Farleg kreditt

Page 1


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 1


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 3

Thore Eithun Helland

FARLEG KREDITT Roman

Samlaget Oslo 



Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 5

Til far og mor, Knut Helland og Borgny Eithun Helland


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 6


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 7

 Sørvesten slengde regnkulene mot stovevindauga med urytmisk kraft. Vêrmeldarane hadde varsla om brått omskifte i vêret utan at spådommen hadde slått til. Vinden skulle slå kollbøtte i Nordsjøen og sige innover mot landet igjen frå nord. På få timar skulle det kome mykje snø, og temperaturen skulle gå djupt. Julehelga skulle bli kjortelkvit og polarkald. Men eg brydde meg ikkje. Eg skulle vere inne i varmen likevel. Eg skulle skjerme meg frå vêret og livet – og berre jobbe med prosjektet. Det ringte på døra. Eg la frå meg øyretelefonane og gjekk ut i gangen for å opne. Det måtte vere den helvetes leigetakaren på loftet. Ein sur, gammal ungkar med dårlege nervar som ville ha ro døgnet rundt. Eg var klar til å bjeffe i han at musikarar ikkje kan ta omsyn til tid og stad. Musikarar går på kveldsinspirasjon og nattbensin. Eg vrei om låsen, dytta opp døra og såg rett på Wenche. Ho stod der i ei raud kåpe med skulderputer og breitt belte og med dei svarte støvlettane samla. Håret hennar var framleis ein kastanjebrun tornado, halde nede med fleire klemmer. Blikket hennar spurde meg om eg ikkje var glad for å sjå henne. «Eg kom tilbake,» sa ho. Eg lente meg mot dørkarmen utan å vite kva som var smart av meg å seie. Eg kjende korleis kjenslene mine vippa fram og tilbake mellom glede og irritasjon. Ho løfta kofferten. «Skal du ikkje invitere meg inn?» 


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 8

«Kvifor det?» «Fordi eg er her.» Vi såg på kvarandre mens ho blei våt i regnet. Bak henne drukna byen i vatnet som stupte ned frå dei grove skyene. Vinden kom inn frå havet, sopte over øylandskapet og gjennom gatene. Nede i hagen veiva eikene etter hjelp med greinene. Eg fekk ikkje til å gi henne ein klem då ho trengde seg inn i leilegheita. Men eg hjelpte henne av med kåpa og støvlettane. Under det våte plagget hadde ho ein kvit, høghalsa genser og eit skotskrutete skjørt. «Er du ikkje glad for å sjå meg?» Eg lukka døra, støtta meg usikkert til veggen. «Det var du som gjorde det slutt. Eg veit framleis ikkje kvifor.» «Det er lov til å ombestemme seg.» Irritasjonen fekk overtaket. «Eg har ikkje høyrt noko frå deg på snart eitt år. Så står du berre her med kofferten og kåpa di? Er du klar over kor mange gonger eg har ringt? Veit du kor mange tekstmeldingar du har fått?» «Eg vil gi deg ein ny sjanse.» Ho visste kvar ho skulle, ho gjekk rett inn på det rotete soverommet og sette frå seg kofferten. Ho snuste rundt på dei brukte kleda som var slengde rundt. Lakenet og dynetrekket hadde eg ikkje skifta på eit par månader. Eg såg korleis ho mislikte rotet mitt. Eg følgde etter henne inn på kjøkkenet. Der blei ho ståande og sjå ned i den fulle oppvaskkummen. Ho snudde seg, myste mot dei tomme pizzaøskjene som var fint stabla på toppen av kjøleskapet. På golvet stod det ein hær med tomme pilsflasker og ølboksar. «Eg forstår ikkje at du orkar å bu i dette holet,» sa ho vendt mot meg. 


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 9

Eg stod der med hendene i baklommene på dongeribuksa. «Det er billeg her. Og eg får spele i fred.» Wenche gjekk forbi meg, titta inn på badet og rista på hovudet. Så trampa ho inn i stova og stoppa. «Kva er dette?» Eg følgde etter og stilte meg ved sida av henne. Instrumentkaoset fylte rommet. «Eg skal spele inn plate.» «Her?» «Nei. No skal eg berre spele inn demoar. Eg må prøve ut songane, finne ut om dei fungerer. Så går eg i studio når alt er klart.» Wenche gjekk rundt trommesettet, studerte det som om det var eit framandt dyr. «Her ser det forferdeleg ut. Slik kan du ikkje ha det. Ikkje når eg er komen på besøk. Du må få bort instrumenta med ein gong.» Vi sat på kjøkkenet og åt ferdigpizza med hendene. Eg heldt på med den første ølboksen, mens Wenche var godt nede i den tredje. Ho åt, drakk og prata, mens eg sat på andre sida av bordet og tenkte på dei få dagane eg hadde unnt meg for å spele inn demoen til soloplata. Eg skulle skrive, arrangere og produsere alt. Eg skulle spele alle instrumenta sjølv. Plata hadde eg drøymt om så lenge eg kunne hugse. Så sat Wenche der og forstod ikkje kor viktig plateprosjektet var. Straumen av ord stoppa. Ho studerte meg over toppen av ølboksen. «Sjå på håret ditt, Alvin. Du er  år. Kor stilig trur du eigentleg folk synest at det er?» Eg kasta håret bak dei smale skuldrene mine. «Eg har nesten alltid hatt det slik.» «Før farga du det ikkje.» «No må eg.» 


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 10

«Kvifor det? Eg synest menn med grått hår er fint. Det er verre at du nesten aldri vaskar det.» «Eg vaskar det ofte nok.» «I kveld skal eg klippe deg. Eg skal klippe deg heilt kort. Og eg skal gi deg intimbarbering. Eg gjorde det på meg sjølv i dag tidleg.» Wenche reiste seg, drog av seg strømpebuksa og trusa. Ho kom rundt bordet og sette seg over skrevs på meg, mens ho drog opp skjørtet. «Sjå, Alvin. Pusen min er heilt utan hår.» Eg prøvde å få henne opp frå låra mine. «Slutt, Wenche. Set deg tilbake på plass.» Ho la armane rundt halsen min og leitte innover i augo mine med eit leikent blikk. «Er du ikkje kåt på meg?» «Nei.» «Eg er kåt.» «Slutt.» Eg prøvde å ta bort armane hennar, men ho vrei seg laus og drog opp genseren. Med peikefingrane vippa ho ned brysthaldaren. «Smak på brystvortene mine, Alvin. Eg vil at du skal smake på dei.» «Slutt.» «Kom igjen. Eg veit du liker det.» «Nei.» Eg drog ned genseren hennar og fekk henne opp på beina. Men ho gjorde motstand. Vi tumla inn i kjøleskapet. Der blei vi ståande og stire kvarandre inn i augo. Først var augo hennar leikande, mens så kom dei mørke skyene. Det var snart storm. «Forbanna dritsekk,» sa ho. «Du er ein forbanna dritsekk, Alvin. Her kjem eg heilt til Bergen for å gjere det godt igjen. Og så vil du ikkje ha meg.» «Gi deg.» «Er det Torunn?» 


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 11

«Nei. Vi er kollegaer,» sa eg så roleg eg makta. «Vi jobbar saman med musikk. Vi speler julekonsertar. Det er gode pengar for meg.» Utan eit ord fekk Wenche på seg kleda. Ho henta kofferten på soverommet og kom tilbake til kjøkkenet. Det var ein rosa koffert. Ho likte å vere jente, men ho hadde blikket til ei kvinne som visste kva ho ville. «Greitt,» sa ho og såg trøytt på meg. «Eg skal gå, Alvin. Viss det er det du vil. Din jævla tapar.» «Eg er musikar.» «Du kunne ha vore jurist, ikkje musikar.» «Jussen var ikkje noko for meg.» «Walter har ny bil. Han har stort hus, og han kler seg skikkeleg.» Eg undra meg over at ho nemnde gymnaskameraten min, som eg ikkje hadde sett på lenge. Etter mange år i Oslo var han flytta tilbake til Hardanger. Han hadde opna advokatpraksis i Grova, sentrum av Norheimsund. «Kvifor nemner du han no?» spurde eg. «Fordi han er vellykka.» Dei måtte ha møtt kvarandre etter at Wenche hadde gjort det slutt med meg. «Når blei du kjend med han?» «Han kjenner nokon i banken.» «Hald deg unna han,» sa eg. «Kvifor det?» «Fordi han er ein sleiping,» sa eg og meinte det, sjølv om eg alltid hadde likt Walter Gravdal. Vi hadde hatt pultar ved sida av kvarandre i tre år, og vi hadde vore på same russebil. «Du får finne deg ei dame som liker livsstilen din, Alvin. Den dama finst sikkert.» Wenche forsvann ut i gangen. Der fekk ho på seg kåpa og støvlettane. Så opna ho døra og marsjerte ut i regnet med kofferten i handa. 


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 12

Eg kjende meg flat i heile kroppen. Det var som om eg var køyrd over av ein trailer. Seint følgde eg etter for å lukke igjen døra. Ei stund blei eg ståande og glane tomt ut i mørket. Brått forstod eg at eg hadde gjort ein stor tabbe. Eg var glad i Wenche. Ho var den mest spennande kvinna eg hadde møtt. Saman med henne var alt mogeleg. Ingenting var trist. Ingenting var vanskeleg. Eg fekk på meg joggeskorne, kom meg rundt hushjørnet og opp den bratte trappa til gata. Med bankande hjarte og fort pust såg eg den raude Fiat Puntoen til Wenche sige nedover. Eg sprang opp på sida av bilen, slo handa mot sideruta. «Bli med inn igjen, Wenche.» Ho såg ikkje på meg eingong. Hendene hennar låg høgt oppe på rattet, og blikket hennar var festa mot eit punkt i enden av gata. Eg sprang ved sida av den vesle bilen til eg ikkje hadde meir pust igjen og måtte la dei raude baklysa forsvinne nede i krysset. Eg blei ståande midt i gata med hendene løfta mot skyene. Kald luft strauk meg over det sveitte ansiktet. Og då eg såg opp, kom dei første snøfnugga. Tilbake i leilegheita gjekk eg rett i dusjen og vaska håret grundig. Eg trimma den smale barten og det skarpe skjegget. Etterpå begynte eg å støvsuge alle rom og vaske opp tallerkane i oppvaskkummen. Eg jobba med feber i kroppen i tilfelle Wenche kom tilbake. Eg visste frå før at det ikkje nytta å ringje henne etter ein krangel. Anten kom ho tilbake av seg sjølv, og då skulle eg vere klar, eller eg måtte reise etter henne. Eg såg på armbandsuret. Det var gått ein time utan at ho hadde vist seg. Ho ville snart vere tilbake i Strandebarm, og ho ville snart opne den første flaska med vin. Viss eg 


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 13

skynda meg, ville eg rekke å dele den andre flaska med henne. På få minutt pakka eg kofferten og kledde på meg ein tjukk ullgenser og militærjakka med alle lommene. På beina hadde eg dei velbrukte Dr. Martin-støvlane mine med jerntupp. Eg skrudde av lysa i leilegheita og lét tekstane til songane mine liggje igjen på salongbordet i stova. Eg låste ytterdøra og gjekk opp trappa. Dei tunge, nattegrå skyene låg med skuldrene inn mot dei sju fjella. Kvite cornflakes dala ned. Eg måtte sope snø bort frå rutene på bilen min. Ein sølvgrå Volvo  frå . Ein dårleg vinterbil som drakk bensin, men som eg likevel var glad i. Eg slengde kofferten frå meg i baksetet og sette meg inn. Motoren starta på andre forsøket, samtidig med at mobilen gav lyd frå seg i lomma. Eg var sikker på at det var Wenche. Men det var det ikkje. Displayet fortalde meg at det var far. Ei stund sat eg med telefonen i handa. Eg håpte at ringinga ville stoppe. Eg kunne ikkje snakke med han no. Men så gav det dårlege samvitet mitt etter. «Kom og hent meg på Nøstet,» sa far med ei stemme som eg ikkje hadde høyrt sidan han ringte og fortalde at mor var død. Eg blei overraska. Far var nesten aldri i Bergen. «Er du her i byen?» «Eg har vore i eit møte. Det er fullstendig krise, Alvin.» «Eg har dårleg tid.» «Du må køyre meg heim. Dei knuste fingeren min med ein hammar.»


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 14

 Far rava fram frå Knøsesmauet og ut i gata. Han trakka liksom inn i frontlysa mine, veiva med den eine armen. Den andre armen hadde han tulla inn i den grå frakken. Slipset hang laust rundt skjortekragen. Han var kledd i den svarte, tredelte dressen han hadde hatt på seg under gravferda til mor og den dagen vi var i banken for å ordne med lånet som skulle gjere han rik. Han reiv opp døra på passasjersida og drog med seg snø inn i setet. Det var far, som eg hadde sett tre veker tidlegare, med den runde magen, det kvitgrå skjegget og det grå håret i ein lang hestehale. Likevel var han ein annan, ein skada mann. «Køyr.» Eg stira på han. «Køyr meg rett heim til Øystese,» heldt han fram mens han peika bakover med den venstre tommelen. Denne gongen reagerte eg. Eg snudde bilen og køyrde same vegen tilbake, laga fleire ferske hjulspor i den snødekte gata. Ansiktet til far røpte at han hadde smerter, men han tok det roleg. Han pusta jamt og lente seg bakover i setet. Eg kjende på redselen som banka i meg. «Kven gjorde dette?» Far peika på huset vi passerte, som låg rett ved Knøsesmauet. Grunnmuren var høg, og det var avstengde vindaugo. Eit trehus som såg tomt ut, som om det snart skulle rivast. «Det er eit ulovleg kasino der inne. Antanas «Bosas» 


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 15

Vanagas har kontoret sitt oppe på loftet. Ein litauar. Kriminell. Mafiatype. Eg har vore der på eit møte. Eg har gjort eit desperat forsøk på å få utsett tilbakebetalinga av lånet.» «Er det lånet i sparebanken du snakkar om?» Eg forstod ikkje kva han meinte. Eg trudde eg hadde oversyn over kva far heldt på med. «Det er eit anna lån.» «Kva lån?» Far veiva med den friske handa. «Det var eit lån eg måtte ta for at vi ikkje skulle gå konkurs.» «Men selskapet gjekk konkurs.» «Det såg ei god stund ut til at vi skulle klare oss.» Eg såg ned på frakken rundt handa til far. «Vi må rett til legen.» «Eg klarer meg. Det er berre veslefingeren.» «Du må ta røntgen,» sa eg. «Du må gipsast.» «La meg berre få sitje her. Så køyrer du heim så fort du kan.» «Eg kunne ikkje betale gjelda mi til Johnny Tveit,» heldt far fram då vi passerte Åsane senter. «Entreprenøren? Kva har du med han å gjere?» «Han bruker å låne ut pengar som han har til overs. Mot høg rente.» «Eg forstår ikkje. Sist vi snakka om pengar, var eg med deg i sparebanken.» «Det skjedde meir etter det. Eg var tilbake i banken. Til Wenche. For å låne meir. Så tok eg kontakt med Walter, då banken ikkje ville gi meg eit tredje lån.» Eg kjende irritasjonen pumpe gjennom blodårene. «Det har du ikkje sagt noko om. Walter formidla kontakt med Johnny Tveit?» 


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 16

«Ja. Han var mellommann.» «Kor mykje lånte du?» Far løfta verjande opp handa. «Vent. Først vil eg fortelje om sparebanken. Eg har fått eit brev som seier at dei to låna kjem til å forfalle rett over nyttår. Betaler eg ikkje halvparten av det eg skyldar, vil dei realisere pantet. Huset vårt blir tvangsselt.» «Kor mykje må du betale banken?» «Minst  . Helst meir.» «Du kan ikkje miste huset,» sa eg og kjende den svale skuggen bak huset ein varm sommardag. Eg kunne høyre nynninga til mor inne på kjøkkenet mens ho laga middag. «Eg kan ikkje gjere opp for meg, Alvin.» Eg pusta høyrleg ut i kupeen. «Kva faen er det du har gjort bak ryggen min? Kvifor måtte du vere med på det helvetes idiotiske prosjektet til onkel?» «Vi skulle tene pengar. Er det forbode å tene pengar no?» «Det er ikkje pengar å tene på turisme lenger. Den tida er over. Men de skulle sjølvsagt drive hotell som engelske lordar. No blir barndomsheimen min tvangsseld. Helvete, far. Fy faen i helvete for ein idiot du er. Kor mykje skyldar du mannen i spelekasinoet?» Far nølte. «Kor mykje?» Far blei sitjande i bilen mens eg fylte bensin på Volvoen. Eg kjende kvalmen og redselen presse på. Eg prøvde å puste roleg, prøvde å fordøye det far hadde fortalt meg. Johnny Tveit hadde gitt lånet, men han hadde selt kravet på kr   til Vanagas då han forstod at far ville bli ein vanskeleg betalar. Pimpis, som jobba for litauaren, hadde knust fingeren til far og gitt han ein frist til midnatt laur


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 17

dag. Dette var den tredje og siste fristen. Far hadde fått fleire truande telefonar før, men han hadde berre lagt på. Heller ikkje hadde han sagt noko til meg. Eller til nokon andre. Og no var det for seint. Vi kunne ikkje betale. Far hadde ikkje vore i vanleg arbeid på mange år. Og eg visste aldri om eg hadde nok pengar til å betale husleiga. Ingen av oss hadde pengar. Eg køyrde ut på vegen igjen og kjende alvoret i situasjonen som ein djup basstone i magen. Ei ekkel klokke var begynt å tikke inne i hovudet. Nedteljinga var begynt. Midnatt laurdag var målstreken. Skulle eg klare å hjelpe far, måtte eg kome meg over den streken i tide saman med den summen far skylda. Etterpå fekk eg ordne opp med banken. Men der hadde eg betre tid på meg. Eg hugsa kranglane som far og eg hadde hatt for tre år sidan. Den første krangelen hadde vi på telefonen då far fortalde om tilbodet han hadde fått av onkel, om å kjøpe seg inn i driftsselskapet som skulle leige og drive Sandven Hotel i Norheimsund og Strandebarm Fjordhotel. Eg hadde trygla far om å takke nei til tilbodet, men han ville ikkje høyre. For å vere snill hadde eg blitt med far i Norheimsund Sparebank for å ta opp eit lån. Det var i banken eg møtte Wenche. Ho var kunderådgivaren som skulle ta seg av oss. På veg ut hadde eg fått mobilnummeret hennar. Same kveld køyrde eg ut til henne i Strandebarm. Eg tenkte på mor. Hadde ho vore i live, ville far aldri ha rota seg opp i hotellprosjektet. Ho hadde sett foten ned. I alle år jobba ho som saksbehandlar på trygdekontoret i Norheimsund, som seinare blei til NAV. Ho hadde tidleg lært å styre pengar. Men den lærdommen hadde ho aldri klart å overføre til far. Far tulla frakken tettare rundt handa og såg på meg med 


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 18

augo som kjende smerte. «Eg skal snakke med Martin i kveld.» «Onkel? Nei, gløym det. Han har nok med seg sjølv.» «Han har heilt sikkert ei eller anna løysing.» «Vi må få deg ut av landet,» sa eg og gira opp i fjerde. «Med ein gong vi har fiksa handa di.» «Eg reiser ingen stader.» «Godt at dei tok ein finger på høgrehanda. Hadde dei teke venstre, kunne du ikkje ha spelt fele meir.» «Vanagas veit eg er musikar. Dei kan kome når som helst. Han sa at eg ikkje skulle kjenne meg trygg.» «Dei kan vel ikkje skade deg meir før dei veit om du betaler?» «Dei veit at eg ikkje kan betale,» sa far og rista på hovudet. «Du kan iallfall gløyme onkel. Han har meir enn nok med seg sjølv. Han kjem snart til å gå konkurs.» Eg sa ikkje meir, men skrudde varmeapparatet heilt opp for å få bort resten av dogga på bilrutene. Gjennom Arnanipatunnelen sa far og eg ingenting. Oppover mot Gullbotnen snødde det tettare. Frontlysa måtte slite for å vise kvar eg skulle køyre. Fleire gonger fekk bakparten på bilen sleng på det glatte snøføret, men eg retta opp med rattet og heldt den tunge bilen trygt på vegen. Ein brøytebil låg framfor oss ei stund, det var til god hjelp for meg, men så køyrde lastebilen av på ein parkeringsplass ned mot Samnanger, og eg måtte igjen køyre i front inn i snøveggen. «Det verka så logisk,» sa far. «Det var berre å skrive under på låneavtalen og ta med seg ein koffert med pengar. Eg trong ikkje stille sikkerheit eingong. Det var altfor lett.» «Du skulle ikkje ha gjort det.» 


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 19

«Martin overtalte meg. Han insisterte på at det berre var eg som kunne skaffe selskapet meir kapital.» «Onkel er ein idiot,» sa eg. «Han har hjelpt oss mange gonger. Deg òg, Alvin. Gløym ikkje det.» «Eg har takka han kvar gong.» «Då skal du ikkje kalle han ein idiot. Han prøver så godt han kan.» Eg tenkte på den gamle klassekameraten min frå barneog ungdomsskulen, Erik Ødegard. «Den einaste som kan hjelpe oss no, er Erik.» Far snøfta. «Eg stolar ikkje på den drapsmannen.» «Han har sona ferdig.» «Han er farleg. Han kan drepe igjen. Korleis skal han hjelpe oss?»


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 20

 Eg køyrde seint oppover mot Kvamskogen. Fjellområdet låg på nordsida av Hardangerfjorden og strekte seg frå Voss og utover mot Fusa. Eg lét bilen klatre i det tempoet som motoren makta, mens far fortalde meg meir om hotellprosjektet. Det gjekk berre nokre månader før underskotet var så stort at det var nødvendig med fersk kapital, for å sikre at det var mogeleg å halde hotella flytande gjennom den første sesongen. Om hausten det året burde det ha vore slutt, men Tom Angell insisterte på at sesongen neste år ville gå mykje betre. Dei var alle ved inngangen til eit turisteventyr, meinte Angell, som dreiv eit hotellselskap i Bergen. Ein sommar på -talet hadde han vore direktør på Norheimsund Fjord Hotel. Det eventyret starta aldri. Halvveges sommaren etter gjekk selskapet konkurs, og all innskoten kapital var tapt til kreditorane, som var mange og sinte. Dagen etter konkursopninga forsvann Tom Angell tilbake til Bergen. Åleine igjen stod onkel og far med gjelda og skamma. Onkel tapte mykje. Ein del av pantet blei realisert med ein gong, og onkel måtte seie opp sjåførar og selje fleire av trailerane. Det var så vidt han klarte å drive sitt eige transportselskap vidare. No var det berre eit spørsmål om tid før også dette selskapet gjekk konkurs. Med i dragsuget ville alt anna som onkel hadde pantsett, gå med, både huset, bilane og hytta. Han og Margot ville ikkje ha noko igjen. 


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 21

«Det var altså onkel som overtalte deg til å ta opp det siste lånet?» spurde eg. «Også Tom Angell var på meg. Dei var begge på meg, fleire gonger.» «Kvifor nekta du ikkje berre?» «Fordi eg blei pressa. Fordi eg ikkje ville tape det eg alt hadde satsa.» «Men tapet blei berre større.» Far retta seg opp i setet. «Angell forsikra meg om at vi snart ville vere over den verste kneiken.» Vi passerte dei to bruene i Norheimsund. Så var vi nede ved fjorden. Kommunesenteret låg der som ein liten, tett by i enden av den smale bukta. Sveitsarhotellet var opplyst av lyskastarar, og det stod fleire bussar på haldeplassen. Oppe i bakken låg Gamlebanken, ein bygning som minte om ein gaudaost. Det var der Walter hadde kontoret sitt. Eg hadde sett fram til at Walter skulle flytte tilbake. Men eg hadde ikkje hatt kontakt med han mange gongene. Han var for det meste på kontoret. Dei få gongene vi var saman, var han gjerrig på tida, såg ofte på klokka. Det verka som han helst ville fakturere timane vi sat og drakk øl. I Skipadalen slutta det brått å snø. Det var som om skyene ikkje hadde meir mjølk igjen i jura. Lufta blei rein og kald. Lysa frå bygdene på andre sida av fjorden blei tydelege. Og stjernene blenkte mellom skyene. Oppover i byggjefelta var trea kledde opp i julelys då vi køyrde innover mot Øystese, barndomsbygda mi, den finaste bygda i Hardanger. Sentrum var dominert av den kvite trekyrkja og det låge hotellet. Onkel hadde fått fylt ut ei kunstig halvøy der småbåthamna låg. Halvøya blei kalla for Evjo industriområde, 


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 22

og på taket av den største bygningen blinka eit digert neonlys, EVJO TRANSPORT AS. Far ville køyrast bort til Helsebanken, som låg på oversida av den gamle dampskipskaien. Murbygningen hadde ein gong vore ein bank. Eg svinga opp på oversida av bygningen og stoppa. Far opna bildøra, men blei sitjande. «Skal du ikkje vere med inn?» «Eg går heller ned på puben og ser etter Erik.» «Du skal ikkje bry han.» «Han kan hjelpe.» «Det trur eg ikkje.» Far kom seg ut av bilen, sjangla bort til glasdøra og forsvann inn. Eg låste bilen, gjekk over riksvegen og ned på den gamle dampskipskaien. I første etasjen på den store trebygningen ved kaien låg Øvreviken Pub. Eg opna døra og gjekk inn. Rommet var avlangt med vindaugo ut mot kaien og Øystesebukta. Bardisken var i den andre enden av rommet. På den eine enden av disken sat det to menn. På den andre enden sat Erik med ein halvliter i handa. På ein annan barstol sat Berit, sekretæren til Walter, ei rund kvinne med eit lurt smil. Erik myste mot meg då eg gjekk mot han. Han hadde barbert bort håret på hovudet. Nakken var tett, og skuldrene var som slagskip under T-skjorta. På beina hadde han tennissokkar og joggeskor. Erik sat ofte på pub, anten i Øystese eller i Norheimsund, eller ein annan stad der det blei servert alkohol. Han likte best å vere ute på kvardagar, når det var mindre folk og han kunne dominere med praten sin. Helst ville han at nokon skulle spandere, men han hadde alltid pengar. Eg tvilte på at alle pengane kom frå NAV, men eg ville ikkje spørje. 


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 23

Erik sette halvliteren tilbake på disken. «Å, faen. Her har vi musikaren vår. Kvifor er du her på ein torsdag?» Eg stoppa, stakk hendene i jakkelommene og tenkte på sist eg hadde sett Erik, då han hadde blitt slept ut av kyrkja av to lensmannsbetjentar. «Eg treng hjelp.» «Av kven?» «Deg.» «Ser du ikkje at eg har ei dame med meg? Ser du ikkje at eg snart skal heim til henne for å knulle? Har du ikkje sosiale antenner, Alvin, eller er du framleis ein like stor idiot som du alltid har vore?» Erik var framleis sint fordi eg hadde fått han kasta ut frå julekonserten tre veker tidlegare. «Det er alvor,» sa eg. «Kva slags alvor?» «Eg kan ikkje seie det her,» sa eg og nikka mot bartenderen og dei to mennene ved den andre enden av disken. Alle i rommet såg på meg, og bartenderen skrudde ned musikken. «Kvifor ikkje? Kjenner du ikkje nesten alle som er her?» «Du må vere med meg ut,» sa eg. «Ikkje helvete om eg vil.» Erik reiste seg og kom mot meg. Eg kunne lese i augo hans at det var uvêr i hovudet hans. «Viss du ikkje lèt meg få vere i fred, riv eg hovudet av deg. Endeleg har eg funne ei dame som vil ha meg, og då skal ingen få hindre meg i å gjere det eg vil.» Eg gjekk heilt opptil Erik og sa lågt: «Nokre litauarar i Bergen har knust fingeren til far. Fordi han ikkje kan betale.» Erik dytta meg hardt bakover med begge hendene. «Du fekk meg kasta ut av kyrkja.» 


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 24

Eg tok nokre nødvendige steg bakover. Ryggen min trefte veggen. «Du var full. Eg var nøydd til å seie frå.» «Eg trudde vi var kameratar, Alvin.» «Du klarte ikkje å halde kjeft. Mange snudde seg. Presten var rasande. Du kan ikkje møte opp på ein julekonsert drita full.» Erik tårna over meg og pusta alkohol ned i ansiktet mitt. «Eg har alltid stilt opp for deg, Alvin.» «Derfor treng eg deg no,» sa eg. «Du treng ingen. Du skal berre halde deg inn i helvete langt unna meg. Før eg bankar skiten ut av deg.» Erik tok tak i jakka mi og rista meg. «Du er ein jævlig dårleg kamerat, Alvin. Eg er så forbanna på deg at har lyst til å skalle inn det dumme trynet ditt.» «Ro deg ned.» Erik drog meg bort til utgangsdøra, pressa meg ut av lokalet og ned i snøen på utsida. Han sette kneet sitt hardt ned i brystet mitt og stod over meg som ein elgokse og dampa varme og blindt raseri. Han løfta knyttneven for å slå meg i ansiktet, men så stoppa han. «Faen i helvete.» Erik reiste seg, stod der ved den opne døra og heiv etter pusten. Det verka som han gret, men eg var ikkje sikker på kva slags kjensler som hadde velta opp i den massive kroppen. Han skulle til å seie noko meir, men så snudde han seg og gjekk inn igjen på puben. Eg høyrde at nokon kom ned Torpevegen. Eg kom meg opp på beina og gjekk bortover langs kaien. Eg ville ikkje at nokon skulle sjå at eg var blitt kasta ut av puben. Alle visste kven eg var. Eg var musikaren som hadde vore med på mange plater, og folk visste at eg spelte julekonsertar med Torunn Tone Neteland, kjend kvedar og songar frå Nor


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 25

heimsund. Ho hadde gitt ut fleire album, og eg var hennar faste sidemann i november og desember. Eg kryssa riksvegen, gjekk opp igjen til Volvoen og sette meg inn. Eg starta motoren og sette varmeapparatet på fullt. Det var varmt i kupeen då far sette seg inn i passasjersetet ein halvtime seinare. «La Erik vere,» sa far då eg fortalde kva som var hendt. Han løfta opp høgrehanda, som var blitt gipsa, slik at berre tommelen og to av fingrane var frie. «Eg har ringt til Martin. Han skal alt vere i gang med å måke oppkøyrsla vår.» «Vi må ha Erik med,» sa eg. «Gløym han.» Far og eg krangla om Erik til eg parkerte i vegen på oversida av Øystese gymnas, skulen eg sjølv hadde gått på i tre år. Eg plasserte Volvoen rett bak den svarte Mercedesen til onkel. Far gjekk rett opp til broren, som stod med snøskuffa i handa utanfor garasjen. Garasjen kunne vi ikkje bruke fordi det inne i betongmørket var parkert ein brannraud Ford Custom , med panseret oppe. Bilen var som eit gapande monster med rustne tenner. I helgane på -talet hadde far og onkel ragga rundt i den amerikanske doningen for å sjekke opp jenter. På dansane rundt om i fjorden var bilen det naturlege midtpunktet. Far likte å fortelje om dei nattlege turane på svingete grusvegar med baksetet fullt av jenter som blei bilsjuke, men som ikkje sa nei når han fekk dei på tomannshand. Mor var ei av jentene som etter kvart blei sett i baksetet i bilen nesten kvar helg. I framsetet sat onkel og far og krangla om kven som skulle ha henne. Onkel såg ut til å vinne, men så mønstra han på eit tankskip som skulle til New Orleans. Og då nytta far sjansen. Onkel blei rasande 


Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 26

då han kom tilbake til bygda og fekk vite at storebroren hadde gifta seg med Solfrid. Draumen til far var å få bilen ut på vegen igjen. Men det skjedde aldri. Mange gonger trua mor med å gå frå far om han ikkje fekk skraphaugen ut av garasjen. Men då hemna far seg ved å spele hardingfele heile natta, slik at mor ikkje fekk sove.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.