__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1

Skal journalistikken vera relevant, må nyheitene gi eit meir balansert og truverdig bilde av verda. Konstruktiv journalistikk har som mål å retta opp det skeive nyheitsbildet og gi løysingar ein større plass.

Boka er skriven for studentar, journalistar og andre som jobbar i ­media, politikarar og alle samfunnsinteresserte.

Verden og fremtiden er ikke så mørk som journalister vil ha det ­til. Tomm Kristiansen, forfattar og utanriksjournalist i NRK

Det er et fantastisk velferdssamfunn vi lever i, men det er oftest historiene om skavankene som blir fortalt. Det kan bidra til et helt feilaktig bilde. Tone Sofie Aglen, politisk kommentator i VG

Nokre journalistar forvekslar «kritisk» og «negativ». Dei trur dei er kritiske, men eigentleg er dei negative. Det er ikkje truverdig journalistikk. Øyulf Hjertenes, sjefredaktør i Bergens Tidende

ISBN 978-82-450-2404-3

,!7II2E5-aceaed!

KONSTRUKTIV JOURNALISTIKK

Dette er ei praksisorientert bok som gjer greie for kva som kjenneteiknar konstruktiv journalistikk. Boka formidlar refleksjonar frå erfarne journalistar og leiarar i bransjen, og tar til orde for ei nødvendig utvikling av journalistikken. Ambisjonen er å fornya faget og medverka til ei meir vital samfunnsrolle.

VIGDIS HOLMAAS

Kvar einaste dag skjer det positive og negative hendingar i verda, men nyheitsmedia rapporterer mest frå den negative sida. Over år har nyheitsformidlinga blitt ei historie om kriser, problem og skeivutvikling i samfunnet. Det er få nyheiter om positive utviklingstrekk, og det er sjeldan debatt om løysingar.

VIGDIS HOLMAAS

KON STRUK TIV JOUR NALIS TIKK KRITISK OG LØYSINGSORIENTERT

Vigdis Holmaas er journalist og vaktsjef i NRK, der ho har jobba sidan 1988, mellom anna som nyheitssjef. Ho har utdanning i medievitskap frå Universitetet i Bergen og leiarutdanning frå NHH og Handelshøyskolen BI.


Konstruktiv journalistikk – kritisk og løysingsorientert

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 1

27.08.2019 07:43:51


47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 2

27.08.2019 07:43:51


Vigdis Holmaas

Konstruktiv journalistikk – kritisk og løysingsorientert

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 3

27.08.2019 07:43:51


Copyright © 2019 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved 1. utgåva / 1. opplaget 2019 ISBN: 978-82-450-2404-3 Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Omslagsdesign ved forlaget Formgivning: Type-it AS Spørsmål om denne boka kan rettast til: Fagbokforlaget Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 Faks: 55 38 88 01 Eller e-post til: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 4

27.08.2019 07:43:51


Innhald

Forord ............................................................................................................ 11 Kapittel 1 Konstruktiv journalistikk – bakgrunn og definisjonar ............................ 13 Ei utilsikta skeivutvikling .............................................................................. Obs-varsel nr. 1: Nyheitene viser ikkje heile bildet ........................................ Obs-varsel nr. 2: Nyheitsvegring .................................................................. Obs-varsel nr. 3: Låg tillit til journalistar og media......................................... Korleis blir nyheitbildet skeivt? ..................................................................... Kvifor konstruktiv journalistikk? ................................................................... Impulsar ...................................................................................................... Tilnærmingar til konstruktiv journalistikk ..................................................... Undersøkjande journalistikk, «breaking news» og konstruktiv journalistikk..... Påverknad frå positiv psykologi .................................................................... Konstruktiv journalistikk – eit svar på utfordringane .....................................

14 14 17 19 22 24 26 26 28 29 31

Kapittel 2 Forgrunnsfigurar: Ulrik Haagerup og Cathrine Gyldensted .................. 33 Ulrik Haagerup: Framtida er sterkt underdekt .................................................. Møtte sterk motstand .................................................................................. Omgrepet «konstruktive nyheiter» .............................................................. Utradisjonell journalist ................................................................................. Utfordra etablert kultur ................................................................................ Videoprotest frå ein nyheitsbrukar ............................................................... «Journalism for tomorrow»........................................................................... Ein journalistikk for store og små medieorganisasjonar ................................

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 5

34 35 35 36 37 38 39 40

27.08.2019 07:43:51


Samarbeid med FN, Google og EBU............................................................. Frustrerte folketingspolitikarar ..................................................................... Cathrine Gyldensted: Positiv psykologi gir journalistikken ny kraft ................... Inspirert av psykologi ................................................................................... Problema med omgrepet konstruktiv................................................................ Journalistens blinde vinklar .......................................................................... Når journalistane blir nyttige idiotar ............................................................. Kritikk mot eigen journalistikk...................................................................... Journalistikken er aldri objektiv .................................................................... Statusen for konstruktiv journalistikk ...........................................................

41 42 44 44 46 47 49 50 51 52

Kapittel 3 Gamle og nye nyheitskriterium. Konstruktiv journalistikk i praksis .... 55 Fem nyheitskriterium i tradisjonell journalistikk ........................................... Nyheitskriterium i konstruktiv journalistikk .................................................. Konstruktiv journalistikk i praksis ................................................................. Viktigast av alt: Samfunnsrelevans ............................................................... Finn fleire framsteg ...................................................................................... «Kill your victims» ....................................................................................... Djevelens advokat........................................................................................ Samanliknande journalistikk ........................................................................ Løysingsorienterte spørsmål ........................................................................ Nyansering .................................................................................................. Perspektiv – å sjå nyheita i ein større samanheng ......................................... Konfliktløysande journalistikk – depolarisering ............................................ Deliberativt pressesyn.................................................................................. Transparens ................................................................................................. Konstruktiv inspirasjon frå Europa og USA....................................................

56 60 63 64 65 67 68 68 71 72 72 74 75 76 78

Kapittel 4 Norske redaktørar om konstruktiv journalistikk ..................................... 83 Espen Egil Hansen, Aftenposten ...................................................................... Kritisk journalistikk er konstruktiv ................................................................ Byutvikling i Oslo ......................................................................................... Dyrk fagdiskusjonen i redaksjonen! ............................................................. Gard Steiro, VG ...............................................................................................

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 6

84 84 86 87 88

27.08.2019 07:43:51


Vaktbikkjefunksjonen er kjernen .................................................................. 88 Etterlyser balanse i nyheitsbildet.................................................................. 89 Fleire perspektiv og meir nyansert journalistikk ........................................... 91 Øyulf Hjertenes, Bergens Tidende .................................................................. 93 Forvekslar kritisk og negativ ......................................................................... 93 Ikkje klissete, men uavhengig ...................................................................... 95 Artikkelseriar ............................................................................................... 96 Redaktørane har ansvar for å retta opp ......................................................... 98 Tone Sofie Aglen, Adresseavisen ...................................................................... 99 Politikarforakt .............................................................................................. 100 Lite sjølvkritikk ............................................................................................. 101 Fornying av journalistikken .......................................................................... 102 Tor Magne Nondal, Dagens Næringsliv ........................................................... 104 Lesarreaksjonar ........................................................................................... 104 Faneparagrafen står sterkt ........................................................................... 105 Irene Halvorsen, Nationen ............................................................................... 107 Populisme.................................................................................................... 107 Demokrati og journalistikk ........................................................................... 109 PR-bransje i vekst......................................................................................... 110 Fornya samfunnsforteljing ........................................................................... 110

Kapittel 5 Konstruktiv journalistikk i to nyheitsredaksjonar................................... 113 «Her og nå»: Mindre jakt på klagesong ............................................................ 115 Forstår at lyttarane kan bli nyheitstrøytte...................................................... 115 Dyrkar løysingar .......................................................................................... 116 Ikkje-sak blei sak .......................................................................................... 117 Snik-konstruktivisering ................................................................................ 118 Engasjement, ikkje avmakt .......................................................................... 119 «Tio miljoner» – eit prisvinnande nyheitsprosjekt ............................................ 120 Ut frå redaksjon og presserom ..................................................................... 120 Digital dialog ............................................................................................... 122 Lyttar til vanlege folk .................................................................................... 123 – Konstruktiv journalistikk, kva faen er det? .................................................. 124 Nye stemmer ............................................................................................... 125 Opplæring i konstruktiv journalistikk ........................................................... 126

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 7

27.08.2019 07:43:51


Kapittel 6 Konstruktiv utanriksjournalistikk ............................................................. 129 Ingrid Thörnqvist (SVT): Verdsbildet var feil, fekk eg beskjed om ..................... 131 «Helsa teier stilt» ......................................................................................... 133 Status som mistenkt .................................................................................... 134 Kvifor konstruktiv journalistikk? ................................................................... 135 Ukritisk offerjournalistikk ............................................................................. 137 Konservativ nyheitsjournalistikk................................................................... 138 Sidsel Wold: Vi må alltid prøva å visa heile bildet .............................................. 140 Unge vil ikkje ha svartmaling ........................................................................ 141 Pressa er forvirra .......................................................................................... 142 Det norske demokratiet ............................................................................... 143 Balanse i nyheitsbildet ................................................................................. 144 Effekten av konstruktiv journalistikk ............................................................. 145 Tomm Kristiansen: Verda er ikkje så mørk som journalistar vil ha det til ............ 147 Dramatikk og terror blir overdekt ................................................................. 148 Kritisk og konstruktiv journalistikk kan kombinerast ..................................... 150 Oslo aust blir stigmatisert ............................................................................ 151 Råd til unge journalistar ............................................................................... 152 Eit sterkt møte i Rwanda .............................................................................. 152 Ingen mjukjournalist .................................................................................... 154

Kapittel 7 Kva seier forskarane? .................................................................................. 155 Martin Eide: Konstruktiv og kritisk journalistikk kan foreinast........................... 156 Misnøye med journalistrolla ......................................................................... 156 God journalistikk er sjølvkritisk .................................................................... 157 Risikabelt å kalla det konstruktiv journalistikk ................................................ 158 Livsblodet til demokratiet............................................................................. 159 Peter Bro: Journalistikk og demokrati heng tett saman ..................................... 161 Journalistikkens ansvar ................................................................................ 161 Motstand mot endring ................................................................................. 162 Kommersialisme og idealisme...................................................................... 163 To nøkkelelement i konstruktiv journalistikk ................................................. 164 Journalistar skal arbeida for folket ................................................................ 164 Krise kan endra journalistikken .................................................................... 166

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 8

27.08.2019 07:43:51


Etterord ....................................................................................................... 167 Protestdikt frĂĽ ein nyheitsbrukar. Jodie Jackson: Publish the positive (2016) . 169 Referansar ................................................................................................... 173

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 9

27.08.2019 07:43:51


47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 10

27.08.2019 07:43:51


Forord

Journalistikk er ingen eksakt vitskap. Det er eit handverksprega fag som har vakse ut frå redaksjonell praksis, med tankesett overførte frå generasjon til generasjon, frå redaktør til journalist. Tidleg i arbeidet med boka såg eg at intervjuet måtte bli ei viktig arbeidsform. Det eg fann i faglitteratur om konstruktiv journalistikk, fylte blokka mi med undring og spørsmål. Kva er eigentleg konstruktiv journalistikk, kvifor veks dette nye fram, og kvifor skjer det akkurat no? Korleis blir dei nye tankesetta tatt opp i nyheitsarbeidet? Kva er resultata? Media har vore lite opptatt av å diskutera si eiga rolle. Men noko er i ferd med å skje no. Demokratiet er under press i dagens Europa, og journalistikken er i aukande miskreditt. Fagpersonar, forskarar, redaktørar og journalistar som er intervjua i boka understrekar den nære samanhengen mellom nyheitsjournalistikk og demokrati. Det er ei erkjenning av at det store bildet som nyheitene teiknar av verda er misvisande. Problemet er ikkje den enkelte nyheitssaka, men det samla verdsbildet nyheitene kvar dag presenterer. Journalistikken skulle skapt engasjement, men skapar apati. Først når nyheitene diskuterer løysingar og viser heile bildet, kan avmakt vika plass for engasjement og deltaking. For nyheiter er meir enn krise, krig, katastrofar og ulukker. Det er tid for å løfta blikket frå tastaturet og fokusera på dei store linjene i eit landskap i forandring. Dette er ei praksisorientert bok som gjer greie for kva som kjenneteiknar konstruktiv journalistikk. Boka formidlar refleksjonar frå erfarne journalistar og leiarar i bransjen, og tar til orde for ei nødvendig utvikling av journalistikken. Boka er skriven for studentar, journalistar og andre som jobbar i media, men like mykje for politikarar og alle samfunnsinteresserte.

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 11

27.08.2019 07:43:51


12

KonstruKtiv journalistiKK

Den diskuterer journalistikk med ein ambisjon om å medverka til ei meir ansvarleg og aktiv samfunnsrolle. Konstruktiv journalistikk har som mål å revitalisera og utvida journalistikkens samfunnsansvar. Eg rettar ein stor takk til alle eg har intervjua, som har delt erfaringar, kritikk og visjonar med meg, og til Fritt Ord og Pressens Faglitteraturfond, som har støtta bokprosjektet økonomisk. Takk også til NRK for permisjon og fri til å skriva. Sist, men ikkje minst, takk til Fagbokforlaget som satsa på prosjektet, og til redaktør May Helene Solberg, som med sine kloke tilbakemeldingar har fått manuset til å bli bok. Bergen, 15. mai 2019 Vigdis Holmaas

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 12

27.08.2019 07:43:51


Kapittel 1

Konstruktiv journalistikk – bakgrunn og definisjonar

Utan demokrati, ingen journalistikk. Utan journalistikk, ikkje noko demokrati. Konstruktiv journalistikk byggjer sin eksistens på desse to grunnsteinane. Som den fjerde statsmakta skal media kontrollera den lovgivande, den utøvande og den dømmande statsmakta. Den fjerde statsmakta er ikkje statleg og heller ikkje lovfesta. Media har tatt på seg ansvaret for å overvaka makta og avsløra maktmisbruk, og samfunnet anerkjenner media si rolle som samfunnets vaktbikkje. Journalistar skal mellom anna avsløra korrupsjon, underslag, overgrep, mishandling og maktmisbruk. Avsløringane kan føra til lovendringar, rettsoppgjer og til at feil blir retta opp. Dagleg tar media opp saker som nokon helst vil skjula. Slik er vaktbikkja med og sikrar demokratiet. «Ytringsfridom skal det vere», heiter det i Grunnlova § 100. Styresmaktene legg til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte, og media er arena for mykje av samfunnsdebatten. Staten gir rammevilkår som skal gjera media i stand til å vareta denne oppgåva. Ver Varsam-plakaten er den norske journalistikkens grunnlov. Plakaten blei første gong vedtatt i 1936, og er sidan revidert i fleire omgangar. Samanhengen mellom journalistikk og demokrati blir understreka også her: «Ei

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 13

27.08.2019 07:43:51


14

KonstruKtiv journalistiKK

fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn.» Media si samfunnsrolle er nedfelt i fem punkt i første kapittel.

Ei utilsikta skeivutvikling Journalistikk er meir enn nyheiter, men nyheiter har lenge vore journalistikkens hjarte og kjerne. Nyheiter er den aktuelle og pulserande formidlinga av fakta og meiningar i eit samfunn. Dei profesjonelle normene og konvensjonane er skapte av nyheitsjournalistikken, og det same er forteljemåtar, krav til presisjon og sanning, og krav om kjelder og metodar (Brurås, 2012). Den opne offentlege samtalen er ein grunnmur i samfunnet, men frontmot-front-debatten viser teikn til slitasje. Ein kontinuerleg straum av dårleg nytt er overveldande og gir eit skeivt bilde av samfunnet. Historier om det som går bra, er bortimot fråverande. Slik blir totalbildet feil, noko som har ført til at delar av publikum opplever håpløyse og apati (Reuters Institute Digital News Report, 2017). Det norske demokratiet er på ingen måte i krise,1 men det er likevel grunn til å sjå opp for faresignal. Tre obs-varsel følgjer.

Obs-varsel nr. 1: Nyheitene viser ikkje heile bildet Informasjonen som kjem fram i redaktørstyrte nyheiter, er grunnleggjande for samfunnsdebatten. Om den er ufullstendig, vridd eller feil, får det følgjer for folks oppfatning av samfunnet. Det påverkar også tilliten til demokratiet. For journalistikken er det ideelle målet å formidla fakta og sanning. Ei nyheitssak skal ha fleire kjelder, slik at ulike sider av saka kjem fram, og fakta skal sjekkast grundig før publisering. Statistikk frå Pressas faglege utval (PFU) viser likevel at etikkreglane regelmessig blir brotne. Når slike brot skjer i enkeltsaker, kan media sjølv vera raskt ute med å retta opp feil. Det er ei alvorleg sak og ein plett på rullebladet å bli felt i PFU. Både for journalist og mediehus er det pinleg å bli refsa og offentleg uthengt i direktesende PFU-møte. Denne tilnærminga til detaljar og enkeltsaker er 1 Tidsskriftet The Economist har i over ti år utarbeidd og publisert Democracy Index, og Noreg har toppa lista kvart år sidan 2010.

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 14

27.08.2019 07:43:52


1 KonstruKtiv journalistiKK – baKgrunn og definisjonar 15

tett knytt opp til statussystemet internt i journalistikken: Korrekt, balansert presentasjon av fakta i enkeltsaker er eit kjernetrekk ved god journalistikk. Sjølvkritikken har likevel eit snevert perspektiv; den er primært knytt til enkeltsaker. Sjeldan eller aldri løfter media i fellesskap blikket opp og ser på det totale bildet dei presenterer – ikkje berre sak for sak, men heilskapen som teiknar seg gjennom alle sakene media publiserer for eksempel gjennom eit år. Kva bilde viser eigentleg summen av all nyheitsdekking? Er det eit sannferdig, balansert og rett bilde av samfunnet? Nyheitsbildet er eit resultat av nyheitskriteria slik redaksjonane praktiserer dei, og summen av alt det media publiserer, gir eit totalbilde av samfunnet. I enkeltsaker må media retta på feil, men det er ikkje noko som sikrar balanse og eit korrekt bilde av verda i den samla publiseringa. Under forskingsprosjektet «Nyhetsvurderinger» blei det gjort observasjonar i fem store norske redaksjonar ei veke i 2011: Aftenposten, Dagbladet, Nettavisen, NRK Dagsrevyen og TV 2-nyheitene. Spørsmålet var: «Kva er ei god sak – og kvifor?» Det viste seg at dei store sakene som alle skriv om, ofte breaking news, spelte ei stor rolle i alle redaksjonane. Dei konkurrerte seg imellom om å vera best på desse sakene, som dermed fekk brei dekking (Brurås, 2012). Det er ikkje tilsikta, men redaksjonane forsterkar slik tendensen til at nyheitsbildet blir einsarta. Det fører også til at andre viktige saker kan falla utanfor. Medievitar Ragnhild K. Olsen har uttrykt uro for at ein feilsøkjande journalistikk kan gå ut over andre samfunnsoppgåver: Vaktbikkjeidealet motiverer en stadig leting etter feil og mangler ved det samfunnet pressen er satt til å overvåke. Journalistikkens dramaturgi dyrker konflikt. Men journalistikkens feilsøkende natur og fokus på problemer kan overskygge en annen samfunnsoppgave – nemlig journalistikkens rolle som kulturbærer og lim i samfunnet. (Olsen i Omdal, 2015, s. 55)

Den offentlege debatten i konfliktsaker er i stor grad prega av dramatikk, personfokusering og skurk–offer-retorikk. Politikarar som er bevisste på å bruka desse effektane i utspela sine, får fleire oppslag og blir meir profilerte enn andre politikarar. Donald Trump er eit ekstremt eksempel på ein poli-

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 15

27.08.2019 07:43:52


16

KonstruKtiv journalistiKK

tikar som på denne måten har oppnådd omfattande mediedekking. Både i 2017 og 2018 var Trump det mest omtala fenomenet i Noreg. Når saker med dramatikk blir prioritert opp på dagsordenen, vil nyheiter som manglar desse elementa ha problem med å fanga interessa i redaksjonane. Drap, ulukker, kriser og konfliktar har ein sikker plass i nyheitsdekkinga, og det viser att i folks oppfatning av verda. I 2017 blei nordmenn spurde om drapsraten i Noreg – om det var relativt fleire eller færre drap enn i 2000. Faktisk drapsrate var redusert med 46 prosent, men berre 1 av 5 svarte at den var lågare. Langt dei fleste, 74 prosent, trudde drapsraten var den same eller høgare.

Kun 1 av 5 nordmenn tror at drapsraten har gått ned Tror du at drapsraten i Norge er høyere, lavere eller omtrent den samme som den var i 2000?

Høyere

34 %

Omtrent den samme

40 %

Lavere

Faktisk drapsrate:

20 %

–46 %

Ipsos Norge 12.1.2018

Den svenske legen, statistikaren og samfunnsdebattanten Hans Rosling gjorde fleire undersøkingar som viste betydelege hol i kunnskapen til folk i den vestlege verda. Han påviste at det er eit gap mellom faktiske forhold og folks oppfatning: «Nordmenn og svenskar trur verda ser ut slik den såg ut for 30–40 år sidan. Det store fleirtalet har ikkje fått med seg den enorme utviklinga dei siste tiåra» (intervju i Bistandsaktuelt, 2014). Denne kunn-

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 16

27.08.2019 07:43:52


1 KonstruKtiv journalistiKK – baKgrunn og definisjonar 17

skapsmangelen såg han som eit demokratisk problem, skapt av nyheitsdekkinga. Media er i all hovudsak opptatt av det som skjer uventa og plutseleg. Problemet er at alle store forbetringar i verda skjer langsamt, og at dei av den grunn ikkje blir registrerte som nyheiter. Forverringar kan skje fort, store forbetringar skjer nesten alltid sakte.

Obs-varsel nr. 2: Nyheitsvegring Sidan så mykje av informasjonen i samfunnet kjem ut til folk via nyheiter, er det avgjerande at folk får dei med seg. Nyheitsinteressa er relativt høg i Noreg, men det finst også dei som bevisst unngår nyheiter. Det viste ei omfattande offentleg utgreiing om det norske mediemangfaldet. Ifølgje ein analyse av nordmenns nyheitskonsum er 10 prosent av befolkninga «meget lite interessert» i alle typar harde nyheiter. Rapporten peikar på at desse kan vera i ei demokratisk faresone: Nyhetsunnvikerne besitter så lav kunnskap at det er grunn til bekymring mht. demokratisk deltakelse for mange av disse. Mediedietten er begrenset, både med hensyn til bredde og dybde, noe som skyldes manglende interesse for å følge med på harde nyheter. Konsekvensen er lite deltakelse i dialoger knyttet til politikk, økonomi og samfunnsliv, både på internasjonalt, nasjonalt og lokalt nivå. (TFoU-rapport, 2016, s. 70)

Talet på nyheitsunnvikarar er størst i aldersgruppa under 30 år. Unge menneske har eit klart meir overflatisk nyheitskonsum enn andre aldersgrupper. I rapporten blir det stilt spørsmål ved om denne «multitaskande» generasjonen i mindre grad evnar eller ønskjer å gå djupt inn i nyheitslesinga, eller om årsaka er livsfasen dei er i. I andre undersøkingar er det funne både lågare og høgare prosent nyheitsunnvikarar. Den årlege Reuters Institute Digital News Report 2017 viste at kvar femte nordmann svara ja på spørsmålet om dei aktivt prøvde å unngå nyheiter. Samanlikna med land som Tyrkia og Hellas, som begge hadde 57 prosent, er ikkje 20 prosent svært høgt, men det gjeld altså ein av fem nordmenn. Dei som unngår nyheiter, og det gjeld alle landa, gjer det

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 17

27.08.2019 07:43:52


18

KonstruKtiv journalistiKK

fordi dei blir deprimerte (48 prosent), fordi dei ikkje stolar på at nyheitene er sanne (37 prosent), og fordi dei føler at dei ikkje kan gjera noko med dei problema nyheitene tar opp (28 prosent) (Reuters Institute Digital News Report 2017, s. 40–41). Reasons behind news avoidance – all markets

It can have a negative effect on my mood

48

I can’t rely on news to be true

37

I don’t feel there is anything I can do about it

28

Graphic images upset me

22

It leads to arguments I’d rather avoid

19

It disturbs my ability to concentrate on more important things

15 13

It consumes too much of my time 0%

10 %

20 %

30 %

40 %

50 %

I den norske utgåva av rapporten ser resultatet slik ut: Grunner til å unngå nyheter 42 % 44 %

De kan ha en negativ effekt på humøret mitt 10 %

Sterke bilder går innpå meg De forstyrrer min evne til å konsentrere meg om viktigere ting

13 %

De tar opp for mye av tiden min

13 %

Jeg kan ikke stole på at nyhetene er sanne

22 % 24 %

Jeg føler ikke at jeg kan gjøre noe med det

29 % 31 %

9% 10 %

Annet 5% 4%

Menn

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 18

25 %

6% 6%

De fører til krangler jeg heller ville unngå

Vet ikke

33 % 23 %

Kvinner

27.08.2019 07:43:52


1 KonstruKtiv journalistiKK – baKgrunn og definisjonar 19

Helgerud (2015) har i si masteroppgåve utforska grunnar til at unge vaksne mellom 25 og 30 år ikkje les nyheiter. Undersøkinga byggjer på kvalitative intervju med ti personar og skil mellom tre hovudgrupper: • Dei lidande. Personar som har problem med å ta inn menneskeleg liding, og som kjenner seg motlause av nyheitsbildet. Dei har gjerne svært høg empati, og fjernar nyheitene frå det daglege inntaket av informasjon for å verna seg. Fleire av dei har likevel engasjement i politiske saker. • Dei fråkopla. Dei har lita interesse og lågt engasjement både for politikk og menneskeleg liding. Informasjon om politikk blir opplevd som lite relevant. Enkelte i denne gruppa peika på at politiske nyheiter har låg kvalitet, og at nyheitsmedia er støya til av irrelevant stoff. • Dei strategisk unngåande. Her er nytteperspektivet avgjerande. Dei vil heller bruka tida på medieinnhald som er direkte relevant for utdanning og framtidig jobb. Berre i heilt spesielle tilfelle ser dei på politiske eller samfunnsøkonomiske nyheiter som nyttige nok. Desse funna gir grunn til å sjå på nyheitskriteria med sjølvkritisk blikk. Oppgåva er å informera for å engasjera, men det motsette skjer. Den einsidige fokuseringa på det negative får mange unge menneske til å trekkja seg bort frå nyheiter, også nokon av dei som er samfunnsengasjerte. Kvaliteten blir opplevd som låg, og nyheitsinteressa blir svekt av at stoff som er lite relevant, får plass i nyheitene.

Obs-varsel nr. 3: Låg tillit til journalistar og media Tillit og tiltru er komplekse omgrep, men det er eit problem for demokratiet at så mange opplever at dei ikkje kan stola på media og journalistar. Spørsmålet er også om det er ein direkte samanheng mellom låg tillit til journalistar og låg tillit til politikarar. Den tidlegare tyske forbundskanslaren Helmut Schmidt uttrykte uro for verknaden nyheiter har på demokratiet. Nyheitsmedia skapar populisme, meinte han: «News media do not help

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 19

27.08.2019 07:43:52


20

KonstruKtiv journalistiKK

democracy. It is so full of negativity. Media-democracy produces populists, not leaders» (Haagerup, 2017). I fleire undersøkingar er journalistane langt nede på lista over yrkesgrupper folk har tillit til. I Danmark er det berre bilseljarar, politikarar og spinndoktorar som har lågare tillit enn journalistar (Haagerup, 2017). Også i den norske Tillitsundersøkelsen 2016 kom journalistyrket svakt ut: Berre 27 prosent svara at journalistar er til å stola på.2 Både næringslivsleiarar og leiarar i det offentlege har høgare tillit. Fallande opplagstal og budsjettkutt har drive fram ein meir kommersiell journalistikk, kommenterte Trigger-gründer og konsernsjef Preben Carlsen då denne rapporten blei lagd fram. Saker som krev arbeidsinnsats og tid blir nedprioriterte til fordel for lettbeinte klikksaker, og det går ut over tilliten. Han peika på at vi har eit alvorleg problem når folk har mindre tillit til media enn til dei samfunnets vaktbikkje skal passa på. «Fake news», politisk populisme og manipulerande bruk av sosiale media er negative trendar som kan føra til at statusen til media blir forverra. Nordmenn er bekymra for falske nyheiter på nettet. Men det er ikkje falske nyheiter som bekymrar mest – den største uroa er knytt til dårleg journalistikk og journalistar som vrir og vender på fakta. 4 av 10 nordmenn har uttrykt denne bekymringa.3 Like mange rapporterer at dei har opplevd saker som er «dumma ned», villeiande overskrifter, klikkagn og faktafeil. Nordiske Mediedager i Bergen har årlege undersøkingar om medievanar og haldningar. Då respondentane blei spurde om korleis dei meiner media generelt dekkjer saker innanfor politikk og samfunnsspørsmål, svara over halvparten i 2017 at motivasjonen til media er å laga oppslag som kan selja. Nær ein fjerdedel meinte media primært er ute etter å påverka i ei viss retning. Berre 17 prosent slutta seg til påstanden om at «mediene gir nøytral informasjon om saker innen politikk og samfunn».4 Den same undersøkinga spør kvart år om tiltrua til journalistar. Resultata i 2018 viste at 44 prosent hadde stor tiltru, mens 20 prosent svara at dei hadde lita tiltru. Politikarar kom dårlegare ut enn journalistar. Det 2 Undersøkinga blei utført av TNS Gallup for kommunikasjonsbyrået Trigger. 3 Frå den norske delen av Reuters Institute Digital News Report 2018. 4 Respons Analyse for Nordiske Mediedager, 2017.

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 20

27.08.2019 07:43:52


1 KonstruKtiv journalistiKK – baKgrunn og definisjonar 21

er elles verdt å merka seg at tiltrua til journalistane var markert høgare hos dei som stemmer Arbeidarpartiet enn hos dei som stemmer Høgre. I 2019-undersøkinga svara 18 prosent at dei hadde lite tiltru til media generelt.5 Men kva er det folk svarar på når dei får spørsmål om tillit til media? Forskarar ved Universitetet og Rokkansenteret i Bergen driv «Medborgerpanelet», ei internettbasert haldningsundersøking der rundt 7000 nordmenn svarar på spørsmål to gongar i året. Våren 2018 fekk forskarane ei overrasking då dei stilte meir opne spørsmål om tillit. Då kom «utanforskap» opp som ein ny faktor. Fleire opplever at nyheitsmedia presenterer eit bilde av verda som dei ikkje kjenner seg att i, og at deira synspunkt ikkje blir representerte. Forskarane meiner det ikkje har noko med politisk ståstad å gjera. Dei som opplever seg utanfor har eit lågare utdanningsnivå. Forskarane rår journalistar til «å ta inn over seg at det finnes et publikum som ikke føler seg inkludert, og vurdere å åpne døren for en gruppe som kjennetegnes av lav utdanning, manglende tilfredshet med demokratiet, og en opplevelse av at mediene ikke tar inn over seg virkeligheten til ‘sånne som dem’» (Vox Publica, 14.3.2018). * Dei tre obs-varsla er kraftige varsku. Sanning og korrekte fakta er heilt sentrale verdiar for journalistikken. Når totalbildet ikkje stemmer, er det grunn til å stilla spørsmål ved måten media løyser samfunnsoppgåvene på. Når sensasjon og konflikt får spela hovudrolla i nyheitsprioriteringa, blir det ei overdriven dekking av krise, konfliktar, katastrofar og skandalar. Det kan bli for mykje for folk. Skal nyheiter opplevast relevante, må dei gi eit balansert og truverdig bilde av verda. Og skal journalistikken framleis vera viktig for folk, og for demokratiet, må samfunnsdebatten også handla om korleis kritikkverdige forhold kan endrast og betrast. Dette er kjernen i konstruktiv journalistikk.

5 Respons Analyse for Nordiske Mediedager, 2018 og 2019.

47367 Konstruktiv journalistikk_materie.indd 21

27.08.2019 07:43:52


Skal journalistikken vera relevant, må nyheitene gi eit meir balansert og truverdig bilde av verda. Konstruktiv journalistikk har som mål å retta opp det skeive nyheitsbildet og gi løysingar ein større plass.

Boka er skriven for studentar, journalistar og andre som jobbar i ­media, politikarar og alle samfunnsinteresserte.

Verden og fremtiden er ikke så mørk som journalister vil ha det ­til. Tomm Kristiansen, forfattar og utanriksjournalist i NRK

Det er et fantastisk velferdssamfunn vi lever i, men det er oftest historiene om skavankene som blir fortalt. Det kan bidra til et helt feilaktig bilde. Tone Sofie Aglen, politisk kommentator i VG

Nokre journalistar forvekslar «kritisk» og «negativ». Dei trur dei er kritiske, men eigentleg er dei negative. Det er ikkje truverdig journalistikk. Øyulf Hjertenes, sjefredaktør i Bergens Tidende

ISBN 978-82-450-2404-3

,!7II2E5-aceaed!

KONSTRUKTIV JOURNALISTIKK

Dette er ei praksisorientert bok som gjer greie for kva som kjenneteiknar konstruktiv journalistikk. Boka formidlar refleksjonar frå erfarne journalistar og leiarar i bransjen, og tar til orde for ei nødvendig utvikling av journalistikken. Ambisjonen er å fornya faget og medverka til ei meir vital samfunnsrolle.

VIGDIS HOLMAAS

Kvar einaste dag skjer det positive og negative hendingar i verda, men nyheitsmedia rapporterer mest frå den negative sida. Over år har nyheitsformidlinga blitt ei historie om kriser, problem og skeivutvikling i samfunnet. Det er få nyheiter om positive utviklingstrekk, og det er sjeldan debatt om løysingar.

VIGDIS HOLMAAS

KON STRUK TIV JOUR NALIS TIKK KRITISK OG LØYSINGSORIENTERT

Vigdis Holmaas er journalist og vaktsjef i NRK, der ho har jobba sidan 1988, mellom anna som nyheitssjef. Ho har utdanning i medievitskap frå Universitetet i Bergen og leiarutdanning frå NHH og Handelshøyskolen BI.

Profile for Fagbokforlaget

Konstruktiv journalistikk (9788245024043)  

Konstruktiv journalistikk (9788245024043)  

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded