Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

Page 25

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 25

«Clara,» sa ho. «Korleis har det seg at du er her?» Eg forklarte så godt eg kunne – om tante Isa og dei andre, at dei berre låg der og var heilt stive, og korleis alt hadde skjedd. Thuja lytta med hovudet på skakke, som om det gjorde at ho oppfatta orda betre. «Isa òg?» sa ho då eg var ferdig. «Og Agate Pommerans og … alle dei andre i heksekrinsen? Kva i alle dagar er det som skjer? Det verkar som om nokon er ute etter å ta livet, eller nesten ta livet, av alle villhekser … Den stormen. Det var ein heksestorm. Han var ikkje naturleg.» «Det er ikkje berre ’nokon’,» sa eg. «Det er Bravita Blodsunge.» «Det kan vi ikkje vere sikre på. Ho fekk jo ikkje deg. Og sa du ikkje at inngangen til grotta rasa saman?» «Jo. Eg trur Ilja … blei teken av raset. Vi måtte klatre opp til eit ørlite hòl i taket, og det trur eg absolutt ikkje Ilja kan ha klart.» Oscar var skulemeister i klatreveggen, og han klarte det berre så vidt etter å ha ramla ned to gonger. Ilja var halvfeit og halvgammal, så eg hadde vanskeleg for å førestelle meg at ho kunne gjere det etter han. «Men … eg er sikker på at det er Blodsungen.» «Det kan vi ikkje vite,» sa Thuja igjen. Eg merka at eg blei litt meir usikker berre fordi ho ikkje gav meg rett. Og likevel … likevel var eg jo sikker. «Kan ramnemødrene hjelpe?» spurde Kahla, og stemma hennar skalv som om ho var på gråten. «Far min … han ligg der og … han blunkar ikkje eingong.» «Vi får sjå kva vi kan gjere,» svarte Thuja, «men utan ramnane … er eg redd det ikkje er stort.» 25


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.