (C2H12O6) + oksygen (O2) Men plantene treng også sjølv energi for å vekse og til å hente opp næringssalt frå jorda. Denne energien får dei ved å spalte (forbrenne) ein del av glukosen som er produsert i fotosyntesen. Denne prosessen blir kalla anding og har denne formelen: Glukose (C2H12O6) + oksygen O2 → karbondioksid (CO2) + vatn (H2O) + energi

21


Naturbruk

Kapittel 2 Skogøkologi

Skogbruk

Skogen, fossilt brensel og drivhuseffekten Når eit tre veks, ser vi at fotosyntesen byggjer opp meir stoff enn ­andinga bryt ned. Vi får altså ein nettoproduksjon. Storleiken ­varierer med treslag, jordbotntilhøve, vasstilgang og klima. Men det er ikkje berre fotosyntese som byggjer opp treet. Treet består jo ikkje berre av glukose. Glukose vert omdanna til stivelse og cellulose. Næringsemne vert tekne opp frå jorda, og det vert laga protein og andre stoff som treet er sett saman av. Forbruk av fossilt brensel er i dag mellom dei største utfordingane verda står ovanfor. Store mengder CO2 blir slept ut i atmosfæren. Noko av dette karbondioksidet stig opp i atmosfæren og legg seg som eit «teppe» rundt jorda og reflekterer varmestrålar frå jorda ned att. Dette fører m.a. til at temperaturen stig. Det er vanskeleg å få eit oversyn over alle konsekvensane dette har. Derfor er det viktig at vi gjer det vi kan for å redusera utsleppa av CO2. Dette vert ofte kalla å ta omsyn til eit «føre var»-prinsipp. Skogproduksjon bind CO2. Når vyrket rotnar eller blir brent, blir CO2 frigjeve til atmosfæren att. Men grøne planter bind denne CO2-mengda på nytt. Det er såleis brenning av fossilt brensel som er hovudårsaka til auken av CO2-mengda i atmosfæren. Dersom trevyrket blir nytta til varige konstruksjonar, til dømes hus, blir ein del av karbondioksidet i lufta lagra. Når skogprodukt blir nytta i staden for material produsert av råstoff som ikkje kan fornyast, som olje eller gass, blir utsleppet av klimagassar redusert. Dersom vi bruker trevyrke i konstruksjonar i staden for stål og betong, vert energiforbruket per kvadratmeter redusert med 20 %.

Teikningane viser korleis foto­­syn­ tesen skjer om dagen, medan celleandinga også skjer om natta.

LjusLjus CO2CO2

Klorofyll Klorofyll

O2 O2

O2 O2

Fotosyntese Fotosyntese

VatnVatn (H2O) (H2O)

22

Anding Anding Glukose Glukose (sukker) (sukker)

VatnVatn (H2O) (H2O)

Glukose Glukose (sukker) (sukker)

Næringsstoff Næringsstoff

Glukose Glukose (sukker) (sukker) Omdanning Omdanning til cellulose til cellulose

CO2CO2

Lagring somsom Lagring

Oppbygging Oppbygging av protein av protein

VatnVatn (H2O) (H2O)


Naturbruk

Vi har mange vakre og markante tre­bygningar i Noreg, både gamle og nye. Leonardo da Vinci-broen blei bygd i 2008 etter vel 500 år gamle teikningar. Då Mjøs­tarnet vart innvia i 2019, var det Norges høgaste trebygning med sine 85,4 meter!

Kapittel 2 Skogøkologi

Skogbruk

Bruk av trevyrke til oppvarming dreg også i same retning. Nye omnar og fyringsanlegg utnyttar energien i veden godt. Det er rekna at skog som energikjelde kan dekke 25 % av energi­ behovet i Noreg. Ved å auke skogproduksjonen kan vi binde mykje CO2. I Noreg har vi dei siste 100 åra om lag dobla produksjonen av trevyrke i norske skogar. Vi har også om lag dobla den ståande kubikkmassen. Med ei satsing på å få opp ny skog, og med å nytte trevyrke i staden for fossilt brensel, kan vi vere med å bidra i kampen mot klimaendringane med årsak i store CO2-utslepp. Når grøne planter veks, lagrar dei karbondioksid (CO2) i plante­ delane, og dei produserer oksygen (O2) gjennom fotosyntesen. Ein stor del av denne oksygenproduksjonen og CO2-bindinga skjer i skogområda. Det har skjedd ei sterk avskoging mange stader i verda. Auka av CO2 i atmosfæren er med på å forsterka drivhuseffekten. Dermed aukar temperaturen på kloden og vi kan få meir tørke og eit stigande havnivå.

23

Foto (øvst): Voll Arkitekter AS + Ricardo Foto


Skogbruk

Skogbruk

| Naturbruk

Skogbruk er ein del av læreverket for Vg1 naturbruk frå Fagbokforlaget og dekkjer læreplanen i felles programfag for Vg1. Boka tek føre seg grunnleggjande kunnskap om skogs­drift og skogsøkologi og har arbeidsoppgåver som er knytte til ulike sider av drift i skogen. Boka er rikt illustrert, og teksten er lett å lese. Læreverket i Vg1 naturbruk frå Fagbokforlaget omfattar seks bøker: → Fiske og akvakultur → Landbruk → Skogbruk → Husdyr → Dyrefag og hestefag → Naturbasert næringsaktivitet Læreverket har ein nettressurs med innhald for både elev og lærar med omgrepsdatabase, undervisningsfilmar og aktivitetsforslag.

Skogbruk

Trond Håvard Bjørnstad

Naturbruk

ISBN 978-82-11-03086-3

NYNORSK

Vg1 NYN

Vg1


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.