Page 1

Informasjon

ELD

KRAFT

VATN

EIT LOKALSAMFUNN MED LIVSKRAFT 44 MAGASINSIDER FYLT MED UNIKE HISTORIER FRÅ EIN UNIK KOMMUNE

Kreativ skaparkraft • Høyangbjørn MC • Kraftutbygging på Østerbø • Jordnær yoga Dugnadsånd - Siplo Skisenter og Valhalls venner • Fagforeningens Musikklag


Kraft i alle moglege former Då vi i redaksjonen skulle finne eit tema til den fjerde utgåva av Eld, Kraft, Vatn trengte vi ikkje sjå lengre enn til namnet på vårt eige magasin. Kraft er eit omgrep som kan involvere så mangt, frå fysiske krefter via indre krefter til reint imaginære krefter. I eit lokalsamfunn som vårt speler dei ulike kreftene ei særs viktig rolle, og vi håper at dei neste 43 sidene vil gje eit lite innblikk i kor viktig krafta er for Høyanger kommune, både i konkret og abstrakt tyding. I dette nummeret av Eld, Kraft, Vatn skriv vi mellom anna om skaparkraft, muskelkraft, hestekrefter, dugnadskraft, kraftproduksjon, indre kraft og superkrefter. Ein rik og variert bukett med andre ord, og når ein legg alle desse kreftene saman ender vi opp med eit levande lokalsamfunn fylt med livskraft. God lesnad!

Eld, Kraft, Vatn © 2017 - 4. utgåve Utforming/utgivar: Finurlig AS Redaktør: Stig Hovlandsdal Øvreås Redaksjon: Sandra Stølen, Linn Bente Grimsmo og Stig Hovlandsdal Øvreås Opplag: 2100 Trykkjeri: Printfarm

Ein stor takk til alle som har stilt opp til intervju og som har levert innhald og foto til dette magasinet. Takk og til annonsørane som gjer det mogleg å produsere Eld, Kraft, Vatn. Alt innhald er utforma av/tilhøyrer Finurlig, med mindre anna er oppgitt. Framsideillustrasjon av Ida Ariel Høyvik

Innhald Ordføraren har ordet .......................................................................................................................... Kreativ skaparkraft - Teknikaren, designaren og kunstnaren ................................................................. Høgt og lågt i Tufteparken ................................................................................................................... Kunsten å drøyme (gjesteinnlegg) ........................................................................................................ Bjørnen sover - eller gjer den det? ............................................................................................................. Feite glis - Amcar Høyanger 40 år ............................................................................................................. Dugnadsånd ............................................................................................................................... Eit steg i riktig retning .................................................................................................................................. Næringssjefen har ordet ............................................................................................................... Blått gull - Kraftutbygging på Østerbø ................................................................................................... Kraftproduksjon i Høyanger kommune ............................................................................................. Utvikling som drivkraft (gjesteinnlegg) ......................................................................................... Jordnær yoga ............................................................................................................................... VM i østersopning ...................................................................................................................................... Mitt eget lille fristed (gjesteinnlegg) ................................................................................................. Med hjarte og sjel for musikken ...................................................................................................... Kultursjefen har ordet ............................................................................................................................. Superkraft ................................................................................................................................... 2

ELD, KRAFT, VATN

s. 3 s. 4 s. 8 s. 10 s. 12 s. 15 s. 16 s. 22 s. 23 s. 24 s. 30 s. 31 s. 32 s. 34 s. 37 s. 38 s. 42 s. 43


ORDFØRAREN HAR ORDET

Ordførar

Krafta har vore viktig for Høyangersamfunnet dei siste hundre åra. Både den elektriske krafta, som har danna grunnlaget for mykje av industrien vi har, men kanskje enno viktigare har krafta som finst i innbyggjarane i kommunen vore. I Høyanger kommune bur det drygt 4000 menneske som kvar dag skaper verdiar og trivsel for seg og sine, og for fellesskapet. Vi lever alle i det same lokalsamfunnet, og er avhengig av kvarandre for å kunne leve gode og innhaldsrike liv. I Høyanger er vi så heldige at vi har eit omstillingsdyktig næringsliv med «stayerevne». I haust feira Østerbø Maskin sitt 40-års jubileum, ei verksemd som er eit godt døme på nettopp denne eigenskapen. På Østerbø finn vi skaparkraft, evne til å tilpasse seg marknaden, og stå-påvilje. Karakteristikkar som er langt frå eksklusive for Østerbø Maskin, då det er mange bedrifter som dette innafor kommunegrensene våre.

Men sjølv om kommuneøkonomien ser ut til å bli stram framover vil det framleis bli brukt midlar på viktige prosjekt og investeringar. Det vil bli brukt mellom 30 og 40 millionar årleg dei komande fire

åra på ulike typar investeringar. Nokre av desse vil vere knytt til infrastruktur og kanskje vere skjulte for folk flest, medan andre vil bli langt meir synlege. Av større prosjekt kan arbeidet som skal gjerast i Byporten i Høyanger trekkast fram, og etableringa av eit Gunnar S. galleri der. Byporten har eit stort behov for å bli renovert, og som eit viktig ikon i tettstaden vår er dette eit signalbygg vi ikkje har råd til å tape. Vi vil også gjere eit betydeleg utbetringsarbeid i samfunnshuset i Høyanger, og i Olderdalen barnehage, i åra som kjem. Vi går ei krevjande tid i møte, men eg er sikker på at Høyangersamfunnet fortsatt vil vere eit godt samfunn å bu i, også i 2018, og åra som følgjer. Om vi held fram med å jobbe saman og løyse utfordringane som oppstår på ein best mogleg måte ser eg positivt på framtida, trass i dei mørke utsiktene for økonomien på kort sikt.

Foto: Privat

Petter Sortland

og mørke skyer i horisonten. Ein reduksjon i frie midlar over statsbudsjettet, samt ei fjerning av skatten på bruk og verk, vil få dramatiske konsekvensar for inntektene våre. Alt i alt ser vi ut til å få omlag 15 millionar mindre å rutte med når kalenderen visar 2018, noko som uunngåeleg vil medføre at kommunen må kutte utgifter. Alle etatar og tenesteområde vil måtte ta sin del av dette lite trivelege arbeidet, og det kan bli tungt for oss i politikk og administrasjon å sjå innbyggarane i auga når vi må kutte i tenestetilbod dei set pris på og er vant til å nytte seg av. Eg er redd at store, tunge sektorar som skule, barnehage og helse vil bli ramma særleg hardt av denne inntektssvikten.

Vi ser og investeringsvilje i næringslivet. Eit steinkast frå Østerbø Maskin planlegg Osland Settefisk enno ei utviding av produksjonskapasiteten. I Høyanger er Nyrstar og Hydro godt i gang med investeringar på mange titals millionar, og på Saint Jean Wheels er det eit spanande prosjekt på gang knytt til smelting av metall. Det er og ein stadig aukande aktivitet og vilje i kommunen knytt til satsing på opplevingar og utvikling av attraktive tilbod for fastbuande og tilreisande. I Lavik satsar Lavik Fjordhotell friskt med utviding av kapasiteten, og i Vadheim viser dei nye hotelleigarane ei særs offensiv haldning. I tettstaden kjem det og signal frå overnattings- og serveringsbransjen om eit ønskje om å skape meir aktivitet, og eit mål om å ta ein større bit av reiselivskaka knytt til Sogneregionen. Det er på tide at kommunen vår blir satt enda meir på kartet som reiselivsdestinasjon i Sogn. Sjølv om det er mykje positivt å spore i Høyanger kommune for tida finst det

Frå venstre: Ivar Kvalen (ordførar i Luster), Jarle Aarvoll (ordførar i Sogndal), Petter Sortland (ordførar i Høyanger), Jon Håkon Odd (ordførar i Leikanger), Arild Ingar Lægreid (ordførar i Årdal), Aleksander Øren Heen (politisk rådgivar for Senterpartiets stortingsgruppe og fylkestingspolitikar), Leidulf Gloppestad (ordførar i Gloppen).

Petter Sortland var ein av over 130 ordførarar som samla seg utanfor Stortinget 8. november for å demonstrere mot regjeringa sitt forslag til fjerning av skatten på bruk og verk, ein skatt som har stått fast i meir enn 120 år. Endringa i skatteregimet vil aleine redusere inntektene til Høyanger kommune med omlag 5 millionar, og på toppen av dette kjem låge straumprisar og overføring av frie midlar over statsbudsjettet som er lågare enn lønns- og prisauken i samfunnet generelt.

ELD, KRAFT, VATN

3


KREATIV SKAPARKRAFT - TEKNIKAREN, DESIGNAREN OG KUNSTNAREN

Å vere kreativ kan vere ein nyttig eigenskap å ha. Vi har snakka med ein teknikar, ein designar og ein kunstnar for å høyre korleis dei nyttar kreativitet til å skape.

I Østerbø Maskin jobbar det knappe 30 tilsette som arbeider med produksjon og sal av alt frå notvaskarar for fiskeoppdrett til straumaggregat i alle storleikar. Selskapet har eksistert i 40 år og har gått frå å levere tenester og produkt til lokalt landbruk og næringsliv til meir spesialiserte løysingar for større kundar verda over. Men ein ting har halde seg stabilt gjennom fire tiår på Østerbø, og det er nysgjerrigheita og lysta til å finne nye og betre måtar å gjere ting på. Dagleg leiar Steinar Holen har vore med på både oppturar og nedturar, og har lært ein god del om kva fallgruver som finst i kreativt utviklingsarbeid. – Det er ikkje mangel på gode idéar, og vi får og mange henvendingar frå andre som ønskjer å utvikle løysingar saman med oss, men vi har blitt ganske kresne på kva vi vel å jobbe vidare med. Det krev mykje å drive utviklingsarbeid, både av pengar, tid og fokus, så når vi først satsar på eit prosjekt er det fordi vi virkelig har trua. Om vi skal gjere noko, så skal vi gjere det skikkelig. Holen fortel at det er mykje arbeid som

TEKNIKAREN

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Steinar Holen er dagleg leiar i Østerbø Maskin AS, og har vore tilsett i verksemda i 30 år. Han har vore med på å utvikle mange nye løysingar for industrien. Nokre har hatt suksess, medan andre har gått i gløymeboka.

må gjerast før utviklingsarbeid faktisk kan ta til, mellom anna med søknadsskriving, planlegging av prosjekt og undersøkingar i potensielle marknadar. Dei har opplevd fleire feilslått innovasjonseventyr tidlegare, og prøver no å minimere risikoen så langt det lar seg gjere. I verste fall kan arbeidsplassar bli satt på spel om ein er uforsiktig, og det er ein uaktuell situasjon å sette seg i for verksemda på Høyanger sørside som for tida opplev god vind i segla. – Vi nyttar ulike typar tiltaksapparat som filter for idéane vi vurderer om vi skal realisere. Om prosjekt kjem inn under ordningar drifta av aktørar som Innovasjon Norge, Høyanger Næringsutvikling, Gulen og Masfjorden Næringshage, og Skattefunn, ser vi på det som eit teikn på at ideén er liv laga. Men heilt sikker kan ein aldri vere når ein skal lage noko nytt og uprøvd, og Holen er derfor opptatt av å ikkje ta snarvegar i prosessane. – Vi er veldig nøyen på å ha alle prosjekt skikkelig forankra og med gode rammer. Vi har styrevedtak på alt


Foto: Privat

DESIGNAREN

KREATIV SKAPARKRAFT - TEKNIKAREN, DESIGNAREN OG KUNSTNAREN

Sandra Sigurdsdottir Kvikne arbeider for tida som klesdesigner hos Helly Hansen, eit internasjonalt tekstilindustriselskap med hovudkontor i Oslo. Ho tok ein sjans og følgde draumen, eit val ho ikkje har angra på eit sekund.

Det er viktig å sette av nok ressursar når ein skal drive utviklingsarbeid. Om ein skal utvikle nye løysingar i «ledige stunder» blir det fort venstrehandsarbeid, og då har ein tapt alt ved startstreken. Steinar Holen har erfart kva som skal til for å lukkast når ein driv med innovasjon.

Følgde draumen Eit 300 kilometer langt steinkast i luftlinje mot aust finner vi klesdesigner Sandra Kvikne. Ho har busett seg i Oslo, og arbeider for tida i det internasjonale kleskonsernet Helly Hansen, ein arbeidsstad

Østerbø Maskin har gjort seg bemerka for fleire nye og innovative løysingar. Eit av satsingsområda til selskapet dei seinare åra har vore innanfor notvaskarar for fiskeoppdrett. Eit særs spesifikt produkt for ein spesifikk bransje, men med det beste produktet tilgjengeleg på ein internasjonal marknad er det fullt mogleg å få suksess med slike satsingar, også økonomisk.

Illustrasjon: Østerbø Maskin

utviklingsarbeid, vi har ein regel om at vi skal ha eigarskap til løysingane som blir skapt, vi vil ha finansiering på plass før arbeidet tar til, og vi oppnevner alltid prosjektansvarlege som har ein framdriftsplan å jobbe etter. Alt må skje i rett rekkefølgje. Først når alt dette er i orden startar dei flinke folka våre å verkeleg arbeide kreativt, og tenke ut dei praktiske løysingane som set idéane ut i live.

ho har fått etter å ha tatt eit dramatisk val for eit par år sidan om å ta sjansen og følgje draumen. – Eg har alltid vore kreativ og glad i å skape, men med få karrieremoglegheiter innan design i heimtraktene vart det ikkje til at eg fekk gjort så mykje ut av interessene mine reint karrieremessig. Det var først då eg var godt etablert med familie og arbeid i Høyanger at eg kjente at eg var nøydt til å gjere noko anna. Eg søkte derfor på ein plass på mote- og designskulen ESMOD Oslo, men hadde ikkje realistiske forventningar om å komme inn. Sjokket var derfor stort då eg fekk studieplass, og hamna i ein situasjon der eg måtte la mann og born bli igjen i Høyanger, medan eg reiste til hovudstaden for å bli designstudent. Etter tre år med intense studiar vart Kvikne ferdig utdanna designar, med tilbod om ei stilling hos Helly Hansen. – Det var heilt fantastisk å få lov til å


Hovudet til kunstnar Daniel Godwin Longfellow boblar over av kreative idéar. Utfordringa hans er ikkje å komme på prosjekt å jobbe med, men å ha tilstrekkeleg med tid og ressursar til å ferdigstille dei.

jobbe i ei så stor bedrift, og eg har lært utruleg mykje den korte tida eg har vore her. I Helly Hansen jobbar vi på ein heilt anna måte enn på skulen. Her er eg del av eit designteam på ti personar, som igjen er del av eit stort system som må jobbe saman for å produsere klea du finn i butikken. Kompleksiteten samanlikna med om ein sit heime med symaskina og syr plagg er enorm, og det er veldig mykje ein må ta hensyn til i arbeidet. For Kvikne og dei andre designarane kan sjølv små designval få store konsekvensar når dei blir gonga opp under produksjon. – Kvart plagg blir masseprodusert, så om vi nyttar tre i staden for to glidelåsar på eit plagg, så gir det til dømes ganske store økonomiske utslag. Vi må og ta inn over oss kva som er populært i marknaden, og nytte material og løysingar Helly Hansen er kjent for og har patent på. Kreativiteten får heilt andre rammer når ein jobbar i team i eit selskap som dette, enn når ein jobbar i mindre verksemder, eller for seg sjølv. Vi jobbar no med plagg som skal kome på marknaden om to år, 6

ELD, KRAFT, VATN

noko som seier litt om kor komplekst det heile er. Kvikne fortel at det er viktig å vere profesjonell, og ikkje ta det personleg om ein ikkje får realisert plagg akkurat som ein sjølv vil. – Alt vi gjer blir til i eit fellesskap. Vi er ei gruppe med menneske som blir inspirert og har idéar på kvar våre kantar, så plagga som endar opp som endelege produkt er alltid eit resultat av ein prosess der mange designarar og andre har vore involvert.

På jobb når han har fri Tilbake i Høyanger sit kunstnar og lærar Daniel Godwin Longfellow i huset sitt på toppen av industristaden. Han er opphavleg frå Washington D.C, og kom saman med kona Kristine til Høyanger i 2006. Frå stovevindauget har Longfellow ei fantastisk panoramautsikt, og han har meir enn ein gong latt seg inspirere av den ville vestlandsnaturen. – Eg starta som malar skulert innan klassisk kunstmaling, og då er det vanskeleg å ikkje la seg inspirere av naturen

KUNSTNAREN

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

KREATIV SKAPARKRAFT - TEKNIKAREN, DESIGNAREN OG KUNSTNAREN

ein finner i og rundt Høyanger, men eg har etter kvart og utvida mitt kunstnariske repertoar betrakteleg. I dag jobbar eg minst like mykje med animasjon og andre uttrykk der datamaskina er ein sentral komponent. Mange i Høyanger kjenner godt igjen stilen til Longfellow, som mellom anna har utsmykka Høyangerbadet. Han er og kjent for prosjektet der han dekorerer alle busskura frå Lavik til Sogndal med sine kreative fjordmonster. No står det att berre sju skur, så er han i mål. – Eg har alltid mange ballar i lufta og prosjekt på gang. Utfordringa er gjerne å klare å lande og ferdigstille det ein byrjar på, ikkje å kome på spanande ting å jobbe med. For meg er det slik at så snart eg har fri eller ferie frå jobben som lærar på den vidaregåande skulen, så går eg rett i gong med å arbeide med dei kreative posjekta mine. Eg har aldri fri, eg hoppar berre fram og tilbake mellom eit tilvære som lærar og som kunstnar. Med fast lærarjobb, tre små i heimen og ei kone som arbeider mykje er det alltid litt for lite tid til kreative prosjekt, men


KREATIV SKAPARKRAFT - TEKNIKAREN, DESIGNAREN OG KUNSTNAREN Foto/illustrasjon: Daniel Godwin Longfellow

for den produktive kunstnaren frå «unaiten» er det ikkje mogleg å slå av kreativiteten. Den boblar over uansett om han har tid eller ikkje. – Det kan i periodar bli mange lange kveldar og netter, for idéane må ut, elles blir eg rastlaus og frustrert. For meg er fysisk aktivitet veldig viktig og ein måte å handsame den kreative energien på. Ein skulle kanskje tru at ein blir trøytt av å vere fysisk aktiv, men det er stikk motsett. Eg får energi til arbeidet, og tenkjer gjerne enno klarare når eg har fått bevega kroppen.

Står ikkje i ro

Noko mystisk lurer i fjorden... Kvifor ville eigentleg Kystverket dekke den såkalla Fedje-ubåten med betong? Er det noko myndigheitene vil skjule? Finst det ting i dei vestlandske fjordane som ikkje står oppført i noko leksikon? Det trur Daniel Godwin Longfellow, og no får han hjelp frå skaparen av «Vennebyen» til å få desse mystiske skapningane opp frå djupet og fram i rampelyset. Vi kan takke personen som stod bak ein stygg graffiti i eit busskur på Tronvik for at Fjordmonster-konseptet vart skapt for nokre år tilbake. Grafittien irriterte Dan Longfellow såpass kvar gong han køyrde forbi at han til slutt kontakta Vegvesenet for å høyre om han kunne få male ein meir dekorativ figur i skuret. Det fekk han lov til, og etter det har Fjordmonstersnøballen rulla seg stadig større. – Det som starta med nokre få busskur har i dag blitt til eit heilt univers inspirert av alt frå monster i populærkulturen til vestlandsk vikingarv. Monstera til Longfellow prydar no alle bortsett frå dei siste sju busskura frå Lavik til Sogndal, pluss eit ved sjukehuset i Førde. Men planen er at dei merkelege monstra med opphav frå Høyanger skal få eit langt større publikum, og det med hjelp frå Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Carl Christian Hamre, skaparen av det velkjente «Vennebyen»-konseptet. – Hamre har for tida ei mentorrolle for meg, og hjelper meg med å gjere universet eg har skapt om til eit meir heilskapleg produkt. I midten av desember ferdigstilte vi ein pitch som vi no skal prøve å selje inn til ulike studio og produksjonsselskap, og om vi er heldige plukker nokon av dei opp idéen. Då vil ei realisering av Fjordmonster i ein langt større skala enn som morosame figurar på busskur vere høgst realistisk. Kvar fjordmonstera eigentleg kjem frå veit ikkje Longfellow heilt, men ein ting er han sikker på, og det er at Sognefjorden spelte ei viktig rolle som visuell konkurrent under konseptfødselen. – Då eg bestemte meg for å gjere noko med desse busskura var landskapsbilde det første eg tenkte på, men det slo eg fort frå meg. Med Sognefjorden som motiv i bakgrunnen ville det vore ein tapt kamp alt før første penselstrøk. Så det måtte bli noko heilt anna, og det har det utvilsamt blitt.

På Østerbø er det hektisk aktivitet. Telefonane ringer, folk flyg inn og ut dørene, og kaffimaskina pumpar ustanseleg eingangskoppar i papp til randen. Østerbø Maskin ber preg av å vere ei verksemd der dagleg leiar Steinar Holen og dei andre tilsette ikkje veit kva det vil sei å stå stille, og seie seg nøgd med status quo. – Om vi stoppar opp og blir tilfreds med dagens situasjon vil det nok ikkje ta lange tida før lysa blir skrudd av hos oss. Kreativitet, fornying og utvikling er heilt nødvendig i ein global marknad, og der ein før kanskje kunne finne opp ei løysing og leve godt med den i nokre år, er det ein strategi som ikkje lengre er liv laga. No går alt mykje fortare. Det tar ikkje lange tida før andre prøver seg med tilsvarande løysingar, eller enda noko nytt, så ein kjem aldri i mål. Andre i bransjen følgjer med på kva vi gjer, og vi følgjer med på dei, så det nyttar ikkje å bli late. Då vil konkurransen ligge litt foran heile tida. Vi er derfor heilt avhengige av smarte hovud som tenkjer konstant på nye måtar å gjere ting på. Kreativitet er rett og slett ein nødvendig eigenskap for å kunne overleve i ein beinhard internasjonal marknad.

Kreative hovud med gode idéar skaper arbeidsplassar. Har du ein god idé som kan bli til næringsverksemd? Då kan det vere lurt å ta ein prat med Høyanger Næringsutvikling (HNU). Om du har forslag til prosjekt eller satsingar for HNU tar dei og gjerne imot dei via sin idébank. Du finner både idébanken og kontaktinformasjon på hnu.no

ELD, KRAFT, VATN

7


HØGT OG LÅGT I TUFTEPARKEN

HØGT OG LÅGT I

TUFTEPARKEN

Å sitte i ro er ikkje noko for Trym Høyvik. Han trivst best med ein kropp i bevegelse.

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

OM

Tufteparken i Høyanger vart opna 29. september 2016. Ordførar Petter Sortland klypte saman med Trym Høyvik snora som markerte den offisielle opninga. Parken hadde ein totalkostnad på 750 000. Kommunen fekk støtte til etableringa frå både Sparebanken Sogn og Fjordane og Norsk Tipping sine spelemidlar på høvesvis 250 000 og 300 000 kroner. Mannen bak Tufteparkkonseptet, Lasse Tufte, etablerte det første anlegget i hagen sin i 2011. Året etter vart konseptet utvikla til eit produkt, og i dag finst det over 100 slike parkar i landet.

8

ELD, KRAFT, VATN

Då Trym Høyvik var seks år byrja han og eit par kameratar å sjå på filmar på YouTube av folk som nytta eigenvekt i trening. Filmane inspirerte, og klesstativet heime fekk raskt ein ekstra funksjon som treningsapparat for pull-ups. Interessa utvikla seg snart vidare til klatring, turn og parkour, ein idrett som handlar om å komme seg frå ein stad til den neste på den mest effektive måten mogleg. Hinder på vegen blir forsert på akrobatisk vis. – Denne typen trening, der ein nyttar kroppen som vekt, gir ei veldig fin kroppsforståing, balanse og kjernestyrke. Meir tradisjonell styrketrening med vekter trener gjerne spesifikke musklar, medan trening med eigenvekt aktiviserer større område. Dette er på mange måtar ein meir naturleg og heilskapleg treningsform. Tufteparken vart satt opp mellom Høyangerbadet og Høyangerhallen i 2016, og Høyvik fekk æra av å klippe snora under opninga. Treningsengasjementet hans hadde blitt lagt merke til lokalt, og han vart såleis eit naturleg val til æra som snorklippar.

– Etter at Tufteparken kom på plass har eg trent mykje her. I mars i år var eg og i Oslo for å delta på kurs, og vart der sertifisert som ein såkalla «Tufteparken & Calisthenics»-instruktør. Med dette kurset under beltet har Høyvik fått formell kompetanse på korleis ein skal trene riktig med eigenvekt. – Nokre av øvingane ein kan gjere i Tufteparken krev at ein har teknikken i orden for å ikkje risikere overbelasting og skadar. Sjølve kurset vart dekka av IL Høyang, noko eg set stor pris på. Det er stas å ha formell kompetanse, og eg har alt nytta den i samband med trening av andre, mellom anna som «gjestegymlærar» på skulen.

Kreativ trening Trym Høyvik er gjerne i Tufteparken fem - seks gongar i veka i sommarsesongen, både aleine, og med andre treningsglade kameratar. – Det er kjekt når vi er fleire som kan utfordre og pushe kvarandre, men det er og heilt greitt å trene aleine. Tufteparken


HØGT OG LÅGT I TUFTEPARKEN

er så lett tilgjengeleg, så eg stikker ofte berre innom ein tur nærast på impuls. I starten brukte eg mykje tid på å sette meg inn i og utføre dei ulike øvingane som står på skiltet ved parken, men no har eg fått såpass mykje erfaring at eg like gjerne finner på mine eigen måtar å trene på. Det er ei veldig allsidig, inspirerande og kreativ treningsform. Høyvik meiner at trening i Tufteparken kan vere nyttig for alle som driv med idrett. Sjølv har han fått interesse for klatring gjennom terningforma, ein perfekt match. – I klatring treng ein seige musklar som handterer stor belastning over tid. Eg har berre klatra eit drygt år, men på grunn av all grunntreninga eg har bak meg har eg eit stort føremonn samanlikna med om eg hadde starta på bar bakke. Eg har nok hoppe over fem år med grunnleggande klatretrening på grunn av dette, og er alt med i konkurransar.

Foto: Ytre Sogn / May Britt Eide

Opningssermoni: Trym Høyvik og Lasse Tufte demonstrerte under opninga av Tufteparken i Høyanger 29. september 2016 ulike øvingar.

3 FAVORITTAR frå Trym

«Human flag» er sjølve signaturøvinga til Tufteparkgrunnleggar Lasse Tufte. Her skal ein halde seg fast i ein stolpe eller liknande, for så å føre kroppen horisontalt ut som eit flagg. Øvinga krev både god styrke i overkroppen og nøyaktig teknikk.

Øvinga «front lever» går også ut på å halde kroppen horisontal, men her med eit grep som også er på ei horisontal flate.

Øvinga «one arm pull up» er ei av dei meir grunnleggande øvingane der ein skal dra seg opp etter ei hand. Dette er også ei øving som krev ein god del styrke.

ELD, KRAFT, VATN

9


GJESTESKRIBENT - IDA ARIEL HØYVIK

GJESTESKRIBENT

Kunsten å drøyme - drøymer du stort, må du tåle å lande hardt.

Eg er vel det ein kan kalle ein drøymar. Nokre gonger er det mi store svakheit, andre gonger er det ei styrke som driv meg framover. Då eg som 16-åring bestemte meg for at det var illustrasjon eg skulle drive med, var motivasjonen klar – ein dag skulle eg bli tilsett i Disney Animation Studios! Eit ganske fjernt og utenkjeleg mål for ein beskjeden Sunnfjording, eigentleg. Men for meg var det ikkje utenkjeleg; berre ein ønskte noko sterkt nok og arbeida hardt nok var det berre ein sjølv som stod i vegen for kva ein kunne oppnå, tenkte eg. Det var mi drivkraft i fleire år. Det er så synd å høyre om unge vaksne som kjenner seg utilstrekkelege, mange allereie i ungdomsskulealder. Dei fortel om eit umenneskeleg press og eit jag etter suksess og perfeksjon som styrer livet deira i altfor stor grad.

Foto: Privat

10

ELD, KRAFT, VATN

Det er nok fleire grunnar til at mange av oss stadig kjenner på det evige forventningspresset, men eg trur mykje av det kjem frå oss sjølve. Eg trur vi må tørre å gje slepp på uoppnåelege ambisjonar når vi ser at det er meir enn vi kan leve opp til. For sjølv om det kan vere med på å halde motivasjonen oppe og motoren gåande ei stund, kan det fort få motsett effekt når det tar for stor kontroll. Vi får gjerne ein idé om korleis ting skal vere, og kjem vi ikkje dit, har vi tapt. Vi trur at vi har mislukkast, og det er ei lammande kjensle. Draumen om Disney var god å ha. Den fekk meg gjennom seine kveldar med oppgåvejobbing og krampar i handa etter timar med teikning. No er eg ferdig utdanna og klar for å ta fatt på arbeidslivet, men det blir ikkje i Disney. Eg elskar jobben min som illustratør, men

Ida Ariel Høyvik (23) arbeider som illustratør og har blant anna bachelorgrad i Visual Arts frå Southampton Solent University. Hausten 2017 flytta ho saman med kjærasten sin til Høyanger.

har innsett at eg ikkje lenger er villig til å gå like langt. Andre ting tek fokus. Livet skjer, som dei seier. Og det er heilt greitt. Å setje seg høge mål kan vere ei nyttig drivkraft når ein treng det. Realiteten er ofte at ting går ikkje heilt som ein hadde sett for seg, og forventningane ein hadde blir ikkje alltid oppfylt. Kunsten er vel å vere realistisk, og våge å la nokre draumar gå for å gje plass til nye. Det vart aldri kontor i Burbank, California. Det vart ein IKEA-pult på gjesterommet i eit lite hus ved Sognefjorden. Men når eg sit her med snøkaven herjande utanfor og får arbeide med det eg likar best, i heimfylket eg er så glad i, er eg jammen glad for at eg turte å drøyme litt mindre.


ANNONSER

Grøn frisør!

MASKINENTREPRENØR MED KVALITET OG KUNDETILFREDSHEIT I HØGSETET Kråkevika 1, 6996 Vadheim Tlf: 916 01 512 E-post: la@furelimaskin.no

HØYANGER www.nyrstarhoyanger.no

VELVÆREHUSET I LAVIK Hår, hud, kroppspleie, fotpleie, velvære og skjønnheit OPNINGSTIDER: måndag og fredag: 09-16 tysdag og torsdag: 09-18 onsdag: etter avtale laurdag: 09-14

Tlf. 913 09 132

Besøk oss gjerne på facebook!

Bilfinger Høyanger er en tverrfaglig leverandør av tjenester innenfor: • Mekanisk vedlikehold og verkstedproduksjon • Ildfaste tjenester • Vannkraft. Bygging og vedlikehold av anlegg • Sakkyndig kontroll av løfteutstyr www.bilfinger.com

Osland Havbruk Historia om framtida Matproduksjon i verdas lengste og djupaste fjord.

Vekst og investering på land og i fjorden.

Lokalprodusert og framtidsretta energi.

Framtidstru og utviklingsevne. Vi vil vidare.

Følg oss på oss på facebook eller osland.no - Brått har vi bruk for akkurat deg ELD, KRAFT, VATN

11


Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Bjørnen sover

Nokre hobbyar er langt meir enn ein hobby. For gjengen i Høyangbjørn MC er motorsykkel ein livsstil, og sjølv om snittalderen i klubben aukar jamt og trutt, er det framleis dugeleg med bensin igjen på tanken.

12

ELD, KRAFT, VATN

... eller gjer den det?

Praktisk talt alle i Høyanger tettstad har eit forhold til Høyangbjørn MC. Om ikkje anna, så har i alle fall innbyggjarane i industristaden sett den karakteristiske vikingfiguren på ein skinnvest eller ei jakke. Høyangbjørn MC er ein del av bybildet, og kanskje også ein av dei mange puslespelbitane som gjer Høyanger til nettopp Høyanger. Interessa for sykkel er sjølvsagt i klubben, og for leiar Geir Egil Hellebust og mange av dei andre medlemmane var det både teknikken og verdisettet knytt til MC som lokka i ung alder. – Det heile kan vel summerast opp med å nemne filmen «Easy Rider» frå 1969. Kjensla av fridom. Det å cruise nedover vegen på vakre, men samstundes kraftige maskiner, på to hjul. For dei aller fleste av oss var sykkelen den første kjærleiken, så kom familie og det etablerte vaksenlivet seinare. Leiaren sjølv er frå Førde og kom til Høyanger i 1984 for å jobbe på verket. Opphaldet var meint å vere kortvarig, men han vart verande, mykje takka vere MC-klubben. – Eg kom inn i miljøet og hjelpte litt til i ein fase då klubben for alvor vart etablert, mellom anna med eige klubbhus, og då

Eg hadde ikkje kropp til å drive med idrett, så då vart det motorsykkel i staden... Andor Milde har ei interessant forklaring på kvifor det vart MC på han.

var det gjort. Sidan har eg blitt, og det har dei siste 30 åra gått tallaust mange timar med på klubbhuset saman med kompisgjengen og alle syklane der.

Hard kjerne med mjuke verdiar På byrjinga av 80-talet var Høyangbjørn MC oppe i omlag 50 aktive medlemmer, og eit titals fleire om ein tel med støttemedlemmer som koner og kjærastar. Klubben hadde ein liberal sykkelpolitikk og medlemmane hadde i hovudsak japanske og engelske syklar, men det skulle det snart bli ei endring på. I 1983 kom den første «Harley Davidson»-sykkelen til klubben, men den skulle bli langt frå den siste. – Det vart på 80-talet gjort eit par grep i klubben som reduserte medlemstalet ein god del. For det første vart medlemskontingenten auka for å halde tritt med kost-


Høyangbjørn MC vart stifta i 1979 og baserer namnet og logoen sin på vikingkongen Høyang-Bjørn. Vi veit lite sikkert om Høyang-Bjørn, men historikarane meiner han kan ha vore busett i Høyanger på 800-talet. Den lokale småkongen vår er mellom anna nemnt i skriftlege kjelder frå Island, og det er kjent at tre av sønene hans utvandra til øyriket i vest rundt 870.

nadsnivået vi hadde fått, og for det andre vart det vedtatt at klubben skulle vere ein rein «Harley Davidson»-klubb, med einskilde innslag av klassiske engelske syklar. Desse grepa gjorde til at vi berre vart den harde kjernen igjen. Den smått eksklusive klubben har sidan hatt eit relativt jamt medlemstal, og tel i dag 29 medlemmer og ein prospect. Eldstemann er 66. Yngstemann 25. Og sjølv om dei ikkje nødvendigvis er så mange i Høyangbjørn, så tar dei igjen ved å ha eit sterkt samhald seg imellom. – Vi er opptatt av å ta vare på kvarandre, og behandle folk skikkelig. Her er vi alle likeverdige, så det er ikkje slik at nye medlemmer må springe rundt og rydde og vaske etter oss meir etablerte. Alle må ta ansvar, og gjere sin del av jobben i klubben. Hellebust fortel at dei tidvis har vore igjennom tøffe opplevingar i Høyangbjørn MC. Mellom anna har medlemmer gått bort grunna sjukdom og ulykker. – Det å miste nære kameratar er beintøft, og tomrommet etter dei som er vekke vil alltid vere der. Men vi som er igjen har heldigvis kvarandre, og eg trur samhaldet i klubben har vore viktig for mange i handteringa av tapet av folk

ein har stått nær. For meg har i alle fall klubben vore viktig i tunge stunder. For Høyangbjørn MC har det ikkje vore noko mål å få så mange medlemmer som mogleg, nettopp for å kunne ta betre vare på dei som alt er med. – Vi har rett og slett ikkje plass til så mange hos oss. Lagera er fylt til randen med syklar, og kapasiteten er jamt over sprengt. Om vi skal halde eit fullgodt tilbod til dei medlemmane vi har er det eit visst tak på kor mange som kan vere med. Men om ein ser på medlemstalet vårt opp mot innbyggjartalet i Høyanger, og samanliknar med andre motorsykkelklubbar andre stadar, så er det faktisk ganske imponerande høgt. Det er ingen tvil om at motorsykkelen står sterkt lokalt, og det er jo veldig mange fleire som køyrer motorsykkel i Høyanger enn det er medlemmer hos oss.

Samfunnsfiende eller ressurs? Høyangbjørn er del av eit større MC-miljø og er velkjente innad hos dei motorfrelste, mellom anna for sitt årlege sommerparty på Fagernes ved Norevikane. Det har blitt arrangert heilt sidan starten i 1979, og er eit fast innslag for mange motorsyklistar i regionen.

– Det er gjerne dei same som kjem igjen år etter år på dei ulike treffa, så det er klart at vi blir godt kjent med kvarandre. På 80-talet var gjerne snittalderen på treffa 25 år, medan den no er 50, så MC-miljøet har blitt godt vaksne saman. Med eit halvt liv i MC-miljøet har Hellebust og dei andre opplevd mykje, og dei kan fortelje om tidvis krevjande tider for dei sykkelinteresserte.

Hymens lenkjer smidd i krom I 2012 gifta Randi Gjøstein og Tore Linge seg på Høyangbjørn MC sitt seinsommarparty på Norevikane, staden der dei møtte kvarandre fem år tidlegare. Gjestane i bryllaupet vart dei mange hundre motorfrelste som kvart år møter på treffet.

ELD, KRAFT, VATN

13


BJØRNEN SOVER - ELLER GJER DEN DET?

– Då MC-krigen herja som verst på 90-talet mellom klubbar som Bandidos og Hells Angels var det mange som vart redde for motorsykkelklubbar generelt. Vi opplevde og å bli satt i bås, og vart mellom anna registrert og kartlagt når vi var ute på festar og tilstellingar. Men her i Høyanger kjenner dei fleste oss, og veit kva vi står for, så her opplevde vi ikkje slike problem. Det er klart at det er særleg viktig å oppføre seg skikkelig når du er medlem i ein MC-klubb, for om du gjer noko gale så blir det automatisk stempla som ei hending knytt til MC, og det heile vil gå ut over heile klubben og ikkje berre deg sjølv. Høyangbjørn MC har valt å halde ei open linje ovanfor samfunnet rundt, og ta sin del av jobben med å avmystifisere interessa rundt motorsykkel. – Vi har til dømes arrangert Motorsykkelens Dag i Høyanger sentrum, eit triveleg arrangement der vi og medlemmer frå andre klubbar møtes på bytorget

for å vise fram syklar og slå av ein prat med nysgjerrige frammøtte. Slike ting er det kjekt å vere med på, og noko vi trur både kan vekke interessa for sykkel hos mange, og kanskje og fjerne eventuelle fordommar som måtte finnes. Vi er trass alt berre heilt vanlege folk vi også, men vi har ein hobby vi er lidenskapeleg opptatt av.

Medlem til evig tid Etter snart 40 år i drift er det meste innarbeida rutinar hos Høyangbjørn MC, men det finst og tankar om framtid og utvikling i klubben. – I 2016 fekk vi omsider kjøpt tomta som klubbhuset vårt står på, noko som gjer oss i langt større grad til herrar i eige hus. Sjølve klubbhuset har vi alltid eigd, men det har stått på leigd grunn. Vi har plassmangel, så no planlegg vi ei utviding. I MC-huset har Høyangbjørn alltid hatt stort fokus på å tilrettelegge så godt

som mogleg for vedlikehald av dei dyrebare syklane. – Vi har mykje vertøy og reiskap tilgjengeleg og kan gjere det aller meste sjølv, sett vekk frå lakkering. Klubbhuset er sjølvsagt også ein sosial møteplass der vi slår av ein prat over ein kaffikopp og eit slag yatzy innimellom skruinga. Vi er og heldige som har medlemmer med mange ulike typar yrkeskompetanser som kjem godt med når det skal skrus sykkel. Alle har noko dei kan eller veit som dei andre manglar, så vi utfyller kvarandre godt. Hellebust er overtydd om at livet er betre som medlem i Høyangbjørn MC, og ser det som nærast umogleg å gje seg i klubben. – Vi har nokre fantastiske historier saman, og det er langt frå uvanleg at eg er godt sliten i kjakane når eg reiser heim igjen etter ein dag på MC-huset fordi eg har ledd så mykje. Her blir eg nok så lenge helsa tillét det.

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

På lokalet: MC-huset er for mange av medlemmane i Høyangbjørn MC deira andre heim. No eig klubben både hus og grunnen det står på, så no planlegg dei ei utviding som vil gje plass til enno fleire motorsyklar og utstyr. 14

ELD, KRAFT, VATN


FEITE GLIS - AMCAR HØYANGER 40 ÅR

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Ørjan Haaheim og Evy Kristine Forthun i Amcar Høyanger var i godt humør under samlinga 24. juni i høve klubben sitt 40-års jubileum. Her poserar dei saman med Evy sin Plymouth Barracuda, ein bil som kan få fram smilet hos dei fleste.

Feite glis - Amcar Høyanger 40 år

– Det er vanskeleg å ikkje la seg fascinere av bilar som dei du ser her i dag. Rå kraft og eit tidlaust design er i mine auge ein uslåeleg kombo. Amcar Høyanger vart stifta 9. september 1977 og har sidan hatt eit stabilt medlemstal på mellom 30 og 40 medlemmer. I sine klubblokale i Einar Ramslis gt. 29 på Sæbø blir det skrudd bil både seint og tidleg, og ikkje minst sosialisert ein heil del. No har klubben og tatt grep for å få inn meir ungt blod. – Vi har fått inn eit par yngre medlemmer i det siste, noko vi set veldig stor pris på. Som ein del av fornyinga av klubben har vi og gjort ein heil del arbeid på klubbhuset dei siste tre åra, inkludert ei utviding av verkstaden. Bil som hobby

tek plass, og vi har eit ønskje om å la ungdommen få meir rom til sine prosjekt.

Amcar, men med rom for unntak Som eit ledd i strategien med å gjere amcarklubben meir tilgjengeleg har dei og opna for bilar med eit anna opphavsland enn USA. Presidenten er sjølv blant dei som synst at klassiske engelske bilar er mest stas. – Det er bilinteressa som er det sentrale her, så ei liberalisering av kriteria for medlemsskap trur eg berre gjer godt for bilmiljøet. Her er alle med interesse for klassiske bilar velkomne.

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Innbyggjarane i Høyanger er motorinteresserte, og for gjengen i Amcarklubben skal bilane helst vere store og ha mange hestekrefter under panseret. I sommar feira dei 40-års jubileum, og i den samanhengen inviterte klubbpresident Ørjan Haaheim og dei andre 38 medlemmene i klubben til amcarsamling og feiring på parkeringsplassen utanfor Høyanger vidaregåande skule.

Høyanger har og markert seg sterkt i det nasjonale amcarmiljøet. Brynjulf "Buffen" Buue, som var med å starte den lokale amcarklubben i 1977, var i mange år styreleiar for Amcar Norge, ein organisasjon som tel 18 000 medlemmer. Bue er i dag æresmedlem i Amcar Norge.

47 bilar og 11 motorsyklar møtte på parkeringsplassen utanfor Høyanger vidaregåande skule 24. juni i år.

ELD, KRAFT, VATN

15


DUGNADSÅND

Dugnadsånd i skianlegget Høgt oppe i Høyangerfjella finn du Siplo, eit skisenter fullstendig avhengig av dugnadsinnsats for å vere i drift. «Siplo-gjengen» legg ned rundt tre tusen arbeidstimar i året for å vedlikehalde og drifte senteret, og driftsansvarleg Jan Kristian Milde fortel at det er langt meir som skal til for å få lys i løypa og fart i trekket enn eit enkelt trykk på ein knapp.

Foto: Lars Jonas Pedersen

OM Siplo Skisenter har ei av dei brattaste hellingane i landet med 37 grader på det verste/beste (alt etter korleis ein ser på det). Senteret har 2,5 kilometer lysløype i bakken på kveldstid. Senteret har 15 kilometer skiløyper tur-retur langs Bergsvatn i helgane. Det heile blir drifta og halde av 30 personar som går under kallenamnet «Siplo-gjengen». Når det er mykje nysnø er det ingen plass i heile verda der det er betre å køyre enn akkurat her. Då vrimlar det med folk og er eit Eldorado! Driftansvarleg Jan Kristian Milde trivst godt i bakkane på Siplo.

16

ELD, KRAFT, VATN

Siplo Skisenter har to trakkemaskiner, to skiheisar, fleire slalåmbakkar og langrennsløyper som skal haldast ved like og tilretteleggast. Alt saman har blitt gjort på den same måten i fleire tiår. På dugnad. «Appelsinhaugane» var namnet på det tidlegare skisenteret i Høyanger, men det vart oversvømt på slutten av 70-talet grunna kraftutbygging i området. For å kompensere for tapet vart det etter kvart tilrettelagt for eit nytt skisenter, og bygd ein skiheis til det som i dag er Siplo Skisenter. Jan Kristian Milde var sjølv med på å bygge den første skiheisen for over tretti år sidan, og om ein ser vekk frå eit par år, har han på ein eller annan måte alltid hatt ein finger med i drifta på Siplo. – Nokon måtte ta på seg å drive anlegget i og med at kommunen ikkje har råd til å lønne nokon for å drive det. Derfor tok vi eit initiativ og laga vår eiga stifting som baserer seg på dugnadsarbeid, fortel Milde. «Siplo-gjengen» gjekk til

innkjøp av brukte tråkkemaskiner frå Sverige, og leigde dei vidare ut til kommunen for å få inntekter til anlegget. Kommunen stiller også med driftsmidlar for å støtte Siplo, noko som er heilt avgjerande for at senteret skal kunne halde opent. – Vi er to gjengar der ein tar ansvar for trakkemaskinene, og den andre tar ansvar for heisanlegget. Heisen er over tretti år gammal så det er ein heil del vedlikehald som må gjerast. Det er veldig vêrhardt der oppe, og det tærer sjølvsagt på utstyret. Utanom sesong går det og mykje tid med på å skru på anlegget og maskinene for «Siplo-gjengen», ikkje minst for å sikre tryggleiken i anlegget. Sikkerheita har førsteprioritet, og det førebyggjande arbeidet er heilt avgjerande. – Vi går alltid grundig over heisane og maskinene før vi slepp nokon som helst opp i bakken. Det er eit absolutt krav.

Bratt, brattare, brattast! Året etter at Siplo Skianlegg stod klart vart det bestemt at den brattaste hel-


DUGNADSÅND

linga i skitrekk i Noreg ikkje skulle overstige 35 gradar av sikkerheitsmessige grunnar. Det betyr at Siplo Skisenter har eit av dei brattaste hellingane ein skibakke i landet kan ha, på heile 37 gradar på det brattaste. – Om det vert stopp i heisanlegget er det ikkje berre å køyre snøscooteren opp for å ordne det slik andre skianlegg gjer. Vi må gå store deler av distansen til fots for å komme fram i dei bratte bakkane. Dermed tar det dessverre litt tid å komme i gang igjen om vi først får ein stopp. Med så bratte bakkar er preparering av alpinløypa ikkje ein jobb for alle. – Det er berre sjåførane med lengst erfaring som tørr seg opp dit. Mange nektar til og med å sitte på fordi det er så bratt og ubehageleg! Nye sjåførar byrjar med å preparere flatt i langrennsløypene nokre år for å bli kjend med maskinene, før dei får prøve seg i bakkane. Alpinbakkane har ei gjennomsnittleg helling på tjuetre gradar, noko som skapar utfordringar, men og mykje glede. – Når det er mykje nysnø er det ingen plass i heile verda der det er betre å køyre enn akkurat her. Då vrimlar det med folk og er eit Eldorado! Lars Jonas Pedersen, som også er ein del av «Siplo-gjengen», har inntrykk av at ungdommen ofte kjedar seg i bakkane på til dømes Beitostølen, som har eit stort og variert anlegg. – Vi har ein nedfart som ikkje er så bratt på det jamne, men den nedfarten har eit brattheng på 100 meter. Der tar det «flatt av», for dei som ønskjer det. Å kunne tilby eit så fantastisk brattheng som vi har trur eg er einsidig positivt.

Foto: Lars Jonas Pedersen

Flinke folk: Dei utfordrande bakkane på Siplo har fostra mang ein dyktig skiløpar. Sindre Olsen midt på dette bildet er noregsmeister i freeride.

Foto: Lars Jonas Pedersen

Dugnaden er for borna Jan Kristian Milde har vore involvert i anlegget sidan starten og har lagt ned uendeleg med dugnadstimar, men kvifor har han brukt så mykje av fritida si på akkurat dette? – Det eit enkelt spørsmål å svare på, for dette gjer vi for borna. Det er så flott å sjå grupper på tjue til tretti ungdommar som står på ski og er ein samansveisa og samla gjeng som har det kjekt saman. Dei køyrer som eit tog gjennom bakkane heile dagen, også dei som gjerne har ein meir stillesittande kvardag. Det er dette som driv meg! Pedersen har også vore med på vedlikehalds- og løypeprepareringssida i fleire år, og han har sjølv vakse opp med og på Siplo Skisenter.

Populært tilbod: Odd Erik Dingsøyr kjøper dagskort av Kristian Nesheim i «Brakka». Utan innsatsen til Nesheim og resten av «Siplo-gjengen» hadde ikkje Dingdøyr og andre busett i og utanfor kommunen hatt tilbod om velpreparerte bakkar og løyper.

– Det er blant anna her eg lærte meg gleda av å stå på ski. For meg var det naturleg å bli med å bidra ettersom eg brukte mykje tid på å henge i skitauet i barnebakken som liten. Å ha eit slikt tilbod i Høyanger er viktig for livskvaliteten min, så slik sett er det av rein egoisme at eg er med på

Når ein ser gutar og jenter med forskjellege interesser elles, og gjerne med tjue års aldersforskjell mellom seg, køyre, hoppe og tryne i lag. Time etter time, dag etter dag. Det er då ein ser kva ein har arbeida for. Då er alt verdt det. Lars Jonas Pedersen, ein av mange i «Siplo-gjengen».

ELD, KRAFT, VATN

17


DUGNADSÅND

har involvert seg, og slepp jo å køyre ungane heilt til Sogndal eller Førde for å kunne stå på ski.

Takkar for støtta I og med at Siplo ikkje er eit kommersielt skisenter, og at det er eigd av kommunen, er det og kommunen som bestemmer prisane. Som ein konsekvens av dette er Siplo Skisenter eit særs rimeleg skianlegg å besøke, noko som og gjer det populært. – Det er veldig fint at folk er ivrige i bakkane i og med at vi bruker såpass mykje tid på å vedlikehalde og drive senteret som vi faktisk gjer. Det er kommunen som får billettinntektene, men i retur får vi ein større sum som går direkte til drift. Folk støttar og på andre måtar, mellom anna gjennom Norsk Tipping sin Grasrotandel. Grasrotandelen er ei ordning

som gjer det mogleg for spelarar hos Norsk Tipping å gje fem prosent av spelinnsatsen direkte til eit lag eller ei foreining. I 2015 fekk Siplo inn heile 35 794 kroner gjennom denne ordninga. – Pengane frå Norsk Tipping kjem direkte til oss og er ei super ordning. Alt hjelper oss i arbeidet vi gjer der oppe.

Vil du støtte «Siplo-gjengen»? Registrer dei på ditt tippekort. Nr. 982897297 eller Siplo Trakkemaskindrift

Foto: Lars Jonas Pedersen

å halde anlegget i stand og i drift. Men det er borna og ungdommen som gjev dugnaden ei djupare meining, også for Pedersen. – Når ein ser gutar og jenter med forskjellige interesser elles, og gjerne med tjue års aldersforskjell mellom seg, køyre, hoppe og tryne i lag. Time etter time, dag etter dag. Det er då ein ser kva ein har arbeida for. Då er alt verdt det. Dei små strekk seg for å henge med dei store, og dei store ventar litt på dei små. Slik er flokken samla. Dei ler av, med og til kvarandre. Ein kan ikkje anna enn å bli i godt humør av sånt. Milde håpar på at fleire unge, som Pedersen med si tilknyting og sin barndom i skisenteret, kjem på bana etterkvart og overtar også på driftssida. – Småbarnsforeldre er hjarteleg velkomne til å bidra for borna sine. Dei vert ofte med nokre år når dei først

Luftig: Om du er på jakt etter eit skianlegg med potensial for høg fart og luftige svev er Siplo Skisenter eit godt val. Senteret har sjølvsagt også eit tilbod for dei som ønskjer mindre krevjande bakkar, og for dei som er mest lystne på ein roleg langrennstur. Barnebakken er også ein populær stad for både store og små.

18

ELD, KRAFT, VATN


DUGNADSÅND

Ortnevik sitt svar på Copacabana I sommar vart ei ny båthamn med 22 båtplassar ført opp i Ortnevik av Ortnevik Båtforening, med støtte frå Sogn Aqua. I same slengen vart det opparbeida ei ny sandstrand med volleyballbane og grillhytte, og i dette prosjektet var Ortnevik Grendelag og Solrenning 4H involvert. Eit godt døme på eit prosjekt der mange gode krefter kombinert med mange dugnadstimar utvilsamt vil gje mykje nytte og trivsel i etterkant. Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Valhall lenge leve «Valhalls venner» består av åtte engasjerte eldsjeler som bruker store deler av fritida si på å ta vare på det kulturhistoriske ungdomshuset i Høyanger. Men kva er det som får folk til å bry seg så mykje om eit hus? Terje Systad er ein av dei engasjerte i «Valhalls venner». Han var ikkje i tvil om at det var og er eit stort behov for å ta vare på det kulturhistoriske huset. – Vi såg behovet alt første gongen vi arrangerte vennersvennerfest i lokalet. Den stakkars dama som dreiv huset då var heilt utbrend, og måtte omtrent ta pengane ut av hendene våre for å kunne betale straumen. Huset var så forfalle med blant anna knuste vindauge, så det var klart at det måtte gjerast noko. Det er mykje historie mellom (og på) veggane i Valhall ungdomshus, med minner om den gongen Høyangersamfunnet var klassedelt. Rudolf Krogh sine store nasjonalromantiske veggmaleri som pregar veggane i storsalen og på scena er og unike, og i høgste grad verdt å ta vare på.

Inntekter gjennom arrangement Gjengen i «Valhalls venner» arbeider både med å halde bygget vedlike, og arrangere festar og loppemarknad for å få inntekter til utstyr, straum og

material. Systad reknar ikkje timar når han arbeider med Valhall, men det blir mange i løpet av eit år. – Eg skulle kanskje ha ført timar, for det hadde vore interessant å ha ein oversikt. Vi har jobba med Valhall sidan 1997, og særleg det årlege loppemarknaden vi arrangerer har blitt veldig populært. Systad skryt over dei betre halvdelane til «vennegjengen», som alltid stiller opp og hjelper til med organisering og sortering av loppar. Han nemner og Ellen Vik som driv med utleige av bygget som er ein viktig ressurs. Dei leiger ut både til bryllaup, bursdagar og konfirmasjon. – Folk er veldig flinke til å bruke lokalet og støtte arbeidet vi gjer. Men det er dyrt å drifte eit gammalt hus. Litt inntekter er det jo på utleige og på arrangementa vi har, men det er ikkje det heilt store. «Valhalls venner» er avhengige av støtte frå fond og frå kommunen, men det har og kome inntekter gjennom andre kanalar, som Norsk Tipping sin Grasrotandel. – Ungdomslaget har fått knappe 12 000 kroner dei siste åra gjennom Grasrotandelen, og den støtta set vi stor pris på. Om nokon skulle vere interessert i å gje gåver til arbeidet tek vi sjølvsagt gjerne imot dei også, og lovar at kvar krone vil gå til å ta vare på eit av dei kulturhistorisk viktaste husa vi har i kommunen.

OM «Valhalls venner» vart tildelt Høyanger kommune sin kulturpris i 2015. Valhall er vurdert som eit av dei mest unike ungdomshusa i landet. Valhall vart bygd i 1921 som eit forsamlingshus i regi av Høyanger Ungdomslag. I 1927 vart storsal og scene i bygget overdådig dekorert med nasjonalromantiske motiv av Rudolf Krogh.

Vil du støtte «Valhalls venner»? Registrer dei på ditt tippekort. Nr. 914 800 587 eller Høyanger Ungdomslag

ELD, KRAFT, VATN

19


ANNONSER

Vi er stolte av vür engasjerte og kraftfulle kommune. Saman skaper vi det gode liv i Høyanger! Nett: hoyanger.kommune.no Facebook: @hoyangerkommune


ANNONSER

Litande løysing for deg

Strømaggregat Notvaskar Sakkunnig bedrift Elektromekanisk verkstad Elektroinstallatør

osterbo.no 48 16 17 18

Gir deg kraft til å utvikle hnu.no | @etablererkommunen


EIT STEG I RIKTIG RETNING

Eit steg i riktig retning I 2017 plasserte Tesla ut ti superchargerladarar i Lavik sentrum. Ordførar Petter Sortland omtalte opninga av den nye ladestasjonen som ein merkedag for Høyanger kommune.

Foto: Sandra Kråkenes

Det er liten tvil om at Lavik er eit viktig trafikknutepunkt i Høyanger kommune, og i løpet av 2017 vart og tilbodet til dei som køyrer på straum betydeleg forbetra i ferjebygda. Ordførar Petter Sortland er nøgd med utviklinga. – At vi har fått ein av dei største ladestasjonane til Tesla plassert i Lavik er stort. Dette er ein av fleire ting som passar godt inn i vår strategi i kommuneplanen for klima og miljø, og det er viktig for oss å ligge langt framme i dette arbeidet. I Høyanger er det mange prosjekt på gong med beina solid planta i det grøne skiftet. Ladestasjonen i Lavik er eit av dei mest synlege, og er eit som kan gje heile bygda eit løft. – Dei som nyttar ladestasjonen nyttar og gjerne andre tilbod som finst i Lavik, og kjem dermed til å skape ekstra omsetnad for næringsaktørar i bygda. Sortland fortel at tettleiken på elbilar berre i Hordaland fylke aleine er på storleik med elbilar totalt i heile Tyskland, 22

ELD, KRAFT, VATN

så ei tilrettelegging for desse Kommunen er stolte av å i mange bilistane kan vise seg å vere samanhengar vere langt framme strategisk lurt. i miljø- og klimakampen. – Det er klart at det er manOrdførar Petter Sortland er nøgd ge elbilar på vegane i dag, og med posisjonen Høyanger kommune ikkje alle er av merket Tesla, tar i det grøne skiftet. men det gjer ingenting. I Lavik finst det eit tilbod for alle elbilistar, for rett over vegen vis-àvis Tesla-ladestasjonen finst det to Grøn ne knytt til fokuset på klima og miljø. Kontakt ladestasjonar som er for alle Dømer kan vere Hydro som produserer elbilar. Om ein vel å køyre innover mot verdas reinaste aluminium, og Saint Høyanger finn ein også Grøn Kontakt der. Jean Wheels sin hybridfelg, som vil vere Desse stasjonane kom på plass tidleg med på å gjere fleire komponentar i i 2017, og viser at kommunen arbeider bilproduksjonen vesentleg lettare. Det målretta innanfor klima og miljø. sparer energi, drivstoff og utslepp. Ordførar Sortland nemner også NyrIndustrien tar ansvar star som ei viktig miljøbedrift med sin Det er ikkje berre innafor transportmetallprossesering som resirkulerer bisektoren at det finst grøne prosjekt i produkt, hovudsakleg frå sinkindustrien. Høyanger kommune. Også industrien – Kommunen er stolte av å i mange tar grep. samanhengar vere langt framme i miljø– Vi har fleire verksemder som forog klimakampen, og slik har vi og tenkt nyar seg for å ta høgde for endringaå halde det framover.


NÆRINGSSJEFEN HAR ORDET

Terje Søreide Næringssjef

Fleirfaldige hundre millionar kroner vil bli investert i kraftutbygging og utbetring av eksisterande anlegg på begge sider av kommunen vår dei neste åra, eit arbeid som garantert vil kome lokalt næringsliv til gode. Vi ser og store investeringar i industrien i Høyanger, mellom anna på Hydro og hos Nyrstar, noko som er særs gledeleg i industribygda. Innan reiselivsbransjen blir det og arbeida med fleire prosjekt, og her tar også vi i HNU og kommunen ei aktiv rolle. Prosjektet «K1 Høyanger – ein spektakulær attraksjon i hjartet av Norge», eit samarbeid mellom

Høyanger kommune, fylkeskommunen og Statkraft, er spanande, og har potensial til å ende opp med å skape eit reiselivsfyrtårn i Høyanger. I bygdene i kommunen er det og satsing og aktivitet. Lavik Fjordhotell har planar om å utvide, og i Vadheim blir det satsa friskt på Sogn Hotel. På tradisjonsrike Nesheim Camping i Bjordal er det og fullbooka hytter nær sagt året rundt, med besøk mellom anna frå verdsmeister og medaljegrossist innan landevegssykling, Tony Martin. På nyåret vil vi arrangere eit reiselivsseminar i Høyanger som vi håper vil føre til mange konkrete innspel og gje inspirasjon til deltakarane til ei vidare utvikling av heimkommunen vår som reiselivsmål. Auka turisme vil og kunne bidra til å auke aktivitets- og tenestetilbodet for oss som bur her. Fleire besøkande vil kunne skape nye og sikre eksisterande arbeidsplassar. Vinn-vinn situasjonar på mange nivå, og

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

110% UTVIKLINGSLYST

derfor ei prioritert satsing frå HNU si side, også i 2018. Elles ser vi mykje grøn utvikling i Høyanger, mellom anna med Teslaladestasjon i Lavik, og spanande satsingar knytt til bruk og produksjon av hydrogen. Krafta vi er så heldige å ha tilgjengeleg i kommunen kan brukast til mykje, så kvifor ikkje nytte den til noko framtidsretta og grønt? Vi ser og med stor glede at hjørnesteinsverksemdene Østerbø Maskin og Osland Havbruk/Osland Settefisk på Høyanger sørside fortset den formidable utviklinga vi har sett dei seinare åra. I 2017 vart HNU forsterka med Birgitta Hagen Kyrkjebø på laget. Ho er godt i gang med sitt arbeid, og har ein høgst offensiv tilnærming til stadsutvikling. Om nokon har idéar eller forslag til tiltak og prosjekt innanfor dette området, tilrår eg å ta kontakt for ein hyggjeleg prat med Birgitta.

Då Birgitta Hagen Kyrkjebø vart tilsett som næringskonsulent i HNU hausten 2017 tok ho fatt på arbeidsoppgåver ho sjølv brenn for med liv og lyst. – Eg har eit mål om å kunne bidra til å særleg styrke handel og reiseliv i kommunen, og gjere dei ulike bygdene våre meir attraktive for fastbuande og tilreisande. Hagen Kyrkjebø meiner at Høyanger tettstad kanskje har det største potensialet med tanke på å bli eit meir relevant reisemål. – Sogn er ein region med massiv turisme, og det er ingen grunn for at ikkje vi også skal få ein større bit av reiselivskaka. Men då trur eg det blir avgjerande å ha eit godt tilbod til dei reisande, både innan det praktiske som overnatting og servering, men også innafor aktivitetar og opplevingar. I tettstaden har vi mykje å by på, men det er gjerne ikkje tilgjengeleggjort og pakka i tilstrekkeleg grad til å kunne bli attraktivt for turistar. Det er ein engasjert næringskonsulent som pratar om stadsutvikling, og ho finner mykje inspirasjon i alle arbeidsoppgåvene ho kan ta fatt på. – Det er så mykje ein kan gjere, og eg håper at utviklingslysta mi kan smitte over på dei ulike næringsaktørar i kommunen også. Det er mykje trøkk i regionen med aktørar som Visit Sognefjorden og fylkeskommunen som satsar friskt, så her må vi berre hive oss med og nytte høvet til å løfte Høyanger opp og fram. Men vi i utviklingsapparatet er sjølvsagt heilt avhengig av å få med næringslivsaktørane på å bygge stein på stein. Det er vanskeleg å gjere store grep over natta, men om vi jobbar målretta saman er eg ikkje i tvil om at Høyanger på sikt kan bli ein reiselivsdestinasjon vel så god som andre i Sogn.

ELD, KRAFT, VATN

23


BLÅTT GULL

Foto: Geir Helge Østerbø

På Østerbø blir det for tida bygd eit kraftverk som skal forsyne over 8000 husstandar med grøn straum i stikkontakten. Draumen om kraftproduksjon i bygda er over hundre år gamal, men kva betyr den eigentleg, for lokalsamfunnet rundt, og for Høyanger kommune?

24

ELD, KRAFT, VATN


BLÅTT GULL - KRAFTUTBYGGING PÅ ØSTERBØ

Høge og bratte vestlandsfjell er både flotte å sjå på og kjekke å gå i, men dei har ein eigenskap til som kanskje har vore vel så viktig som dei andre for utviklinga av regionen vår dei siste hundre åra. Dei er nemleg og idéele når ein vil få store mengder vatn opp i høg fart gjennom tronge røyrgater. Oljen har gjort Noreg til eit rikt land, men omlag 50 år før dei første oljedropane vart pumpa opp frå Nordsjøen skjedde det ein anna viktig industrirevolusjon i landet. Dei første vasskraftverka våre vart etablerte, nokre verdas største på denne tida, og dei starta å forsyne ny, banebrytande og kraftkrevjande industri med store mengder billeg energi. Økonomisk vekst og auka levestandard følgde i fotspora til kraftutbygginga, og i dag er det ein sjølvfølgje for oss alle at vi har all den straumen vi treng i kontakten. Etter omlag 90 år med storstilt utbygging av vasskraft i Noreg førte politiske reguleringar til at nyetableringane av kraftverk bremsa opp på 90-talet. Det har blitt lengre mellom dei store utbyggingane, men unntak finst. Eit av dei er etableringa av Østerbø kraftverk, eit prosjekt med investeringar tett opp mot ein milliard, alt i alt. Kraftverket vil få ein middelproduksjon på 165GWh, nok til å dekke over 8000 husstandar sine kraftbehov.

Ting tar tid 7. juni 2013 fekk SFE Produksjon AS konsesjon av kongen i statsråd til å bygge kraftverk på Østerbø. Det vart samstundes gitt løyve til regulering av Nykjevatnet med overføring av seks elver i Østerbøvassdraget, og til regulering og overføring av Strupefossvatnet frå nabovassdraget Mjølsvik. Men sjølv med ein tommel opp frå kongen gjekk champagnekorkane berre delvis i taket lokalt på Østerbø. Det skulle ta fire nye år med prosjektering, handsaming av anker knytt til kraftlinjetraséar, rekning på kostnadar og ymse anna før det endelege vedtaket om utbygging vart tatt av styra i SFE og BKK i mars 2017. Men då vart det feiring i bygda. – Vi grunneigarane har hatt SFE som vår forhandlingspart dei seinare åra, og sjølv om vi ikkje har fått viljen vår på alt, må vi sei oss nøgd med forma kraftutbygginga har tatt. Dei har høyrt på våre råd, og det meste har gått seg til. For oss er det fantastisk å sjå at kraftverket endeleg tar form.

Mange ringverknadar Ei kraftutbygging fører med seg mange ringverknadar, både positive og negative, direkte og indirekte, synlege og meir skjulte. Utbyggarane har tatt på seg fleire

Foto: Privat

To av dei som har følgt historia om kraftutbygging på Østerbø tettast er Arne Olav Østerbø og Geir Helge Østerbø. Dei ser med spente auge på at draumen endeleg er i ferd med å bli realitet i heimbygda. – Det har vore ein lang prosess med

mange ulike planar på bordet opp igjennom åra. På 90-talet var det like før vassdraga i fjella over oss vart regulerte og leia sørover til BKK sine produksjonsanlegg der, men etter lokalt press frå oss på Østerbø vart desse planane heldigvis stoppa. Når ein ser kva som er i ferd med å bli skapt lokalt 20 år etter må vi vel sei at det var ei fornuftig avgjerd.

OM Østerbø kraftverk vil bli eigd av SFE og BKK med høvesvis 58 og 42 prosent eigarinteresser. I samband med kraftutbygginga skal det og byggast ein 21 kilometer 132kV kraftleidning frå Østerbø til Stordalen i Masfjorden kommune. Sjølve kraftverket blir bygd 600 meter inne i fjellet på Østerbø. Det var opphaveleg planar om å også bygge Randalen småkraftverk i det same prosjektet, men det vart tatt ut i 2015, noko som reduserte den totale produksjonskapasiteten frå 185GWh til 165GWh. Alt i alt, med utbygging av kraftanlegg og linjetraséar, vil prosjektet på Østerbø ha ei kostnadsramme på mellom 700 og 800 millionar. Østerbø kraftverk skal stå ferdig i løpet av 2020. Som ein konsekvens av utbygginga får Høyanger kommune 9GWh meir i konsesjonskraft, og vil med det vere oppe i 120GWh totalt. 120GWh konsesjonskraft har ein verdi på omlag 13 millionar kroner, om ein legg ratene fastsatt av Olje- og energidepartementet til grunn.

Fast jobb til evig tid På byrjinga av 1900-talet var det mange fossespekulantar i Noreg på jakt etter elver å kjøpe opp, og på Østerbø vart eit slikt sal gjort i 1911 til ein omreisande spekulant.

Ut på tur: Dette bildet viser lokale grunneigarar som i 1911 tok ein fossespekulant med på synfaring i fjella rundt Østerbø. Fallrettane vart solgt, men det vart inga kraftutbygging den gongen.

I kontrakten kan ein lese at straumen frå eit framtidig kraftverk skulle bli nytta i ein lokal fabrikk som skulle produsere bryner til sliping av knivar og reiskap. Desse planane vart aldri realiserte, men dei lokale grunneigarane hadde sikra seg godt, i tilfelle fabrikken skulle bli bygd. I kontrakten kan ein lese at dei skulle ha «rett til arbeid i fabrikken for seg og sine etterkommarar etter dei til ei kvar tid gjeldande takstar».

ELD, KRAFT, VATN

25


BLÅTT GULL - KRAFTUTBYGGING PÅ ØSTERBØ

oppgåver som takk for at dei får ta seg til rette og bygge kraftverk på Østerbø, som til dømes å bygge opp igjen eit lokalt stølsmiljø i Stegane med nye sel til alle grunneigarane. Ein har sett etter vinnvinn situasjonar, og no blir fyllmasse frå anleggsverksemda nytta til å opparbeide nytt jordbruks- og industriareal lokalt. Ein av dei største og mest synlege endringane er etableringa av Solnipavegen, som er under utarbeiding og vil gå opp frå nabobygda Søreide og vidare innover fjellet mot Østerbø. Dette vil bli ein veg med god standard, som og vil vere mogleg for andre enn kraftutbyggarane sjølv å nytte seg av. – At det blir bygd veg opp på fjellet er positivt av fleire grunnar. Det er miljøbesparande då det blir mindre behov for helikoptertransport, og den kan få positive konsekvensar i framtida for oss som bur her. Hyttefelt kan bli etablert, eller kanskje vi kan drive turisme i ei eller anna form?

Det vil dessutan bli ein enklare tilgang til fjellet for oss som bur her, med tanke på fritidsaktivitetar og rekreasjon. Kraftutbygginga fører og med seg andre endringar i infrastrukturen i regionen, noko som vil skape potensial for vidare vekst og utvikling. – Nye kraftlinjer med større kapasitet gjer det mogleg med meir utbygging av småkraft i området. Vi får også fiber til bygda, og eit raskare internett vil komme både privatpersonar og næringsliv til gode. Østerbø har berre ei handfull innbyggjarar, men vi har to viktige lokale verksemder her i form av Østerbø Maskin og settefiskanlegget til Osland Settefisk. Desse treng tilgang til moderne infrastruktur for å kunne drive på ein framtidsretta måte. Arne Olav Østerbø har tidlegare erfaring frå lokalpolitikken, og Geir Helge Østerbø er for tida leiar av Høyanger Senterparti og kommunestyremedlem. Den politiske

bakgrunnen gjer dei to ekstra opptatt av at kraftutbygginga skal kome lokalsamfunnet til gode. – Det er viktig at kommunen og andre er vakne no og følgjer opp slik at vi er sikre på at det som kjem av infrastruktur blir av god kvalitet og tilgjengeleg for offentlegheita. Fiberen som kjem må til dømes leggast til alle bygdelaga, og ikkje berre dit eigarane av kraftverket har behov for det. Tunellen mellom Bjordal og Søreide hadde hatt godt av ei utviding, så kvifor ikkje gjere det no når det er utstyr på plass som kan gjere jobben? Dei neste tre åra blir avgjerande for ein heil del ting, så det gjeld å smi medan jarnet er varmt. Vi må passe på å få nytta høvet og utvikla Høyanger sørside maksimalt i denne perioden.

God stemning i bygda Med mykje aktivitet i området og endringar i omgjevnadane er kraftutbygginga

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Tett på: Arne Olav Østerbø og Geir Helge Østerbø har vore tett på planane om kraftutbygging på Østerbø gjennom mange tiår, både som lokalpolitikarar og grunneigarar. Dei ser med glede at kraftverket er i ferd med å bli etablert, 600 meter inn i fjellet på Østerbø.

26

ELD, KRAFT, VATN


BLÅTT GULL - KRAFTUTBYGGING PÅ ØSTERBØ

det er vanskeleg å gjere alle til lags alltid. Men mange av oss har alt byrja å sjå på moglegheitene også framover, etter at denne utbygginga er ferdig. Med eit slikt anlegg på plass blir det med eit langt rimelegare og enklare å bygge ut nye vassdrag i fjella våre. Og sjølv om dette

Foto: SFE

eit hyppig diskutert samtaletema i og rundt Østerbø. Som alltid når endringar skjer er det delte meingar om utbygginga, men Østerbø og Østerbø har inntrykk av at dei fleste er positive. – Det finst sjølvsagt meiningar om ting som kunne vore gjort annleis, og

kraftverket ikkje genererer arbeidsplassar i seg sjølv, så er det uunngåeleg ein del arbeid med å halde eit slikt anlegg i drift, noko som og kan kome lokale næringsaktørar til gode. Snø skal brøytast, gras klippast, og når vedlikehaldsfolk kjem til bygda kan det godt vere at dei stoppar på butikken for å kjøpe seg ein brus. Slike ting har og ein effekt, særleg om ein ser på det store bildet på lang sikt. No for tida er det 40 - 50 personar med på utbygginga, og det er klart at ei midlertidig mangedobling av innbyggartalet på Østerbø skaper ein god del meir liv og røre her. Det vil nok bli sånn at ein på Østerbø startar ei ny tidsrekning. Før og etter kraftutbygginga.

Første tunnelsalva på tunnelen inn til Østerbø kraftverk gjekk av 4. august 2017.

Storstilt opprusting i Eriksdalen Då den såkalla «Damsikkerhetsforskriften» tredde i kraft 1. januar 2010 fekk damanlegga i Høyangerfjella knytt til Eiriksdal kraftverk ei ny klassifisering der dei ikkje lengre støtta krava i forskrifta. Som ein konsekvens av dette vart eigar Statkraft pålagt å oppgradere sju noverande damanlegg bygd mellom 1938 til 1960, eit arbeid som vil ta til i 2021, og er planlagt å vare fram til 2024. Senioringeniør i Statkraft Tom Ingar Hauståker fortel at arbeidet vil få ein kostnad på mellom 300 og 400 millionar, men at det er vanskeleg å gje nøyaktige tal på dette tidspunktet. – Vi har ikkje full oversikt over kva som skal gjerast enno, då det er ein pågåande avklaringsprosess vi har gåande med NVE. Men at dammane skal oppgraderast er det ingen tvil om. Statkraft er for tida i tenkeboksen på om dei skal bygge ein ny anleggstunnel opp i Eriksdalen eller basere seg på helikoptertransport under anleggsarbeidet. Eit eventuelt investeringsvedtak for tunellen er venta å kome våren 2018. – Det er mest sannsynleg at det vil bli ein av dei store entreprenørane som får kontrakten på arbeidet som skal utførast, men all erfaring tilseier at eit slikt arbeid og vil kome lokalsamfunnet til gode. Det vil truleg bli anleggsverksemd i sommarsesongen med riggar og folk i området som vil ha behov for lokale varer og tenester. Det er og ofte slik at dei store entreprenørane har bruk for lokale underleverandørar, så det er berre for lokalt næringsliv å posisjonere seg dei neste åra så dei kan få sjans på oppdrag.

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Før og no: Gamle K2 som var i drift til 2014 til venstre og porten til Eiriksdal kraftverk til høgre. To generasjonar kraftverk på same plass.

ELD, KRAFT, VATN

27


BLÅTT GULL - KRAFTUTBYGGING PÅ ØSTERBØ

1970

1980

1990

2000

2010

2020

Kraftutbygginga på Østerbø – år for år 1970: 1980: 1996: 2003: 2007: 2009: 2010: 2013: 2015: 2016:

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

2017:

SFE og BKK samarbeider om ei utbygging på 500 GWh, men planane stoppar opp. SFE startar planlegging av eit prosjekt utan BKK, men heller ikkje desse blir realiserte. Nye forhandlingar startar opp mellom SFE, BKK og Høyanger kommune. Ein avtale mellom SFE og BKK om eigarfordelinga i prosjektet blir inngått. Konsesjonsøkanden blir sendt på ei 207 GWh utbygging. Konsesjonssøknaden for linjetrasseen blir sendt. Planendringar blir sendt til NVE. Konsesjonen for utbygginga blir tildelt, og ny planendringssøknad blir sendt NVE. Prisar blir henta inn, og planendringar godkjent. Konsesjon/ankehandsaming på 132kV-linje blir godkjend, og utbyggar startar med kostnadsreduksjonar i prosjektet grunna låge kraftprisar. Investeringsvedtak blir gjort, og arbeidet startar.

Ringverknaden Atle Atle Bjordal er dagleg leiar i A og J Bjordal, eit lokalt entreprenørselskap som for tida er særs travle på Østerbø. Dei har fleire oppdrag knytt til kraftutbygginga, eller som har kome som ein direkte konsekvens av utbygginga. Auken i arbeidsmengda heime gjorde til at Atle og familien tok ein sjans, og flytta frå Førde og tilbake til heimbygda Bjordal i 2017. – Vi driv heldigvis med litt av kvart som kan vere nyttig under anleggarbeid som graving, massetransport, muring, plastring, boring og sprenging. Det har gjort til at vi har fått både store og små oppdrag, så ein kan trygt sei at kraftutbygginga har slått positivt ut for oss. A og J Bjordal er berre eit av mange mindre lokale firma som er involvert i utbygginga, og lista inneheld alt frå handverkarar til hjørnesteinsverksemda Østerbø Maskin. – Ei kraftutbygging som dette blir som ein magnet der alle vi rundt blir dratt litt inn i det. For oss som driv i ein bransje der vi må vere der arbeidet er, er det luksus å kunne ha arbeidsstaden sin så tett opp til der ein bur. Det blir ofte lange dagar, men det er rett og slett fantastisk å ha så mykje arbeid som vi har for tida lokalt. Som mange andre har Bjordal og eit positivt forhold til sjølve kraftutbygginga som privatperson. – Dette er rein energi frå naturressursar som eg meiner det er fornuftig å nytte seg av. Ei kraftutbygging vil alltid ha innverknad på naturen, men om ein gjer det på ein skånsam måte er eg for produksjonen av miljøvennleg straum.

28

ELD, KRAFT, VATN


BLÅTT GULL - KRAFTUTBYGGING PÅ ØSTERBØ

Eit bygg for framtida Av dei mange handfaste resultata av kraftutbygginga på Østerbø står kanskje det nye næringsbygget i bygda som det mest iaugefallande. Bygget blir for tida nytta som kontorbygg for utbyggarane, noko det vil vere fram til 2020, når kraftverket skal stå ferdig. Då tar Østerbø Maskin over, og flyttar inn. Næringsbygget er eit resultat av at gründer Arne Olav Østerbø, som står bak etableringa av Østerbø Maskin, har vore tydeleg gjennom mange tiår på at ein i staden for å etablere ein midlertidig brakkerigg under anleggsarbeidet heller burde gå for ei permanent løysing ein og kan ha nytte av etterpå. – Brakkene vi i Østerbø Maskin nyttar i dag som administrasjonsbygg vart satt opp på slutten av 80-talet som ei midlertidig løysing som skulle vare i 4 - 5 år... Vi har hatt behov for auka og betre kontorfasilitetar gjennom mange år no, og eg har eit håp om at dette nybygget kan bidra til å forankre Østerbø Maskin enno sterkare til bygda. Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Næringsbygget er i dag utforma og innreia etter kraftutbyggarane sine behov, men det skal tilpassast Østerbø Maskin før den elektromekaniske verksemda flyttar inn i 2020. Då vil det mellom anna bli innehaldande delelager, resepsjon, garderobar og kantine. Alt utforma etter dagens krav og standardar. Administrasjonsdelen i 2. etasje vil bestå av til saman elleve kontor og ha møte- og konferansefasilitetar.

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Kantina er hjartet i det nye næringsbygget, og den har plass til omlag 40 personar. I tilknyting til kantina er det eit velutstyrt kjøkken, og i følgje byggeleiar Arne Olav Østerbø er det nær sagt hotellstandard på både mat og fasilitetar. Slett ikkje verst.

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

ELD, KRAFT, VATN

29


KRAFTPRODUKSJON I HØYANGER KOMMUNE

Kraftproduksjon i Høyanger kommune STRANDOS

Over bakken

DYRNESLI

Over bakken

Første driftsår

2012

Første driftsår

1911

Produksjonskapasitet

1,93 MW

Produksjonskapasitet

6,5 MW

Brutto fallhøgde

205 m

Brutto fallhøgde

317 m

ØVRE SVULTINGEN

Over bakken

HØYANGER K5B

Under bakken

Første driftsår

1941

Første driftsår

1978

Produksjonskapasitet

6,45 MW

Produksjonskapasitet

16,4 MW

Brutto fallhøgde

103 m

Brutto fallhøgde

729 m

BIRKÅS

Over bakken

HØYANGER K5A

248 MW Om alle vasskraftverka i kommunen hadde produsert på maks effekt heile året ville dei generert 2173,18 GWh, noko som ville vore nok til å dekke energibehovet til 108 659 hus! Den reelle produksjonen er derimot ein god del lågare, og varierer frå år til år. Eit greitt estimat for den årlege kraftproduksjonen i kommunen er ca. 1000 GWh, nok til å dekke energibehovet til ca. 50 000 hus.

>10MW

Under bakken

Første driftsår

2006

Første driftsår

1965

Produksjonskapasitet

0,71 MW

Produksjonskapasitet

93 MW

Brutto fallhøgde

0m

Brutto fallhøgde

574 m

MW står for megawatt, og er ei måleeining for effekt. På denne sida viser MW kor mykje straum generatorane i kraftverka kan produsere om dei går for fullt.

Maksimal produksonskapasitet i Høyanger kommune:

Birkås

Høyanger K5B Dyrnesli

1-10MW

<1MW

Makkoren

Eiriksdal

Høyanger K5A

Strandos Øvre Svultingen

Det største kraftverket i Sogn og Fjordane er Tyin i Årdal, tilhøyrande Hydro. Dette kraftverket har ein produksjonskapasitet på 374 MW, og har ein årleg produksjon på ca. 1 500 GWh. Tyin er også det tiande største kraftverket i Norge.

Måren

Ortnevik Osland

99 prosent av all kraftproduksjon i Norge kjem frå vasskraft. Norge er eit få land som baserar energiforbruket sitt på elektrisitet. Hovudkjelda til oppvarming for rundt 73 prosent av hushaldningane våre treng straum.

VESTREBOTN

Ortnevik Mikrokraftverk

ORTNEVIK MIKROKRAFTVERK Første driftsår

Vestrebotn Krokevatn

Stordal

Over bakken

1999

OSLAND

Produksjonskapasitet

Over bakken

Over bakken 0,04 MW

Brutto fallhøgde

EIRIKSDAL

0m

Under bakken

Første driftsår

2008

Første driftsår

2013

Produksjonskapasitet

0,75 MW

Produksjonskapasitet

80 MW

Brutto fallhøgde

143 m

Brutto fallhøgde

570 m

STORDAL

Under bakken

MAKKOREN

Under bakken

Første driftsår

1999

Første driftsår

1974

Første driftsår

2012

Produksjonskapasitet

2,8 MW

Produksjonskapasitet

26 MW

Produksjonskapasitet

4 MW

Brutto fallhøgde

78 m

Brutto fallhøgde

115 m

Brutto fallhøgde

93 m

KROKEVATN

Over bakken

ORTNEVIK

Over bakken

MÅREN

Over bakken

Første driftsår

2009

Første driftsår

2004

Første driftsår

2010

Produksjonskapasitet

3,3 MW

Produksjonskapasitet

1,2 MW

Produksjonskapasitet

5 MW

Brutto fallhøgde

78 m

Brutto fallhøgde

45 m

Brutto fallhøgde

292 m

30

ELD, KRAFT, VATN


GJESTESKRIBENT - MARIUS LENNI BØE

GJESTESKRIBENT Marius Lenni Bøe (36) frå Balestrand, arbeider som toppspelarutviklar i Sogndal Fotball.

Utvikling som drivkraft - Å sjå utvikling er mi drivkraft i kvardagen.

Det å vere på treningsfeltet og kunne sjå utvikling der og då og over tid, er drivkraft for meg. Å vere fotballtrenar er eit spesielt yrke. Det er ingen sju til tre jobb, så det er ofte lange dagar. Fotball har blitt ein heilårsidrett, så det er fullt køyr frå januar til desember månad. Som i alle andre jobbar treng me og drivkraft for å halde kvaliteten oppe i jobben som skal gjerast. Drivkrafta får eg av og sjå unge spelarar utvikle seg i treningskvardagen. Relasjonar er viktige for utviklinga, og kvar dag er ein dag for læring. Eg har god erfaring med det å skape relasjonar. Før eg gjekk inn ei 100 prosent stilling i Sogndal Fotball i 2015 jobba eg parallelt som fotballtrenar og miljøterapeut i Melås AS. Eg har sett kva omsorg, kommunikasjon, rettleiing og eit ytre rammeverk betyr for

utviklinga av menneske. Alt dette har eg tatt med meg inn i rolla som trenar i Sogndal. Det handlar om å skape relasjonar. Du samhandlar med mange forskjellige grupper og individ – spelarar, foreldre, andre trenarar og klubbleiarar. Du må bruke den rette pedagogikken som passar opp mot den enkelte. Spelarar du jobbar med må føle tryggheit, føle seg sett og høyrt, og ikkje minst bli rettleia med tanke på kva som krevst for å bli ein toppidrettsutøvar. I mine auge er ein god relasjon mellom spelar og trenar avgjerande for læring. Eigarskap til eiga utvikling er ekstremt viktig. Ein spelar må komme på trening med eit ønskje om å trene og lære, ikkje berre for å bli trent av trenaren. Vi høyrer ofte i fotballen at spelaren ikkje ville det nok, eller at han/ho ikkje brenner nok for

Han var spelar og trenar i Høyang før han flytta til Sogndal i 2010 for å trene Kaupanger. I 2015 vart han tilsett i Sogndal Fotball og er UEFA A-Lisens trenar.

fotballen. Derfor er eg opptatt av at alle spelarane må ha ein plan for si utvikling. Kva drivkraft har du for å nå dine mål? Kva utviklingsmål ønskjer du? Kvar vil du? Dette er viktige spørsmål. Og det kostar å komme på eit toppnivå. Ingen er født komplette fotballspelarar. Nålauga er syltynne, og små detaljar er det som kan skilje mellom det å nå sine mål, eller å ikkje klare det. Alt for mange spelarar mister seg sjølv i sine drøymer, fordi dei ikkje har nokon plan. Eg avsluttar med ei oppfordring til unge spelarar. Har du ambisjonar med fotballen bør du lage deg ein utviklingsplan, og jobbe med å skaffe deg kompetanse på kva som må til. Det er ein avgjerande nøkkel til suksess, saman med eit brennande ønskje om å lukkast.

Foto: Rune Sjøberg

ELD, KRAFT, VATN

31


Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

JORDNÆR YOGA

Jordnær yoga Silje-Kathrin Hagen har heilt sidan barndomen vore fascinert av det spirituelle. I vaksen alder har og interessa for det indre liv vakse fram til å bli noko andre har glede av.

Finst det noko meir mellom himmel og jord enn det vi kan sjå og sanse? Kan tankar påverke den fysiske verda? Kva skjer med oss når våre dagar er talte? Mange har stilt seg desse og liknande spørsmål gjennom tusenvis av år, og der nokre har svart nei, andre har svart kanskje, finst det og dei som har landa på eit ja. Omlag 84% av verdas befolkning tilhøyrer ein av dei fem store religionsretningane, og på toppen av det talet kjem og alle med ulike spirituelle interesser. I Høyanger finner vi Silje-Kathrin Hagen, ei av dei som har valt å ha eit ope sinn, og lytte til si indre stemme. – Onkelen til far min var ein etterspurt healer, og eg har ein far som har arva litt av det. I tillegg hadde morfar min ei sterk interesse for naturmedisin, så eg

Kundalini - ein veg til Nirvana Kundalini er ifølgje tantriske tradisjon i India og Tibet ein urenergi som strøymer frå den nederste delen av ryggsøyla til toppen av hovudet. Denne energien er ein kroppsleg energi som for dei fleste er ubevisst, men som kan aktiverast ved hjelp av spesielle yoga-teknikkar. Når kundalinienergien stiger heilt til kronechakraet på toppen av hovudet har vedkomande i følgje hinduistisk tradisjon oppnådd Nirvana, ein ideell tilstand av ro, harmoni, fred, stabilitet eller glede.

32

ELD, KRAFT, VATN

er født inn i ei slekt der det alternative har hatt ein naturleg plass. Eg fatta tidleg interesse for det alternative, og søkte frå ung alder etter meininga med livet. Då eg var 16 fekk eg eit par opplevingar der eg kjente at eg kom i kontakt med det guddommelege, og erfarte at kroppen er noko vi berre låner. Det vart eit vendepunkt og ei stadfesting for meg. Erfaringane i ungdomsåra gjorde Silje-Kathrin enno meir nysgjerrig på det alternative, og ho byrja å lese seg opp på tematikken. Etter kvart byrja ho også å praktisere innanfor ulike alternative retningar. – Då eg var 21 år mista eg mor mi, noko som og vart veldig avgjerande for min veg vidare. Eg trur at når ein mistar nokon som står ein så nær så tidleg, så modnast ein fortare på det åndelege plan. Mor mi sa at eg passa til å hjelpe andre menneske, så eg tok etterkvart eit val om å byrje med soneterapi. Då Silje-Kathrin var 27 år starta ho selskapet Ener Chi Helhetsterapi, og opna soneterapisalong i Storgata 11. – Det var eit stort steg, og mykje har skjedd sidan den gongen. Salongen vart etter kvart lagt ned, og Ener Chi Helhetsterapi vart til Kundalinihjertet, med nytt innhald og tilbod. Det heile har vore ein gradvis prosess og ei reise.

Yoga for alle Ei av interessene til Silje-Kathrin som har kome innbyggjarane i Høyanger til gode


JORDNÆR YOGA

Det er viktig å finne balansen i livet. Å vere i god form åndeleg og fysisk er utvilsamt positivt, men det kan ikkje berre vere grønnsaker og yoga heile tida heller. Pils og pizza må vere lov innimellom det også! Det viktige er at ein har det bra med den ein er, og det ein gjer. Silje-Kathrin Hagen trur på det alternative,

men er definitivt også jordnær.

er yogainteressa, som har resultert i ulike typar yogakurs og tilbod dei seinare åra. – Eg tok mi første yoga-utdanning i 2014, men har vore interessert sidan vidaregåande. Ein kan kanskje sei at yogaen er ein litt egoistisk sak, for eg praktiserer mest for min eigen del, men det er klart at det er fantastisk kjekt at andre og kan ha glede og interesse av å bedrive yoga saman med meg. Silje-Kathrin trur vi alle kan ha godt av eit lite friminutt i ein elles stressa kvardag, og det gjeld like mykje for den travle småbornsmora sjølv. Ho har ingen vanskar med å innrømme at ho ikkje lever eit liv i fullstendig i harmoni, så yogaen kjem godt med. – Vi lever i eit hektisk samfunn med mange krav og mykje press, og eg trur mange set pris på det rommet som blir

skapt på yogaen der ein berre har seg sjølv, kan puste djupt, og lytte til kroppen.

Snart enno betre

På nyåret kjem Silje-Kathrin til å løfte yogakunnskapen enno nokre hakk. Eit fire månadar langt intensivkurs for å bli sertifisert Ashtanga yogainstruktør står for tur, noko Silje-Kathrin ser fram til med glede. – Dei inntektene eg har fått frå yogaen går no rett inn i ei vidareutdanning som eg gler meg veldig til å byrje på. Ashtanga er ein litt meir avansert type yoga, men det er veldig nyttig for meg å utvide repertoaret både for min eigen del, og for å utvikle tilbodet eg har i Høyanger. Når eg er ferdig med denne utdanninga kan eg forhåpentlegvis undervise enno betre heim også. Silje-Kathrin har med åra også kome i kontakt med andre som driv innan yoga, og ser nytten i å ha eit nettverk. – Eg samarbeider gjerne med andre når høvet byr seg. Det er veldig lærerikt å møte andre som driv med yoga for å utveksle erfaringar og bli inspirert, og vi har hatt fleire workshops i Høyanger der eg har invitert gjestekurshaldarar. Det skaper ein fin variasjon, og er forhåpentlegvis også noko fleire enn eg set pris på.

OM Gjennom selskapet Kundalinihjertet arrangerer Silje-Kathrin Hagen kurs og samlingar innan fleire yogaretningar i Høyanger. Kundalinihjertet vart etablert i 2005, den gongen under namnet Ener Chi Helhetsterapi. Silje-Kathrin praktiserer også soneterapi, øreakupunktur, kunstterapi og healing, og har deltatt på fleire kurs innan mediumskap og kanalisering.

Nysgjerrig? Besøk kundalinihjertet.wordpress.com eller Kundalinihjertet på Facebook.

Terapautisk kunst Kort fortalt handlar kunstterapi om å nytte kreative og kunstnariske metodar til å uttrykke og handsame følelsar og tankar, og skape ei forbining mellom det bevisste og ubevisste. – Eg har alltid malt, så kunstterapien falt og ganske naturleg for meg. I dag er det mest på hobbybasis at eg driv med dette og anna alternativ behandling då eg har tatt eit val om å satse på yogaen, som eg brenn aller mest for. Eg elskar å male og forsvinn då inn i mi eiga lille verd full av blomar. Innan kunstterapien er det gjerne deltakaren som jobbar med det kunstnariske uttrykket, men Silje-Kathrin maler gjerne og bilde, som kan bli til hjelp for andre. – Eg er opptatt av å formidle autentiske, ekte og spontane uttrykk, utan tanke for kva det skal vere. Det blir gjerne malt mest abstrakte akrylbilder, og desse tilbyr eg og for sal.

Foto: Privat

Silje-Kathrin Hagen er opptatt av å hjelpe andre og seg sjølv med å ha det bra, og eit av verkemidla ho nyttar i den samanhengen er kunstterapi.

Silje-Kathrin maler intuitive bilde frå hjartet, noko som ofte resulterer i abstrakte akrylmaleri og pastellteikningar. ELD, KRAFT, VATN

33


VM I ØSTERSOPNING

MARIA BRENDEHAUG PEDERSEN I KAMPEN OM VM-TITTELEN I ØSTERSOPNING

Avreise frå Bringeland, østerseventyret er i gang!

Maria og pappa Heini utanfor den nyopna restauranten ved Akerselva i Oslo der han er medeigar og kjøkkensjef. Heini opnar sjølv østers, har vunne NM, og delteke på VM fleire gongar.

Før konkurransen på laurdag er det flaggparade gjennom byen og til festivalteltet. Amerikanske Business Insider var veldig interessert i å snakke med den einaste kvinnelege deltakaren.

34

ELD, KRAFT, VATN

Maria utanfor hotellet The Ardilaun i Galway. Her var det så fancy at det var skummelt å vise seg i dongeribukser.

Hanskar og tape beskyttar mot gnagsår og kutt frå dei skarpe østersane. Det er veldig viktig å ikkje få blodspor på skjella, for det gir trekk i poeng.

På veg ned mot festivalteltet (i bakgrunnen), eller marqueen, der arrangementet var.

Under festivalen blir det sjølvsagt servert østers i haugevis, noko som gir eit fint høve til å varme opp. For Maria er dette særleg viktig, som berre opnar østers eit par gongar i året.


VM I ØSTERSOPNING Foto: Linn Bente Grimsmo

Vi var med Maria Brendehaug Petersen då ho deltok i VM i Østersopning i Galway under den 66. Galway International Oyster and Seafood Festival 22. - 24. september i år. Her konkurrerte deltakarar frå 22 land om VM-tittelen. Maria er einaste kvinnelege deltakar, og ho har vore tilstade på VM i østersøopning nesten kvart år sidan ho var ni.

Den irske nasjonale tevlinga fredag kveld. Maria og dei andre deltakarane følger spent med.

Heatet til Maria er i gang. Målet er å opne 30 østers og presentere dei som på ein restaurant på kortast mogleg tid, utan kutt i østersen.

Maria kom på 18. plass i år, med tida 5.14 (ca. 2 min saktare enn rekorden hennar). Ho vann likevel pris for beste presentasjon, og premien var i følgje Maria sjølv, «ein stygg båt».

Maria og bestevenen Michael Moran, som kom på 3. plass i den irske tevlinga. Her snakkar han med mor til Maria om korleis konkurransen gjekk.

Sliten tilbake på Bringeland etter ei lang og fin helg med «østersfamilien».

ELD, KRAFT, VATN

35


ANNONSER

r 20 å

0 -2 98 19

18

YTRE SOGN FYLLER 20 ÅR I 2018 Vil du ha kortreiste, berekraftige og kvalitetssikra nyhende - då bør du lese lokalavisa! I 2018 har Ytre Sogn vore i drift i 20 år og vi er stolt og kry av våre dyktige medarbeidarar som står på for at akkurat du skal kunne lese relevante nyhende og kjært og nært reportasjestoff frå din heimstad. Dette er viktig for oss!

Enkelte ting har evig liv. Akkurat som bildet av Marilyn på Manhattan. Akkurat som aluminium, som kan gjenvinnes og få nytt liv som nye produkter. Akkurat som Hydro. Vi har fornyet vår virksomhet i 107 år. Og vi vet at det nettopp er viljen til å skape forandring som holder deg ung.

Vi håpar vi får deg med vidare på laget og ta gjerne kontakt med oss for eit godt jubileumstilbod! TYSDAG 5. DESEMBER 2017

TYSDAG 5. DESEMBER 2017

Store og små samla til julegateopning 8

anne-lene@ytresogn.no

Nissen og medhjelparane hans

hadde med små forundringsposar

9

May Britt Eide

may.britt.eide@ytresogn.no

Fredag kveld inviterte nemleg 7. klassingane i Vadheim alle som ville til førjulskos med peparkakepynting på skulen, og ikkje lenge etter at dørene opna byrja det å fylle seg opp rundt borda i dei julepynta klasseromma. – Det er vi og foreldra våre som har laga til førjulskosen. Vanlegvis er det skulen som har slike ting, men så var det nokre av foreldra som fann på at det kunne vere kjekt om ikkje vi også fann på noko, og vi som går i 7. klasse har bestemt kva vi skal gjere, fortel Elias Norevik Gjermundstad, Ariana Rasdal og Oliver Berge Ullebø til Ytre Sogn. Dei fortel at dei hadde eit møte, der programmet for kvelden vart bestemt. – Vi fann ut at vi skulle bake Madeleine Hellebust (f.v.), Ellen Kristin Kjos Hellebust, Luqman Kilkawi peparkakehus på førehand, som og Dilyar Kilkawi med dei ferdigpynta peparkakehusa sine. folk kjøpte og pynta når dei kom lag og kose seg, pynte hus, og gå i – Stressande, seier Elias. hit, forklarar Ariana. nokre av dei som har funne vegen kaféen og få seg julekaker, kaffi og Madeleine har derimot tru på – Men koseleg, legg Ariana til, til – Så er alle med i konkurranse saft. skulen. Rundt eit bord sit Made- nissen og får samtykkjande nikk frå dei to i pipa skal gjere utslaget. om å lage det mest kreative huset, leine Hellebust, saman med mamI alle rom var det også laga til andre. – Kva tykkjer de om å ha slik seier Oliver. ma Ellen Kristin Kjos Hellebust. med knitrande peis på store lerret, førjulskos? – Og kva seier dei som har kom- Ved – Kor mange peparkakehus og sidan av sit Dilyar Kilkawi, i bakgrunnen var det julemu- me? – Kjempebra, kjem det frå begvart det? saman med pappa Luqman Kilkasikk. ge. – Vi har ikkje spurt dei enno. wi. – 37 totalt, og då trur eg alle er Dei er nesten – Og så skal vi synge julesongar Men – Og kva er det beste? det virkar som om dei tykkjer peparkakehus, ferdige med sine kjøpt, svarar Elias. for dei, fortel Elias, Ariana og Olisom begge er dekka – Å leike og synge, svarar ho. det er kjekt, dei også, svarar dei tre med melisglasur, og rikeleg med ver. Dilyar er samd. 7.klassingane. Knitrande peis godteri. Det er første gang dei har ei slik – Og å pynte peparkakehus, Elevane hadde også pynta romma tilstelling – Det må vere masse pynt, seier som Nøgde gjester vi får med oss heim etterpå, på førehand, slik at folk kunne sitje i Dilyar, og håpar det skal gi han – Korleis har det vore å lage til? seier han. Det siste blir også stadfesta av sigeren i konkurransen.

Anne-Lene Hansen

Iført raude klede og lykter gjekk frå nissetoget med foreldre og born kaia og opp til Bytorget i Høyanger spela sentrum der musikantane som kjende og kjære julesongar I «Glade Jul» og «Bjelleklang». og tillegg til smaken av gløgg peparkaker vart julestemninga tend total då lysa på julegrana vart av ordførar Petter Sortland. – Det er ei stor ære og glede for meg å få oppdraget med å tenne vil julegrana her i Høyanger. Eg dei takke handelsstanden for alt ein gjer for at Høyanger skal vere og attraktiv plass å bu, leve, handle året, ha opplevingar i løpet av heile sa han i talen sin. For dei aller yngste var det nok av ikkje julemusikken og tenninga julegrana som var mest spennande store denne ettermiddagen. Det på nissen «Kjem nok spørsmålet var han, vitjing i år og?» Og det gjorde stoog hadde sjølvsagt med seg den av re sekken sin. Saman med to små medhjelparane sine delte han ut køen forundringsposar til den lange av glade og forventningsfulle born.

Elevane inviterte til førjulskos

– Det ser ut som om folk kosar seg, konstaterer Elias Norevik Gjermundstad, Ariana Rasdal og Oliver Berge Ullebø.

Med nissetog og tenning av julegrana til tonar av kjend og kjær julemusikk var store og små samla til den årlege julegateopninga i Høyanger sentrum laurdag ettermiddag.

til alle borna.

7.klassingane i Vadheim inviterte til førjulskos på skulen. Framme f.v.: Oliver Berge bø og Elias Norevik Gjermundstad. Bak UlleLutzke, Silje Avsnes og Ariana Rasdal. f.v.: Sander Jarstad, Julian Årseth Birkaas, Eva

Musikantane sørga for god stemning

med kjende og kjære julesongar.

Med grana tent har førjulsstemninga

7

No flyttar dei unge heim FREDAG 1. DESEMBER 2017

meir optimisme på Høyan– Det følest som om det no er lenge. Bedrifter veks og ger sørside enn det har vore på og leilegheiter, og mange treng folk, det vert bygd hus Merkesvik Ådland. unge flyttar hit, seier Camilla i sommar, med manSjølv kom ho tilbake til heimbygda etter kom venneLike nen Ole og borna Joel og Anna. Warvik, og har paret John Eivind og Thea Elisabeth vesle bygda på i den med det bidrege til at folketalet fleire prosent. Høyanger sørside har auka med

Elevane underheld med julesongar, i lag med kontaktlærar Marte Kristine Nordheim Grønvold, og hausta stor applaus.

– Det å klippe den fint til tykfortel føremiddag. Til Ytre Sogn vanskeleg. ho kjer eg kan vere litt biblioteksjef Ylva Seljenes at julepynt på at så Men vi har laga ein del fått tykkjer det er utruleg kjekt skulen den siste tida, så eg har mange kjem til juleverkstaden deira. øvd meg litt. Når eg er ferdig med – Om dei ønskjer det kan dei fargei å klippe engelen ut skal eg enkelt. henge opp julepynten dei har laga med leggje den, og det er ganske juletreet inne i samfunnshuset fargen eg trek- Men først må eg finne namnet sitt på, og vere med i eg ikkje Sel- skal bruke, og det har ning om fine gevinstar, fortel bestemt enno, fortel ho. jenes. Under juleverkstaden fekk bori Ei av dei som sat rundt bordet Anne-Lene Hansen na også høyre utdrag frå boka «Jul anne-lene@ytresogn.no var åtte år gamle Leona Vadheim svingen» som dei fleste kjenner frå papir Ødegård, som med saks og årets julekalender på NRK. Etterpå held på å klippe til ein engel. gjekk turen inn i kinosalen, til gratis Rundt bord fylt opp med sakser, – Er det vanskeleg å lage ein born framsyning av «Jul i Nisseland». lim og fargeblyantar var mange slik engel? samla til juleverkstaden laurdag

I budsjettforslaget frå administrasjonen er det førslått kutt på desse skulane:

tok t.v.) var ein av mange born som Leona Vadheim Ødegård (framme, Høyanger bibliotek. turen til årets juleverkstad på

Marte Kristine Nordheim Grønvold (t.v.)

fekk julekalender i gåve frå elevane sine.

Mellombels tilsette

Frå administrasjonen er det understreka at ingen vil bli oppsagte.

– Det er sagt at det vil skje ved • Høyanger skule: 3 årsverk at dei som er tilsette i mellombelse • Vadheim skule: 1,5 årsverk stillingar ikkje vil få kontrakten • Lavik skule: 0,5 årsverk fornya, noko vi meiner er uheldig • Bjordal skule: 0,5 årsverk fordi det blant anna vil råke unge, • Norsksenteret: 6 årsverk nyutdanna lærarar – gjerne i etableringsfasen ─ som kan bli tvung– Dette er dramatisk, og vil gå ne til å flytte på seg. Det er ikkje utover drifta og elevane på alle noko vi ønskjer, seier James. skulane våre, seier Thomas M. Han viser til at det i forslaget til James, hovudtillitsvald i Utdanbudsjett står at «...sjølv etter redukningsforbundet Høyanger, til Ytre sjon av lærarårsverk i 2018, vil Sogn. lærartettleiken i kommunen vere god samanlikna med andre komStore konsekvensar munar i fylket». I eit skriv dei no har sendt til – For å få til eit godt psykososikommunen, peikar dei på nokre av alt miljø og gode resultat på skulakonsekvensane dei meiner det får: ne vil ikkje • Mindre pedagogisk-deling på oppretthaldeein reduksjon bidra til å dei gode rutinane alle skular i kommunen. som er på skulane våre. Pedagoga• Elevar i «gråsona» vil få eit ne er opptekne av elevane våre og dårlegare tilbod. læretettleiken må haldast stabil for • Lærarar i mellombelsstilling at assistentar, lærarar og andre på med nøkkelkompetanse vil ikkje få skulane våre skal kunne opprettfornya kontrakt. halde eit godt system som er bygd • Uro for elevar og lærarar når opp over fleire år, seier James . dei tilsette blir flytta frå skule til Han trekk også fram det gode skule, også midt i eit skuleår. God læringsmiljøet som skulane i Sogn undervisning er blant anna avhenog Fjordane er kjende for, blant gig av gode relasjonar mellom elev anna med tette lærar-elev-relasjoog lærar. Det tek tid å bygge relanar som gir eit mykje betre sjonar. Flytting av personale midt i utgangspunkt for læring. eit skuleår er med andre ord ikkje – Er dette noko Høyanger komgunstig. mune vil byggje ned? spør han. • Mindre ressursar på skulane Thomas M. James, hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet Høyanger, til tidleg innsats. Pengar frå fondet kallar administrasjonen sine kuttforslag dramatiske. • Redusert lærartettleik. Han oppmodar politikarane • Ved sjukdom og anna fråvær som no skal handsame kommunen bidrege vert det vanskligare å få tak i kvalimed siste åra gjennom inn- 2018-budsjettet sitt 2018-budsjett om i staden å ta i møte i dag tysdag sparingar. Då bør dei også brukast fiserte vikarar. 5. november, medan kommunestymidlar som er oppspart på fond, og på oss. Tek ein til dømes litt over – Men dette er berre nokre av dermed ret gjer endeleg vedtak i møte den unngå dei største kutta. fire millionar kroner herifrå, betyr konsekvensane, seier James. 19. desember. – Dette er pengar som også opp- det 5-6 stillingar, seier James. Han peikar på at det allereie i vekst, tenesteområdet vårt, har Formannskapet handsamar

Formannskapet har teke dagsentertilbodet ved Eiklund inn att i sitt forslag til 2018-budsjett for Hyllestad kommune.

– I tillegg til høgtlesing frå boka «Jul i svingen», skal borna lage sin eigen julepynt her på juleverkstaden vår, sa biblioteksjef i Høyanger Ylva Seljenes til Ytre Sogn.

reie no, er ein naturleg negativ konsekvens at tilbodet til elevane våre vil bli dårlegare, seier han.

May Britt Eide

may.britt.eide@ytresogn.no

Dagsentertilbodet inne att i budsjettet

igjen kome til Bytorget i Høyanger.

Juleverkstad for dei minste

www.hydro.com

TYSDAG 5. DESEMBER 2017

Kuttforslag vil få store konsekvenser

Utdanningsforbundet i 2017 er kutta i talet på pedagogar Høyanger ser med stor uro med seks årsverk. Samstundes vil på kutta som er føreslått elevtala frå 2017 til 2018 stort sett på skulane i kommunen i vere uendra. – Når det føreslått nye kutt alleneste års budsjett.

www.ytresogn.no Fire stolte jenter viser fram peparkakehusa dei har pynta. F.v. Eyjan Hannan (f.v.), Norevik Gjermundstad, Aydél Hannan Tiril og Tara Årseth Birkaas.

May Britt Eide

may.britt.eide@ytresogn.no

til med frukost på avdelingane. Utrekningar viser at nedlegging av tilbodet frå 2018 vil kunne gje kommunen ei innsparing på rundt 210.000 kroner i året. Men det vil ikkje formannskapet vere med på.

mat, slik administrasjonen også føreslo.

Dei tilrår også at ordføraren si godtgjerdsle ikkje skal bli redusert til 80 prosent, men framleis vere

100 prosent. Kommunestyret skal vedta 2018-budsjett i møte 14. desember.

Tek ned stilling

I møtet torsdag i førre veke kom partia Sp, H og Ap med framlegg I si tilråding føreslo nemleg om at ramma til Plan og utvikling administrasjonen å ta ut det som er vert redusert med 700.000 kroner, eit gratistilbod ved Eiklund, som ved å ta ned ei stilling innan planhar vore ope to dagar i veka for arbeid. Dei midlane skal brukast til brukarar både i og utanfor instituå dekkje tilbodet om dagsenter og sjonen i Sørbøvåg. aktivitør som i dag, er tilrådinga Dagsenteret tilbyr aktivitetar og deira. sosialt samvær for brukarane, og Formannskapet vil heller ikkje aktivitøren som har ansvaret for gjennomføre endringar på kjøkedet har også hatt i oppgåve å hjelpe net på Eiklund, eller utkøyring av

Vi i Finurlig har og dugeleg med kraft, både i form av strategisk tankekraft, og kreative superkrefter! Ta kontakt, og la oss skape kraftfulle løysingar for deg og di verksemd. 977 71 113

@finurligkommunikasjon

smart kommunikasjon

36

ELD, KRAFT, VATN

Dokumentarfilm om Kjartan Lauritzen Formannskapet i Balestrand har gjort vedtak om at kommunen løyver inntil 25.000 kroner frå næringsfondet til Kleive Media sin dokumentarfilm om artisten Kjartan Lauritzen - aka Per Àki Sigurdsson Kvikne Rainer Kleive er frå Balestrand, men er for tida busett i Oslo der han jobbar som fotograf og produsent. Gjennom dei siste åra har han følgt karrieren til Kvikne og har no nok materiale til å lage ein dokumentarfilm om denne, går det fram av saksutgreiinga til formannskapet. Dei føreset at filmen blir vist fram i Balestrand, og at støtta frå kommunen blir gjort kjend i filmen. Utbetaling blir gjort ved framlegging av dokumenterte kostnader, samt ein kort rapport over det omsøkte arbeidet. Tilskotet står ved lag i tre år frå vedtaksdato. Formannskapet sitt vedtak er samrøystes.

Feil etternamn Høyanger kommune kom til å oppgje feil etternamn på ein av søkjarane til stillinga som rådmann. Det rette skal vere Helga Irene Ellingsen, 48 år, helse og omsorgsleiar med bustadkommune Gulen. Kommunen seier seg leie for feilen.

100.000 kr til flyhangar

Eit samrøystes formannskap tilrår at Balestrand kommune set av 100.000 kroner frå kraftfond I til å delta i finansiering av hangar på Sogndal Lufthamn Haukåsen. Rådmannen får fullmakt til å godkjenne vilkår for utbetaling av tilskotet

- di lokalavis! Hyllestad rådhus.

I dette magasinet kan du blant anna lese om elektrisk kraft, dugnadskraft, muskelkraft, hestekrefter, tankekraft og skaparkraft....

post@finurlig.no

3

Trafikkulykke i Bjordal

To personar i 40-åra vart skadde i ei trafikkulykke på fv 8 i Bjordal på Høyanger sørside laurdag kveld. Berre éin bil var involvert i ulykka, som skjedde i 21-tida om kvelden. Ifølgje politiet framsto mannen som forvirra, og fortalde at det også var ei kvinne i bilen. Men då politiet ikkje fann ho, vart det sett i gang leiteaksjon. Ho vart imidlertid funne eit stykke unna, nærmare klokka 23. Mannen vart floge til Førde sentralsjukehus med luftambulanse, medan kvinna vart sendt til legevakt i Førde med ambulansebil.


GJESTESKRIBENT - SILJE FJÆREN

GJESTESKRIBENT

Mitt eget lille fristed

- Motivasjon til å glede, skape, dele og inspirere.

Har du noen gang tenkt over hva det er som driver akkurat deg? Hva som får deg til å gi det lille ekstra på skolen, fotballbanen eller på jobben? Hva eller kanskje hvem det er som motiverer deg til å stå på og ikke gi opp? Er det gleden av et godt resultat, eller er det kanskje gleden av å se andres lykke? Alle disse spørsmålene har vrimlet rundt i hodet mitt den siste tiden, for hva er det egentlig som gir meg drivkraft? Jeg har alltid vært glad i å skape, skape noe som er mitt og noe jeg kan være stolt og fornøyd med – og da spesielt via tekst, bilder og video. Og på grunn av dette bestemte jeg meg for å opprette min egen blogg, en plass der jeg kunne formidle og dele mine tanker på den måten jeg selv ville. Jeg husker at jeg var livredd første gang jeg skulle trykke på ”publiser-knappen”, for

tenk om folk ikke ville like det jeg skapte? Hva om jeg ikke var flink nok? Jeg telte til tre like mange ganger som om jeg skulle telt til hundre, men til slutt satt jeg der med en tekst, et bilde og en blogg som var tilgjengelig for absolutt alle. Det kriblet i magen og jeg var svett i pannen, men samtidig kjente jeg på en stor glede, eller kanskje rettere sagt, min egen drivkraft. Det tok ikke mange timene før jeg igjen satt fremfor dataen med tanker, ideer og motivasjon. Motivasjon for å glede, skape, dele og inspirere. Min drivkraft ligger i akkurat det, å glede, skape, dele og inspirere. At jeg med en tekst og noen bilder kan sette et smil om munnen til et annet menneske, at jeg kan inspirere noen til å tørre noe de ikke trodde de skulle tørre, at jeg kan dele erfaringer med både vonde og gode opplevelser og ikke minst at jeg kan skape noe som er

Silje Fjæren (22) er født og oppvaksen i Høyanger. Ho har i seinare år budd i Sogndal og i Spania, og er er kjent for bloggen ho skriv for nettmagasinet Femelle.no. Sjekk gjerne ut bloggen på: www.siljefjaren.femelle.no

mitt. Bloggen har blitt mitt eget lille fristed hvor jeg kan skape akkurat det jeg vil og om det skal handle om et antrekk, noe jeg har opplevd, tips eller noe langt mer viktig er helt opp til meg selv. Jeg kan bruke stemmen og drivkraften min til akkurat det jeg har lyst til, og det er en utrolig deilig følelse. Drivkraft kan bety så mangt og dette er forskjellig fra person til person. Men om du nå sitter og lurer på hva som er akkurat din drivkraft, kan du tenke tilbake til sist gang det kriblet i magen din og det kom svette fra pannen, men at du også kjente på en god følelse som fikk deg til å fortsette. En følelse som til tross for alt, fikk deg til å gjøre det igjen og igjen. En følelse av drivkraft.

Foto: Privat

ELD, KRAFT, VATN

37


Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

MED HJARTE OG SJEL FOR MUSIKKEN

Med Fagforeningens Musikklag er nesten like gammalt som Høyanger sjølv. Gjennom 95 år har korpset skapt lydbildet til industribygda.

38

ELD, KRAFT, VATN

HJARTE og SJEL for musikken

Få kulturinstitusjonar har like masse å sei for den lokale identiteten som korpset, og få korps er like innvevd i bygda si som Fagforeningens Musikklag i Høyanger. Sidan 10. april 1923 har dei vore med på stort og smått av arrangement og dagar, og sett lokalsamfunnet dei er del av gå igjennom både opp- og nedturar. Medlemstalet og aktiviteten i korpset har og variert gjennom snart hundre år, men no ved inngangen til jubileumsåret 2018 har dei fått ei solid vitamininnsprøyting i form av sju nye medlemmer. Leiar Gry Sissel Sagen er godt nøgd med den formidable oppsvingen. – No tel vi 25 musikantar, og vi merkar god effekt av dei nye som har kome til både musikalsk og sosialt. Nyrekruteringa er vel ein kombinasjon av at vi har jobba aktivt med å få inn nye medlemmer, samt litt tilfeldig flaks. Nokre av dei nye kjem frå skulemusikken, og nokre kjem frå korps som har blitt lagt ned i nabokommunane våre. Blant dei nye medlemmene finn vi Sigrid Kvamme og Camilla Ueland som begge og spelar i Høyanger skulemusikk. Dei trivst i det tradisjonsrike korpset. – I Fagforeningens Musikklag får vi utfordringar å strekke oss etter. Vi er fleire

her enn i skulemusikken, og spelar meir avansert musikk. Det er kjekt å få prøvd ut evnene sine på dette nivået, og få høve til å vere del av ein større korpsfellesskap. Korpsdeltakinga er ein av fleire fritidsaktivittar for dei to tenåringane, og Camilla set pris på å ha tilgang til eit variert fritidstilbod. – Eg spelar og med Førde Musikklag og er aktiv innan fotball og handball, men det å spele i fagforeningen gir noko heilt eige. Det er ei glede og ein ro i det å sitte her saman med dei andre og skape musikk saman. Her koplar vi ut frå verda rundt, og er ei kort stund inne i ei lita korpsboble, før vi returnerer til kvardagens syslar. Dei to nykomarane gir og mykje skryt til medmusikantane sine, og har berre gode ord å sei om måten dei har blitt tatt imot på. – Det er ein kjempetrivelig gjeng å spele saman med, og dei tar alle godt vare på oss som er ferske. Det er mykje erfaring å støtte seg på her for oss som er litt yngre.

Konstant travelt Fagforeningens Musikklag er eit kronisk travelt korps som er involvert i faste aktivitetar året rundt, i tillegg til å delta på


MED HJARTE OG SJEL FOR MUSIKKEN

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Starten på det heile Fagforeningens Hornmusikk (seinare Fagforeningens Musikklag) vart til grunna eit sterkt savn av musikk på 1. og 17. mai i Høyanger. Initativet vart tatt av Henrik Lundin, og 13 instrument vart kjøpt inn etter ein vellukka innsamlingsaksjon. Svært få av dei opprinnelege korpsmedlemmene hadde erfaring med behandling av instrument og notelesing. Men dei var ivrige i virket, og debuterte alt 1. mai 1923 på ein fest på Folkets Hus med «Ja vi elsker» og «At far min kunne gjera». Tre år etter tok og hornmusikken initiativ til å danne Høyanger skulemusikk, for å sikre rekrutteringa. Skulemusikken arva då dei gamle instrumenta, og Fagforeningens Hornmusikk kjøpte seg nye. I glansdagane på 30-talet spelte korpset konsertar kvar veke på posthustrappa, og seinare i musikkpaviliongen i Høyanger sentrum.

KORPS I HØYANGER KOMMUNE Lavik Skulemusikk Vadheim Skulemusikk Kyrkjebø Skule og Ungdomskorps Høyanger Skulemusikk Fjordbrass Lavik Fagforeningens Musikklag Vadheim Musikklag God gammal årgang: Fagforeningens Hornmusikk i 1924. Bakerste rekke fra venstre: Peder Pedersen, Folke Forsberg, Sverre Sunde. Midterste rekke fra venstre: Karl Olsen, Andreas Haugen, Asbjørn Navestad, Thorstein Olsen. Forreste rekke fra venstre: Henrik Lundin, Oscar Pedersen, Harald Sagen, Hans Rambech, Holger Forsberg, Per Buue, Jan Haugen. Foran: Dirigent Odd Haugen.

spesielle arrangement som dukkar opp frå tid til annan. – På vinteren har vi julegateopning og julekonsert. På våren er speling 1. og 17. mai fast på programmet. På sommaren pleier vi å vere med på songen- og musikkens dag, og på hausten er det også fast å spele ein konsert. Vi har og pleidd å reise ein del på turar, sjølv om det har blitt sjeldnare dei siste åra, men i samband med 100-års jubileet til Norges Musikkorps Forbund

neste år har vi bestemt oss for å reise ein tur til Bergen og landsstemne der til sommaren. Julekonserten i kyrkja i Høyanger er eit av dei mest tradisjonsrike arrangementa for korpset, som har vore med sidan NACo arrangerte den første konserten då kyrkja var nybygd i 1960. Seks år etter tok fagforeningen over ansvaret for heile konserten, og slik har det vore sidan. Men Fagforeningens Musikklag er ikkje berre eit travelt korps, dei er og eit variert

KORPSHOVUDSTADEN LAVIK? Med mange korps i kommunen blir det og mange jubileum å feire. I 2016 markerte Lavik skulemusikk sitt 50-årsjubileum, eit korps som mellom anna har utmerka seg med å ta NM-gull. Lavik er og kjent for Fjordbrass, eit amatørkorps stifta i 1997, som dermed feira sine første 20 år i år.

ELD, KRAFT, VATN

39


Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

MED HJARTE OG SJEL FOR MUSIKKEN

Unge talent: Sigrid Kvamme (16) og Camilla Ueland (18) er dei yngste medlemmene i Fagforeningens Musikklag. Dei har fått god opplæring i skulemusikken.

Foto: Norges Musikkorps Forbund

ensemble, som handterer nær sagt alle typar repertoar i spennvidda frå popmusikk til klassiske stykke. – Vi spelar alt frå ABBA og Blues Brothers via storband til klassisk musikk og meir tradisjonell korpsmusikk. Det er kjekt å kunne variere litt, så vi ikkje går lei av ein sjanger eller stilretning.

Rik historie, rik notid Fram til 1970-talet var det berre mannlege musikantar i Fagforeningens Musikklag, då det å spele i korps vart sett på som mannfolkarbeid. I dag er det damene som er i fleirtal, og korpset har blitt ein slags smeltedigel der faktorar som alder og bakgrunn ikkje spelar nokon rolle. – Vi har medlemmer frå 16 til 82 år, så dette er ein av få fritidsaktivitetar der det verkeleg er eit møte mellom alle generasjonane. Breidda gjenspeglar seg og på konsertane, med eit publikum utstyrt med alt frå barnevogn til rulator. Det er inga tvil om at Fagforeningens Musikklag har både ein brei og ein sterk posisjon i Høyanger. – Vi er særs takksame for det lojale publikummet vi har som møter på konsertane, og som gir oss mange positive 40

ELD, KRAFT, VATN

tilbakemeldingar som får oss til å føle at vi blir satt pris på.

Jubileumsår Med 100-års jubileum for Norges Musikkorps Forbund og 95 år for Fagforeningens Musikklag i 2018 blir neste år eit ekstra spesielt eit for korpset i Høyanger. Året skal markerast på fleire måtar, også med ein eigen jubileumskonsert og utstilling. – Jubileumskonserten blir i løpet av april, og i samband med den vil vi også opne ei utstilling i Høyanger samfunnshus. Vi har ein komité som arbeider med denne no. Der vil det bli vist fram bilete, instrument, uniformer, notar, og ymse anna som har ei tilknyting til korpset si historie. Fagforeningens Musikklag vil også lokalt vere med å markere jubileet til det nasjonale forbundet. – Det blir sannsynlegvis eit fellesarrangement for alle dei sju korpsa i kommunen i september, men dette er såpass langt fram i tid at vi har ikkje fått planlagt det skikkelig enno.

FILMSTJERNER Fagforeningens Musikklag i Høyanger er eitt av åtte korps i landet som er med i den nye promoteringsfilmen til Norges Musikkorps Forbund, som har blitt laga i samband med 100-årsjubileet. Korpset frå Høyanger representerer regionen Nordvest i landsforbundet, som omfattar Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og som består av i alt 217 korps. I filmen er Fagforeningens Musikklag samla på Gaularfjellet der dei framfører stykket «Luring», spesialkomponert til filmen. På grunn av vanskelege opptaksforhold og synkronisering mellom korpsa er det ei innspeling av Forsvarets Stabsmusikkorps ein vil høyre på filmen.


MED HJARTE OG SJEL FOR MUSIKKEN

Jason «Mr. Korps» Burn Jason Burn dirigerer for tida ikkje mindre enn sju ulike korps i Ytre Sogn og Sunnfjord. Eit av dei er Fagforeningens Musikklag, eit korps han også har dirigert ved to tidlegare høve. – Eg vaks praktisk talt opp i Frelsesarmeen og musikktradisjonen der. Bestefar min dirigerte det lokale korpset i 50 år, før far min tok over og dirigerte det i nye 25 år. Så det låg vel litt i korta at det skulle bli korpsdirigent av meg og. Far min døydde faktisk under ein konsert han dirigerte av hjertestans, så i min familie har vi både levd og døydd for korpsmusikken. Med sju korps i den noverande portefølja er den Vadheimbusatte dirigenten særs travel. – Det går mange kveldar og helger, og nokre dagar er det korps frå tidleg morgon til seint på kveld. Det er klart det kan vere slitsamt, og det er ikkje alle dagar at motivasjonen er på topp, men det er no ein gong dette eg kan her i livet. Eg har visst med meg sjølv sidan eg var åtte år at eg skulle spele trombone og dirigere. Burn fortel om ein oppvekst som «klassens klovn», og at han har brukt evna til å underhalde også i sitt profesjonelle virke. – Det er nok ikkje alle som veit at eg eigentleg er ein ganske stille og reservert person, men når eg kjem inn i eit øvings- eller konsertlokale går eg inn i ei rolle, og har ingen problem med å slå på ei myndig dirigentrolle, eller bli ein entertainer på konsert.

Psykologevner Jason Burn er ein dirigent som krev orden og disiplin under øving, men det er og rom for latter. – Eg har eit mål om at korpsmusikantane skal ha eit smil om munnen når dei går frå øving, for då er det størst sjans for at dei kjem tilbake neste gong. Det er viktig å hugse på at dette er hobbyen til folk, og då må ein ha det moro. Men det er og viktig å halde god struktur, så øvingane blir så effektive som mogleg. Burn er bevisst på at rolla han har som musikalsk leiar kan påverke musikantane som per-

sonar, og at han og må ha visse psykologevner for å vere ein god dirigent. – Eg møter utruleg mange ulike typar menneske i denne jobben og må heile tida passe på å behandle folk på ein måte som får ut deira potensial som musikantar best mogleg, utan å risikere å såre dei eller presse dei for hardt. Det handlar om å utvikle personar, ikkje berre musikarar, og eg håper at dette er ein del av yrket der eg har nokre gode eigenskapar. Eg har fått tilbakemeldingar på at folk har byrja i korps eg dirigerer fordi eg er dirigent, noko eg tar som ei stor tillitserklæring.

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Eg har ein veldig synleg jobb, noko som kan vere utfordrande til tider. Om nokon til dømes ikkje er nøgd med ein konsert, får eg garantert høyre det. Jason Burn kunne klart seg utan kritikken frå betrevitarar

Glede og meistringsfølelse Noko av det som gir Jason Burn størst motivasjon i arbeidet er når unge korpsmusikantar finn glede og meistringsfølelse i musikken. – Det har blitt krevjande å halde dei unge i «now» generasjonen motiverte til å bruke time på time til å øve og terpe så dei får dei ferdigheitene ein treng for å bli ein habil korpsmusikar. Men nokre gonger treffer ein dei som verkeleg har talent, og som legg ein skikkelig innsats i det fordi musikken gir så mykje tilbake. Ein kan i visse tilfelle sjå at det nærast har blitt slått på eit lys i hovudet på dei der det heile plutselig gir meining, og det er opplevingar som gir meg eit massivt løft. Eit anna moment som gir motivasjon til å bruke livet på korps er støtteapparata han har rundt seg som dirigent. – Det er stor forskjell på om eg har eit styre eller ein administrasjon rundt meg som hjelper til og som eg kan spele ball med eller ikkje. Der må eg faktisk gi ein ekstra stor honnør til Vassenden skulemusikk, og gjengen der. På Vassenden blir det frå skulen si side lagt utruleg godt til rette for korpset, og elevane blir oppmuntra til å spele. Når eg nærast dagleg ser kva musikken kan gjere med liva til folk, synst eg det er fantastisk å sjå eit skuleverk som så aktivt jobbar for å rekruttere og stimulere elevar til eit tilvære som korpsmusikantar.

ELD, KRAFT, VATN

41


KULTURSJEFEN HAR ORDET

Anita Nordheim Kultursjef

Kulturfeltet er eit felt med mykje kraft i seg. Her finner vi eldsjeler som brenner for det dei driv med, og opplevingar og uttrykk med kraft nok til å styrke både lokalidentitet og sjølvfølelse. Vi har 120 lag og organisasjonar i Høyanger som fyller kommunen med liv og aktivitet, og i tillegg til desse finst det mange grupper og einskildpersonar som arbeider med kultur på ulike nivå. Innsatsen dei legg ned samlar oss, og lar oss oppleve i fellesskap. Det er gjennom samarbeid mellom fleire gode krefter at ein kan oppnå mest, og vi i kommunen ønskjer å vere ein aktiv støttespelar på kulturfeltet. Men vi er avhengige av at dere som innbyggjarar tar initiativ. Vi ønskjer og trenger tilbakemeldingar på kva dere vil at vi i kommunen skal gjere og prioritere, og på dette området er vi heldig stilt i Høyanger. Det manglar ikkje på gode innspel og idéar! Det er eit luksusproblem å måtte velje ut kva som skal prioriterast frå kommunen si side, og vi har som mål å få så mykje kultur ut av kvar krone som mogleg.

Vi har gjennom mange år arbeida med bevaring av kulturminner i kommunen, eit arbeid som også har blitt prioritert med løyvingar over budsjetta. Eit av resultata frå dette arbeidet vil bli restaureringa av Byporten, og e i realisering av eit Gunnar S. galleri der. Renoveringsarbeidet er alt godt i gong, og galleriet vil opne dørene i løpet av 2018. Det er takka vere gode krefter både internt i kommunen og frå aktørar som Høyanger Kunstlag at vi no er i stand til å både gjere eit viktig løft for eit viktig signalbygg i Høyanger, samstundes som vi får på plass eit særs etterlengta galleri med innhald knytt til vår verdskjente kunstnar. Eit Gunnar S. galleri vil skape identitet og kultur for fastbuande og besøkande, både no og i framtida. Høyanger kommune har dei seinare åra også markert seg som arena for fleire store kulturarrangement, og våren 2018 vil fylkesfinalen i UKM returnere etter suksessamlinga i 2017. Dette blir eit høgdepunkt på kalenderen, og er eit godt døme på korleis ei lokal verksemd også kan spele ei viktig rolle som kulturgenerator. 2018 vil også bli prega av fleire korpsjubileum, og av at kulturskulen feirar 40 år. Kultur handlar om menneske, og Høyanger har dei seinare åra fostra fleire unike talent som utmerker seg innan felt som sport, musikk og litteratur. I boka «50 idrettsheltar frå Sogn og Fjorda-

42

ELD, KRAFT, VATN

ne» representerer Siri Nordeide Grønli og Even Hovland kommunen vår, og på litteratursida slapp Kjersti Wøien Håland nyleg «Kom og hent meg», si fjerde bok på fem år. Dette er unge forbilde og ambassadørar for Høyanger som vi kan vere stolte av, og som viser at det er mogleg å lukkast med sport og kultur, også om ein kjem frå mindre plassar. Det finst kulturaktivitet så og sei i kvar einaste krik og krok av kommunen vår, men kanskje vi kan bli enda flinkare til å dele på kulturen, også innad i kommunen? Det blir gjennom eit år mellom anna arrangert mange konsertar med lokale artistar og korps i dei ulike bygdene dei soknar til, men kva med å reise på ein liten kommunal miniturne? Det skal gjerne ikkje så mykje til å arrangere ein ekstrakonsert ein anna stad i kommunen, men resultatet vil bli dobbelt så mykje kultur til publikum. La oss vere rause med kvarandre i Høyanger kommune, også når det kjem til kulturen.

Foto: Rune Sviggum / Ytre Sogn

Foto: Arnt Magnus Nordheim Grønvold 3. september haldt Maria Amdam frå Razika kurs i musikkbingen i Høyanger. Dette kurset var eit samarbeid mellom kommunen og Brak, eit kompetansesenter for alle som driv med musikk i Hordaland og Sogn og Fjordane.

UKM-sirkuset returnerer til Høyanger våren 2018 med fylkesfinalen. Det er produksjonsselskapet OnCue som står som hovudarrangør for samlinga der 250 talentfulle ungdommar frå heile Sogn og Fjordane møtes for å dele kulturuttrykk.

22. oktober inviterte Kyrkjebø Mållag og Kyrkjebø Sanitetslag til bokkveld på Kyrkjebø skule med forfattar Rune Timberlid. Eit døme på eit av dei mange varierte kulturarrangementa i Høyanger, og eit der kommunen sjølv ikkje er involvert på arrangørsida.


A Y D IL

TARA

RICHA

MATHEA

RD

EIJAN

CELINA

HANS TI RI L I 1. klasse ved Vadheim Skule går det ti elevar, men to av dei var dessverre vekke då vi var på besøk.

SUPERKRAFT

"

Vi var innom elevane i 1. klasse ved Vadheim skule for å diskutere superkrefter. Kva superkrefter kunne dei tenke seg å ha, og kvifor?

Eg skulle ønske at eg kunne bytte hår, for då kunne eg hatt enten kvitt eller blått hår.

"

DET HAD DE VORE KULT Å HA EI SUPERKRAFT SO M LAGDE EI KAKE K VA R DAG.

" "

Eg skulle ønske eg kunne bli usynleg, for då kunne eg ha tatt godteri utan at nokon hadde merka det.

"

"

"

då kunne eg ha reist til Syden eller Tyskland eller Syria eller andre plassar.

E G S KU LLE Ø NSKE AT EG KUNNE TR Y L LE FRAM LA TEPENGAR SÅ A L L E T RU DD E A T EG VAR RI K... ... ELLER KANSKJE DET ER BETRE ME D O RDEN T LIGE PENGAR, SÅ E G F A KT ISK B LI R RI K!

"

EG SKULLE ØNS K E A T E G ønske at eg var HAD DE H A T T supersterk som Pippi, for då kunne eg ha løfta ein L A SE R SYN , F O R DÅ hest, eller eit troll, eller eit fjell, KUNNE E G H A S V IDD eller ein sofa, eller ein stor mann, eller ein lærar. MA TE N OM E G F E K K NOKO TI L MI D DA G S O M E G I KKJE L I KA R , O G DÅ MÅ TTE MA MMA O G P A P P A HA KA S T A DE N . Eg skulle ønske eg kunne fly, for Eg skulle

"

Det hadde vore fint å kunne

"

springe superfort, for då hadde eg ikkje trengt å bli våt om det regnar og vi

Eg skulle ønske at eg kunne bli til ein leopard, for då hadde eg ikkje trengt å bli køyrd til skulen.

skal på butikken.

"

Om nokon er sjenerte vil dei kanskje ønske at dei kunne lese andre sine tankar, for då

Eg skulle ønske at eg hadde ei superkraft som fekk mamma til å slutte å mase sånn.

slepp dei å snakke med folk.

ELD, KRAFT, VATN

43


Eld, Kraft, Vatn 2017 © Finurlig AS

Eld, Kraft, Vatn 4  
Eld, Kraft, Vatn 4  

Eit magasin med historier frå Høyanger kommune.