Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 22
og på taket av den største bygningen blinka eit digert neonlys, EVJO TRANSPORT AS. Far ville køyrast bort til Helsebanken, som låg på oversida av den gamle dampskipskaien. Murbygningen hadde ein gong vore ein bank. Eg svinga opp på oversida av bygningen og stoppa. Far opna bildøra, men blei sitjande. «Skal du ikkje vere med inn?» «Eg går heller ned på puben og ser etter Erik.» «Du skal ikkje bry han.» «Han kan hjelpe.» «Det trur eg ikkje.» Far kom seg ut av bilen, sjangla bort til glasdøra og forsvann inn. Eg låste bilen, gjekk over riksvegen og ned på den gamle dampskipskaien. I første etasjen på den store trebygningen ved kaien låg Øvreviken Pub. Eg opna døra og gjekk inn. Rommet var avlangt med vindaugo ut mot kaien og Øystesebukta. Bardisken var i den andre enden av rommet. På den eine enden av disken sat det to menn. På den andre enden sat Erik med ein halvliter i handa. På ein annan barstol sat Berit, sekretæren til Walter, ei rund kvinne med eit lurt smil. Erik myste mot meg då eg gjekk mot han. Han hadde barbert bort håret på hovudet. Nakken var tett, og skuldrene var som slagskip under T-skjorta. På beina hadde han tennissokkar og joggeskor. Erik sat ofte på pub, anten i Øystese eller i Norheimsund, eller ein annan stad der det blei servert alkohol. Han likte best å vere ute på kvardagar, når det var mindre folk og han kunne dominere med praten sin. Helst ville han at nokon skulle spandere, men han hadde alltid pengar. Eg tvilte på at alle pengane kom frå NAV, men eg ville ikkje spørje.