GRIP 1 Samfunnsfag Grunnbok NYN (2023) (9788211046093)

Page 1

Samfunnsfag GRIP 1

INGRID VÆRUM LARSEN | MARI HØIVIK

Grip 1 Samfunnsfag Grunnbok Nynorsk

Ingrid Værum Larsen og Mari Høivik

Hei!

Dette er ei bok i samfunnsfag. Samfunnsfag er eit viktig fag fordi du lærer om verda og om Noreg. Du lærer også om å leve og jobbe saman med andre menneske.

Du blir kjend med desse menneska i GRIP 1 Samfunnsfag. Dei kjem frå ulike land. Det nye heimlandet deira er Noreg.

Namn: Benjamin Garang

Alder: 20 år

Kjem frå: Sør-Sudan

Namn: Sabah al-Habib

Alder: 37 år

Kjem frå: Syria

2 Hei!

Namn: Nadim al-Habib

Alder: 38 år

Kjem frå: Syria

Namn: Freta Tesfay

Alder: 28 år

Kjem frå: Eritrea

3 Hei!
4 Innhald Innhald 1 Verda . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 8 Jorda og menneska . . . . . . . . . . . . . . . . . . 10 Land. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 12 Verdsdelar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 14 Asia . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 16 Afrika. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 18 Sør-Amerika. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 20 Nord-Amerika . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 22 Europa. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 24 Oseania. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 26 LÆR MEIR: Midtausten . . . . . . . . . . . . . . . . . 28 LÆR MEIR: Norden . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 32 2 Reiser og digitale verktøy . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 34 Folk reiser. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 36 Folk flyttar til ulike stader i Noreg . . . . . . 38 Fylke. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 41 Kommunar. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 42 Adresse. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 43 Kart er eit verktøy. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 44 Internett er eit verktøy . . . . . . . . . . . . . . . 46 LÆR MEIR: Ahmad fortel om Syria . . . . . . . 48 LÆR MEIR: Ordbok er eit verktøy . . . . . . . . 50
5 Innhald
Familiar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 52 Familiar i Solåsen 23 . . . . . . . . . . . . . . . . . 54 Ulike familiar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 56 Roller. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 58 Likestilling. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 60 Ulike roller i ulike samfunn. . . . . . . . . . . . 62 Å oppdra barn . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 64 LÆR MEIR: Samfunn er ulike . . . . . . . . . . . . 66 LÆR MEIR: Møte med læraren . . . . . . . . . . . 68 LÆR MEIR: Møte med barnevernet . . . . . . . 70
Samfunn . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 72 Små og store samfunn . . . . . . . . . . . . . . . 74 Medborgarar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 76 Respekt. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 78 Reglar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 80 Lover . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 82 LÆR MEIR: Straffer . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 84 LÆR MEIR: Klassen til Nadim lagar reglar . 86
3
4
6 Benjamin fortel om Sør-Sudan 5 Menneskerettar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 88 Rettar. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 90 Land bryt menneskerettar . . . . . . . . . . . . 93 1. mai i Kristiansand. . . . . . . . . . . . . . . . . . 95 LÆR MEIR: FN i Mali . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 96 LÆR MEIR: Neha får ikkje gå på skule . . . . 98 6 Demokrati og deltaking . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 100 Demokrati. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 102 Ytringsfridom. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 105 Å diskutere i eit demokrati . . . . . . . . . . . . 106 Valdag i Noreg. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 108 LÆR MEIR: Diktatur . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 110 LÆR MEIR: I fengsel fordi dei seier og skriv kva dei meiner . . . . . . . . . . . . . . . 112 LÆR MEIR: Benjamin fortel om Sør-Sudan . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 114
7 Innhald 7 Utdanning . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 116 Utdanning i Noreg . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 118 Introprogrammet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 121 Nadim vil bli tømrar i Noreg . . . . . . . . . . . 122 Økonomisk støtte. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 124 LÆR MEIR: Freta blir kokk i Noreg . . . . . . . . 126
Arbeid . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 128 Arbeid . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 130 Yrke . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 131 Intervju med frisøren Jason. . . . . . . . . . . 134 Ein god arbeidsplass . . . . . . . . . . . . . . . . . 136 Næringar. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 138 LÆR MEIR: Arbeidskontrakt og lønn. . . . . . 142 LÆR MEIR: Eigenmelding og sjukmelding. 144 Finn ord i boka . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 146 Til læraren . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 148 Biletliste . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 153
8

Verda 1

Dette skal vi lære om:

• Korleis ser jorda ut?

• Korleis bruker menneska jorda?

• Kva er klima?

• Kva er eit kart?

• Kva betyr «nord», «sør», «aust» og «vest»?

• Kva heiter verdsdelane?

SNAKK SAMAN

1 Kva ser du på biletet?

2 Kva lever menneska av på jorda?

3 Kvar bur menneska?

4 Kva land kjem du frå?

5 Kva for nokre land kan du namnet på?

Jorda og menneska

Vi bur på jorda. Jorda heiter også verda.

Jorda er rund. Jorda har land og hav. Hav er salt vatn. Nokre stader har fjell. Nokre stader er flate.

Klima

Klimaet er veldig ulikt på jorda. Klima betyr det vanlege vêret på ein stad. Nokre stader er det kaldt. Andre stader er det varmt.

Nokre stader regnar og blæs det mykje. Andre stader er det tørt.

Klimaet bestemmer kva plantar som veks på ein stad. Klimaet bestemmer kva dyr som bur på ein stad. Klimaet bestemmer korleis menneska lever der.

10 1 Verda • Jorda og menneska

Menneska bruker jorda

Menneska bruker jorda. Menneske dyrkar mat. Vi bygger hus og vegar. Vi lagar ulike varer vi treng for å leve.

Viss vi lagar for mange hus og vegar, mistar vi natur og matjord.

Mange fabrikkar og bilar slepper ut røyk. Røyken er ikkje bra for jorda. Røyken påverkar jorda. Jorda blir varmare.

Menneska må passe på jorda. Vi må bruke jorda slik at vi ikkje øydelegg ho.

OPPGÅVER

Leit i teksten

1 Kva har jorda?

2 Kva betyr «klima»?

3 Korleis bruker menneska jorda?

Snakk saman

4 Korleis er klimaet i landet du kjem frå?

5 Korleis kan vi passe på jorda?

11 1 Verda • Jorda og menneska

Land

Det er cirka 200 land i verda. Nokre land er veldig store, og nokre land er veldig små. Russland, Canada, USA og Kina er dei fire største landa i verda. Det bur flest menneske i Kina og India.

Kart

Vi kan bruke kart for å lære om verda. Eit kart er ei teikning av heile eller delar av verda. På kartet under ser du heile verda. Karta viser land i verda. Karta viser også nokre hav på jorda. Dei store hava kallar vi verdshav.

Canada

USA

Atlanterhavet

Stillehavet

Sørishavet

Nordishavet

Noreg

Algerie

Nigeria

Brasil

nord sør

Russland

Kina Japan

aust vest

Indiahavet

Sør-Afrika

Oppe på kartet er nord. Nede på kartet er sør. Til høgre på kartet er mot aust. Til venstre på kartet er mot vest.

Noreg ligg i nord. Sør-Afrika ligg i sør. Kina ligg i aust, og Brasil ligg vest på kartet.

12 1 Verda • Land

Det er mange store byar i verda. Tokyo i Japan er den største byen i verda.

Det bur over 39 millionar menneske i Tokyo.

OPPGÅVER

Leit i teksten

1 Kva er eit kart?

2 Kan du finne Noreg på kartet?

3 Kan du finne landet du kjem frå, på kartet?

4 Cirka kor mange land er det i verda?

5 Kva heiter det største landet i verda?

6 I kva for land bur det flest menneske?

Snakk saman

7 Kva for nokre land i verda kan du namnet på?

8 Kva for nokre land i verda har du vore i?

13 1 Verda • Land

Verdsdelar

Ein verdsdel er eit veldig stort område på jorda. Det er mange land i ein verdsdel. Vi har sju verdsdelar.

Verdsdelane heiter Asia, Afrika, Sør-Amerika, Nord-Amerika, Europa, Oseania og Antarktis.

I heile verda bur det cirka åtte milliardar menneske. Det bur flest menneske i Asia og Afrika.

Nord-Amerika

Europa

Asia

Afrika

Antarktis

Oseania

14 1 Verda • Verdsdelar
Sør-Amerika

Antarktis er ein stor verdsdel. Det er ingen land eller byar i Antarktis. Antarktis er den største kalde ørkenen i verda. Ein ørken er eit område med veldig lite nedbør. Nedbør kan vere regn eller snø.

Nokre menneske reiser til Antarktis for å jobbe. Dei studerer isen og lærer om klimaet.

OPPGÅVER

Leit i teksten

1 Kva er ein verdsdel?

2 I kva verdsdelar bur det flest menneske?

3 Kva er ein ørken?

Snakk saman

4 Kva verdsdel kjem du frå?

15 1 Verda • Verdsdelar

Asia

Asia er den største verdsdelen.

Det er meir enn 50 land i Asia. I Asia bur det flest menneske. Det bur omtrent 4,7 milliardar menneske i Asia. Dei største byane i verda ligg i Asia. Tokyo i Japan, Dehli i India og Shanghai i Kina er storbyar med mange menneske.

Land i Asia lagar mange ulike varer. I Kina lagar arbeidarar mobiltelefonar og datamaskiner.

Asia har mange gamle byar. Samarkand i Usbekistan er ein gammal by. Mange reiser på ferie for å besøke Samarkand og sjå på gamle bygningar.

Russland

Kasakhstan

Tyrkia

Syria

Usbekistan

Japan

Kina

Iran

Afghanistan

Pakistan

India

Vietnam

Singapore

Indonesia

I Singapore jobbar mange menneske i hamner. Frå hamnene sender dei varer med skip til heile verda.

Mange jobbar med jordbruk i Indonesia. Dei er bønder. Dei dyrkar grønsaker.

OPPGÅVER

Leit i teksten

1 Kor mange menneske bur i Asia?

2 Kan du namnet på nokon land i Asia?

3 Kva lagar dei i Asia?

4 Kan du namnet på nokon gamle byar i Asia?

Snakk saman

5 Kva land i Asia har du vore i?

17 1 Verda • Asia

Afrika

Afrika er ein stor verdsdel.

Det er meir enn 50 land i Afrika, og det bur omtrent 1,4 milliardar menneske i denne verdsdelen. Algerie er det største landet i Afrika. I Nigeria bur det flest menneske.

Nigeria har mykje olje. Dei bruker olje til å lage plast, bensin og diesel.

Den lengste elva i verda renn gjennom Afrika. Den heiter Nilen. Nilen er viktig for bøndene. Elva gir vatn til jorda. Då veks korn og grønsaker.

Marokko

Jordbruk er viktig i Afrika. I Kamerun dyrkar bønder bomull og kakao.

Egypt

Algerie SørSudan

Nigeria

Kamerun

Eritrea

Sør-Afrika

I Afrika ligg den største varme ørkenen i verda. Den heiter Sahara. Sola i Sahara er veldig sterk. I Marokko lagar dei straum av sola.

OPPGÅVER

Leit i teksten

1 Kor mange menneske bur i Afrika?

2 Kvifor er Nilen viktig?

3 Kva lagar dei i Afrika?

Snakk saman

4 Kva for nokre land i Afrika har du vore i?

19 1 Verda • Afrika

Sør-Amerika

Sør-Amerika er ein stor verdsdel.

Sør-Amerika har 12 land. I Sør-Amerika bur det cirka 390 millionar menneske. Brasil er det største landet i Sør-Amerika. Andre land er Argentina, Chile, Peru og Venezuela.

20 1 Verda • Sør-Amerika
I Chile jobbar mange menneske med fisk. Dei sel fisken til mange land i heile verda. I Brasil jobbar mange menneske på kontor. Nokre lagar program og appar til telefonar og datamaskiner.

Venezuela

Peru Brasil

Bolivia

Sør-Amerika har den største regnskogen i verda. I ein regnskog regnar det mykje. Her renn ei lang elv. Den heiter Amazonas. Mange menneske jobbar på båtar og sender varer på elva.

Chile

Argentina

Den lengste fjellkjeda i verda ligg i Sør-Amerika. Ei fjellkjede er mange fjell ved sida av kvarandre. Fjellkjeda i Sør-Amerika heiter Andesfjella. Hovudstaden i Bolivia heiter La Paz. La Paz ligg i Andesfjella.

OPPGÅVER

Leit i teksten

1 Kor mange menneske bur i Sør-Amerika?

2 Kva heiter det største landet i Sør-Amerika?

3 Kva er ein regnskog?

4 Kva lagar dei i Sør-Amerika?

Snakk saman

5 Kva for nokre land i Sør-Amerika har du vore i?

21 1 Verda • Sør-Amerika

Nord-Amerika

Nord-Amerika er ein stor verdsdel.

Nord-Amerika har meir enn 20 land. Det bur cirka 593 millionar menneske i Nord-Amerika. Nord-Amerika har to store land, USA og Canada. Andre land er Mexico, Grønland og Cuba.

22 1 Verda • Nord-Amerika
I Guatemala dyrkar bønder kaffi. Guatemala sel kaffi til andre land. Byen New York ligg i USA. USA har over 325 millionar innbyggarar. USA har mange store byar. New York er den største byen i USA.

Mexico

Canada

Cuba

Haiti

Guatemala

Canada har mange fjell, sjøar og skogar. Arbeidarar hentar tømmer frå skogane. Dei lagar hus og papir av tømmeret.

I Mexico og USA lagar arbeidarar fly.

OPPGÅVER

Leit i teksten

1 Kor mange menneske bur i Nord-Amerika?

2 Kva heiter dei to største landa i Nord-Amerika?

3 Kva lagar dei i Nord-Amerika?

4 Kva heiter den største byen i USA?

Snakk saman

5 Kva dyrkar dei i Guatemala?

6 Kva for nokre land i Nord-Amerika har du vore i?

23 1 Verda • Nord-Amerika
USA Grønland

Europa

Europa er ein liten verdsdel.

Europa har 46 land. Det bur cirka 746 millionar menneske i Europa. Nokre land er store, og mange er små. Det største landet i verda er Russland. Russland ligg både i Europa og i Asia. Andre land i Europa er Noreg, Italia, Spania, Tyskland og Polen.

24 1 Verda • Europa
I Spania, Frankrike, Italia dyrkar bønder druer. Av druer lagar dei vin. I Tyskland, Frankrike og Sverige lagar arbeidarar bilar.

Sverige

Noreg

Tyskland

Storbritannia

Frankrike

Spania

I Noreg, Storbritannia og Danmark har dei mykje olje i havet. Dei lagar plast og bensin av oljen.

Polen

Italia

Russland

Ukraina

Hellas

Russland er det største landet i verda. Moskva er hovudstaden i Russland. Moskva er den største byen i Europa.

OPPGÅVER

Leit i teksten

1 Kor mange menneske bur i Europa?

2 Kan du namnet på nokon land i Europa?

3 Kva lagar dei i Europa?

Snakk saman

4 Kva andre land i Europa har du vore i?

25 1 Verda • Europa

Oseania

Oseania er den minste verdsdelen.

Oseania har 14 land. Det bur cirka 35,7 millionar menneske i Oseania. Mange av dei minste landa i verda ligg i Oseania. Australia er det største landet i Oseania. Australia er eit veldig stort land, men det bur berre cirka 25,8 millionar menneske der.

Australia har mange gruver. I gruvene hentar arbeidarar ut gull og kol.

Utanfor Australia ligg det største korallrevet i verda. I eit korallrev lever mange fiskar og plantar. Mange reiser til Australia for å dykke og sjå på korallrevet.

Jordbruk er viktig i Papua Ny-Guinea. Bøndene der dyrkar bananar og kakaobønner.

Australia

Papua Ny-Guinea

New Zealand

Mange bønder i New Zealand har kyr. Frå kyrne får dei mjølk og ost. Bøndene sel mjølka og osten til andre land.

OPPGÅVER

Leit i teksten

1 Kva heiter den minste verdsdelen?

2 Kva heiter det største landet i Oseania?

3 Kor mange menneske bur i Australia?

4 Kva lagar dei i Oseania?

Snakk saman

5 Kvifor trur du mange menneske vil dykke og sjå på korallrevet i Australia?

6 Har du vore i nokon land i Oseania?

27 1 Verda • Oseania

Midtausten

Midtausten er eit område i Asia og Afrika. Midtausten har cirka 17 land. Egypt, Tyrkia, Syria, Iran, Israel og Jemen er nokre av landa i Midtausten. Dei fleste landa i Midtausten ligg i Asia. Egypt er eit land i Afrika, men det høyrer også til Midtausten.

Midtausten har over 400 millionar innbyggarar. Tabellen under viser innbyggartalet i nokre land i Midtausten. Innbyggartal betyr kor mange menneske som bur i eit land. Det bur flest menneske i Egypt, Iran og Tyrkia.

LandOmtrentleg innbyggartal

Egypt105 millionar

Iran86 millionar

Tyrkia85 millionar

Irak40 millionar

Jemen30 millionar

Syria19 millionar

Israel8 millionar

Tyrkia

Libanon

Syria Irak Israel Palestina

Libya

Egypt

Jordan

Saudi-Arabia

Iran

Bahrain

Qatar

Oman

28 1 Verda • Midtausten LÆR MEIR
Jemen
Kuwait Dei sameinte arabiske emirata

I Iran jobbar mange menneske på marknader. På marknadene sel dei frukt, nøtter og andre varer.

I Egypt dyrkar bønder ris. Bøndene sel ris til andre land.

29 1 Verda • Midtausten
Irak har mykje olje. Irak sel olje til mange land.

I Oman jobbar mange menneske som fiskarar. Dei sel fisken på marknader.

Eufrat er ei lang elv i Midtausten. Elva renn gjennom Tyrkia, Syria og Irak. Elva gir vatn til jorda. Då kan bøndene dyrke mat.

Mange menneske bur i store byar. Store byar i Midtausten er Teheran i Iran, Kairo i Egypt og Ankara i Tyrkia. Dette er Damaskus i Syria.

30 1 Verda • Midtausten

Språk i Midtausten

I Midtausten snakkar dei mange språk. Tabellen viser nokre språk dei snakkar i nokre land i Midtausten.

LandSpråk

Egyptarabisk

Irakarabisk, kurdisk

Iranpersisk, kurdisk, arabisk, azeri

Israelhebraisk, arabisk

Saudi-Arabiaarabisk

Syriaarabisk, kurdisk

Tyrkiatyrkisk, kurdisk

I mange land snakkar dei arabisk. Tyrkisk, hebraisk og persisk er andre språk. I nokre land i Midtausten lærer barna også engelsk på skulen.

? Halê we çawa ye?

Nasil gidiyor? ?

OPPGÅVER

Leit i teksten

1 Kor mange menneske bur i Midtausten?

2 Kva land i Midtausten kan du namnet på?

3 Kva lagar dei i Midtausten?

4 Kva byar i Midtausten kan du namnet på?

5 Kva språk snakkar dei i Midtausten?

Snakk saman

6 Har du vore i nokon land i Midtausten?

7 Kva språk snakkar du?

31 1 Verda • Midtausten

Til læraren

GRIP 1 Samfunnsfag Grunnbok dekker modul 1 i læreplan i samfunnsfag for førebuande opplæring for vaksne.

Tilpassa målgruppa

Verket presenterer fagstoffet på ein enkel måte, og språket er tilpassa vaksne med lite skulebakgrunn. I arbeidet med boka har vi lagt vekt på

• enkle setningskonstruksjonar

• for det meste bruk av presenssetningar

• ei moderat mengd fagomgrep

I tillegg er boka gjennomillustrert med fotografi, kart og andre illustrasjonar. Gjennomgangsfigurar gjer stoffet deltakarnært og enklare å snakke om.

Oppbygging

Du finn åtte kapittel i denne boka. Kvart kapittel består av ein hovuddel og ein fordjupingsdel. Vi håper kapittelstrukturen hjelper deg å tilpasse og differensiere undervisninga.

Det er tilstrekkeleg for deltakarar å jobbe med hovuddelen i kvart enkelt kapittel dersom målet er å nå kompetansemåla.

Viss nokre deltakarar treng ei ekstra utfordring eller klassen vil jobbe vidare med eit tema som engasjerer, kan fordjupingsdelen vere eit bidrag. Fordjupingstekstane finn du bakarst i kvart kapittel, alle merka med Lær meir og på lilla bakgrunn.

148 Til læraren

Arbeidsboka først

I arbeidet med boka har vi vore opptatt av å legge til rette for aktive deltakarar. Derfor oppmodar vi til å begynne arbeidet med kvart kapittel i GRIP 1 Samfunnsfag Arbeidsbok. Der finn du førlesingsoppgåver som set deltakarane i gang før dei bevegar seg over i denne boka.

Forfattarar

Ingrid Værum Larsen

Værum Larsen er adjunkt med faga norsk, norsk som andrespråk, historie og engelsk. Ho har jobba ved Johannes læringssenter i 25 år, men har også vore lærar i ordinær ungdomsskule og vidaregåande skule. Ved Johannes læringssenter underviste ho både innanfor norskopplæring, grunnskule for vaksne, på innføringsskulen for ungdom og i kombiklasse. Ho jobba også i rettleiarkorpset for arbeid med minoritetsspråklege i fleire år. No jobbar ho som lærar i særskild norsk ved Kristianslyst ungdomsskole i Stavanger.

Mari Høivik

Høivik er adjunkt med tilleggsutdanning og har faga norsk som andrespråk, norsk, samfunnsfag og engelsk. Ho har i fleire år undervist i ordinær ungdomsskule. Ho har også brei erfaring frå privat næringsliv, mellom anna som personalleiar i ei stor tenestebedrift der fleirtalet av dei tilsette var minoritetsspråklege. Dei siste ti åra har ho vore tilsett ved Arendal vaksenopplæring.

149 Til læraren

Kva

læreplanmål blir dekte av dei enkelte kapitla?

LæreplanmålEmne kjenne til og bruke aktuelle og relevante nettsteder

kunne orientere seg ved hjelp av digitale kart

KAPITTEL 2 Reiser og digitale verktøy

KAPITTEL 7 Utdanning

KAPITTEL 1 Verda

KAPITTEL 2 Reiser og digitale verktøy samtale med støtte om hva begrepene samfunn og demokrati betyr, og gi eksempler på ulike samfunn en selv er deltaker i

samtale med støtte om begrepet medborger og hva medborgerskap innebærer

samtale med støtte om begrepene ytringsfrihet og meningsmangfold og kunne gi eksempler på menneskerettigheter

samtale med støtte om betydningen av forståelser av likeverd og likestilling i det norske samfunnet

utforme og praktisere regler sammen med andre for å få forståelse for demokratiske prosesser i skole, arbeid og samfunnsliv

samtale med støtte om begrepet ressurs og lære å kildesortere

samtale med støtte om hvordan mennesker påvirker klima og miljø

samtale med støtte om hvorfor mennesker flytter på seg med utgangspunkt i egne erfaringer

fortelle på en enkel måte om egen kompetanse og ønsker om utdanning og arbeid

fortelle på en svært enkel måte om det norske skolesystemet og betydningen av utdanning

KAPITTEL 4 Samfunn

KAPITTEL 6 Demokrati og deltaking

KAPITTEL 4 Samfunn

KAPITTEL 6 Demokrati og deltaking

KAPITTEL 5 Menneskerettar

KAPITTEL 6 Demokrati og deltaking

KAPITTEL 3 Familiar

KAPITTEL 5 Menneskerettar

KAPITTEL 4 Samfunn

KAPITTEL 6 Demokrati og deltaking

KAPITTEL 8 Arbeid

KAPITTEL 1 Verda

KAPITTEL 4 Samfunn

KAPITTEL 8 Arbeid

KAPITTEL 1 Verda

KAPITTEL 8 Arbeid

KAPITTEL 2 Reiser og digitale verktøy

KAPITTEL 5 Menneskerettar

KAPITTEL 7 Utdanning

KAPITTEL 8 Arbeid

KAPITTEL 7 Utdanning snakke på en enkel måte om variasjoner i familieformer, barneoppdragelse, variasjoner i arbeidsdeling i familien samt beskrive roller i egen hverdag

KAPITTEL 3 Familiar

150 Til læraren

Kva læreplanmål blir dekte av dei enkelte kapitla?

KAPITTEL 1 Verda

• kunne orientere seg ved hjelp av digitale kart

• samtale med støtte om begrepet ressurs og lære å kildesortere

• samtale med støtte om hvordan mennesker påvirker klima og miljø

KAPITTEL 2 Reiser og digitale verktøy

• samtale med støtte om hvorfor mennesker flytter på seg med utgangspunkt i egne erfaringer

• kjenne til og bruke aktuelle og relevante nettsteder

• kunne orientere seg ved hjelp av digitale kart

KAPITTEL 3 Familiar

• samtale med støtte om betydningen av forståelser av likeverd og likestilling i det norske samfunnet

• snakke på en enkel måte om variasjoner i familieformer, barneoppdragelse, variasjoner i arbeidsdeling i familien samt beskrive roller i egen hverdag

KAPITTEL 4 Samfunn

• samtale med støtte om hva begrepene samfunn og demokrati betyr, og gi eksempler på ulike samfunn en selv er deltaker i

• samtale med støtte om begrepet medborger og hva medborgerskap innebærer

• utforme og praktisere regler sammen med andre for å få forståelse for demokratiske prosesser i skole, arbeid og samfunnsliv

• samtale med støtte om begrepet ressurs og lære å kildesortere

151 Til læraren

KAPITTEL 5 Menneskerettar

• samtale med støtte om begrepene ytringsfrihet og meningsmangfold og kunne gi eksempler på menneskerettigheter

• samtale med støtte om betydningen av forståelser av likeverd og likestilling i det norske samfunnet

• samtale med støtte om hvorfor mennesker flytter på seg med utgangspunkt i egne erfaringer

KAPITTEL 6 Demokrati og deltaking

• samtale med støtte om hva begrepene samfunn og demokrati betyr, og gi eksempler på ulike samfunn en selv er deltaker i

• samtale med støtte om begrepet medborger og hva medborgerskap innebærer

• samtale med støtte om begrepene ytringsfrihet og meningsmangfold og kunne gi eksempler på menneskerettigheter

• utforme og praktisere regler sammen med andre for å få forståelse for demokratiske prosesser i skole, arbeid og samfunnsliv

KAPITTEL

7 Utdanning

• kjenne til og bruke aktuelle og relevante nettsteder

• fortelle på en enkel måte om egen kompetanse og ønsker om utdanning og arbeid

• fortelle på en svært enkel måte om det norske skolesystemet og betydningen av utdanning

KAPITTEL 8 Arbeid

• utforme og praktisere regler sammen med andre for å få forståelse for demokratiske prosesser i skole, arbeid og samfunnsliv

• samtale med støtte om begrepet ressurs og lære å kildesortere

• samtale med støtte om hvordan mennesker påvirker klima og miljø

• fortelle på en enkel måte om egen kompetanse og ønsker om utdanning og arbeid

152 Til læraren

Copyright © 2023 by Vigmostad & Bjørke AS

All Rights Reserved

1. utgåve / 1. opplag 2023

ISBN: 978-82-11-04609-3

Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen

Omslagsdesign: Bøk Oslo AS

Malverk og utforming: Hanne Sjøtrø

Illustratør: Håvard Legreid @leketoys

Omslagsfoto: Fitria Ramli/EyeEm/Getty Images

Mønster på omslaget: raynv37/Shutterstock

Sats av InDevelop

Omsetjing til nynorsk av Totaltekst ved Knut Olav Homlong

Spørsmål om denne boka kan rettast til:

Fagbokforlaget

Kanalveien 51 5068 Bergen

Tlf.: 55 38 88 00 e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no

Materialet er verna etter åndsverklova.

Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.

Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produserte i miljøsertifiserte trykkeri.

1

Samfunnsfag

GRIP er eit læreverk for vaksne minoritetsspråklege som får opplæring i norsk, engelsk, samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggande nivå.

GRIP 1 Samfunnsfag Grunnbok dekker modul 1 i læreplan i samfunnsfag for førebuande opplæring for vaksne. Boka har åtte kapittel: 1 Verda, 2 Reiser og digitale verktøy, 3 Familiar, 4 Samfunn, 5 Menneskerettar, 6 Demokrati og deltaking, 7 Utdanning og 8 Arbeid.

Dette kjenneteikner GRIP 1 Samfunnsfag Grunnbok

• Kvart emne inneheld ein hovuddel og ein fordjupingsdel

• Oppgåver etter kvar tekst gir rom for lesetrening og refleksjon

• Språkleg nivå tilpassa målgruppa:

– Enkle setningskonstruksjonar

– Nesten utelukkande bruk av presens-setningar

– Moderat mengde fagomgrep

Boka er gjennomillustrert med fotografi, kart og andre illustrasjonar.

Gjennomgangsfigurar gjer stoffet deltakarnært og enklare å snakke om.

GRIP 1 Samfunnsfag består av

• GRIP 1 Samfunnsfag Grunnbok (også som d-bok med innlesen lyd)

• GRIP 1 Samfunnsfag Arbeidsbok

• Nettressurs

Forfattarane Ingrid Værum Larsen og Mari Høivik har begge lang erfaring med undervisning av vaksne minoritetsspråklege. Værum Larsen har dei siste åra jobba som lærer i særskild norsk ved Kristianslyst ungdomsskole i Stavanger, og Høivik underviser ved Arendal vaksenopplæring.

ISBN 978-82-11-04609-3
GRIP
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.