Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

Page 18

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 18

Nei. Ikkje «noko». Nokon. Eit menneske låg fastklemt under den veldige krona til asketreet. Eit menneske kledd i den svarte ordenskappa til ramnemødrene. Berre det ikkje er Thuja, tenkte eg, sjølv om det sjølvsagt ville vere forferdeleg same kven av ramnemødrene det var. Det var berre det at Thuja var den eg meinte var klokast, eller iallfall den eg stolte mest på. «Det ligg nokon der …» sa eg og peikte med den friske armen min. «Vi må hjelpe, Kahla –» Kahla var allereie på veg. Ho tok seg ikkje eingong tid til å gå rundt den skrånande jordrampa som vanlegvis var inn- og utgangen til Ramnekjelen, men skleid og rutsja nedover skrenten, endå så bratt han var, samtidig som ho nynna ein rask, spørjande villsong for å finne ut om det var ein levande eller ein død vi måtte prøve å få laus. Ein levande eller ein død. Eg trur eigentleg at det først var den tanken som for alvor fekk det til å gå opp for meg. Det var som om eg hadde gått rundt i ei boble av uverkelegheit heilt sidan stormen trefte oss, og det først var no det gjekk hòl på bobla. Tenk om det var ein død? Stormen hadde allereie drepe hundretals ramnar, så sjølvsagt kunne menneske døy òg. Særleg viss eit stort tre fall ned på dei. Eg begynte å springe bort mot kraterinngangen, sjølv om det dunka i armen og fekk Kattunge til å setje klørne i både jakka mi og huda under. Det var ikkje Thuja. Det såg eg då eg kom litt nærmare. Det var Valla, den litt dovne mannlege ramnemora som 18


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.