Page 1

ELD

KRAFT

VATN

EI NY TID FOR HØYANGER

36 SIDER FYLT TIL RANDEN MED UNIKE HISTORIER FRÅ EIN UNIK KOMMUNE

Tungrock og lettmetall • Draumefangaren Jonas Pedersen Øren • Kva er det med Lavik? Industristadjubileum • Høyangerbadet • Kristin Kommunikasjon • Parken med det rare i Høgt, lågt og breitt • OnCue • Kulturskulen • Turkart • Hjortejegeren Jan Erik • Sosial fulltreffar Gründertips • Fototalentet Malin Leirnes • 4H • «Nye» Lavik Senter


Eld, Kraft, Vatn - Eit tverrsnitt av Høyanger Det du har i hendene no er eit dokument over Høyanger kommune. Ein ørliten smakebit på alt det som rører seg på våre knappe 1000 km2. Om du er frå Høyanger kommune kan du i Eld, Kraft, Vatn lese saker du kan kjenne deg igjen i, men kanskje og oppdage sider ved eigen heimstad som du ikkje kjente til. Om du er av den meir uheldige typen som ikkje bur i kommunen vil dette magasinet gi deg ein idé om kva du går glipp av... Eld, Kraft, Vatn har eit ørlite fokus på industristadjubileet til Høyanger i 2015, men det aller meste handlar om heilt andre tema frå vår varierte kommune med dei store kontrastane.

God lesing!

Eld Kraft Vatn © 2015 Utforming/Utgivar: Finurlig Redaktør: Stig Hovlandsdal Øvreås Opplag: 1000 stk. Trykkjeri: E. Natvik Prenteverk Framsidefoto: Aril Gjelsvik Ein stor takk til alle som har levert innhald og foto til dette magasinet!

Innhald Industristadjubileum / «Sjefen» har ordet

s. 3

Tungrock og lettmetall

s. 4

Kjappe fakta om Høyanger

s. 7

Ordføraren har ordet / Høyangerbadet

s. 8

Gründerspire - i karrig jord?

s. 10

Parken med det rare i

s. 13

Høgt, lågt og breitt / Siplo / Per A. Øren 90 år

s. 14

Grom lyd og friske visjonar

s. 16

Draumefangaren / Kulturskulen

s. 20

Hjortejegeren

s. 26

Sosial fulltreffar / Kommunal utstyrspakke

s. 27

Daleelva / Lakseverpa

s. 28

4H / Fototalentet Malin Leirnes

s. 30

Kva er det med Lavik? / Prestmarka / Wærholm Økonomi

s. 32

Eit senter for framtida / Håret Frisør

s. 35

2

ELD, KRAFT, VATN


«SJEFEN» HAR ORDET

Hovudmarkering av Industristaden Høyanger 100 år 28.-30 august 2015

Anita Nordheim

Terje Søreide

Kultursjef

Næringssjef

Kultursjef Anita Nordheim er for tida travelt opptatt med industristadjubileet, ei feiring som vil vare ut 2015. - Det vil bli små arrangement spreidd utover heile året, men hovudtyngda blir feiringa 28. - 30 august. Då reknar vi med at det vil vere 2000 menneskjer i gatene i Høyanger til ei kvar tid. Det blir ein folkefest utan like.

Kultur er tilkopling, ikkje avkopling Kultursjef Anita Nordheim verdset kultur

Nordheim leiar ein liten organisasjon i kommunesamanheng, men i samarbeid med lokale eldsjeler, lag- og organisasjonar kjem resultata. - Vi må spele på kvarandre sine styrkjer, og kommunen kan fungere som eit støtteapparat for dei som ønskjer å få ting gjort. Med areal på begge sider av Sognefjorden oppstår både moglegheiter og utfordringar. Vi har stor variasjon i kulturen i kommunen, og det er eit privilegium å vere kultursjef for eit område der du kan køyre ei mil og møte stadar med ein heilt eigen kultur, identitet og tradisjon. Det må vi ta vare på framover, samstundes som vi som kommune sørgjer for at det finst gode kulturtilbod for folk på deira eigne heimstadar.

Næringssjef Terje Søreide har gode dagar på jobb for tida. Det eksisterande næringslivet i kommunen går godt, og fleire nye prosjekt er på trappene. - Den tradisjonelle industrien vår er i god utvikling, og vi ser at det veks mykje spanande opp rundt desse verksemdene. Det er knoppskyting i praksis. Det er fleire klare fordelar ved nyskaping ut frå eksisterande verksemd, slik som at ein slepp å starte heilt frå scratch med tanke på produkt og marknad.

Foto: Aril Gjelsvik

Helga 28.- 30 august vil sjølve hovudmarkeringa av industristadjubileet gå av stabelen i Høyanger tettstad. Fredag blir det opningsseremoni på kaia, der eit av høgdepunkta blir framføringa av opningsverket komponert av Ole Hamre og Harald Dahlstrøm. Laurdag står musikken i fokus, med konsertar heile dagen på bytorget. CC Cowboys får æra av å runde kvelden av. Søndag er det igjen tid for musikk. Då vil tonane kome frå under røyrgatene på fjellet, der krafta som driv aluminiumsomnane har sitt opphav.

Verket i Høyanger er det eldste av Norge sine sju noverandre aluminiumsverk.

Kanskje det blir kveita som tar over for oljen? Næringssjef Terje Søreide tenker høgt og luftig

Utviklinga av Høyanger som ein turistkommune er ei fanesak for Søreide, og næringssjefen meiner at gode tilbod for innbyggjarane i kommunen gir gode tilbod for turistane. - Det er mi oppriktige meining at det er eit stort potensial for næringsverksemd innafor reiseliv her i kommunen. Vi må lage destinasjonar som er attraktive å besøkje, ikkje berre for turistane, men og for innbyggjarane i Høyanger. Ein kommune med eit høgt servicenivå innan opplevingar, mat og overnatting stiller sterkt i konkurransen om turistane, men det er og ein god kommune å bu i.

I dag er Høyanger Metallverk kjent for å produsere aluminium av høgste kvalitet. Verket er og lønnsamt. I 2014 gjekk det med 116 millionar i overskot.

AI

Aluminium er det vanlegaste metallet på jordas overflate, men sidan det reagerar svært lett med andre stoff, finst aluminium nesten ikkje i rein form i naturen.

ELD, KRAFT, VATN

3


TUNGROCK & LETTMETALL

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

TUNGROCK & LETTMETALL Det er kraft i symbiosen mellom rock og industri.

”Ursäkta om jag stør”... Den verdskjente svenske trubaduren Cornelis Vreeswijk ser ut over ei høglydt folkemengd på puben Joss i Høyanger, ein kveld i 1985. Han har lyst til å starte konserten sin, men det er ingen respons å hente. Vreeswijk spelar på bortebane denne kvelden.

4

ELD, KRAFT, VATN

I Høyanger har den musikalske suksessformelen vore relativt enkel dei siste tiåra. Breibeint fuzzgitar pluss fire flate på trommene er lik god stemning. Rocken sit i ryggmargen på folk, og konsertane er ikkje skikkeleg vellukka før takplatene ramlar ned og flyr veggimellom. - Rocken har sidan musikksjangeren slo igjennom på 60-talet vore ein viktig del av kulturen i Høyanger. Etter ei veke med lange dagar på fabrikken har folk vore interessert i å komme seg ut i helgane, og då passar jo rock glimrande som musikalsk bakteppe. Primus motor i Høyanger Rock- og Blues-klubb Ottar Uglum sit på ein stol på Joss, ein meter eller to frå der Vreeswijk fekk sitt ublide møte med publikum. Serveringsstaden i industribygda har for lengst opparbeida seg legendestatus i den vestlandske rockehistoria, og Uglum har sjølv vore med på å arrangere fleire titals konsertar i dei brune kjellarlokala. - Vi vart lagt godt merke til nasjonalt, og særleg påskerocken i 1991 har gått inn i historiebøkene som legendarisk. Både fag- og dagspresse frå heile landet var innom for å oppleve den unike stemninga,

og rockeguru Bård Ose, som den gang var journalist i Bergens Arbeidarblad, var ein av dei som fekk bakoversveis av det som møtte han. Det var heiderleg omtale å lese overalt i dagane etter påskerocken det året.

Power to the people Då dei første LP´ane fann vegen frå rockerevolusjonen i det store utlandet, over Nordsjøen, og vidare inn i dei tronge vestlandsfjordane, trefte dei ei nerve på sin veg i Høyanger. Den energiske og folkelege «rett på sak» musikken passa godt inn i verdisettet, levemåten og tradisjonane som råda i industrisamfunnet. Lokale band vart etablerte, og fleire opplevde suksess. Eit utøvande miljø vaks raskt fram, og bygdedansar rundt om i fylket fekk hyppig besøk av band frå Høyanger. Dei beste fekk til og med oppdrag i sjølvaste Bergen, noko som var høgst uvanleg på denne tida. Lokalhistorikar Anders Timberlid har sett nærare på framveksten av industrisamfunnet Høyanger, og han har merka seg rolla musikken spelte som identitetsskapar. - Musikken som sådan har stått sterkt i


TUNGROCK & LETTMETALL

Foto: Rune Strandos

Høyanger sidan industrien Musikkmiljøet i Høyanger sin spede barndom, noko har vel covra det som er å etableringa av Fagforencovre av rockehistoria ingens Musikklag så tidleg Ottar Uglum som i 1923 er ein god inLeiar i Høyanger Rock og Bluesklubb dikator på. Då rocken kom vart den ein god match for industri- og fagforeiningskulturen, mellom anna med sitt fokus på solidaritet og samhald. Det var romsleg i rocken, og romslegheita er og eit typisk trekk ved Høyanger. Dei som ville vere med kunne komme som dei var. Takhøgda var stor.

Evigvarande speleglede Samhaldet har alltid stått sentralt i det utøvande musikkmiljøet i Høyanger, og rockeentusiast Uglum meiner at det nettopp er samarbeidskulturen som har danna fundamentet for det høge aktivitetsnivået. God tilgang på øvingslokale og mange oppvarmingsjobbar til unge talent har ført til jamn rekruttering og eit variert miljø. - Det utøvande musikarmiljøet her har alltid hatt mange jern i elden. Det har ikkje nødvendigvis vore så mange fast etablerte band, men det har alltid vore mange prosjekt starta på bakgrunn av rein speleglede og spelelyst. Musikarane har henta kvarandre inn etter behov, og mangt eit coverband har blitt starta for så å bli lagt ned igjen etter eit par konsertar. Det er ikkje mange store rockeband som ikkje har fått æra av å få songane sine framført av lokale band her.

På 80-talet hadde Høyanger Rock- og Bluesklubb fleire hundre aktive medlemmer. Det var puben Joss i kjellaren i det som i dag er Høyanger Hotell (tidlegare Eides Hotell) som var “hovudkvarteret”. Dei intime lokala tar omlag 250 personar og det oppstår alltid tett kontakt mellom band og publikum.

Lokalhistorikar Jan Anders Timberlid og rockeentusiast Ottar Uglum er begge einige om at rock og Høyanger passar kvarandre som hand i hanske.

Nokre av dei som har vrengt sine gitarforsterkarar i Høyanger DumDum Boys - Barbie Bones - Helldorado Kåre & the Cavemen (Euroboys) - Bigbang - Hungry John Can Can - Åge Aleksandersen - Ricochets Goodtime Charlie - Backstreet Girls - Stage Dolls

ELD, KRAFT, VATN

5


TUNGROCK & LETTMETALL

LOKAL PROFIL

Destinasjon Høyanger 80- og 90-talet var glansperioden for rockekonsertane i Høyanger, og i 1988 vart den første påskerocken arrangert på Joss. Det var eit arrangement som i åra etter skulle bli viden kjent, kopiert og vidareført andre stadar. På denne tida hadde Høyanger posisjonen som Sogn og Fjordane sin uoffisielle rockehovudstad. - Det var mykje anleggsaktivitet her på denne tida, og anleggsarbeiderane var gjerne tørste etter øl og svoltne på rock. Vi kunne arrangere konsert nær sagt når som helst, alle dagar i veka. Det vart full rulle og trongt om plassen i lokala uansett. Ikkje var det vanskeleg å skaffe band heller for Uglum og dei andre konsertarrangørane. Høyanger låg midt i turnetraséen frå Bergen til Trondheim, så eit stopp på Joss vart gjerne lagt inn for band som var ute på vegen. Der vart artistane tatt imot med opne armar av Else og Tore Rønne, som drifta Eides Hotell den gangen. - Else og Tore var eit fantastisk vertskap for musikarane. Dei hadde knapt komt seg innafor døra før Else kom med gryta og spurde om dei ville ha middag. Musikarane vart stelt med som om dei skulle vore familie, noko dei sette stor pris på. Kombinasjonen av eit godt vertskap, eit entusiastisk publikum og ei gunstig geografisk plassering gav oss ein solid status i det profesjonelle musikknorge. Det gjekk eigentleg litt av seg sjølv på den tida.

Det har blitt arrangert eit utal konsertar med både lokale artistar og band av nasjonalt kaliber i Høyanger, og pressa har latt seg begeistre både av kvaliteten på musikken og konsertlokala.

The Tubs på TV Det er mange band og artistar frå Høyanger som har hatt suksess langt utanfor kommunegrensene, og eit av dei er indierockbandet The Tubs. Dei vart mellom anna spelelista på NRK P3 og fekk framføre sin coverversjon av Spicegirls sin megahit «Wannabe» på Topp 20 på NRK1 i 1997. The Tubs vart starta i Høyanger i 1991 og bestod av Tor Egil Høyvik (gitar/song), Bjarte Johansen (gitar/song), Bjørn Nesse (bass/song) og Arve Ullebø (trommer). Bandet gav ut tre album og to singlar på det bergensbaserte plateselskapet Rec 90.

6

ELD, KRAFT, VATN

Foto: Photomusic.cz

ERLEND EIDE NYBØ

OPPVEKSTSSTAD HØYANGER

FØDT 1985

KJENT SOM GITARIST

ERLEND ER I FØLGJE SEG SJØLV UHØGTIDLEG - PERFEKSJONIST - NYSGJERRIG

Få om nokon av dei mange musikarane frå Høyanger har opplevd like stor suksess i si karriere som Erlend Eide Nybø. Som gitarist i metallband som Funeral og Cor Scorpii har han fleire store albumutgivingar bak seg, og den talentfulle gitaristen har fleire gonger turnert Europa. Innimellom bandarbeidet har han og fått tid til å lage musikk til mobilspill utvikla av Frost Software. - Utanlandsturneane er store høgdepunkt i mi karriere. Det er noko eige med tronge turnébussar, lunka øl og unison sveittelukt frå eit metallband... Elles var det stort å ta over etter den vanvitig habile gitaristen Stian Bakketeig i Cor Scorpii, der eg og vart gjenforeint med den gamle bandkollegaen min Thomas Øvstedal. Det måtte mange timar med teknikkøving til før eg var nokolunde klar til den auditionen. Eide Nybø si musikkinteresse har opphav i musikktimane på barneskulen der lærar Bosse Litzheim, som og er ein musikar frå Høyanger med profesjonell fartstid, fekk elevane til å spele både Hendrix og Dylan. Eide Nybø prøvde ut fleire instrument men valde til slutt gitaren. Då vart vegen kort inn i eit miljø knytt til øvingslokalet i kjellaren på ungdomshuset Valhall. - Det var med jamne mellomrom konsert på Valhall der banda frå øvingslokalet i kjellaren fekk vise seg fram, med meir eller mindre godt hell. Alltid stinn brakke! Alltid god stemning! Eide Nybø er konstant aktiv med nye innspelings- og konsertplanar som del av banda han er medlem i, men han har ved sida av dei etablerte prosjekta og eit personleg ønskje for framtida. - Det har hopa seg opp ein del musikk i løpet av åra som ikkje passar inn i nokon av banda eg spelar i, og planen har heile tida vore å få realisert eit godt gammaldags thrashmetalband. Eg stressar ikkje med det i det heile tatt, men det hadde vore moro å få til sidan det er i den sjangeren eg føler at eg høyrer heime.


KJAPPE FAKTA OM HØYANGER

I 1915 vart Norsk Aluminium Company (NACo) etablert, og året etter oppdaga svenske ingeniørar enorme vasskraftressursar som skulle danne grunnlaget for den raske veksten for aluminiumsindustrien i tettstaden Høyanger. Folketalet i bygda vaks kraftig frå om lag 120 innbyggjarar tidleg på 1900-talet til over 2 200 i 1930.

Det gir ei folketalsauke på heile 1700%

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

!

Kjappe fakta om Høyanger Høyanger oppstod som kommune 1. januar 1964 då kommunane Lavik og Kyrkjebø vart slått saman. Sidan den gong har mykje skjedd, og her er litt informasjon om kven vi er og kva vi driv med i dag. I Høyanger er vi 4 180 innbyggjarar, fordelt i grove trekk som figuren under viser utover kommunen sitt 840km2 store landareal. kyrkjebø

710

vadheim

170

49,3%

lavik

50,7%

250

ortnevik

60 søreide

ikjefjord

80

bjordal

90

120

Kvart år blir det født ca. 40 barn i Høyanger kommune.

Og om du skulle lure, så har vi

1660

Noko av det vi arbeider med: Jord- og skogbruk, fiskeri

90 personar

Industri

340 personar

Bygg og anlegg

110 personar

Varehandel

140 personar

Transport

80 personar

Undervisning

190 personar

Helse- og sosial

490 personar

Overnatting og servering

30 personar

IT og kommunikasjon

20 personar

høyanger

2180

350

lavikdal

Vi er 2120 menn og 2060 kvinner med ein gjennomsnittsalder på 42 år.

På nordsida av Høyanger står korpskulturen sterkt med heile fem ulike korps. Flinke er dei og, noko mellom anna Lavik skulemusikk sine to NM-gull i 2. - og 3.- divisjon brass i 2008 og 2010 er eit bevis på.

personbilar,

280

varebilar og

60

lastebilar i kommunen.

ELD, KRAFT, VATN

7


ORDFØRAREN HAR ORDET

Ordførar

Foto: Aril Gjelsvik

Få om nokon kjenner Høyanger betre enn ordførar Petter Sortland. Då han tok over ordførarvervet i 2011 hadde han 20 år bak seg som næringssjef i kommunen. På denne sida fortel Sortland litt om kva han ønskjer å ha fokus på i 2015. - Vi satsar sterkt på å bygge ut fiberbreiband i kommunen, med Høyanger tettstad først ut, etterfulgt av Lavik, Kyrkjebø og Vadheim. På sørsida blir den nye netteknologien trådlaus, med overføring frå nokre strategisk utplasserte stasjonar. Å få på plass raskt internett er eit viktig politisk tiltak, slik at ein reduserer avstandar og gir næringslivet gode arbeidstilhøve. Det skal vere mogleg å jobbe i distrikta, og med arbeid som krev stor datatrafikk. Med sin bakgrunn som næringssjef følgjer Sortland det lokale næringslivet tett, og han likar det han ser. - Eg noterar meg at det blir gjort investeringar og føregår utbygging hos nokre av dei største verksemdene våre. Det kjem og positive signal frå St. Jean Wheels, som har fått ein avtale med Audi om produksjon av 100 000 felg. Elles melder verksemder som SafeClean, Høyanger Metallverk, Østerbø Maskin og Osland Havbruk om særs gode resultat. Det er og gledeleg å sjå at Bilfinger si avdeling i Høyanger tente pengar i 2014, og at verksemda opplever ei

HØYANGERGLIMT

Foto: Erik Førde

Petter Sortland

auke i oppdragsmengda etter fleire år med nedbemanning grunna lågare aktivitet. Samferdsle er eit anna viktig tema for ordføraren, og eit felt som alltid er aktuelt i politikken. - Innafor samferdsle har vi fleire prioriteringar framover. Ein av dei er å behalde Vadheim som eit trafikknutepunkt for ekspressbussar, uavhengig av kva løysingar for E39 som skal realiserast i åra som kjem. Det er og viktig at vi tek omsyn til det unike bygningsmiljøet i Vadheim, om det skal gjerast endringar i vegnettet der. Elles kjem vi til å halde trykket oppe for å få utbetra traseen Ulvåna - Tronvik. Statens Vegvesen sine utbetringsplanar for strekka er på 450 millionar kroner og inneheld fleire tunellar. Vi meiner det burde vere mogleg å ordne dei verste svingane og feila på denne vegstrekka for langt lågare og meir realistiske summar. Om ein får ordna opp i ein del småfeil er resten av vegen fin. Fylkesveg 8 på sørsida treng og ei opprusting, noko som vil vere viktig for at næringslivet i denne delen av kommunen skal kunne fortsette å utvikle seg positivt. Avslutningsvis trekk ordføraren fram arbeidet kommunen er i gang med for å sikre bustadar til dei som måtte ønskje å busette seg i Høyanger kommune. - Vi må legge til rette for at folk kan teste ut lokalsamfunnet vårt, og at vi har alle typar husvære tilgjengeleg som gjennomgangsbustadar, leilegheiter og bustadfelt for eine- og fleirmannsbustadar. Vi håpar at den nye støtteordninga til kommunen, der dei som bygger nytt hus får tildelt 200 000 kroner i støtte av kommunen, vil slå positivt ut på rekrutteringa.

Erik Førde testar luftmotstanden ein sommarkveld i Vamråk.

Ordføraren tillatar seg å vere optimistisk då det er mange positive trekk å spore i Høyanger kommune. Optimist og ordførar Petter Sortland

!

Tittelen på dette magasinet tar utgangspunkt i eit slagord utvikla for Høyanger kommune. Eld understrekar bodskapen om Høyanger kommune som ein inkluderande organisasjon og eit samfunn prega av omsorg og varme. Kraft symboliserer styrke, handlekraft og vilje til å gjennomføre. Vatn er skapande, og ei kjelde til vitalitet og vekst. Vatn symboliserer rørsle og endring, noko Høyanger kommune er i form av vilje til nytenking og omstilling.

Høyangerbadet - Syden i Sogn I 2006 opna Høyangerbadet, eit paradis for badenymfer og sjøløver i alle aldrar, og for dei som likar å berre slappe av på ei solseng i «tropiske» omgjevnadar. I Høyangerbadet finn du eit basseng for ein kvar smak, og i kafèen ventar det mykje godt for dei som skulle trenge å fylle på med litt energi etter ein runde i vatnet.

8

ELD, KRAFT, VATN

Fakta basseng inne Familiebasseng: Stupetårn: Vassklie:

Fakta basseng ute 25 x 12.5m 1m/3m 56m

Inne i Høyangerbadet finn du og eit stort terapibasseng, klatrevegg, boblekant, plaskebasseng m/sklie og badstove.

Utebasseng 28o: Plaskebasseng:

25 x 12.5m 24m2

Ved utebassenget finn du og solstolar du kan kose deg i, om du treng ein pause frå all badinga.


Annonseside

ELD, KRAFT, VATN

9


GRÜNDERSPIRE - I KARRIG JORD?

Gründerspire Gründerspire

- i karrig jord?

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Kristin Myren ville enten bli matematikar eller kunstnar. Ho hamna opp ein stad midt i mellom, som grafisk designar med eiga verksemd i heimbygda Ikjefjord. Det er i følgje gründeren sjølv heilt ideelt.

Jålete kaffivanar, briller med glas utan styrke, og ein utprega forakt for alt folkeleg. Avstanden mellom den stereotype grafiske designaren til Kristin Myren og hennar Kristin Kommunikasjon er stor. I kontorlokala til det ferske kommunikasjonsbyrået i Ikjefjord er det fritt for overfladisk luksus og staffasje. Arbeidsdagane der er prega av hardt arbeid og rause dosar med sjølvdisiplin, eit tilvære Myren trivst godt med. - Då eg flytta frå Bergen tilbake til Ikjefjord med familien min våren 2013 starta eg på Østerbø Maskin, men etter eit år der måtte eg slutte grunna nedskjeringar. Då måtte eg hoppe i det og starte for meg sjølv, noko som var heilt greitt, for det hadde vore ein draum for meg lenge. Ikjefjord er midt i smørauget som etableringsstad, for her druknar eg ikkje i mengda i ein bransje prega av mange aktørar og sterk konkurranse. Det går mykje tid, og eg veit sjeldan korleis neste månad blir med tanke på arbeid og lønn, men det er samstundes veldig spennande og lærerikt å drive for seg sjølv.

Sosialt aleine Då Kristin Kommunikasjon vart starta på nyåret 2014 hadde innehavaren gjort heimeleksa si, så Myren visste at det var interesse for tenestene ho kom til å levere. Ein av kundane som har vore med sidan oppstarten er den gamle arbeidsgivaren Østerbø Maskin, og Myren har framleis eit ”distriktskontor” i deira lokale på Østerbø. Der er ho med jamne mellomrom innom for å hjelpe til med ymse oppgåver knytt til marknadsføring og kommunikasjon. - Eg trudde eg ville bli sittande mykje aleine då eg starta for meg sjølv, men slik har det ikkje blitt. Kontakten med kundar gjer det langt mindre usosialt å drive for seg sjølv enn ein kanskje skulle tru. Men det er nok lurt å vere del av eit kontorfellesskap eller liknande, så ein får lufta tankane sine litt. Tilknytinga til Østerbø Maskin har vore til god hjelp for meg i så måte, men det er nok litt slitsamt for dei tilsette der når eg kjem pratesjuk etter å ha arbeida aleine i Ikjefjord ein periode...

Kristin Kommunikasjon er å finne på www.kristinkom.no. Der kan du lese meir om tenestene Kristin Myren tilbyr, og finne nytt frå verksemda og blogginnlegg om livet som gründer. Kristin Kommunikasjon er og å finne på Facebook, LinkedIn og Instagram. Sjå opp for emneordet #kristinkommunikasjon På www.kristinkommunikasjon.no finn du og ein nettbutikk med eit breitt utval produkt med superlokal identitet produsert av superlokale krefter.

10

ELD, KRAFT, VATN


GRÜNDERSPIRE - I KARRIG JORD?

Som sin eigen sjef står Myren fritt til å leggje opp dagane sine som ho sjølv vil, men høg fleksibilitet betyr på ingen måte det same som mykje fritid. - Eg forsøkjer å ta ein pause mellom fire og åtte på ettermiddagen når ungane er heime og vakne, men så fort dei er lagt er det gjerne opp igjen med PC´en i sofaen for å få unna litt administrasjonsarbeid. Det er viktig med ei god datapute om du skal starte for deg sjølv, for å sei det sånn.

Fullt trykk Ved sida av å arbeide med trykksaker og nettsider har Myren gått til innkjøp av utstyr som kan produsere trykk på tekstilar, eit produktfelt ho håpar å kunne utvikle vidare i åra som kjem. - Det er kjekt med litt avkopling frå PC-skjermen og faktisk lage noko heilt konkret. Eg kan med utstyret mitt produsere profileringsklede for alt frå verksemder til idrettslag, og om eg skulle lukkast med dette kan det kanskje bli rom for å utvide med fleire tilsette? Det er jo lov å håpe. Myren er som dei fleste andre gründerar full av idear og visjonar, og ho må tidvis tvinge seg sjølv til å halde seg til det ho kan best, og eigentleg skal drive med.

- Eg har veldig lyst å gjere alt sjølv og har lett for å tenkje at sjølvgjort er velgjort. Det er viktig å innsjå at ein ikkje klarer alt, og heller ikkje må klare alt, når ein skal drive for seg sjølv. Tid er ein knapp ressurs, og ein må prioritere kva ein vil bruke den til.

Kultur i endring Mange av kundane til Kristin Kommunikasjon er i dag lokalisert utanfor Høyanger sine grenser, men Myren merkar at det finst ei solidarisk innstilling internt i kommunen prega av eit ønskje om å nytte lokal arbeidskraft. - Når lokale verksemder arbeider for kvarandre oppstår det fort vinn - vinn situasjonar som styrkjer alle involverte. Det er ein måte å tenkje på som eg synst er veldig positiv. Eg har og inntrykk av at kulturen er i ferd med å endre seg noko her heime, og at det er eit aukande fokus på design og marknadsføring. Mange bransjar opplever ein tøffare marknad, og mange av dei lokale verksemder i området har fått auga opp for at dei må halde eit visst nivå på kommunikasjonen ut, om dei skal lukkast i den harde konkurransen. Det gir meg tru på framtida.

BIO Kristin Myren er gift, mor til to, og har ein bachelorgrad i visuell kommunikasjon frå Høgskolen i Buskerud og Vestfold. Som ungdom gjekk ho av ukjende årsaker konsekvent med umake sokkar. I sju år arbeida Kristin Myren i Hordaland Fylkeskommune. Der var ho mellom anna sentral i oppbygginga og satsinga på sosiale medier, eit felt ho framleis arbeider mykje med.

Kristin Myren på ein skala frå 1 til 5 Kreativ Strukturert Aktiv Optimistisk

Det er veldig behageleg å planleggje i det uendelege, men då skjer det ingenting. Til slutt må du ta sjansen, så får det enten bere eller breste. Kristin Myren Sjef i Kristin Kommunikasjon

Gründerprofil

SafeClean

- Rein kjemimagi Selskapet som i dag er kjent som SafeClean vaks fram frå konkursramma Vestlandske Avlakkering i 2002, og har blitt ei av dei største suksesshistoriene frå næringslivet i Høyanger dei siste åra. Gründerane Jon Refsnes og Johnny Litzheim orienterte verksemda raskt over frå reinsing av feillakkert felg som hovudgeskjeft, til reinsing av komponentar og system på oljeplattformar. Det viste seg å vere ei suksessoppskrift, og i dag har SafeClean om lag 30 tilsette og fleire titals millionar i omsetning. Jon Refsnes er ikkje i tvil om at heimstaden Høyanger har vore ein viktig faktor bak den jamne veksten selskapet har opplevd. - For oss har det vore ein klar styrke å vere lokalisert i Høyanger. Vi fekk ei utruleg god støtte frå kommunen og HNU under oppstarten i 2002, og vi ser klare fordelar ved å vere distriktsbaserte. Om ei kompetanseverksemd som SafeClean hadde høyrt

Foto: Arve Ullebø

heime på ein større stad ville vi truleg opplevd langt større utskiftingar i personalet. Jobben vi gjer er så spesialisert at kvar einskild må trenast ekstensivt internt for å vere i stand til å utføre arbeidsoppgåvene, og då er det sjølvsagt ein klar fordel for selskapet at dei tilsette blir hos oss lenge. Kontinuerleg utvikling har heile tida vore eit nøkkelord for Refsnes og dei andre i SafeClean, og han rådar andre med ei gründerspire i magen om å vere audmjuke for innspel frå andre. Det handlar om å ta gode val, og få ting gjort. - Det å diskutere tankar og idear med dei

!

Gründertips frå Jon Refsnes Ha «stayerevne» og bevar trua på ideen din, men ver samtidig open for å justere og vidareutvikle konseptet ditt fortløpande. Ver derfor alltid i dialog med kundane dine, så du forstår deira behov.

du har rundt deg kan vere ein god start, og det skadar aldri å få fleire perspektiv på prosjektet ditt. Det er dessverre alt for mange knallgode idear i dette landet som nettopp blir på idéstadiet, og eg trur at større openheit om moglegheitene kunne fått fleire gode næringsprosjekt realisert.

ELD, KRAFT, VATN

11


GRÜNDERSPIRE - I KARRIG JORD?

Gründerprofil Målet vårt har endra seg, og vi ser at dette kan bli mykje større enn det er i dag. Marknaden er der. Vi kan bli så store som vi sjølv ønskjer.

Sogn Aqua

- Skatten frå djupet

Jan Arne Brekke Sogn Aqua

Sogn Aqua AS har sidan selskapet vart etablert i 2007 fått mykje merksemd for sitt landbaserte oppdrettsanlegg for kveite i Slantevika på Høyanger sørside. Gründer Jan Arne Brekke har utvikla eit konsept med bruk av djupvatn frå Sognefjorden som nøkkelkomponent, og resultatet av produksjonen er kveite i verdsklasse. Ved sida av å vere del av menyen til eksklusive restaurantar landet over har kveite frå Sogn Aqua blitt servert på alt frå kunstutstillinga ”Révélations” i Paris til den russiske mangemilliardæren Yuri Scheffler på privatcruise i Sogn.

Då Sogn Aqua vart etablert var småskalakonseptet heilt sentralt, men etter kvart som selskapet har utvikla seg har Brekke justert framtidsvisjonane noko. Blant anna med planar om etablering av eit nytt og større anlegg i Ortnevik, 10 kilometer frå det eksisterande anlegget i Slantevika.

og at alt frå sambygdingar til kommunen og fylket er med å heie oss fram. Det kjem godt med, for det er ikkje all dagar som er like lette når ein er gründer og skal utvikle ei bedrift som vår.

- Det har gått rette vegen heile tida, både biologisk og økonomisk. Vi har jobba mot stadig nye mål og nådd nye milepælar fortløpande. Vi har dei siste åra fått inn aksjonærar som ser potensialet i prosjektet vårt, noko som har vanvitig stor verdi for oss, og som gir inspirasjon til vidare satsing og vekst.

Sogn Aqua nyttar seg mykje av lokale verksemder, og Brekke fortel at lokalsamfunnet rundt har vore viktige for suksessen selskapet har opplevd så langt. - Når vi nyttar lokale krefter får vi folk vi kan stole på, og som gjerne stiller opp på kort varsel og får jobben gjort. Vi opplever

Gründertips frå Jan Arne Brekke Start verksemda di i distriktet. Der blir du lettare sett, og du får lettare støtte frå andre. Pass på at du brenn tilstrekkeleg for prosjektet ditt, at du er allsidig, og at du har evna til å sette deg inn i nye ting.

Foto: Sogn Aqua

!

Gründerprofil

Polarlys - Lyse tider i Vadheim Polarlys i Vadheim arbeider med LED-belysning til alt frå olje- og gassinstallasjonar til bustadar, og er med etableringa i 2012 ei relativt ung verksemd. Gründer Arvid Beinnes har bakgrunn som produktutviklar i den Vadheimsbaserte lysvarslingssystemprodusenten Tracksa, og som konsulent innan belysning og elektronikk. Konseptet bak etableringa av Polarlys vart utvikla over tid. - Grunnstamma for det vi driv med i dag var eit oppdrag vi fekk av Statoil som gjekk på utvikling av eit konsept for lys i livbåtar til Statfjord-plattformane i Nordsjøen. Med denne avtalen i botn visste vi at det ville komme oppdrag så vi kunne etablere verksemda og starte opp produksjonen i 2012. Oppdraget knytt til livbåtbelysning gav eit fundament for Polarlys, men det vart raskt klart at nye marknadar måtte utviklast. - Vi kan ikkje basere oss på berre ein kun-

12

ELD, KRAFT, VATN

Foto: Ytre Sogn

de, så vi har sett etter nye marknadar å utvikle lysløysingar for. Vi satsar og på å selje produkt til vanlege folk gjennom to ulike nettbutikkar. Belysning er eit sesongbasert felt, så vi ser etter moglegheiter for å auke omsetnaden også i sommarhalvåret. Som elektroingeniør innan svakstrøm er Beinnes godt kvalifisert til å utvikle lysløysingar, og erfaringane hans frå tidligare gründerselskap kjem og godt med i etablererfasen. - Sjølv om vi søkjer nye marknadar er vi obs på at vi held fokus på det vi skal drive med, og ikkje har for mange ballar i lufta. Då mister du fort kontrollen og oversikten.

!

Gründertips frå Arvid Beinnes Følg draumen din, og hald på fokuset undervegs. Skal du drive med alt blir du litt god på mange ting, men får ingen verdifull spesialkompetanse. Gå inn med hud og hår, og pass på at du aldri leverar venstrehandsarbeid.

På www.polarlys.no kan du kjøpe alt frå lommelykter til belysning for tunellar. Alt basert på LEDteknologi, sjølvsagt.


PARKEN MED DET RARE I

Parken med det rare i

På inngangsdøra til stavkyrkja til Anders Brekke i Ortnevik står følgjande korte vers skore inn med runeskrift: «Det gode skal du hogge i fjell. Det vonde kan du skrive i snø» Det er eit motto som kan passe godt for heile parken Brekke har laga til på eigendomen sin. Der er det ro i sjela og ettertanke som rår.

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Ortnevik er eit endepunkt på fylkesveg 92 i Sogn og Fjordane. Du kan sjølvsagt ta ferja vidare til nordsida av kommunen eller til Vik, men du kan og velje å køyre forbi ferjekaien og vidare opp i bygda. Om du gjer det, og dristar deg heilt til den siste garden på austsida av Ortnevik, kan du fort få deg ei lita overrasking. På ein jordflekk omkransa av elver eit steinkast frå vegen openbarar det seg plutseleg ei lita stavkyrkje, truleg den einaste i privat eige i verda. I skogen rundt kyrkja er det plassert ut underfundige treskulpturar som ventar på å bli oppdaga av nysgjerrige auge. Det heile er som kulissane til eit norsk folkeeventyr.

Parken til Anders Brekke har vakse fram over tid, og dei seinare åra har og besøkstala auka. No er overskotsprosjektet blitt ein turistattraksjon med om lag tusen besøkjande innom kvart år, noko som slett ikkje var planen til opphavsmannen. Men han set pris på både interessa og selskapet. I parken til Anders er det ingen reglar, strategiar eller langsiktige planar. Alt er lov. Til og med å byggje stavkyrkjer med spikarpistol. Det gjorde dei truleg ikkje i middelalderen. Ta turen til Ortnevik du og. Opplev kva som kan skje når kreativitet får fritt spelerom, og vill fantasi møter dyktig handverk.

Ortnevik

I Ortnevik bur det 45 fastbuande, men folketalet i den vesle bygda veks kraftig på sommaren når hyttefolket kjem. Ortnevik har eigen butikk, kyrkje, bibliotek, grendehus og ferjekai. Båtrutene frå Ortnevik går til Måren, Nordeide og Høyanger, samt innover dei veglause strendene mot Vik. Det har både blitt forfatta bøker og laga TVprogram om gardane langs ruta mot Vik.

ELD, KRAFT, VATN

13


HØGT, LÅGT OG BREITT

Høgt, lågt og breitt Som del av industristadjubileet vil fotografane Aril Nikolai Gjelsvik og Arvid Fimreite opne utstillinga «Høgt, lågt og breitt» på seinsommaren 2015 i Høyanger Samfunnshus, ei utstilling der halvparten av bilda er historiske og halvparten er samtidsfoto frå Høyanger tettstad. Alle dei omlag 40 fotografia skal trykkast på aluminium, eit kreativt men samstundes naturleg materialval for temaet. På desse sidene får du ein liten smakebit på fotoevnene til Gjelsvik. Besøk «Høgt, lågt og breitt» for å sjå meir.

o r o m t lo t a Br Sip på

Foto: Lars Jonas Pedersen

14

ELD, KRAFT, VATN

Fem minutt med bil frå Høyanger sentrum ligg Norges brattaste skitrekk. I dei friskaste hellingane er alpinbakken til Siplo på heile 37 grader, med 300 meter høgdeforskjell frå topp til botn. På Siplo finn du og lysløype, barnetrekk, oppkøyrde spor, kafé og toalett. Siplo er drifta på dugnad med over 3000 dugnadstimar i året, og anlegget har blitt trekt fram av Aftenposten som ein skjult skatt blant mindre skisenter i landet. For informasjon om opningstider og prisar, sjå www.siplo.no

Fakta langrennsløyper Lysløype: Turløype til Synken:

2,5 km 5 km

Fakta alpinbakken Bygd: Gjennomsnittleg helling Skrålengd: Brattaste helling: Høgdeulikskap:

1983 23,3° 688 m 37° 272 meter


HØGT, LÅGT OG BREITT

Høyanger

Tradisjonsrik jubilant Historia til Per A. Øren AS er både lang og innhaldsrik, og i 2015 kan verksemda stolt feire sitt 90 års jubileum. Det heile starta då Per A. Øren vart dampskipsekspeditør i Høyanger i 1925. Eit par år etter fekk han leigevognløyve, og han byrja med varetransport i den raskt vaksande industristaden. Verksemda utvida dei komande åra med stadig nye forretningsområde, som til dømes entreprenørtenester, levering av oljefyr og oppstart av Høyanger Trelastkompani.

I dag er Per A. Øren AS delt opp i tre dotterselskap som driv med transport, entreprenørtenester og eigedom. Mange frå Høyanger har eit spesielt forhold til dei karakteristiske grøne og raude trailerane til Per A. Øren, og verksemda er ein viktig næringsaktør i kommunen.

I Høyanger tettstad bur det omlag 2000 innbyggjarar. Kommunesenteret vart bygd opp rundt aluminiumsverket, og rommar mykje unik arbeiderkultur og historie. Høyanger har tilbod og aktivitetar på linje med andre tettstadar, og eit levande sentrum med butikkar og kaféar.

ELD, KRAFT, VATN

15


Foto: Lars Jonas Pedersen

GROM LYD OG FRISKE VISJONAR

GROM LYD OG FRISKE VISJONAR Djupt nede i Høyanger Samfunnshus ligg det nyetablerte studioet til OnCue. Der finn du tre visjonære menn, klare til å erobre verda.

OnCue består av Bjarte Johansen, Stig Kamonen og Bjørn Randal. Alle tre har «generell studiokompetanse» i bagasjen, og i samla tropp har dei og stålkontroll på alt som har med lyd, lys og arrangementproduksjon å gjere. No har dei tre musikalske musketerane slått kreftene sine saman, og satsar friskt frå sin base i samfunnshuset i Høyanger. - For oss er plasseringa i Høyanger glimrande. Artistar som skal spele inn musikk kjem gjerne hit, og vi kan utan problem reise i både inn- og utland for å gjennomføre jobbar. Utgiftene vi sparar til lokale og drift samanlikna med bybaserte studio kan vi bruke på andre ting, som til dømes nye investeringar.

Frå Spektrum til Joss Lokale jobbar er viktige for OnCue, men med sitt store geografiske nedslagsfelt kjem henvendingane strøymande frå både inn- og utland. Det lille produksjonsmiljøet i Høyanger opplever det same som andre kompetanseverksemder i distrikta som har eit godt rykte. Kundar som ønskjer kvalitet frå øvste hylle bryr seg lite om kvar kompetansen bur og arbeidar til dagleg, og betalar gladleg for å få dei rette folka til jobben på plass der jobben skal gjerast. Stig har arbeida i ei årrekkje som turnerande lydmann, og

16

ELD, KRAFT, VATN

han er derfor godt vant med å reise. - Då Kaizers Orchestra skulle spele sine siste konsertar hausten 2014 i DNB Arena i Stavanger vart eg flydd inn for å sette opp høgtalarsystemet. Då jobben var gjort reiste eg rett heim igjen. Eg høyrte ikkje eingong bandet spele! Vi gjer ein del slike jobbar, og det er litt kult å sitte i lille Høyanger og sende faktura til store nasjonale og internasjonale arrangement. Vi har til dømes deltatt i produksjonen av «Chess in concert» under Sjakk OL i Tromsø, og opninga av Stormen, som er det nye konserthuset i Bodø.

Alternativt reiseliv Gjengen i OnCue har variert erfaring og lange merittlister, men no er det framtida som gjeld. Etter å ha brukt tid på å leite etter eit eigna studiolokale endte OnCue til slutt opp i dei tidlegare lokala til Radio Smia i Høyanger Samfunnshus. Der har dei bygd opp studioet sitt etter alle kunstens reglar, og er no klare til å ta imot musikarar på jakt etter godlyden. - Mange artistar likar å reise vekk når dei skal spele inn musikk, og då er Høyanger midt i blinken som destinasjon. Det er såpass lite og landleg her at det er lett å kome inn i ei kreativ boble, medan det er stort nok til at ein del tilbod som hotell og daglegvarebutikkar med godt utval


GROM LYD OG FRISKE VISJONAR

ligg i umiddelbar nærleik til studioet. Vi håpar at vår næringsverksemd kan kome andre delar av næringslivet i Høyanger til gode. Artistane blir gjerne og ei god stund når dei først har gått i studio, så dette er attraktive «turistar». Vi har i det heile eit ønskje om å styrke det totale næringslivet lokalt, med vårt bidrag som aktør i ei alternativ nisjenæring. Dette er ikkje ein hobby eller eit sideprosjekt, men høgst seriøs business frå vår side. Med sin lange fartstid i bransjen har ringrevane i OnCue alt ein god posisjon i markanden, og det skadar heller ikkje at dei er i stand til å handtere eit særs vidt spekter av musikalske uttrykk. - Vi har samla sett arbeid med alt frå folkemusikk og samtidsjazz til meir tradisjonell rock og pop. Studioet vårt har det beste av analogt og digitalt utstyr, så det skal vere mogleg å gjenskape dei aller fleste lyduttrykk i skalaen frå varm akustikk til kald elektronikk her. Vi ser og for oss at vi vil arbeide ein del med ikkje-musikalske lyduttrykk, som til dømes lydbøker og voiceover til reklamefilm, så moglegheitene er mange. At vi har samfunnshusscena ståande rett utanfor studiodørene er heller ikkje noko ulempe, då vi på sikt kan ta opp større produksjonar som krev stor plass der.

Eg ser at ein del studio skryt av at dei har åtte Midas XL4 mikrofonpreampar. Vi har 56... Stig Kamonen er godt nøgd med det heller røslege miksebordet OnCue har montert i Høyanger Samfunnshus

Moderne prosessindustri Mykje har skjedd frå tida då ingeniørane i Abbey Road spelte inn the Beatles i sine kvite labfrakkar, men dagens profesjonelle lydproduksjon er framleis eit høgst kompetansekrevjande fagfelt på linje med anna høgteknologisk prosessindustri. Avstanden frå det som føregår på verket i Høyanger til det som skjer hos OnCue er truleg kortare enn mange trur, då det begge stadar handlar om å gjere om eit råstoff til eit sluttprodukt av høg kvalitet. I OnCue sitt tilfelle er råstoffet ei lydkjelde som blir forma av studioutstyret og kompetansen til dei som styrar det heile. OnCue har bygd studioet sitt rundt eit røslig Midas XL4 miksebord, eit miksebord som har kome for å bli, då rommet har blitt bygd rundt bordet i etterkant. Sett vekk frå ein del utvalt kvalitetsutstyr som miksebordet har OnCue lagt seg på ein nøktern innkjøpsstrategi. - På live-sida har vi kjøpt inn ein del utstyr til små arrangement, men ikkje til større produksjonar. Får vi slike jobbar leiger vi inn det vi treng, og det er og ein god måte å halde utgiftene nede på. Det er ikkje utstyret som skal skaffe oss jobbar, men kompetansen vår. Med ein allsidige spisskompetanse som fundament håpar vi at OnCue kan bli ei suksessverksemd med fleire arbeidsplassar på sikt.

OnCue startar ikkje akkurat frå bar bakke. Med solid erfaring frå festivalar, konsertar og innspelingar på høgste nasjonale og internasjonale nivå er det no tre veteranar på feltet som satsar på lyd og lys i Høyanger.

Bjarte

Kjappe fakta om OnCue

Bjørn Stig

• Stifta i 2013 av Bjarte Johansen, Stig Kamonen og Bjørn Randal. • Driv med produksjon av konsertar, events, lyd- og musikk. • Innvigde det nye studioet sitt med innspeling av eit album med bandet Spitfire. • Har i følgje ryktet eit både lyd- og vanntett studio, grunna ein iherdig innsats med byggsilikon.

Foto: Lars Jonas Pedersen

ELD, KRAFT, VATN

17


Annonseside

XL-BYGG HØYANGER - ditt lokale byggevarehus -

Strandgata 14, 6993 Høyanger Tlf: 57 71 42 00 / E-post: firmapost@hoyanger-trelast.no

OPNINGSTIDER MAN-FRE: LØR:

Tlf. 57 70 76 00 | E-post: post@orenhotel.no

08.00 - 16.30 09.30 - 14.00

www.orenhotel.no

Osland Havbruk - Ein smak av Sognefjorden Osland Havbruk er eit lokaleigd fiskeoppdrettsselskap med ei lang historie og framtidsretta visjonar. Vi er i vekst og søkjer konstant etter måtar å forbetre oss på, slik at vi kan bli enno dyktigare til å produsere sunn og god mat.

VIL DU VERE MED Å UTVIKLE VIDARE NORGES VIKTIGASTE NÆRING? www.osland.no | 57 71 01 02 Besøk oss gjerne på Facebook

18

ELD, KRAFT, VATN


Annonseside

Postboks 33, 6991 Høyanger • Tlf: 57 71 45 00 Mob: 911 33 037 • 911 33 038 • 911 33 039 E-post: post@pao.no • Web: www.pao.no Følg oss på Facebook

FINURLIG ER DIN LOKALE PRODUSENT AV TRYKKSAKER OG NETTSIDER

www.finurlig.no

ELD, KRAFT, VATN

19


DRAUMEFANGAREN

Foto: Massimo Leardini

Draumefangaren

Det finst ein del ting som det berre ikkje skal vere mogleg å realisere. Nokre få personar klarer det likevel.

Året er 2006. Jonas Pedersen Øren er 18 år, og har akkurat starta på ballettlinja til Fagerborg videregående skole. Der står den unge mannen frå Høyanger i eit dansestudio, omgitt av ei gruppe 15 år gamle medelevar. Dei har dansa ballett sidan dei var to. Det har ikkje Jonas. Langt derifrå. Etterslepet er stort. - Eg mangla årevis med trening, og i klassisk ballett er det snakk om ekstreme fingerspissferdigheiter og utallige repetisjonar før alle detaljane kjem på plass. Du treng rett og slett alle åra med trening for å bli skikkeleg god. Men eg fekk resultat. Fire år etter at eg byrja med ballett kom eg inn på Kunsthøgskulen i Oslo si ballettlinje. Det hadde eg aldri trudd. Om det er ein ting som kjenneteiknar Jonas Pedersen Øren må det vere at han følgjer draumane sine, uansett kor uoppnåelege dei måtte framstå for ein fyr frå ei industribygd på Vestlandet. Oppveksten i Høyanger var mange, mange kilometer frå næraste ballettskule. Å skulle

konkurrere om knappe danseplassar mot andre som har dansa heile livet var mildt sagt urealistisk. Enkelte ting skjer ikkje. I alle fall ikkje før nokon faktisk gjer det, og visar at det går an likevel. - Eg er kjempeglad for at eg er frå Høyanger, for eg hadde ikkje vore den same utan oppveksten min der, men det er klart eg har vore innom tankar som «f**n heller, kvifor vaks eg ikkje opp i Paris, London eller Oslo! Kvifor Høyanger? Kvifor fekk ikkje eg og begynne då eg var to?» Men trass i den tidvise frustrasjonen er Jonas langt frå bitter. Han fortel varmt om ein trygg og god oppvekst med mange venner og mykje støtte i familie og omgjevnadane elles. - Tida strekk ikkje til, så eg kjem meg dessverre alt for sjeldan heim. Høyanger er for meg i dag først og fremst familien, men det er og ein fin fellesskapsfølelse der, så eg kjenner meg raskt som del av lokalsamfunnet når eg først er heime. Det er veldig fint. Og så er det veldig mykje

Malene Blikken Haukøy innehar trass sin unge alder allereie ein EM-bronse i skialpinisme frå 2009, og ein verdscupsiger i randonee frå 2013. Randonee er fransk og tyder «å gå på fjelltur», og begge øvingane går ut på å kome seg både opp og ned snødekte og bratte fjell på kortast mogleg tid. Fundamenet for prestasjonane la Malene ned i fjella i heimtraktene på Kyrkjebø. - Eg spelte mykje fotball då eg var liten, og har alltid vore glad i springe, gjerne i motbakkar og på fjelltoppar. Kyrkjebø som stad inspirerer heilt klart til aktivitet. Ein aktiv kvardag, med treningsinteresserte lærarar og vener gav grobotn for eit konkurransemiljø i 20

ELD, KRAFT, VATN

omgangskretsen til Malene, noko som inspirerte til vidare fysisk fostring. - Eg vaks opp i eit veldig godt sosialt miljø der vi fann på mange aktivitetar. Vi skulle gjerne hatt fleire organiserte tilbod enn fotballen, men vi var kreative og sikkert langt over snittet aktive. No satsar Malene for fullt på idretten, men har ein plan om å ende opp som lærar når konkurranseskia blir lagt på hylla for godt. - Kor eg ender opp med å busetje meg trur eg blir tilfeldig, men eg er ganske sikker på at eg vil ha fjell og fjord rundt meg. Det blir sagt at ein trivst best i omgivnadar som liknar dei ein vaks opp i, og det trur eg stemmer bra.

Foto: Malene Blikken Haukøy

LOKAL PROFIL

MALENE BLIKKEN HAUKØY OPPVEKSTSSTAD KYRKJEBØ

FØDT 1991

MALENE ER I FØLGJE SEG SJØLV STA - POSITIV - RASTLAUS

KJENT SOM ALPINIST


DRAUMEFANGAREN

!

Dansaren Anchelique Mariano Fjære er og frå Høyanger. Ho har figurert på scener og i musikkvideoar saman med superstjerner som Gwen Stefani, Whitney Huston, Black Eyed Peas og Madonna.

friskare luft heime enn det er her på Sankthanshaugen i Oslo...

Ballettnerd Historia om Jonas er dels ei reiseskildring, dels eit eventyr. Som ein moderne Espen Askeladd med kroppskontroll langt over snittet reiste han som ung mann ut i verda utan stort anna enn godt mot og store draumar i bagasjen. Smaken på dans hadde han fått heime i Høyanger, av ein annan profilert dansar. - Som 12-åring vart eg med på helgedansekurs arrangert av Anchelique Mariano Fjære, og eg hugsar framleis den første koreografien. Etter kvart vart eg del av IL Høyang si turngruppe, som eg og fekk ansvar for. Der vart vi ein kjernegjeng på 4 – 6 stykk som dansa, og sidan den gongen har det berre balla på seg. Jonas kom som ungdomsskuleelev og i kontakt med Ove Henning Solheim i Dans utan grenser i Førde, ein relasjon som fekk han til å satse på dansen. Seinare vart det utanlandsopphald og diverse ballettskular og linjer i inn- og utland. I dag er Jonas ferdig utdanna med ein bachelor i klassisk ballett, men han er langt frå ferdig med å utvikle seg kunstnarisk og kreativt. - Akkurat no kallar eg meg ikkje for ein ballettdansar men for ein dansekunstnar. Eg jobbar gjerne ut frå det klassiske uttrykket, men blandar og inn andre moderne element. Eg brenn veldig for samtidsdansen, for eg er ingen teknikar.

!

I samarbeid med fylkeskommunen og Dans utan grenser opna Høyanger kommune i 2004 opp danseverkstaden i Høyanger. Eit lokale Jonas og miljøet rundt han brukte flittig.

Det er performancedelen av dansen min eg får oftast skryt for, og ikkje femteposisjonane mine. Ballett er vanvitig vakkert, men danseforma har og sine begrensningar. I alle fall for meg og min kropp. Men der Jonas har mista noko grunna manglande grunntrening som barn, har han og fått ein fordel i å kunne sjå på dansen med ein viss distanse. Det er ein distanse som mange av kollegaane manglar. - For meg med min bakgrunn har dansen alltid vore eit bevisst val, men eg ser at mange av dei som alltid har dansa fortset å gjere det vidare av gamal vane. Dei har gjerne eit snevrare perspektiv på dansinga, og ser ikkje dei same moglegheitene som oss, som kjem frå ein meir variert bakgrunn.

Foto: Shutterstock

Høyanger kulturskule Høyanger kommune starta som ein av dei første i fylket musikkskule i 1978. Frå 2005 av har musikkskulen endra seg til ein kulturskule, då tilbodet har blitt utvida med fleire uttrykksformer. Tilboda i kulturskulen er i dag: • Musikalsk forsmak (førebuande musikkopplæring) • Messinginstrument (kornett/trompet, althorn, trombone, baryton, tuba) • Treblåseinstrument (fløyte, klarinett, saksofon, blokkfløyte) • Slagverk • Musikkterapi

Fyldig CV

Høyanger kulturskule har og eit tilbod innan moderne dans frå 1. klasse til og med vidaregåande.

Då Jonas flytta til Oslo i 2006 etter eit knallhardt år på ballettskule i England var han klar for alt den norske hovudstaden hadde å by på. - På den tida skulle alle ha minst fem yrkestitlar, så eg omtalte meg som modell, dansar, koreograf, stylist og bloggar.

Som ein viktig del av undervisninga har kulturskulen to større framsyningar til jul og sommar, samt mindre konsertar og opptrednar gjennom skuleåret på mindre arenaer som på skulane, i omsorgsbustadane og sjukeheimane eller andre stader ein måtte ønskje.

Dansen vart etter kvart hobbyen min, ved sidan av å gå Fjellvegen, og gjere lekser. Eg elska faktisk å gjere lekser

Les meir om kulturskulen på nettsidene til Høyanger kommune.

Perfeksjonisten Jonas Pedersen Øren om ungdomsåra i Høyanger

Sedrik Engebø Ullebø er eit multitalent frå Høyanger med imponerande lang merittliste i både sykling og langrenn. Både jamnaldrande og etablerte eliteløparar slit med å halde følgje når det unge talentet set inn det ekstra giret, metaforisk talt. - Høgdepunktet i karriera må vere då eg søkte meg opp i juniorklassa og sykla med dei beste juniorane i landet, og vant. Målet for framtida er å bli så god at eg kan leve av idretten. I si aldersklasse er Sedrik heilt i toppsjiktet i landet i både langrenn og sykling, noko som har resultert i fleire pallplassar i NM. Han har og hamla opp med godt etablerte seniorar i ei lang rekkje løp, og blir spådd ei lysande framtid av fagfolk. Bak resultata ligg

utallige treningstimar, dei fleste aleine på sykkelsetet eller med ski på beina. - Det er eit veldig bra fotballmiljø i Høyanger og forholda er gode med tanke på lagidrett her, men eg har i all hovudsak trent aleine innafor ski og sykling. Sedrik syklar, enn så lenge, for Sogn Cykleklubb og går på ski for Førde IL. Det var hardt for dei fleste, men ikkje så gale for meg Sedrik Engebø Ullebø til NRK Sogn og Fjordane etter målgang i Landevegsrittet i Nordfjord i 2014

Foto: Sedrik Engebø Ullebø

LOKAL PROFIL

SEDRIK ENGEBØ ULLEBØ OPPVEKSTSSTAD HØYANGER

FØDT 1998

KJENT SOM SYKLIST

SEDRIK ER I FØLGJE SEG SJØLV SNILL - OMTENKSAM - SPORTY

ELD, KRAFT, VATN

21


DRAUMEFANGAREN

Eg var veldig «on it», og det var vanvitig mykje som skjedde. Vanlege dagar bestod av skule og uteliv. Oppleving av nye ting og møting av nye folk. I dag har Jonas lagt mange av yrkestitlane på hylla, og sjølv om han til dømes har tatt mange modell- og stylingoppdrag dei seinare åra, så titulerer han seg verken som modell eller stylist lengre. - Eg har opparbeida meg ein del erfaring innafor fleire retningar, og eg arbeider framleis med andre prosjekt enn dansing, utan at eg omtalar det som yrker. Som modell fekk eg eit gjennombrot då eg opna eit show iført gulltights og tåspissko for Moods of Norway same hausten som eg flytta til Oslo. Dei neste åra gjorde eg ein del runwayshows både som modell og koreograf, og eg hadde to oppslag i Dagbladet og eit for eit portugisisk fashionmagasin som var ganske store. Det var spanande, men det er og mykje venting i denne bransjen. Då er det kjekkare å danse og bevege seg.

Performance og fashion Noko av årsaka til at Jonas involverar seg i andre sosiale og kreative prosjekt er at dei gir inspirasjon og energi tilbake til dansen. - Eg har aldri klart å halde fokus på berre ein ting, som å gå i ballettstudio kvar einaste dag for å øve på dei nøyaktig same tinga. Til det er eg for rastlaus. Eg har alltid måtte ha noko anna ved sidan av den klassiske balletten, om det så er styling, directing, fotografering, eller noko heilt anna. Ved å leve og arbeide på den måten kan eg komme tilbake til dansestudio og vere inspirert.

Inspirasjonen får Jonas frå mange område i livet og kunsten, noko som hjelper han å vere allsidig i eigne uttrykk, og i stand til å arbeide med ei lang rekke danse- og uttrykksformer. - Eg har til dømes jobba ein god del saman med artisten Maya Vik, som eg har kjent i årevis. Når eg arbeider med musikkvideoar for ho og andre handlar det mykje om formidling av følelsar, og korleis ein skal stå og oppføre seg til musikken. I slike oppdrag nyttar eg gjerne eit rikt referansegrunnlag. Og det er ikkje berre saman med artistar at Jonas omgir seg med filmkamera. Det er eit medium han arbeider stadig meir med, og som han har eigne ambisjonar for. - Eg har veldig lyst til å koreografere eigne ting, sette opp eigne framsyningar, og lage mine eigne filmar. Men eg orkar ikkje å berre vere bakmann. Eg må alltid vere i front! For å lukkast med framtidsambisjonane må søknadar innvilgast og finansiering på plass, for det er ikkje berre enkelt å skulle leve av dansen. Det kostar pengar å leve, og derfor har Jonas valt å ta jobben som butikksjef for flaggskipbutikken til Norwegian Rain i Kirkegata 20 i Oslo, ein butikk som vart starta av siviløkonom Alexander Helle og designar T-Michael. Jonas er glad i både arbeidsstaden og mote- og designfeltet generelt, men ønsket er å få meir tid til kunsten. - Ein må jo dessverre ha pengar, og det er eit slit. Men det er spanande å vere del av Norwegian Rain og. Eg lærer ting der som eg ikkje ville lært på andre måtar, så eg ser på dette som rein hausting for framtida.

BIO Jonas Pedersen Øren er skulert i klassisk ballett ved Hammond School i Chester i England, Fagerborg videregående skole i Oslo, og Ballettskolen ved Den Norske Opera & Ballett. Etter vidaregåande tok Jonas ein bachelor i klassisk ballett ved Kunsthøgskolen i Oslo der eit opphald ved Conservatoire National Supérieur Music et Danse i Lyon var del av utdanninga.

Danseforma ballett oppstod under renessansen i Italia på 1400-tallet og vart vidareutvikla til den moderne versjonen vi i dag kjenner av den franske kongen Louis XIV på midten av 1600-tallet. I Norge er balletthistoria kort. Manglande adel og streng pietisme gav ingen grobotn for danseforma. Dessutan har vi i Norge hatt tradisjon for å sjølve delta i dansen, og ikkje berre vere tilskodarar. Ved sidan av å ha funne opp den moderne balletten er Louis XIV og kjent som den lengstherskande monarken i europeisk historie, med sine 72 år og 110 dagar på trona.

Knutepunktet Vadheim Sjølv om det alt på 1700-talet vart etablert gjestgiveri i den vesle handelsstaden Vadheim, var det først på midtre halvdel av 1800-talet at bygda verkeleg skulle blomstre. I 1837 opna hovudvegen mellom Sogn og Sunnfjord som gjekk frå Vadheim til Førde, og i 1858 starta Fylkesbaatane sine ruter på Sognefjorden, med Vadheim som viktig stoppestad. Vadheim vart eit sentralt knutepunkt for reisande i Sogn, også for dei mange turistane som byrja å ferdast i regionen på denne tida. Vadheim vart raskt ei travel og internasjonal bygd, med to hotell og mykje næringsliv knytt til turisme. Planane for vidare utvikling var store, mellom anna med utbygging av jernbane frå Vadheim til Trondheim. Det skulle og gå ei jernbaneferje mellom Vadheim og Flåm, men alle desse planane vart skrinlagde på 1920-talet, då bilen viste seg å vere eit meir effektiv transportmiddel på Vestlandet.

22

ELD, KRAFT, VATN

HØYANGERGLIMT

Vadheim

I Vadheim bur det om lag 350 innbyggjarar, og sjølv om ein god del av handelen frå tidlegare tider er vekke i dag, har bygda framleis to daglegvarebutikkar. Vadheim har og ei rik historie knytt til intellektuelt og kulturelt arbeid. Vadheimresolusjonen frå 1884 er kanskje mest kjent i så måte. Denne resolusjonen vart det første av om lag 50 liknande vedtak andre stader, som etter kvart førte til at nynorsk vart offisielt likestilt med bokmål i Norge.

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

I Vadheim står statuen Ferdamannen og ser på reisande som er innom trafikknutepunktet midt i kommunen.


DRAUMEFANGAREN

Nokre glimt frå livet til Jonas Pedersen Øren

Foto: Ytre Sogn Foto: Costume / Kirsti Mørch

Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane / Vegard Fimland

I 2009 vart Jonas tildelt eit Furorestipend i klassen kultur frå Sparebanken Sogn og Fjordane på 50 000 kroner. Interaksjonsdesignar Hans Alexander Huseklepp (t.h) og den etter kvart ikkje akkurat ukjente skiskyttaren Tarjei Bøe vart og tildelt stipend. Hausten 2009 hadde Jonas akkurat starta på ballettlinja til Kunsthøgskulen i Oslo, og juryen trekte fram den ambisiøse søknaden som ein viktig grunn for tildelinga.

Jonas har og tatt modelloppdrag, her frå ein fotoshoot for klesdesignar Camilla Bruerberg, som spesialiserar seg på strikk til menn.

Foto: Veslemøy Vråskar

I 2009 var Jonas hospitant på Nasjonalballettens Skole, og trente i den perioden fast i Den Norske Opera & Ballett.

Da Jonas flytta til Oslo var han opptatt av å vere der det skjedde. Her under Costume Awards 2010 saman med Tone Damli Aaberge.

Jonas har hatt eit tett samarbeid med artisten Maya Vik gjennom mange år. Her under videoinnspeling til songen «Get low».

Foto: Oslo Nights

Jonas har stor breidde i sine artistiske uttrykk, og dansar både klassiske og moderne stilartar. Her under ein performance under opninga av ei utstilling i Oslo.

Foto: Maya Vik

Jonas har alltid vore opptatt av mote, men han er skeptisk til trendar. Kleda må ha kvalitet og særpreg.

I 2013 spelte Jonas hovudrolla i Nøtteknekkeren ved Opera Nordfjord. Foto: Oslo Nights

Foto: Jan Erik Fillan

Jonas er glad i rampelyset, og særleg etter flyttinga til Oslo i 2006 var det viktig for Jonas å både sjå og bli sett.

Foto: Torkel Engström

Foto: Massimo Leardini

Gode pressebilde er nødvendige for å lukkast som freelance dansar.

Jonas er med på mange prosjekt. Her dansar han til improvisert musikk frå Tord Gustavsen. Foto: Oslo Nights

ELD, KRAFT, VATN

23


UT PÅ TUR

Full kontroll på tur Med sitt varierte fjell- og fjordlandskap kan Høyanger kommune by på flotte turmoglegheiter for alle. Kva med ein ekspedisjon i Stølsheimen? Eller kanskje ei kulturhistorisk byvandring i Høyanger tettstad passar deg betre? Innbyggjarane i Høyanger er eit ivrig turfolk, og fleire av bygdene i kommunen har på eige initiativ utarbeida sine eigne lokale turkart. No har desse turane, og mange fleire, blitt samla på eitt felles kart basert på Den Nasjonale Turkartserien.

Frå Fjord til Fjell Frå Fjord til Fjell er eit prosjekt som pågår frå 15. april til 15. oktober kvart år, der 16 utvalde turar i kommunen blir plukka ut som del av eit turprogram. På åtte stadar på nordsida og åtte stadar på sørsida blir det lagt ut eigne turbøker, og dei som går og registrerar seg på minst ti av turane i løpet av året får ein premie for innsatsen. Barn under 12 år og personar over 67 år får deltakingspremie etter sju turar. Det blir arrangert fellesturar til fleire av turmåla.

Turkartet har merka fotturar og turforslag, og inneheld noko for ein kvar smak og fysiske form. Kartet er produsert i eit slitesterkt plastmateriale og tåler røff handtering utan å bli øydelagt. Turkartet er å finne i daglegvare- og spesialistbutikkar rundt om i kommunen.

Fjord til Fjell er eit samarbeid mellom Høyanger kommune, Ortnevik grendelag, Bjordal/Søreide Idrettslag, Ikjefjord Idrettslag, Lavik Idrettslag, Kyrkjebø Idrettslag og Balestrand og Høyanger turlag.

Fjord til Fjell finn du på facebook.com/fjordtilfjellhoyanger. Oppdatert informasjon er og å finne på kommunen sine nettsider.

Fjellreven Turbo er ein ivrig krabat som gjerne er aktiv ute i naturen saman med venene sine i Barnas Turlag. Hald augene opne for arrangement.

!

Balestrand og Høyanger Turlag vart stifta i 2008 og er ein del av Den Norske Turistforening (DNT). Turlaget arrangerar fleire turar kvart år.

På nettsida UT.no finn du varierte turar frå heile kommunen med rikhaldig informasjon om alt frå høgdeprofilar til passande sesong. Dei ulike turane har og GPS-spor som kan lastast ned.

Helsebygda Kyrkjebø Tronvik på Kyrkjebø har på mange måtar vore «helsehovudstaden» i Høyanger kommune. I 1956 opna fylkets første behandlingsinstitusjon for psykisk sjuke der. Tronvik Psykiatriske Behandlingsheim vart og den første opne behandlingsinstitusjonen i landet, og hadde ved starten kapasitet til å ta imot 90 pasientar. Fleire utvidingar i tiåret som følgde førte til ei dobling av kapasiteten kring 1970. I dag er Tronvik integrert i Helse Førde sitt psykiatritilbod, og bygga på Tronvik har blitt freda av Riksantikvaren som eit døme på ein open psykiatrisk pleieinstitusjon frå etterkrigstida. Kyrkjebø Kvileheim på Tronvik vart bygd i 1938, og pasientar frå Høyanger Sjukehus vart ofte sende til kvileheimen på Kyrkjebø for rehabilitering i rolege og landlege omgjevnadar. Bygget vart på 1970-talet rive for å gje plass til alders- og sjukeheimen, som stod klar i 1978.

24

ELD, KRAFT, VATN

HØYANGERGLIMT

Kyrkjebø

På Kyrkjebø (og Austreim) bur det ca. 710 innbyggjarar. Det tidlegare kommunesenteret har mellom anna eigen daglegvarebutikk, skule og barnehage.

Foto: Anita Nordheim

Skjergardsidyll på Austreim ein varm sommardag med båt- og badeliv.


Annonseside

HØYANGER NÆRINGSUTVIKLING

Kapital Kompetanse Nettverk Ta kontakt, så finn vi dei beste løysingane for deg og di verksemd. 57 71 52 70 / 95 19 84 51 | terje@hnu.no

EIN NÆRINGSORGANISASJON MED ”PUNCH”

Ytre Sogn er lokalavisa for alle i Høyanger kommune. Vi formidlar nyhende og historier frå DINE omgjevnadar, slik at DU kan halde deg oppdatert på kva som skjer.

Kjenn ditt eige lokalsamfunn - les Ytre Sogn

Perfectly clean in a safe way ELD, KRAFT, VATN

25


HJORTEJEGEREN

HjortejegEren

Foto: Jan Erik Bjørnsen Søreide

Det er to ting hjorten i Høyanger fryktar meir enn noko anna. Kalde vintrar, og Jan Erik Bjørnsen Søreide.

Høyanger kommune husar eit variert fjordog fjellandskap med eit rikt dyreliv, noko ivrige jegerar og friluftsfolk veit å sette pris på. Ein av dei største jaktentusiastane i kommunen er Jan Erik Bjørnsen Søreide, ein sprudlande ung mann med stor pasjon for fri utfalding i naturen. Jan Erik er som etternamnet hintar om frå Søreide, men han reiser gjerne store avstandar for å oppleve spenninga ved jakt og friluftsliv. Rein, villsvin, rådyr, sel og ryper i inn- og utland har måtte sjå seg slått av villmannen frå Sogn, og det står til og med ein kengru på trofélista. Men det er trass i alle dei eksotiske eskapadane den heimlege hjorten som står høgst i kurs som mål for jakta. - Det er noko eige med hjorten, og måten ein må vere heilt skjerpa og nytte list for å felle byttet. Eg trur det å vere jeger ligg i oss. Det er ein gnist der. Dessutan er hjortejakt ein utruleg sosial aktivitet som samlar bygda. Vi er mange som har jakt som felles interesse der eg kjem frå.

Adrenalinjunkie Jan Erik starta jaktkarriera då han var 8 - 9 år, og den første hjorten skaut han som 16-åring. Det var faren som først drog med guten ut i skogen, og Søreide junior vart raskt fascinert av både jakta og det sosiale rundt. - Det var stas å høyre på dei eldre fortelje gamle jakthistorier og leggje slagplanar for dagens jag. Det oppstår ei spesiell

Eldar Brekke og Jan Erik med løn for strev i Ortnevik

Villsvinjakt i Polen

stemning når kvardagens mas er vekke og alt som gjeld er å løyse ei oppgåve i fellesskap. Om ein skulle lukkast med planen og klarar å felle hjort etter endt jag blir det i alle fall triveleg i skogen. Det er og høgst tilfredsstillande på det individuelle planet når ein har klart å overliste hjorten. Det handlar om å prestere der og då, og det er gjerne instinkta som slår inn med skjerpa sansar og kjappe refleksar. Jaktsuksess er ei særs målbar eining. Enten overlistar du dyret, eller så overlistar dyret deg. Så enkelt er det, og det er og i utfordringa spenninga ligg for Jan Erik. - Det å tenkje taktisk, lese terrenget og forsøkje å gå i eitt med landskapet utan å avsløre seg ovanfor hjorten får verkeleg adrenalinet til å pumpe. Når ein på same tid finn roen og går i storslått natur er det klart det er lett å bli frelst.

Plass til fleire Som lidenskapeleg jeger er Jan Erik opptatt av alt frå forvaltning til rekruttering, og han har nokre ønskjer for framtida. - Vi har eit ansvar for å forvalte viltbestandane og ein viktig del av det arbeidet er å sørgje for god rekruttering til jegerstanden. Jakt- og skyttarlaga bør jobbe meir aktivt med å tenne gnisten hos dei yngre. Ta dei med ut på jakt. La dei få kjenne på spenninga og fellesskapet. Det er mange der ute som enno ikkje veit kor kjekt det er å jakte.

Spenninga stig...

Ein skotsk kronhjort har møtt sin overmann Foto: Jan Erik Bjørnsen Søreide

26

ELD, KRAFT, VATN


SOSIAL FULLTREFFAR

Skyting er ein aktivitet som passar for alle, og i Bjordal/Søreide Skyttarlag er medlemmene frå sju år til langt opp i 70-åra. Skytingens Dag er eit årleg høgdepunkt der skyttarane prøvar seg ute på dei elektroniske skivene medan sambygdingane følgjer med innandørs på storskjerm.

Sosial fulltreffar Skyttarlaga er tradisjonsrike kulturberarar som dannar fundamentet i mangt eit jaktmiljø. Eit av skyttarlaga i Høyanger med størst aktivitet er Bjordal/Søreide Skyttarlag, som vart stifta alt i 1900. Bjordal/Søreide Skyttarlag fekk i 2013 tildelt kommunen sin kulturpris grunna sitt aktive ungdomsarbeid, store dugnadsinnsats, og rolla som positiv ambassadør for Høyanger ute på skytestevner. Skyttarlaget har moderne anlegg både inne og ute og er aktive heile året.

Foto: Arve Søreide

I skyttarlaget kan alle møtast, uansett alder, kjønn og yrke. Skyttarlaget vert difor noko som alle i bygda kan samlast om. I dette fellesskapet ligg skyttarlaget sin styrke og verdi, både for den einskilde og for heile lokalmiljøet. Her finn ein glede og samhald. Begrunning for Høyanger kommune sin kulturpris til Bjordal/Søreide Skyttarlag i 2013

I dag er det aktive skyttarlag i Lavik, Lavikdalen, Vadheim og Bjordal/Søreide. I Høyanger finst det og ein aktiv pistolklubb.

UTSTYR TIL ALLE Høyanger kommune tilbyr utlån av sports- og friluftsutstyr, enten gratis eller til ein særs rimeleg pris, til ungdom, skular, barnehagar, frivillige organisasjonar og familiar. Føremålet med utlånsordninga er å gje alle høve til auka fysisk aktivitet og friluftsliv. Les meir på kommunen sine nettsider. NOKO AV UTSTYRET DU KAN LÅNE AV KOMMUNEN Soveposar • Ski og truger • Telt og Lavvoar Skøyter • Ryggsekkar • Stormkjøkken • Kano Foto: Shutterstock

ELD, KRAFT, VATN

27


DALEELVA

Daleelva

- lokal identitet i flytande form Villaksen i Norge er under press, og mange av lakseelvene i landet har dei seinare åra opplevd nedgang i bestanden. I Høyanger er situasjonen derimot annleis, med fleire gode sesongar i Daleelva dei seinare åra. Det har ikkje gått upåakta hen i landets sportsfiskemiljø. Så stor har pågangen vore, at Høyanger Jakt- og Fiskelag måtte sette i verk fleire tiltak for å sikre stammen, og prioritere eigne medlemmer. At Daleelva går ”motstrøms” av trenden er ikkje eit resultat av flaks. Bak suksessen ligg det tusenvis av dugnadstimar lagt ned av jakt- og fiskelaget. - Årleg utsett av yngel frå klekkjeriet vårt har vore heilt avgjerande for å oppretthalde fisken i Daleelva. Den naturlege gytinga er ikkje nok til å halde stammane

bærekraftige, og klekkjeriet fungerer og som ein ”forsikring” dei åra naturen stikk kjeppar i hjula for oss. Grunna kraftutbygging er Daleelva no sterkt regulert, og elva har gjennom åra vore utsatt for fleire flommar og mykje masseflytting, noko som tidvis gjer det vanskeleg for yngel å vekse opp. I dei verste åra har heile generasjonar med ung fisk blitt skylt vekk.

Fakta om HJFL

Klar som eit egg

i klekkjeriarbeidet, men no står framtida i fare. Statkraft som produserer kraft av vatnet i Daleelva, og i dag finansierar drifta av klekkjeriet, ønskjer å trekkje seg ut i 2018. - Det nye Eiriksdal kraftverk gir utfordringar knytt til varierande vatnstand og feil temperatur i vatnet i forhold til naturen rundt. Egg kan bli lagt på område som berre timar etter er tørrlagde, og rogna kan klekke for tidleg på våren grunna det varme vatnet, før insekta yngelen lever av er på plass. Det tar minst 7 år å få innsikt i kva konsekvensar det nye kraftverket gir, så vi kjem til å jobbe vidare for å sikre drifta.

Som andre laksestammar har og laksen frå Daleelva sine eigne særtrekk. Høyangerlaksen er lang, tynn og atletisk bygd, konstruert for å kjempe seg oppover strie stryk og bratte heng. Men trass i sin flotte fysikk har laksen i Daleelva heilt sidan 1937 trengt hjelp til å halde bestanden oppe, med stryking av stamfisk og utsett av yngel. I 1989 fekk jakt- og fiskelaget sitt eige klekkjeri, og det har sidan oppstarten hatt ein produksjon på mellom 8 000 – 20 000 yngel årleg. Siden starten har det blitt lagt ned mange titals tusen dugnadstimar

• 230 medlemmer. • Stifta i 1933. • Har ein variert klubbaktivitet innafor jakt, friluftsliv og fiske. Tilbyr jakt på hjort og småvilt til eigne medlemmer. • Har eiga skytebane med leirdueanlegg og bevegelege mål, samt eige klubbhus med skytesimulator.

Foto: HJFL

Leiar i Høyanger Jakt- og Fiskelag Rune Norevik er ein av dei som kvart år legg ned ein massiv dugnadsinnsats på klekkjeriet.

Daleelva er viktig for dei som bur i Høyanger, og ikkje berre for dei fiskeglade. Mange går tur langs elva, og det er ikkje uvanleg at folk stoppar opp for å sjå på eller slå av ein prat med dei som fiskar.

Lakseverpa

- Gullgruver i fjorden

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

28

ELD, KRAFT, VATN

Heilt fram til 1990 vart det fiska etter laks frå lakseverper i Høyanger kommune. Dette fisket har djupe historiske røter og var ei viktig inntektskjelde for mange gardar langs fjorden. I 1968 var verdien av verpefisket i Sogn og Fjordane på 234 000 kroner, noko som den gongen tilsvara 100 - 150 industriarbeidsplassar. På særs gode dagar kunne dei beste verpa få opp mot 100 laks, noko som sikra eigaren av verpet økonomisk for lange tider. På Åkre står det i dag eit restaurert lakseverpe. For denne garden stod laksefisket for opp mot 90 prosent av den totale årsinntekta.

Andreas Forfod set ut yngel frå klekkjeriet. Lite vegetasjon rundt elva gir krevjande oppvekstvilkår grunna dårleg tilgang på mat.

!

!

Laksen spelar framleis ei viktig økonomisk rolle for Høyanger kommune. Fiskeoppdrettsselskapet Osland Havbruk i Bjordal er verksemda med hovudkontor i kommunen som har størst omsetning.

I Galdeverpet utanfor Ortnevik stod eit av dei beste lakseverpa i fylket, og det er dette verpet som innehar rekorden for største fisk. Ein gong på 1920-talet vart ein lakserugg på heile 35 kilo heist på land der.


Annonseside

høyanger kommune

t l l te

n e eig

a g vå

-

r a g å v

? u d trygt å bu

kjekt å jobbe

godt å leve

Høyanger kommune treng personar som både vil og vågar. I retur kan vi tilby levande lokalsamfunn med varierte kultur- og fritidstilbod. Sjå deg litt rundt i dette magasinet, så forstår du sikkert kva vi meiner.

57 71 15 00

postmottak@hoyanger.kommune.no

www.hoyanger.kommune.no

Bustadfelt Prestmarka i Lavik

S

S/P

Tal tomter: Storleik: Pris råtomt: Refusjon tomteteknisk kostnad: Tilknytingsavgift vatn/avlaup Salskostnad inkl. tinglysing og omkostningar: Stimuleringstilskot:

19 tomter ca 1 daa kr. 59,- pr. rutemeter kr. 310 000,kr. 4 000,kr. 40 000,- (ca.) kr. 200 000,- pr. tomt

Nettokostnad pr. tomt etter fråtrekk av tilskot blir på ca kr. 200 000,-. Tomtene blir lagt ut for sal i mai 2015.

ELD, KRAFT, VATN

29


4H skaper liv i bygda 4H er ein barne- og ungdomsorganisasjon som kom til Norge frå USA på 1920-talet. I dag har organisasjonen omlag 17 000 medlemmer fordelt på omtrent 650 klubbar, og fem av dei held til i Høyanger. Leiar Johanne Svartmyr i Ungbjørka 4H i Bjordal sit og i fylkesstyret til organisasjonen, og ho har eit stort engasjement for både klubb og heimbygd. - Vi i Ungbjørka driv med ei rekkje ting. Vi arrangerer bygdekino, haustfest, er fast med på fiskefestivalen på Søreide og steller i stand eldrefest med song og underhaldning. Vi er kort og godt med på det meste som skjer. Vi har og akkurat ført opp ei grillhytte i Bjordal som skal vere til fri bruk for dei som vil. Svartemyr er ikkje i tvil om at eit medlemskap i 4H rustar bygdeungdomen for framtida. - Overgangen frå å flytte heimafrå er gjerne lettare for 4Harar, sidan vi gjennom leirar og aktivitetar gjerne kjenner nokon allereie på staden vi skal flytte til.

!

I Høyanger finst det fem ulike 4H klubbar, og dei spelar alle ei viktig rolle i lokalsamfunna der dei høyrer heime. Ungbjørka 4H held til i Bjordal. Solrenning 4H i Ortnevik. Bergkrystallen 4H i Lavik. Dalane 4H i Lavikdalen og Firkløveren 4H har medlemmer frå Ikjefjord (og Oppedal).

Foto: Ungbjørka 4H

4H OG FOTOTALENTET MALIN LEIRNES

Ungbjørka 4H og den nye grillhytta deira i Bjordal.

Fototalentet Malin Leirnes Malin Leirnes frå Søreide er med sine 15 år ein ung men allereie habil fotograf. Suksessformelen består av kunnskap frå internett og eit ivrig pågangsmot. - Eg liker å ta bileter av folk, for alle er så forskjellige. Eg har med meg kameraet når eg er rundt om, for du veit aldri når dei gode motiva dukkar opp.

30

ELD, KRAFT, VATN


LETT BLANDING

HØYANGERGLIMT

Stortingspolitikar, statsråd og kringkastingssjef Einar Førde er truleg den personen frå Høyanger som har satt størst spor etter seg i norsk offentlegheit.

Høyanger er den einaste kommunen i universet med landareal på begge sider av Sognefjorden.

Området Parken i Høyanger er freda som eit av 20 norske bidrag til freding av kulturminne frå det 1900 århundre i Europa.

Nøkkelavstandar frå Høyanger tettstad

Foto: Åshild Birkeland Søreide

Utsikta frå majestetiske Åkrenipa kan vere spektakulær.

FØRDE SOGNDAL BERGEN OSLO NEW YORK

60 km 90 km 155 km 400 km 5600 km

Bjordal er «hovudstaden» på sørsida av Høyanger kommune, med barnehage og barne- og ungdomsskule for regionen lokalisert på Førsund. I Bjordal bur det ca. 120 innbyggjarar. Bygda husar og ei kyrkje, butikk, bibliotek og kafè.

!

På Søreide bur det ca. 90 personar, ei bygd som kanskje er mest kjent for den årlege fiskefestivalen og den påfølgjande flakedansen.

Næ rin

Bjordal

ba gs

rometer

Høyanger er utan samanlikning den vakraste av dei nye industristadane

51

Arbeiderbladet 1938

Av 428 kommunar i Norge plasserte Høyanger seg på plass nummer 51 i HNO sitt nærings-NM 2014.

Visste du at det var planar om å starte stålproduksjon i Høyanger? På grunn av utbrotet av første verdskrig vart planane endra, då aluminium er eit meir fleksibelt metall med lav vekt og god styrke, noko som er nyttig i både krig og fred.

Høyanger er med i WHO sitt program for trygge lokalsamfunn, og kommunen arrangerer kvart år ei tryggleiksveke i september. Kommunen arbeider saman med sine samarbeidspartnarar i prosjektet med å førebyggje skader og ulukker.

ELD, KRAFT, VATN

31


Foto: Agnethe Hovlandsdal

KVA ER DET MED LAVIK?

Kva er det med Lavik? Ein dugnadsinnsats utan like. Eldsjeler i fleng. Investeringar i millionklassen. Auke i elevtalet. Optimisme overalt. Kva i all verda er det med Lavik?

Frode Akse, Eirin Borlaug og Liv Norunn Raasholm blir i godt humør av å snakke om Lavik, og kvifor skulle dei ikkje det, når tema er vekstbygd nr. 1 i Høyanger kommune?

Lavik blir gjerne omtala som vekstbygd nr. 1 i Høyanger kommune, og det er ikkje utan grunn. Gode nyhende med opphav i fjordbygda dukkar med jamne mellomrom opp i media, og innbyggjarane i Lavik framstår med ei eiga evne til å snu motgang til framtidstru. Men kva er årsaka til optimismen? Kva er det Lavik gjer rett? Næringsrådsleiar Frode Akse, korpsveteran og lokalpolitikar Eirin Borlaug, og fjelldronning Liv Norunn Raasholm kjenner alle Lavik godt, og dei er samstemde i kva som gjer bygda unik. - Det er ein klar overvekt av optimisme og samhald i Lavik og regionen rundt. Innbyggjarane har tru på bygda, og den innstillinga fører mykje godt med seg. Folk møter opp, støttar opp, og vil gjerne vere med på det som skjer. Og det er liten tvil om at folk i Lavik både

er kreative og delaktige, noko mellom anna det særs varierte lag- og organisasjonslivet er eit døme på. Fritidstilboda florerar, og aktivitetar ein kan delta på spenner frå yoga, spinning og kettlebelltrening til meir tradisjonelle tilbod som korps, ski og fotball. Eirin Borlaug synst det nesten blir for mykje av det gode, men ho klagar ikkje. Langt derifrå. - Som småbarnsmor kjenner eg at eg nesten ikkje har kapasitet til å vere med på alt, for det er så mykje som skjer heile tida. Men det er eit luksusproblem. Eg er vel som mange andre av typen som føler at ein må vere med om nokon lagar til eit eller anna. Det er den same solidariske tankegongen som pregar næringslivet i bygda, om vi skal tru næringsrådsleiar Frode Akse. Då «Nye» Lavik Senter vart bygd bestem-

Prestmarka

- Starten på noko større Med 19 tomter for einebustadar eller tomannsbustadar ferdigstilt i mai 2015 vil Prestmarka spele hovudrolla i ein potensiell komande befolkningsvekst i Lavik. Tomtene er sårt tiltrengte, då mange ønskjer å busette seg i bygda som har ein sprengt utleigemarknad. Prislappen på byggjefeltet er på 6,2 millionar kroner, og Prestmarka er berre eitt av fleire byggjefelt som er planlagt etablert i kommunen dei komande åra.

32

ELD, KRAFT, VATN


Foto: Jon Mølmesdal

KVA ER DET MED LAVIK?

Onsdag 30.april 2014 vart den nye kunstgrasbana i Lavik til 3,3 millionar offisielt opna. Opninga inneheldt både talar, korpsmusikk, showkamp, gratis grillmat og kaker til dei frammøtte.

te Akse og kompani seg for å nytte så mange lokale leverandørar som mogleg. - Vi er alle interesserte i å skape eit berekraftig lokalsamfunn. Om vi ønskjer at innbyggjarane i og rundt Lavik skal nytte oss, må vi sjølvsagt nytte andre lokale verksemder tilbake. Eg har eit inntrykk av at det er mange som tenkjer på den måten her omkring. Vi forsøkjer å gjere kvarandre gode.

Lokale lokomotiv Sentralt i aktivitetstilbodet basert på prinsippet «du har det ikkje meir moro enn du lagar sjølv» står eldsjelene, og dei har Lavik mange av. - Vi har nokre einskildpersonar som er særs dyktige til det dei driv med, og som står fram som leiarar med initiativ og visjonar. Rundt dei igjen står det gjerne

Det gode liv på landet

mange andre som er klare til å hoppe på for å gjere sin del av jobben, og det er klart at eit slikt miljø stimulerer til aktivitet. Det finst mange eksempel i Lavik på at positive synergieffektar kan oppstå når gode krefter jobbar saman. På tradisjonsrike Lavik Fjord Hotell leiger ikkje gjestane rom 203 eller 305, men Laviksåta og Fuglefjell. Romma på hotellet har fått namn etter lokale fjelltoppar, og gjestane er ofte på tur i løyper rydda, merka og skilta av IL Lavik. Som takk for innsatsen sponsar hotellet fjelltrimgruppa til idrettslaget tilbake. Ein klar vinn-vinn situasjon med andre ord. Liv Norunn Raasholm har vore ein leiande figur i fjelltrimgruppa, og ho har berre gode ting å sei om samarbeidet med hotellet, og dei ho har hatt med seg i arbeidet med turløypene.

Tom Jakobsen er ein hardtslåande siviløkonom og rekneskapsførar frå Bergen, som ved sidan av å halde orden på tal og pengar driv ein nystarta karateklubb i Lavik med 20 medlemmer. Jakobsen flytta til slektsgarden Wærholm sommaren 2014 og tilbyr no gjennom Wærholm Økonomi alt av rekneskapstenester, med spesialisering innanfor landbruksrekneskap. - Det er berre å sjå seg rundt for å skjønne kvifor vi flytta frå Bergen. Det er fantastisk å ha skogen, fjellet og fjorden rett utanfor stovedøra. I byen er stressnivået eit heilt anna,

Lavik

I Lavik finn du mellom anna kyrkje, daglegvarebutikk med post og bank, kafé/kro og bensinstasjon. Lavik skule er barne- og ungdomsskule for området.

!

Dei aller fleste i Høyanger kommune bur tett ved Sognefjorden, men ikkje dei omlag 170 innbyggjarane på Lavikdalen. Lavikdalen er som Lavik og prega av eit aktivt lagog organisasjonsliv.

og folk blir jo heilt ville berre dei skal ut og handle daglegvarer. Her slappar eg av, og eg brukar berre to minutt til og frå jobb, mot tre kvarter i Bergen. Sjølv om byen har meir å by på av aktivitetar og uteliv, er ikkje Jakobsen i tvil om at Lavik kjem sigrande ut av konkurransen. - Eg trur at dei færraste nyttar seg fullt ut av tilboda som er i byen, og det er uansett mange andre kvalitetar ved Lavik som veg opp for godene bylivet medfører, og vel så det.

Foto: Agnethe Hovlandsdal

ELD, KRAFT, VATN

33


KVA ER DET MED LAVIK?

- Eg trur eg har rundt 50 folk på lista mi som eg kan ringe for å få hjelp til alt frå å hente skilt i Høyanger til å skrive søknadar. Vi har alle ulike kvalitetar, og vi får dei beste resultata om vi bidrar på område vi sjølv er sterke. Det er og eit trekk ved Lavik. Dei som engasjerer seg er gjerne flinke folk som evnar å få ting gjort.

Trongt om plassen Lavik er den einaste bygda i kommunen med oppgang i talet på barn i barnehagen og elevar i skulen. Bygda ligg sentralt til, og er i følgje trioen Akse, Borlaug og Raasholm ein glimrande base for pendling. Det er kort veg i alle retningar til spanande arbeidsplassar innafor dei fleste næringar, og med den pågåande oppgraderinga av vegnettet blir Lavik ein stadig meir sentral stad. Mange har flytta heim dei seinare åra, og det er ikkje bustadar å oppdrive i bygda. På skulen må dei tenke kreativt for å få plass til alle

elevane. - Det er mange som ønskjer å flytte heim, og vi merkar at studerande unge i 20-åra ikkje snakkar om dei skal flytte heim eller ikkje, men kvar dei skal byggje eller kjøpe seg hus. Vi har mange sosiale arenaer som trekk dei unge heim igjen, og som skapar samhald. Dei unge vaksne har gjerne mange gode minne frå oppveksten i Lavik saman med jamnaldrande som dei held kontakten med, og det er nok ein sterk bidragsytar til at dei ønskjer å flytte heim igjen ein dag. Med etableringa av byggjefeltet Prestmarka vil det bli langt lettare å etablere seg i Lavik, og skal vi tru dei tre lokalpatriotane er interessa for tomtene stor. Borlaug er ivrig, og har tru på prosjektet. - Berre fyll opp heile feltet, seier no eg! Men det skal ikkje mange fleire innbyggjarane til før vi er nøyd til å få utvida skulen, og det hadde ikkje skada om vi kunne fått på plass ein fleirbrukshall og.

Foto: Eirin Borlaug

Gymsalen blir raskt fylt opp når Lavik skulemusikk arrangerar kakelotteri.

Foto: Jon Mølmesdal

34

ELD, KRAFT, VATN

!

Lavik har to gongar vore ein eigen kommune. Etter gjennomføringa av kommunereforma i 1964 vart Lavik del av Høyanger.

Det store lokale engasjementet er noko av grunnen til at eg er stolt over heimplassen min Eirin Borlaug

!

Etter at IL Lavik rydda, merka og skilta 41 stiar opp til 17 fjelltrimpostar auka talet på registrerte turar med fleire tusen i året. No skriv opp mot 10 000 sprekingar seg inn på fjelltrimpostane kvart år.

Foto: Liv Norunn Raasholm

Lavik er kjent for sine korps, men bygda har og særs mange andre aktivitstilbod å by på.

Foto: Jon Mølmesdal

Innbyggjarane i Lavik stiller gjerne opp når det skjer noko, slik som når Fjordbrass spelar julekonsert.

Turstiane rundt Lavik blir flittig brukt, med mange tusen registrerte turar årleg.


EIT SENTER FOR FRAMTIDA

Foto: Jon Mølmesdal

Eit senter for framtida Då «Nye» Lavik Senter opna 5. juni 2014 var det som ein konsekvens av omlegginga av E39, og etter ei investering på 11 millionar kroner. Ein sentral visjon for det nye senteret er å samle fleire tenester folk treng under same tak, og bli eit naturleg val for både lokale og gjennomreisande handlande. - Det har vore oppe i media korleis handelslekkasjar og netthandel øydelegg for lokale butikkar, men eg tenker at dei butikkane som klagar på dette har feila i å gjere seg attraktive nok. Vi har snudd om på det, og har satsa på nettbutikk sjølv, med vareleveransar over heile landet. Verda går sin gang og du kan velje å stoppe opp og tape, eller henge deg

Naturleg grønt hår

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

på og vere med på veksten. Om du er attraktiv nok kjem kundane av seg sjølv.

Det var trangt om plassen då “Nye” Lavik Senter vart opna 5. juni 2014. I dag satsar senteret friskt for å halde seg attraktive for både lokale og gjennomreisande kundar.

!

Sosialt senter Lavik Senter er eit framtidsorientert handelssenter med ein offensiv marknadsføringsstrategi. - Vi tar i bruk sosiale medier som ein reklamekanal, og har reklameskilt på ferjene så passasjerane veit kva tilbod som ventar hos oss allereie før dei har køyrd på land. Det gjeld å fjerne skylappane og sjå på kva moglegheiter som finst. Annonsering på Facebook har gitt særleg gode resultat. Der når vi titusenvis av potensielle kundar, noko som har resultert i sal frå Honningsvåg til Oslo.

Eit lite steinkast frå Lavik Senter ligg Håret Frisør, ein grøn frisørsalong som husar Margunn Hagen Hjelmeland. Ein grøn frisørsalong opererer berre med produkt som er fri for allergiframkallande og hormonforstyrrande stoff, noko ein raskt merkar når ein set foten innafor lokala til Hagen Hjelmeland. Håret Frisør har ikkje den karakteristiske «frisøratmosfæren» som gjerne kjenneteiknar ordinære frisørsalongar. - Kundar har blitt meir bevisste på miljø, og kva dei puttar i og på kroppen, så dette konseptet har slått godt an. Ein trend er at farge- og hårpleieprodukt skal vere så naturlege som råd er, og gjerne med bruk av sertifiserte

!

Besøk www.lavikgaver.no for å finne nettbutikken til Lavik Senter, ein nettbutikk full av møblar, leikar, lys, fuglehus, tekstilar, blomar, ildfaste former, paraplyar, osv, osv.

I 1955 opna det første ferjesambandet over Sognefjorden mellom Vadheim, Lavik og Instefjord. I dag fraktar ferjene på ruta Lavik - Oppedal godt over ein million passasjerar årleg.

økologiske ingrediensar. Interiøret til Håret Frisør komplimenterer dei naturlege behandlingane, med rustikt treverk, tende lys og ei avslappa atmosfære. Her slipp tilsette og kundar hovudverk, luftvegsproblem og allergiar grunna kjemiske stoff i produkta. - Eg forsøkjer å gjere eit besøk her til ei god oppleving, og eg får mange gode tilbakemeldingar. Det ser ut til at det grøne konseptet er noko folk set pris på. Sjå Håret Frisør sine Facebooksider for ein oversikt over kommande arrangement, og eit innblikk i det grøne produktutvalet salongen tilbyr.

ELD, KRAFT, VATN

35


Eld, Kraft, Vatn Š 2015 Finurlig

Profile for Finurlig

Eld Kraft Vatn  

Magasin om Høyanger kommune.

Eld Kraft Vatn  

Magasin om Høyanger kommune.

Advertisement